Ymse merknader og avstyttingar.
--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 19 --- I utgreidingane um gardsnamni tyder tali 1 og 2 etter namni at namni vert uttala med einstavings eller tostavings tonelag. Bjørgynjar Kalfskinn, i Vossaboki ofte innkorta til B. K., er skrive av bispen i Bjørgvin ikring 1350. Der er uppgåve over kyrkjegodset og prestegodset i Bjørgvin bispedøme. DN. tyder Diplomatarium Norvegicum. Det inneheld ei stor mengd diplom og brev frå slutten av 1100-talet og til ikring år 1600. Jordskyldi er alltid smørskyld når ikkje noko anna er sagt. 1 laup er 3 pund (bismarpund), 1 pund er 24 mark. 1 spann er 18 mark. I den nye matrikkelen er ei skyldmark lik 100 øre. Fjerdingkar er eit dansk mål og er fjordeparten av ei skjeppe eller ein to og tredivte part av ei tunne på 144 pottor. Månadsmatabol (mmb.) er stundom kalla mamatabol. Ein riksdalar var 6 mark, og det var 16 skilling i ei mark. Ein speisidalar var 5 ort, og det var 24 skilling i ei ort. I matriklane 1838 og 1865 brukte dei matrikkelnummer (mtrnr.) og løpenummer (lnr.); i den nye er det gardsnummer og bruksnummer. Sperreskog er tre passeleg store til sperror. Skvettekvern er kvern med ståande kvernkall. Åttungs- og grendnamni er i Vossaboki ofte avstytte soleis: Bordalen (Bord.), Borstrandi (Borstr.), Dalane (Dal.), Dyrvedalen (Dyrv.), Giljane (Gilj.), Gullfjordungen (Gullfj.), Kvitli (Kv.), Raundalen (Rd.), Reppen (Rep.), Tjukkebygdi (Tjukkeb.), Vassvøri (Vassv.), Vestbygdi (Vestb.), Vossastrondi (Vossastr.). Som stadtilvising er stundom nytta poststadene på Voss: Bulken, Kyte, Mjølfjell, Mønshaugen, (Mønsh.), Palmafossen (Palmaf.), Reimegrend, Reppen (Løno), Skulestadmo (Skulest.), Urdland, Voss (Vangen) og Ygre.
|