171. Flatlandsmoen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 20 ---

Namnet vert i 1695 skrive Fladlandsmoen. Det vert no sagt Flatlandsmódn eller oftast berre Módn; han búr pao, è tao Mónó, ska pao Módn, sms. (med fastgrodd artikkel) Mónsvatné. Fyrelekken Flatlands- ser ut som eit eldre gardsnamn; etterlekken módn, dativ mónó, er gn. mór m. (sandmo), dativ (bundi form) mó(i)num.

Flatlandsmoen er einbølt gard, og er ikkje umtala av Landkommisjonen 1661, men i matrikkelen 1723 står at der var ein brukar, og at skyldi var 18 mark. Garden var tungbrukt, hadde turvande vedaskog og noko skog til husvøling. Det var ein god forgard, men med kornavlingi var det misleg. Skyldi vart umskrivi i 1838 til 2 dalar 2 ort 23 skill. Samanlikningstalet var 390. Kornet var utsett for skade av frost. Skog var der det dei trong.

Matrikkelen 1865 melder at der var 11¾ mål åker, 2 mål dyrka eng, 8 mål god, 18 mål medels natureng og 17 mål skrapebø, 1 mål var skikka til dyrking. Der var ring hamnegang, skog til husbruk og dei kunde selja timber for 6 spd. um året. Garden var svært tungbrukt, dyrka mindre godt, og kornet fraus sume tider. I 1918 var der 10,5 mål åker, 10 mål kunsteng og 26 mål natureng.

Folketalet var 7 i 1801, 16 i 1865 og 11 i 1920.

--- side 21 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Flatlandsmoen.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 1   6   6   5      
1865 1   11   20   25 ,8 31  
1918 1   9   14          

Det fyrste manntal Flatlandsmoen er umtala i, er frå 1691. Skyldi var 18 mark. Prosten Christen Weinwich står som eigar, men i 1695 var det Fatighuset på Vangen. Rolf Arneson bygsla 1684 og budde der til etter 1701. Han var f. 1651 og hadde sønene Arne f. 1688 og Åmund f. 1693.

Lars Person Ronve la upp odelssak i 1707 mot prosten og Vangens Fatighus med påstand at Lars hadde odelsretten til 7 spann i øvre tun på Ronve og plasset Flatlandsmoen. Saki gjekk like til overhoffretten som 1709 dømde at odelsretten åt Lars til nemnde jordgods var spillt. Under saki er upplyst: Sokneprest Gjert Miltzow har 1666 fått skøyte frå Knut Person Ronve, farfar til Lars, på Ronve og øydejordi Flatlandsmoen, som høyrde til Ronve. Flatlandsmoen var seinare skyldsett og hadde då fått sitt namn. Miltzow hadde 1678 gjeve båe eigedomane til Vangens Fatighus.

Under saki er elles av ymse vitne upplyst: Det var over 30-40 år sidan ein husmann bygde på Flatlandsmoen, som fyrr var kalla stundom Ronvesteigen og stundom Flatlandsmoen. Fyrr var der so overgrott med skog, at det var vanskeleg å snu ein hest med lass. Rannveig Brynjulvsdr. Jernes vitna at foreldri hennar budde på Dale og fekk lov hjå Ronvesmannen til å gjerda inn Flatlandsmoen til beite for krøteri sine. Rannveig vitna at hennar avlidne mann, Arne Larsson, for 25 år sidan hadde bygsla Flatlandsmoen av Per Ronve, far til Lars.

Arne Rolvson f. 1688 bygsla 1711 11 mark av Lars P. Ronve. Arne var g. m. Rannveig Sverkvesdr. Gjerde, og dei fekk på Flatlandsmoen borni Anna f. 1712, Lars f. 1714 og Åmund f. 1716. Lars Ronve selde 1711 Flatlandsmoen til Else Funche, vanleg kalla Funko. Ho var gift tridje gong m. Henrik Gjertson Miltzow. Mons var leiglending 1715 og Anders Olavson 1723. Han var f. 1682, g. m. Anna Knutsdr. og døydde 1739. Åtte born: Trond, på Mo'o i Hardanger 1746, Knut f. 1720,

--- side 22 ---

g. 1749 m. Sigrid Knutsdr. Flatlandsmoen, på Midt Fenno 1754, Hermann død ugift 1746, Ivar f. 1724, g. 1760 m. Sigvor Jonsdr. Kyte, på Takla 1754, Gitle f. 1727, Styrk f. 1729, Rannveig, g. m. Eirik Osgjerd, Kristi f. 1731, g. 1755 m. Ivar Andersson Midt Fenno.

Ho Anna vart uppattgift 1740 med Nils Knutson Midt Fenno som då vart leiglending. Anna døydde 1754, 63 år gl. Etter dei kom versonen Ivar Andersson. Han kjøpte 1779 Flatlandsmoen av Brynjulv Ivarson Skaftedal som året fyrr hadde kjøpt av kaptein Nils Dahl. Kristi døydde 1778, og Ivar gifte seg uppatt 1779 med Ingebjørg Åmundsdr. Gjerde. Ivar og Kristi hadde sju born: Anders f. 1756 død 1778, Trond f. 1758, g. 1781 m. enkja Kristi Nilsdr. Tveiti, Olav f. 1760, Hermund f. 1763, død 1788, Anders f. 1767, Ivar f. 1769, Anna f. 1772, g. 1800 m. Lars Person Lassahaugen. Ivar og Ingebjørg fekk på Flatlandsmoen sønene Åmund f. 1780 og Anders f. 1781.

Olav Torgeirson Rjodo kjøpte 1782 Flatlandsmoen av Ivar. Olav hadde då butt på Rene. Han var f. 1725 på Rjodo, g. 1754 m. Eli Bårdsdr. Lunde f. 1730, og døydde 1789. Eli døydde 1815, 85 år gl. Dei er og umtala på Håtveiti. Ved skifte etter Olav åtte dei Flatlandsmoen, taksta 400 rd. og Håtveiti taksta 300 rd. Fire born: Olav f. 1755, Marta f. 1759, g. 1790 m. Odd Andersson Svelgane, Ingebjørg f. 1763, død ugift 1840, Brita f. 1767, g. 1811 m. Åmund Brynjulvson Opeland. Olav fekk 1789 skøyte på Flatlandsmoen, gifte seg med Anna Knutsdr. f. 1753 og døydde 1804. I folketeljingi 1801 er Olav skriven for gastgjevar. I ei slagsmålssak 1803 på Flatlandsmoen er upplyst at der var utsal av øl.

Ho Anna vart uppattgift 1804 med Sjur Knutson Grovu og døydde 1823 utan born. Sjur gifte seg att med Anna Monsdr. Han fekk skøyte på halve garden ved skifte etter fyrste kona og resten ved skøyte 1825. Sjur døydde 1828, 56 år gl., og hadde med Anna Monsdr. to born: Knut f. 1826 og Anna f. 1828, g. 1846 m. Arnfinn Andersson på Sygnaberde. Sjur er i skifte etter han skriven for gastgjevar. Garden var då taksta 450 spd. og skogen 50 spd. Anna Monsdr. gifte seg att 1830 med Rasmus Eirikson Vinjo og fekk 1834 sonen Sjur, som vart gift i Amerika. Anna døydde 1868, 79 år gl. og Rasmus 1869, 73 år gl.

Odd Knutson Mosafinn var i lengre tid paktar på Flatlandsmoen og hadde gastgjevarløyving til han kjøpte gard på Mosa-

--- side 23 ---

finn, og skulde vera god til å styra. Folk fødde ikring 1830 har fortalt at dei hugsar at der var brennevinshandel. Mange brende brennevin og frakta det i klyvjaflaskor eller anker og selde til gastgjevaren på Flatlandsmoen. Han tok att 6 skill. peilen eller 18 skill. flaska. Ei tid fekk dei brennevinet for 12 skill. flaska. I vestre ramen på stovehuset var ein liten opning med dør fyre. Der vart brennevinet levert til dei som kjøpte. Sjur Knutson laut 1821 betala 25 spd. i bot for brennevinshandel.


Flatlandsmoen.
Bilete 5. Flatlandsmoen. Fot. P. Braaten 1937.

I ein brandtakstforretning 1846 er Flatlandsmoen endå skriven for gastgjevargard.

Knut Sjurson f. 1826, nemnd ovanfor, gifte seg 1844 m. Ragnhild Andersdr. Sygnaberde f. 1825, og hadde fått skøyte 1829 og 1839 på garden. Knut døydde 1910 og Ragnhild 1917. Dei hadde 12 born, og sju av dei vart vaksne: Anna, f. 1845, g. 1887 m. Olav Håvardson Grovu, sjå bruk 5 Nedre Fenno, Sjur f. 1848, g. 1878 m. Kari Larsdr. Helland, sjå Håtveiti og bruk 3 Helland, Sisselja f. 1853, g. 1878 m. ekm. Ivar Olavson på Fenno (Amerika), Anders f. 1858, Brita f. 1866, g. m. bakar Nilsson (Oregon, Amerika), Knut f. 1869, g. m. Anna. Nilsdr. Fenno, gardmann på Istadmyrane, Arnfinn f. 1871, g. m. Maria frå Gudvangen (Amerika).

--- side 24 ---

Anders Knutson gifte seg m. Brita Larsdr. Skjerve f. 1859. Far hans Anders let garden 1859 til eldste son sin, Sjur for 650 spd., og han selde att 1883 til Anders for 2800 kronor. Anders har i mange år drive med krøterhandel. Anders og Brita har tri born: Ragnhild f. 1884, g. 1913 m. Aslak Olavson på Istad, Eli f. 1887, g. m. snikkar Olav Vinjo (Madison, Wisconsin) og Knut f. 1892, g. 1828 m. Anna Gurina Andersdr. Syse, Ulvik f. 1909. Han fekk 1927 skøyte frå far sin på garden for 3500 kronor.

Flatlandsmoen var fyrr mtrnr. 190, lnr. 364 med gamal skyld 18 mark, urevidert 2 dalar 2 ort 23 skill., revidert 2 dalar 3 ort 20 skill. Ny skyld mark 4,03.

Flatlandsmo jernbanestasjon på Granvinbanen ligg på Flatlandsmoen.

Husmenn.

Olav Knutson f. 1641 var husmann i 1701. Knut Torgeirson, g. m. Brita Sveinsdr. fekk 1821 dotteri Guri. Olav Hermundson, g. m. Kristi Nilsdr. fekk dotteri Barbrå i 1832. Dei kalla han mykje for Tjør-Ola av di han dreiv mykje med tjørebrenning. Dei budde på plasset Demmo. Um sumrane heldt han seg mykje på holmen i Krokavatnet og brende tjøre. Etter dei kom Gitle Knutson Repål f. 1821, g. 1846 m. Herborg Gudleiksdr. Kvamme, Vossastr. f. 1817. Dei fekk der borni: Susanna f. 1854, Ingebjørg f. 1857, Synneva f. 1860. Gitle døydde 1871 og Herborg 1900.

Støl.

Støl var det ikkje til Flatlandsmoen i 1723, men det er fortalt at dei skal ha havt støl på Kleppe ovanfor Flatlandsmoen. Olav Olavson kjøpte 1801 støl på Byrset av bruk 1 Græe, og Flatlandsmoen har sidan brukt denne stølen.

Kvern og sag.

Kvern er ikkje nemnd i 1723, men der var ei flaumkvern i 1776 og 1791. Knut Flatlandsmoen selde 1849 halvparten av ein sagdam for 3½ spd. til Lars Herbrandson Midt Fenno. Der har altso då vore sag. På tinget 1853 har Knut Flatlandsmoen og Nils Monsson Fenno meldt at dei hadde bygt ei vassag på Haugo sin grunn, som dei hadde festa. Det var berre i flaumtider at der kunde skjerast. Dei vilde ikkje skjera kjøpt timber. Flatlandsmoen sin part i sagi fylgde med garden både då Sjur Knutson og Anders Knutson fekk han. Sagi stod saman med kverni ved elvi og Hardangervegen i Haugane sin skogteig i Svelgane til ikring 1900.

--- side 25 ---

Offentlege forretningar.

Forretning 1686 um stølen Kleppe. Semje 1802 um beite på stølen. Semje 1903 med Johan Fleischer um jaktrett og ei liti stove. Semje 1908 med Bjørgo um gjerdehald.

Ymse.

Tri svenskar flekte i 1871 noko takhellor på Flatlandsmoen. Seinare har der og vore flekt hellor av og til.

Bumerke.

Anders 1717 tavle 7 nr. 29. Ivar 1772 t. 5 nr. 27.

Är du säker på att du vill logga ut?