39. Bauthus.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 254---

Namnet vert i 1490 skrive Bauthus. No vert sagt Bautús; han búr pao, è tao, ska tì Bautús. Namnet er samansett av eit ord baut og hus. Ordet baut heng vel saman med gn. bauta, slå, støyta, men kva meining det elles er lagt i det her, er uvisst. Gn. Bauthús.

Bauthus var øydegard i 1661 med skyld 1 laup 1 spann og ein brukar. Der var vedaskog. I 1723 er Skyldi sett ned til 2 pund 6 mark. Der var ein liten humlagard, var knapt um vedaskog og ikkje kvern. Garden var medlungs og lettvinn «fjelljord». Skyldi er den same i 1838. Samanlikningstalet var då 230. Der var lite vedaskog og noko kvernavatn. Matrikkelen av 1865 fører upp 5 mål åker 7 mål god, 14 mål medels natureng og 30 mål skrapebø. Det var ring vårhamn og ikkje sumarhamn, vedaskog, men ikkje timber. Garden var svært tungbrukt, utsett for å svida, hadde ingen lunnar og var dyrka som vanleg. I 1918 var det 4 mål åker, 0,5 mål kunsteng og 12,5 mål natureng.

Det var 4 menneske på Bauthus i 1801, 9 i 1865 og 4 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Bauthus.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   10              
1723     9   9   9      
1865 1   5   16   11   11  
1918 1   3              

--- side 255 ---

Bauthus er einbølt gard. Munkeliv kloster åtte i 1490 9 mmb. i «Bauthus som ligger i Brekka» (DN. XII. nr. 257). Kyrkjerekneskapen 1585-1616 syner at Vangskyrkja fekk ½ aske kom i landskyld av eigedomen sin på Bauthus. I 1591 og 1611 var Laurits brukar. Leidangsboki for 1624 melder at leidangen på Bauthus var 5 mark smør, 1 kalvskinn og 1 sauskinn. Jakob er førd upp som leiglending 1603, 1611 og fleire gonger til 1636. Siste året slapp han skatta av di han var so fatig. Jakob Adamson i 1645, g. m. Sigrid, må vera den same. Då var der ein leiglending til, Åmund Hagenson, g. m. Anna, og dei hadde dotteri Åsa. Kyrkjerekneskapen 1654 syner at Vangskyrkja fekk i årleg landskyld 1 såld korn og 1 pund smør av eigedomen sin på Bauthus. Allehelgenskloster åtte 1652 og 1661 3 spann og bispestolen 2 spann i Bauthus. Ei enkje var brukar 1652, 1655 og 1661, men i 1657 var det Åmund. Olav Eirikson g. m. Åsa Åmundsdr. var brukar 1664 og 1691. Då åtte Jens Schjelderup 3 spann og bispestolen framleies 2 spann i Bauthus.

I 1701 er Svein Eirikson, 48 år gl., leiglending. Per Monsson fekk skøyte i 1700 frå prost Christen Weinwich på ½ laup. Otto Weinwich bygsla 1712 til Olav Skackson Hellesnes ½ laup. Olav var gift 1713 med Ragna Sveinsdr. og hadde borni: Mons f. 1714, Marta f. 1715 og Gunnhild f. 1719. Eigarane i 1714 var: Bispestolen ½ laup, Vangskyrkja 2 mark og Otto Weinwich 2 pund 4 mark. Då kongen i 1723 selde Vangskyrkja, fylgde kyrkja sine 2 mark med henne. Svein og Olav var brukarar i 1715 og Svein og Knut i 1723. Svein Eirikson var gift som enkjemann 1714 med Brita Erlingsdr. og hadde borni: Sigrid f. 1715 og Eirik f. 1717, død 1736. Ho Sigrid gifte seg 1739 med Rasmus Asbjørnson Selheim og fekk same året dotteri Gudve. Leiglendingen Knut kjøpte 1715 ½ laup og enkja hans åtte i 1750 2 pund 4 mark i garden.

Torbjørn Ingebriktson vart leiglending ikring 1750, var g. m. Sisselja Oddsdr. og døydde 1778, um lag 60 år gl. Det var 6 born etter dei: Ingebrikt, Odd, Knut, Nils, Eirik og Kari, fødde ikring 1750-1765. I 1762 har Olav Nilsson Tren gjeve 3 spann i Bauthus til dotter si, Ingjerd Store Saude. Jon Larsson Vike fekk i 1780 skøyte på 3 spann og selde det året etter, truleg til Aslak Henrikson Rykke. Han bytte i 1782 med Torgis Arnfinnson uti 1½ laup i Ullestad. Torgis budde sidan på Bauthus, var g. m. Marta Sjursdr. og døydde 1785. Det var

--- side 256 ---

seks born etter dei: Arnfinn f. 1757, g. 1792 m. Sigrid Samsonsdr. Brattåker, Sjur f. 1760, g. 1790 m. Ingjerd Knutsdr. Store Grovu, Jon f. 1766, flytte før 1783 til Kjøbenhavn som soldat i Livgarden, Lars f. 1771, Knut f. 1771 død 1771, Knut f. 1777 død 1862, Brita f. 1763, Rannveig f. 1768 død 1771, Rannveig f. 1775 død 1776. Arnfinn fekk 2 pund 4 mark i garden 1786, men bytte same året med Nils Larsson uti 12 mark i Fagnastølen.

Nils selde so 1791 til Olav Halldorson 2 pund 4 mark. Vangskyrkja åtte framleis 2 mark. Olav var g. m. Brita Mikkjelsdotter og døydde 1801, 53 år gl. utan born. Ho Brita gifte seg att 1802 med Nils Masson Lydvo som fekk skøyte på garden 1804. Då ho Brita døydde, gifte Nils seg 1820 med Ragnhild Arnfinnsdotter Gjerde og døydde 1840, 70 år gl. Dei hadde dotteri Brita, f. 1821, som 1843 gifte seg med Olav Hallsteinson Grindaland. Ho Ragnhild selde garden 1859 til sakførar A. Thorsen for 400 spd. og han let garden i 1861 til Bjarne Sjurson Rjodo for 535 spd. Bjarne var fødd 1824, g. m. Anna Torsteinsdr. Saude og døydde som gardmann på Rene 1907. Han selde Bauthus i 1871 til Margreta Arnfinnsdr. Finne for 1000 spd. Ho var f. 1810, døydde ugift 1895, hadde garden i 10 år og selde so 1881 til Anders Sjurson Møn for 3760 kronor med kår åt seg. Han var f. 1839, g. m. Kirsti Knutsdr. Haug og døydde 1931. Sonen Anders fekk garden i 1919 for 6000 kronor, er f. 1889 og g. m. Brita Erlingsdr. Dolve.

Garden var fyrr mtrnr. 39, lnr. 89 med gamal skyld 2 pund 6 mark, urevidert 1 dalar 2 ort 15 skill., revidert 1 dalar 1 ort 4 skill. Ny skyld mark 1,80.

Støl.

Støl var det ikkje til garden i 1723. Då Nils Larsson bytte seg til Bauthus i 1786, heiter det at ein støl kalla Vålakrokjen fylgde med Bauthus. No er der ikkje støl til garden. Vårhamn har dei i heimemarki.

På Bauthus var åstadsak i 1802 og forretning um merket mot Brekku og Raustad i 1903. Semje var i 1899 gjord med bruk 3 Lydvo um leiding av vatn. Alle husi på garden brann 1893 med innbu og avling.

Bumerke.

Olav 1715, 1716 tavle 2 nr. 88. Torbjørn 1759 t. 2. nr. 89. Torgis Arnfinnson 1782 t. 2 nr. 90.

Är du säker på att du vill logga ut?