Voss Postkontor.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 99 ---

Postførsla millom Oslo og Bergen tok til i 1647 og gjekk gjenom Valdres, Lærdal og Voss. Posten vart burtpakta til

--- side 100 ---

ein innflytt hollendar Henrik Morian og ervingar. Han var i 1646 tilsett som generalauditør i Noreg. Morian skulde betala utlogone og ha innkomone av posten og dessutan 300 riksdalar i løn av kongens kassa. Ulrik Gyldenløve var den siste som pakta posten. Då han døydde 1719, tok den danske stat sjølv poststyringi. Postmeisteren i Oslo var vel eigenleg styrar for posten innanriks. Bøndene i Noreg vart pålagde å føra posten utan betaling. Til vederlag var dei fritekne for utskriving, skyssplikt, innkvartering o. l., og seinare slapp dei sume skattar.

Langs etter postruta vart det med høveleg avstand skipa postgardar for byte av skysshestar. Slike postgardar var det på Stalheim, Sundve (ei tid på Gavle), Leiddal (seinare på Tvinno), Rogne (ei tid på Ullestad), Eide (seinare på Lissheim og deretter på Flågo), Evanger, Horvei og Tysso og vidare. På desse postgardane var det sume tider ein og sume tider to postbønder og ein eller to postdrenger. Det kunde vera anten son eller tenestedreng åt postbonden som var postdreng. Dei vart fri militærtenesta når dei i 7 år tente som postdreng. Fyrr det var køyrevegar for hjulgreidor, laut posten reidast på hesteryggen um sumaren. Sume tider kunde posten ikkje vera tyngre enn at postdrengen bar han på ryggen. I eit postforhøyr i 1804 vart vitna at postsekken ein gong var so tung at postkaren ikkje kunde rida, men laut gå ved sida av hesten heile vegen. Vanleg skulde det ikkje brukast meir enn 1½ time på mili med postføringi. I dårleg føre kunde det ta 2 timar. I 1814 er fortalt på eit forhøyr at posten vanleg brukte 22-24 timar på reisi Voss-Bergen, og at det sume tider var brukt «vogn» eller slede frå Rogne når føret var tungt.

Fleire gonger var halde forhøyr til etterrøkjing, når posten hadde brukt for lang tid. På eit slikt forhøyr i 1743 vart upplyst at ein framand kar hadde fylgt med posten, og sagt at han var pålagd å fylgja med posten for å skunda på so han kom snarare fram. På Eide hadde han lagt seg til å sova til det ljosna um morgonen og reiste so saman med posten til Evanger og vidare. Det synte seg at karen ikkje hadde noko med posten å gjera, men fekk seg fri skyss på denne måten. Som fyrr nemnt ladde postbøndene frå fyrst av ingi løn, men i slutten av 1600-talet og lenge fram gjenom 1700-talet har dei fått utbetalt på tinget 2 riksdalar 4 mark i løn for året til kvar.

Posten millom Oslo og Bergen gjekk vanleg ein gong um

--- side 101 ---

vika til 1804. Då vart det bygd ny veg over Filefjellet, og posten gjekk sidan to gonger um vika til i 1870-åri.

Postpengane for brev var større etter lenger brevet skulde gå. Eit brev på inntil eit ark kosta t. d. millom Oslo og Drammen 2 skilling, og millom Oslo og Bergen 10 skilling. Frå 1855 kom frimerke i bruk, og postpengane vart då eins for heile landet, nemleg 4 skilling for eit vanleg brev. Dei vart i 1871 nedsette til 3 skilling (sidan 1877 10 øre), men under Verdenskrigen sett upp til 20 øre. Etter ei uppgåve i «Norges Frimerker 1855-1924» vart det i 1857 sendt 3569 brev frå Voss.

Postopneri vart skipa på Vangen i mai 1759. Gastgjevar Johan Blomberg var nok fyrr og på ein måte postopnar, med di han tok ut og la inn brev under loket på postskreppa. Kven som vart postopnar i 1759 og i nærmaste tidi etter, veit me ikkje. Det har vel skift millom lensmannen, gastgjevaren, klokkaren og kapellanen. Georg Jersin skal ha vore postopnar, er det fortalt, medan han var kapellan hjå far sin 1794-1800. Lensmann Gusskalk Ringheim er nemnd som postopnar i 1800, Mattis Mølster i 1814, lensmann G. Ringheim att i 1816, kapellan Johan Flottmann i 1818, gastgjevar Karsten Reime i 1824-1827, pastor Kamstrup i 1827 og organist J. Kyte frå 1828. Han døydde 1839. På eit forhøyr i 1829 upplyste han at posten frå Oslo vanleg var i 2 postsekker. Den største vart ikkje opna millom Oslo og Bergen, men berre den minste. Forhøyret var halde av di det var teke pengar or eit brev. Det vart upplyst at største sekken var skadd fyrr posten kom til Tvinno.

Landhandlar T. Schlanbusch er umtala som postopnar i 1836 og i 1845, og det er fortalt at kaptein Olsen på Grovendal var postopnar ei tid. Sebastian Jersin på Basteryggen var postopnar til 1864, då han døydde, og deretter lærar Ola Kindem frå 1864 til 1875. Han hadde postkontoret på Langakammerset i 2dre høgdi i Heradshuset til 1869 og sidan i sitt eige hus på tuft 90. Huset der har sidan ofte vore kalla «Gamla Posthuse». Sakførar Max Skagen vart so postopnar og hadde kontor i huset sitt på tuft 38-39. Etter han kom i 1881 Bernt J. Johannessen som leigde kontor i Holbergshuset, seinare i Gamle Posthuset som han sidan kjøpte i 1890. Frå 1. juli 1890 gjekk postopneriet over til postkontor og Johannessen vart postmeister. Fr. Kjær vart postmeister i 1900. Han flytte postkontoret i 1904 til skomakar Brekke sitt hus på bruk 61 av

--- side 102 ---

Prestegarden og i 1917 til bruk 53 av Prestegarden, der postkontoret no er. Johannes Bjerkan er postmeister sidan 1927.

Ei lysing i bladet Vossingen i april 1873 syner at posten då kom frå Bergen sundag og onsdag middag og gjekk vidare til Oslo. Frå Oslo kom posten måndag morgon og fredag ettermiddag og gjekk til Bergen. Til Hardanger gjekk posten måndag kveld og fredag fyremiddag og kom frå Hardanger onsdag fyremiddag og fredag kveld.

I bygdi er skipa desse postopneri: Bulken i 1885, Ygre 1900, Urdland 1900, Reimegrend 1900, Mønshaugen 1903, Mjølfjell 1912, Palmafossen 1915, Reppen 1916, Kyte 1916, Skulestadmo 1918.

Ekspedisjonar ved Voss Postkontor.
1905 1932
Vanlege brev 144 500 176 000
Pengebrev 9 800 5 150
Rekomanderte brev 2 300 6 470
Pakkar 1 800 3 720
Posttilviingar:
innleverte, i tall 5 056 8 630
kr. 137 200 429 800
utleverte, i tall 938 8 339
kr. 43 300 558 900
Selde frimerke kr. 11 950 52 150

 

Är du säker på att du vill logga ut?