253. Tren.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 587 ---

Namnet vert i Bjørgynjar Kalfskinn (umkr. 1350) skrive i þrene. Det vert no sagt Trèn; han búr pao, è tao Trèn, ska tì Trèns. Namnet ser ut som ei samandraging av eit ord þre- med vin (beite), men kva pre- skulde tyda, er uvisst (trong?). Dersom det gamle «þrene» var misskrift for «þræne», kunde det tydast som þravin, vedhaldande, godt beite.

Landkommisjonen har 1661 sagt um Tren at der var ein brukar, 2 laup i skyld og timber- og vedaskog til husbruk. Skyldi var den same i 1723. Då var det to brukarar og skog til husvøling og brensel. Jordi var godt skikka for dyrking. I 1838 er skyldi umskrivi til 5 dalar 1 ort 13 skill. Samanlikningstalet var 800. Der var godt vassfall og turvande fure-og vedaskog. Etter matrikkelen 1865 var der 27 mål åker, 5 mål dyrka eng, 63½ mål god, 44 mål medels natureng og 53 mål skrapebø. 5 mål høvde til dyrking. Hamnegangen var medels, og der var skog til husbruk. Bruk 1 og 2 var lettbrukte, og bruk 3 var medels tungbrukt. Sume tider frys kornet. Alle bruki

--- side 588 ---

var dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 40,3 mål åker, 30,5 mål kunsteng og 68 mål natureng.

Folketalet var 22 i 1801, 25 i 1865 og 35 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Tren.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   12   19          
1723 2   19   21   13 ½    
1865 3   32   61   67   61 ½
1918 6   26   59          

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Evanger prestebol åtte 1½ laup på Tren. Etter jordboki 1585-1616 fekk Vangens prestebol 2 askar korn og 1 spann smør i landskyld. Mons Rekve åtte 1621 ½ laup og Ivar Berge ½ laup. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 9 merker smør og 1 geitskinn. Hallstein var leiglending då og 1635 på 1½ laup 9 mark. Nils Olavson, g. m. Gjertrud, var leiglending 1636-1664. Dei hadde 1645 tenestgjenta Kari. Skyldi er førd upp 1652-1659 med 1½ laup 9 mark. Derav åtte Tomas Røte 3½ spann, Nils Tren ½ laup og prestebolet 1 spann. Nils åtte 1652 2 pund i Lae og 1652-1659 6 mrk. på Svanga. Han var lagrettemann i 1661 og 1668. Skyldi var 2 laup i 1676 og 1691, 1 laup 2 pund 1695 og 1714, og vart sett upp att til 2 laup i 1723.

Vangens prestebol åtte 1661-1723 og lenger 1 spann. Tren er ført upp under Apostelgodset i 1776 og 1680. Anders Dukstad var eigar av 21 mrk. i 1691 og Jon Tren 5 spann 15 mark. I 1695 åtte Anders 1 spann, Anders Dagestad ½ laup og Jon 2 pund. Anders Dagestad åtte 1714 12 mark, Brynjulv Eimstad ½ laup, Knut Raustad 142/5 mark, Guri Olavsdr., 7½ mark, og brukaren 1 pund 82/5 mark. Olav Raustad åtte 1 laup 30 mark i 1723.

Jon Brynjulvson var brukar 1691, 1695 og 1701. Han var f. 1633 og g. som ekm. m. enkja Anna Mattisdr. som døydde 1704. Ho var syster hans Bjarne Mølster og hadde fyrr vore g. m. Olav Nilsson. Han var son til Nils umtala ovanfor og har truleg vore brukar på Tren etter far sin. Anna hadde ikkje born med Jon, men fire med Olav: Nils, Guri f. 1684, Arne

--- side 589 ---

f. 1689 og Torbjørg f. 1691. Ved skifte etter Anna er ført upp eigedom i Tren og Liland, og dei hadde mykje krøter. Olav og Arne fekk kvar 154/5 mark på Tren og Jon 1 spann på Tren og 5 spann 1 mark på Liland. Jon hadde butt på Liland ei tid fyrr han kom til Tren. Han døydde 1726 og hadde seks born med fyrste kona: Brynjulv Liland, Lars Gjukastein, Helge Olde, Hallkatla, g. m. Lars Lydvo, Ingjerd, g. m. Velom Skjelde og Torbjørg, g. m. Sjur Vike.


Tren
Bilete 73. Tren. Fot. P. Braaten 1937.

Arne Olavson var brukar 1715 og 1723. Han var f. 1689, g. m. Anna Gusskalksdr., og fekk borni Anna f. 1717, g. 1739 m. Anders Brynjulvson Rjodo, Olav g. 1745 m. enkja Guri Nilsdr. Hylle, og Per, g. 1737 m. enkja Rannveig Olavsdr. Nesthus. Anna døydde 1742, 56 år gl., og Arne 1757. Nils Olavson, nemnd ovanfor, vart gift ikring 1702 med Ingjerd Klasdr. Miltzow og budde på Raustad. Dei fekk borni Olav f. 1702 og Klas som døydde like etter faren, som døydde 1705.

Olav Nilsson gifte seg 1723 m. Anna Oddsdr. Sonve f. 1695. Han fekk same år skøyte frå Arne Olavson på 142/5 mark, Jon Brynjulvson 1 spann, Guro Olavsdr. 71/5 mark, Nils og Anders Eimstad 2 spann og Brynjulv Liland 1 spann. Olav fekk noko jordgods på Tren i 1745 hjå Arne, farbror sin, som då fekk kår.

--- side 590 ---

Olav åtte då ialt 1 laup 30 mark. Han bygsla 1735 1 laup 54 mark på Øvre Rykke til Knut Torbjørnson. Olav og Anna fekk borni: Ingjerd f. 1726, g. 1. m. Eirik Knutson Stora Saude, 2. 1751 m. Anders Arnfinnson Ullestad og Nils f. 1728. Olav døydde 1770 og Anna 1775.

Nils Olavson vart g. 1750 m. Anna Larsdr. Skjerveggen. Han fekk 1754 som gåva hjå far sin 3 spann og kjøpte 1765 3 spann av han. Nils og Anna fekk sju born: Nils f. 1751, Marta f. 1754, g. 1775 m. Mikkjel Henrikson Øvre Rykke, Anna f. 1756, g. 1782 m. Jon Nilsson Skylje, Olav f. 1758, Ingjerd f. 1760, g. 1786 m. Knut Olavson Hosås, Kari f. 1764, g. 1787 m. Bård Halldorson Lunde og Nils d. y. f. 1768. Nils Olavson skifte garden millom sønene Olav som fekk bruk 1, og Nils d. e. som fekk bruk 2. Nils Olavson døydde 1798.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Tren. Olav Nilsson fekk bruk 1 i 1778 og gifte seg 1783 m. Marta Torsteinsdr. Stora Saude. Dei fekk seks born: Nils f. 1784, Rannveig f. 1789, g. 1817 m. Sjur Olavson Skjeldal, Torstein f. 1792, g. 1827 m. Anna Klasdr. Mosafinn, husmann i Trensliæ, Anna f. 1797, g. 1826 m. Nils Knutson Vestrheim, Olav f. 1800, død ugift 1867, Knut f. 1805, g. 1831 m. Ingebjørg Knutsdr. Skjeldal. Olav døydde 1810 og Marta 1829, 70 år gl. På skifte etter Olav var jordgodset taksta 350 rd. Nils fekk 1811 skøyte på bruk 1 og gifte seg 1820 m. Marta Klasdr. Mosafinn. Han var med i krigen mot Sverike. Ein dag trefte han i skogen på ein svenske. Dei vart samde um at dei ikkje skulde gjera kvarandre noko. Nils var ikkje komen langt fyrr han høyrde ei kule fór kvinande forbi han. Då Nils såg attende, heldt svensken på og ladde att. Nils som hadde ladd byrse sprang imot svensken som rymde, og skaut han. Nils var ein kraftig kar. Attan år gamal bar han ei tunne rug frå Saghaujen til Tren og hadde i handi ei jarnstong som vog 18 kg. Nils døydde 1861 og Marta 1870. Dei hadde seks born: Marta f. 1821, g. 1845 m. Knut Velomson Tren, Rannveig f. 1823, g. 1853 m. Eirik Masson Seim, Brita f. 1825, g. 1867 m. Sjur Knutson Skjerveggen, Olav f. 1827, Anna f. 1830, g. 1858 m. Olav Torsteinson Narheim, Ingjerd f. 1834, g. 1859 m. Olav Knutson Svanga.

--- side 591 ---

Olav Nilsson fekk 1847 farsgarden og gifte seg 1856 m. Marta Torsteinsdr. Seim. Dei fekk tri born: Marta f. 1857, g. 1878 m. Torgeir Vikingson Seve f. 1854, Ingjerd f. 1859, g. 1880 m. lærar Anders Knutson Dagestad, og Guro f. 1863, g. 1886 m. Mass Klasson Tren. Olav døydde 1868 og Marta 1884, Torgeir og Marta fekk 1880 hennar farsgard for 2400 kronor. Marta døydde 1895, og Torgeir vart attgift 1897 m. Arnbjørg Arvesdr. Skjeldal og døydde 1918. Arnbjørg døydde 1919. Sonen Olav f. 1882 fekk 1914 garden for 5000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 253, lnr. 498 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 4 ort. Ny skyld mark 4,08.

Bruk 2. Tren. Nils Nilsson d. e. fekk 1771 bruk 2 hjå far sin. Nils gifte seg 1771 m. Marta Henriksdr. Rykke. I 1778 bytte han med verbroren Mikkjel Henrikson Øvre Rykke uti 1 laup 3 spann på Øvre Rykke. Mikkjel selde 2 pund 6 mark som Per Knutson Haga fekk 1801, ved makabyte. Mikkjel hadde då att 18 mark som vart bruk 3. Per var g. 1. 1783 m. Gudve Kjelsdr. Gjukastein, 2. 1821 m. Sisselja Ivarsdr. Bulko, som er umtala på Bulko. Med Gudve fekk Per to døtter: Brita, g. 1. 1812 m. Velom Eirikson Tren, 2. 1824 m. Olav Olavson Nesthus, og Eli f. 1789, g. 1832 m. ekm. Knut I. Bjørndalen. Per let garden til Velom i 1818 og døydde 1831, 80 år gl.

Velom fekk fem born med Brita: Knut f. 1813, Eirik f. 1814, g. 1858 m. Steinvor Nilsdr. Skjelde, Kari f. 1816, død ugift 1843, Gudve f. 1819, død ugift 1850, og Anna f. 1812, g. 1847 m. Sjur Mikkjelson Skjeldal. Olav og Brita fekk sonen Velom f. 1826, død 1843. Olav døydde 1847, 67 år gl. På skifte 1823 etter Velom var jordgodset verdsett 320 spd. og skogen 30 spd. Knut Velomson fekk halve garden på dette skiftet og resten ved skøyte 1837 frå mori. Knut vart g. 1845 m. Marta Nilsdr. Tren f. 1821, og fekk fire born: Brita f. 1846, g. 1870 m. Eirik Knutson Skjeldal, Marta f. 1849, g. 1886 m. Hans Johannesson Kvitingen, Olav f. 1858, Nils f. 1863. Knut døydde 1877 og Marta 1891. Olav gifte seg m. Marta Larsdr. Skjervheim og fekk 1892 skøyte på garden for 2000 kronor. Deira son Lars fekk garden i 1913 for 3500 kronor, men han selde att 1919 til bror sin Knut Olavson. Han er f. 1881 og g. 1905 m. Marta Olavsdr. Nesheim. Sonen Olav kjøpte 1935 garden på auksjon for 8050 kronor.

--- side 592 ---

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 253, lnr. 499 med gamal skyld 2 pund 6 mark, urevidert 1 dalar 4 ort 23 skill., revidert 2 dalar 20 skill. Ny skyld mark 3,16.

Bruk 3. Tren. Mikkjel Henrikson åtte bruk 3 etter at han hadde skilt bruk 2 ifrå og late det. Han var som fyrr nemnt g. 1775 m. Marta Nilsdr. Tren. Dei fekk åtte born: Henrik f. 1776, død 1817 ugift, Anna f. 1784, g. 1819 m. Svein Åmundson Veka, Rannveig f. 1786, Nils f. 1789, død ugift 1848, Marta f. 1791, g. 1822 m. Per Andersson Berge, Olav f. 1793, g. 1824 m. Gjertrud Gusskalksdr. Lydvo, Styrk f. 1796, Aslak f. 1800, g. 1827 m. Jorunn Persdr. Fagnastølen. Mikkjel døydde 1819, 66 år gl., og Marta 1830, 72 år gl.

Nils Monsson som var husmann på Tren, kjøpte 1801 bruk 3, Han var g. m. Brita Mikkjelsdr. Båe slo seg ihel i februar 1821 då dei gleid utfor eit høgt berg i Trensgjelæ. Dei hadde døtterne Anna og Marta. Marta f. 1810, var g. 1833 m. Endre Knutson Istad. Anna f. 1795, vart g. 1821 m. Lars Person Holo og dei fekk garden på skifte etter foreldri hennar. Dei fekk fire born: Per f. 1822, g. 1856 m. Marta Brynjulvsdr. Kvòrmo, Steffa f. 1825, g. 1866 m. Jorunn Sjursdr. Meland, Brita f. 1828, g. 1851 m. David Larsson Nyre, Torkjel f. 1830, g. 1869 m. Ingerid Torgeirsdr. Luren. Lars døydde 1865, 78 år gl. Lars Andersson Lisseim kjøpte garden i 1824 for 450 spd. Han var g. 1820 m. Marta Steffadr. Lisseim og døydde 1845, 69 år gl. Deira son Anders f. 1830, fekk garden i 1845 og gifte seg 1850 m. Brita Rognaldsdr. Nestås. Anders selde garden i 1857 til Oleiv Masson Seim for 510 spd. og flytte til Hovda.

Oleiv var f. 1825, g. 1854 m. Eli Klasdr. f. på Dagestad 1829. Oleiv reiste lenge med kram. Der er ei mengd forteljingar og skrønor etter han. Det var um seg sjølv han fortalde, um undarlege reiser til sjøs og tillands og andre hende. Ein dag han var i skogen, hogde han noko av storatåi, fortalde han. Molen pakka han fint inn, strauk heim, smurde ein ser salve han hadde, på storatåi og sette den avhogde molen på. Då saud det nett so dei sveisa to jarn ihop, og tåi vart god att. Ein serlaga sterk hest hadde han ei tid som hadde doble senar. Oleiv selde garden 1886 til Ivar Torkjelson Bergstad for 4000 kronor og kjøpte att Ukvitno åt Mass, brorson sin. Oleiv døydde på Ukvitno 1907 og Eli 1914.

Hans Johannesson Kvitingen kjøpte 1887 garden for 4400 kronor. Han var f. 1861 og g. 1886 m. Marta Knutsdr. Tren.

--- side 593 ---

Han selde att 1915 til verbroren Lars Person Skjervheim for 5000 kronor. Hans son Johannes fekk 1933 garden for 6000 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 253, lnr. 500 med gamal skyld 18 mark, urevidert 3 ort 8 skill., revidert 1 dalar. Ny skyld mark 1,46.

Bruk 4. Trenslidi. Utskilt 1893 frå bruk 2 med skyld 16 øre og selt til Olav Sjurson Tren. Han var f. 1867, g. m. Marta Andersdr. Saude og døydde 1901. Marta døydde 1921. Sjur Knutson Brattebø kjøpte eigedomen i 1926.

Bruk 5. Brattebø. Skilt frå bruk 1 i 1896. Skyld 6 øre. Knut Johannesson kjøpte det. Han var f. på Kvitingen i Samnanger 1870, g. m. Guri Sjursdr. Tren og døydde 1923. Deira son Johannes har eigedomen.

Bruk 6. Brattebø. Utskilt 1896 frå bruk 2. Skyld 4 øre. Selt til Knut Johannesson og ført saman med bruk 5.

Bruk 7. Brattebø. Skilt frå bruk 3 i 1896 med skyld 2 øre, selt til Knut Johannesson og ført saman med bruk 5.

Bruk 8. Torfinno. Utskilt frå bruk 1 i 1899 med skyld 3 øre og selt til W. Konow, som selde att 1920 til Bergen og Voss kommunar. Det er ført saman med bruk 5 Eide i 1934.

Bruk 9. 10, 11 og 12. Torfinno. Utskilt 1899 i same rekkjefylgje frå bruk 2, 3, 4 og 5, kvart med skyld 1 øre. Elles som bruk 8.

Bruk 13. Trenslidi. Skilt ut frå bruk 1 i 1930 med skyld 35 øre. Sjur Knutson Brattebø kjøpte det for 2000 kronor.

Bruk 14. Svarthammaren. Utskilt frå bruk 3 i 1934. Skyld 1 øre. Selt til Knut O. Tren.

Husmenn på Tren.

Per Bårdson hadde dotteri Ragnhild f. 1741. Gusskalk Eilivson hadde sonen Anders f. 1748. Olav Sjurson hadde sonen Sjur f. 1769. Nils Monsson Lisseim f. 1759, g. 1792 m. Brita Mikkjelsdr. Setre, fekk dotteri Marta i 1810. Aslak Mikkjelson, g. m. Jorunn Persdr., fekk sonen Mikkjel f. 1827.

Torstein Olavson f. 1792, g. 1827 m. Anna Klasdr. Mosafinn, fekk ikring 1820 plasset Trensliæ. Dei fekk borni Marta, Rannveig, Brita, Olav og Ingebjørg f. 1828-1844. Olav vart g. 1858 m. Anna Nilsdr. Tren. Torstein døydde 1856 og Anna 1860, 58 år gl. Ho Marta, dotter deira, vart g. m. Sjur Håkonson Børve, Kvam, f. 1829. Dei fekk 1861 plasset Trensliæ etter

--- side 594 ---

foreldri hennar. Sjur og Marta hadde borni Guri f. 1865, g. m. Knut Johannesson Tren, og Olav f. 1867, g. m. Marta Andersdr. Saude. Sjur døydde 1910 og Marta 1905. Plasset Trensliæ er no bruk 13. Karl N. Mandelid fekk 1890 plasset Støhaujen og bygde der. Han var g. m. Eli Arvesdr. Hornve og fekk der borni Ingjerd f. 1887 og Marta i. 1890. Karl var hendig med ymse arbeid i tre. Ikring 1891 flytte han til Kvålsteijen. Lars Larsson Gilbakken f. 1858 fekk 1894 plasset Støhaujen. Han var snikkar, g. m. Anna Helgesdr. Svanga, f. 1857. Lars døydde 1931 og Anna 1920.

Støl.

Støl var det ikkje til Tren i 1723. Dei har no støl på Liaset som ligg um lag 2 km. sørvest for garden.

Kvern.

Der var ei flaumkvern i 1723 og to i 1776 og 1791. Dei tri bruki hadde kvar si kvern i 1800-talet i Torfinno. No er der ikkje mykje att av dei. I det eine kvernhuset var to kvernar, og dei mol til andre og. Torgeir bygde 1882 uppgangssag som 1915 vart umbygd til sirkelsag.

Offentlege forretningar.

Steiningsforretning 1802. Takst 1821. Kontrakt 1885 um byggjing og vedlikehald av bru ved Saghaujen. Utskifting 1895. Kontrakt 1896 med W. Konow um Torfinno. To steiningsforretningar 1899, den eine millom Trensstølen og Selset. Kontrakt med Bergens Skogselskap um skogplanting.

Bumerke.

Jon 1715 tavle 9 nr. 85. Arne 1722, 1746 og 1748 og Arne Olavson 1750 t. 9 nr. 86. Olav fleire gonger 1729- 1755 t. 7 nr. 51, litt brigda 1755. Lars 1759 t. 9 nr. 87. Mikkjel Henrikson 1779 t. 9 nr. 88, brigda på to måtar 1785 og 1786.

Är du säker på att du vill logga ut?