32. Apaltun.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 214 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Appalðrershusi, i 1695 Appeltun. Det vert no sagt Apaltúné eller Apalstúné eller oftast berre i Túnè; han búr i Túne, è ór Túnè, ska í Túné eller aot Túné. Namnet er samansett, fyrelekken er apal, gn. apaldr. epletre, etterlekken er tun, som har kome i staden for det eldre hus.

Apaltun var øydegard i 1661 med skyld 12 mark og hadde ein brukar. Meir er ikkje sagt um garden då. I 1723 heiter det at garden var rudd «efter den gamle matrikkel fra den gaard Honve». Det var ikkje skog og ikkje kvern eller fiske. Garden var ring, ring korngard og ring forgard. Skyldi som i 1661. Skyldi var den same i 1838 og vart då umskrivi til 2 ort 16 skill. Samanlikningstalet var 80.

I matrikkelen av 1865 er ført upp 3 mål åker, 1 mål dyrka eng, 7 mål god, 2,5 mål medels natureng og 1,5 mål skrapebø. Der var ikkje sumarhamn og vårhamni var ring. Vedaskog var det, men ikkje timber. Garden var sers lettbrukt, utsett for turk og dyrka som vanleg. Ingi lunnar. I 1918 er garden Apaltun komen saman med Vetla Hornve.

På Apaltun budde i 1801 5 menneske, i 1865 4 og i 1920 2.

--- side 215 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Apaltun.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723     2   3   3      
1865     3   6   9   12  

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangskyrkja åtte ½ laup i Apaltun. Gyrvhild Fadersdotter (Gyldensparre) skøytte 1582 ½ pund i Apaltun til kongen. Hannibal Sehested fekk kongeskøyte på Apaltun 1648 ført upp med 6 mark i skyld, men laut lata han attende til kongen i 1651. Han selde so i 1657 til Gabriel Marselis. I skattemanntalet for Finnegodset 1657 står at skyldi var 12 mark på Finnegodset i Apaltun. Sehested fekk kongeskøyte 1649 på leidangen til Apostelgodset ½ pund smør og 1 geitskinn. 1661 var Apaltun øydegard med ½ pund i skyld og høyrde til Finnegodset. Brukaren heitte Sjur. Ivar Johannesson var brukar i 1664. Futen tok upp tingsvitne i 1668 at garden låg øyde og ikkje var tilsådd. Lensmannen har i 1679 teke upp tingsvitne um Ivar Apaltun, som gjekk under namnet Ivar Sleve. Ålmugen på tinget sa, at han hadde fått dette namnet medan han tente i Prestegarden, for då skulde han ha sete i 8 dagar og arbeidt med «ein sleiv». Klas Miltzow åtte garden i 1680 og 1691. Ei enkje var brukar 1691. Olav Person, 66 år gl. var leiglending i 1701. Henrik Miltzow åtte garden i 1714. Lars Larsson var leiglending i 1715 og har 1721 fått nytt festebrev frå Miltzow. Lars var gift andre gongen 1721 med Anna Nilsdr. Vetla Røte og døydde 1738. Med fyrste kona hadde Lars sonen Mons Larsson Kvarakvål og dotteri Anna, gm. Anders Mikkjelson Lydvo.

Lars Eirikson har kjøpt garden av Henrik Miltzow i 1733 og selde i 1740 til Mons Henrikson. Han døydde 1743, 22½ år gl. Ved skiftet etter han fekk Ivar Olavson Dolve garden. Han var gift 1745 med enkja Marta Tormodsdr. Apaltun. Ivar selde garden att 1752 til Per Ingebriktson. Han let garden i 1758 til Torleiv Olavson Gjerme, som i 1760 kjøpte løysningsretten til Apaltun (12 mark) av kongen for 2.1 rd. Gabriel Marselis hadde kjøpt jordgodset i 1657. Per Ingebriktson fekk garden attende i 1764. Han selde so 1770 til Olav Eirikson Lid for 180 riksdalar. Han selde att 1776 til Kari Torkjellsdr. Ho gifte seg 1781 med Per Arveson Skjeldal. Han selde att 1786 til Brynjulv

--- side 216 ---

Jonson Vinjo i Holbygdi. Brynjulv var gm. Anna Gusskalksdr. og hadde medan dei budde på Apaltun to born: Jon f. 1787 og Åsa f. 1789.

Brynjulv bytte i 1789 med Per Arveson uti ½ laup i Øvre Skutle. Per har so bytt 1793 med Eiliv Davidson, som same året bytte med Jørgen Olavson uti 6 mark i Hjellen, Holbygdi. Jørgen var gift andre gongen med Borghild Sjursdr. Olav Andersson har deretter vorte eigar og i 1804 selt til Olav Olavson. Han var gift 1806 med Marta Jonsdr. Vossabakken, døydde 1836, 51 år gl. og hadde tri born: Jon f. 1812, Anders f. 1817 og Synneva f. 1806. Jon gifte seg 1841 med Anna Sveinsdotter Midtun og fekk garden i 1837 for 206 spd. Båe døydde i januar 1858. Garden vart seld på auksjon i 1850 til Anders Halleson Dagestad for 182 spd., som selde att 1852 til Nils Jonsson for 225 spd.

Johannes Hansson frå Samnanger kjøpte so garden på auksjon i 1859 for 360 spd. Johannes var f. 1822, gifte seg andre venda 1869 med Anna Larsdr. frå Samnanger og døydde 1901. Han var bygningsmann og dreiv fleire år med å skyssa posten millom Flògo og Vangen. Sonen Johan f. 1871, gm. Marta Knutsdr. Tvilde, fekk garden. Dei budde på Vangen, der han dreiv gullsmedforretning. I 1911, då Johan var død, selde ho Marta garden til Sigvor Nilsdr. Røte f. 1867. Ho selde att 1916 til Johannes Hallsteinson Vetla Hornve.

Apaltun var fyrr mtrnr. 32, lnr. 76 med gamal skyld 12 mark, urevidert 2 ort 16 skill., revidert 3 ort. Ny skyld 87 øre.

Husmenn.

Som husmenn er umtala: Steffa T. i 1701, Torkjel Nilsson i 1730-åri, gm. Anna Endresdr. og døydde 1739. To born: Nils f. 1713 og Kari f. 1715.

Offentlege forretningar.

Godviljug utskifting 1843, semje med Vetla Hornve um merkeslina, jarnbanetakst 1878, utskifting og steiningsforretning i Søteigen 1826 og utskifting 1913-14.

Ymse.

Enkja Marta Tormodsdr. Apaltun møtte på tinget på Vangen 1743 og klaga over at ved Mikeli tider hadde det vore lauseld på Apaltun. Fire hus var lagde i oska med alt det ho åtte. Det var sovidt ho med dei to borni sine mest nakne fekk redda seg. Tingålmugen vitna at det var so. Det var for å sleppa skatt at ho melde um det på tinget.

Bumerke.

Lars 1737 tavle 2 nr. 58.

Är du säker på att du vill logga ut?