62. En.
--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 369 --- Namnet vert i 1300-talet skrive a Æne. Det vert no sagt Èn; han búr pao, è tao Èn, ska tì Èns, sms. Èns-hòlmén. Namnet er truleg samandrege av á-vin, av gn. á f. (å, elv) og vin (beite). Dette hadde alt i gamalnorsk vorte til Æn. En er i 1661 ført upp som halv gard med skyld 3 laup og med to brukarar. Elles er berre sagt at der var brennefang. Skyldi og brukartalet var i 1723 som fyrr. Det var vedaskog og humlagard, men ikkje kvern. Garden var tungvinn. Skyldi var den same i 1838 og er då umskrivi til 10 dalar 4 ort. Då var det fire brukarar, og turvande vedaskog. Samanlikningstalet var 1630. Matrikkelen 1865 syner at der var fire brukarar, som hadde 40 mål åker, 16 mål dyrka eng, 60 mål god, 72 mål medels natureng og 104 mål skrapebø. Vårhamni var ring og Sumarhamni medels. Der var vedaskog og noko lite timberskog. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var det 39,5 mål open åker, 68 mål kunsteng og 27,5 mål natureng. På En budde det 25 menneske i 1801, 28 i 1865 og 31 i 1920.
Vangens prestebol åtte 2 laup i En heiter det i Bjørgynjar Kalfskinn. Hallstein budde der i 1521 og betalte 2 mark i skatt og 8 mark i breffbrot. Oluf var brukar i 1563 og 1591. I 1603 var det tri leiglendingar: Arne, Johannes og Margreta. Johannes og Marta En betalte odelsskatt for 2 laup. I 1614 er Johan- --- side 370 --- nes utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Marta En og Eirik Norekvål betalte då odelsskatt for 1½ laup i Leiddal og 28 mark i Grovu. Leidangsboki 1624 melder at leidangen på En var 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Garden var tåleg god til avling er det sagt. Johannes Arneson er førd upp som enkjemann i 1645 og hadde fire døtter og ein tenestedreng, Per. Johannes var lagrettemann i 1648 og 1650. Manger prestebol åtte 2½ laup i En i 1652 og 3 laup i 1655. Brukarane var Nils |

Bilete 41. En. Fot. Ludv. Bru 1920.og Halldor i 1652, Johannes i 1655, ei enkje og Arve i 1657 og Aslak og Arve i 1659. Halldor Jonson er i 1660 førd ut av rullene som soldat. Etter søknad frå sokneprest Henrik Miltzow vedtok kongen i 1636 at bøndene på Rekve, Brekku, Raustad, En, Rykke og ein gard til skulde skyssa presten til og frå anneksi og difor vera fri onnor skyssplikt. Landkommisjonen skriv i 1661 at En var på 3 laup som Manger prestebol åtte. Leiglendingar var Aslak Arnfinnson og Arve. I 1664 var det Aslak og Olav Jakobson. I 1691 brukte Nils og ei enkje kvar 1½ laup. I skogsaki mot Klas Miltzow vitna Nils i 1671 at han hadde hogge skog i Raundalens Almenning. I 1695 var ei enkje leiglending på En. Folketeljingi --- side 371 --- 1701 har ført upp to brukarar: Olav Nilsson, 30 år, med sonen Nils, 1 år, ei enkje med sønene Knut Nilsson, 38 år, og Sjur Nilsson, 18 år. Olav og Sjur var brukarar i 1715 og 1723. Futerekneskapen 1735 melder at Mangers prestebol framleies åtte 3 laup i En. Olav Nilsson f. 1668, var gift 1. med Kari Brynjulvsdr., 2. 1727 med Rannveig Olavsdr. Ulvund og døydde 1747. Han var stemnd i 1711 for di han saman med nokre andre på heimreis frå Bergen hadde teke båten hans Nils Eide på Vassenden. Med Kari hadde han seks born: Nils d. e. f. 1700, som reiste til Bergen, Nils d. y. f. 1706, g. 1734 med enkja Marta Olavsdr. En, Knut f. 1712, g. 1743 med Guri Torbjørnsdr. Løno, skriven for Byrkjo i 1747, Dønåt f. 1702 g. 1732 med Anders Henrikson Helleve, Sigvor f. 1707, g. 1733 med Torgeir Torgeirson Bryn, Ingebjørg f. 1713, g. 1733 med Knut Oddson Graudo, i 1747 skriven for Berge, Nordhordland. Olav hadde med Rannveig sonen Olav f. 1728. Anders Henrikson bygsla i 1734 ein part i En og døydde 1757, 47 år gamal. Dønåt kona hans døydde 1790. Barnlause. Torgeir og Sigvor bygsla i 1732 2½ pund i En. Hans Knutson bygsla i 1722 på levetidi 2 pund 6 mark i En. Han var gift med Torbjørg Davidsdr. og hadde dotteri Herborg. Knut Olavson Staup bygsla i 1732 2 pund 3 mark. Han hadde sonen Styrkar f. 1737. Hans Meyer bygsla i 1739 til Erling Ingebriktson 2 pund 6 mark i En. Han vart gift 1739 m. enkja Reiend Oddsdr. Staup. Ho var fyrst g. 1736 m. Olav Staup. Erling døydde på En 1765, 63 år gl. og hadde borni Olav f. 1740 og Kristi f. 1744, g. 1766 m. Knut Styrkson Væte. Per Botolvson bygsla i 1736 2 pund 6 mark smør og 3 mark ost i En. Han var gift med Anna Åmundsdr. og døydde 1738. Ho gifte seg att med Eirik Alvson og døydde 1762. Med Eirik hadde ho ikkje born, men med Per to som levde etter henne: Lars f. 1720, som i 1763 var skipstimbermann ved Holmen i Kjøbenhavn, Sjur f. 1737, korporal 1763 i Kjøbenhavn. Eirik Alvson bygsla i 1739 2 pund 6 mark smør og 3 mark ost i En. Han gifte seg att 1763 etter kongelegt løyve med Eli Arnesdr. Vinsand. Dei einskilde bruk.Bruk 1. En. Nils Soneson Tøn f. 1732, gifte seg 1756 med Kari Knutsdr. En f. 1735, og døydde 1799. Ho Kari døydde --- side 372 --- 1792. Nils bygsla 2 pund 6 mark, som Vangens prestebol åtte i En. Han gjorde mange betringar på garden, la soleis um stølsvegen og ymist anna. Det var fire born etter dei: Lars f. 1763, som i 1801 var sersjant i Holstein, Sone f. 1768, Kari f. 1757 g. 1. med enkjemann Ivar Olavson En, 2. m. Kristoffer Paulson i Bergen, Ingebjørg f. 1773. Sone vart gift 1796 med Brita Larsdr. Saude og 1805 med Jorunn Sveinsdr. Eimstad. Sone var leiglending etter foreldri sine og døydde 1807. Med Brita hadde han sonen Nils f. 1798. Jorunn gifte seg att 1808 med Knut Johannesson Rogne, som var fødd 1781. Han bygsla i 1808 bruk 1. Deira dotter Anna f. 1809, vart gift 1828 med Herlaug Olavson Flatekvål. Bror hans Herlaug, Johannes Olavson f. 1800, gifte seg 1830 med Arngunna Knutsdr. Øvsthus. Han bygsla i 1826 bruk 1, og døydde 1868. Seks born: Knut d. e. f. 1831, Olav f. 1833, Knut d. y. f. 1836, som reiste til Amerika, Eirik f. 1839, g. m. Guro Olavsdr. Grjotland, skreddar, Brynjulv f. 1841, Marta f. 1845, g. m. Nils N. Saude. Olav fekk i 1873 kongeskøyte på garden for 848 spd. 21 skill., og døydde ugift 1918. Broren Brynjulv fekk garden i 1900 for 2800 kronor. Han var gift 1881 med Ingebjørg Johannesdr. Hylle, og døydde 1923. Brynjulv dreiv mykje med krøter- og feitevarehandel i sine yngre dagar. Ni born: Johannes f. 1882, Arngunna f. 1884, Ingjerd f. 1886, Guro f. 1888, David f. 1890, Knut f. 1892, Olav f. 1895, Ingebjørg f. 1897 og Brita f. 1899. Johannes er bygmeister og disponent for a/s Brødrene En i Oslo. Arngunna er g. m. Lars B. Gjerde. Ingjerd er g. m. lærar Anders G. Kløve. Guro er lærarinne i Bergen. David er g. m. Ora fødd Løvold, Ålesund, og er disponent for Norske Separator og Alfa Laval, Oslo. Knut som var tannlækjar, døydde 1929. Olav er g. m. Marta Olavsdr. Berge, Brekku, og fekk farsgarden i 1924 for 4000 kronor. Ingebjørg er lærarinne på Voss. Bruk 1 var fyrr mtrnr. 62, lnr. 129 med gamal skyld 2 pund 8 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 4 ort 9 skill. Ny skyld mark 4,19. Bruk 2. En. Ivar Olavson f. 1713, g. m. Marta Tormodsdr., døydde 1766. Han bygsla 2 pund 6 mark i En, som Manger prestebol åtte. Deira dotter Ingebjørg f. 1746, vart gift i 1767 med Olav Mikkjelson Endeve. Dei var leiglendingar etter foreldri hennar. Olav døydde 1818, 85 år gl. og Ingebjørg i 1832. --- side 373 --- Borni etter dei var: Ivar f. 1767, død ugift 1833, Olav f. 1774, Marta f. 1772, reiste til Vesterålen, Gjertrud f. 1776, g. 1. 1804 med Anders Eirikson Rekve, 2. med Nils Eide, husmann i Strudshamn på Askøya i 1819, Marta f. 1781, reist til Strudshamn. Olav Olavson f. 1774, vart gift 1805 med Kristi Steffadr. Grevle, og døydde 1866. Han bygsla bruk 2 i 1805. Fem born: Olav f. 1805, Knut f. 1809, Sigrid f. 1812, som var jordmor og gift 1850 med ekm. Per Nilsson Kvårmo, Knut f. 1822, Steffa f. 1818. Steffa vilde våren 1844 reisa til Amerika og var komen til Bolstadøyri då lensmannsdrengen frå Voss kom og tok han med til Voss att. Steffa kom under tiltale og vart dømd til 2½ års straffarbeid fordi han hadde nokre falske 10-dalarsetlar, som han var tenkt til å gjeva ut. Av rettssaki syner det seg, at det var Eirik Oddson Gjelle som hadde lokka han til det. Eirik vart dømd til 10 års straffarbeid for å ha gjort pengane. Olav Olavson f. 1805, vart gift 1830 med Maria Steffadr. Ygre, og døydde 1831. Han bygsla garden i 1826, og hadde 2 born: Knut f. 1827, gift 1851 med Berta Olavsdr. Tuenes, og Kristi f. 1830. Ho Maria vart attgift i 1835 med David Styrkson Jernes. Ho fekk kongeskøyte på garden i 1835 for 350 spd. og jordavgift som er løyst seinare. Borni deira var: Kirsti f. 1836 og Styrk f. 1838. Maria selde garden i 1850 til Johannes Olavson En for 500 spd., då David med huslyden reiste til Amerika. Sjå um Johannes under bruk 1. Johannes let garden i 1862 til sonen Knut for 350 spd. Knut var fødd 1831, gift 1860 med Ingebjørg Torsteinsdr. Kyte og døydde 1916. Fire born: Johannes, Per, Arngunna og Synneva. Johannes fødd 1861, gifte seg i 1881 med Synneva Torgesdr. Byrkjo og fekk farsgarden i 1884 for 2000 kronor. Deira dotter Synneva f. 1898 g. m. Johan Larsson Egdetveit fekk garden i 1924 for 10 000 kronor. Bruk 2 var fyrr mtrnr. 62, lnr. 130 med same skyld som bruk 1 so nær som at den ureviderte var 2 dalar 3 ort 14 skill. Ny skyld mark 3,79 etter at bruk 8 er skilt frå. Bruk 3. En. Per Bårdson f. 1725 var g. m. Katla Olavsdr. og døydde 1793. Han bygsla 2 pund 6 mark i En, som Manger prestebol åtte. Ved skifte etter Katla i 1811 er ført upp desse 8 born: Lars, som var død og hadde fem born etter seg på Setre i Hamre prgj., Gudleik Havre i Haus, Olav Helleve, Bård, --- side 374 --- Magli, g. m. Jon Bidne, Sigvor f. 1764, g. m. Olav på Myrtveit, Nordhordland, Brita f. 1768, g. m. Viking Sveinson, Stedje i Sogndal, Anna f. 1771, g. m. Svein Sveinson Bidne. Bård Person f. 1761, var g. m. Marta Olavsdr. f. 1772 og døydde 1854. Han bygsla garden etter foreldri sine. På tinget i 1808 fekk Olav Aslakson Flatekvål 3 rd. i bot for krenkjande ord til Bård En. Men på same ting vart Bård dømd til å bøta 6 lodd sylv eller 9 rd., 20 rd. til fatigkassa og 5 rd. i umkostnader, fordi han hadde gjeve Aslak Flatekvål «nævehug» i forlikskommisjonen. Han Bård tente soleis ikkje på leiken. Ved skifte etter Marta i 1841 er nemnt ni born: Per f. 1789, som var død og hadde to born etter seg (Marta f. 1821 og Lars Uppheim f. 1823), Olav d. e. f. 1798, Lars d. e. f. 1805, g. 1840 med Gyrid Olavsdr. Uppheim, Olav d. y. f. 1811, g. 1835 med Gudve Eiriksdr. Staup, Lars d. y. f. 1816 g. 1844 med Kirsti Larsdr. Gjelle eller Bergslidi, Kari f. 1796, g. 1831 med Svein Eirikson Lydvo, Katla f. 1800, g. m. Lars Sveinson Bidne, Sogndal, Jæren, Synneva f. 1803, g. 1836 med Styrk Nilsson Nesheim, som budde på Setre, Åsane i Nordhordland, Anna f. 1808, i Amerika. Olav Jonson Dukstad stemnde i 1830 Lars Bårdson En. Han vart idømd «for brugte ukvemsord» som bot til fatigkassa 4 spd. «for nævehug» 6 lodd sylv eller 9 spd. og for «brudt kirkefred» 15 lodd sylv eller 22½ spd. Olav Bårdson d. e. f. 1798, var gift 1832 med Anna Bjarnedr. Hefte og døydde 1868. Han bygsla garden då foreldri hans slutta med han. Seks born: Marta f. 1833, Bjarne f. 1836, Amerika, Per f. 1838, Lars f. 1841, sjå bruk 21 på Flatekvål, Knut f. 1846, Brita f. 1849. Ho Marta gifte seg 1855 med Svein Magneson Gjerdskvål f. 1828, død 1921. Han fekk i 1878 kongeskøyte på bruk 3 for 841 spd. 84 skill. heri medrekna innløyst jordavgift. Fem born: Olav, Knut f. 1859, Per f. 1861, Anna f. 1867, død 1885, Lars f. 1870. Knut, Per og Lars reiste til Amerika. Olav var fødd 1855, gifte seg 1878 med Ingjerd Davidsdr. Gjøastein og døydde 1911. Han fekk skøyte på garden i 1884 for 2800 kronor. Dotteri Ingebjørg f. 1891, g. 1916 med Knut Andersson Tveito fekk skøyte på garden 1918 for 2000 kronor. Bruk 3 var fyrr mtrnr. 62, lnr. 131, gamal skyld 2 pund 6 mark, urevidert 2 dalar 3 ort, revidert 2 dalar 3 ort 18 skill. Ny skyld mark 2,38 etter at bruk 9 er skilt frå. --- side 375 --- Bruk 4. Vetlestraumen. Skilt ut frå bruk 3 i 1886 med skyld 12 øre og selt til Lars Olavson En. Sonen Olav Larsson skøytte det i 1924. Sjå bruk 21 på Flatekvål. Bruk 5. Moen. Utskilt frå bruk 3 i 1882 med skyld 18 øre og selt til Brynjulv Johannesson En. Bruk 6. En. Samson Kolbeinson, g. m. Sigvor Mikkjelsdr., bygsla 2 pund 6 mark i En, som Manger prestebol åtte, og døydde 1779. Dei let etter seg fem born: Kolbein, som var blind, Jon f. 1757, g. 1790 med enkja Gjertrud Larsdr. Rue, Torgeir f. 1760, Ivar f. 1764 og Ragnhild f. 1747. Ho Ragnhild vart gift 1778 med Per Sjurson Norekvål f. 1744, død 1822. Dei bygsla garden etter foreldri hennar, og hadde seks born: Samson f. 1779, Mari f. 1782, Sjur f. 1784, Mikkjel f. 1786, Sigvor f. 1789, gift 1812 med Hermund Kolbeinson Tufto, Mari d. y. f. 1791, g. 1816 med Olav Larsson Straume Samson Person gifte seg 1. 1812 med Brita Nilsdr. Saude, 2. 1825 med Herborg Olavsdr. Saude og døydde 1849. Han bygsla i 1811 bruk 6. Ho Herborg fekk kongeskøyte på garden i 1850 for 550 spd. og jordavgift, som seinare er løyst. Samson hadde med Brita fire born: Nils f. 1815, Per f. 1821, gift 1848 m. Sigrid Gitlesdr. Norheim, Ragnhild f. 1812, gift 1835 med Anders Knutson Davidhaug, Anna f. 1818. Med Herborg hadde Samson to born: Olav f. 1826, reist til Amerika, Brita f. 1828, gift 1849 med Anders Torsteinson Lofthus f. 1812. Per og Sigrid reiste til Amerika. Likeins Ragnhild og Anders. Deira son Knut, eller Jon Andersson, som han skreiv seg for i Amerika, var utgjevar av bladet Skandinaven i Chicago. Han gifte seg med Julia, dotter åt Per og Sigrid En (sjå ætteboki um Glimmeætti, og på Repål). Anders Torsteinson og Brita fekk i 1851 skøyte frå mor hennar på garden for 550 spd. Anders døydde 1882 og Brita 1917. Dei hadde to døtter: Torbjørg f. 1851 og Ingebjørg f. 1854. Torbjørg gifte seg 1875 med underoffiser Torkjel Torkjelson Skjerve. Han dreiv ei tid handelsforretning på Vangen og gav nokre år ut bladet Vossingen, men reiste seinare til Amerika. Ho Ingebjørg vart gift 1883 med Lars Larsson Øvsthus. Dei fekk skøyte frå mor hennar på garden i 1883 for 2400 kronor. Deira son Anders f. 1886 fekk skøyte på garden i 1927 for 2000 kronor. --- side 376 --- Bruk 6 var fyrr mtrnr. 62, lnr. 132 med gamal skyld 2 pund 6 mark urevidert 2 dalar 3 ort 14 skill., revidert 2 dalar 4 ort 9 skill. Ny skyld mark 4,19. Bruk 7. Nygard. Skilt frå bruk 3 i 1914 med skyld mark 1,20 og selt til Olav Eirikson En. Han er f. 1886 og g. m. Brita Ivarsdr. Saude. Bruk 8. Flatabø. Utskilt frå bruk 2 i 1923 med skyld 40 øre og selt til Anna Johannesdr. En. Ho selde att i 1926 til Johannes Nilsson En for 3000 kronor. Bruk 9. Strand. Skilt ut frå bruk 3 i 1930 med skyld 30 øre og skøytt av Ingebjørg O. Tveito til Sigvald Saude for 2000 kronor. Husmenn.I folketeljingi 1701 er ført upp som husmenn: Brørne Jakob f. 1661, Torkjel f. 1666, Knut f. 1675, og Sjur f. 1646, søner åt Olav. Dei 3 fyrste var dauve og stumme. Olav Nilsson f. 1758, g. m. Brita Johannesdr., var husmann til han døydde 1780. Gudleik Johannesson, g. m. Gunnhild Monsdr., budde der i 1780-åri. Han døydde 1798, og hadde dotteri Ingebjørg f. 1766. Natroven øvst i Hagane var ikring 1800 husmannsplass. Knut heitte han som sist budde der. Stølar.Nils En og Olav Norekvål stemnde i 1679 seks holbygdingar fordi dei hadde rive ned selet åt En og Norekvål. Det hadde kosta 6½ rd. å få selet upp att. Holbygdingane laut betale det og fekk dessutan bot etter lovi. I 1678 og 1680 var det sak um stølsretten åt En og Norekvål på Løkjo. Mennene på Holo, Egdetveit og Hommedal, vilde ha dei derifrå. Saki vart i oktober 1680 vist til lagmannsrett. En har no òg støl, kalla Ensstølen, ved garden Løkjo, saman med Norekvål. Stølen ligg i Voss herad. Elvi der er heradsgrensa millom Voss og Vossastrondi. Offentlege forretningar.Saki um stølen i 1680, odelssak i 1776, fredlysing 1782 av marki på En og grannegardane, utskiftingar 1842, 1851 og 1867, forretning 1888 um merke, semje um merke 1898, og for bruk 1 og 2 semje um veg i 1898. Ymse.I 1777 var det fire kvernar på En og har vore det til ikring 1870-åri. Sidan i 1890-åri har det av og til vore drive noko lite --- side 377 --- helledrift ovanfor bøjagarden. Til Tolv-mila-skogen ved nedste Ensstraumen på En var det 12 mil frå Bergen. Den eldste vegen var berre reidsleveg og gjekk framum her. Andre vegen kunde køyrast med slede og gjekk over Smidjehaugen. Den tridje var køyreveg som gjekk gjenom tunet. Fjorde vegen er postvegen som no er. Segni segjer at på En skal ha vore ein gard med namn Vele. Mest kvart år kjem det snøskridor or Horgjæ. Den største ein har høyrt um, gjekk heilt ned i Hagane i fyrstningi av 1800-talet. Ikring 1860 gjekk innste Laoaskredo og var ofseleg stor. Ho dekte heilt Røvsteinane og gjekk heilt ned til midt på Smaomyrane. Ein fant skal på 1700-talet ha halde seg i Fantaholet uppe på Svartaberget og var um nettene nede i bygdi og stal mat. Folki samla seg so til manngard, fanga fanten og leverte han til øverheiti. Bumerke teikna av bunadsmenn på En.Olav 1711-1739 teikna ofte tavle 4 nr. 8. Erling 1753 t. 4 nr. 8. Sjur 1719 t. 2 nr. 51, noko brigda 1722. Anders Eirikson 1720 t. 4 nr. 16. Hans 1727-1733 t. 4 nr. 10. Knut 1739 t. 4 nr. 11. Same merket med ein prikk over teikna Anders 1739 og 1743. Anders 1745 t. 4 nr. 5, noko brigda 1753. Eirik 1751 t. 1 nr. 13. Nils 1763-1781 t. 4 nr. 12. Det står Nils Soneson i 1781. Ivar 1764 t. 4 ur. 13. Samson 1766 t. 4 nr. 14, noko brigda i 1767. Per Bårdson 1778 t. 4 nr. 15, teikna på ymse måtar i 1779, 1782 og 1784. I seglet åt Eirik Alvson står 1758 bokstavane EAS og derunder bumerket t. 1 nr. 13. |