172. Dale.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 25 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Dale. Det vert no sagt Dalé2; han búr pao, è tao Dalé, ska tì Dals eller Dalé. Det er same ord som gn. dalr m. (dal), dativ dali.

Landkommisjonen skriv 1661 at garden var bondegods med ein brukar og ½ laup i skyld. Ho var likeins i 1723. Garden var tungbrukt, hadde medels jord og skog til brensel og husvøling. Skyldi vart umskrivi 1838 til 2 dalar 4 ort 22 skill. Samanlikningstalet var 450. Garden hadde vassfall og turvande fure- og vedaskog.

Matrikkelen 1865 melder at der var 12½ mål åker, 1 mål dyrka eng, 13 mål god, 8 mål medels natureng og 23 mål skrapebø. Vårhamni var ring og sumarhamn var der ikkje. Skog til husbruk, og timber kunde seljast for 14 spd. um året. Garden var svært tungbrukt, dyrka som vanleg, leid sume tider av turk, og kornet fraus sume år. Ved uppteljingi 1918 var der 11,4 mål åker, 13 mål kunsteng og 14 mål natureng.

Folketalet var 13 i 1801, 9 i 1865 og 5 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Dale.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   7   6          
1723 1   8   12   8      
1865 1   11   30   26 ½ 21  
1918 2   8   19          

Bruk 1. Dale. Garden var einbølt til 1936. Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangens prestebol åtte 1 laup i Dale. I brev frå 1564 (DN IX nr. 790) er umtala at systerne Gyrid og Sigvor

--- side 26 ---

Ivarsdøtter kjøpte av systri Gunnhild m. a. 4 mmb. i øydejordi Dale, Kv. Sverkve Bø var 1621 eigar av 12 mark. I leidangsboki 1624 er leidangen førd upp med 1 kalvskinn.

Enkja Ingebjørg Dale stemnde 1772 Knut Sjurson, som nyleg var komen til Vike, av di han på hausttinget året fyrr hadde ved fredlysing minka på hennar skog, utmark og febeite. I rettsmøtet som vart halde på Dale, er m. a. upplyst av vitne: Brynjulv, som 15 år hadde butt på Lid, flytte til Dale det året siste pesten slutta, ikring 1622. Dale var hans eigedom, og han kosta utsteining av eigedomen. Det er fortalt at Brynjulv flytte til Dale for di han trudde det der vilde vera tryggare mot pesten.

Brynjulv Brynjulvson Lid var g. m. Børilde, syster til Anna, g. m. lensmann Styrk Henrikson Mølster. Brynjulv er umtala på Lid 1629-1659 som eigar og brukar. Brynjulv er skriven som eigar av 1 pund i Dale fleire gonger 1652-1659, budde der 1645, hadde då sonen Per, og hadde butt der tidlegare. Brynjulv åtte og ½ laup i Norheim. Det er uklårt i manntali um det er den same Brynjulv som var brukar i 1650-åri eller um det er ein annan. Det har vore fortalt at Brynjulv Skutle skal ha kjøpt Dale av Brynjulv Lid.

Brynjulv Lid var bror til lensmann Viking Tvilde. Brynjulv stemnde 1658 «sine brorsønner Mikkjel Lirhus med sødskende og medarvinger og tiltalte dem for, hvad deres salige fader Viking Tvilde var ham skyldig». Brørne svarde at dei kjende ikkje til det, og saki vart utsett. Styrk Mølster stemnde 1659 Brynjulv for ei kiste, som hans avlidne vermor gav han for at han skulde føra henne vel til jordi. Brynjulv svarde at han hadde fått kista hjå vermori for 4 kyrlag som resta på heimagjerdi til kona hans.

Bård Osgjerd åtte 1655 og 1659 12 mark i Dale. Ei enkje, truleg etter Brynjulv, var leiglending 1661 og 1664. Arne Jernes var eigar av heile Dale i 1676 og Rasmus Kaa 1680 og 1695. Arne er truleg den Arne Larsson som var g. m. Rannveig Brynjulvsdr. Jernes. Ho vitna 1707 i odelssak på Flatlandsmoen at foreldri hennar hadde butt på Dale. Det må vel vera ovanfor umtala Brynjulv og Børilde.

Tormod Olavson f. 1642 var brukar 1691 og 1701. Då han hadde ein son, Brynjulv, er det godt truleg at Tormod har vore g. m. ei dotter åt Brynjulv Lid. Tormod hadde fem born:

--- side 27 ---

Kolbein, Brynjulv f. 1681, Lars f. 1687, g. 1721 m. Johanna Hallvardsdr. Øvre Auro, sjå på plasset Vetlemodn um sonen Tormod med etterkomarar, Gudve, g. 1718 m. David Olavson Stuarjo, Brita, g. 1726 m. Torgeir Olavson Håtveiti. Kolbein, f. 1668, g. m. Eli Jørgensdr., var husmann 1701 og leiglending på Dale saman med faren i 1715. Jens Ørbech var då eigar. Kolbein døydde 1734 og Eli 1748, 73½ år gl. og hadde tri born: Mons, Brita f. 1711 og Jørgen f. 1715, g. m. Sisselja Torgeirsdr. Dei budde ei tid i Røyrlidi og fekk seinare plasset Takladokkjæ.


Dale
Bilete 6. Dale. Fot. P. Braaten 1937.

Jørgen upplyste som vitne i åstadsak 1772 på Dale at både faren og farfaren hadde butt på Dale.

Mons Kolbeinson f. 1701, g. 1. 1731 m. Mari Andersdr. Grovu, 2. 1760 m. Ingebjørg Larsdr. Fenno. Mons bygsla 1729 garden då faren sa upp bygsli. Mons kjøpte 1758 Dale av kancelliråd Alstrup. Mons døydde 1769 og Ingebjørg 1814, 84 år gl. Ved skifte etter Mons var garden taksta 285 rd. Bruttomidelen var 459 rd. Mari døydde barnlaus. Med Ingebjørg hadde Mons fire born: Kolbein, Lars f. 1763, g. 1794 m. Kari Larsdr. Takla eller Øvre Auro, Mari f. 1765, g. 1805 m. ekm. Pål Johannesson Nedre Spildo, Marta f. 1769, g. 1812 m. sersjant Jon Jonson Lid på Rjodo.

--- side 28 ---

Kolbein Monsson f. 1761, g. 1808 m. Eli Kolbeinsdr., fekk skøyte 1788 og 1800 på garden. Kolbein døydde 1847, Eli 1843, 58 år gl., og hadde sju born: Mons, Tormod f. 1810, død ugift 1839, Ingebjørg f. 1814, død ugift 1844, Brita f. 1816, g. 1. 1836 m. Bjarne Erlingson på Kvitno, 2. m. Knut Arnvedson Skutle, Marta f. 1818, g. 1841 m. Nils Torsteinson på Herre, Eli f. 1822, g. m. Erling Torgeirson Røynstrand, Granvin, Kolbein f. 1824, g. 1846 m. Kirsti Olavsdr. Fenno, gardmann på Nedre Skutle.

Mons Kolbeinson f. 1808, g. 1. 1836 m. Synneva Olavsdr. Fenno, 2. 1854 m. Gjertrud Nilsdr. Uppheim, fekk 1834 skøyte på farsgarden. Mons og Gjertrud døydde båe 1894. Han hadde ikkje born og let difor garden 1875 for 700 spd. til systersonen Kolbein Erlingson, son til Eli og Erling Røynstrand. Kolbein var f. 1854, g. 1875 m. Kristi Bjarnesdr. Kvitno, Bord., f. 1847. Ho døydde 1920 og han 1935. Kolbein hadde fleire tillitsyrke, og hadde god ættekjennskap både til si eigi og andre ætter. Sonen Mons f. 1879, g. 1920 m. Kirsti Torbjørnsdr. Haugen, fekk 1916 skøyte på garden for 4000 kronor.

Dale var fyrr mtrnr. 189, lnr. 363 med gamal skyld 2 pund, urevidert 2 dalar 4 ort 22 skill., revidert 2 dalar 4 ort 13 skill. Ny skyld mark 4,24.

Bruk 2. Dalsmoen. Skilt frå bruk 1 i 1936 med skyld 4 øre og skøytt til Absalon Førde.

Husmenn på Dale.

Jørgen Olavson er i 1664 skriven som husmann og var truleg bror hans Tormod Olavson. Eli, dotter hans Jørgen, var g. m. Kolbein Tormodson umtala ovanfor. Plasset Vetlemodn skal vera rudt av Tormod Larsson, son åt Lars Tormodson Auro, nemnd ovanfor. Tormod var f. 1721, g. 1754 m. Arngunna Olavsdr. Skutle f. 1729, og er kalla underkonstabel då han gifte seg. Tormod døydde 1803 og Arngunna 1806, 78 år gl. Åtte born: Lars f. 1754, Eirik, død ugift, Madli, g. m. Anders Rong, Marta, på Gjerstad, Anna, g. 1800 m. Lars Bårdson, Gitle død ugift 1803, Gudleik, f. 1761 og Anders f. 1764.

Lars Tormodson hadde Vetlemodn etter foreldri sine og vart g. 1795 m. Brita Sjursdr. Rokne. Dei fekk borni Marta f. 1797, g. 1824 m. Anders Larsson Mala, husmann på Mala, Arngunna f. 1798. Ho fekk med Jon Haugen, Granvin, sonen Lars f. 1829, som vart gardmann på Vetla Skiple. Lars Tormod-

--- side 29 ---

son døydde 1804 og Brita 1837, 81 år gl. Ho Arngunna budde på plasset ei tid etter foreldri hennar.

Ivar Nilsson, gardmann på Skutle, laut selja garden og vart husmann på Vetlemodn. Enkja hans budde der og nokre år etter han. So kom Hermund Olavson Grovu i 1858, som budde der til han døydde 1903. Hermund var f. på Møn 1830, g. m. Brita Torgeirsdr. f. 1833 i Granvin. Ho døydde 1916, og dei hadde borni: Barbrå f. 1856, g. 1883 m. Anders Andersson Svelgane, Haugo f. 1850, sjå bruk 2 Mala. Torgeir f. 1863, g. m. Guro Sjursdr. Tveiti, sjå bruk 3 Vetla Tveiti, Olav f. 1868, g. 1890 m. Brita Sjursdr. Tveiti, har stove på Ygre. Etter Hermund har det ikkje butt nokon på Vetlemodn.

Nils Olavson Bulko fekk 1803 feste på plasset Koglehaugen og rudde og bygde der. Han døydde 1840, 83 år gl., og er umtala på Bulko. Sonen Hallstein f. 1810 vart gardmann på Hellesnes. Då Nils slutta med plasset, vart det sett burt saman med Vetlemodn. Ikring 1910 vart det planta skog på det. Torgis Knutson, g. m. Sigvor, var husmann då dei 1841 fekk sonen Knut.

Støl.

Støl var det ikkje til Dale i 1723. Dei hadde i gamal tid vårstøl på Helgaset og sumarstøl på Haoset. Då Kolbein Dale i 1788 fekk garden og vilde bruka stølen, synte det seg at Dale hadde mist stølsretten av di dei i lengre tid ikkje hadde brukt han. Kolbein leigde då støl av Folkedal på Olastølen ved Krokavatne, sonen Mons bygsla stølen 1839, og Kolbein kjøpte stølen 1879.

Kvern.

Kvern var der 1723, 1776 og 1791.

Offentlege forretningar.

Grenseforretning mot Lid 1677 og mot Vike 1772. Godviljug utskifting 1837. Rettssemje 1885 um grensa for stølane Horgaset og Olastøl. Semje 1911 med Bergens Skogselskap um skogplanting. Skylddeling 1921 der det vart utskilt ein part i Istadmyrane med 30 øre i skyld. Semje 1924 um anlegg av telegrafline.

Ymse.

Bualoftet på garden skal vera bygt ikring 1790 av Nils Bulko. Bui er då truleg bygt av nytt timber og loftet umbygt. Uppe ved vårfloren er groper i jordi etter kolmiler og etter myrmalmbrenning i ei myr. Både der og i groi nedanfor, som kjem frå Bidningadalen, er funne mykje jarnkròkor. Under arbeidet på Granvinbanen vart på Dalsleitet umlag ved høgdastolpen mint burt nokre jettegrytor som var ikring 1½ meter i tverrmål og djupn. Det står att berre noko lite av jettegrytone

--- side 30 ---

på sida mot vegen. Truleg er der fleire under vegen. I nord for stølen, nedanfor Vetlahorjæ, har vore jarnbrenning. Nedanfor myri der er ei stor rund hole med kant umkring, og utanfor er mykje jarnkròkor.

Bumerke.

Kolbein 1729 tavle 7 nr. 30. Mons 1740 t. 7 nr. 31. Han har brigda merket på ymse måtar 1745-1757.

Segn.

På austsida av postvegen i nord for Vetlemodn er Faksareskarvet og Faksaretjødnæ. Segni fortel at hesten Fakse vilde byksa frå Fennanuten til Dalsnuten, men datt ned på skarvet, sette eit djupt hol i det med eine framfoten og kom på kne med den andre framfoten som der vart eit søkk etter i skarvet. Fakse valt so på sida uti myri, og der vart då Faksaretjødnæ.

Ved Huldahaugen eller Bosstovehaugen, som han no oftast heiter, var fyrr eit brunnhus. I kveldingi såg folki på Dale sume tider at huldakvinno bar vatn derfrå, og at huldafolki stundom dansa på flaten nedanfor haugen. Huldakvinnone var blåklædde. Når ein var uppå haugen, høyrde ein sume tider larmen av at huldafolki lekta skjéringane (d. e. korta eller lengde skjéringane). Då ho Eli, som døydde 1748, ein gong vilde sleppa ein ver i sauastekken, i floren, bykste det ein stor ver med fire horn fram or stekken. Ho Eli skjente på han, og so vart han burte. Det var ein huldaver.

Är du säker på att du vill logga ut?