Samferdsle og reiseliv.
--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 86 --- Bøndene hadde frå gamal tid plikt på seg til å skyssa kongen, bispen, prestane, ymse andre embetsmenn, og sume leiglendingar hjå større jordegodseigarar plikta dessutan å skyssa --- side 87 --- vedkomande jordeigar. Det var ei tung byrd på bøndene og vart ofte misbrukt. Styremaktene prøvde nok med rådgjerder sume tider. Den almindelige landkommisjon av 1661 fekk soleis pålegg frå kongen m. a. um, at det skulde verta skyss-stasjonar og gastgjevargardar ved dei ålmenne vegane, og i 1689 kom det ein betre ordning med skyssingi. Det skulde m. a. til gastgjevargardane knytast skyss-stasjonar, der dei reisande mot ei viss betaling kunde få skyss. På Vossatinget i 1719 vart lese upp ein plakat av 20. mai s. å., at det for ein skysshest skulde betalast for mili 12 til 16 skill. etter som årstidi var. Kvar gastgjevar i dei bygder der det var mest reisande skulde halda 5-6 «døgtige hester med sadler, kløver, slæder og sæler». Truleg har vel gastgjevaren på Vangen frå 1710, då H. Weinwich vart gastgjevar, havt plikt på seg til å skaffa skyss åt reisande. I tingboki for 1759 er umtala at det var skyss-skifte hjå enkja Maria Blomberg, som då hadde gastgjevargarden. Men det var bøndene som framleis laut skyssa etter tur og tilsegjing av gastgjevaren eller hans folk. Sume gastgjevarar hadde alt i 1700-talet ein fast mann, skyss-skaffaren, som gjekk med bod og sa til skyss. Lovi av 1816 kom med større betringar. Ho gav soleis bygdene rett til å skipa faste skyss-stasjonar med høvelegt millomrom ved hovudvegane, i staden for dei tidlegare stasjonane. Det skulde vera visse skyss-skaffarar, som heldt seg på stasjonane og hadde plikt å skaffa dei reisande skyss innan ei viss tidsfrist etter kor langt den skyss-pliktige budde frå skyss-skiftet. Futen tok upp liste som vart send amtmannen til godkjenning over dei gardar som skulde vera skyss-pliktige og med kor mange hestar og likeso um ordningi med tilsegjingi. Skyss-skaffarane tente seg med dette yrket fri frå kongstenesta. I 1770-åri var Jens Jakobson skyss-skaffar på Vangen, og i 1790-åri Knut E. Ullestad. Etter han kom Åmund Erlingson Ullestad, som døydde 1822, og etter han sonen Anders, fødd um lag 1799. Han var visst skyss-skaffar til 1862. Lensmann Berg skreiv 1841 til formannskapet, at det burde verta faste skyss-stasjonar ved alle skyss-skifte på Voss. Formannskapet bad øverheiti um å skipa fast skyss-stasjon ved alle skyss-skifte på Voss der det let seg gjera, av di dei skyss-pliktige var pålagde ei byrde som dei andre slapp. Fast skyss- --- side 88 --- stasjon på Vangen vart fyrst skipa i 1862, då Sebastian Jersin på Basteryggen overtok han. Fredrik Fleischer hadde skyss-stasjonen frå 1864 til 1901, då Eirik Finne fekk han og hadde han til han vart nedlagd umlag 1922. Fyrr her vart vegar for hjulgreidor, var det berre ridande skyss når det ikkje var sledeføre. Varone laut klyvjast. Skyss-karen måtte gå eller springa i fylgje med hesten når det var rideskyss. Det var fyrst i 1840-åri at hovudvegane på Voss vart farande med hjulgreidor, og då kom kjerror litt um senn i bruk. Garvar Olav på Skarvet ved Vangen hadde den fyrste kjerra på Voss og leigde henne burt mot betaling, har Kjel Takla fortalt. Kjel dreiv noko med handel i sine unge dagar og leigde kjerra nokre gonger til Evanger til å køyra varor med. Forteljingar er det elles um fleire, som skal ha arbeidt fyrste kjerra her. Frå 1860-åri var det ein karjol på skyss-stasjonen Basteryggen. David Prestegård var den fyrste som fekk firhjult vogn til skyssing, det var i 1875. Frå 1880 kom fjørakjerrone (Vossakjerrone) i bruk, og den fyrste kalesjevogn for skyssing kom i 1881. Det vart stor framgong med samferdsla etter byggjingi av dei tidhøvelege vegane Eide-Vangen-Gudvangen i 1860-åri, deretter vegen Ulvik-Granvin og serleg etter at jarnbanen kom i 1883. Vossavangen har vorte eit knutepunkt for samferdsla på Vestlandet, og turistferdsla har etterkvart ogso auka mykje. Mange reisemeldingar vitnar um at Vossabygdi tidleg har vorte kjend for si vakre natur. Den vide opne hovudbygdi med Vangsvatnet i midten, umkransa av Vossavangen i aust og elles av velstelte gardar og vakre skogparti upp etter dei sleine fjellsidone og øvst uppe - på Graosio - evig snø, tek seg vent ut. Vakre dalføre greiner seg ut til fleire kantar frå hovudbygdi. Det er fint lende upp til fjellhøgder på 12-1400 meters høgd med vidt utsyn. Godt skilende er det i vintertidi, mange elvar og vatn å fiska i sumarsdag. Stutt veg er det til storstila vill natur, t. d. Skjervet og Stalheim. Alt dette tilsaman har vekt åtgaum og verka dragande på turistane, ikkje minst utlendingane. Fleire reisande eller framande som har butt her, har både i prosa og i vers med vene ordlag skildra sitt inntrykk av Voss og Vossavangen. Alle kjenner den gamle songen til diktaren --- side 89 --- C. Hauch: «På Vossevangen der vil jeg bo», som er so ålkjend og mykje sungen i Danmark. Elias Hansen skreiv i 1860-åri ein farvel-song på 9 vers til Vossavangen. Fyrste verset lyder so: «Farvel du livsfriske fagre Vang, Med Solglans over og Fuglesang. Med Lier fagre i Bakkeheld og gyldne Agre. Farvel, farvel!» 8de vers er soleis: «Farvel I Folk, som paa Vangen bo. - I slige Dale maa Lykken gro. - Nyd Livets Glæder, «Vær heil og sæl», Gud signe Eder! Farvel, farvel!» Ein som budde her nokre år, har i eit dikt til Vossabygdi sagt i 1ste verset: «So væn du låg i høgstemd ro der millom fjelli blå, at ofte eg som fjetrad stod, kvar so eg såg deg frå. Eit syn so fagert møtte meg, det mest som draumen var. Um heimen høg og æveleg det bod til hjarta bar.» Fyre 1850-åri var det lite turistferdsle i landet vårt dei fleste stader. Voss var visstnok tidlegare vitja av nokre turistar um året, helst frå Bergen og Oslo, liksom det hende at her for utlendingar. Stor var turistferdsla heller ikkje i 1860-åri, men ho drog seg noko i 1870-åri. Av utlendingar var det nok berre rikfolk som reiste her då, og dei gav seg betre tid enn no. Dei kunde ofte gjeva seg til her fleire døger og ta seg turar ut i bygdi. Rauste var dei med drikkeskillingar til alle sidor, sosnart nokon gjorde dei ei liti teneste. Seinare vert det folk mest av alle samfundslag som reiser, og det er etterkvart vorte til at dei vil reisa billegare og gjev seg lite tid til å stogga. Etterkvart som samferdsla her har auka, har dei eldre hotell utvida og nye er bygde. Fleischers Hotell utvida storveges, sjå bruk 3 Nedre Ullestad, Vossavangens Hotell vart gjort større, sjå tuft 61, 62, 79, 80 på Vangen, og det kom nye til: Prestegårds Hotell, sjå tuft 73 på Vangen og Misjonshotellet på tuft 70, som alle framleis er i drift og er umtala ved dei einskilde eigedomane. Dessutan var Mikkelsens Hotell på bruk 29 Lekve, Meinhardts Hotell og Kjellers Hotell, båe på Nedre Ullestad, Gjøsteins Hotell på bruk 62 av Prestegarden i verksemd ei tid. Utanfor Vangen er det på Voss kome desse hotelli: Lilands Hotell, som Olav Liland bygde i 1893 på garden Liland og har drive til han døydde 1932. Enkja har det no. Mest søknad har det av landliggjarar. Hodnaberg Hotell. Eirik L. Saue bygde det og driv det i sumartidi. Andreas Stadheim kjøpte i 1910 bruk 7 Lieli av Ålmenningen i Raundalen og bygde Mjølfjell --- side 90 --- Hotell. Frå 1924 var det i drift nokre år. Statsbanane overtok sidan hotellet og leiger det burt til hotelldrift. Tvinne Hotell bygde David Hustveit i 1891 på garden Tvinno, og det var i drift fleire år. Det skifte eigarar nokre gonger, til dess huset vart selt til A. Stadheim, som flytte det til Ålmenningen og bygde det saman med Mjølfjell Hotell. Dei utanlandske turistane var mest engelsmenn i fyrstningi. Seinare kom ogso tyskarar og etterkvart frå andre land både i Europa og utanfor. Fleire fyrstar og andre heimsfræge personar kom herum. Det gjorde sitt til at mange andre av deira landsmenn kom etter. Serleg kom det mange tyskarar etter at keisar Wilhelm II hadde vore her. Han vitja Voss tri gonger. Det er fortalt at det var tyskarar som baud høg betaling for å få liggja i sengi der keisaren hadde lege. Andre baud høge prisar for stolar han hadde sete på. I fyrstningi og lang tid framover reiste turistane helst i lag på eit par eller nokre fåe. Seinare har det etterkvart vorte mykje til at dei har kome i store lag på 100 upp til 200. So lenge skyssingi var med hestar, tok lagi gjerne eit måltid eller låg her ei natt, men sidan automobilane tok skyssingi, reiser lagi ofte vidare utan å stogga her. Etterkvart som det auka med reisande, vart det fleire som tok til med skyssing. Sume hadde det til umlag einaste leveveg, men når desse store turistlagi kom, skulde det ofte 100-200 hestar ut i skyss på ein dag, og då var det ei mengd gardbrukarar som ogso var med og skyssa. So kom automobilane, og det varde ikkje mange år. fyrr hestane tapte i tevlingi. Fleire automobillag har vorte skipa, og mange einskilde menn har kjøpt seg bil. Dei driv gjerne noko med skyssing og noko med å køyra varor og anna. All turistskyss millom Stalheim-Vangen-Eide og Ulvik går no med bilar og mykje av vareføringi millom Eide-Vangen og Vangen-Vossastrondi. For desse rutone vart i 1901 gjeve skyssløyve til 211 mann for 275 hestar. I 1910 vart løyst løyve for 256 hestar og 4 bilar. Sidan 1920 har ingen søkt um skyss-løyve med hestar. I 1925 var det på Voss 26 personbilar, 16 lastebilar, 5 dokterbilar og 5 privatbilar. På Vossastrondi og i Ulvik var det tilsaman 5 personbilar og 7 lastebilar. I 1930 var det på Voss 46 personbilar, 30 lastebilar og 10 motorsyklar. På Vangen er det 2 billag, Voss Automobilselskap og Voss --- side 91 --- og Hardanger Automobillag. Det fyrste som vart skipa 1911, har 7 bilar, som i sumarhalvåret køyrer i fast rute Vangen-Stalheim, Vangen-Eide og Vangen-Ulvik. Voss og Hardanger Automobillag vart skipa 1912, har 5 bilar som køyrer posten Vangen-Stalheim, Vangen-Eide og har fast rute desse vegane heile året, når det er framkomande med bil. Andre bileigarar køyrer og i fast rute um sumaren. Fyre 1914 var skyssbetalingi etter lovi 17 øre kilometeren for 1 person og 25 øre for 2 personar med hesteskyss i kjerre eller karjol. Dei køyrde då vanleg på 3½ time til Eide, 5 timar til Stalheim og 6 timar til Ulvik. For bilskyss var det fyrst 20 øre kilometeren med 15 kg. reisegods fritt, men vart seinare sett ned til 15 øre for turistar og 10 øre for bygdafolk. |