Gravhaugar og jordfunne saker.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 369 ---

Lektor T. Slette som skal skriva i Vossaboki um dette emnet, har gjeve meg etternemnde upplysningar som gjeld Vossavangen: På Grovendal var det ein gravhaug som vart gjenomskoren av jarnbanen og utgraven, men det vart ikkje funne noko gravgods. På Ullestad har dei funne: a. Eit økseblad av jarn frå vikingtidi (nr. C. 14095 i Bergens Museum). b. På Nedre Ullestad ei hellegrav frå eldre jarnalder som inneheldt brot av ei leirkrukke, noko brende bein og bjørneklør (B. 5693). c. I ei steinkiste i ei røys på Øvre Ullestad vart funne ei bronsenål, eit sneldehjul av kleberstein, brot or leirkrukkor og eit kvartsbryne (B. 6919). På Lekve har dei funne: a. Ei grav med to leirkrukkor, ein bronsering, brot av piloddar, restar av jarnreidskap frå eldre jarnalder (B. 4376). b. Ei grav i jordblanda røys frå eldre jarnalder inneheldt ei leirkrukke og sneldehjul av kleberstein (B. 7383). c. I ei grav frå yngre jarnalder er funne eit eineggja sverd (B. 4533). På Rogne har dei funne: a. Jarnreidskap og bein i ein gravhaug frå yngre jarnalder. I same melding er nemnt «3 gravhaugar» på Rogne (B. 5679). b. På botnen av ei myr er funne eit beislmunnbit av jarn (B. 6183). c. I ei grav frå eldre jarnalder er funne eit sneldehjul av kleberstein (B. 7188). I ei onnor melding er nemnt 3 gravhaugar, men um desse 3 er dei same som er umtala i punkt a er uklårt. Truleg er det dei same. På «Vossevangen» er funne ein stigbøygel av jarn (C. 6323). Det er ikkje sagt noko nærmare um staden, heller ikkje noko um korleis stigbøygelen låg. Det er uppgjeve at «ved Voss kirke» er funne 3 ting. Men det er ikkje sagt noko nærmare um sjølve tingi eller korleis dei vart funne. På Voss Prestegard har dei funne: a. Ein gravhaug med restar av to sverd, ei tong, to hamrar, to filer, og eit beisl. b. I Strengjarhaugen var ein gravhaug som vart burtrudd under jarnbanebyggjingi i 1904. Han inneheldt ikkje noko gravgods. På Skogateigen, bruk 11,

--- side 370 ---

er ein stor gravhaug, som visst er urørd. På Finne vart det i Smidjehaugen på bruk 13 funne to urnor med ei helle over og noko «rusk» i. Urnone gjekk i småbitar under gravingi, er det fortalt.

Är du säker på att du vill logga ut?