Vossavangens Elektrisitetsverk.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 60 ---

Rognsfossens Aktieselskap, skipa 1892 kjøpte same året bruk 9, Strømsnes, utskilt frå Rogne, med mylnebruk og vassretten i Rognsfossen som høyrde til. I styret var L. Kindem, formann, N. J. Finne og Nils S. Fjose. Selskapet tok straks upp arbeid for elektrisitetsverk åt Vangen til elektrisk ljos åt husi og i gatone. 29. november same året gjorde selskapet vidare tilbod um å leiga til huseigarane på Vangen 25 vasshestekrefter som drivkraft for pumpeverk åt vassverk for Vangen. Det var og tinga um sal av selskapet sin eigedom til Vangen.

Det vart arbeidt mykje med desse sakene, men selskapet laut gjeva det upp av di det synte seg for liti interesse for dei på Vangen då, og tingingane førde soleis ikkje til noko. Selskapet bygde difor i 1894 ullspinneri med fargeri, drive av turbin med vasskraft frå demma som vart bygd ovanfor Rognsfossen. Namnet på selskapet vart brigda til «Voss industrielle Aktieselskap» og lutmidelen utvida til kr. 28 500,00. (Sjå vidare um Voss Ullvarefabrikk på bruk 9 Rogne).

I 1895 tok selskapet atter upp elektrisitetsverksaki, men då med fyresetnad å få skipa eige lutlag som bygde elektrisitetsverket og leigde vasskraft hjå selskapet. Det fekk Norsk elektrisk Aktiebolag til å arbeida ut kostnadsoverslag, og teikna fyrebils både luttakarar i eit ser lutlag og ljostingarar. No synte det seg etterkvart større interesse for saki. 21. februar 1896 heldt dei interesserte huseigarane eit møte, og det vart semje um å ta seg av saki. Det vart valt ei nemnd: L. Kindem, postmeister B. J. Johannessen, distriktslækjar H. Gjestland, G. Rokne og N. J. Finne, til å koma med turvande framlegg.

I nytt møte 23. april 1896 vart det nye lutlaget Vossavangens Elektrisitetsverk skipa. Til styre vart valde distriktslækjar H. Gjestland, postmeister B. J. Johannessen og fargar H. Vambheim. Overrettssakførar Fr. Lyng vart rekneskapsførar. Kontrakt vart sett upp med Voss industrielle Aktieselskap

--- side 61 ---

um leige av 65 turbinhestekrefter og husrom åt kraftstasjon. A/S Gjestvangs Ingeniørbureau tok på seg å byggja elektrisitetsverket. Då det var ferdig, vart det halde fagleg skyn. Det gjekk ut på at dynamoen og ymist anna i kraftstasjonen skulde bytast ut, og store umvølingar måtte gjerast med leidningsnettet. A/S Elektrisk Bureau tok då på seg å setja verket i full stand.

I februar 1897 brann ullvarefabrikken og kraftstasjonen. Denne ulukka for ullvarefabrikken kom for so vidt elektrisitetsverket tilgode dermed, at det fekk betaling i brandtrygdesummen ogso for det som skulde bytast ut. Elektrisitetsverket bygde so same våren eigen kraftstasjon. Turbinen hadde ikkje teke meir skade ved branden enn at han med noko vøling kunde brukast. Hausten 1897 kom verket i drift att. M. Bjørndal og Eirik Himle var i mange år vaktmenn i kraftstasjonen. Himle var samstundes verket sin montør.

Lutmidelen åt Elektrisitetsverket, 14 500 kronor var innbetalt og skift på luter på 100 kronor. I rekneskapen for 1899 er verket ført upp med kostnad kr. 27 530,00 og innkoma for ljos og kraft til kr. 6 423,00. I 1905 var innkoma kr. 6 719,00 og anlegget rekneskapsført med kr. 30 439,00. Overskotet på drifti 1898-1905, tilsaman kr. 10 211,00 vart då frådrege på anlegget, som deretter stod i kr. 20 228,00.

I 1905 var all elektrisk kraft burttinga, og det var krav etter meir. Det kom framlegg um å byggja ut det vesle vassfallet nedanfor Lundarosen. Ei nemnd vart vald til å arbeida med saki, nemleg L. Kindem, formann, N. J. Finne og G. Rokne. Vassrettar i Lundarosen og i elvi nedanfor vart då kjøpt av gardane Gjerdåk, Tvilde og Ringheim. Det vart kjøpt vassrettar i osen på Uppheimsvatnet på Vossastrondi og i elvi nedanfor på Ingebrikt Bidne sin eigedom.

Anders Vinje, som då åtte Voss Ullvarefabrikk, baud fabrikken fal, og 1. mai 1906 kjøpte Elektrisitetsverket ullvarefabrikken med dei rettar som høyrde til for 95 000 kronor. Selskapet fekk no namnet A/S Voss Elektrisitetsverk og Voss Ullvarefabrikk. Nye lover vart vedtekne og til styre vart valde L. Kindem, formann, N. J. Finne, Fr. Lyng, rekneskapsførar og kassestyrar, J. Lillegraven og Ivar Himle. Straks vart sett igang utviding av elektrisitetsverket frå 65 til 200 hestekrefter, turbinrøyr av jarnplator var arbeidde her og lagde i staden for

--- side 62 ---

trerennor som det var fyrr. Leidningsnettet vart umbygt. L. Kindem var leidar av arbeidet som vart ferdig hausten 1906. Rekneskapen for 1906 syner at elektrisitetsverket og ullvarefabrikken då kosta tilsaman 146 000 kronor.

Ullvarefabrikken vart i 1911 seld til E. T. Hoven, som skulde få leiga kraft åt fabrikken hjå Elektrisitetsverket. Etter at ullvarefabrikken var fråseld i 1911, vart ingeniør T. Østebø tilsett som styrar for Elektrisitetsverket og er det framleies. Etter at salet av ullvarefabrikken var ordna, er Elektrisitetsverket med vassrettar ført upp i rekneskapen for 1911 med kr. 120 795,00. Lutmidelen var auka fyrst i 1908 til kr. 20 000,00 og i 1911 til kr. 40 000,00. Innkoma for elektrisk ljos og kraft var i 1907 kr. 8488,00. I 1916 var ho kome upp i kr. 23 733,00 etter at ljosavgifti i 1915 var sett ned med 5 pct. Etter utvidingi av verket i 1906 kom det ogso til ymse utvidingar av leidningsnettet. Rekneskapen for 1916 syner, at då kosta anlegget kr. 127 155,00. Det hadde i åri 1898-1916 vore avskrive ialt kr. 26 683,00. Skuldi var kr. 82 500,00.

Etter ymse tingingar vedtok Bygningsstyret 25. august 1916 at Vossavangens Bygningskommune skulde kjøpa Elektrisitetsverket for kr. 140 000,00. Vedtaket fekk kongeleg stadfesting same året. All kraft var no burttinga, og det var sterke krav etter meir. Bygningsstyret vedtok difor i 1917 å byggja ny steindemme i elvi eit stykke ovanfor tredemma, og so høg at ho jamna ut fallet upp til Lundarosen. Or den nye demma skulde vatnet gå i tunnel til turbinrøyret. Vidare vart i 1918 vedteke å byggja um kraftstasjonen til murbygning. Ny turbin attåt den tidlegare vart kjøpt og dynamoane bytte med nye på 450 kilowatt. Leidningsnettet vart umbygt frå likestraum til vekselstraum. Det nye verket vart teke i bruk våren 1919, men var ikkje heilt ferdig fyrr i 1920. Ingeniør Erling Gjestland stod fyre arbeidet med utvidingi.

Den høgspente lina var på 6000 volt og var lagd som luftline. Seinare (i åri 1925-1930) er ho lagd i jordkabel. Han går frå kraftstasjonen i fleire greiner. Ein kabel går til Haugamoen med transformatorkiosk der, går vidare over Vosso til transformatorkiosk ved Landsgymnaset, derfrå til transfk. på Hestavangen ved Enkjeheimen, vidare langs Utrågata til transfk. på Holbergsplassen. Derfrå går kabelen til

--- side 63 ---

transfk. ved jarnbane-planovergangen for Finnesvegen. Ein kabel går frå kraftstasjonen langs Strandavegen og Hestavangen til transfk. ved Enkjeheimen. Ein kabel går frå kraftstasjonen etter Sverrevegen til transfk. ovanfor Lundhaugen. Alle høgspente linor er dermed lagde i kabel.

Elektrisitetsverket har etter utvidingi i 1920 ytt 400 kilowatt i vinterhalvåret. Men den auka krafti vart snart uppteki, og det var sterke krav um meir. Då Voss herad fekk semje med Bergen um utnytting av Torfinno, fekk heradet for ei tid rett til å leiga kraft frå kraftstasjonen på Dale. I desember 1930 vart det sett upp semje millom Vossavangens Bygningsstyre og Voss herad um levering av kraft frå Voss kommunale elektrisitetsverk. Heradet fekk i 1931 eit forskot på 100 000 kronor av Bygningsstyret. For dette skal heradet levera 300 kilowatt i 5 år til Vangen. I desember 1931 vart den nye kraftoverføringslina frå Dale ferdig. Ho har 20 000 volt spenning og endar i kraftstasjonen ved Rognsfossen. Der vert spenningi nedtransformert frå 20 000 til 6000 volt. Her er ogso no innlagt samleskinne for samkøyring millom dei tri kraftstasjonane Dale, Rognsfossen og Palmafossen. Leidningane frå Palmafossen er nemleg og førde inn i Rognsfossens kraftstasjon.

Kraftleveringi frå Dale tok til i desember 1931. Alt i slutten av mars 1932 var tinga burt over 350 kilowatt, altso burt imot like mykje som Rognsfossens kraftverk tidlegare kunde yta. Kraftstasjonen har i 1931 havt ein maksimalbelastning på 650 kilowatt. Kilowattimebruket på Vangen har år um anna inntil 1931 vore litt over 2 millionar, men har i 1932 auka til umlag 4 millionar.

Frå 1. januar 1932 vart innført ny pristabell for sal av elektrisk straum. Prisen på ljos vart sett ned frå 360 kronor for kilowattåret til 260 kronor. Dessutan vart prisen på ljos på mælar og til teknisk bruk nedsett. Det som har fått serleg interesse og vunne størst tilslutning er ein ny måte til utnytting av ljos og teknisk straum med overforbruksmælar. Fagfolk meiner, at dette er den mest ideelle nytting av elektrisiteten i hushaldet.

I styret for Elektrisitetsverket kom i 1910 lensmann Lillegraven som formann etter L. Kindem og dokter A. Harlem kom etter Lillegraven i 1912. Sidan bygningskommunen kjøpte elektrisitetsverket, har styret for det vore valt av Bygningsstyret.

--- side 64 ---

Frå 1917 var det dokter A. Harlem, formann, J. Lillegraven og G. Rokne, frå 1920 L. Skutle, formann, Torstein Seim og Johannes Farestveit. Telegrafstyrar B. Vold var formann ei tid i 1924 og frå 1925 var det telegrafstyrar A. Schreiner til 1. juli 1932. Sidan er det Abel Ramsdal. Dei andre to i styret var A. K. Midttun og Abel Ramsdal i 1925, ingeniør T. Kvamme og E. Bergersen i 1926-28, T. Kvamme og A. Ramsdal i 1929-30 og T. Kvamme og A. K. Midttun i 1931-32.

1. januar 1925 leigde verket burt 200 kilowatt til ljos (medrekna kombinert kraft) og 445 kilowatt til teknisk bruk. Innkoma av kraft var i 1924 kr. 129 600,00. I 1929 var dei tilsvarande tal umlag dei same som i 1925. I 1931 var innkoma kr. 132 200,00. I rekneskapen er pr. 1/1 1921 kostnaden av Elektrisitetsverket ført upp med kr. 883 739,00. Verket er i 1921-1929 påkosta kr. 48 105,00, so det tilsaman står i kr. 931 844,00. 31. desember 1931 var skuldi på Elektrisitetsverket kr. 554 000,00.

Fyrr Elektrisitetsverket kom, var det ikkje gateljos på Vangen med undantak av at sume huseigarar dei siste åri hadde sett upp oljelykt utanfor huset sitt. Elektrisitetsverket sette upp gatelampar og heldt gateljos frå verket tok til. Frå 1910 til 1920 ytte heradsstyret frå 120 til 300 kronor årleg. Sidan 1921 har heradsstyret kosta turvande monteringar av gatelampar og ytt halve betalingi for krafti til dei. No er det umlag 100 gatelampar på Vangen.

Är du säker på att du vill logga ut?