Voss Veksel- og Landmandsbank.
--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 108 --- Skipingsmøte for banken vart halde 1. mars 1899 etter innbjoding frå nokre menn. Til arbeidsnemnd vart valde: Handelsmann L. Kindem, overrettssakførar Fr. Lyng, gardmennene Olav Bjørgum, Josef Bakketun og lærar Anders K. Dagestad. |

Bilete 15. Nedregata. Frå vinstre Voss Veksel- og Landmandsbank, Prestegårds Hotell, Vossavangens Hotell og Vangens Bakeri. Fot. P. Braaten 1933.--- side 109 --- 1. september same året tok bankverksemdi til. Fyrste direksjonen var: Fr. Lyng, formann, L. Kindem, varaformann, O. Bjørgum, G. Rokne og G. Tofte. Lutmidelen som var kr. 100 000.00 vart seinare auka fleire gonger til 1918 då han var kr. 500 000,00 fullt innbetalt. Det vart leigt hus åt banken der Ramsdal sin handelsforretning no er. I 1907 kjøpte banken eigedomane, tuft 71 og 72, bygde nytt hus og har sidan halde til der. Banken sine rekneskapar for etternemnde år syner m. a. som midel i banken si varveitsle og som overskot:
Årsmøtet for banken vel eit representantskap på 16 lemer. Av dei er no 7 frå Vangen og 9 frå bygdi. Representantskapet vel direksjon og ettersynsmenn og tilset banksjef og revisor. Direksjonen tilset dei andre tenestemennene i banken. Formann i representantskapet er no bokhandlar A. Ullestad. Banksjefar har vore: Ludv. Hansen, Olav Bjørgum, Sjur Nesheim, C. Gjermundsen og no Lars Gjørvad. Formenn i direksjonen har vore Fr. Lyng, L. Kindem, Jens Lillegraven og no G. Rokne. Dei andre i direksjonen er no J. Lillegraven, A. K. Møn, Styrk Fjose og dokter Alf Harlem. |