150. Hellene.
--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 446 --- Namnet vert no sagt Hèdl'na2; han búr í (eller ùndé), è ór (eller ùndao) Hèdló, ska út í (eller ùndé) Hèdl'na. Namnet er fleirtal av ei helle, flatt berg eller stein. Garden vert ikkje nemnd i eldre skrifter. Garden er ikkje nemnd i matrikkelen 1723. I 1838 er skyldi førd upp med 16 skill. Samanlikningstalet var 20. Garden var svært frostnæm, hadde det som trongst av fure- og vedaskog og hadde godt vassfall. Matrikkelen 1865 melder at der var 1½ mål åker, 2 mål god, 2 mål medels natureng og 3 mål skrapebø. Der var medels hamnegang og skog til husbruk. Garden var tungbrukt og dyrka som vanleg. Kornet fraus ofte og vart sjeldan moge. I teljingi 1918 er ikkje ført upp noko. Der budde 6 menneske i 1801, 5 i 1865 og 8 i 1920. Dei fødde 4 storfe og 10 småfe i 1865 og avla 3 tunnor korn og 6 tunnor potetor. Hellene har vore husmannsplass i Almenningen. Lars Larsson er den fyrste me veit um som har butt der. Han er i folketeljingi 1801 førd upp til å vera 42 år gl. og kona hans, Kristi Persdr., 41 år gl. Dei hadde då fire born: Guro f. 1786, Lars f. 1789, Ingebjørg f. 1794 og Anders f. 1799, g. 1832 m. Gunnhild Sjursdr. Kleivane f. 1814. Lars døydde 1840, 85 år gl. og Kristi 1854, 100 år gl. står det i kyrkjeboki. --- side 447 --- Anders og Gunnhild har bygsla Hellene etter foreldri hans. Han døydde 1864 og Gunnhild 1893 og hadde seks born: Kristi f. 1833, Guro f. 1838, død ugift 1884, Lars f. 1838, død ugift 1929, Sjur f. 1840, g. 1868 m. Marta Nilsdr. Kleivane, Marta f. 1845, g. 1864 m. Olav Erlendson Hegg, Anders f. 1848, g. 1883 m. Ingebjørg Nilsdr. Kleivane. Dei einskilde bruk.Bruk 1. Hellene. Odd D. Klyve vart i 1865 eigar av Hellene ved skøyte på Almenningen. Sjur Andersson feste Hellene og fekk ti born m. Marta: Anders, sjå bruk 4 på Kvarakvål, Gunnhild f. 1870, g. 1896 m. Halldor J. Stamneshagen i Bruvik, Barbrå, f. 1872, g. 1897 m. Eirik Gustaf Jansson, Sverike, f. 1861, Maria f. 1774, g. 1896 m. Karl Alfred frå Avaldsnes, Brita f. 1877, g. 1902 m. Ingvald Selvik, Hamre, Steffa, Marta, Olina f. 1884, g. 1913 m. gardmann Nils Torbjørnson Kleivane, Lars, Guro, fødde 1868-1889. Eirik Oddson og Lars Oddson Klyve fekk Hellene saman med Almenningen hjå far sin i 1909. I 1912 fekk Eirik auksjonsskøyte på Hellene saman med fleire bruk for 7200 kronor. Hellene er i panteregistret ført upp som mtrnr. 151, lnr. 299 med revidert skyld 16 skill. og ny skyld 36 øre fyrr det var skilt noko frå. Bruk 2. Liaset. Utskilt frå bruk 1 i 1898 med 9 øre i skyld og skøytt av Odd D. Klyve til sonen David saman med fleire bruk. Det er støl til Nedre Klyve saman med bruk 4 Almenningen. Bruk 3. Liaset. Skilt frå bruk 2 i 1898 med skyld 2 øre og skøytt til staten saman med bruk 5 Almenningen. Frøken Hanna Taraldsen har i 1934 kjøpt desse eigedomane som er ein foss i Rjoan-aonæ. Bruk 4. Hellestølen. Skilt frå bruk 1 i 1906 med skyld 10 øre og selt halvparten til Lars og Eirik Klyve og den andre halvparten til Anders B. Kyte som tok det til støl åt garden sin. Eirik Klyve fekk 1912 auksjonsskøyte på den halvparten, som han og Lars fyrr åtte saman. Klas J. Finne fekk 1916 kjøpekontrakt frå Eirik Klyve og fleire på ein fjordepart av stølen Borgarbu for 1000 kronor og har støl der til Kvåle. Bruk 5. Mjølfjell. Utskilt frå bruk 1 i 1909 med 3 øre i skyld og skøytt til Andreas A. Stadheim for 2000 kronor. Han --- side 448 --- selde det 1911 til Arne Njøs og Anders Palm som selde att til A. Stadheim. I 1912 var det kommisjonsforlik um odelsretten til bruket. Stadheim kjøpte Tvinne Hotell, flytte det til Mjølfjell, bygde noko til og dreiv hotell der. Pensjonskassa til Statsbanane fekk eigedomen og selde att til frk. Taraldsen som no driv hotell der. Bruk 6. Hellene. Skilt frå bruk 1 i 1910 med 4 øre i skyld. Jarnbanen er eigar. Bruk 7. Skogly. Utskilt frå bruk 1 i 1912 med skyld 1 øre og selt på auksjon 1912 for 600 kronor til Johan Fleischer, som har bygt villa der. Bruk 8. Fjellfryd. Utskilt 1913 frå bruk 1 med 1 øre i skyld og skøytt til Theodor Fleischer for 700 kronor. Bruk 9. Skogly II. Skilt ut frå bruk 1 i 1916 med 1 øre i skyld og selt til Johan Fleischer for 1000 kronor. Bruk 10. Blåsenborg. Utskilt frå bruk 1 i 1917 med 1 øre i skyld og skøytt til frøken Lulla Hansen for 2000 kronor. Ho har bygt villa der. Bruk 11. Fjellro. Skilt frå bruk 1 i 1917. Eigar: Skreddarmeister Mass O. Rio. Bruk 12. Fjellheim. Utskilt 1917 frå bruk 1 med 1 øre i skyld og selt til Lars M. Ringheim for 450 kronor, som bygde der og selde att 1920 til Anders K. Midtun, Torstein Seim og Ivar M. Ringheim. Der er bustadhus. Bruk 13. Elvhøi. Skilt frå bruk 1 i 1917 og skøytt til Finn Ingebrigtsen, som selde att 1930 til fru Nelly Paulsen. Bruk 14. Elvhøi. Utskilt frå bruk 1 i 1918 og selt til Finn Ingebrigtsen, som selde att 1930 til fru Nelly Paulsen og ho selde 1932 til skipsreidar E. Baldersheim. Der er bygt villa. Bruk 15. Fredheim. Utskilt 1918 frå bruk 1 med 1 øre i skyld og selt til Fredrik Ingebrigtsen for 1450 kronor. Fru Nelly Paulsen er so vorten eigar og selde 1933 til tannlækjar Arthur Rogde. Villa er bygt der. Bruk 16. Hellene. Utskilt 1918 frå bruk 1 med 1 øre i skyld. Eigar: Gustav Rogde. Bruk 17. Trekanten. Skilt ut 1920 frå bruk 1 med 1 øre i skyld og skøytt til Einar Urheim, Jakob Urheim og Jørgen Hauge. Jakob kjøpte alt i 1927. Der er bygt villa. Bruk 18. Bjørkhaug. Utskilt 1920 frå bruk 1 med skyld 1 øre og selt til kunstmålar Mons Breivik. --- side 449 --- Bruk 19. Stadheimen. Utskilt 1921 frå bruk 5 med skyld 1 øre. Eigar: Andreas Stadheim. Der er bustadhus og uthus. Frøken Gudveig Nygård kjøpte eigedomen 1935 på auksjon. Bruk 20. Stupet. Utskilt frå bruk 1 i 1935 og gjeve 1 øre i skyld. E. Langmyr og K. Karlsen kjøpte det 1935. Bruk 21. Jonsbu. Skilt ut frå bruk 1 i 1935 og gjeve 1 øre i skyld. Major K. Hånes fekk skøyte på det. Bruk 22. Trekanten. Skilt frå bruk 10 i 1935 og gjeve 1 øre i skyld. Frøken Hanna Taraldsen er eigar. Bruk 23. Alta. Utskilt frå bruk 1 i 1935 og gjeve skyld 1 øre. Major Kjell Bugge er eigar. Bruk 24. Fagerli. Utskilt frå bruk 1 i 1936 og selt til Gerhard Kahrs for 800 kronor. Bruk 25. Holtet. Skilt frå bruk 1 i 1936. Hjalmar Kristoffer Titland har kjøpt det for 550 kronor. Bruk 26. Koja. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1936 og skøytt av Marta E. Klyve til dr. Johs. Bøe for 600 kronor. Offentlege forretningar.Jarnbanetakst 1899. Kommisjons-semje 1912 vedkomande bruk 5. Støl.Stølen åt Hellene var midt for Kleivastødl'n på andre sida åt Ljosanaonæ. No har Hellene ikkje støl. Kvern.Kvern var der ikkje 1723, 1776 eller 1791, men seinare har der vore ei i Rjoanaonæ. Kverni gjekk rangseles. Det var eit ordtøkje i Raundalen at når noko gjekk forkjært sa dei «da gaor rangseles nett so Hedlekvednæ». Kvernhuset vart flytt til Kleivane til stove då jarnbanen kom. I Rjoanaonæ er ei sirkelsag. Ymse.Husi på Hellene stod fyrr lenger uppe. Dei laut flyttast nedover for Bergensbanen som går over dei gamle hustuftene. |