Ymse hendingar på Vangen.
--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 376 --- Flaumar.Eldste folki som no lever, veit å fortelja um storflaumar so Vangsvatnet har gått meir eller minder upp på dei husi på Vangen som står lågast. Slik storflaum var det i 1862, 1864, 1871, 1873, 1874, 1884, 1888, 1918, 1921, 1924 og visst fleire gonger som folk kann minnast. I 1864 laut eit brudlaupslag or Vestbygdi reisa vegen um Ullestad, Seim og Lydvo av di det ikkje var framkomande etter postvegen. Heller ikkje i 1873 kunde dei koma fram postvegen under Lydvo, for flaumen si skuld, er det fortalt. I 1884 var vatnet so høgt at det rann over vegen til Kalvatjødnæ, der Voss Bokhandel no er. Jarnhandlar Knut Rokne har fortalt at vatnet då var 26 tumar høgare enn i 1873. 2. november 1888 skal Vangsvatnet ha vore mest like høgt som i 1873 og 5 turnar høgare enn i 1918. I bladmeldingar frå 1918 heiter det at 11. oktober gjekk Vosso upp under langbjelkane på Vossabrui, og at Voss Bad var truga. Vangsvatnet kom austanfor kyrkja upp til Vossagata. Bilete 52 syner flaumen nedanfor Jarnbanestasjonen. Ein mindre flaum var det hausten fyreåt. Storflaumen 26. juli 1921 er den største på den årstid som folk minnest. Eit fælslegt torever gjekk 7. oktober same året. Ljonet slo ned 5-6 stader på Vangen og gjorde skade på elektriske transformatorar og sveid nokre husvegger. I uppteikningar frå ein og annan er fortalt um store flaumar tidlegare. Ved Lilandsosen vart i fyrstningi av 1860-åri elvelaupet noko utvida og senka. Det er difor truleg, at det fyrr har vore større flaumar i Vangsvatnet enn dei som er nemnde ovanfor. Ei uppteikning melder at 9de sundag etter trinitatis 1719 skal det ha vore den største vassflaum som nokon hadde høyrt um. Vangsvatnet gjekk då 4 alner upp på husi i Prestegarden og so høgt i kyrkja at dei rodde med båt til altaret. Stallane --- side 377 --- ovanfor kyrkja flotna upp og kom på rek. Um flaumen 5. desember 1743 er uppteikningar frå fleire som har høyrt fortalt um han. Erling Kvitno som døydde 1830, 82 år gamal, har skrive at han hadde høyrt at vatnet gjekk i kyrkja upp til koret, og stod 4 alner upp på husi so det flaut inn gjenom vindaugone i hus på Vangen. Nokre hus vestanfor klokkarhuset flotna upp og rak burt åt kyrkjegarden, og 4 vindaugo |

Bilete 52. Flaumen 11. oktober 1918. Fot. Ludv. Bru.vart slegne inn hjå klokkaren. L. O. Gjerde har skrive at Vangsvatnet i 1743 slo inn glasrutor hjå klokkar Horsenius, og sokneprest Jørgen Harboe laut flytta til Ullestad for ei tid. Josef Bjørgo som døydde 1876, 59 år gl., har skrive upp at han hadde høyrt at dei rodde med båt like til altaret i kyrkja. Ei onnor uppteikning melder det same. Ei tridje melding segjer at dei kunde ro til kyrkjegardsgrindi. Over heile Vestlandet var det eit forferdelegt uver i 1743. I 1745 skulde og flaumen vera so stor at vatnet gjekk upp i kyrkja, er det fortalt. Fastelags sundag 1755 vart ikkje halde gudsteneste i kyrkja av di det var slikt stormande ver og snøfok at folk ikkje kunde koma til kyrkje. Soknepresten har --- side 378 --- skrive i kyrkjeboki 1781 at fyrste sundag etter Kristi openberring var presten ferdig til å halda gudsteneste i kyrkja, men eit stormande uver hindra ålmugen å samlast, og det vart ikkje nokor teneste av. I 1790 skal ha vore ein storflaum mest like stor som i 1743. Natti til joledag 1806 var det ein overhendig orkan. Mykje blyplator og pannor vart rivne av taket på kyrkja, verhanen og ei massingkule bles av kyrkjetårnet. Stormen tok verhanen heilt inn i Uttråæ, er det fortalt. Vestre og nordre våpenhuset på kyrkjegarden vart rivne ned. Samstundes var det stor flaum. Lauseld.Lauseld har det vore nokre gonger som nolevande folk minnest. Truleg må det ha vore lauseld tidlegare og. Då dei i 1930 grov veit for kloakkleidningi i Vossagata ved kyrkja, fann dei umlag ½ meter djupt eit svart jordlag frå nordvestre hyrna av kyrkjegarden til ikring midt på han. Dette jordlaget såg ut som det skulde ha vore brand der. I 1880 var det brand i Prestegarden, lødebygningen og ei liti bu brann upp då. Nokre krøter gjekk og med. 4. februar 1897 brann Voss Ullvarefabrikk og Vossavangens Elektrisitetsverk heilt ned. Jolaftan 1897 medan folk sat ved kveldsbordet eller gjekk umkring jolatreet, høyrde ein ropet brand. Det var i Lekvesmoen. Elden var byrja på bruk 53. Huset både der og på bruk 39 og 18 strauk med. Dei stod i ei rekkje. Eit par av dei nærmaste husi var sterkt truga, men slapp med sviden bordklædning. Veret var stilt og det var rikelig med vatn i Kalvatjødnæ so folk greidde avgrensa elden med dei simple sløkkjegreidone, dei då hadde. Um branden i Fleischers Hotell i 1888 sjå side 213. Huset på bruk 56 i Lekvesmoen brann ned i 1925. Nye hus er bygde upp att etter alle desse lauseldane. Huset på tuft 91 på Gamle Vangen brann ned fyre 1910. Nokre mindre lauseldar har det og vore som er sløkte i huset. Spådomar.Etter at brui kom over Vosso i 1866, skal det ha vore spådd at Vangen vilde verta so stor at Vossabrui kom til å liggja midt i byen. Folk trudde då ikkje stort på det, men med den grensa Vangen no har fått, skil det ikkje mykje på at spådomen vert til røyndom. Kristi Olavsdr., fødd på Nyre ikring 1775, budde på Sjeddikane ovanfor Dukstad og var noko av ei spåkvinne. Folk fortel at det ofte slo til etter spådomane hennar. Lang tid fyrr nokon drøymde um jarnbane til Voss, --- side 379 --- sa ho ein gong at det skulde koma rjukande vogner til Vangen. Ein annan gong sa ho at når Vangen vert so stor at Vosso renn midt gjenom byen, skal han søkkja ned. Ein annan skal ha sagt at det ein gong i eit fælslegt uver med stor flaum kjem til å losna store stykke or fjellet ved Lilandsosen og demma upp elvi, so Vangsvatnet går upp over Vangen. |