147. Eggjareid.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 428 ---

Namnet vert i 1695 skrive Egereid. Det vert no sagt Ejjareir2, han búr pao, è tao Ejjareir, ska tì Ejjareir(s). Namnet ser no ut som ei samansetning av ei eller eit egg og eit reir, men trulegast er det umlaga av eggjar-eid eller -eide, eidet over eggi der (jfr. Skipleseidet og gardsnamnet Eide, nr. 2 i band 2).

Landkommisjonen segjer 1661 um denne garden at skyldi var 1 spann og at der var ein brukar. Det var likeins 1723. Der var då vedaskog og jordi var ring, står det. Skyldi vart umskrivi 1838 til 1 dalar 4 ort 8 skill. Samanlikningstalet var 280.

--- side 429 ---

Garden var frostnæm, hadde lite fureskog, vedaskog og eit lite vassfall.

Matrikkelen 1865 melder at der var 10 mål åker, 25 mål god, 32 mål medels natureng og 80 mål skrapebø. Hamnegangen var medels og der var skog til husbruk. Garden var tungbrukt og dyrka som vanleg. Kornet fraus ofte og vart sjeldan moge. I 1918 var det 7,1 mål åker, 34 mål kunsteng og 31,5 mål natureng.

Folketalet på Eggjareid var 7 i 1801, 13 i 1865 og 18 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Eggjareid.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 4 4
1723 5 6 ¾
1865 2 16 24 24 19
1918 2 7 14

Halldor Eilivson, g. m. Dordei var brukar på Eggjareid 1645. Dotter deira vart g. m. Herbrand (truleg Olavson) som er skriven som brukar 1657 og 1661. Han fekk avkorting i skatten 1659 av di han var fatig. Soknepresten åtte garden i 1661 og den hadde 1 spann i skyld. Enkja etter Herbrand var leiglending 1664 og hadde to søner etter Herbrand, Olav f. 1648 og Eiliv f. 1650 og truleg ei dotter Kari, som var g. m. Lars Knutson. Dei fekk 1719 sonen Torkjel og heldt seg då på Eggjareid.

Olav vart leiglending etter faren. Han vitna for retten 1670 i den store skogsaki at han hadde vore med to gonger og talt upp stubbane etter hogde tre. Soknepresten stemnde Olav 1671 for di han hadde hogt for mykje i skogen nemleg 781 tre. Olav sa at han hadde ikkje hogt meir enn 100 tylvter sagtimber. Det som var hogt meir, var gjort av andre. Olav vart dømd til å «tilfredsstille» presten. Vart det ikkje gjort, skulde Olav dømast etter lovi. Olav kjøpte Lindberg i 1690.

Klas Miltzow har kjøpt Eggjareid fyre 1676 og hadde garden til 1792, då han vart seld til Henrik Miltzow. Eirik var leiglending 1691 og 1695 og Knut Bergeson i 1701 og var då 32 år gl. Etter han kom Johannes Guttormson til 1712 då

--- side 430 ---

han av armod gav upp bygsli og reiste ut or bygdi. Ei enkje var leiglending 1715. Knut kjøpte Eggjareid 1715 og budde der til etter 1723.

Eiliv Sakariasson har deretter vorte eigar av garden og selde 1726 til Mons Sylfestson for 86 rd. Han selde att 1732 9 mark til Hallvor Nilsson og 9 mark til Arnfinn Knutson Repål. Hallvor selde att 1741 til Lars Olavson 9 mark for 70 rd. Lars hadde i 1738 kjøpt dei andre 9 mark i garden. Lars hadde borni Gunnhild f. 1742 og Ingebjørg f. 1746.


Eggjareid. Hagen bakanfor
Bilete 54. Eggjareid. Hagen bakanfor. Fot. P. Braaten 1936.

Olav Olavson Heimberde kjøpte 1747 Eggjareid av Lars og fekk der borni: Lars f. 1748, Anna f. 1750 og Knut f. 1753. Olav selde att 1754 til Herbrand Andersson Nygryten, som var g. 1733 m. Brita Olavsdr. Haugen. Herbrand døydde 1766, 60½ år gl. og Brita 1767, 64 år gl. Dei hadde to døtre: Sigrid f. 1734, g. 1755 m. Sjur Nilsson Kolvu, og Anna, g. 1765 m. Lars Sjurson Davidhaugen. Sjur fekk skøyte på Eggjareid frå verfaren i 1755, men selde til han att 1763 og fekk i staden Nygryten.

Herbrand selde so 1764 til den andre versonen Lars Sjurson. Ho Anna døydde 1774, 28¾ år gl. og Lars gifte seg andre gongen 1774 m. Sisselja Knutsdr. Voll. Lars døydde 1804, 60½

--- side 431 ---

år gl. og Sisselja 1817, 74½ år gl. Ved skifte 1774 var garden taksta 220 rd. Lars fekk tri born m. Anna og seks med Sisselja: Sigrid f. 1766, g. 1791 m. Lars Larsson Mæringi, Herbrand f. 1768, død fyre 1804, Olav f. 1774, Sjur f. 1776, Knut f. 1776, død ugift 1808, Anna f. 1778, Bjarne f. 1780, Hermann f. 1782, g. 1813 m. Marta Styrksdr. Hegg, Nils f. 1789. Lars skifte garden millom sønene Olav og Sjur so Olav fekk bruk 3 og Sjur bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Eggjareid. Utskilt frå bruk 2 1878 og selt til Lars Jonson Bjørku for 2680 kronor. Han selde 1885 til Nils Nilsson Graudo for 2000 kronor. Konduktør Hans Jakob Hansson kjøpte bruket 1892 for 2000 kronor og hadde det til 1907, då han selde til Anders Jensson Flåm for 2064 kronor. Wilhelm Mohr kjøpte bruket 1911 for 7100 kronor og selde 1928 til Anders B. Dolve for 8000 kronor.

Bruk 1 er ført upp i panteregistret som mtrnr. 148, lnr. 295 a med urevidert skyld 4 ort 21 skill., revidert 3 ort 22 skill. Ny skyld mark 1,14.

Bruk 2. Gryteslåtto. Sjur Larsson fekk som ovanfor nemnt dette bruket 1799. Han var f. 1776, g. 1808 m. Anna Knutsdr. Ullestad og døydde 1809. Ho gifte seg att 1813 m. Askjel Brynjulvson Øvsthus. Ved skifte etter Sjur var garden verdsett 300 rd. og bruttomidelen var 465 spd. Han og Anna hadde dotteri Sisselja f. 1809 som fekk garden, men selde han att 1813 til farbroren Bjarne Larsson for 116 rd.

Bjarne var f. 1780, g. 1815 m. Gjertrud Bårdsdr. Lunde, og hadde borni Lars f. 1816, g. 1854 m. Barbrå Arnfinnsdr. frå Sogn, husmann i Vekahagen, Bård f. 1817, død ugift, Knut d. e. f. 1819, g. 1846 m. Rannveig Sjursdr. Kleivane, Sjur f. 1825, Knut d. y. f. 1828. Gjertrud døydde 1831, 44 år gl. og Bjarne 1855. Ved skifte etter Gjertrud var garden verdsett 190 spd. og skogen 10 spd. Buet var fallitt ved skifte etter Bjarne og båe sønene Knut tok buet på seg.

Sjur Bjarneson f. 1825 vart g. 1854 m. Rannveig Olavsdr. Fagnastølen og fekk 1847 skøyte frå far sin på garden. Dei fekk på Eggjareid dotteri Gjertrud f. 1855. Sjur selde garden til Knut Isakson Ygre. Knut Bjarneson d. y. tok i 1856 garden att ved odel. Han var f. 1828, g. 1861 m. Ingebjørg Sjursdr.

--- side 432 ---

Kleivane og fekk borni Bjarne, Marta, Sjur, Lars, Olav, fødde 1862-1875. I 1878 vart skilt frå 7/8 av garden som vart bruk 1. Knut budde seinare på Lid. Sjur K. Reime, Olav K. Lid og Lars K. Lid vart eigarar av resten av bruk 2 og selde det 1918 til Georg Schram for 2500 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 148, lnr. 295 b med gamal skyld 9 mark. Då bruk 1 vart skilt frå, fekk bruk 2 namnet Gryteslåtto og vart fort upp med 14 skill. i urevidert og revidert skyld. Ny skyld er 17 øre.

Bruk 3. Eggjareid. Olav Larsson fekk som ovanfor fortalt bruk 3 hjå far sin i 1796. Olav var f. 1774, g. 1799 m. Ingjerd Olavsdr. Brekku og fekk borni: Anna f. 1800, Brita f. 1802, Lars f. 1805 og Knut f. 1807. Olav selde 1808 bruket for 420 rd. til Nils Olavson, som atter selde 1811 til Olav Larsson for 433 rd. Han bytte 1813 med Nils Vikingson Hellene som budde der til 1829 og let då garden til Sylfest, son sin. Han gifte seg 1834 m. Brita Persdr. Kårdal og fekk på Eggjareid borni Nils f. 1835, Ragnhild f. 1836 og Guro f. 1838.

Sylfest selde garden 1839 til Hans Nilsson Brekku og budde seinare på Fagnastølen. Hans var g. m. Anna Persdr., fekk på Eggjareid dotteri Anna i 1843 og selde garden 1845 til bror sin, Gjert Nilsson Brekku. Han budde der til 1869 og let då garden til Nils, son sin. Han var g. m. Guro Andersdr. og fekk 1863 sonen Gjert. Nils selde garden 1886 til Olav Olavson Almenningen, g. m. Kristi Larsdr. Uppheim, Ulvik for 800 kronor. Lensmann Jens Lillegraven kjøpte bruket 1917 for 7000 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 148, lnr. 296 med gamal skyld 9 mark, urevidert 4 ort 16 skill., revidert 4 ort 12 skill. Ny skyld 54 øre etter at bruk 8 er skilt frå.

Bruk 4. Eggjareid. Utskilt frå bruk 3 1875 med skyld 56 øre og selt til Lars Larsson Graudo og Anders Larsson Graudo for 275 spd. Ved skifte etter Lars vart hans part skøytt til sonen Nils Graudo for 700 kronor. Anders brukar sin part til støl. Anders skøytte 1933 stølen saman med bruk 7 Øvre Graudo til Lars, son sin.

Bruk 5. Eggjareid. Skilt frå bruk 3 i 1875, med skyld 19 øre. Eigar etter skylddeilingi Jon Andersson Kvåle. Det er ei slåtte med løde. Anna Aslesdr., enkja etter Askjel Hallsteinson, skøytte 1933 bruk 5 saman med bruk 4 på Øvsthus til sonen Johannes for 4500 kronor.

--- side 433 ---

Bruk 6. Myrland. Skilt frå bruk 3 i 1897 med skyld 3 øre og selt til Brynjulv Olavson Reime for 350 kronor.

Bruk 7. Nygård. Skilt ut frå bruk 1 i 1897 med skyld 6 øre og selt til Brynjulv Olavson Eggjareid.

Bruk 8. Haugen. Utskilt frå bruk 3 i 1897 med skyld 4 øre og selt til Lars Andersson Hagen for 500 kronor.

Bruk 9. Eggjareid. Skilt frå bruk 1 1897 med skyld 54 øre og selt til Håkon Hansson for 1200 kronor. Eigedomen vart seld på auksjon 1907 til Anders Jensson Flåm for 1580 kronor. Han selde 1911 til Wilhelm Mohr, som selde att 1927 til David Andersson Klyve som har støl der.

Bruk 10. Retiro. Skilt ut frå bruk 1 i 1916 med skyld 1 øre og selt til kjøpmann Andreas Hansen for 4000 kronor. Han skøytte det 1935 til døtterne Augusta og Gedske Hansen.

Bruk 11. Retiro II. Skilt ut frå bruk 1 og 9 i 1925 med skyld 1 øre. Eigar Andreas Hansen. Bruk 11 er ført saman med bruk 10.

Bruk 12. Eggjareid. Skilt frå bruk 1 i 1928 med skyld 17 øre, selt til lensmann Jens Lillegraven og ført saman med bruk 3.

Husmenn.

Johannes, g. m. Rangue var husmann 1645. Olav Olavson f. 1641 var husmann 1701. Torgeir Nilsson, g. m. Marta Herbrandsdr. døydde 1771 og hadde borni Nils f. 1763, Sisselja f. 1757 og Ingeleiv f. 1760. Sverkve Torgeirson, g. m. Gunnhild Knutsdr. fekk sonen Nils i 1787.

Støl.

Støl hadde ikkje Eggjereid i 1723. Garden har seinare havt stølen Eggjareidstølen, som ligg utanfor Eggjareid.

Kvern.

Kvern var der ikkje 1723, men 1776 og 1791 var der ei. Folk no hugsar ikkje um at der har vore kvern.

Offentlege forretningar.

Takstforretning 1812, jarnbanetakst 1896 og 1899, godviljug utskifting 1897. Semje 1936 med jarnbanen um bruk av eit jordstykke på bruk 3.

Bumerke.

Johannes 1710 tavle 6 nr. 87. Lars 1742 t. 5 nr. 90. I 1767 teikna han L S S. Lars Sjurson teikna 1786 ein L på ein S. Olav 1750 og 1751 t. 3 nr. 81.

Är du säker på att du vill logga ut?