85. Dukstad.
--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 11 --- Denne garden vert i 1300-talet kalla Hvítheimr (og ein gong Hvítar), og det finst enno i namnet Kvítheimsaos'n, brukt um plasset Skjedikané og åsen der ovanfor garden. Fyrelekken «kvit» heng saman med adjektivet kvit, men kva det elles siktar til, er uvisst (elv, tilnamn? Ei elv Kvitæ ligg um lag 2 km. nordanfor på garden Saude, men der er fleire gardar i millom). Det nye namnet Dukstad finn ein i 1563 skrive Dugstadt, det vert no sagt Dùkstò2 eller 1; han búr pao, è tao, ska tì Dùkstò, sms. Dùkstòfòss'n. Det er samansett av dúk (tilnamn Haldórr dúkr, umkr. 1325) og stad. I eit brev frå 1457 (gale årstal?) vert garden og kalla Duckheim, og etter det Miltzow fortel, skal han og ha heitt Dukstun (Duxtuun). Garden har som ovanfor nemnt frå fyrst av heitte Kvitheim (Hvitheimr). Presten Miltzow skriv i si prestehistorie at Halldor Olafson Duk budde på Kvitheim, som var ættesætet hans, og som etter han er kalla Dukartun og seinare Dukstad. Namnet Dukartun syner at det er ein part av ein større gard eller eigedom. I Bjørgynjar Kalfskinn heiter det at Ullensvang prestebol åtte på Voss 5½ mmb. i Lofthus på Kvitheim og i Kvitheim i Lirhus 9 mmb. og i Mula 2 mmb. Ein ser av dette at gardane Dukstad, Lofthus og Lirhus har høyrt til det gamle Kvitheim (Hvitheimr). Dukstad er i 1661 skriven som heil gard på 8 laup med fire brukarar. Der var brenneved, ei kvern og humlagard. I 1723 er garden førd upp i to tun, fyrste og andre tunet, kvart på 4 laup og med to brukarar. Um båe er sagt at der var skog til husbruk og brensel og at dei var årvande og tungvinne. Fyrste tun hadde to kvernar åleine til eige bruk. Andre tunet hadde ein humlagard, og kvern saman med fyrste tunet. Skyldi var i 1777 4 laup 12 mark på fyrste tunet og 4 laup 4 mark på andre og tridje tunet. I 1838 var skyldi tilsaman 8 laup --- side 12 --- 12 mark, som då vart umskrivi til 20 dalar 4 ort 8 skill. Um fyrste tun er då skrive at der var brennefang, litt fureskog, humlagard og godt vassfall. Samanlikningstalet var for tun 1 1600 og for tun 2 1550. Matrikkelen 1865 syner at der var fem brukarar då, som hadde 67½ mål åker, 11 mål dyrka eng, 101 mål god, 64 mål medels natureng og 114 mål skrapebø. Vårhamni var medels, men sumarhamni ring. Skog til husbruk og timber til sal årleg på bruk 1 for 9½ spd., på bruk 2 for 12 spd., bruk 3 for 3 spd., bruk 5 for 12 spd. og bruk 6 for 5 spd. Bruk 5 var medels lettbrukt, dei andre var lettvinne. Vassfall var ført upp med 1 spd. årleg for kvart av bruki 1, 2, 3 og 6. Alle bruki var dyrka som vanleg. I 1918 var det 71,5 mål open åker, 136 mål kunsteng og 32 mål natureng. Folketalet var 47 i 1801, 64 i 1865 og 40 i 1920.
Halldor Dukr eller Duk var ein rik mann og åtte fleire gardar fortel Gjert Miltzow i si prestehistorie. Han segjer vidare at Halldor livde i den tid då Sira Gudleikr var prest på Voss (1327) og at han var kyrkjeverje. Kona hans Halldor heitte Gudrun. Halldor let på sin gard Kvitheim byggja ei gild røykstove eller badstove. Millom timberstokkane i veggene brukte han lereftsklutar i staden for mose. Miltzow segjer vidare, at det er same garden bisp Olav Torkjelson budde på ikring 200 år seinare. Halldor hadde i seglet sitt ein skråbjelke i eit trikanta skjold med ei halv lilje på kvar side. Halldor har i 1317 saman med 10 andre utferda brev um at dei var til stades ved ei avgjerd um 20 mmb. i Rogne (DN. I. nr. 151). I brev frå 1319-20 har han saman med Svein på Huitæimi og Orm Kafle kunngjort (DN. I. nr. 159) at dei --- side 13 --- hadde høyrt to vitneprov um ein part av garden Horveids-åen, som Peter på Finne hadde kjøpt av Peter Rasmusson. Nemnde Halldor og Svein vitnar i brev frå ikring 1320 (DN. II. nr. 141) at Peter Bonde på Finne krov kår og det gods som Ingegerd åtte i Arne sin gard på Gjerme, og at Odd var viljug til å lata han få både kåret og godset. Som umtala på Finne (DN. I. nr. 187) har Halldor Olavson Duk i 1326 gjeve Gulbrand Peterson på Finne eit sverd, som Halldor hadde fått hjå bror åt Gulbrand, Orm Peterson på Finne, |

Bilete 4. Dukstad. Fot. P. Braaten 1936.då han døydde utan etterkomarar. Gulbrand har i takksemd for dette gjeve Halldor 3 mmb. i Hylle. Dersom Gulbrand døydde barnlaus, skulde Halldor eller ervingane hans få sverdet attende. Då Gulbrand døydde utan etterkomarar, er sverdet visst kome til Dukstad att. Dette sverdet må ha vore ein sers kostbar lut. Halldor Duk og Sigurd Bjarneson kunngjer i diplom 1340 (DN. V. nr. 144) at brørne Eindride og Svein selde 3 spann i Kvåle, Gullfj. til Sira Eindride. Garde på Huitheimi er umtala som vitne i brev 1324 (DN. 1. nr. 178). Kaptein Munthe segjer, at Garde var son åt Svein, at Svein budde på Dukstad og var son åt Bjarne. --- side 14 --- Bisp Håkon i Bergen pålegg Torstein prest i 1339 å stemna Arnfinn på Hwithæimi (sjå brev nr. 36 i DN. X.) fordi han ikkje hadde betalt tiend til kyrkja, bispen og presten, og heller ikkje ansa krav eller lovlege stemningar. Arnfinn skulde difor møta innan ein halv månad for bispen og standa til rette for han, kyrkja og Sira Eindride. Denne Arnfinn var son åt Halldor Olafson Duk og har visst vore ein vyrd mann i bygdi. Kong Håkon bad i brev 1365 Arnfinn um saman med fem andre menn å døma i ei sak millom presten og Valtjov Rogne. I seglet åt Arnfinn var eit trikanta skjold med upprett lilje. Halldor Duk og sonen Arnfinn har vore med ved utferding av eit brev 30. mai 1348 um Oddateigen. I 1521 har det vore to brukarar på Dukstad, Maldrit som betalte 6 skill. i skatt, og Nils som betalte 12 lodd sylv og 4 skill. i skatt og breffbrot. Gjert Miltzow fortel at Sira Olav Torkjelson, fødd av adelege foreldre, var sokneprest på Voss og kannik i Bergen i 1511 til han vart kåra som bisp i Bergen 1523. Ogso etter at han vart bisp og like til sin dødsdag budde han for det meste på Voss, ikkje i Prestegarden, men på Dukstad. Olav Torkjelson døydde på Dukstad 1543 og vart gravlagd i kyrkja, segjer Miltzow. I «Norske Samlinger» er upplyst at i det danske Geheimarkiv er eit skriv som syner at Olav Torkjelson døydde i 1535. I nemnde verk band I s. 6 er og fortalt at på dødssengi si ropte han: O, mit Dukstun, mit Dukstun. Sume granskarar meiner at han må vera fødd på Dukstad. I nokre odelssaker etter at bisp Torkjelson var død, er påstade at han med urette hadde fått jordgods på Voss inn under bispestolen. Det har vel helst vore jordgods som har fått lån av bispestolen og ikkje kunna greida pliktene sine. Absalon Pedersen fortel at Olav Torkjelson bygde ei trekyrkje på Dukstad og tok prydnader til henne or kyrkja på Vangen, soleis og bly or kyrkjevindaugo. Segni fortel at ei dør som frå En er kome til museet på Mølster, skal vera or kyrkja åt Olav Torkjelson. I eit diplom frå 1564 um eit jordskifte millom tri syster på Lydvo er Hermund Torsteinson nemnd. Det må visst vera den same som Hermund Dukstad i 1563. Nils og Hermund var brukarar i 1563. Hermund betalte då landskyld for ½ laup. I 1567 var det Hermund og Herlaug. Torstein Dukstad hadde 2 laup i 1591. Sjur betalte i 1597 tri års bygsel for 2 laup med 2½ mark 3 skill. og Torkjel likeins for 4 laup med 5 mark 5 skill. --- side 15 --- Alle 6 laup høyrde til stiftet og kruna. Torstein har 1587 saman med lensmann Mikkjel Tvilde sett seglet sitt på eit diplom um Norheim i Kvam. Torkjel er nemnd som vitne i 1590. Knut og Per var leiglendingar i 1603. I 1611 var der tri brukarar: Per, som hadde 4 laup, Gamle-Knut brukte 2 laup, og Knut. Det står ikkje kor mykje denne siste Knuten hadde. Eine Knuten har då betalt odelsskatt for 3½ pund og den andre likeins for 18 mark. Gamle-Knut betalte tri års bygsel i 1613 for 4 laup og Torstein fyrste års bygsel for 2 laup. Den andre Knuten vart då utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Torstein og Knut betalte so tridje års bygsel i 1616. Torstein og ei enkje, truleg etter Gamle-Knut, budde der i 1621. Leidangsboki 1624 syner at Apostelgodset hadde to bruk kvart med leidang 1 pund smør og 2 bukkskinn. Sjur var brukar på det eine og Lasse og Herlov på det andre. Båe bruki hadde god jord er det sagt. Apostelgodset åtte 6 laup i Dukstad 1627. Ryttarskatt er lagt på odelsgodset i Dukstad i 1627 med 3 ort 9 skill. for ein eigedom på 1½ spann, og ½ dalar 6 skill. for den andre på 1 spann. Sjur var brukar på den fyrste og Arnfinn på den andre. Sjur hadde 6 laup i 1629. Han åtte noko, og Arnfinn Dukstad åtte 1 spann i garden. I 1635 bruker Sjur og Arnfinn kvar 4 laup, dei bur der og i 1640. I 1645 budde løytnant Paal Wilhelm og kona hans der. Arnfinn Aslakson var brukar, g. m. Kari, dotter åt fyrr nemnde Torstein Dukstad. Dei hadde sønene Torstein, Brynjulv og Knut. Arnfinn bygsla i 1659 av soknepresten i Krosskyrkja 2 laup i Dukstad. Hannibal Sehested fekk kongeskøyte i 1649 på leidangen av Apostelgodset 1 pund smør og 2 bukkskinn. Sehested åtte i 1650 6 laup, som han hadde fått ved makebyte med kongen. Leidangen på det var 1 pund smør og 2 bukkskinn, skatt 6 dalar, fornødspengar 1½ dalar, arbeidspengar 1½ dalar og 2 dalar i avgift til jordeigaren. Jakob og Arnfinn var leiglendingar. Krosskyrkja var eigar av 2 laup. Hannibal laut lata jordgodset att 1651 til kongen, som i 1657 selde det til Gabriel Marselis. I Skattemanntalet 1657 for Finnegodset er ført upp 6 laup med brukarar Arnfinn, Brynjulv, Gitle og Torstein. Landkommisjonen skriv 1661 at Dukstad var på 8 laup. Derav åtte Krosskyrkja i Bergen 2 laup og 6 laup høyrde til --- side 16 --- Finnegodset. Arnfinn og Brynjulv var brukarar. I 1664 var det Arnfinn Aslakson, Torstein Arnfinnson, Brynjulv Arnfinnson og Knut Arnfinnson. Torstein er nemnd som lagrettemann fleire gonger 1669-71. Klas Miltzow åtte 6 laup i 1680 og 1691 og Krosskyrkja framleies 2 laup. Håkon og Knut var leiglendingar hjå Klas, Torstein og Olav hjå Krosskyrkja. I 1701 var det desse fire leiglendingar: Styrk Åmundson, Torstein Arnfinnson f. 1637, Hollgeir Olavson f. 1647 og Lars Aslakson f. 1656. Torstein Arnfinnson var g. m. Ingebjørg Olavsdr., som døydde 1699 og hadde fått fire born: Olav, død fyre 1699 og som hadde dotteri Kari f. 1688, David, som hadde late etter seg dotteri Bergitta f. 1687, Anna, g. 2. m. Styrk Åmundson Fjose, Brita, g. m. David Øvre Grovu. Hollgeir Olavson f. 1647, g. m. Gudve Persdr. var leiglending frå 1690-åri til 1713. Då vart han ein dag funnen hangande i eit tre. På tinget vart upplyst at han alltid hadde vore ring, og serleg etter jol. Soknepresten vitna at Hollgeir hadde vore ein god og kristeleg mann. Skyldfolket hans bad um at han måtte verta gravlagd på kyrkjegarden, men domen gjekk ut på, at etterdi Hollgeir hadde umkome seg sjølv, skulde han verta liggjande utanfor kyrkjegarden, der han alt var gravlagd. Halve midelen skulde gå til kongen. Lars Aslakson f. 1656, var g. 1. m. enkja Marta Knutsdr. som døydde 1699, 2. med Kari Knutsdr. og døydde 1716. Ho var g. 2. 1717 med Bjarne Mikkjelson Gjerme. Ho Marta hadde med fyrste mannen to born: Jon og Steinvor som var g. m. Bård Person Litlere. Ved skifte etter Marta åtte buet 30 mark i Litlere. Lars hadde med Marta dotteri Anna f. 1693, g. 1711 med Nils Olavson Fletre, og med Kari fire born: Knut f. 1705, g. 1735 med enkja Guri Mikkjelsdr. Haugo, Lars f. 1707, g. 1742 med Synneva Larsdr. Bø, Marta f. 1707, Eirik f. 1709, g. m. Tora Øyulvsdr. Arnetveit. Styrk Åmundson Fjose f. 1665 var som fyrr nemnt g. m. enkja Anna Torsteinsdr. Ho hadde fyrr vore g. m. Eirik Knutson på Øvsthus. Styrk som var leiglending frå 1690-åri, kjøpte i 1711 2 laup i Dukstad av gastgjevar Henrik Weinwich og i 1713 1 laup av Markus Davidson Faye, som enkja etter Hollgeir budde på, og 1 laup av Henrik Weinwich. Faye hadde fått sin laup i 1711 hjå enkja etter sokneprest Christen Weinwich. --- side 17 --- Styrk døydde 1737. Ved skifte etter han åtte buet 3 laup i Dukstad, 1 laup i Fjose og 12 mark i Uppheim. Bruttomidelen var 750 rd. Ho Anna hadde med Eirik sonen Knut og med Styrk borni Åmund og Gudve. Gudve vart g. m. Viking Brynjulvson Dukstad. Åmund vart buande på Fjose. Knut Eirikson f. 1686, g. m. Marta Styrksdr. Leiddal døydde 1754. Han fekk skøyte i 1720 frå stykfaren på 1 laup i Dukstad og bygsla 1721 1 laup av Krosskyrkja, som stykfaren fyrr hadde havt. Hjå mor si fekk Knut 1 laup i 1739. Ho Marta vart g. 2. 1759 med ekm. Styrk Oddson Dukstad, som ved skifte 1755 fekk 1 laup i garden og døydde 1761, 54 år gl. Med Knut hadde Marta desse fem borni: Eirik f. 1723, framhald bruk 2, Anders, g. etter kgl. løyve 1758 til Nedre Skutle med Sigvor Erlingsdr., Olav f. 1746, Sigvor f. 1738, g. 1760 med Gudleik Larsson Grovu, skriven for Ullestad i 1763, Brita f. 1743 g. 1768 med Jon Knutson Røte. Dei einskilde bruk.Bruk 1. Dukstad. Otto Weinwich selde i 1719 til Bjarne Mikkjelson Gjerme 1 laup i Dukstad. Han kjøpte ogso av Niels Weinwich med fleire 1 laup. Bjarne gifte seg 1717 med enkja Kari Knutsdr. Dukstad, sjå ovanfor, og døydde 1742, 56 år gl. Ho var g. 1. med Lars og hadde fem born med han. Med Bjarne fekk ho Kari dotteri Synneva i 1718. Ho gifte seg 1742 med Gusskalk Olavson Ronve f. 1712. Same året Gusskalk gifte seg fekk han skøyte frå verfaren på 2 laup for 160 rd. I 1759 kjøpte han løysningsretten til 4 laup i Dukstad fyrste tun for 61 rd. Gabriel Marselis hadde kjøpt dette jordgodset i 1657. Gusskalk døydde 1776. Han og Synneva hadde fem born: Bjarne, Viking f. 1745, g. 1770 til Alland med enkja Magli Larsdr., Olav f. 1751 som vart gift og er seinare skriven for Lirhus, Hermann f. 1754, g. m. enkja Brita Aslaksdr. Lirhus og budde på Lirhus, Kari f. 1760, død ugift. Bjarne Gusskalkson fekk skøyte i 1776 frå mor si på ½ laup og frå bror sin, Viking Alland, på 1½ laup. Han hadde fått det i 1775 hjå far sin. Bjarne let garden i 1788 til Hermann, bror sin. Bjarne kom burt i 1791. Han var ugift. Tambur Arne Larsson Myrland vart i 1792 dømd i krigsrett til å arbeida 2 år på Bergenhus festning som mistenkt for å ha drepe han Bjarne. --- side 18 --- Hermann Gusskalkson f. 1754, g. 1785 med enkja Brita Aslaksdr. Lirhus, budde på Lirhus til han fekk garden på Dukstad. Han døydde barnlaus i 1822. Brorsonen Jon Vikingson Alland hadde i 1811 og 1815 fått skøyte på garden. Han var gift 1814 med enkja Eli Nilsdr. Dukstad og døydde 1821, 50 år gl. Ho hadde fyrr vore g. m. Olav Sveinson Jernes og gifte seg tridje gong 1822 med Mattis Masson Lydvo. Han var f. 1780 og døydde 1866. Ho Eli hadde to born med Jon: Hermann f. 1815 og Olav f. 1819, g. 2. 1850 m. Marta Larsdr. Skogstad, og fire med Mattis: Jon f. 1822 (sjå bruk 5), Marta f. 1828, Eli f. 1831 og Brita f. 1834. Marta og Brita døydde ugifte. Eli gifte seg 1858 med Johannes Sjurson Tveito, Vossastr. Med fyrste mannen sin hadde ho Eli (Nilsdr.) sonen Lars, som reiste til Amerika, og dotteri Åsa f. 1813, som i 1849 var g. m. gardmann Olav Ivarson Saude. Hermann Jonson f. 1816, var g. 1. 1850 med Brita Larsdr. Øvsthus, 2. 1857 med Marta Larsdr. Øvsthus og døydde 1903. Han fekk halve garden ved skifte etter faren i 1822 og resten ved skifte etter mori i 1848. Fire born: Mattis f. 1851, Eli f. 1853, Lars f. 1858 og Brita f. 1860, g. 1881 med gardmann Ivar Olavson Saude. Ho Eli gifte seg 1880 med Trond Knutson Øvsthus f. 1854. Dei fekk farsgarden hennar i 1888 for 5600 kr. Deira son Knut fekk garden i 1914 for 4000 kronor. Han let garden att for same pris i 1916 til Anders, bror sin, som er g. 1917 med Anna Knutsdr. Tøn. Bruk 1 var fyrr mtrnr. 85, lnr. 166 med gamal skyld 2 laup 4 mark, urevidert 5 dalar 1 ort 12 skill., revidert 4 dalar 2 ort 19 skill. Ny skyld mark 6,64. Bruk 2. Dukstad. Eirik Knutson f. 1723, umtala ovanfor, var g. 1. 1751 med Arngunna Ivarsdr. Saude, Borstr., 2. 1786 med enkja Anna Torleivsdr. Brattåker og døydde 1791. Ved skifte etter Arngunna i 1775 åtte buet 2 laup i Dukstad etter skiftebrev 1763, 1755, skøyte 1766 og kongeskøyte 1759, taksta 500 rd. og 1½ laup på Saude etter skøyte 1750 og kongeskøyte 1759, taksta 550 rd. Bruttomidelen var 1244 rd. Born med Arngunna: Nils, Knut, Torbjørg f. 1755, g. 1781 med ekm. Anders Knutson Løno, som 1801 budde i Bergslidi, Brita f. 1758, gift til Osgjerd med Bård Eirikson, Marta f. 1764, gift til Øvsthus med Knut Brynjulvson, Ingebjørg f. 1767, Anna f. 1774, død ugift. --- side 19 --- Nils Eirikson f. 1753, var g. 1777 med Anna Brynjulvsdr. Øvsthus og døydde 1833. Han fekk i 1777 skøyte på 2 laup i Dukstad for 498 rd. og i 1784 bruk 1 på Saude. I 1784 let han garden på Dukstad til Knut, bror sin. Han var f. 1761, g. 1784 med Brita Brynjulvsdr. Øvsthus og døydde 1846. Fem born: Arngunna f. 1786, g. 1818 med Nils Arnbjørnson Haugo, Brynjulv f. 1794, g. 1824 med Eli Knutsdr. Seim, Kari f. 1798, g. m. Sjur Knutson Kvòrmo, Marta f. 1801, g. m. gardmann Lars L. Saude, Eirik f. 1805, g. m. Gyrid Sjursdr. Kvòrmo (Amerika). Brynjulv fekk farsgarden i 1822 og 1829 og selde att 1844 til Hans Høyum frå Luster for 1600 spd. og reiste med huslyden sin til Amerika. Han Hans ruinerte mykje på garden, er det fortalt. Knut Olavson Flatekvål kjøpte so garden i 1854 for same pris. Han var f. 1806, g. 1845 med Jorunn Nilsdr. Rjodo. Knut var skomakar og dreiv med handel, reiste til Bergen med landsvaror og kjøpte heim att byvaror, som han selde, og hadde krambud på Dukstad. Han bleiv i Lønavatnet 1863 um vinteren. Åtte born: Olav d. e. f. 1846, Nils f. 1847, død ugift, Barbrå, f. 1850, g. m. gardmann Nils K. Lirhus, Marta f. 1853, g. m. Herlaug P. Vinjo, gardmann på Helleve, Johannes f. 1855, g. m. Brita Knutsdr. Kvarakvål, gardmann på Øvsthus, Torbjørn f. 1857, død ugift, Gudve f. 1860, Olav d. y. f. 1862, g. m. Anna Sjursdr. Vinjo, snikkar og husmann på Dukstad. Olav d. e. f. 1846 var g. m. Gudve Johannesdr. Raustad og døydde 1920. Han fekk farsgarden. Deira son Knut fekk skøyte på garden i 1914 for 4500 kronor, er f. 1883 og g. m Anna Johannesdr. En. Bruk 2 var fyrr mtrnr. 85, lnr. 167 med gamal skyld 2 laup 4 mark, urevidert 5 dalar 1 ort 12 skill., revidert 4 dalar 3 ort 1 skill. Ny skyld mark 6,35 etter at bruk 7 er skilt frå. Bruk 3. Dukstad. Viking Brynjulvson Dukstad f. 1657 var som fyrr meldt g. m. Gudve Styrksdr. Dukstad og døydde 1752 barnlaus. Dei bygsla i 1735 av far hennar, Styrk Åmundson, 1 laup i Dukstad og fekk i 1739 skøyte på det. Ho Gudve gifte seg att 1753 med Mikkjel Andersson Lid, Kv. f. 1734 (sjå ætti hans i Kindem: Lidætti nr. 95). Mikkjel gifte seg andre venda-1777 med Kristi Jørgensdr. Graudo, og døydde 1779. Ho vart g. 2. med Magnus Sjurson Spildo (sjå Kindem: Losnaætti nr. 460). Mikkjel fekk skøyte i 1753 på bruk 3 og bytte i 1758 --- side 20 --- med Svein, bror sin uti garden hans på Lid. Svein var f. 1735, g. m. Kari Johannesdr. Dukstad. Han selde so i 1764 til Olav Sjurson Bidne og døydde på Bidne fyre 1773. Olav selde att 1766 til Svein Brynjulvson Øvre Kyte. Svein var g. 1. med enkja Guro Olavsdr., 2. 1778 med Brita Sjursdr. Sonve og døydde 1790, 71 år gl. Brita vart g. 2. 1792 med Lars Eirikson Gjerde som i 1792 fekk skøyte på 1 laup og bygsla 1 laup. Svein og Brita hadde tri born: Guro f. 1779, Anna f. 1784, død ugift, og Sjur f. 1789. Sjur var g. 1810 med Brita Nilsdr. Dukstad og døydde 1834. I 1808 fekk han skøyte på garden frå stykfaren. Fem born: Svein f. 1811, Anna f. 1814, g. 1835 med Lars Larson Vinjo, Brita f. 1817, g. 1843 med Knut Knutson Rjodo, Nils f. 1823, død ugift, Knut f. 1825. Svein Sjurson f. 1811 g. 1840 med Marta Larsdr. Alland døydde 1847 barnlaus. Han hadde fått garden i 1835. Ved skifte etter han 1849, var garden taksta 1086 spd. Nettomidelen var 1217 spd. Bror hans Svein, Knut, fekk garden i 1849, men selde att 1855 til Gusskalk Mattisson Seim for 1086 spd. og reiste til Amerika. Gusskalk var fødd 1818, son åt lensmann M. Ringheim, g. 1843 med Ingebjørg Olavsdr. Flatekvål og døydde 1873. Gusskalk var postførar, medlem av heradsstyret, varaordførar, forlikskommissær, medlem av Nordhordland matrikkelkommisjon og stortingsmann 1862-69. Fire born: Mattis, Rannveig f. 1845, g. m. Nils B. Tofte på Gjerde, Guro f. 1850, g. m. gardmann Arnfinn K. Lydvo, Johannes f. 1859, g. m. Marta Torsteinsdr. Seim (Amerika). Gusskalk var den fyrste på Voss som brukte lapphellor til tak, då han bygde seg nytt stovehus. Han laga skant til dei og fekk husmannen Sjur Ivarson til å laga hellone. Mattis Gusskalkson f. 1844, var g. 1872 med Brita Nilsdr. Nesthus og døydde 1929. Han fekk garden, var medlem av heradsstyret, ordførar, forlikskommissær, medlem av styret for Landhusholdningsselskapet, av representantskapet for Noregs Bank, direktør i Voss Sparebank, og stortingsmann 1886-97. Born: Ingebjørg f. 1873, g. m. Jon A. Gjerdåk, Gusskalk f. 1874, g. m. Ingjerd Brynjulvsdr. Hylle, Ingjerd f. 1878, g. m. Lars H. Steine, Marta f. 1879, g. m. Nils Josefson Lid, Guro f. 1883, g. m. Olav Mattisson Saude, Nils f. 1885, g. m. Ragnhild Nilsdr. Øye, lærar i Palmafossen. Gusskalk fekk farsgarden i 1907 for 3000 kronor. --- side 21 --- Bruk 3 var fyrr mtrnr. 85, lnr. 168 a med gamal skyld 1 laup 1 mark, urevidert 2 dalar 2 ort 19 skill., revidert 2 dalar 4 ort 12 skill. Ny skyld mark 4,22. Bruk 4. Furteset (støl). Skyld 16 øre. Utskilt frå bruk 3 og skøytt i 1882 til Anders Styrkson Kvitno for 360 kronor. Han selde att 1885 til Lars Gudleikson Kvitno. Bruk 5. Dukstad. Sjur Sveinson Dukstad bygsla i 1808 dette bruket. Han er umtala på bruk 3. Stykfaren, Lars Eirikson, hadde lovt at han skulde lata dette bruket til Sjur når han vart vaksen. Kaptein P. M. Blytt søkte i 1819 um at 2 laup i Dukstad måtte verta teke til chefsgard. Bruk 5 har so vorte chefsgard for Sognske Musikkorps. Blytt har i 1830 søkt um å verta fri chefsgarden. Han upplyste då at han hadde fått utskift alt ihopehav, brote upp 24 000 kvadratalen nytt åkerland og bygt nye hus etter utskiftningen. Søknaden vart stetta ved kgl. resol. 1830. Det skal ikkje ha butt nokon chef på garden, men han var pakta burt. Den eine halvparten av han var bygsla til Olav Jonson Dukstad i 1811 og til Sylfest Olavson Grjotland i 1844. Jon Mattisson, nemnd på bruk 1, fekk kongeskøyte på garden i 1856 for 825 spd. og årleg avgift 12 spd. 48 skill. til soknepresten i Krosskyrkja i Bergen. Avgifti er seinare løyst. Jon var f. 1822, gift 1855 med Brita Brynjulvsdr. Midtberde og døydde 1900. Sju born: Mattis f. 1856, Anna f. 1858, g. m. gardmann Ivar O. Grjotland, Eli f. 1861, g. m. gardmann Eirik N. Ringheim, Brynjulv f. 1865 (Amerika), Nils f. 1869 (Amerika), Brita f. 1872, g. m. gardmann Knut A. Nedkvitno, Marta f. 1873, død ugift. Mattis Jonson f. 1856, g. m. Marta Styrksdr. Ullestad, fekk farsgarden for 4400 kronor. Han var furer, hadde eigedom på Hermannsverk i Sogn og dreiv handelsforretning der. Sonen Jon Dukstad fekk garden i 1922. Han er f. 1890, g. m. Ellen Marie Marcussen, er kaptein i 4de divisjon, har vore mykje med i det politiske arbeid og vore medarbeidar i bladstyre. Frå 1932-36 var han bladstyrar for Bergens Aftenblad. Bruk 5 var fyrr mtrnr. 85, lnr. 168 b c og 169 a med gamal skyld 1 laup 1 mark, urevidert 5 dalar 16 skill., revidert 3 dalar 1 ort 13 skill. Ny skyld mark 4,74 etter at bruk 8 er skilt frå. Bruk 6. Dukstad. Anna Torsteinsdr. Dukstad var som ovanfor umtala gift 2. med Styrk Åmundson Fjose. Deira son --- side 22 --- Åmund budde på Fjose. Han fekk hjå mor si i 1744 2 pund i Dukstad og åtte ialt 1 laup i garden. Åmund sin son Olav hadde i 1742 bygsla 1 laup, som bestemori Anna då avstod mot å få kår. Han fekk skøyte frå far sin i 1751 på 1 laup og kjøpte 1759 løysningsretten til 2 laup i andre tunet for 45 rd. Dette jordgodset hadde Gabriel Marselis kjøpt i 1657. Olav skal ha vore g. m. ei dotter åt Isak Børve i Hardanger. Olav selde garden med løysningsretten i 1760 til Anders Larsson Kolvu. Olav budde sidan på Ien på Herløy. Anders bygsla og ein laup av prestegodset. Han var f. 1712, g. 1733 med Arnbjørg Kjelsdr. Skiple og døydde 1780. Han dikta ein gudeleg avferdssong til borni sine, som er prenta 1774. Dei hadde fem born: Kjel f. 1736, død ugift, Lars f. 1739, gift til Ytre Takla med Anna Gudleiksdr., Sisselja f. 1733, g. 1752 med Mattis Sjurson Vålo, Marta f. 1741, g. m. Botolv Andersson Gavle, Åsa, f. 1752, g. 1770 med Nils Larsson Bjørku f. 1735. Nils og Åsa fekk garden hjå foreldri hennar og bygsla 1 laup som var prestegods. Fire born: Lars f. 1777, død ugift, Torbjørg f. 1773, g. m. gardmann Torstein L. Lofthus, Arnbjørg f. 1786, g. 1811 med Olav Jonson Lirhus, Eli f. 1789, g. 1. m. Olav Sveinson Jernes, 2. 1814 med Jon Vikingson Alland og 3. 1822 med Mattis Masson Lydvo (sjå bruk 1). Han Lars fekk farsgarden i 1798 og 1802. Han døydde 1804 og Olav og Arnbjørg kjøpte garden i 1811 for 1600 rd. Ho Arnbjørg døydde 1842 og Olav gifte seg att 1850 med enkja Marta Larsdr. Skogstad og døydde 1856, 75½ år gl. Ved skifte 1843 etter Arnbjørg åtte buet 1 laup i Øvre Graudo og nokre uthus på Vangen. Nettomidelen var 1501 spd. Ved skifte etter Olav 1857 var noko av arven testamentert til syskini Olav og Torbjørg Nilsborn Dukstad. Deira far, Nils Torsteinson Lofthus hadde i 1840 fått skøyte hjå Olav på garden for 400 spd. Nils var f. 1800, g. 1. 1841 med Gunnvor O. Kronstad, 2. 1850 med Gjertrud T. Vålo og døydde 1853. Med Gunnvor hadde Nils tri born: Olav f. 1843, Arnbjørg f. 1841, død 1850, og Torbjørg f. 1845. Olav fekk halvparten av garden i 1848 og resten i 1866. Han var ugift og let garden i 1870 for 1200 spd. til systri Torbjørg, som i 1867 var g. m. Olav Magneson Gjerdskvål. Han var f. 1830 og døydde 1917. Deira son Nils f. 1874, fekk garden i 1905 for 3600 kronor, men let han i 1925 til Knut, bror sin, f. 1879, for 3000 kronor. Medan Olav Magneson hadde --- side 23 --- garden, vart løbygningen øydelagd av ei skride som kom frå Øvsthus. Bruk 6 var fyrr mtrnr. 85, lnr. 169 b med gamal skyld 1 laup 1 mark, urevidert 2 dalar 2 ort 10 skill., revidert 3 dalar 3 skill. Ny skyld mark 4,41. Bruk 7. Nedre Dukstad. Skyld 36 øre. Skilt frå bruk 2 i 1921 og skøytt til Sjur Olavson Dukstad. Bruk 8. Myra. Skyld 8 øre. Skilt frå bruk 5 i 1925. Eigar er Marta S. Dukstad f. 1865, enkje etter Mattis J. Dukstad. Husmenn på Dukstad.Olav Olavson, g. m. Brita Olavsdr. var husmannsfolk i 1781, då dei fekk dotteri Brita. Knut Olavson, g. m. Marjo Larsdr. fekk sonen Olav i 1782. Lars Kolbeinson, g. m. Brita Sjursdr. fekk dotteri Brita i 1784. Olav Knutson, g. m. Gjertrud Larsdr. fekk sonen Ivar i 1794. I 1801 var der sju husmenn: a. På bruk 1 Arne Åmundson f. 1759, g. m. Botilda Larsdr. og sonen Åmund f. 1790. b. På bruk 2 ekm. Arne Arnvedson f. 1731. Isak Knutson f. 1739, g. m. Torbjørg Larsdr. c. På bruk 3 Øyel Olavson f. 1753, g. m. Brita Olavsdr. og borni Olav, Svein og Gjertrud, 8, 6 og 10 år gl. d. På bruk 6 Lars Person f. 1731, g. m. Gjertrud Larsdr. Magne Oddson f. 1747, g. m. Gjertrud Sjursdr. og dotteri Ragnhild 11 år gl. Dei budde i Dukstadhjedlane. Svein Torgisson f. 1751 g. m. Barbrå Ivarsdr. Han døydde 1824, 74 år gl. Ved skifte etter han er ført upp fem born: Torgeir, Ivar, Elisabet (enkja etter Per Naveson), Rannveig (g. m. Bjarne Øyelson Ulven) og Abelu f. 1790. Sjur Sveinson var husmann i 1818. Lars Larsson g. m. Anna Sjursdr. fekk dotteri Brita i 1839. Mikkjel Olavson døydde 1843 som husmann i Kvednahaugen. I 1865 var der fire husmenn: a. På plasset Haugen Ivar Monsson f. 1797, g. m. Marjo Larsdr. og døydde 1867 utan born. b. På Kvednahaugen Knut Styrkson f. ikr. 1799, død 1876, g. 1. med Rannveig Larsdr., 2 m. Sigrid Eiriksdr. Han styrde lenge med Dukstadkverni og mol åt folk i bygdi. Fire born: Anna, Lars, Rannveig og Marta. Dei tri siste i Amerika. c. På plasset Hagen under bruk 5 Sjur Ivarson f. ikring 1812, g. m. Marta Sjursdr. og tri born: Kristi, Lars og Gudve, 17, 11 og 8 år. d. Knut Olavson budde og på plasset Hagen. Knut var f. 1831, g. m. Barbrå Andersdr., og døydde 1913. Han var skomakar og hadde borni: Styrk, Lars, Knut og Marta 15, --- side 24 --- 6, 4 og 1 år. Husi hans brann 1891. Anders Torsteinson Davidhaugen var den siste som budde på Kvednahaugen. Han var f. 1835, g. 1. m. Brita Kjelsdr. Fenno, 2. m. Brita Larsdr. Ullestad. Fleire born. Lars Sjurson Dukstad fekk plasset Hagen etter far sin. Han er snikkar, er f. 1855, g. m. Ingerid Olavsdr. Helleve. På Aosatræe (i Storaosen) har eingong butt husmann. Likeins på Tuftna, der det syner etter fleire hustufter. På Askjetræe har og vore husmannsplass. På Kvednahaugen skal ha butt ein sylvsmed fyre Knut Styrkson. Stølar.Stølen var 1¼ mil frå garden er det skrive i 1723. Furteset har vore støl åt Dukstad so lenge nokon kann minnast. Bruk 3 selde sin part, sjå bruk 4, og kjøpte ikring 1875 att støl på Armot i Myrkdalen saman med bruk 2 Lirhus. Stølen heiter Sommerset, har 46 øre i skyld og eig ein åttendepart av stølshamni på Armot. Fyrr i tidi skal Dukstadstølen ha lege høgt uppe i fjellet millom Langedalen og Fyrjadalen og heitt Dyrgard. Det syner etter hustufter. Budeia laut ha bjørnahund der, er det fortalt, av di det var so bjørnsgjengt. Ei segn fortel at i gamal tid hadde Dukstadane vår- og sumarsstøl der Nedkvitno og Ukvitno no er. Kvern og sagbruk.Dukstad hadde to kvernar i 1723, som var til eige bruk, heiter det. I 1776 og 1791 var skatten 8 skill. for kvar av desse to. Elles var skatten for dei fleste kvernar i bygdi 2 skill. Fire av Dukstadmennene eig no ihop eit kvernhus med to kvernar. I lenger tid i 1800-talet var der male mykje åt andre til dess den store kverni kom på Skulestadsida åt fossen. Eirik K. Øvsthus hadde nokre år sagbruk og hyvleri ved Dukstadfossen. Utslåttor.Dukstad har fleire utslåttor. Soleis på Dukstadhjedlane ovanfor Ukvitno og i Lønaøyane. Likeins slåtte- og skogteigane Rindane på grensa millom Voss og Vossastrondi. På Dukstadhjedlane har det vore husmannsplass. Offentlege forretningar.Steiningsforretning 1759, 1761, semje um beiting på stølen 1798, åstadsak 1821, takstforretning 1821, utskiftning 1823, 1863 og synsforretning på bruk 5 i 1930. Husi på bruk 3 står i gamle tunet, der alle husi har stade fyre siste utskiftingen. --- side 25 --- Ymse.På Dukstad skal vera fleire gravhaugar. I 1830 fann dei i ein gravhaug sverd, øks, sigd og spydblad, alle av jarn. Ikring 1835 vart funne sverd, tri pilespissar, to sigdar, beitlemunbit og stykke av ei saks, alt av jarn. Ein lausgangar Torgeir Larsson hadde i 1775 og 1776 halde seg på Dukstad og vart stemnd til tings. Det vart då upplyst at han ofte reiste til Bergen og kjøpte heim att med seg tobakk, rom, fransk brennevin og andre varor som han selde. Han kjøpte skinn, smør og røykekjøt på Voss, som han selde i Bergen. Korleis domen vart, har eg ikkje set. Segn.Segni segjer at då Vossakyrkja skulde byggjast, var det meiningi at ho skulde stå på Dukstad, og timber vart køyrt til Sandvikjæ. Men so vart det slik overhendig vatnavokster at timberet flotna laust, rak åt Vangsvatnet og vart liggjande der Prestegarden no er. Då skyna folket at det var der kyrkja skulde stå. Bumerke teikna av bunadsmenn på Dukstad.Lars 1710-1715 tavle 4 nr. 77. Styrk 1711-1730 t. 3 nr. 78 med noko brigde i 1720. Olav 1717 t. 4 nr. 5, i 1752 og 1759 t. 1 nr. 4, i 1755 t. 4 nr. 84 og eit anna merke i 1742. Olav Åmundson 1750 t. 1 nr. 4 med det brigdet at det snur umvendt og i staden for bogen nede er det eit rett bein til kvar side. Bjarne 1721-1738 t. 4 nr. 22. Knut 1735 og 1742 t. 4 nr. 79. Gusskalk 1752 og 1753 t. 4 nr. 80, med noko brigde 1761 og sett på hovudet i 1769. Anders 1760-1771 t. 4 nr. 81 og t. 2 nr. 51 i 1761. Svein 1763 t. 4 nr. 82, mykje brigda i 1784. Nils 1779 t. 4 nr. 83. I seglet åt Anders Larsson i 1766 er bokstavane A L S og bumerket t. 4 nr. 81. |