Gastgjevargarden på Vangen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 70 ---

Etter eldgamal sed for norsk gjestevenskap fekk folk som var ute på reis, hus og mat utan betaling hjå folki dei kom til um kvelden. Heilt til den seinare tid har det vore god skikk, som kvar bra huslyd vilde fylgja, at ein sa aldri nei til ein reisande, når han etter solarglad bad um hus for natti.

I strok der det var mykje ferdsel, har det likevel tidleg synt seg trong til serlege plassar, der dei reisande kunde få husly, mat og drikka på gjenomreisi. Kyrkja har alltid rekna det for kristen plikt å syna gjestevenskap og talde til at folk vanleg måtte gjera det. Klostri tok imot både fatige og rike som var på reis, utan betaling. Kyrkja eller klostri skipa til sokalla såluhus eller hospits. Namnet såluhus kjem kanskje av at dei trudde å gjera ei god gjerning med å skipa slike hus og dermed syta for sjeli si eller kanskje ein annan si. Reisande vart mottekne som gjester der.

Dei norske kongane har og tidleg sytt for at det på stader der det naudleg trongst, vart skipa soleis at reisande kunde ta inn. Det fyrste påbod um slike hus som norske lovverk umtalar, er Eirik Magnusson sitt kongebod frå 1280-åri, at det langs hovudvegane på kvar halv eller heil dagsreis skulde vera eit «tavernishus» (vertshus), der ferdafolk kunde få husly, mat, drikka og hestefôr. Kong Håkon Magnusson har i rettarbot av 1303 teke upp att dette påbodet. Reisande skulde i «tavernishusi» få seng, mat og drikka åt seg og stallrom og for åt hesten. Verten hadde rett til for mat, drikka og for å rekna ein tredjepart meir enn vanleg betaling i bygdi. På dei viktigaste fjellovergangar skipa regjeringi etterkvart til fjellstovor, som fekk visse innkomor, med plikt til å lata reisande få hus og mat anten dei kunde betala for seg eller ikkje. Ved reformasjonen vart klostri dregne inn og det vart difor slutt med at dei tok mot reisande. Mange prestegardar laut herbyrga reisande, der alle frå kongen til den simplaste tok inn.

Som umtala under handel hadde sume handelsborgarar i byane sokalla «udliggere», som selde og kjøpte varor, og det vart soleis handelsplassar, der dei sette seg til. Sume av dei tok då og gjerne til å hysa reisande folk eller halda vertshus. Frå umlag midten av 1600-talet hadde øverheiti meir tilsyn med

--- side 71 ---

slike forretningar i bygdene. Kongen uppmoda i 1642 Hannibal Sehested og Jens Bjelke um «paa Veiene at forordne visse Gastgivere» til avløysing av den gamle skyss-plikti åt bøndene. 1643 vart Sehested vidare beden av kongen um å koma med framlegg til den beste ordningi med «Skydsfærd, Fordringskab og Gjæstgiverier». Det førde til påbod av 24. desember 1648. Etter det skulde det på kvar norsk mil vera skyss-skifte og på kvar 3dje mil «forordnes en smuk formuendes Mand paa en god beleilig Gaard ved alfare Veien - - som kan holde Gjestgiveri, saa den Reisende kan bekomme nødtørftig Øll og Mad samt Logement og Natteleie» for fast takst. Vilde den reisande ha noko mat eller drikka utanfor det vanlege, laut han betala ser for det.

Lensherrane skipa då gastgjevargardar ved almannavegane og ved sjøhamnene, der det etterkvart tyktest turvande. Seinare vart visse reglar sette upp frå tid til onnor for gastgjevarane. Berre dei som fekk serlegt løyve, kunde vera gastgjevarar. Det var då mange stader at denne forretningi åleine ikkje vilde svara seg. Difor fekk sume og rett til å handla med varor folki vanleg trong å kjøpa. Landkommisjonen har i meldingi 1661 sagt at «Gastgiveri er paa alle fornødne Steder udj Bergenhus Lehn anordnet efter Stedernes Leilighed». Voss har nok og vore millom dei.

Gastgjevaren hadde plikt til å lata dei reisande - i tilfelle med tenarar og reisehestar - få hus og mat for visse rimelege prisar. Øl og brennevin tykte ein då var naudturveleg for den reisande, og gastgjevaren måtte halda slike varor åt dei. Gastgjevarane fekk og rett til å selja og skjenkja øl og brennevin til andre enn reisande. På Voss har denne handelen med rusdrykk vore knytt til gastgjevargardane frå den fyrste tid ein finn noko um dei i arkivi og til langt fram i 1800-talet. Det var vel den handelen som ofte gav største fortenesta. Soga um gastgjevargardane vert soleis samstundes ei soge um den lovlege rusdrikkhandelen på Voss i denne tidi.

Det var mest embetsmenn som reiste dei tider. Ofte hadde dei tenarar med og mykje i medføre. Retteleg lystreisande var det vel ikkje mange av, men folk var elles ofte nøydde til å reisa for å venda det dei hadde å selja, kjøpa sumt dei naudleg trong eller for elles å utretta eit eller anna.

Um det på Voss har vore «tavernishus» i millomalderen,

--- side 72 ---

har ein til denne tid ikkje set eller høyrt noko um, men ein kann visst likevel gå ut ifrå at det har vore. Gjenom Voss har det sikkert vore so mykje ferdsel at slikt hus var turvande. Landvegsreisande millom Bergen og Austlandet tok ofte vegen um Voss.

Av diplom frå 1342 og 1343 og andre kjeldor ser me at Vangen alt då var ein midstad for ferdsla millom Sogn og Hardanger og millom Vestland og Austland. Meldingar millom Oslo og Bergen som det hasta med, gjekk um Voss med ridande bod. Posten millom desse byane gjekk og um Voss etter at regelfast postrute vart ordna umlag 1647. Ferdsla gjenom Vangen var difor ikkje liti for den tid å vera, og difor må det ha vore nokon som har late hus og mat til dei som reiste her. Tinget var og for det meste halde på Vangen, men det var skikk og bruk at bøndene førde mat og drikka til tinget, til dess gastgjevaren vart tinga til å halda kost og husly åt tingembetsmennene.

Kven som helst hadde lov til å bryggja øl, og det var i eldre tid ikkje forbod mot å selja til andre. Øl og mat kunde ein fritt selja på landet der folk samla seg, soleis på kyrkjeplassar og andre samlingsstader.

Presten Miltzow si herming etter ein av dei tidlegare sokneprestane på Voss, at hyttone på Vangen ofte hadde vorte til «vertshus, drikkehus og det som verre var», syner at det alt lenge fyrr Miltzow si tid hadde vore rusdrikkutsal her. Og frå den tid tingbøkene byrjar, syner dei at det med denne handelen fylgde mykje ovdrykk, uvenskap, slagsmål o. l.

Ofte er det klaga på tinget i fyrstningi av 1700-talet at det um sundagane - til og med under preiki - var utsal av rusdrykk. Sokneprest Christen Nielsen stemnde i 1701 nokre karar fordi dei under gudstenesta sat og drakk på Vangen. Under tinget var det og mykje drikking er det upplyst. På spursmål frå retten svara «den ganske Almue» at her var for mange krohus ved kyrkja og tingstova, «saa mangen fattig Mand derover kom udi Ulempe». På tinget vart vedteke strengt pålegg til kyrkjelyden um «at indfinde sig til Prædikenens Hørelse med Andægtighed». Dei som forsåg seg, skulde bøta fyrste gong 3 rd. til dei fatige. Dei som selde øl slike dagar «til Overflod», skulde bøta 4 rd. til øverheiti.

I tingboki for 1682 er fortalt at sorenskrivaren for Voss

--- side 73 ---

og Nordhordland var tilsett som gastgjevar, av di embetsinntektene var so småe. Det er ikkje heilt klårt, anten det er på Vangen eller Bolstad han var gastgjevar. Den fyrste ein elles finn namn på som gastgjevar på Vangen, er Sivert Kræmmer i 1651 og Klemet Rasmussen i 1656, båe umtala under Vossavangen. Per Jonson var og gastgjevar. Han fekk i 1686 lese til tings skøyte frå kommissær Risbrecht på den gamle klokkaren sine hus på Vangen. I rekneskap for 1698-99 er eit vedlegg skrive 1700 av sokneprest Christen Nielsen, der han segjer at Brita, enkja etter Per Jonson «haver nest ved Prestegaarden et lidet Hus, hvorudi hun til Næring for sig udi sin høie Alderdom, efter Øvrighedens gunstige Tilladelse, sælger en og anden Pot Øl, dog med største Maadelighed». Dette er skrive for at ho skal sleppa serskatt for ølsalet.

På tinget 1706 spurde futen etter um her hadde vore kræmar. Ålmugen sa då at her for mange år sidan var ein Hans Lauritsson, men ikkje nokon no på lang tid. Dei tykte det var turvande at her var ein kræmar til alle tider og um mogeleg gastgjevargard for dei reisande. Etter dei ymse meldingar ser det ut til at det berre var sume tidbolkar det hadde vore kræmar og gastgjevar her, so det er vel fyrst i 1700-talet her er kome meir fast skipnad med det. Krohusi som det er klaga over i slutten av 1600-talet, har vel difor handla berre med rusdrykk.

I 1703 søkte Henrik Weinwich på Vangen um tilsetjing som kræmar og gastgjevar på Vangen og Bolstadøyri, etter di der då ikkje var nokon. Futen og skrivaren talde til, gav søkjaren godt vitnemål, og han fekk løyve 1703. Men det har nok ikkje vorte nokon forretning av fyrr etter han i 1710 etter ny søknad fekk privilegium på gastgjevargard på Vangen og Bolstadøyri, tingl. 14. mars. På same ting let futen lesa forbod mot «Øltapperi af enhver anden end Henrik Weinwich». Det er upplyst at han og har fått einerett som kræmar.

På tinget 8. juni 1719 på Vangen er kunngjort ein «ordonance» dagsett Christiania 20. mai 1719 um «hvorledes Gjæstgiverne med Spisning de Reisende skal accomedere og hvad derfor skal betales er følgende: For Spisning med forsvarlig Øl og Mad til Middagsmaaltid betales Gjæstgiveren 12 Skill. for Husbonden, for en Tjener 8 Skill., for Natherberge med behørig Seng etc. en Husbond 16 Skill. og for en Tjener 8 Skill.,

--- side 74 ---

foruden særdeles at betale om de nogen anden Drik begjærer og forlanger og om nogen med sig sin egen Hest skulde have betales Gjæstgiveren for Hø og Staldrum til en Hest Nat og Dag 6 Skill. mens for holden ellers 4 Skill. og Havren betales efter Lands Kjøb».

Det er upplyst på tinget at H. Weinwich utanum øl, brennevin og vin selde tobakk og ymse andre varor. Endå um han hadde fått einerett som gastgjevar og kræmar til å selja slike varor, syner tingbøkene at det likevel var fleire som gjekk han i næringi. Serleg var det ikkje so fåe som smugselde øl og brennevin. Weinwich stemnde mange slike. Soleis i 1711 skomakarkona Ingjerd Olavsdr. som fekk 3 lodd sylv i bot for 2dre gongs «øltapping». Olav Skomakar fekk 1712 bot for ølsal. Han orsaka seg berre med sin store fatigdom. Likeins melde H. Weinwich den 90-årige enkja etter tidlegare gastgjevar Per Jonson, men ho vart frikjend. Olav Grovu vitna nemleg, at han hadde teke med seg heimanfrå det brennevin og øl han spanderte ved kyrkjegangsveitla som han heldt til med hjå enkja. Ho hadde traktera med ei skål øl, og gastgjevaren som var til stades, trudde ho hadde selt ølet. I 1713 kverrsette Weinwich hjå Rognald Skiple 12 pund 4 mark tobakk for å røkja etter, um tobakken skulde seljast på Voss, men gav han fri att, då Rognald upplyste at tobakken skulde seljast i Hallingdal.

På Bolstadøyri hadde Nils Person Hjermand, borgar i Bergen, sett seg til som gastgjevar utan noko løyve. Han heldt fram med det ogso etter at Weinwich hadde fått privilegium. I 1720 fekk Karl Lorentson gastgjevarbrev på Bolstadøyri som «Weinwich hadde haft men forsømt, da han var bosat langt borte». I 1726 selde Weinwich 3 laup 2 pund 18 mark i Bolstad og gastgjevargarden på Bolstadøyri til oberst Carl Philip du Wahl for 520 rd.

I matrikkelprotokollen av 1723 står skrive: «Paa Vangen er et priviligeret Gjæstgiveri som bruges af Henrick Weinwich, som uforbigiengelig maa være for de Reisendes Accomodation og til Almuens Nøtte og Tarv. Husene og Værelserne som Gjæstgiveren selv eier, og haver ladet bygge, staar paa Almendingsgrunden kaldet. hvorfor Grundleie til hans Kongl. Mayt. bør svares aarlig med en half Rdlr. Ellers udi Comsumption desforuden aarlig for dette Gjæstgiveri at betales, for hannem

--- side 75 ---

selv og sin Familie, saasom Næringen befindes at være helt ringe, Henseende det beror af den ringe Pot Øll som kand udtappes og sjelden Reisende Folk gjennem dette Stæd reise, der dog maa være nogen som naar saa skeede som kunde have Logement for dennem det behøvede, for samme aarlig fire siger 4 Rdlr. Consumption». Av fleire rettssaker ser ein at gastgjevarstova var i huset der Weinwich og huslyden budde.

Gastgjevaren Weinwich og klokkaren Jokum Rødberg var grannar, men kjerringane deira har nok ikkje alltid vore gode vener. I 1724 stemnde nemleg Weinwich på vegner av kona si (Johanna Margreta) klokkarkona Vibekke, fordi ho under matrikuleringi på Vangen i 1723 skulde ha brukt ærekrenkjande ord mot Johanna. Vibekke møtte og sa at ho hadde stemnt Johanna fordi ho hadde kome til deira hus, ropt på mor åt Weinwich (Anna Kristina) og då ho kom ut, fekk ho vonde ord og ein lusing av Johanna. Klokkarkona vart spurd i retten, um ho ikkje vilde lata mannen møta for seg. Nei ho vilde sjølv møta og svara for seg, sa ho. Av domen syner det seg, at det var sett upp eit «skabilken» på huset åt klokkaren, og Vibekke. meinte at det var gjort av dei hjå gastgjevaren. Ordi vart mortifisera. Vibekke skulde betala 1 riksdalar til Voss fatigkasse for skuldingane um skabilkenet.

Gastgjevaren Henrik Weinwich var son åt soknepresten på Voss, Christen Weinwich og Karen Schreuder. Henrik var fødd ikring 1680, gift med Johanna Margreta Jeffes, truleg frå Bergen, og døydde 1752.

Dei hadde etternemnde born og kanskje fleire: Karen, Margreta, f. 1712, Frants, f. 1713, Margreta, f. 1715, Anna, f. 1718, Kristen, f. 1720, Margreta, f. 1724. Karen var g. 1728 m. løytnant Adam Otto Henrik du Vahl (truleg son åt fyrrnemnde oberst Carl du Wahl). I ei kunngjering 1736 um Ringheim står det elles at Adam du Wahl «var opkommen fra Kjøbenhavn». Han var komen til Vangen våren 1732, heiter det då. Henrik Weinwich var ei tid lensmann på Voss og ser ut til å ha vore ein vyrd mann. Han ervde etter far sin jordgods i Dukstad, som Styrk Dukstad kjøpte i 1711.

H. Weinwich stemnde i 1723 den 82-årige sersjant Anders Person Halden og skulda han for ølsal. Johan Blomberg som var gift med Halden si dotter Katrina, møtte og sa at verfaren nok hadde bryggja øl, som han laut halda seg med, men hadde

--- side 76 ---

ikkje selt. Det har nok kome fram andre upplysningar, og Halden vart dømd til å bøta 4 riksdalar for ølsal, og um det hende oftare, 10 rd. for kvar gong. Det har nok vorte til varigt uvenskap millom Weinwich på eine sida og Blomberg og verfaren på den andre, ser det ut til.

I mai 1732 har kona åt H. Weinwich kome i munnhogging med Johan Blomberg, og dei har ikkje spart på skarnsord mot einannan. Ho kalla han for tjuv, som stal brødet frå henne og mannen hennar. Blomberg har i november 1732 stemnt Weinwich og kona hans for retten. Weinwich la fram motstemning mot Blomberg. Fleire vitne vart førde. Lensmann Viking Tvilde vitna m. a. at han ofte hadde kjøpt og drukke øl og brennevin hjå Blomberg, etter at du Wahl hadde overteke gastgjevargarden i april 1732. Fleire vitne upplyste og at dei hadde kjøpt øl og vin hjå Blomberg. Domen gjekk ut på at «de mellem begge parter faldne ord og udtalelser bør være magtesløse» og båe partar skulde kvar bøta 2 riksdalar til fatigkassa.

Adam du Wahl styrde forretningi åt verfaren ei tid. Weinwich hadde vanskeleg for å greida skuldmennene sine og selde difor i april 1732 gastgjevargarden med hus og innbu til Adam du Wahl for 500 rd., som du Wahl lånte hjå v. der Lippe. Adam du Wahl fekk 6. april s. å. gastgjevarløyve av stiftamtmannen. I 1733 let Adam du Wahl ta upp tingsvitne um gastgjevargarden. Ålmugen på tinget sa då at H. Weinwich og kona var dei fyrste som skipa til gastgjevargard på Vangen åt reisande og hadde bygt turvande hus til det. Ålmugen hadde inkje å klaga på varone deira. Det var øl, brennevin, vin, tobakk og andre varor dei selde. Meiningi er vel at Weinwich var den fyrste som hadde løyve av styremaktene som gastgjevar.

14. mars 1733 har Blomberg fått privilegium av stiftamtmannen som gastgjevar på Vangen. Det er ikkje klårt um amtmannen har gått ut ifrå at der skal vera 2 gastgjevarar, eller um Blomberg skulde koma i staden for Weinwich. Du Wahl har so innkalla Blomberg til tinget på Vangen 3. mai «at lide Dom fordi han her paa Stedet ved et Gjæstgiveries Holdelse skal have fornærmet Citanten og hans gamle Værforældre» o. s. b. Du Wahl spurde til futen, lagretten og ålmugen, um dei hadde noko å klaga på, at han og verfaren ikkje hadde

--- side 77 ---

gjort si plikt som gastgjevarar. Futen svara, han hadde ikkje høyrt nokon klage anna enn at siste 2-3 dagane på hausttinget i 1732, der tinghaldaren skulde halda skrivaren, futen og deira tenarar med mat og drikke, då fekk dei ikkje noko. Lensmannen skulde so spyrja etter, um det var noko å få mot betaling. Han fekk det svar, at Weinwich ikkje hadde noko, men hjå du Wahl fekk dei det som trongst. Saki vart sett ut til hausttinget, der Blomberg la fram gastgjevarbrevet sitt. I domen heiter det, at Weinwich hadde sett upp «en anselig Vaaning for alle Reisende», at du Wahl hadde halde seg etter gastgjevarbrevet, men saki vart «afvist fra Retten, da begge Parter havde Privilegium paa at være Gjæstgivere og Dommeren havde ikke Ret til at avgjøre hvilket af dem skulde være det beste».

På tinget 22. juli 1739 tok stiftamtmannen upp tingsvitne um dei to gastgjevargardane. Alle uttalte ynskje um å få dei burttekne eller i all fall flytte frå kyrkja, av di der var slik fyll og fordi folk drakk um sundagane, når dei kom til kyrkje. Tingprotokollane frå dei tider vitnar um at det ofte har gått vilt til på gastgjevargardane her, at gjestene dreiv på med drikking, turing, slagsmål og uhorveleg snakk ikkje berre um dagane, men og ofte um nettene, so det var fyrst på morgonstundi dei tutla seg derfrå.

4. desember 1744 selde du Wahl gastgjevargarden "med stovehus og kjellar til Johan Blomberg, som då vart åleine um gastgjevarløyvet. Likeins som fyrr var det no og dei som gjekk gastgjevaren i næringi, og som Blomberg har teke seg av. Han stemnde fleire frå tid til onnor, soleis i 1747 Sjur Hollgeirson Osgjerd fordi han heldt «marketenteri med ølsalg» og i 1749 sersjant Frants Weinwich (son åt H. Weinwich), som då budde på Rogne, for sal av øl og brennevin. Vitni prova at det var so. Frants Weinwich vart likevel lensmann på Voss 1751 og er fleire gonger seinare nemnd som lensmann til 1757.

Johan Blomberg var etter dei militære rullor fødd i Oslo 1689, gift på Voss fyrst med Katrina Sofia Halden, som døydde 1729 og 2dre gongen same året med Maria Hansdr. Lampe, f. 1701, død 1769. Han var kaptein og tilsett som lensmann på Voss 1740 og var postopnar, truleg den fyrste på Voss. Ved skifte etter han i 1751 er han titulera for «kongelig priviligeret Gjæstgiver og Bøigde Lensmand». Han var visseleg ein

--- side 78 ---

vyrd mann, som og syner seg ved, at han var med ved festlege høve hjå dei beste folk i bygdi. Med Katrina hadde han 5 og med Maria 6 born. Ei dotter Trone Maria, f. 1723 var gift med Hans Pyk, gastgjevar på Utne. Dotteri Elsebø, f. 1744 var gift med Isak Trondson Flatabø, gastgjevar på Bolstadøyri. Dotteri Katrina Sofia, fødd 1729 var fyrst gift med sersjant Aslak Olavson Ringheim og sidan med Per Person Skjerping, som var gastgjevar på Vinjo, Vossastrondi. Dei har mange etterkomarar på Voss og serleg på Vossastrondi. Sonen Hans er umtala nedanfor.

Både av tingbøkene for Voss og andre meldingar frå slutten av 1600-talet og fram gjenom 1700-talet ser ein, at bygdafolk ofte var på gastgjevargardane og andre utsal av rusdrykk, og ikkje so fåe vart drikkekjære. Det kunde ofte gå livlegt til på gastgjevargarden. Sume heldt seg der fleire døger i senn. På tinget og ved andre samkomor var det og mykje drikking.

Det var nok ikkje berre på Voss at so var tilfelle. I eit kongeleg påbod av 8. mars 1757 heiter det nemleg at «Overdaadighed udi Brændevinsdrikken sig paa endeel Steeder udi Vort Rige Norge meere og meere indsniger» - - «endog mange, særdeles af Almuen, henfalde til Fylderi og Drukkenskab» o. s. b. Difor vart det gjeve desse påbod: På landet skulde ikkje gjevast løyve til andre gastgjevargardar eller vertshus enn dei som var turvande for reisande eller som låg langt frå kjøpstaden. Alle skulde no - anten dei var priviligerte eller ikkje - ha kongelegt løyve, og amtmannen skulde halda tal på dei. Gastgjevarane og vertshushaldarar på landet vart forbodne å selja øl, brennevin eller annan sterk drykk til andre enn reisande og dei i «Nærværelse boende» som let det henta til eige bruk i sitt eige hus. Det vart forbode bøndene og andre som ikkje var reisande, «at lade sig finde eller sætte sig i Gastgiveri, Kroe eller Vertshuus for der at drikke».

Desse påbodi har det nok vore vanskeleg å gjenomføra. Ein ser nemleg av seinare meldingar, at bygdafolk framleis har halde seg på gastgjevargarden. Eit døme frå rettsprotokollane syner korleis det kunde gå for seg. I 1763 var ein Sjur stemnd for slagsmål på gastgjevargarden med ein Aslak. Eit vitne, Anders, fortalde, at han var til kyrkje 1ste pinsedag og var i gastgjevarstova um natti. Fyrr soli rann um morgon, kom han inn til Maria Blomberg i stova, der ho og dotteri

--- side 79 ---

låg og sov. Aslak og Sjur stod der då. Aslak hadde kjøpt 2 pottor øl og dei drakk alle av det. Anders gjekk ut ei stund og då han kom inn att, var Aslak blodut i andletet. Aslak fortalde at han um notti hadde lege i «benken» der i stova. Der låg og Sjur og ein til, men han fekk ikkje liggja i fred for Sjur, og vilde difor reisa. Sjur vilde ikkje det heller og tok på han. Sjur vart dømd til å bøta 24 lodd sylv og 3 dalar i sakskostnad.

Enkja etter Johan Blomberg kjøpte på offentleg auksjon 21. februar 1752 gastgjevargarden for 520 rd. Ho var ei dugande kvinne og dreiv gastgjevarforretningi umlag som fyrr. I 1757 er det upplyst på tinget at ho ikkje handla med andre varor. Ho er i 1763 stemnd for skattar 12 rd. For 1759 betalte ho «consumptionsskat» 6 rd. 24 skill., men det vert tilrådd at ho likesom fyrr må sleppa betala skatt til den kongelege kassa. Det er tilført tingboki at gastgjevargarden er turvande og ikkje kann flytjast, av di ho eig husi og der dessutan er skyss-skifte. - Skifte etter Maria Blomberg er slutta 1769. Ervingane har då selt sine partar i gastgjevargarden med stovehus og andre hus til son hennar, Hans Blomberg, for 668 rd. Skøyte er dagsett 1771.

På tinget 1766 er tilført at desse husmennene sume tider selde øl til reisande: Viking Mikkjelson Klyve, Sjur Hollgeirson øvre Ygre, Jørgen Olavson Bergshaugen, og gardmann Per Bårdson Gjøastein.

Hans Blomberg, fødd kring 1735, var gift 1759 m. Gjertrud Maria Horsenius (dotter åt klokkar Horsenius) og døydde 1813. På hausttinget 1767 møtte prokurator Trå i retten for Hans Blomberg (som hadde vore korporal) mot kona hans, som var rømd frå han. Han hadde fått fri sakførsle og tok upp tingsvitne. Alle gav Blomberg godt vitnemål, «han hadde stedse ført et stille og velanstændigt Levnet, været stræbsom og flittig». Kona ser ikkje ut til å ha møtt i retten, og ein ser ikkje noko meir um henne. I 1774 er tilført tingboki at Blomberg hadde 83 rd. for tinghaldet.

Hans og Gjertrud hadde dotteri Maria, f. 1759, død på Dukstad 1843, g. 1. 1781 m. Olav Askjelson Reime, f. 1758, død 1799, g. 2. 1800 m. Olav Brynjulvson Øvsthus f. 1775, død 1831. Det var etter kgl. løyve at Olav Øvsthus fekk gifta seg med Maria, etter di han var systerson åt Olav Reime.

--- side 80 ---

Båe Olavane hadde gastgjevargarden etter einannan frå den tid verfaren slutta med han 1781. Olav Reime er nemnd som lensmann 1797 og hadde 5 born.

På sumartinget 1802 har futen etter samtale med ålmugen ført til tingboki at dei samtykte i å lata gastgjevaren få som tilloga for tinghaldet 2 skilling for kvar laup i bygdi, og det skulde gjelda i 3 år. Ålmugen krov at gastgjevaren ikkje måtte selja øl eller brennevin fyrr 2 timar etter at gudstenesta var slutta. Dette skulde likevel ikkje gjelda ved ting, eksis, sesjonar eller andre samlingar, der ålmugen var nøydd å vera til stades. Gastgjevaren, som var til stades, vilde ikkje gå med på noko brigde, men heldt seg til privilegiet. Det vart soleis ved det gamle. På tinget 1812 var avtala med gastgjevar Olav Brynjulvson, at han skulde halda øverheiti, med lensmann og lagrette, med turvande upphald for 400 rd. for året, som skulde utliknast på bøndene etter jordskyldi.

I 1802 var utanfor Vangen desse gastgjevarar: Katrina (dotter åt Johan og Maria Blomberg, enkja etter Per Person) på Vinjo, Vossastrondi, Nils Jonson på Bergshaugen, Olav Olavson på Flatlandsmoen og Styrk Torgeirson på Tvinno. Han hadde fått kgl. gastgjevarløyve 1795, men sa upp retten 1803 av di det ikkje svara seg. Ingen av dei hadde andre varor til sal. På Evanger var Olav Larsson frå Kvåle i Tjukkebygdi, og på Bolstadøyri Isak Trondson (gm. Elsebø Hansdr. Blomberg) gastgjevarar.

I meldingi um dei einskilde eigedomane er under tuft 75 på Vossavangen fortalt um korleis Skrumpestova såg ut. I Haukenæs si bok um Voss er fortalt um livet på Skrumpen. Fullt so gale som her skildra var det no vel ikkje. Meldingi har vel gått frå den eine til den andre i mange år og truleg fått ymse tillegg på vegen: «Her samledes pøbel og pak fra alle bygdens kanter hver eneste søndag og ofte midt i ugen for at drikke og ture, og den som kunde slaa i sig de fleste drammer, ofte hele pegle med brændevin, ja tildels endog en hel potte, blev anseet for en pokkers karl, hvis bedrifter vakte den største beundring blandt hans tilskuere. Her samledes ogsaa tyve, kjeltringer og bedragere, der ved alskens kneb og underfundigheder fik de forskjellige drikkebrødre til at yppe kiv og fare i haarene paa hinanden, og derpaa, naar bataljen var paa det hedeste, snappe kamphanernes halvtømte brændevinsflasker til

--- side 81 ---

sig, og ofte ogsaa deres pengepunger og andre værdigjenstande, og den, som kunde udvise mest behændighed i saadanne fantestreger, fik megen ære og berømmelse av sine kammerater». Haukenæs fortel fleire sogor um at «Gamle-Eirik» sume tider såg innum døri.

Haukenæs fortel og ein stad: «Bygdens drankere sad paa Skrumpen dag efter dag, og alle bygdens slaaskjæmper samledes for at rives, slides, og hvor dagdrivere og lediggjængere, landsstrygere og andet fremmed pak havde sit stadige opholdssted for at træffe kammerater og aandsbrødre. Lidt længere fremme, i Paalhuset, var der og et gjæstgiversted, hvor der var udsalg af brændevin og øl og hvor verten hed Karsten. Dette gjæstgiversted synes at være oprettet efterat den gamle skrumpestue var nedlagt og blev derfor arvtager efter denne baade hvad navnet og hvad gavnet angaar. Drikk og støi og uorden af enhver slags fandt ogsaa her sted i stor udstrækning.»

Ein snikkar som i 1830-åri stod og arbeidde i storakammerset ved sida av Skrumpestova har fortalt meg at der var det drikking, turing, munnhogging og dragsmål frå tidleg um morgonen til langt på natti og ofte slagsmål. - I «Billeder af Norges natur og folkeliv», utgjevi av Tønsberg, er skrive m. a.: «Den som har siddet med Vosserne om det ophakkede bord i Skrumpestuen og seet dem med bare næver slaa dybe huller i det, seet dem i forberedelse til kamp at kaste halsklud og overklæder og i uvilkaarlige, majestætiske stillinger udfolde de ligesaa smukke som herkuliske former, den som endelig efter en kamp, der ikke havde sit udspring fra lav ondskab, men fra ærgjerrighed, har seet dem række hinanden haand og vaske hinandens saar med brændevin, han maa sikkerlig udbryde hvilke ægte sønner af de malmstærke fædre, som paa Normannernes tid satte Europa i skræk. Derfor er ogsaa Vosserne videnom berømte.»

Ved visitasmøti i fyrstningi av 1800-talet var ofte bruken av rusdrykk i bygdi umtala, og det var mange klagemål over gastgjevargardane. Bisp Pavels har tilført kallsboki i 1818 m. a.: «At Gjæstgiverierne, som bidrager overmaade meget til Usædelighedens Fremme blandt Almuen, kunde vorde bortflyttede fra Kirkerne eller hvor dette ei kan ske, at Grændser kunne sættes for den der herskende Tøilesløshed, derom har jeg lovet Presterne og nogle retskafne Medhjælpere at give

--- side 82 ---

kraftig Indstilling hos Amtet, saasnart Omstændighederne tillader det.»

Dette førde til at forhøyr vart halde på Vangen 29. mars 1819 etter påbod frå amtet. Der vart lagt fram skriv av 27. januar 1818 frå sokneprest Jersin, 2 meldingar frå medhjelparane på Voss og Strondi og skriv av 26. januar 1818 frå bispen. 31 vitne var innkalla. Deira vitnemål gjekk ut på at mange som um helgedagane kom til Vangen, gjekk på gastgjevargarden både fyre gudstenesta og serleg etter og kjøpte drikkevaror, men ingen kunde upplysa at det var selt under gudstenesta. Sume som var vane å drikka på gastgjevarstova, vart verande på Vangen til måndag og jamvel tysdag og gjekk då på gastgjevarstova for å kjøpa brennevin. Dette skulde helst vera tilfelle med utan- og innanbygds hestehandlarar, sa sume vitne. Ein hestehandlar vitna at han ofte hadde losjert på Vangen saman med framande handelskarar, og at dei ofte var nekta å få brennevin på gastgjevarstova, når det leid til kvelds, og dei vilde ha til kjøpskål. Korleis det vidare gjekk med saki etter forhøyret, har eg ikkje set noko um.

Olav B. Øvsthus let i 1823 halda takst over gastgjevarhusi. Det var desse 14 husi, taksera tilsaman for 1715 spd.: a. Ein ny bygning på 2 høgder 13x16 alner, b. ein bygning på ei høgd 13¼x25½ alner. Deri var ei stor stove med omn, ei stor skjenkestove med bileggjaromn, 2 kammers på sida med omn, kjøk og matkot. På loftet 2 kammers utan omn. Dette er gamle Skrumpen, der Heradshuset no er. c. eit einhøgda bustadhus 11x11¼ alner, d. eit einhøgda bustadhus 11x18½ alner, e. eit lite stovehus 7¼x8¼ alner, f. 2 buer, g. flor, h. hestestall med løde, i. løde, j. fire små hus. Alle husi var torvtekte.

Den andre sonen til Olav Reime var Karsten Horsenius Reime, som døde 1833, 42½ år gl., og var gm. Anna Maria Landmark, død i barnseng 1826. Karsten overtok eigedomen og forretningen etter stykfaren i 1826, budde i «Skrumpen» og hadde der sal av øl og brennevin. Det er ei soge um at han ein gong gjorde avtale med fleire av gjestene, at når dei betalte 12 dalar, skulde dei få drikka fritt hjå han det dei vilde, eit heilt år. Han skulde tena på sume, men tapte på fleire. Difor varde avtala ikkje meir enn året ut. Ved kontrakt av 11. april 1832 leigde han gastgjevargarden burt til Theodor Schlanbusch

--- side 83 ---

for 5 år for 300 spd. i årleg leige. Husi er i skifte etter Karsten Reime førde upp med eit samla verd 977 spd., nemleg: 1 nytt våningshus 500 spd., Skrumpen eller skjenkevåningen 350 spd., nyestova 50 spd., Hansakjøkenet 6 spd., ei stolpebu 6 spd., ei stolpebu på Evanger 8 spd., eit eldhus 7 spd., ein hestestall med løde 6 spd., ei løde 6 spd., to svinhus og ei løde 8 spd. Ved auksjon 1834 vart dei selde til Schlanbusch for 1800 spd. Skuldi åt K. Reime var større enn eiga. Nils Tesdal var kurator i buet, og det vart prosess med Schlanbusch um gastgjevarkontrakti.

Schlanbusch fekk landhandlarbrev 28. juni og gastgjevarløyve 20. august 1833. Han kjøpte 1835 av Lars Skage bustadhuset hans, som det er fortalt meir um under tuft 62. Sjå og tuft 61, 73 og 86. I 1837 og 1841 feste Schlanbusch tuft på nedsida av gata (tuft 73) der. Prestegårds Hotell no er, bygde nytt tohøgda hus med krambu i og heldt sidan til der med landhandelen og sal av øl og brennevin. 1841 fekk han feste på tuft 86 for å setja upp «Bondestue», som det heiter i festesetelen. Huset som han der bygde, vart den nye Skrumpen. Både Schlanbusch og seinare Gjert og Nils Jæger heldt til der med brennevinsutskjenkjing til 1853, og seinare sume tider når noko sers var fyre på Vangen, anten ting eller liknande folkesamlingar.

Folk som hugsar um denne Skrumpen, fortel at det var eit stort langt bord framanfor vindaugo med ein lang krakk på kvar sida. Der sat folki med brennevinspeilane eller ølkjerald og drakk, prata, skjentest, hednast og drogst, alt etter som høvi var til. Vart dei altfor hissige, bar det fram på golvet, der det kunde utarta til fullt slagsmål. Den store tobakksdåsen brukte dei ofte til handdivle. Han bar dei jamnast i den høge hatten sin, av di det var smått med lummor på klædi då. Mange segner er fortalde um hendingane i denne Skrumpen og. Forutan vyrkedagane vart det og selt brennevin etter kl. 17 um sundagane. Noko meir politiuppsyn vart det etterkvart ført med rusdrykkhandelen. Futen Thode tok seg mykje av det og såg ofte innum døri i Skrumpen. Han budde ikkje langt ifrå. Ein kveld det var slikt leven, gjekk han der ned. Vangsvatnet var då so høgt at ein laut gå på ein planke for å koma inn. Då futen var komen midt på planken, sprang ein skjelm til og kipte planken til sides so futen vart liggjande i vatnet so lang han var.

--- side 84 ---

Schlanbusch var tinghaldar. For mat og hus åt ting-øverheiti fekk han i 1838 130 spd., som vart utlikna på matrikkelskyldi i Vangens tinglag. 300 spd. fekk han for kvart av åri 1839 og 1840 (men skulde ha 2 spd. meir for døgret, dersom amtmannen var på tinget), 200 spd. for 1841, 100 spd. for 1852 sidan tingseta då var stuttare, 160 spd. for 1853 og sett ned til 150 spd. for 1857. Etter framlegg i 1859 av futen Thode um ein billegare ordning, vart vedteke å tinga med fru Schlanbusch eller einkvan annan um å ta tinghaldet for 108 spd. Det vilde verta 1 spd. 60 skill. for døgret for kvar person.

Heradsstyret har lagt seravgift på Schlanbusch for brennevinshandelen frå 1848 og kanskje fyrr. Avgifti var 112 spd. for 1853, 100 spd. for 1854, 108 spd. for 1855-58 årleg.

Schlanbusch søkte i 1848 til kongen um at dei som kom til å kjøpa husi av han, måtte få same løyve til å halda fram med næringi han hadde. Formannskapet skulde segja si meining. Einrøystes vedtak: Det vilde truleg ikkje verta sagt noko imot frå formannskapet at kjøparen fekk løyve som gastgjevar og landhandlar, dersom det var ein nykter og ærleg mann og hadde midel og dei eigenskapar som trongst for å driva desse næringar med kraft og orden, men formannskapet vilde ikkje på nokon måte samtykkja i at der vart brennevinshandel.

Presten Hagen skreiv i 1853 til heradsstyret med uppmoding um å få burt brennevinshandelen. Heradsstyret valde ei nemnd til å tinga med fru Schlanbusch um det. Det var fyre i fleire møte, men førde fyrebils ikkje til noko. Etter framlegg frå futen Thode ytte heradsstyret i 1859 20 spd. som futen kunde bruka til å leiga ein mann til å hjelpa futen og lensmannen med å halda orden og kontrollera brennevins- og ølutsali ved større samkomor. Fru Schlanbusch søkte so i 1862 um lov til å pakta burt landhandlarløyvet og retten til brennevinssal for ei viss tid og bad um tilråding av heradsstyret. I møte 8. mars vart vedteke som fråsegn at i lenger tid har heradsstyret trått etter å få slutt på brennevinshandelen og fleire gonger prøvt å få semje med vedkomande um ein pengesum ein gong for alle som vederlag, men det har ikkje lukkast. Ein vil av den grunn ikkje no gjeva noko fråsegn for «attraaede arrangements». Eit framlegg i møtet um tilråding fekk berre ei røyst (framleggjaren).

--- side 85 ---

Fatigstyret melde 16. desember. 1862 til heradsstyret, at der ved Vangens gastgjevargard i året 1863 truleg vilde verta selt og utskjenkt 60 tunnor brennevin i minder parti enn 40 pottor, og at det difor skulde betalast som avgift 240 spd. og for 1862 200 spd.

Gjert Jæger søkte i 1863 til kongen um rett til å driva landhandleri og i 10 år selja brennevin mot at fru Schlanbusch sa frå seg retten sin. Mot 3 røyster vedtok heradsstyret å tilråda løyving for 5 år. Fyresetnaden var at brennevinsutsalet deretter skulde vera slutt.

På skulekommisjonen sine vegner sende prost Smitt i 1864 uppmoding til heradsstyret um å få styremaktene til å røkja etter um brennevinsretten åt fru Schlanbusch var driven på lovleg måte og um so ikkje var, å få han nedlagd. Heradsstyret vedtok i møte 18. mai s. å. å etterkoma uppmodingi. Det vart lagt til at det var ålmenn meining at handelen hadde vore driven på ulovleg vis. Brennevinshandelen var for fleire år sidan pakta burt til Lars T. Uthus. Ein trudde og at denne handelen «for tiden» var pakta burt til Gjert Jæger i Bergen.

I heradsstyremøte 24. oktober 1864 har vore fyre um semja med å få lagt ned brennevinshandelen. I næste møte 29.  november vart fru Schlanbusch pålagd som brennevinsavgift for 1865 260 spd., dei rekna då med ein umsetnad av 65 tunnor brennevin. I same møtet er tilført melding frå Voss Sparebank, at det i møte den 27de s. m. var løyvt 50 spd. årleg til å løysa  inn brennevinsretten med. Heradsstyret løyvde 50 spd. til det same og uppmoda formannskapet um å prøva å få det ordna. 12. desember 1864 vedtok heradsstyret mot ei røyst tilbod frå fru Schlanbusch um at ho legg ned brennevinshandelen mot godtgjering 150 spd. årleg so lenge ho lever. Dersom domen i den politisak som var reist mot henne, skulde gå henne imot, skulde godtgjeringi falla burt. Rekneskapane for Vangens sokn syner at ho fekk 150 spd. årleg so lenge ho levde. Domen må difor ha frikjent henne. Ho levde til 1888.

Gjert Jæger i Bergen hadde i fleire år stelt med brennevinshandelen på Vangen for fru Schlanbusch saman med bror sin, Nils Jæger, som hadde den daglege styringi av forretningen. Ei tid var det selt brennevin berre til avhenting i krambui på nedsida av gata, medan utskjenkjing gjekk for

--- side 86 ---

seg i Skrumpen (på tuft 86) til 1853. Då vart Gastgjevarstova (tuft 60) bygd, og sidan heldt dei til der med utskjenkjingi. Det var då ulovleg å sitja på krambui og drikka brennevinet. Sume skøyarar fann då på når dei hadde kjøpt seg ei flaske brennevin på krambui, å gå burt i døri, setja eine foten utum henne og so setja flaska på munnen.

Gastgjevarstova var eit tohøgda hus med drengerom i 2dre høgdi og ei stor stove i 1ste, der utskjenkjingi var. I offentlege dokument er huset ofte kalla «Skrumpehuset». Etter det var slutt med brennevinshandelen, vart det halde fram med utskjenkjing av øl og vin solenge det var lovleg. Gjert Jæger kjøpte i 1866 husi av fru Schlanbusch, selde same året krambubygningen nedanfor gata til David Prestegård, og dei andre husi 1868 til Hans Dykesten.

I 1865 vart det altso slutt på den lovlege brennevinshandelen på Vangen. Samstundes har det og vorte forbi med Gastgjevargarden. Her var no to hotell, der reisande kunde få upphald. Øl- og vinhandelen seinare er umtala i stykket um rusdrykk og avhaldsarbeidet.

I gamle dagar var det strevsamt å reisa, ringt som det var med vegar, og skrale reisegreidor. Langt var det mange stader millom buande folk, og hjå svært mange av dei var det smått stell med husly åt framande. For reisande folk hadde det difor mykje å segjå at det var visse plassar der dei kunde få hus og upphald på reisi. Tilskipingi av tavernishus, såluhus og hospits og seinare gastgjevargardar var soleis naudturvande fyregjerder. I tavernishusi, såluhusi og hospitsi skulde det etter den tids bruk vera god orden og unelegt å koma for den reisande. Det same kann visst og segjast um mange av gastgjevargardane, men på sume av dei var det visstnok mindre godt stell, endå til etter den tids krav. Mange av gastgjevargardane har etterkvart vorte avløyste av gode hotell, som det er hugnaleg for dei reisande å koma til. Det er soleis tilfelle her på Voss.

Är du säker på att du vill logga ut?