Reinhaldet på Vangen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 56 ---

På Vangen var det nok vanleg i eldre tid likeins som på gardane då, at kvar hadde si bosdyngje utanfor stoveveggen, helst ikkje for langt frå døri, der ein tømde skolvatn og ymist avfall frå huset. I 1860-åri tok dei til med rådgjerder for helsestellet. Noko av det fyrste det gjekk ut over var bosdyngjone. Dei laut burt.

Gjenom Vangen gjekk det då 2 grøver. Den eine kom frå Mølster og Lekve, gjekk vestanfor tuft 89 (apoteket), svinga mot aust og gjekk millom tuftene 60 og 61, fylgde so austsida av tuft 61 og gjekk vestanfor tuft 73 (Prestegårds Hotell) til Vangsvatnet. Den andre groi kom frå Eggjane og Lekve og gjekk austanfor tuft 99, der ho sidan 1850-åri har vore kalla Kronstadgroæ, til Vangsvatnet over prestegardsbøen. Desse grøvene var avlaup for skolvatn og ymist avfall frå dei som budde i nærleiken. Ei tridje gro kom frå Mølster og Ullestad og gjekk vestanfor husi på gamle Kapellansgarden til Vangsvatnet.

Då Vossabanen vart bygd, la jarnbanen kloakkleidning med to 12 toms røyr frå Lekvesvegen og ut millom tuftene 80 og 84 til Vangsvatnet. Denne kloakken tok upp i seg groi frå Mølster og Lekve. Jarnbanen la og kloakkleidning frå øvre kanten av stasjonstufti austanfor pakkhuset til Vangsvatnet for groi som kom frå Mølster og Ullestad.

Dei som bygde austanfor kyrkja på Prestegarden sin eigedom og i Lekvesmoen, laut laga søkkjekummar ved husi sine for spillvatnet. Dette kunde ikkje gå i lengdi, og soleis kom spursmålet um kloakkleidning for Vangen upp. Bygningsstyret valde i 1888 ei nemnd til å arbeida ut plan for kloakkleidning for «Flat-Vangen». Nemndi kom året etter med framlegg; men då bygningsstyret ikkje hadde rett til å likna ut slike utlogor på huseigarane, og heradsstyret ikkje vilde løyva noko, var einaste måten å prøva med friviljug semje millom hus-

--- side 57 ---

eigarane. Mange var viljuge, men mest like mange vilde ikkje gå med på det. Difor kom ikkje planen til gjenomføring med undantak av at det vart lagd ein 12 toms kloakkleidning frå L. Kindems eigedom ved kyrkja (på tuft 16-25) til Vangsvatnet. 8 huseigarar var med og kosta han. Nokre huseigarar i vestre luten av Gamle Vangen har seinare lagt eigi kloakkleidning til Vangsvatnet. Huseigarane i Lekvesmoen la i 1919 ei 45-cm. kloakkleidning etter hovudgata frå Hestavangen til elvi ved Vossabrui. Bygningsstyret vedtok i 1929 å betala rentone for lånet til denne kloakkleidningi. Lånet var på kr. 18 000,00.

I 1920 vart ingeniør Ralth Wilson i Bergen beden um å arbeida ut kloakkplanar for Vangen. Same år vart det sendt søknad til formannskapet um løyving til utarbeiding av slike planar. 19. mai 1921 vedtok heradsstyret at planane skulde utførast etter Wilson si tilråding, for heile bygningskommunen med undantak av Haugamoen og Finnesgrendi. Då Wilson var ferdig med planane, vedtok bygningsstyret dei den 26. januar 1923 og sende deretter søknad til heradsstyret um løyving av kr. 194 000,00. Heradsstyret vedtok 24. mars same år å garantera for lån av upp til kr. 80 000,00. Bygningsstyret heldt so huseigarmøte 30. april 1923 og gjorde framlegg um byggjing av 1ste luten av kloakkleidningi og til det låna kr. 80 000,00. Med 28 mot 16 røyster vedtok huseigarane framlegget. Saki kom attende frå fylket 18. mai s. a. med pålegg um å ha henne fyre att av di framlegget ikkje fekk 2/3 fleirtal. Bygningsstyret vedtok so den 28. januar 1924 å søkja heradsstyret um løyving av det turvande til rente og avdrag for lån av kr. 80 000 til kloakken. I heradsstyremøte 16. februar 1924 vart søknaden imøtekomen, men på vilkår at um Vangen skulde verta skild frå heradet, skal alle betalte avdrag og rentor betalast attende. Desse vilkår fann bygningsstyret i møte 7. mars s. å. ikkje å kunna gå med på. 24. mars 1926 sende bygningsstyret ny søknad til heradsstyret um å løyva kr. 45 000,00 årleg i 4 år til kloakkanlegg. Heradsstyret vedtok 22. mai 1926 å løyva kr. 20 000,00 årleg i 3 år til kloakk for Vangen.

I 1927 vart arbeidet sett igang med kloakken. Frå Vangsvatnet nordanfor Prestegardsmoen vart lagd kloakkrøyr med 1 m. tverrmål til Vossagata ved austkanten av den opne plassen aust for kyrkja. Kloakken går so etter Vossagata med 80 cm.

--- side 58 ---

røyr til Torggata og vidare med 63 cm. røyr etter Vossagata og Strandavegen til Skarvet. Derfrå skal ein seinare halda fram etter Strandavegen med 48 cm. røyr.

Frå fyrr nemnde austre kant av den opne plassen austanfor kyrkja går kloakken vestover med 80 cm. røyr etter Vossagata til Ringheimsvegen tek av, vidare etter Vossagata med 63 cm. røyr til Lekvesvegen tek av, og so etter han med 48 cm. røyr forbi jarnbaneundergangen. Frå Vossagata går ei grein etter Ringheimsvegen til lokomotivstallane og tek der upp i seg Kronstadgroæ som fyrr var opi heilt til Vangsvatnet. I åri 1921-1926 er lagt desse kloakkleidningane i Rognsbakkane: Frå jarnbaneundergangen for Ringheimsvegen er lagt 31 cm. røyr etter den gamle Rognsbakkavegen til upp imot Ringheimsvegen, der kloakken svingar mot aust og går etter dalsøkken til den gamle Lundhaugsvegen. Frå Storamyræ på Lekve er lagt kloakk av 31 cm. røyr nedover til groi ved Lydvos gartneri. Dessutan er lagt kloakk frå Johannes Seim sin eigedom på Strengjaren etter Strengjarvegen til Ringheimsvegen.

Heradsstyret løyvde i 1928 kr. 15 000,00 til upparbeiding av Aad Gjellesgata og til kloakk, eit stykke 55 cm., eit stykke 40 cm. røyr. I 1930 løyvde heradsstyret kr. 6 000,00 til kloakk for vestre Vangen, noko 48 cm. og noko 40 cm. røyr. Huseigarane i denne luten av Vangen ytte 4000 kronor til det. Etter Uttrågata og Lekvesmogata er dessutan lagd 165 meter kloakkleidning med 48 cm. og til slutt 40 cm. røyr.

Kloakkleidningane på Vangen kostar noko over 100 000 kronor og er ikring 2000 meter lange. Hertil kjem 350 meter kloakkleidning etter Vossagata frå Hestavangen til Vossabrui. Kloakken skal vera stor nok for lange tider.

Planane for kloakken var sers vanskelege av di det kann skilja upp til 6 meter på vasshøgdi i Vangsvatnet. Av umsyn til gateprofilet på det lægste i Vossagata, laut hovudkloakken leggjast 6 meter djupt på den staden der han frå Vossagata tek av til Vangsvatnet. Kloakken er bygd etter det kombinere systemet soleis at han fører både spillvatn frå husi og overflatevatn. Langs etter hovudkloakken i Vossagata er det bygt 32 sandfangkummar millom jarnbanestasjonen og Vossabrui, og 3 i Aad Gjellesgata. Dei tek imot flaumvatn, sand og rusk frå gata. I kummane vert vatnet noko avklåra fyrr det kjem inn i sjølve kloakken.

--- side 59 ---

Alle røyrene til kloakken er støypte på Sandtun i Lekvesmoen. Bygningsstyret kjøpte denne eigedomen i 1928.

Under arbeidet med kloakken har det synt seg at heile «Flat-Vangen» Ugg på ein grus- og morenebanke. Ingen stad nådde dei ned på fjell eller stor stein. Arbeidet vart av den grunn billeg samanlikna med liknande arbeid andre stader der dei har måtta mint seg fram.

«Selskapet til Vossevangens forskjønnelse og fremgang»


Bilete 12. Vangen sedd frå Vangsvatnet. Fot. P. Braaten 1923.

har i umlag 20 år sytt for gatevatning um sumaren. Det var ved innsamling av friviljuge gåvor at dei fekk midel til å leiga folk til å køyra vassvogni. Til kjøp av vogn løyvde heradstyret 1000 kronor.

Sidan 1890-åri har det vore prøvt ymse rådgjerder med å få burt avfall frå husi og priveti, men nokor brukande ordning vart det ikkje fyrr 1923, då heradsstyret vedtok å yta 4500 kronor for året til reinhaldet, og bygningsstyret tok på seg og ordna med det. Vanleg kaggesystem vart innført, fast reinhaldsmann tilsett og automobil kjøpt til å køyra gjødningi

--- side 60 ---

frå Vangen til gardane umkring. Heradet løyvde i 1924 etter søknad frå bygningsstyret 3300 kronor til eit renovasjonshus på Utstellingsplassen. Sidan hovudkloakken vart lagd, er det kome over 100 vassklosett i bruk.

Är du säker på att du vill logga ut?