Jarnbanen på Voss.
--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 91 ---
Vossabanen og seinare Bergensbanen er det som meir enn noko anna har skapt Vossavangen. Difor kann det høva å melda litt um korleis desse banane kom til. Bladet Vikingen hadde 22. april 1871 eit stykke um byggjing av jarnbanar i Noreg og umtala der millom anna at dei bergenske distrikt og måtte få sine jarnbanar. Morgenbladet hadde straks etter eit stykke um dampvogner på landevegar som forfattaren trudde høvde betre for Bergensstroki enn jarnbane.
So kom det i Bergensposten for 24. august 1871 eit lenger stykke. Forfattaren, som var namnlaus, skriv at no endeleg hadde folk fått syn for at ogso i vårt land svara jarnbanane gode rentor, um ikkje beinveges so umveges. No måtte det stå for tur å byggja ein Bergensbane, og han gjev grunnar for byggjing av ein slik bane. Han segjer at banen frå Bergen burde gå frå Litle Lungegardsvatnet austover i same hovudretning som vegen til Vossavangen. Derfrå gjenom Sverreskaret og Raundalen til Hallingdal og vidare til sørenden av Krøderen, der banen vilde koma saman med banen til Drammen og Oslo. Det vilde vera bra, skriv han, å få sideline til Sognefjorden, t. d. gjenom Flåmsdalen til Aurlandsvangen. Forfattaren utmålar so kor viktig banen vil verta, fyrst og fremst for Bergen og Bergensstroki, og dinæst for heile landet. Banen vilde verta ein vestlandsk stambane og vilde få gjenomgangstrafikk millom
--- side 92 ---
England på den eine sida, og Sverike og Russland på den andre. Bergen kunde verta Norges Liverpool, segjer han.
Kven forfattaren var, visste ein ikkje fyrr seinare, då det kom ut at forstmeister A. T. Gløersen var mannen. Han budde då på Grovendal på Vossavangen, og var sett til å ordna med det offentlege skogstell på Vestlandet. Gløersen er sidan umtala som Bergensbanens far.
På Voss vart dei uppglødde for banesaki. I bladet Vossingen var det 5. september eit lite stykke på 21 linor av utgjevaren N. T. Bakketun um kva Voss burde ha. Der segjer han m. a., at det fyrste måtte vera jarnbaneveg frå Bolstadøyri til Aurlandsvangen med stasjonar på Bolstadøyri, Vassenden, Evanger, Eide, Rekve, Vossavangen, Tjukkebygdi, Klyve, Urdland, Skiple, Kleivane, Gravahalsen og Aurlandsvangen, seinare over fjellet til Austlandet og mot vest til Bergen.
28. oktober 1871 skreiv lærar Ola Kindem i Vossingen eit varmt innlegg for jarnbanen Bergen til Oslo. Fyrst fortel han etter Bergensposten at 20. oktober reiste ingeniørane Blix og Brun til Hol i Hallingdal for å røkja etter fyrebils um den påtenkte jarnbanen millom Bergen og Oslo. Det var eit privat tiltak som synte den interessa tanken hadde møtt i Bergen um jarnbanen Bergen-Oslo.
Kindem skriv deretter: «Bravo! Bravo! Bravo! Bergensere! I er netop dem, som kunne og forhaabentlig ville bringe ideen til virkelighed. I kunne vist for tiden ikke tage fat i en mere skjæbnesvanger stordaad end denne til uberegneligt gavn saavel for eder selv som for folket i de distrikter banen vil komme til at gaa igjennem, ja for hele landet. Griber derfor alle fat i Asathors vældige hammer og slaa her et dundrende slag saa at de gamle jætter ikke længere sætter næsen saa høit iveiret, men at de kunne blive lidt føieligere i sindet. I kunne være visse paa at ret mange her ville gribe i skaftet med eder. Vi vil i denne anledning først henvende os til vore bygdefolk. - Vosser. I har ord for, at I ikke er saa bange for et ryggetag. Vi haaber at ryggen og næven din er lige traust endnu, og at du ikke bliver magtstjaalen, om du noget uventet stevnes til kamp mod de gamle nisser og dverge som bygge i vore bjerge og som med sin troldskab altfor længe har lammet vor fod saa at vor fart har været sneglens gang og blindet vore øine saa
--- side 93 ---
at vi har holdt det for ren overtro at Odin med sin Sleipner (dampvognen) kan lægge sin vei gjennem dalen her. Vi opfordrer eder nu til i forening med de kjække Bergensere at spænde belte med disse nisser og dværge for at give dem ret dybe dolkestik. Lad ikke deres jetteskikkelse langs fjordene og dalførene skræmme eder. Husker paa, I har kraftige næver til at minere dem ud, og Bergenserne vil nok skaffe dem godt staal og krut, og I vil om ikke mange aar se al den troldskaben overvunden og ganske ugeneret vil I en vakker dag passere forbi jætterne Hyvingen og Troldkoneberget for at mødes med din kampfælle, den tapre Bergenser, og give ham dit varme haandtryk for at han greb initiativet og var førstemanden som spændte benene undav disse gamle jætter. Glem nu derhos heller ikke at ta i betragtning hvilket uhyre opsving alt vilde faa her hjemme om vi fik denne jernbane. Vi kunde da reise til byen og hjemigjen den samme dag, faa ind vor melk og kjød og andre produkter i aldeles fersk tilstand, og faa dem omsatte meget fordelagtigt.» Kindem utvikla so vidare kva verd jarnbanen vil få for vedkomande distrikt og for landet elles.
Det var ikkje ventande at folk straks skulde forstå kor framsynt Gløersen var. På Austlandet hadde dei mykje moro med stykket i Bergensposten og mange her vest lo åt det og. Men i Bergen slo det godt an. Bergens magistrat og formannskap tok saki upp og etter deira framlegg vedtok bystyret i Bergen 30. november 1871 å søkja statsmaktene um løyving til etterrøkjing for jarnbane frå Bergen til Austlandet. Voss heradsstyre vedtok 13. desember same året å senda søknad i samband med søknaden frå Bergen um etterrøkjing av jarnbane Bergen-Oslo over Voss og Hallingdal.
Stortinget løyvde pengar til etterrøkjingar, og dei tok til i 1872. Bergensarane tykte det gjekk for seint. Formannskapet i Bergen valde difor ei jarnbanenemnd på 19 mann til å ta seg av saki. Nemndi fekk eit vanskeleg yrke, men det var karar som var vakne og dreiv på med umtanke og kraft. Mang ei gong såg det myrkt ut då mektige krefter arbeidde imot. 15. januar 1873 kom melding frå jarnbanedirektøren um etterrøkjing av lina. Etter framlegg av jarnbanenemndi løyvde Bergens bystyre 3 200 000 kronor til ein bane over høgfjellet på vilkår at stortinget seinast i 1876 vedtok å byggja banen.
--- side 94 ---
Vossabanen.
Stortingsmennene frå Bergen og dei bergenske fylki brigda no planen for sitt arbeid til å søkja um ein bane Bergen-Vossavangen på vilkår at det vart teikna ikring tridjeparten av byggekostnaden. Styremaktene i Bergen var samde i dette og lovde å yta 1 080 000 kronor - av dei til Bergensbanen fyrr løyvde 3,2 millionar - til ein Vossabane mot luter i banen og på vilkår at Stortinget i 1875 vedtok å byggja denne banen. Nye etterrøkjingar vart sette i gang med kaptein L. M. Hille som leidar. Kostnadsoverslaget for Vossabanen lydde då på ikring 9 millionar kronor.
Innbjoding gjekk ut til teikning av luter i banen. Hordaland fylke teikna 200 000 kronor. Voss heradsstyre vedtok mot 2 røyster i møte 24. juli 1875 å løyva 200 000 kronor til Vossabanen som luter. Dei fyrste 5 åri skulde betalast 16 000 kronor årleg og sidan 8000 kronor årleg i 15 år. Jaabækspartiet på Voss agiterte mykje imot denne løyvingi og fekk ved fyrste heradsstyreval kasta fleire av dei menn som hadde røysta for løyvingi. Fleire herad og mange privatmenn serleg i Bergen teikna seg for luter i banen so tridjeparten av kostnadsoverslaget var sikra.
I oktober 1874 søkte Bergens formannskap um at regjeringi måtte koma med framlegg til Stortinget 1875 um å byggja Vossabanen. 24. mars 1875 sende kaptein Hille utfallet av detaljgranskingi til jarnbanedirektøren med kostnadoverslag på 9,6 millionar kronor. Direktøren sende framlegg til Indredepartementet bygt på Hilles etterrøkjingar, men departementet vilde ikkje gjera framlegg til Stortinget.
Fleire jarnbanar var i emning då. Ein landsplan for jarnbanebyggjingi var under arbeid og fleirtalet i Stortinget si jarnbanenemnd var imot løyving til nye banar fyrr denne planen var betre granska. Eit mindretal i nemndi med stortingsmann Joh. Schwartz frå Drammen som ordførar vilde at ein skulde byrja på ein bane frå Drammen gjenom Vestfold til Skien, kalla Jarlsbergbanen. Bergens representant i nemndi, konsul P. Jebsen, kom fram med Vossabanen. Representanten for Romsdalen kom med Raumabanen. Det vart reist tvil um overslaget for Vossabanen vilde halda. Jebsen telegraferte etter ingeniør Brun, som straks kom til Oslo. Han baud seg til å
--- side 95 ---
sprengja alle tunnelane for 1,5 millionar kronor, nemleg 600 000 kronor under overslaget. Jebsen og Schwartz vart då samde um å arbeida saman for Vossabanen og Jarlsbergbanen. Jebsen og stortingsmennene frå Bergen og dei bergenske fylki agiterte so planmessigt og iherdigt for Vossabanen at då saki 9. juni 1875 kom fyre i Stortinget, vart det mot 42 røyster vedteke å byggja Vossabanen. Under ordskiftet der sa Jebsen m. a., at dersom Stortinget ikkje vilde løyva pengane, vilde han for eigi rekning byggja banen til Dale. Vilkåret for stortingsvedtaket var at det av kommunar og private vart teikna luter i banen for 2,8 millionar kronor. 400 000 kronor vart løyvt til byrjing av arbeidet. Iltelegram gjekk til Bergen um stortingsvedtaket, og det vart fest utan like. Også på Voss vart det stor glede.
Til i oktober 1875 var teikna luter for ialt 2 783 290 kronor. Dei 16 000 som då vanta, løyvde Bergens kommune. Kaptein L. M. Hille vart leidar av byggjingi. Ingeniør Brun tok tunnelane på akkord i medhald tilbodet til Jebsen i Oslo. Jarnbanen sine folk bygde lina Bergen-Garnes. Byggmeistrane Guttormsen og Sørensen tok kontrakt på lina Garnes-Evanger og ingeniør Fasting på lina Evanger-Vangen. Motstanden mot Vossabanen gav seg heller ikkje etter at byggjingi var vedteki, men heldt fram i lenger tid under arbeidet på banen både av større Oslo-blad og andre motstandarar av Vossabanen. Dei kravde at arbeidet skulde stogga.
Det tok lenger tid enn pårekna å få Vossabanen ferdig, og mange, serleg bergensarane, vart utålmodige. 11. juli 1883 vart banen opna for trafikk. Stor stas var det ikkje med den «høgtidelege opningi». Um morgonen gjekk det fyrste ordinære toget frå Bergen med generaldirektøren, tri andre av jarnbanestyret, driftsstyraren for Vossabanen kaptein L. M. Hille og ingeniørane ved anlegget. . Dessutan bladstyraren for «Bergens Aftenblad» og nokre innbodne bystyremedlemer, som laut betala på toget for billetten sin. Dei fekk til og med mulkt, er det fortalt, fordi dei ikkje hadde løyst billett på stasjonen. Søndre Bergenhus Amtstidende fortel, at i Bergen og på Voss skilde dagen seg ut frå andre dagar berre med at nokre fleire flagg var heist. Stortingsmann Johan Lund trefte til å vera på Vangen då. Han fekk i ein fart skipa til ein fest på Fleischers Hotell og heldt festtalen, som han retta til P. Jebsen og umtala hans framifrå arbeid for Vossabanen. Jebsen takka og sa at den
--- side 96 ---
vidare utvikling av banen var i gode hender hjå dei tingmennene som då var for Bergen. Med ettermiddagstoget for herrane til Bergen att. Riksretten dreiv på då, og det var vel årsaki til at ingen opningsfest vart halden.
På Voss vart stasjonar på Bulken og på Vangen. L. M. Hille var fyrste driftsstyraren på Vossabanen. Då han døydde, kom ingeniør J. Fasting. 16. januar 1902 vedtok heradsstyret tilbod frå Finansdepartementet um å selja lutene i Vossabanen til staten for 8 prosent av pålydande, altso for 16 000 kronor.
Vossabanan kosta frå fyrst av | kr. | 10 064 200,00 |
Umbyggjing till breidt spor (1904) | « | 2 918 562,63 |
Delvis umbyggjing av Vossabanen | « | 10 611 685,70 |
Vossabanen kostar soleis ialt | kr. | 23 594 448,33 |
Bergensbanen.
Sosnart Vossabanen var ferdig, galdt det um å få jarnbanen lengd til Austlandet. Fleire linor var under dryfting. Det vart gjort snømælingar um vintrane på ymse av dei linor som det serleg var tale um. Regjeringi kom tri år i rad, 1891, 1892 og 1893, med framlegg til Stortinget um å byggja denne banen, og 1. mars 1893 vedtok Stortinget å byggja lina Voss-Taugevatn. Heradsstyret løyvde 11. juni 1894 20 000 kroner til Voss-Taugevassbanen.
Seinare vedtok Stortinget å byggja banen til Roa, og i 1898 at banen Voss-Roa skulde vera breidspora. Då vart det ogso vedteke å byggja um Vossabanen frå smalt til breidt spor, og det vart gjort ferdigt til i august 1904.
Bergensbanen vart lagd etter den lina som driftsstyrar L. M. Hille hadde stukke ut. Byggjingi tok umlag 15 år. Th. Lekven var den fyrste overingeniøren for den vestanfjellske luten. Då han døydde 1897, kom Harald Skavlan i staden. Han døydde 1908, og D. Esmark var so overingeniør til banen vart ferdig i 1909. Overingeniør for banen austanfjells var R. Støren. Lina Voss-Myrdal vart opna for drift sumaren 1906 og frå 16. juni 1907. Frå 10. juni 1908 var drifti opna til Gulsvik. Med dampbåt kom ein so til Krøderen Stasjon og vidare med jarnbanen um Drammen til Oslo.
I 1909 vart Bergensbanen ferdig til Roa og kom dermed i beinveges samband med Oslo. Onsdag 24. november 1909
--- side 97 ---
gjekk det fyrste passasjertog frå Bergen heilt fram til Oslo. Det førde dei som her vest var innbodne til opningshøgtidingi. Fredagen vart det halde stor fest i Oslo. Laurdags morgon 27. november 1909 gjekk opningstoget frå Oslo med kongen og over 200 innbodne. Det var eit gildt festtog. Alle flagg langs banen var heist, og det var stort frammøte på stasjonane. Toget fekk velkomsttalar overalt. Då det kom til Voss Stasjon,

heldt arbeidsministeren tale med melding um arbeidet med Bergensbanen. Deretter tala kongen og melde, at no vart Bergensbanen opna for trafikk. Festleg tilstelling vart halde på hotelli her. Toget for so til Bergen, der det vart festa både sundag og måndag på retteleg bergensk maner.
Forutan Voss Stasjon vart på Voss skipa stasjonane Ygre, Urdland, Reimegrend og Mjølfjell. D. Esmark er distriktschef for Bergensbanen sidan 1909.
Bergensbanen er 30. juni 1932 rekna å ha kosta kr. 89 683 746,14. I denne summen er då ogso teke med det som Vossabanen kosta.
Eidesbanen.
I møte i Voss heradsstyre 30. september 1920 var fyre skriv frå fylkesmannen med uppmoding um å yta til Voss-Eidebanen 17,064 prosent av den parten av fylkestilskotet som
--- side 98 ---
skulde reidast ut av dei interessera herad. Heradsstyret vedtok dette. Stortinget hadde i 1919 gjort vedtak um å byggja banen, og 5. november 1923 vart planen for byggjingi avgjord. Overslaget lydde på 9 808 200 kronor med elektrisk utstyr og rullande materiell. Av dette kom på Voss herad å betala dei fyrste 10 åri, rekna frå 5/11 1923, kr. 6 770,40 årleg, og dei næste 10 åri kr. 3 278,24. Tilsaman vert det kr. 100 486,40. Dertil er kome tillegg ikring 36 500 kronor serleg av di jordavståingi vart dyrare enn pårekna. Ialt kjem soleis på Voss herad ikring 137 000 kronor.
Byggjingi tok til i 1922, og ein reknar med å få banen ferdig til drift i 1934. Jarnbanelina går ut frå Voss Stasjon på sørsida åt Bergensbanen og nedanfor Skarvet på stor bru over Vosso, deretter over Utstellingsplassen, nedre parten av Bryn og vidare. Lina har undergang for Strandavegen, for gata på vestsida av det Private Sjukehuset og for gata frå Skarvet til Vossabrui. Eidesbanen og Bergensbanen har sams undergang både for Lekvesvegen og for Ringheimsvegen. Jarnbaneskinnone veg 30 kilo for kvar meter. Lengdi av lina er 27,7 kilometer. Togi skal drivast elektrisk. Forutan Voss Stasjon får Eidesbanen stasjonar ved Palmafossen, Mønshaugen og Flatlandsmoen. Overingeniør P. Lahlum har vore leidar for byggjingi. Han er f. 1871 og g. m. Betty Herlofsen.
For skuld Eidesbanen, og avdi drifti har auka på Bergensbanen, var det turvande å utvida tufti åt Voss Stasjon både på øvre sida vestanfor Lekvesvegen, og noko på nedsida nedanfor stasjonshuset. Evangervegen måtte då i 1933 flyttast noko nærmare Vangsvatnet, og det er vedteke å flytta pakkhuset til nordsida av stasjonen.
Voss Stasjon.
Jarnbanelina kjem frå vest ovanfor Lindehaugen og Basteryggen på Finne og Ullestad sine eigedomar, til Voss Stasjon Til stasjonstuft vart i 1878 oreigna nedre parten av Kapellansgarden si jord, uthusi på han og noko av Ullestad. Likeins noko av Prestegarden si jord millom Kapellansgarden og fengslet. Stasjonsbygning og pakkhus vart bygt av tre. Likeins lokomotivstall på vestsida av gamle Lekvesvegen. Då det var vedteke å byggja banen vidare austover, vart oreigna bustadhuset med
--- side 99 ---
hage på Kapellansgarden og vidare av Prestegarden sin eigedom heilt til Rognsbakkavegen. Ny lokomotivstall vart bygd av stein i 1905 på vestsida av denne vegen. Han er seinare mykje utvida. Stasjonsbygningen vart flytt til Dale Stasjon, og ny stasjonsbygning av mur vart sett upp her i 1907. Nytt pakkhus av tre vart bygt i 1913. Frå stasjonen går jarnbanelina mot aust over eigedomane åt Prestegarden, Lekve, Rogne og Ringheim, der ho på den store kvelvingsbrui nedanfor Lundarosen går over Strandaelvi til Tvilde og vidare. Stasjonen ligg 56,5 meter over havet.
Som stasjonsmeistrar ved Voss Stasjon har vore tilsette: Hans Hille frå 1. juli 1883 til 1897, Johan H. Svarstad 1897-1919, Anton I. Kjølgaard 1919-1921, Michael Fasting 1921-1922 og Trygve O. Sandberg sidan 1922. H. Hille var f. 1837, g. m. Rannveig Natvik og døydde 1897. Dei hadde 6 born: Kristina, Rannveig, Matilda, Dagny, Ola og Haldis. Kristina f. 1867 er g. m. Ivar Offerdal, gardmann og ei tid ordførar i Årdal i Sogn. Rannveig f. 1869 var g. m. telegrafstyrar Johan Kjennerud. Matilda, f. 1871, var lærarinne og er død ugift. Dagny, f. 1874, har vore telegrafassistent. Ola, f. 1876, g. m. Laura Schjøtt frå Bergen, er kaptein på Fylkesbåtane i Sogn. Haldis, f. 1886, er telegrafinspektør. J. Svarstad, f. 1851, var g. m. Maria Tønnesen. A. Kjølgaard, f. 1866, var g. m. Arnlaug. M. Fasting, f. 1879, er g. m. Louise Larsen. T. Sandberg, f. 1880, er g. m. Marta Sanne.
Trafikken med jarnbanen til og frå Voss Stasjon har i etternemnde driftsår vore:
Driftår | Ferdafolk | Tonn ilgods, fraktgods og mjølk | ||
till Voss | frå Voss | till Voss | frå Voss | |
1884/85 | 9 907 | 10 212 | 1 613 | 729 |
1895/96 | 14 062 | 12 736 | 3 136 | 4 506 |
1909/10 | 26 171 | 26 219 | 4 791 | 6 102 |
1931/32 | 34 686 | 33 350 | 18 649 | 7 527 |