Vegar og gator på Vangen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 42 ---

Den eldste skriftlege melding me har um ferdslevegar til Vangen, er i eit diplom av 14. mars 1343. Der ser me at det har kome veg frå vest um Gjermesbrui, frå aust um Båbrui og frå Vossastrondi um Tråahagen. Kvar vegen vidare har gått frå desse stadene til Vangen, segjer diplomet ikkje noko um. Men etter eit og anna som er fortalt og ved å sjå på lendet, må ein tru at desse vegane har gått til Vangen umlag soleis: Frå Gjermesbrui um Dolve, Heggjavad, og vidare um Finne eller

--- side 43 ---

Ullestad til Vangen. Frå Tråahagen må vegen ha gått um Gjerde og Rogne til Vangen umlag som den gamle postvegen. Frå Båbrui har vegen kann henda gått um Skarvet og til kyrkja, eller kanskje helst um Lundhaugen, truleg umlag der Sverrevegen no er, til vegen i Rognsbakkane og so ned til Vangen. Ein gamal akstreveg gjekk vidare frå Rognsbakkavegen um Lekve, Ullestad, Finne og Seim. Vegen er endå i bruk vestover frå Ullestad. Diplomet fortel, at austanfor Båbrui gjekk vegen um Tvildeskleivi, Øvre Rykke og Auregòta på Tøn. So har det gått veg um Bjørkebrui (Uppbrui som ho er kalla i diplomet).


Bilete 8. Vossabrui i 1870-åri, sedd mot aust mot fureskogen i Haugamoen. Fot. Johanne Skagen.

Over Båbrui har dei kome til Vangen frå Bøjar- og Vinjar åttungar, frå Hardanger og frå meste parten av Kvitlar åttung. Dersom dei andre frå Kvitli og frå Bordals åttung ikkje vilde reisa den lange vegen um Bjørkebrui til Vangen, laut dei nytta Gardsvadet over Vosso til dess Brynabrui kom. Folk i Vikjar åttung har vel oftast brukt båt når dei skulde på Vangen. Vestbygdingane og Dyrvedelingane har vel ogso ofte brukt båt til Vangen.

Seinare er Brynabrui komi, men me veit ikkje når ho er bygd. Fyrste gong me finn henne nemnd er i ei semje av 25. april 1739 millom ålmugen i Bordals og Kvitlar åttungar um vedlikehaldet av brui. Meste parten av den tidlegare ferdsel over Bjørkebrui til Vangen må ha flytt til Brynabrui då ho var bygd. Reidslevegen som då var, har truleg for det meste gått der køyrevegen vart upparbeidd ikring 1840. Han kom um

--- side 44 ---

Takla, Rene, Lid, Bryn, Brynabrui, Tvildesuttråi, Båbrui,. Skarvet og til kyrkja. I 1863-1870 vart den nye Hardangervegen bygd. Han kom inn til Vangen over Vossabrui, som vart bygd av tre i 1866. I 1925-27 vart bygt ny bra av betong. Vegen frå Vossastrondi var og reidsleveg til i 1840-åri, då køyreveg vart upparbeidd. Han kom um Gjerde, Rogne, ned Rognsbakkane og til Vangen. I 1880-åri vart ny veg bygd um Uttråi, Skarvet, Rognsfossen og vidare nordover. Dei militære bygde i 1900 Båbrui um frå trebru til steinbru.

Fyrr Båbrui og Bjørkebrui kom, må det vera over Gardsvadet i Vosso, ovanfor Landsgymnaset, dei har kome til Vangen frå stroki austanfor Vosso og Raundalselvi. Ovanfor Rognsfossen har truleg og vore vad over elvi. Det har vore nytta av Raundølene og dei som elles budde millom Raundalselvi og Strandavassdraget. På Tvildesmoen har stade ein steinkross, truleg reist av umsyn til vegen over vadet. Frå Gardsvadet har vel vegen so gått ved foten av Tunshovden i Lekvesmoen til Vossagata og umlag etter henne til kyrkja. Sume meiner at vegen frå Gardsvadet gjekk gjenom Lekvesmoen og Prestegardsmoen forbi den gamle steinkrossen til kyrkja. På denne leidi har stade ein liten steinkross i merket millom Lekve og Prestegarden sine eigedomar.

I fyrstningi av 1800-talet budde det folk ved Vosso både på Hølaplasset på Nyre og på Hestabakken og Bergslitræet. Folki på desse stadene førde då over Vosso. Aad Gjelle har 27. april 1838 etter uppmoding av folk på Giljane halde forretning um vegane til og frå føringsstadene. Derav ser ein, at det då var upparbeidd bygdeveg frå Vangen til Vosso, der det vart flytt over henne til Vossabakken, når elvi var stor nok. Var elvi svært liti, førde ein. over lenger nede. På desse stadene var det Knut Gudleikson Vossabakken som førde over, men sume tider korporal Lars Bergslien. Ivar Sveinson, som budde lenger uppe, på Hestabakken, førde aldri over på desse stadene.

Frå vegen Vangen-Vosso gjekk ein gongeveg til Hestabakken, der Ivar budde. Her førde han over til Hølaplasset. Frå det gjekk so gongeveg til den gamle vegen frå Vossabakken til Bordalsvegen. Bordølingane vilde få vegen frå Hølaplasset upparbeidd som bygdeveg, sidan det var deira vanlege kyrkje- og tingveg. Giljane vilde ikkje vera med på det. Um det vart det strid, og det var orsaki til at forretningen var halden.

--- side 45 ---

Enkja Ingebjørg, vanleg kalla «Hølo» var det som sist budde på Hølaplasset. Ho døydde 1859, 70 år gamal.

Sidan umlag midten av 1800-talet har føringsstaden vore lenger nede, der han no er. Eirik Sjurson Rjodo flytte stova si frå Fjordungamod'n på Haugo til føringsstaden på Prestegardssida og flytte over elvi dei som vilde over til hi sida. På Jernessida budde ein Tøris frå Strilelandet, som førde over etter at Knut Gudleikson slutta. Etter Tørris var det enkja Synneva Jernes. Åmund Åndehaug kjøpte stova etter Eirik. Borni hans Åmund, Anton og Marta fekk so stova, men bygde seinare nytt hus i staden for det gamle. Både Åmund og Anton har halde fram med føringi. Der føringsstaden no er, køyrde dei over Vosso, når ho ikkje var for stor.

Til ikring 1860-åri hadde føringsmennene fast årleg avgift av huslydar som til vanleg brukte vegen um føringsstaden. I lenger tid var avgifti 1 aske korn av kvar gardbrukar og mindre av andre huslydar.

Av andre gamle vegar innanfor Vangsgrensone" kann nemnast: Ein gardsveg frå Ullestad gjekk fyrr gjenom tunet i gamle Kapellansgarden på vestsida av bustadhuset ned til Vossagata. Det var samstundes buveg for Kapellansgarden til utmarki ovanfor. Denne vegen vart i 1880-åri umlagd av jarnbanen so han sidan går til Lekvesvegen. Lekvesvegen gjekk fyrr på vestsida av fengslet, men vart flytt til jarnbaneundergangen då jarnbanen austover vart bygd.

Framanfor er umtala «den midlertidige reguleringskommisjon» og framlegget frå denne nemndi til regulering, som vart stadfest i 1884 og 1886. I 1886 vart skipa den fyrste bygningsnemndi og i 1887 den ordinære reguleringsnemndi. Desse nemndene har sidan vore i verksemd til dess den nye lovi um bygningsvesenet kom i 1924 og vart gjeldande frå og med 1929. Med henne kom bygningsråd i staden for båe desse nemndene. Noko av reguleringi etter fyrste planen er gjenomførd, men det er gjort ymse brigde seinare.

Bygningsrådet er samansett av formannen i helserådet, lensmannen og kommuneingeniøren som faste medlemer. Dertil kjem desse som er valde: snikkar Knut Nestås, bakar N. Ystås og lokomotivførar O. Gandrud. Ingeniør T. Kvamme er no formann i bygningsrådet.

--- side 46 ---

Ingeniør N. Sontum tok i 1889 kart over bygningskommunen etter dåverande grense med undantak av Prestegardsmoen etter tinging av bygningsstyret, og han teikna den fyrste reguleringi på kartet. Premierløytnant P. Haadem vart i 1903 tinga til på dette kartet å arbeida ut reguleringsplan for den part av bygningskommunen som låg utanum det regulera stroket, med undantak av det som låg utanfor Lindehaugen og Finnetunet og so Prestegardsmoen. Hans framlegg vart med nokre brigde vedteke av bygningsstyret 16. desember 1904, 13. september 1905 og ved kgl. resol. 12. desember 1905.

Denne reguleringi vart det snart misnøgje med, serleg av di mange av dei nye gatone kom til å verta for bratte. Bygningsstyret vedtok difor i 1917 å venda seg til reguleringschef Madsen i Bergen med uppmoding um å vøla um reguleringsplanen. Han fekk ingeniør Birger Olsen til å ta kart over Prestegardsmoen, og dette kartet vart ferdig i januar 1918. Madsen arbeidde ut ny reguleringsplan for heile bygningskommunen. Ved kgl. resol. 19. mars 1920 vart hans framlegg vedteke for den luten som ligg ovanfor (nordanfor) jarnbanen.

Kart over dei nye lutene av bygningskommunen etter grensa av 1920 vart teke av landbruksingeniør S. A. Bentsen i 1921. Madsen laga planen for reguleringi og retta noko på den andre reguleringsplanen for å få dei i samhøve med einannan. 5. februar 1924 vart so reguleringsplanen for heile bygningskommunen etter dei nye grensone stadfest ved kgl. resol. med noko atterhald vedkomande Eidesbanen. Bygartnar Marius Røhne har i 1929 laga ny plan for villabyggjing i stroket millom Prestegardsmoen og gata austvest i nord for gamle steinkrossen. Sjølve Prestegardsmoen har han planlagt som naturpark.

Ved reguleringsplanen frå 1924 vart planen frå 1905 heilt omstøytt, og det vart gjort ymse brigde i planen frå 1920. Fleire hus må flyttast etterkvart som planen skal gjenomførast.

Bygningsstyret vedtok i 1926 tilbod frå Dahls Opmåling i Oslo um å arbeida ut eit triangulerings- og polygoniseringsnett over dei tettbygde stroki i Bygningskommunen med nedsetjing av fastmerke.

Sume hus er alt flytte på Gamle Vangen i samhøve med reguleringsplanane. Fleire gonger har det vore freista med å få flytt hestestallane ved kyrkja, men det har endå ikkje luk-

--- side 47 ---

kast. Sparebanken tok i 1926 upp saki um å byggja seg nytt hus. Bygningsstyret freista få til privat semja millom Sparebanken, bakar Ystås, Voss herad og slaktar Grindaland um regulering av tuftene dei imillom. Då det ikkje førde fram, vedtok bygningsstyret 1929 å oreigna etter paragraf 41 i byg-


Bilete 9. Øvregata 1928. Fot. P. Braaten.

ningslovi. Endelykti vart då at reguleringi vart gjenomførd. noko ved friviljuge semjor og noko ved oreigning.

Heradet selde det gamle heradshuset med grunn til Sparebanken, og dermed fekk dei alle tri høveleg plass. Dei spursmål som ikkje var ordna ved semja, vart endeleg avgjorde med oreigning i september 1929 etter løyve frå departementet. Prisen på grunnen var millom 8 og 16 kronor for rutemeteren. Sparebanken flytte nybygget sitt 10 meter attende til den nye gatelina, og dei andre to til same gatelina med sine nybygg. Flyttingi vart ferdig i 1932.

--- side 48 ---

Gata frå tuft 40 til tuft 89 på Vangen har til nyleg vore kalla Øvregata, men heiter no Vossagata. Den tilsvarande gata søranfor har vore hovudgata, der postvegen har gått. Ho heitte gjerne Vangsgata eller Nedregata. Etter siste reguleringsplanen skal denne gata sløyfast. Øvregata var fyre 1880-åri so smal, at det var vanskeleg å koma fram med hjulgreidor sume stader i henne. Ho vart utvida i 1880-åri. Etter siste reguleringsplanen er ho i 1932 atter utvida. Husi på tuftene 32-36, 37-39 og 41 er nemleg flytte so gata no er 20 meter breid millom Lekvesvegen og gata upp til fengslet, og 12,5 meter frå denne gata til apoteket. Køyrevegen frå Vangsvatnet upp til hovudgata var over Likhaugen og likeins vegen på nordsida av tuftene 79-88.

Det er heradsstyret som må løyva til upparbeiding og vøling av gator og vegar sidan Bygningsstyret på Vangen ikkje kann likna ut slike utlogor på huseigarane. Heradet kjøpte eigedomen Leikvin i 1917 for kr. 43 500,00 og har sett burt byggjetufter av han. Difor laut det og byggjast vegar der. Ringheimsvegen vart arbeidd upp frå Vossagata til den gamle postvegen austanfor Rogne. Likeins Sverrevegen, noko av Lundarvegen og Lundhaugsvegen. Vossagata vart i 1920 gjort breidare austanfor kyrkja. I 1924 vart vedteke å arbeida upp Uttrågata frå Hestavangen til Lekvesmoen med den fyresetnad, at sal av sand og grus skal dekkja utlogone. Grunneigarane gav fri grunn til gata og likeins jordi ein måtte ta burt. Arbeidet vart sett igang 1927 og har halde fram etter som høvi var.

Strengjarvegen vart upparbeidd 1925, Lekvesmogata i 1926. For å plasera den grusen som vart til overs frå kloakkanlegget, vart i 1926 arbeidt upp gate vestanfor Olav Ullestads eigedom, og Uttrågata over Prestegardsflaten. Lekvesmogata, ei onnor tverrgate i Lekvemoen og vegen til Gardsvadet vart arbeidd upp 1926-1929. Aad Gjellesgata likeins i 1927-1929. Den nye Bordalsvegen vart arbeidd upp av Vegvesenet i 1928. Sivlevegen har det vore arbeidt turvis på sidan 1928. Torggata millom Ringheimsvegen og Vossagata vart utlagd i 1930.

Trafikken på Vangen har auka etterkvart, serleg sidan 1880-åri. For å få eit mål på kor stor trafikken var, vart det i 1919 teke ei prøveteljing i hovudgata, no Vossagata, vestanfor torget. Det er umtala i boki um Vossavangen, utgjevi av

--- side 49 ---

Bygningsstyret i 1920. Dei fann då at det på ein time, då det ikkje var noko sers fyre, for båe vegar:

Sundag i mars 1919 kl. 13-14: 940 personar, 44 køyrarar med hest.

Måndag i april kl. 14-15: 598 personar, derav 26 på cykkel, 53 køyrarar med hest.


Bilete 10. Gatone ved Tingstova 1933. Fot. P. Braaten.

Tysdag i mai kl. 15-16: 333 personar, derav 102 på cykkel, 28 køyrarar med hest.

Onsdag i juni kl. 16-17: 436 personar, derav 108 på cykkel, 31 køyrarar med hest, 2 bilar.

Laurdag i juli (godt slåttever) kl. 18-19: 632 personar, derav 192 på cykkel, 12 køyrarar med hest, 18 bilar.

Laurdag 15. juni 1929 tok kommuneingeniøren trafikkteljing i Vossagata austanfor Hestavangen utfor handelsmann O. Loven sitt hus. Noko sers var ikkje fyre den dagen. Frå kl. 8 um morgon til kl. 24 natt for det framum, båe vegane tilsaman, 4740 fotgangarar, 1496 syklistar, 319 køyrarar med hest, 420 personbilar og 107 lastebilar.

--- side 50 ---

Etter di det i siste åri hadde vore arbeidt upp mange nye vegar og gator og fleire etterkvart er ventande, vart det turvande å få namn på dei. I samband dermed vart teke upp spursmålet, um ein skulde brigda på dei sjølvgjevne namni, som var komne i bruk på dei tidlegare vegar og gator. I eit møte 28. februar 1917 hadde Bygningsstyret havt fyre saki um namn på gator og vegar på Vossavangen, men det vart då ikkje gjort noko vedtak. Den 3. april 1924 vedtok Bygningsstyret å uppmoda folk gjenom «Hordaland» til å koma med framlegg til namn på gator og offentlege plassar. Det var fem som kom med framlegg. Reguleringskommisjonen hadde saki fyre i fleire møte og kunngjorde so sitt framlegg i bladi med uppmoding til dei interessera å uttala seg um det. Etter at dei mest umstridde namn hadde vore dryfte i bladi og elles, vedtok Bygningsstyret 9. desember 1925 desse 29 namni på gator, vegar og plassar på Vossavangen:

  1. Evangervegen: Hovudvegen frå handelsmann G. Rokne til grensa for bygningskommunen i vest.

  2. Vossagata: Hovudgata frå G. Rokne til Vossabrui.

  3. Hardangervegen: Frå Vossabrui til grensa under Bryn.

  4. Strandavegen: Frå Vossagata ved O. Folkedal til grensa ved Lundarosen.

  5. Ringheimsvegen: Den nye vegen i Rognsbakken frå Vossagata austanfor kyrkja forbi Lundhaugen til grensa.

  6. Rognsbakken: Den gamle vegen frå jarnbaneovergangen ved lokomotivstallen til Rogne. Denne vegen vert heretter halden open berre som gongeveg.

  7. Lekvesvegen: Vegen frå Vossagata ved Sparebanken um Lekve og til Ringheimsvegen.

  8. Gullfjordungsvegen: Vegen som greiner ut frå Lekvesvegen ved Lekve, går vestover under Ullestad og Finne til grensa.

  9. Finnesvegen: Greini frå Evangervegen vest for Grovendal gjenom Finnestunet til grensa.

  10. Ullestadvegen: Greini frå Gullfjordungsvegen ovanfor Kapellansgarden til Øvre Ullestad.

  11. Sivlevegen: Vegen frå Ringheimsvegen der denne krossar Rognsbakken over Storamyri um Øvre Ullestad til grensa.

  12. Lundarvegen: Vegen som frå Sivlevegen sitt endepunkt i Ringheimsvegen fyrst går sørover, so austover og fylgjer jamsides med jarnbanen til Strandavegen ved Lundarosen.

--- side 51 ---

  1. Strengjarvegen: Vegen frå Ringheimsvegen ved lokomotivstallen over Strengjarhaugen og langs jarnbanen austover til Johs. Seim sitt hus.

  2. Lundhaugsvegen: Veg frå Ringheimsvegen ved N. Bolstad sitt hus over Lundarvegen til Ringheimsvegen ved A. Th. Kvåle.

  3. Sverrevegen: Tverrvegen frå Ringheimsvegen ved Lundhaugen over jarnbanen ved Th. Lirhus til Strandavegen.

  4. Tvildesmovegen: Vegen frå Strandavegen over Båbrui til Tvildesmoen.

  5. Rognslidvegen: Frå Strandavegen ved elektrisitetsverket sin dam over Lundarvegen ved Rognslid til Ringheimsvegen søraust for Rogne.

  6. Jernesvegen: Vegen frå Hardangervegen ved Vossabrui sørover langs austsida av Vosso til grensa.

  7. Bordalsvegen: Frå Hardangervegen ved Utstellingsplassen sørover gjenom Haugamoen inn til den noverande Bordalsveg ved grensa.

  8. Bergslivegen: Vegen frå Lekvesmoen langs elvekanten gjenom Prestegardsmoen framum Bergslitreet.

  9. Kronstadgata: Tverrgata frå Vossagata ved Brandstasjonen mot nord til banelina.

  10. Torggata: Gata frå Ringheimsvegen nedanfor jarnbaneovergangen langs med vestkanten av Torget og til Hestavangen.

  11. Uttrågata: Gata frå den opne plassen ved kyrkja austover parallelt med og på sørsida av Vossagata til Vosso.

  12. Lekvesmogata: Tverrgata frå Strandavegen ved Voss private Sjukehus over Vossagata til Uttrågata.

  13. Elvagata: Gata frå Strandavegen over Skarvet langs med Vosso over Vossagata til Uttrågata.

  14. Olavsplassen: Den opne plassen ved gamle steinkrossen på Prestegardsflaten.

  15. Aad Gjellesgata: Gata frå Bordalsvegen der denne krossar Hardangervegen sørover til ein open plass ved Jernesvegen.

  16. Hestavangen: Det som er utlagt til open plass; millom Vossagata og den nye kyrkjegarden. Han var frå fyrst; av teken av den gamle eksisplassen.

  17. Holbergsplassen: Det som er utlagt til open plass av

--- side 52 ---

den gamle Ålmenning. Den opne plassen nedanfor vegen forbi Prestegårds Hotell til Prestegarden var fyrr vanleg kalla Likhaugen. Namnet kjem vel av at likfylgje som kom over vatnet, vanleg bar liket frå båten og sette det på Likhaugen medan likfylgjet fekk ordna seg. På Holbergsplassen har det i gamal tid ofte vore samkomor av ymist slag. Det skulde vera der fylkesmannen henda Danebrogsorden frå kongen til Aad Gjelle. Kapping i lausdans og hallingkast, sume tider med felespel til, var det ved ymse høve. Likeins vanleg dans. I seinare tid har det vore halde 17de maifestar, andre festar og politiske møte. På Holbergsplassen vart veteranbautaen reist i 1905.

Är du säker på att du vill logga ut?