Flògo.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 87 ---

Namnet vert i 1389 skrive a Flogum. Det vert no sagt: gar'n eité Flògó; han búr pao, è tao Flògó, ska tì Flaga, sms. Flagafòss'n. Namnet er dativ fleirtal av eit flag, som enno finst med ymse tydingar (her um flate berg som elvi renn over. Ei tyding «fossestryk» er ogso uppgjevi frå Voss, men ikkje stadfest). Den gamalnorske formi skulde då vera Flog n. pl., dativ Flogum, genitiv Flaga, eller ei avleiding Flagar f., fl. med dei same former i dativ og genitiv.

Det er to gardsnummer på Flògo, gnr. 11 Ytre Flògo og gnr. 12 Indre Flògo. I eldre tid er det ikkje alltid skilt millom dei to gardsnumri, so dei vert her tekne under eitt for den fyrste tidi me veit noko um dei. På Flògo var tri brukarar i 1661, som tilsaman betalte 5½ rd. ½ ort i skatt. Det var turvande vedaskog på garden, heiter det, med «lidet laksefiske» um hausten. Skyldi var 3½ laup 1 spann og er førd upp som halv gard. I 1723 er sagt um Ytre Flògo at der var «lidt» vedaskog og skog til husvøling, men ikkje fiske. Garden var tungvinn, turr og sandlendt. Skyldi var 1 laup 2 pund 6 mark. På Indre-Flògo var skog til brensel. Inkje fiske. Garden var lettvinn og hadde «middelmaadig jordart». Skyldi var 2 laup. Det var to brukarar då på heile Flògo. Ved matrikkelen i 1830-åri var Samanlikningstalet 680 på Indre og 700 på Ytre Flògo. Elles var sagt um garden, at der var laksefiske, turvande fureskog og noko vedaskog. Skyldi var då som i 1777 3 laup 2 pund 6 mark. I 1838 vart skyldi umskrivi til 4 dalar 3 ort 5 skill. på Ytre Flògo og 4 dalar 2 ort 14 skill. på Indre Flògo.

Matrikkelen av 1865 har tri brukarar. Det var 27¾ mål åker, 3 mål dyrka eng, 34 mål god, 72 mål medels natureng og 61 mål skrapebø. 4 mål høvde til dyrking. Det var ringt med beite. På Ytre Flògo var vedaskog, men ikkje timberskog.

--- side 88 ---

Garden var lettbrukt. Innkoma av fiske og fossen var sett til 5 spd. årleg. Indre Flògo hadde knapt um ved- og timberskog, og var medels lettbrukt. Årleg innkome av fiske var sett til 1 spd. for kvart av dei to bruki. Um alle bruki er sagt at dei leid av turk, men var dyrka medels godt. Ved uppteljingi 1918 var det 26 mål åker, 18,5 mål kunsteng og 55 mål natureng. Folketalet på Flògo var 21 i 1801, 31 i 1865 og 29 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Flògo.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 4   25   46          
1723 3   33   30   31      
1865 3   33   71   70   56  
1918 8   26   57          

Flògo er nemnd fleire gonger i Diplomatariet. I diplom av 22. april 1389 (DN. I. nr. 512) vitnar to menn at Thorgaut Ketilson på Lekve makeskifte til seg garden Brekku frå Steingrim Håkonson på Flògo for garden Bolstad. Brev av 16. april 1398 (DN. I. nr. 563) fortel, at Herborg Guttormsdotter med samtykke av mannen sin, Eirik Einarson, gav til hustru Åsa Håvardsdr., frendkona si, ½ løbsbol i «Flage-aaen». Dersom ho døydde fyre Herborg, skulde ho ha det attende, når Åsa døydde.

I eit diplom av 24. april 1402 (DN. V. nr. 417) vitnar to menn at dei var tilstades i Munkeliv i Bjørgvin, då Jørund Arneson gav kvitting til Alfin Brynjulvsson for umbodet hans på Voss mot å gjeva 2 laupsbol i Flaga-åi og på Vassenden. Denne gåva er stadfest i brev 4. desember 1403 (DN. IV. nr. 736). Brev av 20. august 1472 (DN. IV. nr. 974) melder at Gunnhild Siversdr. makeskifte til Alv Knutson og fru Magnhild Oddsdr. m. a. 2 laupsbol i Flaga-å, truleg same fiskeretten som ovanfor er umtala. Jordbok for Munkeliv kloster i slutten av 1400-talet (DN. XII. nr. 257) syner at klostret i 1480-1490 åtte 8 mmb. i Flògo og 2 mmb. i «Hylerom».

På Flògo var det to mann i 1521; Tormod, som betalte skatt med 2 mark i pengar og 1 kvintin sylv og i breffbrot 8 mark.

--- side 89 ---

Den andre var Mattis. Han betalte 3 mark i skatt og 5 lodd sylv og 3 mark i breffbrot. I 1563 er det Mons og Erling som bur der. Kvar betalte 1 dalar i skatt. Erling betalte i landskyld 2 mark 4 skill. Han har kanskje vore sjølveigar òg for noko. I 1567 er Eirik leiglending på 1 laup 1 spann, som stiftet åtte, og er truleg komen i staden for Erling. Han er då ikkje nemnd. Fru Gyrvhild Fadersdotter (Gyldensparre) skøytte 1582 til kongen «Flage og Skeelaas» laksefiskerett, som høyrde til Finnegodset.

I staden for Eirik er i 1591 komen Gunnar som betalte til stiftet landskyld for 1 laup 18 merker. Den andre som då budde der, heitte Holtte. Kvar av dei ytte 1 kalvskinn i «fredholdt». Gunnar var leiglending og i 1597 på 1 laup 1 spann, som kruna og stiftet åtte og betalte i tridje års bygsel 1½ mark 22/3 skill. og «landbouedtzell» ½ dalar. Han bur der og i 1610, då han betalar til stiftet tridje års bygsel for 1 laup 1 spann med 1 dalar 1 mark. Holtte er ogso leiglending i 1610.

I 1611 er Lasse og ei enkje leiglendingar. Arne eig då 5 spann som han betalte 2½ mark i odelsskatt for. Det er likeins i 1614. Enkja betalte tridje års bygsel for 5 spann til stiftet både i 1613 og 1616. Lasse vart utskriven i 1614 med byrse og sverd for å reisa til Svinesund, men er førd upp att i 1621 som leiglending på Flògo og eigar av 8 mark i Liland. Enkja er då og leiglending. Anna Flògo og borni hennar eig då 1 laup i Børsen (Byrsheim?), Hardanger, og 1 spann i Hylle. Steffa Gjerstad si mor, Jorunn, åtte ½ laup i Flògo. Leidangsboki 1624 syner at leidangen av Flògo var 1 pund smør, 1 geitskinn og 1 sauskinn. Det heiter vidare at der var ikkje noko lunnende til garden. Um hausten var det stundom «liden laksefiskeri». Landskyldi til stiftet var 1626 1 laup 1 spann. Lasse og ei enkje var leiglendingar.

I 1645 er det to brukarar: Ivar Gunnarson, som var gift med Rangued og hadde borni Gunnar og Sigvor. Ivar var truleg etterkomar av fyrrnemnde Gunnar. Den andre brukaren var Hermann Olavson, gift med Barbrå. Olav Bø, Dyrvedalen, åtte ½ laup i Flògo i 1655 og 1659. Ivar Flògo åtte same åri 6 mark i Sonve. Hermann var brukar av 7 spann, Ivar Gunnar-son og Gunnar Ivarson var brukarar av 1 laup kvar i 1661 og 1664. Dei svarde skatt ihop med 5½ rd. ½ ort for 1661. Gunnar var lagrettemann i 1668.

--- side 90 ---

Allehelgens kyrkja åtte 2 laup i Flògo i 1649. Hannibal Sehested fekk ved makebyte med kongen i 1649 leidangen av Apostelgodset i Flògo 1 pund smør og 2 sauskinn. Same året fekk Sehested ved makebyte med kongen dei 2 laupi av Allehelgens godset. På dette var det 1 pund smør, 2 geitskinn i leidang, ½ dalar i fornødspengar, ½ dalar i arbeidspengar og ½ dalar 16 skill. i avgift til kruna. Ivar var leiglending på det. Sehested laut skøyta eigedomen attende til kongen i 1651, som 1657 selde att til Gabriel Marselis. I skattemanntalet 1657 er det ført upp 2 laup Finnegods på Flògo. Eigarane på Flògo i 1661 var: Kongen 1 laup 1 spann, Finnegodset 2 laup og bøndene ½ laup. Kanslar Peter Reedtzs fekk i 1665 kongeskøyte på 5 spann i Flògo. Etter skattemanntalet 1676 åtte borgarmeister Ofue Jensson 5 spann, Klas Miltzow ½ laup og Apostelgodset 1½ laup 18 mark. I 1680 er eigarane: Soknepresten i Eidfjord, Per Hansson, 5 spann, Klas Miltzow ½ laup i Ytre Flògo og 2 laup i Indre Flògo.

Folketeljingi 1701 fører upp to brukarar: Mikkjel Styrkson, 58 år, med sonen Eiliv, 18 år. Den andre brukaren var Gunnar Ivarson, 80 år, med sønene Ivar 31, Mons 35 og Ivar 39 år. I odelsskattem. 1714 står Henrik Miltzow som eigar av 2 laup i Indre Flògo og ½ laup i Ytre Flògo. Dei andre 5 spann i Ytre Flògo åtte brukarane. Det var Gunnar på Indre Flògo og Eiliv Mikkjelson på Ytre Flògo. Likeins er det i 1723, so nær som at Nils Monsson då er brukar på Indre Flògo i staden for Gunnar som døydde 1721. Kona hans, Astrid Andersdr., livde att og 4 born: Ivar, som då var 65 år og ugift, Mons 56 år, Rannveig, gift med Erling Berge, og Brita 42 år gamal. Ho var gift i 1721 med Nils Monsson Indre Flògo. Mikkjel Styrkson som i 1701 var eigar og brukar døydde 1722 og hadde forutan sonen Eiliv døtterne Ragnhild, 36 år, og Marta, 30 år.

Bruk 1. Flògo. På Ytre Flògo eller Utigaren, som dei der oftast segjer, var det berre eit bruk. Eiliv Mikkjelson har 1709 fått skøyte frå far sin på 1 laup 18 mark i garden med bygsel og overbygsel til 1 pund 12 mark som fru kancelliraad N. Alstrup åtte. Ho har i 1761 fått skøyte på løysningsretten til det ho åtte i den garden og til 2 laup i Indre Flògo for 35 rd. Gabriel

--- side 91 ---

Marselis hadde kjøpt jordgodset i 1657. Eiliv døydde 1772, 97 år 11 månader gamal. Kona hans, Brita Gusskalksdr., døydde 1776, 86½ år gl. Borni deira var: Gusskalk, Lars Skjelde, Erling, som var død fyre 1772 og hadde etter seg tri born, Mikkjel Akslabjørg, Marta, g. m. Halldor Rasmusson Tysse og Brita, g. m. Olav Johannesson Lekve.

Gusskalk Eilivson fekk i 1760 skøyte frå far sin på garden, etter at han hadde freista med å ta upp tingsvitne. Gusskalk sa at faren hadde lovt han garden, og han hadde difor flytt dertil um våren frå Prestegarden, der han hadde vore paktar. No vilde faren ikkje halda ord, sa han. Nokre dagar deretter har han fått skøyte. Gusskalk vart ikkje lenge buande på Flògo. Han bytte i 1767 med Gusskalk Olavson uti 1 laup 6 mark i Uppheim, Vestb. Han bytte att i 1769 med Berge Sjurson, som flytte til Flògo, men døydde alt i 1770, 38 år gamal. Han var g. m. Eli Torgeirsdr. og hadde borni: Gudleik, Sjur, Lars og Marta, g. m. Steffa Monsson Bergshaugen. Ho Eli vart attgift 1771 med Jakob Brynjulvson Århus, og dei hadde halvparten av garden. Jakob døydde fyre 1780.

Gudleik Bergeson fekk skøyte i 1774 på 2 pund 15 mark og i 1783 på andre 2 pund 15 mark frå mor si. Han gifte seg 1782 med Brita Monsdr. Lisseim og døydde 1813, 57 år gl. Deira born var: Mons, Åmund og Marta. Marta var g. m. Brynjulv Væte og døydde 1826. Åmund var fødd 1790 og g. m. Brita Velomsdr. Bø. Han var flink smed, arbeidde serleg lås og bitjarn. Tynsle-ljåne hans var sers gode. Sjølv slo han ein 7-markateig med ein ljå utan å tynna han. Mons Gudleikson fekk farsgarden i 1807, gifte seg 1809 med Brita Klasdr. Grimastad, døydde 1837, 51 år gamal og er då skriven for gastgjevar. Det er lese gastgjevarløyve til han på tinget på Vangen i 1827. Han hadde utsal av øl og brennevin. Borni deira var: Berge, Klas, Gudleik, Knut, Nils, Brita og Kari. Brørne Gudleik, Knut og Nils reiste med kram og vart buande i Stryn, Nordfjord. Brita vart gift 1833 med Klas Isakson Grimastad.

Berge Monsson var fødd 1814, gifte seg 1836 med Kirsti Nilsdr. Eide og døydde 1888. Halve farsgarden fekk han ved skifte etter far sin i 1839. Han Klas, broren, fekk den andre halve, men let parten sin til Berge i 1841 og reiste til Sunnmør i 1847. Berge hadde skyss-stasjon og gastgjevarløyve, og bygde ser stove til utsal av brennevin og øl. Han var rapp på

--- side 92 ---

foten. Ofte når det kom skyss frå Evanger til Flògo og den reisande var annig med å koma vidare frå Vangen, sprang han Berge straks avstad for å segja til skyss på Vangen. Han sprang då um Byrkjafetæ. Det var noko kortare enn køyrevegen. Berge slapp militærtenesta av di han hadde stasjonen. Han let garden i 1844 til systri, Kari, for 950 spd.

Ho Kari var fødd 1811, døydde 1885, gift med Nils Gusskalkson Eide, fødd 1806, død 1882. Han var ein driftig gardbrukar, og laga renner i marki og leidde vatn or elvi ved Bergshaugen til å vatna bøen med i turre år. Han nya upp att laksekjeret og dreiv mykje med laksefiske. Ask planta han fleire stader t. d. langs med nedsida av vegen frå Eidestunet og til Saltkleivæ på Flògo. Borni åt Nils og Kari var: Gusskalk, Olav, Brita. Olav vart gift med Gurina Tuff. Dei vart buande på farsgarden hennar på Senja i Trums. Brita vart gift med Brynjulv Bergeson Væte og reiste til Amerika.

Gusskalk Nilsson var fødd 1838, gifte seg 1871 med Anna Olavsdr. Liland og døydde 1923. Han fekk farsgarden i 1864 og budde der. Borni deira er: Nils, Kari, Olav, Marta, Brynjulv. Olav og Brynjulv er brandkonstablar i Haugesund. Ein teig vart fråskilt garden i 1907 som bruk 3. Resten av garden vart samstundes skift millom Nils og Kari som bruk 1 og 2. Nils er fødd 1873, gift 1922 med Marta Johannesdr. Uppheim, Vossastr. Han fekk bruk 1 i 1908 for 2000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 11, lnr. 28 med skyld 1 laup 2 pund 6 mark, urevidert 4 dalar 3 ort 5 skill., revidert 4 dalar 1 ort 1 skill. Ny skyld mark 6,13, som vart sett ned til mark 2,76 etter at bruk 2 og 3 og Flagateigen i Evanger (med skyld 5 øre) var fråskilde.

Bruk 2. Ytre Flògo. Kari Gusskalksdr. f. 1876, var gift med Gusskalk Andersson Skjelde. Han er fendrik. Dei fekk dette bruket hjå foreldri hennar i 1908 for 1600 kronor. Skyldi er mark 2,71.

Bruk 3. Nedre Flògo. Olav Gusskalkson fekk dette bruket hjå foreldri sine i 1908. Skyld 61 øre.

Indre Flògo er oftast kalla Innigaren av Flagafolket og andre i grannegardane. Nils Monsson var som ovanfor meldt brukar på garden i 1723. Han hadde i 1721 bygsla på levetidi

--- side 93 ---

2 laup, som Henrik Miltzow åtte. Nils døydde i 1759, 65 år gamal, og Brita, kona hans, i 1764, 88 år gl. Dei var barnlause. Ho Brita sa frå seg bygsli i 1759 og ein Mons Nilsson har då kome i staden som bygslar. Kona åt krigskommissær Fleischer har ervt 1 laup i Flògo i 1763, som han selde i 1779 til Johannes Andersson. Han selde att 1783 til Anders Vikingson Røte. Han bytte i 1785 med Erling Ivarson Berge, som vart buande på Flògo til 1794, då han døydde, 36 år gl. Dotteri Gjertrud fekk so garden,


Indre Flògo.
Bilete 10. Indre Flògo. Fot. L. A. Uppheim 1901.

som no er bruk 1. Indre Flògo har vore tvibølt gard sidan slutten av 1700-talet.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Indre Flògo. Ho Gjertrud vart gift i 1796 med tambur Olav Larsson Gjerme. Ho døydde i 1824 og han i 1848, ikkje born. Olav selde garden i 1830 til Anders Styrkson Rekve for 570 spd. Han let Per, son sin, få garden i 1849 for 200 spd., og Per selde i 1858 til Anders Johannesson Hornve for 950 spd. og kår. Sjå bruk 2 Vetla Røte. Han dyrka mykje på garden og skulde vera den fyrste i Vestbygdi som hadde gjødselkjellar under floren. Han budde på garden til 1868, då

--- side 94 ---

han for 900 spd. og kår åt seg selde til Johannes Torsteinson Dagestad. Han budde der berre 4 år og selde i 1872 til Ivar Ivarson Mo for 1150 spd. Gusskalk Oddson Uppheim kjøpte so garden i 1875 for 1100 spd. og budde der til han døydde i 1919. Han var fødd 1845, gift 1872 med Begga Helgesdr. Fosse. Etter å ha teke eksamen ved Voss lærarskule i 1863 var han skulelærar i Vassvøri til 1884 og sidan i Vestbygdi og Dyrvedalen til 1889. Garden let han 1919 til sonen Gusskalk for 4500 kronor og kår. Han er f. 1879, g. 1. 1904 m. Anna Olavsdr. Seim, 2. 1926 m. Anna Gusskalksdr. Uppheim, f. 1875. Ho er jordmor. Gusskalk er fendrik og bur no på Vangen.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 12, lnr. 29 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 1 ort 7 skill., revidert 2 dalar 21 skill. Ny skyld mark 3,17. I 1902 var fråskilt ein part Flagateigen i Evanger med skyld 2 øre. Deretter er skyldi på bruk 1 mark 3,15.

Bruk 2. Indre Flògo. Erling Knutson Berge kjøpte i 1779 1 laup i Indre Flògo og budde der til 1799. Då tok han seg kår og selde garden til Per Ivarson Børkjo. Han var gift 1799 med Kari Knutsdr. Flògo og døydde 1809. Ho Kari vart attgift året etter med Knut Gusskalkson Vestrheim og døydde 1831. Med Per hadde ho sonen Ivar, og med Knut borni Per og Gjertrud. Han Per gifte seg i 1838 med Sisselja Johannesdr. Lisseim. Ho Gjertrud vart gift i 1836 med Lars Gudleikson Ukvitno. Ivar Person var gift 1825 med Gudve Persdr. Gjerme og døydde 1842, 38 år gl. Farsgarden fekk han 1827. Ved skifte etter Ivar var garden verdsett til 450 spd. og nettomidelen ved skifte etter henne Gudve var 442 spd. Dei hadde borni: Per, Kari, Mari, Kari. Kari d. e. vart gift i 1852 til Skjerpe med Arnfinn Ivarson, Kari d. y. i 1853 med Per Ivarson Hosås og Mari i 1854 med Anders Torbjørnson Seve.

Per Ivarson var fødd 1826, døydde 1904 og var gift med Gjertrud Samsonsdr. Grimastad. Han fekk farsgarden ved skifte etter mori i 1852 for 555 spd. Deira born var: Ivar, bleiv i Nordland, Gudve f. 1856, g. m. Lars Brynjulvson Væte, Samson f. 1858, g. m. Hansina Berg frå Finnmark, Knut f. 1860, bur i Bergen, Josef i Nordland, Per f. 1865, g. m. Gunnvor Andersdr. Røte, har gard på Røte, Gunnvor, som reiste til Amerika. Samson hadde farsgarden. Sonen Per fekk skøyte på garden i 1900. Han er f. 1890 og g. 1916 m. Brita Andersdr. Hegle.

--- side 95 ---

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 12, lnr. 30 med skyld som bruk 1, berre med den skilnad, at skyldi no er mark 3,14 av di det vart rekna 3 øre i skyld for den parten av Flagateigen i Evanger, som høyrde til bruk 2.

Husmannsplass på Flògo.

Husmannsplass var det ikkje på Flògo er det sagt i 1723. på Ytre Flògo døydde i 1776 husmannen Kolbein Torgeirson, som var g. m. Guro Styrksdr. og hadde dotteri Marta. Rognald Gusskalkson Vestrheim, død 1827, g. m. Brita Oddsdr. Uppheim var husmann ei tid på Flògo. Det har vore husmannsplass på Øvre og Nedre Liadalen, som ligg millom eigedomane åt Berge og Væte. Likeins på Kleven (Flaga-Kleven) som er nedanfor Seim. Der budde han Sjur i Kleven som i 1830-40-åri flytte til Bergenskanten. Ein soneson hans var den kjende skipsbyggjar Flage i Laksevåg. Olav Knutson Gjerme var siste plassmannen i Liadalen og døydde um lag 1870. Som fyrr umtala var Bergshaugen tidlegare plass under Ytre Flògo. No er det berre ein husmann, Torbjørn Seim, som i 1880-åri fekk plass i Flagateigen.

Stølane.

Stølen var 1 mil frå garden heiter det i 1723. No har Flògo vårstølen Vetleliæ og sumarsstøl på Liaset, som ligg under Trensveten. Bruk 2 på Indre Flògo har dessutan havt støl i Geitabotn, ovanfor Berge i Bergsdalen, og var der midsumars. For nokre år sidan kjøpte Knut Væte på Røte denne stølen. På stølstreet på Liaset er ei myr og ein haug med jarnkròkor, som syner at det har vore brent myrmalm der. Tett med er og merke etter omnen. Til 1860-70-åri brukte Flògo vårstølen Vetlaliæ på sørsida av storelvi. Tuftene syner enno etter husi. I 1708 var fyre på tinget at Brita Skjerven hadde leigt seg stølsbeite på «Flagastølen» og bygt sel der, som hadde stått i 18 år, og hadde betalt leige for det. Våren 1706 hadde stølseigaren brote upp døri til selet og kasta ut noko kjøt. Ho vart forlikt med han soleis, at ho skulde flytta selet og ikkje «befatte sig med deres beite».

Kvern.

I 1776 og 1791 var det ei kvern på Flògo, og ho høyrde til Innigarden. Seinare hadde Utigarden bruk 1 kvern i Flaga-

--- side 96 ---

fossen, men ho har ikkje vore i bruk sidan 1890-åri. Her var det i lange tider male mykje åt folk i grendi. Bruk 1 hadde til um lag 1880-åri kvern ogso på Bergshaugen. Indre Flògo skal ha havt kvern i Vikjaelvi, som er skilje millom Liland og Flògo sine eigedomar på sørsida av Seimsvatnet. Ein vinter det var uvanleg lang kuldebolk, sette dei upp kvern på isen i Flagafossen og mol åt mange både på Voss og i Vassvøri. - Eigaren av bruk 1 Ytre Flògo bygde sag på stølen i 1907.

Offentlege forretningar.

Steiningsforretning var halde på Flògo i 1759. Eiliv Mikkjelson hadde stemnt han Mass Seim. Under forretningi vart lagt fram merkeskilsbrev av 21. oktober 1642 og i det var innteke eit anna merkeskilsbrev av 22. april 1592, men det var so utydelegt å lesa står det, Mot Vassenden var halde grenseforretning i 1776. I 1810 var det sak um beiting. Takst vart halde 1825, 1828 (vedkommande Flagastigen) og 1849. Steiningsforretning var det på Indre Flògo i 1807. Alle på Flògo har vore med på semja av 1821 um ikkje å halda geiter. Jarnbanetakster var halde 1878. Semje um bru i Saghaugen er tinglesi 1885. Med Bergens Skogselskap er sett upp kontrakt i 1901 um skogplanting. Skylddeiling er halde i 1901 og utskilt ein part av Flagateigen som ligg i Evanger. Dei fråskilde partar fekk ialt 10 øre i skyld. Semje 1922 med jarnbanen um regulering av grensa og 1923 um grind i gjerdet mot Jarnbanen. Semje med Nils Flògo 1927 um leiding av flaumvatn. Overskyn 1927 um tilskot til vegen Ukvitno-Hodnaberg. Semje 1931 med telegrafverket um stolpegrunn.

Ymse.

I ei sak millom Gunnar Flògo og Brynjulv Liland i 1695 um fiskeretten i Flagahølen er det falle dom ved underretten den 17. juni. Saki var fyre att 1696 på lagtinget i Bergen. Då er umtala eit dokument av 1538. Det er upplyst at Gunnar hadde butt på Flògo i 36 år som bygslemann og fyrr hadde faren butt der 40 år.

Flògo har skogteigar i Flaga-Kleven millom Seim og Nestås. Likeins Hosåsteigen i Evanger. Det er fortalt at han skal vera komen under Flògo som fadragåve. I gamle dagar skulde Flògo bruka eigedomen på Seim til kalvahage er det fortalt. Det skal vera grunnen til at Flògo eig skog og slåttemark både ovanfor og nedanfor garden Seim.

Postvegen gjekk fyrr um Bergshaugen og Lisseim, men vart i 1820-30-åri lagd gjenom tunet på Flògo og ned Flagastigen. Det er fortalt at den fyrste store muren i Flagastigen ramla ned to år etter han var bygd, men so sette dei upp ein endå sværare mur og bolta han fast i berget med 6 store jarnkrokar, mest som skipsanker. Det var Nils Seim, Mons Flògo og Anders Vinjo som då gjorde arbeidet. Bestefar åt Nils som no har gar-

--- side 97 ---

den, skulde ein gong skyssa ein svær bergensar upp Flagastigen, men so greidde ikkje hesten å dra han. So skulde bymannen rida. «Ja nu spørs det, hvordan det vil gå, for nu er det kommet ni voger på hesten din,» sa bymannen. Fyrr det vart postveg i Flagastigen, hadde dei to ihopabundne stigar til å kliva i. Flagastigen vart umlagd i 1927. Frå den tid vegen gjenom Flagatunet var teken i bruk, var det skyss-stasjon i Innigarden på Flògo og skyss-skifte åt posten i Utigarden til dess Vossabanen kom i drift i 1883. Det var gastgjevargard òg ei tid i Utigarden.

Åmund Herlaugson Flògo bygde i 1783-84 brui i Skjervet i Granvin. Etter rekneskapen kosta ho 349 rd. 38 skill. Tidlegare hadde han bygt Stalheimsbrui. General-vegmeistaren sa um Åmund, at han var ein dugande og pålitande brubyggjar. Han døydde på Flògo 1789, 70 år gl.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Flògo.

Nils Indre Flògo 9 gonger i 1729-52 tavle 1 nr. 48. Same bumerke brukte Erling Knutson i 1782, men t. 2 nr. 51 i 1787, Anders 1771 t. 1 nr. 49. Anders Andersson teikna 1786 to Var sette på hovudet og slyngde saman, og med ein liggjande S tvers over dei. Åmund Herlaugson 1782 t. 1 nr. 50. Han teikna um lag som eit nyra i 1786: Gudleik Bergeson 1795 t. 1 nr. 51. Seglet åt Erling Knutson hadde 1787 bokstavane EKS og derunder bumerket t. 1 nr. 48, men det vesle tverrstreket uppe er her til høgre.

Segn.

Ein gong var det brudlaup på Øvre Flògo (no Indre Flògo) og Seimsfolket skulde til brudlaups. Dei bykste då over storelvi um lag eit steinkast ovanfor der jarnbanebrui no er, fortelst det. Seimsmannen heitte Ulv og etter han har denne staden sidan vorte heitande Ulvaspranget. Segni fortel òg at «Oskereiæ» skulde alltid slå seg ned i Harkahaugen ovanfor Flògo. Det er til gardane Flògo og Seim at Welhaven har lagt det kjende diktet Åsgårdsreien. Det skal knyta seg til ei verkeleg hending på garden Dale i Nordre Aurdal i Valders; dei illgjetne «Seimsberserker» var brørne Torleiv og Knut Tidemandson på grannegarden Revling. - Som minne um den tid dei trudde på huldafolk, har me Huldahaugen på Flagastølen. Ein Oddmund skal ha bygt bryggje ved Seimsvatnet på Flagasida. Ein gong han fekk berre ein liten laks i garni sine, sette

--- side 98 ---

han ein kopartråd i sporden på laksen og slepte han med dei ordi: «Du faor komma atto å væ sjaundafiskjen min.» Og det merkelege hende, at etter at Oddmund var død, vart laksen med kopartråden i sporden teken og vog då over 3 bismarpund.

Är du säker på att du vill logga ut?