29. Byrkjo.
--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 197 --- Namnet vert umkring 1300 skrive Birkiar, i dativ Birkium. Det vert no sagt Bỳrkjó, han búr pao, è tao Byrkjó, ska tì Bỳrkja, sms. Bỳrkjatúó. Den upphavlege formi er Birkiar f. fl. (genetiv Birkja, dativ Birkjum), avleidt av birki n. (bjørkeskog). --- side 198 --- Byrkjo er førd upp som halv gard i 1661 med skyld 3½ laup og to brukarar. Elles er berre sagt at der var vedaskog. I 1723 er skyldi den same og to brukarar. Der var humlagard, noko Ute vedaskog, men ikkje kvern eller fiske. Garden var årvand og noko tungvinn. Gamle skyldi var ubrigda i 1838 og vart då umskrivi til 8 dalar 1 ort 11 skill. Samanlikningstalet for Byrkjo var 1250. Garden hadde vedaskog. Matrikkelen av 1865 fører upp 231/3 mål åker, 3 mål dyrka eng, 36 mål god, 10,5 mål medels natureng og 14,5 mål skrapebø. Ring vårhamn og inkje sumarhamn. Det var vedaskog og noko timberskog. Garden var lettbrukt, dyrka medels godt, men uten lunnende. I 1918 var det 28 mål åker, 26,5 mål kunsteng og 17 mål natureng. På Byrkjo budde i 1801 22 menneske, i 1865 13 og i 1920 17.
Garden Byrkjo er umtala mange gonger i Diplomatariet. Fyrste gong er i februar 1293 (DN. II. nr. 32) då Sigurd lagmann på Aga dømer at brørne Odd på Rogne og Hollrod på Ringheim var rette odelsmenn til garden Byrkjo, som Einar Pinning skulde avstå til dei. Kong Eirik Magnusson og bror hans, hertug Håkon, har stadfest denne domen 3. mars same året. Det finst vidare 5 brev um denne saki, utferda i Bergen. I dei er sagt at ovanfor nemnde brør skulde eiga 11 mmb. i Byrkjo, som Einar fyrr hadde havt, og som dei lenge hadde tretta um, Einar skulde ta imot pengane som var bode han for Byrkjo. Dei låg i varetekt i kyrkja på Vangen. Likevel har det ikkje vorte ende på striden. Lagmannsbrev av 1303 syner at striden har vart ved i millomtidi. Partmennene i 1303 er på den eine sida Solveig, enkja etter Einar, og på den andre sida Halle på Rogne og Anders Pålson på Ringheim. Halle var son åt fyrr nemnde Odd på Rogne og Anders var gift med Ingebjørg, dotter til Odd. Det eine brevet, dagsett 6. desbr. 1303 (DN. I. nr. 97), er melding frå to lagmenn um at i kongsgarden i Bergen vart An- --- side 199 --- ders Pålson på Ringheim og Halle på Rogne på den eine sida og kona Solveig i Buagarden på den andre samde soleis: Ho skulde gjeva upp alle krav ho hadde på 11 mmb. i Byrkjo, som Anders og Halle og ervingane deira skulde eiga. Solveig tilstod at ho hadde gjeve Askel Sakasvein og Sigurd Skjalg betaling for å vitna i Byrkjasaki for Nikolas lagmann. Forliket vart stadfest av kong Håkon. Striden har ikkje slutta med det heller. Eit brev av 1303 utan dato (DN. II. nr. 71) fortel at Sølve, prest på Vangen, og Peter Bonde på Finne vitnar: Sist Byrkjasaki var fyre, bad Halle Bonde Håkon, son åt Solveig, um å høyra vitni Halle vilde føra fram, men Håkon sa at det var forbode, og gjekk ut. Halle førde likevel vitni fram. Dei sa at dei var til stades i stova på Vangen, og såg at betalingi for Byrkjo frå Odd Bonde på Rogne og brørne hans vart tald upp, og at Einar Pinning tok imot. Han tok dei so i hendene på at dei skulde eiga Byrkjo. Dagen etter stemnde Halle han Håkon på nytt lag, men han kom ikkje. Tri andre brev utan dato, men alle truleg utferda fyre 1303, syner og at brørne Odd og Hollrod og deira etterkomarar skulde eiga 11 mmb. i Byrkjo, som Einar Pinning hadde fått betaling for. Diplom av 26. novbr. 1328, skrive på Byrkjo (DN. I. nr. 198), gjev vitnemål av to menn um at Sveinke Sigurdson let til Brynjulv Hallsteinson 1 mmb. i Byrkjo for 5 kyrlag. Byrkjo er òg nemnd i diplom 1315 (DN. V. nr. 61). I brev av 1330 (DN. II. nr. 175) vitnar fire menn at Sørkvin Ormson selde til Brynjulv Hallsteinson 1 mmb. i Byrkjo for 4 kyr. I 1333 er det tri brev um garden. Eit er av 1. oktober, skrive på Rogne (DN. IV. s. 180), der to menn kunngjer, at Gudrid Arnfinnsdr. selde til Odd Oddson 3 mmb. i Byrkjo. Det andre brevet er dagsett Bergen 4. novbr. (DN. IV. nr. 208) der to menn kunngjer, at dei torsdag etter Helgamess var tilstades i Dominikanarklostret i Bergen og var vitne til at Arne Erlingson og Asbjørn Gauteson lova Odd Oddson å vitna, at dei var tilstades i Snaregarden i Bergen onsdag fyre Helgemess same året, då Odd Oddson betalte Gudrid Arnfinnsdr. for 3 mmb. i Byrkjo. Gerhard Munthe meiner at Gudrid var dotter åt bisp Arnfinn. Det tridje brevet er utferda i Bergen 9. novbr., der to menn kunngjer at Odd Oddson hadde betalt Gudrid Arnfinnsdr. for den parten som var kjøpt i Byrkjo. --- side 200 --- Diplom av 5. mars 1359 (DN. I. nr. 362) melder at Bjørn Jonson skøytte til Erling Sigurdson 1½ mmb. i Byrkjo. I diplom av 3. mars 1438, skrive på Finne, gjer tri lagrettemenn kunnigt at Odd Botolvson hadde gjeve 4 laupsbol i Byrkjo «for si sjel» til Vangens prestestol. I 1472 er skrive to brev på Byrkjo (DN. VIII. nr. 394 og IV. nr. 974) som handlar um andre gardar på Voss. På Byrkjo er og skrive eit brev i 1484 (DN. I. nr. 938) um Seim i Granvin. Brev av 1499 (DN. IV. nr. 1032) melder at Gudleik Vikingson og Thorfinn Eilivson makeskifter til fru Magnhild Oddsdr. ein åker på Byrkjo mot ein liknande åker på Gjukastein. Berliut på Byrkjo betalte i 1518 til kongsgarden i Bjørgvin 1 mark som rest på drottningsskatt. I 1521 betalte Odd 13½ lodd sylv og 1 mark i skatt og Asgud betalte 7½ mark og ½ lodd sylv i breffbrot. Eirik var brukar i 1563. Mons er ofte nemnd som brukar i tidi 1591-1636. Han åtte i 1611 saman med Sjur Veka 1 laup 1 spann, truleg i Veka. I 1621 åtte Mons 2½ pund i Veka og ½ pund i Lid. Han var fatig i 1635 og 1636 so han vart fri sume skattar. Leidangsboki 1624 syner at leidangen på Byrkjo var 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Jordi var «temmelig god» til avling er det sagt. Mons og ei enkje var leiglendingar. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset med 2 dalar 1 ort. Sjur var brukar av det. Brynjulv var leiglending 1635-1642. Det var og ein brukar Sjur i 1640. I 1645 er det to brukarar: Nils Knutson, gm. Ingebjørg og Anders Steffason, gm. Andfrid. Nils var 1648 leiglending på 1 laup 3 spann og Lars på 1 laup 3 spann som alt høyrde til Finnegodset. Hannibal Sehested fekk skøyte frå kongen i 1649 på leidangen til Apostelgodset i Byrkjo 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Sehested åtte 1650 3½ laup ½ pund i Byrkjo og Apaltun, som høyrde til Finnegodset, og Sehested hadde fått kongeskøyte på det i 1648. I 1651 laut han lata kongen få det attende. På dette jordgodset var det 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn i leidang, 3½ dalar 16 skill. i skatt, 3½ ort 4 skill. i fornødspengar, 3½ ort 4 skill. i arbeidspengar og 1 dalar 211/3 skill. i avgift til jordeigaren. Johans, Nils og Johannes var brukarar. Gabriel Marselis fekk 1657 skøyte frå kongen på 3½ laup ½ pund i Byrkjo og Apaltun. Etter Skattemanntalet 1657 åtte Finnegodset 3½ laup i Byrkjo. Nils og Johannes var då leiglendingar. --- side 201 --- Byrkjo er ført upp som Finnegods i 1661 med 3½ laup i skyld. Nils Knutson og Johannes Andersson var leiglendingar 1661 og 1664. Nils er umtala 1664 i saki um stølen Krossaset. Johannes hadde sonen Anders f. 1650. Gyrvhild Fadersdotter (Gyldensparre) skøytte i 1582 til kongen 4 laup Finnegods i Byrkjo. Klas Miltzow var eigar av garden 1680 og 1691. Lars og Anders var leiglendingar i 1691, kvar på halvparten. Henrik Miltzow åtte garden 1695. Folketeljingi 1701 fører upp to leiglendingar: Lars Larsson, |

Bilete 24. Byrkjo og Gjukastein. Fot. Ludv. Bru 1917.46 år, som hadde sonen Mons f. 1687, og Askjel Åmundson, 59 år. Askjel var gm. Anna Ivarsdr. og døydde 1711. Tri born: Åmund f. 1685, Ragnhild f. 1680 og Ingebjørg f. 1682. Sjur Andersson har straks etter 1701 fått bygsla noko i garden, men er død alt i 1705. Han var gm. Barbrå Nilsdr. og hadde sonen Anders f. 1704. Per Eirikson bygsla so garden etter Sjur av Henrik Miltzow. Per var gm. enkja etter Sjur, Barbrå Nilsdr. og hadde dotteri Brita f. 1713. Ho vart gm. Knut Torbjørnson Løno. Dei bygsla so i 1740 hjå H. Miltzow garden som foreldri hennar hadde havt. Knut og Brita hadde dotteri Barbrå f. 1740. --- side 202 --- I 1715 var fyrr nemnde Per Eirikson og ei enkje leiglendingar. Åmund Askjelson gm. Ingebjørg Tormodsdr. har so vore brukar til han døydde i 1726. Dei hadde borni Ingebjørg f. 1723 og Anna f. 1725. Ho Ingebjørg gifte seg med Olav Monsson Vetla Hornve. Dei hadde borni Rannveig f. 1752 og Mons f. 1754. Framhald på Vetla Hornve. Anna Åmundsdr. var gm. Nils Tvilde. Enkja etter Åmund, Ingebjørg Tormodsdr., gifte seg uppatt 1727 med Eirik Eirikson Afdal, som døydde 1780, 76 år gl. Borni hans var Sigrid, gm. Torgeir Vikingson Byrkjo og Herborg, gm. Erling Monsson Urdland. Torgeir kjøpte i 1759 løysningsretten av kongen til 1 laup 2 pund 6 mark for 71 rd. 72 skill. Kongen hadde selt jordgodset i 1657 til Gabriel Marselis. Torgeir kjøpte dette jordgodset på auksjon i 1763 etter kancelliråd Nils Gris Alstrup for 271 riksdalar. Torgeir og Sigrid hadde borni: Sjur f. 1759, Eirik f. 1762, Viking f. 1766 og Kari f. 1771. Torgeir bytte 1782 med Samson Josefson Auro uti 11 mark i Auro og fekk 500 riksdalar i millomlag. Samson var fødd 1759, gift 1779 med Ragnhild Olavsdr. Bø. (L.Kindem: Lidætti nr. 441.) Dei hadde to born: Josef f. 1779 og Olav f. 1783. Framhald bruk 3. Knut Olavson kjøpte i 1759 løysningsretten av kongen til 1 laup 2 pund 6 mark for 71 rd. 72 skill. Kongen hadde selt dei i 1657 til Gabriel Marselis. Knut kjøpte jordgodset i 1763 på auksjon, og fekk skøyte på det 1773. Knut var gm. Guri Torbjørnsdr. og døydde 1791. Tri born: Kari f. 1750, Ingebjørg f. 1754 og Brita f. 1759. Kari vart gm. Ivar Person Rekve, Ingebjørg med Jon Andersson Dagestad og Brita med Knut Endreson Lid. Han Knut skifte garden i 1788 millom døtterne Kari og Brita. Framhald bruk 2 um Kari og Ivar, og bruk 1 um Brita og Knut. Dei einskilde bruk.Bruk 1. Byrkjo. Knut Endreson Lid, gm. Brita Knutsdr. døydde 1847, 86 år gl. og hadde 5 born: Guri f. 1788, Brita f. 1790, gm. Johannes Johannesson i Sunds prestegjeld, Knut f. 1793, Kari, gm. Lars Knutson Kvåle, Ingebjørg f. 1798. Knut var gm. Marta Olavsdr. Lid og døydde 1883, men hadde ikkje born. Han fekk garden i 1823. Brorson hennar Marta, Knut Larsson Lid f. 1844, fekk garden i 1874 for 600 spd. Han var gm. Gjertrud Knutsdr. og døydde 1929. To born: --- side 203 --- Lars f. 1873, gm. Sigrid Larsdr. Fjose, og Knut f. 1887. Knut Larsson selde garden i 1903 til Per Nilsson Saude for 5000 kronor, men i 1907 let Per garden att for 4200 kronor til ovannemnde Knut Knutson. Han var g. 1913 m. Brita Sjursdr. Hornve og er banevaktar. Bruk 1 var fyrr mtrnr. 29, lnr. 70 med gamal skyld 2 pund 15 mark, urevidert 2 dalar 9 skill., revidert 1 dalar 4 ort 5 skill. Ny skyld mark 2,68. Bruk 2. Byrkjo. Fyrrnemnde Ivar Person Rekve, g. 1762 m. Kari Knutsdr. fekk bruk 2 hjå foreldri hennar i 1788. Ivar døydde fyre 1821 og hadde borni: Knut Seim, Per Flògo, Torbjørn og David. David reiste til Holland ikring 1790. Per fekk garden i 1792, men selde han 1799 til Nils Andersson Flògo. Han var 1795 gift med enkja Anna Persdr. Nesthus og døydde 1827, 69 år gl. Dei let garden til dotteri Synneva Andersdr. står det i panteregistret. Ho Synneva vart gift 1814 med Anders Johannesson Skjelde, som døydde 1840, 64 år gl. Han åtte bruk 2 i Skjelde og budde der. Deira sju born er førde upp under Skjelde. Sonen Anders f. 1822, fekk farsgarden på Byrkjo, men døydde 1842. Broren Torgis Andersson Skjelde fekk so garden for 440 spd. ved skifte 1842 etter Anders. I 1845 selde Torgis garden til Knut Klasson Mosafinn, men fekk garden att i 1874 og budde sidan der. Torgis var gift 1858 med Brita Knutsdr. Veka og døydde 1906 80 år gl. Deira dotter Synneva f. 1861 var gift 1881 med Johannes Knutson En og fekk hennar farsgard i 1884 for 2000 kronor. Dei fekk og farsgarden hans på En, flytte dertil, og 1902 selde dei garden på Byrkjo til Olav Jonson Jordalen for 4000 kronor. Han er f. 1868 og gm. Anna Endresdr. f. 1872. Bruk 2 var fyrr mtrnr. 29, lnr. 71 med same skyld som bruk 1. Bruk 3. Byrkjo. Josef Samsonson f. 1779, nemnd ovanfor, var gm. Magli Larsdr. Gjerme og døydde 1863. Han fekk dette bruk 3 hjå foreldri sine i 1801. Tri born: Samson, Ragnhild og Marta. Ragnhild var gm. Torleiv Larsson Dolve. Marta f. 1808 var gm. skulemeister Klas Sjurson Mosafinn. Samson f. 1803, gifte seg 1824 med Gunnvor Eiriksdr. Veka og fekk garden på Byrkjo i 1824, men bytte med Isak Oleivson uti Ukvitno i 1839. Isak var f. 1802, gm. Kari Isaksdr. f. 1808 og budde på Byrkjo til 1850, då han selde til Mass Sveinson Kvåle for 1000 spd. Mass gifte seg 1842 med lensmannsdotteri Guro --- side 204 --- Mattisdr. Ringheim og døydde 1896, 82 år gl. Um lag 1860 kjøpte Mass ein slåtte- og skogteig på Ullestadteigen. Han var nokre år postførar millom Bergen og Skånevik. Born.: Margreta f. 1844 og Knut f. 1859. Ho Margreta er i 1885 gm. gardmann Lars Andersson Nesheim, Vossastrondi. Knut gifte seg 1886 med Ingjerd Hansdr. Bø og fekk farsgarden for 2000 kronor. To born: Mass f. 1887 og Guro. Guro er f. 1892, g. 1925 m. Per Nilsson Veka, f. 1886. Dei har garden. Bruk 3 var fyrr mtrnr. 29, lnr. 72 med gamal skyld 1 laup 2 pund 6 mark, urevidert 4 dalar 17 skill., revidert 3 dalar 3 ort 1 skill. Ny skyld mark 5,26. Husmannsplass.Rasmus Vikingson døydde som husmann på Byrkjo i 1804. Kona hans, Ingebjørg Sjursdr., var død 1770. Dei var barnlause. I 1801 var Mons Knutson, 72 år, og kona hans, Kari Larsdr., 55 år, husmannsfolk. Olav Johannesson, gm. Kari Eiriksdr., hadde plass i 1830-åri. Offentlege forretningar.Odelssak i 1796, sak mot Bø um skoghogst, godviljug utskifting 1833, sak saman med fleire mot Yksnabjørg i 1844, sak mot Yksnabjørg og Dolve i 1852, semje um gjerde 1856, åstadsak 1857, jarnbanetakst 1878, uppgang av merke 1888, utskifting 1913-14. Bruk 1 og 2 flytte då husi sine. Støl.Stølen var 2½ mil frå garden er det sagt i 1723. No er det vårstøl i bøgjerdet på Ingjetveitna ovanfor garden. Bruk 1 og 2 har ikkje sumarsstøl. Isak som hadde bruk 3, kjøpte stølen Grøno av Vinsand. Knut Masson selde denne stølen 1913 til Isak Eimstad. Knut kjøpte 1879 støl på Kinnarbakkjen på Brekkedalen, som var komen frå Hansen-bruket på Gudvangen. Bruk 1 leiger sumarsstøl på Skirsstølen av Hornvane. Bumerke.Per 1714-1735 tavle 2 nr. 41. Eirik 1729 t. 2 nr. 42. Han teikna E B samandregne med ryggen mot einannan mange gonger 1733-1760. Likeins Eirik Eirikson i 1770. I 1733 og 1740 ligg merket med B under. Elles stod det på ende med E umvendt fyre. Knut 1755 t. 1 nr. 23. Han teikna t. 2 nr. 78 i 1766 og t. 3 nr. 64 snutt upp ned i 1773. Torgeir 1774 t. 2 nr. 44. |