78. Fletre.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 451 ---

 

Namnet vert nemnt ein gong i Bjørgynjar Kalfskinn, skrive a Flettinn, i 1500-talet vert det skrive Fletterenn. Det vert no sagt Fletre2; han búr pao, è tao Flètrè, ska tì Flètrés, sms. Flètréstræé. Namnet må vera samansett av eit ord for flate (fletr eller flatr n. ?) og vin (beite).

Fletre er skriven for halv gard i 1661 og skyld 2 laup 6 mark med ein brukar. Elles er berre nemnt at der var brennefang. I 1723 er det same skyldi, men to brukarar. Skog var det til husvøling og brensel. Garden var noko til fjells, var årvand og tungvinn. Der var humlagard og ei flaum-kvern. Skyldi var likeins til 1838 og då umskrivi til 8 dalar 3 ort 1 skill. Garden hadde då tri brukarar, noko fureskog, vedaskog til eige bruk, vassfall og humlagard. Samanlikningstalet var 1300.

Matrikkelen 1865 melder at der var 29 mål åker, 2 mål dyrka eng, 41 mål god, 49 mål medels natureng og 46,5 mål skrapebø. Beitet var ringt. Der var skog til husbruk, og bruk 1 kunde selja timber og ved for 3 spd. um året. Garden var tungvinn og dyrka som vanleg. I 1918 var der 31,5 mål open åker, 26 mål kunsteng og 45,5 mål natureng.

Folketalet på Fletre var 16 i 1801, 31 i 1865 og 21 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Fletre.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 14 20
1723 2 25 18 15
1865 4 30 64 76 54
1918 5 23 49

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangens prestebol åtte 1 laup i Fletre. Birger budde der i 1521 og betalte 5 mark 4 skill. 4 lodd og 1 kvintin sylv. Noko var vel skatt og noko breffbrot.

--- side 452 ---

Laurits var brukar av ½ pund i 1563 og av 2 spann i 1567. Oluf Erlingson på Gjerstad møtte på herredagen i Bergen i 1578. Han klaga over at i bisp Olaf si tid var pantsett 4 mmb. i Fletre, som avlidne Arnbjørn Guttormson på Nesheim hadde odelsretten til. Oluf Erlingson gjorde krav på å få løysa garden på vegne av borni åt Arnbjørn. Arnbjørn på Fletre var brukar av 2 laup i 1591 og betalte i 1597 tridje års bygsel for 2 pund, som stiftet og kruna åtte med 14 skill.

Jordboki for Vangens prestebol 1585-1616 melder at det fekk 3 spann smør i landskyld av parten sin på Fletre. Torgeir er ofte skriven som leiglending 1603-1616. Han betalte 3dje års bygsel i 1610 av 2 pund, i 1613 av 2 laup og i 1616 av 2 laup 6 mark til kongen. Odelsskatt betalte han i 1611 for 3 spann og i 1621 for 2 spann i Nestås og Hydningen. Simon betalte 1ste års bygsel til kongen i 1619 for 2 laup. I 1621 åtte vermor hans Knut Ronve ½ laup i Hefte og Torstein Flatekvål ½ laup. Ryttarskatt; vart 1627 lagt på ½ laup 6 mark odelsgods i Hefte med 1 dalar 1 ort 6 skill. Svein betalte 1629 odelsskatt for 1 laup 6 mark. Ei enkje var brukar av 2 laup i 1635. Viking var leiglending i 1635 og 1641 og Askjel i 1645. Han var g. m. Sigrid.

Folkvard Broderson har i 1649 ved makebyte late noko jordgods i Fletre til kongen. Han skøytte 1662 til Hermann Garmann 2 laup 6 mark Munkelivgods. Fletre er ført upp med 2 laup 6 mark i skyld i 1652 og 1659. Derav åtte Folkvard 2 pund, kongen 2 pund og Vangens prestebol 1 spann. Kven som åtte resten i garden er det ikkje sagt noko um. Askjel Jonson var brukar. Det er same skyld og brukar i 1661. Eigarane då var: Kongen 2 pund, Vangens prestebol 2 pund og Munkeliv resten. Aslak Torsteinson var brukar 1664 og 1670. Han vitna 1670 i den store skogsaki, at han hadde hogge timber i Raundalens Almenning.

Som eigarar er sidan uppgjevne: 1676 Klas Miltzow 1 laup 6 mark. Per Andersson 2 pund, i 1691 Hans Akselson 1 laup. Evanger kyrkja 1 pund 6 mark og i 1714 Vangens prestebol 18 mark og brukarane 1 laup 2 pund 18 mark. Det var likeins 1723.

Nils Olavson, g. 1. m. Ragnhild Knutsdr. 2. 171.1 med Anna Larsdr. Dukstad, døydde 1723. Han va,r brukar frå fyre 1691 og åtte ved skifte i 1711 7 spann i Fletre, taksta 72 rd. 12 skill.

--- side 453 ---

Nettomidelen var 170 rd. Ni born med Ragnhild (a-i) og eitt med Anna (j): a. Arnbjørn, b. Olav f. 1692, c. Lars f. 1695, g. 1715 med Marta Gudleiksdr. Lirhus, reist til Nordland 1751, d. Knut f. 1700, g. 1725 med Hallkatla Larsdr. Gjukastein, e. Dønåt, gift, f. Barbrå, gift 1710 med Sverkve Torleivson Tvinno, g. Brita f. 1688, g. 1717 med Anders Person Løno, h. Gudve f. 1697, g. 1728 med Olav Knutson Midt-Skutle, i. Synneva f. 1704, g. 1726 med Steffa Andersson Øvre Uppheim, j. Nils f. 1715.

Arnbjørn Nilsson f. 1678, var g. 1710 med enkja Marta


Fletre.
Bilete 51. Fletre. Fot. P. Braaten 1935.

Ivarsdr. Veka og døydde på Fletre 1728. Han budde fyrst på Veka, men fekk i 1724 og 1733 skøyte på 1 laup 2 pund 6 mark i Fletre med overbygsel til 1 spann, som Vangens prestebol åtte, og flytte dertil. Sonen Mons gifte seg 1730 med Ragnhild Nilsdr. Gjukastein, men døydde alt i 1739. Ho Ragnhild gifte seg uppatt i 1740 med Olav Eirikson Syndve og 3dje gongen 1750 med Styrk Brynjulvson Høyland. Olav var sersjant. Ho Ragnhild hadde to born med Mons (a-b), 3 med Olav (c-e) og eitt med Styrk (f): a. Marta Monsdr. f. 1732, død 1744, b. Anna f. 1735, g. 1756 med Sylfest Brynjulvson Høyland, c. Ingebjørg Olavsdr. f. 1714, g. 1865 med gardmann Ivar Jakobson Leiddal,

--- side 454 ---

d. Mons f. 1744, g. m. Guro Olavsdr. Gavle, budde på Gavle, e. Marta f. 1747 g. 1766 med gardmann Johannes Torgeirson Vetle Ringheim, f. Olav Styrkson f. 1751, gardmann på Høyland. Millom etterkomarane åt Marta og Johannes Ringheim er biskop Skår og stortingsmennene Skår.

Sylfest og Anna åtte 1 laup 3 mark etter skøyte 1785 og tingsvitne 1767. Han hadde ei tid sag på Staup. Båe døydde 1792. Dei hadde åtte born: Mons f. 1764, Brynjulv f. 1767, framhald bruk 2, Nils f. 1777, død ugift 1800, Begga f. 1757, g. 1781 med Olav Vikingson, sjå bruk 1 Grjotland, Marta f. 1759, g. 1788 med Lars Person En, Brita f. 1760, g. 1786 med Bjarne Åmundson Hefte, Ragnhild f. 1770, g. 1801 med Nils Vikingson Rykke, Ingeri f. 1774. Sylfest skifte garden i bruk 1 og 2 millom dei to eldste sønene Mons og Brynjulv.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Fletre. Mons Sylfestson fekk 1788 skøyte frå faren på bruk 1. Han var f. 1764 og g. 1792 med Guro Ivarsdr. Leiddal. I 1805 bytte han uti Hildestveit med Torstein Tormodson. Han var fødd 1774, g. 1799 med Guro Knutsdr. Finne og døydde 1857. Tri born: Tormod f. 1801, Kirsti f. 1804, gift til Leiddal 1825 med Anders Styrkson, Knut f. 1815, Amerika. Tormod gifte seg 1822 med Ingebjørg Torsteinsdr. Leiddal. Ho fekk 100 spd. av heradet for å reisa til Oslo og verta upplærd til jordmor. Der var ho eit år, og sidan var ho jordmor på Voss i 18 år, pota bolo (vaksinerte), vølte um svullar og gav ymse lækjeråder. Tormod fekk farsgarden i 1829, men selde han 1844 for 1100 spd. til Nils Eirikson Saude og reiste til Amerika med huslyden sin so nær som dotteri Kirsti.

Kirsti Tormodsdr. f. 1822, gifte seg 1. i 1844 med Torbjørn Olavson Flatekvål, 2. 1854 med Jon Torsteinson Davidhaug f. 1824, død 1910. Torbjørn fekk skøyte frå Nils Saude på farsgarden åt Kirsti for 1000 spd. i 1845. Kirsti hadde to born med Torbjørn (a-b) og fem med Jon (c-g): a. Torstein f. 1846, Amerika, b. Guro f. 1848, død ugift 1881, c. Kristi f. 1855, død 1931 ugift, d. Ingebjørg f. 1857, gift til Raustad med Knut Knutson, e. Tormod f. 1860, f. Anna f. 1864, g. Torstein f. 1866. Dei to siste er i Amerika. Tormod gifte seg med Rannveig Knutsdr. Hefte og fekk farsgarden i 1899 for 3200 kronor. Han døydde

--- side 455 ---

1924 og sonen Jon fekk garden for 2500 kronor i 1930. Han er f. 1901 og g. m. Marta Andersdr. Nesheim.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 78, lnr. 156 med gamal skyld 1 laup 3 mark, urevidert 4 dalar 1 ort 13 skill., revidert 4 dalar 1 ort 19 skill. Ny skyld mark 6,35.

Bruk 2. Fletre. Brynjulv Sylfestson f. 1767, gift 1794 med Anna Sjursdr. Øvre, Vinjo, var sersjant. I 1792 hadde han fått skøyte hjå far sin på bruk 2. Brynjulv døydde 1836 og hadde fem born: Sylfest f. 1799, Sjur f. 1811, g. 1843 med Marta Sjursdr. Opeland, Synneva f. 1802, g. 1844 med Lars Knutson Skirveggen, Anna f. 1804, g. 1839 med Lars Andersson Takla, og Ingebjørg f. 1808.

Sylfest Brynjulvson f. 1799, g. 1821 med Gjertrud Ivarsdr. Tvinno fekk garden i 1821 for 700 spd. I 1832 selde han halve garden til Botolv Larsson Lemme for 600 spd. Dette vart framleies bruk 2. Den andre parten vart bruk 3. Han Sylfest var uvanleg sterk. Ei 2-års kviga vart burte i marki. Han gjekk på leiting og fann henne i urdi under Ilskeberget. Kviga kunde ikkje gå, so tok han henne i framføtene og la dei på akslene og bar henne heim på ryggen. Han var god symjar òg. Med ein vaksen kar på ryggen sumde han yver Vetlavatnet der det er breidast. Likevel kom han til å drukna der i 1834 då han vilde berga fem ungdomar. Dei rodde seg i ei ferje. Ho skar seg under med dei. Då Sylfest kom ut til dei, klamra dei seg soleis til han, at han fekk ikkje symja skikkeleg. Berre ein vart redda. Både Sylfest og Anna, dotter hans, 12 år gl., bleiv. Etter Sylfest var berre ein son, Sylfest, som vart fødd i 1834 etter at faren var bleven. Framhald um han på bruk 3. Ho Gjertrud gifte seg att 1838 med Håvard Larsson Lemme.

Botolv bytte i 1834 med Jens Johannesson uti ein part på Indre Afdal. Jens var f. 1797, g. m. Brita Larsdr. Kvåle og døydde 1848. Seks born: Johan, Lars f. 1833, Henrik f. 1837, Brita f. 1826, Kari f. 1828 og Anna f. 1834. Lars, Henrik og Anna reiste til Amerika. Brita gifte seg 1859 med Lars Larsson Grjotland. Kari var 1866 i St. Jørgens Hospital og døydde ugift 1867. Johan Jensson f. 1830, var g. 1856 med Anna Knutsdr. Haga, Vossastr. Han fekk garden i 1849 for 360 spd., var so husmann på Grjotland og reiste med huslyden sin til Amerika i 1866.

--- side 456 ---

Odd Olavson Flatekvål kjøpte garden i 1862 for 800 spd. Han var f. 1826, g. 1850 med Ingebjørg Nilsdr. Dolve og døydde 1919. Han var skomakar, var god songar og forteljar og kunde ei mengd visor, songar og sogor. Born: Olav f. 1853, Nils f. 1854, Anders, Olav d. y. f. 1862 og Ingjerd f. 1865. Olav Oddson gift med Kristina Olavsdr., døydde 1924. Han fekk garden i 1883 for 2800 kronor. Olav var med i heradsstyret og anna kommunalt arbeid og var den drivande kraft for å få upp Grjotlandsbrui. Nokre av sønene deira har synt god kunstgjevnad. Anders var god felespelar og er død. Eirik er kjend kunstmålar i Amerika. Lars som var fødd 1904, reiste til Amerika, er mangesidig kunstnar og har drive med kunstmåling og modellering i tre, stein og gips. Ved utstellingar i Amerika har han fleire gonger fått 1ste premi for sine arbeid. Han er no i Noreg.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 78, lnr. 157 a med gamal skyld 1 pund 13½ mark, urevidert 2 dalar 18 skill., revidert 2 dalar 12 skill. Ny skyld mark 3,06.

Bruk 3. Fletre. Skilt frå bruk 2. Ved skifte etter Sylfest Brynjulvson i 1835 fekk sonen Sylfest dette bruket. Han var f. 1834, gifte seg 1853 med Anna Monsdr. Hefte f. 1827. Han selde garden i 1862 til Sjur Olavson Egdetveit, var so nokre år husmann på Fletre og reiste med huslyden sin til Amerika i 1866. Sylfest var skulelærar på Voss frå 1856. Han dikta fleire songar og millom dei «Store Lønehorg visen» på 20 vers. Sjur var fødd 1827, g. 1. m. Synneva Kolbeinsdr., 2. 1872 med Sigvor Olavsdr. Endeve og døydde 1898. Med Synneva hadde han ei dotter (a) og med Sigvor 3 born (b-d): a. Marta f. 1857, g. 1899 med Lars Andersson Nesheim, b. Olav f. 1872, c. Synneva f. 1884, d. Ingebjørg f. 1890.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 78, lnr. 157 b med gamal skyld 1 pund 13½ mark, urevidert 2 dalar 18 skill., revidert 2 dalar 1 ort 4 skill. Ny skyld mark 3,25.

Husmenn.

Olav Olavson var husmann i 1664. Lars Kolbeinson, g. m. Brita Sjursdr. hadde plass der og fekk då borni Jon f. 1770 og Synneva f. 1781. Lars Nilsson f. 1765, g. 1. med Ingebjørg Nilsdr. f. 1767, 2. med Magli Larsdr. Han hadde to søner som båe heitte Nils fødde på Fletre 1799 og 1821. Nils Olavson, g. m. Inga Olavsdr. hadde sonen Nils f. 1836. Eirik Nilsson, g. m. Sigtru Larsdr. fekk på Hefte sonen Knut i 1836.

--- side 457 ---

Støl.

Stølen var ½ mil frå garden er det skrive i 1723. Fletre har no støl på Gilset. Ei flaumkvern var det på Fletre i 1723 og 1776. No står det eit kvernhus åt kvart bruk i Ilskagroæ, men dei har ikkje vore brukte i seinare tid.

Offentlege forretningar.

Forretning mot Lemme og Dukstad i 1761, delingsforretning innbyrdes 1793, semje um elverett 1835, um gjerdehald i 1840 og utskifting 1929. Kontrakt av 1896 um bruk av Grjotlandsbrui er ført på bruk 2. På bruk 3 er i 1930 freda 2 store øspor på Storejedl'n.

Ymse.

Då Sylfest ikring 1790 skifte garden millom sønene Mons og Brynjulv, skifte han ogso bualoftet, som var av rundtimber, millom dei. Brynjulv fekk loftet og sette det ovanpå ei bu på bruk 2. Dette bualoftet fekk bruk 3, då dette vart skilt frå bruk 2. Mons fekk bui og bygde loft på henne, som framleies er på bruk 1.

På bruk 2 er ein gravhaug, og på bruk 3 er ein. Torstein Tormodson, som kom til Fletre i 1805, fann ei gamal grav på eigedomen sin. Fire hellor var reiste på kant og ei helle lagd uppå til lok. I steinkista var ei krukke med noko oske i. Krukka gjekk sund. Eit sverd var der òg, som gullsmed Hammer i Bergen kjøpte. Eit segn fortel at nede på flaten ved Vetlavatnet skulde vera eit trede, Flåtatræ'e, med det fyrste folk sette seg til der, og av det skulde namnet Fletre koma.

Bumerke teikna på Fletre.

Lars 1728 tavle 4 nr. 62. Olav 1748 t. 4 nr. 63. Sylfest 1764-1786 t. 4 nr. 64, men teikna onnorleis i 1770 og 1778. Lars Kolbeinson teikna i 1782 LKS.

Är du säker på att du vill logga ut?