120. Brattåker.
--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 278--- Namnet vert i 1695 skrive Bradtager. Det vert no sagt Brattaokùr2 (i daglegtale vanleg Plasse); han búr pao, è tao Brattaokùr, ska tì Brattaokùr. Namnet tyder beint fram bratt åker. Brattåker er ikkje umtala av Landkommisjonen 1661, men i 1691 er garden førd upp under Apostelgodset med eigar Henrik Miltzow og Torgeir som brukar. Garden er og førd upp i folketeljingi 1701, og har heile tidi vore einbølt gard. I matrikkelen 1723 står at Brattåker for mange år sidan var upprudd --- side 279 --- og hadde høyrt til Urdland. Det er fortalt at Brattåker har vore plass under Urdland og i dagleg tale kallar ein ofte no og Brattåker for Plasset. Skyldi vart sett til 9 mark og høyrde til Apostelgodset. Garden hadde litt vedaskog, var medels god og lettbrukt, men hadde ikkje humlagard, kvern eller husmannsplass. Skyldi var den same til 1838, då ho vart umskrivi til 1 dalar 1 ort 15 skill. Det var då turvande vedaskog og never til sal. Samanlikningstalet var 200. Matrikkelen 1865 melder at der var 7 mål åker, 6½ mål godt og 13 mål medels natureng og 25 mål skrapebø. Der var medels vårhamn, ring sumarhamn, turvande vedaskog og litt timberskog. Garden var tungbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 4,8 mål åker, 8 mål kunsteng og 3 mål natureng. Det budde 6 menneske på Brattåker i 1801, 4 i 1865 og 5 i 1920.
Enkja Brita Olavsdr. var leiglending i 1701. Ho hadde vore g. m. Olav og hadde sønene Jon f. 1694 og Olav f. 1697. Ho Brita døydde 1739, og ved skifte etter henne åtte buet 7½mark i garden og noko i Fagnastølen og Davidhaugen. Askjel Fagnastølen åtte heile Brattåker i 1714, og Jon Olavson var leiglending. Olav Olavson bygsla 12 mark i 1723 av Askjel Fagnastølen og i 1726 3½ mark av Olav Jensson i Bergen, som kona hans hadde ervt. Olav er skriven for Sygnaberde då han 1713 gifte seg med enkja Soffi Hallvorsdr. Sygnaberde. Han gifte seg andre gongen 1722 med Guri Torgesdr. Ullestad. Ho var gift fyrst med Anders Oddson Flatekvål. Olav og Guri hadde borni Askjel f. 1728 og Olav f. 1730 og kann henda fleire. Kristen Jakobson bygsla i 1733 7½ mark av Brita Olavsdr., kjøpte av Olav Sygneberde 4½ mark i 1734 og i 1740 av fire såmne tilsaman 7½ mark. Kristen hadde to døtter: Ingebjørg, --- side 280 --- g. 1744 m. ekm. David Stuarjo og Marta g. 1753 m. Olav Olavson Lunde. Kristen bytte i 1753 med Olav Botolvson uti 27 mark i Lunde på Vossastr. Båe gardane var då taksta 80 rd. Olav selde Brattåker dagen etter til versonen Lars Styrkson Giljarhus, men kjøpte det att i 1755. Olav selde att same året til Ivar Olavson Graudo. Ivar Olavson gifte seg 1757 m. Herborg Hansdr. Røte og bytte i 1763 med Erling Monsson uti Urdland. Erling fekk på Urdland to born: Herborg f. 1760 og Eirik f. 1761 og på Brattåker tri born: Åmund f. 1763, Herborg f. 1766 og Steffa f. 1767. |
Bilete 32. Brattåker. Fot. P. Braaten 1936.Erling selde Brattåker i 1768 til Tormod Jørgenson Nedre Graudo. Han var gift 1. m. Marta Gusskalksdr., som døydde 1775, 56½ år gl. 2. 1776 m. Anna, Torleivsdr. Øvre Graudo. Ved skifte etter Marta var det auksjon på garden, og Tormod kjøpte han for 450 rd. Han døydde 1782, 52 år gl., og Anna gifte seg att 1786 m. Eirik Knutson Saude. Tormod og Marta hadde to born: Dønåt f. 1759, g. 1795 m. Styrk Mikkjelson Bø, og Ragnhild f. 1764, g. m. Lars Davidson Hustveit. Bruttomidelen ved skifte etter Tormod var 568 rd., derav for garden 450 rd. Brattåker vart seld ved auksjon med kår for Anna Torleivsdr. --- side 281 --- i 1783 til Brynjulv Torleivson Graudo. Han selde att 1784 til Mattis Larson Fagnastølen, som atter selde 1786 til Svein, bror sin. Mattis var gift med Kari Sveinsdr. og fekk 1784 dotteri Gjertrud. Svein var g. m. Sigrid Samsonsdr. og døydde 1791. Ved skifte etter han var Brattåker verdsett 350 rd. og bruttomidelen var 428 rd. Det er ført upp fem born: Rannveig f. 1779, Marta f. 1781, Lars f. 1782, g. 1803 m. Sigvor Larsdr. Tøn, han var sersjant og døydde 1813, Torbjørn f. 1785 og Knut f. 1789, g. 1823 m. Kari Knutsdr. Teigen. Ho Sigrid vart attgift 1792 m. Arnfinn Torgeirson Fagnastølen, som same året kjøpte Brattåker av borni hennar. Han døydde 1824, 66 år gl. og ho Sigrid 1834. Dei hadde sønene Torger f. 1793 død 1803 og Svein, f. 1795, g. 1816 m. Marta Godvinsdr. Ronve. Han fekk garden i 1819 og døydde 1833. Ved skifte etter han var garden taksta 340 spd. og skogen 20 spd. Bruttomidelen var 541 spd. Born: Torbjørn f. 1816, Torgis f. 1817, Ingebjørg f. 1821, g. 1849 m. Knut Larsson Hildestveiti, Arnfinn f. 1824, Sigrid f. 1826, Marta f. 1829, g. 1855 m. Olav Brynjulvson Ringheim, Lars f. 1833. Styrk Larsson Lemme kjøpte Brattåker på auksjon i 1835 for 484 spd. Han var f. 1795 og g. m. Kari Davidsdr. Hylle f. 1799. Dei hadde seks born: Anna f. 1827, Lars f. 1829, Anders f. 1837, Brynjulv f. 1839, Styrk f. 1842 og Ingebjørg f. 1847. Lars vart g. m. Sisselja Løn, Vossastr., var skulelærar på Voss og seinare rekneskapsførar for Rolfsens Melteri i Bergen. Borni deira reiste til Amerika. Ivar Larsson Brekku kjøpte Brattåker i 1851 for 400 spd. av Styrk og døydde 1860, 62 år gl. Sonen Lars gifte seg 1855 m. Brita Bjarnesdr. Røyrlidi og dotteri Anna vart g. 1855 m. Olav Larsson Kleivane. Nils Olavson Vålo kjøpte so garden i 1861 for 440 spd. Han var f. 1806 på Vålo, g. 1833 m. Brita Persdr. Store Hegg og døydde 1901. Deira dotter Marta f. ikring 1848 gifte seg 1871 m. Brynjulv Askjelson Heimberde, som i 1874 fekk garden hjå far hennar for 250 spd. Han selde i 1889 til Anders Oddson Bø, Rd. Han var f. på Skiple 1853, g. 1888 m. ek. Ingebjørg Olavsdr. Kvarakvål og døydde 1908. I 1904 selde han garden til Lars Jensson Kolvu for 2100 kronor. Lars er f. 1877 på Hagen, g. 1898 m. Gjertrud Ivarsdr. Kvarakvål, budde på Brattåker til 1912, då han selde for 3500 kronor til Eirik Nilsson Tverberg, fødd på Hefte. Eirik er g. m. Bryttva --- side 282 --- Johannesdr. Han har skøytt garden 1935 til Eirik, son sin for 2000 kronor. Brattåker var fyrr mtrnr. 121, lnr. 240 med gamal skyld 9 mark, urevidert 1 dalar 1 ort 15 skill., revidert 1 dalar 2 ort. Ny skyld mark 2,04. Stovehuset på Brattåker er ei gamal rotstove med jarnbjelke. Kvern har det ikkje vore fyrr i 1800-talet. Ho stod i Urdlandselvæ. Støl.Stølen var ¼ mil frå garden heiter det i 1723. Brattåkerstølen ligg ovanfor garden i vest for Urdlandstræ'e. Offentlege forretningar.Semje var gjord i 1907 med Hans K. Grovu um kvernaveg. I 1914 var det Skilsdom um grensa mot Urdland. Ymse.Gardane frå nr. 120 Brattåker til nr. 154 Mæringi ligg i Raundalen. Frå gamal tid har bygdi vore skift i grender. Til brudlaup, sjaundar (gravferd), dugnad og sume andre høve vart bedne nokon i kvar huslyd på gardane i grendi. Gardane Brattåker til og med Vålo (Smaogardane) var ei grend. Gardane Kolvu og Lindberg til og med Kvåle, med samnamnet Liagardane, var ei grend, frå Heimberde til og med Skiple, kalla Beresgardane var ei grend o. s. f. Bumerke.Olav 1728 tavle 6 nr. 6. Kristen 1734, 1738 t. 6 nr. 7. Erling Masson 1768 t. 6 nr. 8. |