198. Sonve.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 213 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Saumminn og i Sauminn. Det vert no sagt Sònnvè2; han búr pao, è tao Sònnvè, ska tì Sònnvés, sms. Sònnvéshagané. Namnet er samansett, etterlekken er vin (beite), fyrelekken er kann henda saumr m. med tyding «kant» liksom i tysk Waldsaum, skogkant.

Sonve er i matrikkelen 1661 ført upp med 3 laup 1 pund i skyld og ein brukar; der var turvande brennefang. Skyldi var den same 1723, men der var då to brukarar. Der var humlagard og vedaskog til eige bruk. Garden var sers lettbrukt, men jordi var kald, og det var misleg med kornavlingi. Skyldi var 3½ laup i 1777 og er 1838 umskrivi til 15 dalar 2 ort 22 skill. Der var da noko vedaskog, humlagard og vassfall. Samanlikningstalet var 2350.

I matrikkelen 1865 er ført upp 46½ mål åker, 14¾ mål dyrka eng, 51 mål god, 97½ mål medels natureng og 82 mål skrapebø. 10 mål høvde til dyrking. Der var ring vårhamn, medels sumarhamn og ikkje timberskog. Bruk 2-4 hadde vedaskog til eige bruk, men det var for lite på bruk 1. Bruk 2-4 var lettbrukte og bruk 1 medels lettbrukt. Alle var dyrka som vanleg. I 1918 var der 413/10 mål åker, 77 mål kunsteng og 32 mål natureng.

Der budde 26 menneske i 1801, 33 i 1865 og 19 i 1920.

--- side 214 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Sonve.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   17   28          
1723 3   27   21   31 ½    
1865 4   39   72   118 ½ 77  
1918 8   31   79          

Halle på Rogne og Svein Bjarneson melde ikring 1300 (DN II nr. 63) til Fjallar, prest i Øystese, at Ulf Håvardson åtte millom anna 1½ mmb. på Sonve. Dette var i høve av at Ulf vilde fri til Ulfhild, dotter åt presten. I Bjørgynjar Kalfskinn er ført upp at Vangskyrkja åtte 4½ mmb. på Sonve. Der var to brukarar i 1521: Øyel som betalte 5 lodd sylv i skatt og 8 lodd sylv i breffbrot og Johan som betalte 2 lodd sylv i skatt og 6 lodd sylv og 2 mark i breffbrot. I rekneskapen 1523 for Bergenhus står at Egill Amondtzen Sonve hadde betalt 1 lodd sylv. Berre Johans er skriven som leiglending i 1563 og betalte då 2 lodd sylv i skatt og 18 skill. som landskyld. Kolbjørn budde der 1591.

Rekneskapen 1585-1616 for Vangskyrkja melder at ho fekk 12 merker smør og 4 askar korn i landskyld. Kolbjørn var leiglending 1611, Gjertrud 1614 og Olav 1603, 1611 og 1614. Han åtte 1611 1 pund. I leidangsboki 1624 er ført upp som leidang 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Ryttarskatt vart 1627 lagt på ½ pund odelsgods med 1½ ort i skatt. Knut var brukar. Han er ofte skriven som leiglending 1621-1659, og åtte 1621 saman med Olav Finne 12 mark på Stora Rokne, 1 spann på Gjerstad, 1 spann på Veka, 1 laup på Fadnes og 6 mark på Seim i Hardanger. Knut åtte 1652 1 pund i Himle og 1652 og 1659 9 mark i Vetla Rokne. I 1645 er han skriven Knut Arneson og var gift med Anna. Dei hadde då tenarane Lars og Kari. Øffuind, g. m. Brita og enkja Kari var då husfolk.

Kyrkjerekneskapane melder at Vangskyrkja i 1659 åtte 1 pund 4 mark og fekk i landskyld 4 askar korn og 12 merker smør. Som Apostelgods er 1652 og 1655 ført upp 2½ laup, 1659 og 1661 3 laup. Ivar Flògo åtte 1659 6 mark og Trond Ringheim 1½ laup. Ei enkje (truleg etter Knut) var leiglending

--- side 215 ---

1661 og Nils Knutson 1664. Peter Reedtzs fekk 1665 kongeskøyte på 3 laup som Apostelgodset åtte. Borgermeister Ofue Jensson var 1676 eigar av det og soknepresten i Eidfjord, Per Hansson i 1680. I 1691 åtte Gjert Miltzow 2 laup og 1695 åtte kaptein Stoud 3 laup.

Som leiglendingar er 1691, 1695 og 1701 ført upp Nils Knutson f. 1639 og Odd Nilsson. Kristense Miltzow åtte 1714 2 laup 2 pund 10 mark og løytnant Nordahl 3 laup i 1723. Vangskyrkja åtte framleies 1 pund. Nils Knutson er truleg død


Sonve.
Bilete 26. Sonve. Fot. P. Braaten 1937.

fyre 1706. Han hadde sonen Knut f. 1672, som gifte seg med Margreta Klasdr. Miltzow og vart gardmann på Finne. Gudleik Knutson Seim, Viki, bygsla 1706 1 laup 1 pund av Henrik Miltzow og kjøpte det 1734. Gudleik var f. 1684, g. m. Ingjerd Knutsdr. I 1735 fekk han skøyte på farsgarden på Seim og flytte dertil. Gudleik var ein av dei som la upp sak mot Henrik Miltzow og løytnant Nordahl for di dei hadde kravt for stor avgift. Dei laut betala 3 rd. attende til Gudleik. Han hadde 1724 samla inn pengar i grendi til Lars Skutle som reiste til kongen i høve av saki. Gudleik og Ingjerd hadde dotteri Ingjerd f. 1714, som gifte seg 1736 m. Sjur Person Nedre Spildo.

Sjur fekk 1737 skøyte frå far hennar på 1 laup 1 pund.

--- side 216 ---

Han selde 1761 1 pund til Knut, son sin, og kjøpte av han 1765 ½ laup. Ingjerd døydde 1759, 86 år gl., og Sjur levde att. Dei hadde seks born: Knut f. 1737, Gudve f. 1741, g. 1762 m. Bård Mikkjelson Rokne på Bjørku, Ingebjørg f. 1744, g. 1. 1763 m. Nils Andersson Lid, 2. 1778 m. ekm. Anders Arnfinnson Saude på Lid, Marta f. 1748, g. 1770 m. Arnfinn Halleson Gjerstad, Brita f. 1751, g. 1. 1778 m. ekm. Svein Brynjulvson Dukstad, 2. 1792 m. Lars Eirikson Gjerde som budde på Dukstad, Gudleik f. 1753, g. 1783 m. Gunnbjørg Sjursdr. Yksnabjørg. På skifte 1760 etter Gudve er garden verdsett 350 rd. Bruttomidelen var 766 rd. Buet åtte ein part i Almenningen som Sjur hadde fått hjå verfaren.

Knut fekk 1772 skøyte frå ervingane etter mor hans på 2 pund på Sonve og åtte fyrr 2 laup på Vike. Sjur Person selde 1786 til andre son sin Gudleik 2 pund, som same år bytte med Knut, bror sin, uti 1 laup 18 mark på Vike og flytte dertil. Knut var då eigar av 4 pund på Sonve. Han var g. 1765 m. enkja Mari Hallesdr. Vike som døydde 1793. Knut døydde 1804. Dei hadde fire born: Ingjerd f. 1766, Lars f. 1768, Sjur f. 1772, død ugift 1813 og Guro f. 1777, død 1844 ugift. På skifte etter Mari var jordgodset, 2 pund, verdsett 200 rd. og på skifte etter Knut 300 rd. Bruttomidelen var 1804 798 rd. Lars fekk 1789 og 1805 skøyte på 1 laup 1 pund 44/5 mark. Sjå vidare bruk 4.

Odd Nilsson var som ovanfor umtala leiglending i 1701. Han kjøpte 1727 1 laup 2 pund av Jens Nordahl. Odd var g. m. Kari Eiriksdr. Jerald. Han var lagrettemann ved matrikuleringi 1723. På den store ljoskruna i kyrkja står ODE NIELSSEN SONUE 1733. Odd døydde 1738, 77 år gl. og Kari 1740, 67 år gl. På skifte etter han var garden taksta 520 rd., og bruttomidelen var 689 rd. Dei hadde ni born: Brita f. 1691, g. 1716 m. ekm. Viking Steffason Tvilde, Ragnhild f. 1694, g. m. Knut Gudleikson Røte, Anna d. e. f. 1695, g. 1723 m. Olav Nilsson Raustad, budde på Tren, Eirik f. 1701, g. 1729 m. Ingjerd Knutsdr. Raustad, budde på Jerald, Gudve f. 1703, g. 1. 1730 m. Ivar Magneson Gjerstad, 2. m. Olav Vikingson Gjerstad, Nils f. 1710, Knut f. 1713, g. 1736 m. enkja Anna Knutsdr. Raustad og budde på Eide, Anna d. y. f. 1716, g. 1739 m. Mass Knutson Seim, Viki, Sisselja f. 1720, g. 1747 m. Torbjørn Ingebriktson Stora Saude.

--- side 217 ---

Nils Oddson vart g. 1. 1738 m. Eli Knutsdr. Dagestad, 2. 1754 m. Lussi Andersdr. Vetla Rokne. Nils fekk 1738 og 1739 skøyte på tilsaman 1 laup 2 pund. Klas Eirikson Jerald lyste 1754 at han meinte å ha odelsrett til jordgodset åt Nils og vilde løysa det innan lovleg tid. Dette har nok ikkje vorte av. Lussi døydde 1782, 50 år gl. og Nils 1793. Han fekk åtte born med Eli og seks med Lussi: Odd f. 1739, Dønåt f. 1740, g. 1766 m. Mass Torbjørnson Seve, Kari f. 1741, g. 1767 m. Olav Håvardson Nyre, Brita f. 1742, død 1824, Marta. f. 1743, g. 1767 m. Mass Andersson Lydvo, Nils f. 1748, Anna f. 1749, g. 1785 m. ekm. Knut Magneson Setre, Ingebjørg d. e. f, 1751, g. 1785 m. ekm. Ivar Larsson Rene, Olav f. 1756, død 1787, Anders f. 1759, død 1854, Eirik f. 1762, død 1841, Eli f. 1764, Ingebjørg d. y. f. 1768, g. 1800 m. ekm. Jon Erlendson Lid og Dordei f. 1772, g. 1810 m. Mass Olavson Ronve. På skifte etter Lussi er ført upp bordsag på Møn taksta 60 rd. Bruttomidelen var 881 rd. Odd fekk 1767 skøyte på 1 laup 33/5 mark som vart bruk 3. Broren Nils fekk 1791 og 1798 skøyte på 1 laup 3 mark, bruk 1. Sjå vidare bruk 1 og 3.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Sonve. Nils Nilsson vart som ovanfor umtala eigar av bruk 1. Han var f. 1748, g. 1. 1775 m. Gudve Andersdr. Møn, 2. 1803 m. Jorunn Monsdr. Ronve. Nils gav upp på tinget at på faren si sag, kalla Mønssagi, var skore 456 bord i 1789 og 666 bord i 1790, frå 1 til 1½ tume tjukke og i lengder på 4 til 7 alner. Nils døydde 1838 og Jorunn 1855, 82 år gl. Nils fekk fem born med Gudve og tri med Jorunn: Knut f. 1776 g. 1799 m. Kari Davidsdr. Ringheim, Nils f. 1777, husmann på Sonve, Anders f. 1781, g. 1809 m. Torbjørg Monsdr. Bø, Lars f. 1783, død ugift 1825, Odd f. 1787, David f. 1806, g. m. Kari Knutsdr., Odd f. 1810, g. 1834 m. Jorunn Tomasdr. Herre, Mons f. 1816, husmann. Knut fekk 1802 og 1803 skøyte frå far sin på garden. Knut hadde då butt nokre år på bruk 1 Nedre Himle. Han let garden på Sonve 1830 til Steffa, son sin, og døydde på Himle.

Steffa Knutson f. 1807 var g. 1832 m. Anna Torsteinsdr. Herre. Han selde 1840 garden til Lars Knutson Kvåle, men fekk same år garden attende. Steffa selde so 1852 det meste av bruket, 2 pund 15 mark, som vart bruk 2, til Knut Kjelson Helleve, og

--- side 218 ---

bytte 1856 resten med Odd Larsson uti garden hans på Vele. Steffa budde der to år, reiste so til Amerika og hadde då borni: Kari, Nils, Marta, Anders, Knut og Anna f. 1840-1851. Steffa var ei tid skulelærar på Bordalen. Odd var f. på Dymbe 1821, g. 1853 m. Guro Isaksdr. Nyre og døydde 1889. Guro døydde 1884. Dei hadde borni Lars f. 1854, g. 1877 m. Ingebjørg Larsdr. Tesdal og Ingjerd f. 1856. Ho fekk 1888 skøyte på bruk 1 for 800 kronor og gifte seg 1891 m. Olav Sveinson Bygd f. 1854 og døydde 1912. Olav vart attgift 1914 m. Brita Arnfinnsdr. Rokne. Knut Ivarson Dymbe fekk 1936 heimelsbrev på garden. Han er f. 1901 og g. m. Ragnhild Gustavsdr. Sonve. I 1937 har John A. Lid kjøpt bruket for 9600 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 200, lnr. 386 med gamal skyld 12 mark, urevidert 4 ort 4 skill. og revidert 3 ort 12 skill. Ny skyld mark 1,02. Bruket har vore kalla Nylendo.

Bruk 2. Sonve. Utskilt 1852 frå bruk 1 og selt til Knut Kjelson Helleve for 950 spd. Han var f. 1815, g. 1849 m. Anna Knutsdr. Bø og døydde 1892. Dei fekk fem born: Anna f. 1850, død 1875 ugift, Gudve f. 1853, Marjo f. 1856, g. 1876 m. Torstein Nilsson Fære, Orlog f. 1858, g. 1891 m. Styrk Andersson Rjodo og Ingebjørg f. 1866, g. 1889 m. Ivar Olavson Olde. Gudve vart g. 1880 m. Mass Knutson Hefte f. 1849. Båe er døde. Dei hadde sønene Knut d. e. f. 1881 og Knut d. y. f. 1884 som er i Bergen. Knut d. e. gifte seg 1903 m. Gudve Vikingsdr. Helland og fekk 1909 skøyte på garden for 3600 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 200, lnr. 386 b med gamal skyld 2 pund 15 mark, urevidert 4 dalar 17 skill., revidert 3 dalar 1 ort 13 skill. Ny skyld mark 4,82.

Bruk 3. Sonve. Odd Nilsson vart som fyrr umtala eigar av bruk 3 i 1767. Han var f. 1739, g. 1768 m. Guro Torbjørnsdr. Seve og døydde 1809. Guro døydde 1817. Odd skulde vera ein kraftig kar. Dei fekk ni born: Nils f. 1772, Eli f. 1774, g. 1799 m. Viking Olavson Ronve, Gudve f. 1776, g. 1813 m. Torgis Styrkson Jernes, Torbjørn f. 1779, budde i Bergen, Dønåt f. 1781, g. 1. 1803 m. Knut Nilsson Rokne, 2. 1844 m. Johannes Olavson Mølsterteigen, Kari f. 1784, g. 1812 m. Johannes Ivarson Helland, Knut, f. 1787, død 1861 ugift, Ingjerd f. 1789, g. 1812 m. Aslak Olavson Flatekvål, Marta f. 1791, g. 1822 m. Viking Torgeirson Græe, husmann på Flatekvål. Ved skifte etter Odd åtte dei 2½ pund som vart taksta 425 rd. Bruttomidelen var 658 rd.

--- side 219 ---

Nils Oddson f. 1772 gifte seg 1798 m. Anna Olavsdr. Gjerdåk og fekk 1808 og 1814 skøyte på garden. Ho døydde 1838 og han 1843 og hadde fem born: Odd f. 1799, Guro f. 1806, død ugift, Nils f. 1811, Kari f. 1814, g. 1851 m. Sjur Gusskalkson Rokne, Mass f. 1817 (Amerika). Odd fekk 1820 garden og gifte seg 1825 m. Guri Tormodsdr. Gjelle. Odd døydde 1866 og Guri 1867. Fem born: Anna f. 1828, d. 1863, g. 1. 1847 m. Nils Olavson Rokne og 2. m. Steffa Torleivson Bryn (Amerika), Nils f. 1831, g. 1854 m. Marta Gudleiksdr. Tillung, Brita f. 1835, Tormod f. 1838, Mass f. 1845. Brita og Tormod reiste til Amerika. Nils fekk 1858 farsgarden for 500 spd., selde han 1869 til Sjur Gusskalkson Rokne, nemnd ovanfor, for 1800 spd. og reiste til Amerika. Dei hadde då borni Guri, Kirsti, Odd, Gudleik og Anna f. 1856-1867.

Sjur Gusskalkson budde på Vike då han kjøpte bruk 3 på Sonve, og var f. 1809 på Jeraldstveiti. Han dreiv mykje med muring på vegarbeid, bygde steinbruer og var arbeidsformann m. a. på den store brui ved Solheimsviki, Bergen. Sjur døydde 1901 og Kari 1900. Deira son Olav var f. 1836, g. 1865 m. Ingebjørg Jonsdr. Lid og hadde garden etter foreldri hans. Olav døydde 1888 og Ingebjørg 1927, 92 år gl. Fire søner: Gusskalk f. 1866, Sjur f. 1868, g. m. Ragnhild Torsteinsdr. Herre, Johannes f. 1873, g. 1. 1895 m. Kristi Torsteinsdr. Litlere, 2. 1907 m. Marta Torsteinsdr. Litlere, Nils f. 1877, g. m. Gyrid Breidvin frå Sogn, gardmann på Lofthus. Gusskalk gifte seg m. Brita Davidsdr. Jernes og fekk skøyte på farsgarden for 4200 kronor. Dei fekk og bruk 2 Jernes og budde der. Deira son David fekk 1933 skøyte på bruk 3 Sonve for 8400 kronor. Han er f. 1895 og g. m. Marta Larsdr. Sonve.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 200, lnr. 387 med gamal skyld 1 laup 33/5 mark, urevidert 4 dalar 4 ort 21 skill., revidert 4 dalar 13 skill. Ny skyld mark 5,98.

Bruk 4. Sonve. Lars Knutson vart som fyrr umtala eigar av bruk 4 i 1789 og 1805. Han var f. 1768, g. 1812 m. Anna Styrksdr. Haug og døydde 1828. Ho vart attgift 1829 m. Knut Steffason Ygre som 1834 kjøpte garden Haug. Lars og Anna hadde to born, Mari f. 1815 og Ingebjørg f. 1827. På skifte etter Lars var garden taksta 600 spd. og skogen 50 spd. Bruttomidelen var 1133 spd. Mari vart g. 1832 m. Lars Steffason Ygre. Dei fekk farsgarden hennar ved skifte 1828 og skøyte 1833 frå mor hennar. Lars døydde 1862, 52 år gl. og Mari 1882, 67 år gl.

--- side 220 ---

Sju born: Marta f. 1836, g. 1854 m. Torgeir Person Olde, Lars f. 1838, Anna f. 1840, g. 1862 m. Gudleik Knutson Jernes, Steffa f. 1843 (Amerika), Sjur f. 1850, Ingebjørg f. 1852, g. 1872 m. Svein Oddson Nyre, Knut f. 1856, død i Amerika.

Lars Larsson fekk 1859 garden for 200 spd., gifte seg 1867 med Marta Oddsdr. Ronve og fekk dotteri Mari f. 1868. Lars døydde 1871 og på skifte etter han fekk ho Mari garden for 600 spd. Ho selde garden til Sjur, farbror sin, for 5600 kronor og gifte seg 1898 m. Nils Teodorson Rokne. Sjur vart gift 1873 m. Marta Oddsdr., enkja etter Lars og døydde 1937. Ho fekk med Sjur borni: Lars, Odd, Kari, Anna, Lars, Marta, Maria og Ingebjørg, f. 1874-1889. Lars d. e. f. 1874, g. m. Kari Oddsdr. Tesdal har no garden.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 200, lar. 388 med gamal skyld 1 laup 1 pund 44/5 mark, urevidert 5 dalar 3 ort 4 skill., revidert 4 dalar 2 ort 1 skill. Ny skyld mark 6,42.

Bruk 5. Sonve. Utskilt 1933 frå bruk 3 med skyld mark 2,60 og selt til Nils Gusskalkson Sonve for 4000 kronor.

Husmenn på Sonve.

Lars Kristofferson f. 1637 var husmann i 1701. Gudleik Sjurson, g. m. Gunnbjørg Sjursdr. fekk borni Eli f. 1784 og Anna f. 1785. Nils Nilsson f. 1777 var g. 1809 m. Marta Monsdr. Endeve og døydde 1843. Dei hadde borni: Nils f. 1813, Sigrid f. 1816, g. 1840 m. Odd Knutson Vinsand, Eli f. 1820, g. 1846 m. Steffa Brynjulvson Lid. Lars Torgeirson Skjelde døydde 1843 90 år gl. Der var to plass kalla Krokjen eller Sonveskrokjen, som låg side um side nedanfor Bordalsvegen. Det eine som bruk 3 åtte, har vore plass i lang tid, og det er fortalt at der har vore ølhandel. Den siste som budde der var Mons Nilsson f. 1816, g. 1836 m. Ingebjørg Larsdr. Rokne. Dei fekk borni Nils, Lars, Marta, Anders, Jorunn og Torbjørg f. 1835-1851. Dei reiste 1851 til Nordland. Nils Herbrandson, g. m. Brita Sjursdr., fekk dotteri Gudve i 1845. Odd Nilsson, g. m. Jorunn Tomasdr. fekk sonen Lars f. 1848.

Lars Åmundson, g. m. Ingebjørg Knutsdr., fekk borni Brita f. 1849 og Ingebjørg, f. 1851. Torgis Ivarson, g. m. Magli Filipsdr. fekk sonen Filip f. 1852. Ivar Karleson Bulko f. 1795, g. 1830 m. Gjertrud Mikkjelsdr. Nyre, fekk 1859 feste på det andre plasset Sonveskrokjen som bruk 2 åtte. Dei hadde plass

--- side 221 ---

på Jernes fyrr dei kom til Sonve. Ivar døydde 1874 og Gjertrud 1878, 81 år gl. Deira son Karle f. 1829 var husmann på Ronve. Anders J. Jernes kjøpte 1893 eit jordstykke av bruk 4. Guro J. Dagestad kjøpte det i 1935.

Støl.

Stølen var 1 mil frå garden, segjer matrikkelen 1723. Stølen heiter Veskre og ligg ovanfor Jerald. Til i kring 1870 hadde dei vårstøl på Perstveitæ ovanfor Sonve. Lekve støla ei tid på Veskre. Då dei slutta med det, kjøpte Sjur Gusskalkson på bruk 3 steinfloren av Lekve.

Kvern.

Der var ei flaumkvern 1661 og 1723 og tri kvernar 1776 og 1791. Bruk 2 og 4 hadde kvar si kvern i Sonvesgroæ nedanfor Bordalsvegen. Bruk 3 hadde kverni i gamle Sonvestunet og det var um lag like langt til bui som til kverni. Medan dei mol, gjekk dei like fort til kverni som i bui for å fylla i mjølkjeraldet. I Sonvesgroæ har vore 1 stampe og 15 kvernhus nedanfor Bordalsvegen og 2 kvernhus ovanfor. Gardane Sonve, Rokne, Ronve, Jernes, Nyre og Haugo har havt kvernhus der. Berre eit som bruk 2 Jernes åtte, stod att i 1913.

Offentlege forretningar.

Merkesgang 1706. Sak 1728 millom eigar og leiglending. Sak 1756 mot Jerald og 1759 mot Stora Rokne. Åstadsak 1801. Semje 1810 um odel. Sak 1831 um eit bruk.

Bumerke.

Odd 1710 tavle 8 nr. 29, brigda på to måtar 1722 og 1736. Gudleik fleire gonger 1716-1728 t. 1 nr. 91, litt brigda 1730 og 1731. Sjur 1754 t. 8 nr. 30, sidan er S'en snudd den motsette veg fleire gonger 1755-1770.

Är du säker på att du vill logga ut?