Innleiding.
--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 9 --- For sume av dei som kjem til å lesa i Vossaboki, vil det kunna vera til rettleiding å få nokre upplysningar um eitt og anna som er umtala i dette bandet og i dei andre bandi um gardane som kjem sidan. Eg vil då fyrst gjera vis med at når ikkje noko anna er sagt, so er det med Voss alltid meint Voss herad soleis som det har vore avgrensa sidan Vossastrand og Evanger vart skilde frå. Um skyld og jordleige.Frå fyrst av har visst kvar huslyd ått jordi dei brukte. I vikingetidi og kann henda fyrr kom det i bruk noko etterkvart å leiga burt jord mot ei avgift som er kalla landskyld. I lenger tid framover har ho vore fastsett ved fri semje millom eigaren (landdrotten) og leigaren (leiglendingen). Noko um senn har landskyldi festna seg til ein viss storleik for dei ymse burtleigde eigedomar. Frå midten av 1200-talet vart leidangsskatten utrekna etter landskyldi, og leidangen har visst alt i millomalderen gått over til å verta ei fast avgift. I lang tid framover betalte leiglendingen avgiftene i varor som han sjølv avla på garden. På Voss var det smør og skinn og stundom korn. Regjeringi sette i 1625 fast takst på desse varone, og frå den tid vart det vanlegare enn fyrr å betala avgiftene med pengar. . Etterkvart landskyldi festna seg som ei fast årleg avgift, vart ho verdmælar på jordeigedomen og svarar til vår skatteskyld. Umframt landskyldi laut leiglendingen òg betala bygsel, når han bygsla jordi, vanleg kalla fyrste års bygsel. Kvart tridje år måtte han betala eit tillegg til bygsli, det dei kalla tridje års bygsel eller tredjetage. Overbygsel er bygsel som var skilt frå jordeigedomen som ser lunnende. Eigar av heile --- side 10 --- garden hadde og bygsleretten, det vil segja retten til å bygsla garden burt. Var det fleire eigarar, hadde oftast eigaren av største luten bygsleretten for alt. Samstundes med at folketalet steig, vart det større søknad etter jord til leige, og jordeigaren nytta seg av det til å auka avgiftene. Av skatteumsyn og for di det etterkvart kom forbod mot å auka landskyldi, brigda dei ikkje på henne. I staden la jordeigaren på dei andre avgiftene t. d. fyrste års bygsel og tridje års bygsel og fann på andre nye avgifter. Dei eldste skyldeiningar me veit um er månadsmatabol (mmb.) og kyrlag. Mmb. har sitt upphav frå leidangen, då bøndene plikta å halda leidangsmannskapet med turvande kost. Ein månadsmat var ei viss mengd smør og andre matvaror som ein soldat trong i ein månad. Mmb. gjekk etterkvart over til å verta verdmælar eller skyldeining for jord. Med kyrlag er meint eit jordstykke stort nok til å fø ei kyr på. I 1300-talet ser me, at skyldeiningane laup, pund, spann og mark ofte vert brukte i staden for mmb. og kyrlag som seinare kjem heilt or bruk. Laup, pund, spann og mark var einerådande frå i 1500-talet til 1838. Ein laup er likt med 3 pund, eller 72 mark, eller 4 spann. Denne skyldi vart heitande smørskyld, og det er alltid smørskyld som er førd upp i Vossaboki når ikkje noko anna er sagt. Laup var frå fyrst av namnet på bidnet som dei hadde 72 mark smør i. Landkommisjonen som var skipa av kongen i 1661, fekk påbod um å utferda j ordbøker over alt offentleg og privat jordgods i Noreg. Der er ført upp dei einskilde eigedomar, deira landskyld og lunnar med eigarar og brukarar. Det er den fyrste matrikkel over alt jordgodset. Ikring året 1700 var det krav på utbetring av matrikkelen frå 1661, og det vart arbeidt noko med saki. Kongen let so ein kommisjon ta fatt på arbeidet i 1722. Han kom i 1723 med framlegg til ny matrikkel for Noreg. Denne matrikkelen vart ikkje teken i bruk, men han gjev mange upplysningar um gardane. Både i 1661 og i 1723 er skyldi førd upp i laup, pund, spann og mark. Stortinget vedtok i 1818 lov um revisjon av matrikkelen og arbeidet tok til året etter. Det var uppnemnt distriktskommisjonar som skulde taksta gardane i samhøve med utpeikte «normalgardar». Umsyn skulde takast til naturleg --- side 11 --- godleik og eigenskap, lunnar, og anna som var av verd for gardsdrifti. Hovudskylddeilingskommisjonen skulde ta vare på, at verdsetjingane kom i samhøve med einannan i dei ymse landsluter og skulde difor fara over og taksta normalgardane. Distriktskommisjonen for Hordaland var på Voss i 1819 og for frå 8. til 17. juli umkring i bygdi for å samanlikna gardane. 18 menn vart valde i Voss tinglag til å vera med. Kommisjonen vedtok at Tundal skulde vera normalgard som dei andre gardane i tinglaget skulde samanliknast med. Tundal vart sett til samanlikningstal 400 og vart sett i skyld 2 dalar 3 ort 6 skill. Kommisjonen heldt møte på Vangen til handsaming av klagar. For kvar einskild gard er i Vossaboki tilført Samanlikningstalet som den nye skyldi vart rekna ut etter i 1838 til dalar, ort og skilling. Denne skyldi er vanleg kalla den ureviderte skyldi. Lov av 6. juni 1863 kom med påbod um revisjon av matrikkelen. «Voss herredskommissions forberedende komite» har då gått umkring på gardane og skrive ned ei rekkje upplysningar um kvart bruk. Skyldi er førd upp med spd., ort og skill. og er kalla den reviderte skyldi. Denne skyldi er seinare umskrivi til skyldmark som er rekna i mark og øre (ei mark = 100 øre). Korleis skyldeiningi laup svarar til dei seinare skyldeiningar, veit me ikkje å greida ut. For det har seg soleis at det var ny skyldsetjing både då dei i 1828 gjekk over til skyldeiningi dalar, ort og skilling og i 1865 til spd., ort og skilling. Av di det i millomtidi har vorte stelt ymist med eigedomane, har tilhøvi millom dei vorte brigda. Av to bruk på ein laup kann det eine t. d. ha fått 3 skylddalar og det andre 4. Ved skatteutskrivingar var det tungvint å rekna ut skatten etter landskyldi. Difor kom i fyrste luten av 1600-talet påbod um at gardar på 4 laup og meir skulde reknast for full gard, gardar på 2-4 laup skulde reknast for halv gard og mindre gardar kallast øydegardar. Halv gard skulde skatta halvparten, og øydegarden ein fjordepart av det ein heil gard skatta. Øydegard kalla ein og ein gard som var nyrudd. Likeins ein gard som hadde lege ubrukt ei tid, når han vart teken i bruk att. Jordgodset som bøndene åtte i 1600-talet og fyrstningi av --- side 12 --- 1700-talet, var fram igjenom tidi ofte skift på ymse måtar. Det hadde seg soleis at når det var skifte etter eigarar av jordgods, fekk borni, attlevande ektemake og stundom kreditorar utlagt kvar ein større eller mindre part av jordgodset. Ofte løyste då ein inn alle eller sume av partane, men elles gjekk dei ymse jordgodspartar frå mann til mann ved sal, byte eller ved skifte etter avdød eigar. Jordeigedomane skifte soleis ofte i storleik. Fyrst ved slutten av 1700-talet kom det til ein fastare ordning med gardsbruk av viss storleik. Matriklane for 1723 og 1865 reknar upp både sånad og avling av korn og den siste ogso for potetor. Eg har teke med uppgåvor berre for avlingen. For 1723 syner det seg, at kornavlingen nede i bygdi har vore umlag fire gonger so stor som sånaden, og ikring tri gonger so stor på fjellgardane. I 1865 har kornavlingen vore frå fem til åtte gonger so stor som sånaden på dei ymse gardar og potetavlingen frå seks til åtte gonger so stor. Større jordgodseigarar.Jordgodset på Voss bytte ofte eigarar i 1600-talet. Kongen var basen i so måte umkring midten av 1600-talet, då han selde og bytte mykje jordgods. I 1723 selde han òg kyrkjone på Vangen, Evanger, Vinjo og Uppheim til enkja etter statshauptmann Jochum von der Lippe i Bergen for 2580 riksdalar. I handelen fylgde med kyrkjetiendi, kyrkjekyrne og alt jordgodset som kyrkjone åtte. Bøndene åtte då berre ein mindre part av jordgodset. Skattemanntalet 1611 har ført upp 131 laup som bøndene på Voss var eigarar av, matrikkelen 1661 har 101 laup 2 pund 12 mark, skattemanntalet 1720 har um lag 147 laup, matrikkelen 1723 252 laup 21½ mark, og Skattemanntalet 1790 403 laup. Prosentvis åtte bøndene ikr. 18 prosent av jordgodset i 1661, 47 prosent i 1723 og 72 prosent i 1790. Det var soleis nedgang av sjølveigande bønder frå 1611 til 1661, men sidan har det stige stadigt til dess det ikring 1880 ikkje var att noko leiglendingsgods på Voss. Matriklane er dei mest pålitande uppgåvor som me har um skyldi. Sume skattemanntal er ikkje alltid nøgne med umsyn til skyldi. Som døme på kven som har ått jordgods på Voss tek me her Landkommisjonens matrikkel 1661 og matrikkelen 1723: --- side 13 ---
Då Gyrvhild Fadersdotter i 1582 skøytte Giskegodset til kongen, høyrde 70 laup 1 pund 6 mark på Voss til Finnegodset. Hannibal Sehested fekk skøyte 1648 frå kongen på 72 laup 2 pund 2 mark. Skattemanntalet over Finnegodset 1657 fører upp 173 laup 3 mark. Denne aukingi etter 1582 skriv seg frå ymse andre jordgods på Voss og er difor ikkje retteleg Finnegods. --- side 14 --- Me skal no umtala nokre av dei som har ått mest av jordgodset. Apostelgodset. Kong Magnus Lagabøter bygde i 1275 i lysthagen sin i Bergen eit fint kapell og ei liti kyrkje som vart heitande Apostelkyrkja og som han la mykje jordgods til. Ho var reist til minne um faren, kong Håkon Håkonson, og var ei av dei venaste kyrkjor i Noreg. Nokre år fyrr reformasjonen reiv Esge Bille kyrkja, og jordgodset vart lagt under kruna som serskilt len. Kongen sette lenet burt til ein eller hin adelsmannen. Den eldste uppgåva me har over dette jordgodset er frå 1567. Apostelgodset var då på 65 laup 5 mark 15 såld korn 1 geitskinn og 1 hud i 43 gardar i Voss herad. Etter Skattemanntalet for 1626-27 var det 68 laup 1 pund 22 mark i 49 gardar, i 1640 68 laup 2 pund 21 mark i 50 gardar og i matrikkelen 1661 28 laup 2 pund 4 mark i 21 gardar. Til ikring midten av 1600-talet er dette godset skrive for «stigtens gods» (stiftets gods). Seinare heiter det vanleg Apostelgodset. Folkvard Broderson har ved makeskifte med kongen i 1649 fått jordgods i 47 gardar av Apostelgodset. Hannibal Sehested fekk ved makebyte med kongen i 1649 skøyte på leidangen av Apostelgodset i 66 gardar på Voss. Finnegodset. Dette godset er umtala i Vossaboki band I under garden Finne. Her skal eg berre minna um at Knut Alvsons dotterdotter Gyrvhild Fadersdotter Sparre i 1582 ved byte med kongen let til han den nordanfjellske parten av Giskegodset og dermed òg Finnegodset. Kongen skøytte det 1648 til riksstyrar Hannibal Sehested. Men han laut gå ifrå i 1651 og lata jordgodset attende til kongen som selde det 1657 til Gabriel Marselis. Sonen Gabriel har seinare selt det til Anders Nilsson, skrivar ved Øresund tollbu. Då kongen selde Finnegodset til Marselis, vart teke atterhald um, at kongen hadde rett til å løy sa inn att jordgodset for same pris. Kongen kom ikkje til å løysa jordgodset, men på tinget på Voss i 1740 vart bøndene uppmoda til å koma med bod på løysningsretten til odelen på gardane som dei hadde kjøpt. Det førde nok ikkje fram. So vart det halde auksjonar i 1757 over løysningsretten. I åri 1758-1760 utferda kongen skøyte på denne retten til dei einskilde kjøparar. På dei gardane som berre for ein part var Finnegods, er --- side 15 --- ført til kor mykje i garden som høyrde til dette etter dei ymse skøyte umtala ovanfor. Likeins er teke med um salet av løysningsretten og eit skattemanntal over Finnegodset i 1657. Skyldi på Finnegodset sin part i garden er ikkje alltid lik i dei ymse uppgåvone. Det nemnde skattemanntal var teke upp av di det skulde betalast «maanedskat»og «skat til dragonhest». Månadsskatten var ei riksort for månaden eller 3 riksdalar for året for kvar full gard (minst 4 laup). Skatten til dragonhest var 1 riksdalar for året 1657. Etter Skattemanntalet var det då 166 laup 2 pund 3 mark i 67 gardpartar som høyrde til Finnegodset på Voss. St. Mikaels kloster på Nordnes i Bergen var frå fyrst av Benediktinerkloster, skipa fyre 1110 av kong Øystein Magnusson. Det er seinare oftast kalla Munkeliv kloster. Etter klostret sine jordbøker åtte det 1427 i 8 gardar på Voss, i 1463 8 laup 18 mark i 11 gardar, i 1480-90 118 mmb. i 19 gardar og i 1646 8 laup 2 pund 6 mark i 8 gardar. I 1661 åtte Munkeliv 60 laup 1 pund 15 mark i 56 gardar på Voss. 24. april 1662 selde kongen godset til kommersialråd Lillienskjold og president Hermann Garmann, som skifte det millom seg. Klas Miltzow har 5. november 1662 fått kjøpekontrakt frå Garmann på hans part og 4. oktober 1677 skøyte frå Garmanns ervingar på 29 laup 13 mark 2. bukkskinn i 21 gardar. Allehelgens kyrkja åtte etter hennar j ordbok i 1645-1647 22 laup 1 pund i 14 gardar på Voss. I 1661 var det 3½ laup i 5 gardar. Etter 1601 kom jordgodset åt denne kyrkja saman med godset åt Ulstein kloster. Hannibal Sehested har ved makebyte med kongen i 1649 fått 19 laup 15 mark i 9 gardar på Voss av Allehelgensgodset. Kongen selde Allehelgensgodset ikring 1665. Klas H. Miltzow, son åt Henrik Miltzow, sokneprest på Voss 1623-1666, har ikring 15 år havt meir jordgods på Voss enn nokon annan nokorsinne har havt. Klas var fødd ikring 1632, budde på Mosafinn og døydde 1692. I 1660-åri og 1670-åri kjøpte han til ymse tider so han 1676 åtte 64 laup 1 pund 1 mark i 65 gardar og i 1680 228 laup 1 pund 16 mark i 126 gardar. I 1670- og 1680-åri førde riksstyret ei vidsveimd sak mot Klas Miltzow for ulovleg skoghogster i Raundalens Ålmenning. Det enda med at han ikring 1687 vart dømd til å betala 3537½ riksdalar. Han laut då ut med 120 laup jordgods. --- side 16 --- Boti vart ved kgl. resol. 1689 sett ned til 2000 rd. Etter at kreditorane hadde fått sitt ved skiftet 1692 etter Klas, var det att 3900 riksdalar. Enkja fekk halvparten av dette, deri medrekna 23 laup 1 pund 12 mark jordgods. Det andre jordgodset etter Klas gjekk då til ymse eigarar, men mykje av det til skyldingar og etterkomarar. Gjert H. Miltzow, bror hans Klas, fødd 1629, var sokneprest på Voss etter far sin til 1688, då han døydde. Han åtte i 1680 9 laup 1 pund 9 mark i 9 gardar på Voss. Han hadde fleire born og millom dei Henrik og Kristense. Henrik f. ikring 1685 vart rikt gift, budde på Lillegraven i Granvin og døydde 1755. Han åtte mykje jordgods på Voss. Sumt av det hadde Klas Miltzow ått fyrr. Kristense G. Miltzow f. 1676 var fyrst gift med kaptein Rasmus Stoud og andre gongen ikring 1720 med løytnant Jens Nordahl og budde på Lekve. Dei åtte og i mange gardar på Voss. Nordahl døydde 1751 og Kristense 1752. Joachim og Tønder Nordahl, brorsøner åt Jens Nordahl, fekk det meste av jordgodset etter han. Hannibal Sehested, dansk adelsmann, gift 1642 med Kristina, uekte dotter åt kong Kristian 4de, vart utnemnd 1642 til styresmann over Akershus len og vart riksstyrar i Noreg. Som umtala under Finnegodset, Apostelgodset og Allehelgens gods åtte han då mykje jordgods på Voss. Då Sehested 1651 vart nøydd til å gå ifrå, avstod han alt sitt jordgods i Noreg til kruna. Gabriel Marselis var ein nederlandsk pengemann som hadde store forretningar på Noreg. Etterkomarane tok bustad i Danmark, der dei lever som baronar Gyldenkrone. Marselis eigde Finnegodset ei tid. Hermann Garmann er til ymse tider skriven for president, tollforvaltar i Bergen og tollforvaltar nordanfjells. Som tollstyrar vart han løna med prosentar og hadde lov til å driva handel. Garmann var g. 1634 m. Margreta, dotter åt Anders Buck, som var sokneprest på Voss fyre Henrik Miltzow og bleiv 1668 ved Lister. Garmann er ogso umtala under Munkelivgodset. Vincents Lunge har etter jordboki si i 1535 ått 3 laup 2 pund 12 mark 8 huder og 3 bukkskinn i 9 gardar på Voss. Folkvard Broderson var fut i Nordhordland og budde på Gravdal ved Bergen. Namnet hans er skrive på fleire måtar og stundom er ført til Riisbrigh. Det er nok han det er meint --- side 17 --- når det sume stader står Falquor eller Volchard. Ved byte med kongen i 1648 fekk Broderson Gravdal gard og mylne til eigedom og let i staden til kongen jordgods i 14 gardar på Voss. Broderson fekk 1649 Apostelgodset sin eigedom i 47 gardar på Voss ved makebyte med kongen, som i staden fekk jordgods utanfor Voss. Kirsten Jakobsdr. var gift fyrst med futen Laurits Andersson og andre gongen med ekm. sokneprest Henrik Miltzow og døydde på Mosafinn 1682. Ho åtte i 1680 7 laup 1 pund 18 mark i 10 gardar på Voss. Peder Hansson, sokneprest i Eidfjord, åtte i 1680 17 laup 1 pund 12 mark i 10 gardar på Voss. Same året var Per Anderssons ervingar eigarar av 17 laup 16 mark i Voss. Peder Andersson var fut i Nordhordland og Voss i 1670-åri. Bergens bispestol åtte mykje jordgods på Voss fyre reformasjonen, uppteikna i ein rekneskap for 1567. Kruna eller kongen åtte derimot ikkje noko jordgods her. Ved maktbod tok kongen rådvelde over bispegodset, klostergods og liknande gods. Skattar og utskrivingar.Kongen hadde i 1521 krig med Sverike og trong mykje pengar. Han kom då med pålegg um det dei kalla tiendepengeskatt. Alle som åtte noko, skulde betala ein tiendepart av all sin midel både laust og fast. Dette svære skattepålegget vekte sjølvsagt ålmenn uvilje og sume stader stor motstand. Vossane har og gjort motmæle mot skatten og ikkje betalt i rett tid. Det førde til at 168 bønder på Voss umframt skatten ogso laut betala breffbrot, det vil segja bot for brot på kongebodet. For alle dei som i 1597 betalte tridje års bygsel, er å merka at dei ogso betalte ein halv dalar i «landbouedtzell». Dette er ikkje tilført i Vossaboki på dei einskilde gardar. Landbouedtzell tyder vel veitsle som leiglendingen skulde yta jordeigaren. Det var ein av måtane som vart brukt til å få større avgift for den burtbygsla jordi utan å leggja på landskyldi. Denne avgifti var lenger tid i bruk. Manntalsregistret for 1612-14 gjev melding um at kvar tridje mann var utskriven for å reisa til Svinesund med våpni sine, byrse og sverd, eller hellebard (øks) og sverd. Dei skulde vera med i krigen millom Danmark og Sverike. I den norske --- side 18 --- feltleiren gjekk det bodstikke med uppmoding til upprør, og største parten av leidangsfolki frå Bergenhus drog heim att og kom ikkje med i noko slag. For 1645 vart påbode å betala hovud- eller koppskatt. Kvar bonde, kona hans, borni og tenarane over 15 år gamle skulde betala 8 skilling og husmann med kone og born over 15 år måtte ut med 6 skilling kvar. I Voss herad var det 888 som laut betala slik skatt. Ved krøterskattemanntal i 1657 vart skrive upp fødnaden på gardane og pålagt skatt for krøteri. Manntalet for 1664 for Voss er skrive av sokneprest Henrik Miltzow. Sokneprestane var pålagde å ta uppgåve over bøndene, deira søner over 12 år, drenger og husmenn i prestegjeldet. Sekstanhundradtalet må stort set ha vore ei sers låk tid for bøndene. Uår og krig var det ofte, og tunge skattar vart utskrivne under ymse namn og til ymse fyremål. I slutten av det sekstande og serleg i det syttande hundradtalet tok styremaktene ymse rådgjerder for å hjelpa leiglendingane til å verta sjølveigarar. Mykje av leiglendingsjordi vart då kjøpt av brukarane mest i siste halvparten av syttanhundrad-talet. I seinare band av Vossaboki vil koma utgreiding um dette og um skatteskipnaden på Voss. |