Haugo.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 281 ---

Av Indre Haugo, gardsnr. 192, og Ytre Haugo, gardsnr. 193, høyrer no nedre luten med flatane i Haugamoen med til Vangen.

Tufter av Indre Haugo. Gardsnr. 192.

Mesteparten av dei to hovedbruki på Indre Haugo bruk 1 og 3 ligg utanfor Bygningskommunen og vert difor ikkje umtala her, men kjem med i eit anna band av Vossaboki. Bruk 1 har no i skyld mark 4,86, etter at bruk 60 er fråskilt. Lars Oddson Grønlien fekk skøyte på bruket i 1919 hjå foreldri sine. Bruk 3 har i skyld mark 4,82 etter at bruk 41 er skilt frå. Eigaren er Brynjulv Arnbjørnson Haugo, som fekk garden i 1921. Frå desse to bruki er utskilt etternemnde eigedomar som ligg innanfor Vangsgrensa:

Bruk 2. Fredheim. Skyld 11 øre. Vart utskilt frå bruk 1 i 1889 og ervefest til Anders K. Raustad. Han bygde der tohøgda bustadhus og i 1898 mekanisk snikkarverkstad, som han dreiv

--- side 282 ---

i mange år og helt samstundes fram med husebyggjing. Bruk 29 vart fråskilt i 1909. Steners Kvinnesland kjøpte bruk 2 i 1915 for 14 500 kronor. Fru Kvinnesland selde i 1921 til Statsbanane for 50 000 kronor. Eidesbanen har kontor der.

Bruk 4. Heimdal. Skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 3 i 1887, Oddmund K. Glymme kjøpte då eigedomen, bygde tohøgda bustadhus og dreiv dampbad og karbad der. Olav O. Kindem kjøpte eigedomen i 1887 for 4000 kronor og heldt fram med


Bilete 39. Bruane over Vosso sedde frå Skarvet. Fot. P. Braaten 1933.
Bilete 39. Bruane over Vosso sedde frå Skarvet. Fot. P. Braaten 1933.

badet. Voss herad kjøpte eigedomen i 1895 for 3000 kronor og innreidde det til sjukehus. (Framhald i stykket um Sjukerøkt og Sjukehus.)

Bruk 5. Haugo. Skyld 2 øre. Utskilt i 1892 frå bruk 1. Olav N. Flatekvål ervefeste det då og bygde tohøgda bustadhus. Då han reiste til Amerika, kjøpte Nils P. Kvarme det. Enkja hans let det til dotteri, Ingjerd N. Kvarme. Sjå bruk 57.

Bruk 6. Haugamoen. Skyld 35 øre. Utskilt frå bruk 3. Voss herad kjøpte det i 1892 til utstellingsplass for 3000 kronor. Heradet har bygt skur åt krøterutstellingane, slaktehus og hus for renovasjonen på Vangen.

--- side 283 ---

Bruk 7. Saratun. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 3. Sara Skaftedal kjøpte det i 1892 og fekk bygt stovehus. Ho selde i 1911 til Eirik Stamstad, som selde att 1919 til Ingebjørg Kronstad. Ho er f. 1866 og gm. Anders K. Kronstad.

Bruk 8. Moland. Skyld 6 øre. Utskilt frå bruk 3. Eirik T. Kvåle kjøpte det i 1895. fekk skilt frå bruk 15-18 og 50. Versonen Jon Lægland kjøpte eidedomen i 1926 saman med bruk 50, som då vart lagt til bruk 8 att. Skyldi på det er no 3 øre. Lægland er f. 1889 og gm. Brita Eiriksdr. Bryn.

Bruk 9. Søstertun. Skyld 1 øre. Utskilt 1890 frå bruk 1. Systerne Jorunn, Brytva og Gudve Vivås bygde stovehus der og fekk ervefeste på tufti i 1898. Jorunn og Brytva er døde. Gudve er f. 1854. Sjå bruk 47.

Bruk 10. Fuglesang. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1898. Skomakar Olav Bulko bygde bustadhus her. Bokbindar Martin Jansen kjøpte det og fekk i 1898 ervefeste på tufti. Han er f. 1878, gm. 1. Ingjerd Olavsdr. Haugo, 2. m. Anna Knutsdr. Fenno.

Bruk 11. Vadheim. Skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1899, Nils P. Dymbe ervefeste det i 1899 og bygde stove der. Då han og kona døydde, fekk sønene Kristian og Kolbein Dymbe eigedomen i 1921.

Bruk 12. Skogarbø. Skyld 3 øre. Fråskilt bruk 1 i 1899. Jenny Arnesen fekk ervefeste på det i 1899, og flytte dertil bustadhuset sitt, som stod der bruk 101 Lekve no er, og bygde noko til. Brita M. Saude kjøpte eigedomen 1916, hadde ei tid matstove og handel der, men selde i 1930 til systri Ingebjørg, som er f. 1886. Sjå bruk 26 og 42.

Bruk 13. Moflat. Skyld 6 øre. Fråskilt bruk 3 i 1900. Gjert N. Eggjareir ervefeste det og bygde bustadhus og snikkarverkstad. Han driv mykje med kjerrearbeid, er f. 1863 og gm. Marta Olavsdr. Glymme.

Bruk 14. Holstad. Skyld 6 øre. Fråskilt bruk 3 i 1900. Olav T. Belgum hadde bygt husi og butt der i lang tid, då Lars N. Hole kjøpte eigedomen i 1902. Han selde att 1911 til Anders O. Fjose. Han er f. 1878 og gm. Anna Åmundsdr. Endeve.

Bruk 15. Moland. Skyld 1 øre. Fråskilt bruk 8 i 1900. Knut S. Høyland ervefeste tufti og fekk bygt stove der. Nils J. Veka kjøpte eigedomen i 1919. Torstein Kyte overtok eigedomen i 1931.

--- side 284 ---

Bruk 16. Moland. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 8 i 1900. Eirik Kvåle sette sidan upp bustadhus av Leanstein og selde so til Jørgen L. Horvei for 26000 kronor. Statsbanane kjøpte sidan eigedomen. Sjå bruk 54.

Bruk 17. Moland. Skyld 1 øre. Fråskilt bruk 8 i 1900. Smed Hans Vik bygde stovehus og selde til Ingvald Belgum, som fekk ervefeste på tufti i 1904. Han let eigedomen att 1910 til Hermann H. Hovland. Han bygde smidjeverkstad som han dreiv. Sidan han døydde, har Kornelius Mandelid leigt verkstaden til 1932. Sidan har Adolf Magnussen leigt verkstaden. Der er smedemaskinor drivne med elektrisk kraft. Hermann Hovland var f. 1889, gm. Brita Eiriksdr. Seim, og døydde 1925. A. Magnussen er gm. Synneva Olavsdr. Svartaberg.

Bruk 18. Moland. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 8 i 1900. Hans B. Nes ervefeste det i 1902 og bygde stove. Smed T. Dahlberg kjøpte eigedomen i 1906. Då han var død, vart Voss fatigvesen eigar.

Bruk 19. Nygard. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1901. Nils O. Saude ervefeste det i 1905, bygde bustadhus med krambu og hadde kolonialhandel. Sjå bruk 56. Han var f. 1847, gm. Kari Aslaksdr. og døydde 1925. Enkja har no eigedomen og driv handelen.

Bruk 20. Solstrand. Skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1901. Olav N. Gjøstein fekk ervefeste på det. Der er ikkje bygt på denne tufti som ligg tett innåt Vossabrui.

Bruk 21. Nyheim. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1902. Jakob O. Fadnes ervefeste det i 1904 og bygde stove der. Sonen Karl kjøpte eigedomen i 1908 og selde att 1911 til Arnbjørg Knutsdr. Skjeldal. Ervingane hennar selde i 1930 til Nils Brynjulvson Røte. Sjå bruk 58. Sonen Brynjulv har no eigedomen. Han er elektrikar ved Voss kommunale Elektrisitetsverk, f. 1894 og gm. Synneva Olavsdr. Honve.

Bruk 22. Movoll. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1902. Anna Tøn fekk ervefeste på det i 1904 og fekk bygt stove. Då ho døydde, fekk dotteri Johanna Persdr. eigedomen. Ho er gift med Ivar Mala, som er arbeidar og f. 1880.

Bruk 23. Lundheim. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1903. Snikkar Endre T. Natvik fekk ervefeste på det og bygde bustadhus der. Kristoffer Grøneng kjøpte eigedomen 1917.

--- side 285 ---

Sjå bruk 43. Grøneng var f. 1880, gm. Olufina Magdalena og døydde 1918.

Bruk 24. Furuheim. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1905. Ervefest til Endre J. Lidsheim, som bygde bustadhus og smidjeverkstad der. Smidja har han seinare utvida til mekanisk verkstad. I 1930 kjøpte Lidsheim bygningen åt Voss Sparebank og flytte til eigedomen sin, som er utvida med bruk 49 og 59. Han driv med vøling av automobilar, motorar og maskinor, har kommisjonslager av bensin og bilringar og agentur for automobilar. Han har autogen sveiseinnretning og mange arbeidsmaskinor drivne med elektrisk kraft. Lidsheim er f. 1875, og gm. Marta Eiriksdr. Seim.

Bruk 25. Motun. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1906. Nils P. Skutle hadde bygt stove og budde der mange år. Sidan hadde Ingebjørg L. Grovu stova. Gustav J. Rennestøl kjøpte huset og ervefeste tufti i 1906. Skomakar Johannes Rennestøl har no eigedomen. Han er f. 1865 og gm. Anna Olavsdr.

Bruk 26. Granheim. Skyld 1 øre. Skilt ut frå bruk 3 i 1906 og ervefest til Jenny Arnesen, som bygde stove der og flytte dit frå bruk 12. Snikkar Lars K. Flatekvål kjøpte eigedomen i 1916. Han er f. 1887 og gm. Marta Johannesdr.

Bruk 27. Nygard. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 3 i 1906. Gudleik Isakson Vestrheimsteigen kjøpte det same året og bygde bustadhus. Mons N. Hefte kjøpte eigedomen 1922 og David K. Rene i 1930. Han var fyrr gardmann på Rene, er f. 1866 og gm. Torbjørg Oddmundsdr.

Bruk 28. Granheim. Skyld 1 øre. Skilt ut fra bruk 1 i 1908. Hermund H. Skutle ervefest det i 1918 og bygde bustadhus. Lars S. Hellene kjøpte eigedomen i 1921. Han er lokomotivpussar, f. 1885. Sjå bruk 52.

Bruk 29. Fredheim II. Skyld 4 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1909. Kolbein Tillung kjøpte eigedomen i 1910 og bygde stovehus der. Etter at bruk 34, 35 og 46 var skilt frå, kjøpte Maria B. Væte bruk 29 i 1921. Skyldi på det var då 1 øre. Ho er f. 1899 og er dotter åt Berge O. Væte og Anna Monsdr.

Bruk 30. Flatheim. Skyld 1 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1909 og late til Maria Jørgensen. Mor og morsyster hennar, Astrid og Marta Hauge, hadde bygt stove og butt der i mange år. Då Maria døydde, fekk Sigmund Nyre stova.

--- side 286 ---

Bruk 31. Moheim. Skyld 1 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1910 og ervefest til Klas Sveinson Jernes. Han flytte stova åt besteforeldri sine frå Helgavangen på Jernes dertil. Sjå bruk 40. Klas er f. 1882.

Bruk 32. Saratun. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 7 i 1911 og late til Sara L. Skaftedal. Ho bygde stove der. Då Sara var død, kjøpte Ingebjørg Ulvund eigedomen. Ho driv med strikking.

Bruk 33. Øvre Nygard. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 1 i 1915. Ervefest til Nils O. Saude i 1916, som bygde bustadhus. Eirik O. Saude kjøpte eigedomen i 1924 og dreiv kolonialhandel til 1927, då Karl Moberg kjøpte eigedomen. Han var f. 1888, gm. Anna Hatlestad, dreiv bakarforretning i husi åt Voss Handelslag og døydde 1930. Enkja har eigedomen bruk 33 og held fram med bakarforretningen. Halldor Hatlestad har no kolonialforretning der. Han er f. 1905 og gm. Paula Hogstad.

Bruk 34. Fredheim III. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 29 i 1915. Som meldt under bruk 2, bygde Anders Raustad mekanisk snikkarverkstad der. Då han reiste til Amerika, kjøpte Kolbein Tillung eigedomen, men selde att 1916 til Knut S. Opkvitne. I 1924 kjøpte Klas Væle saman med 4 andre eigedomen. Klas Væle, Arne Kaldestad og Lars Tillung har seinare overteke eigedomen og driv verkstaden under namn Haugemoen Trevarefabrikk. Klas Væle er f. 1890 og gm. Inga Vinje. Arne Kaldestad, f. 1881, er gm. Marta Andersdr. Dagestad. Lars Tillung, f. 1876, er gm. Margreta Klasdr. Væle.

Bruk 35. Fredheim IV. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 29 i 1917. Kolbein Tillung som hadde bygt bustadhus der, selde det i 1917 til Knut J. Lidsheim og Olav H. Gandrud. Dette bruket er i 1918 lagt saman med bruk 46. K. Lidsheim var f. 1870, gm. Ragnhild J. Edal og døydde 1930. Han hadde barberforretning på Vangen, som enkja driv framleis. O. Gandrud er lokomotivførar, f. 1891 og gm. Boletta K. Lidsheim.

Bruk 36. Moflaten. Skyld 8 øre. Skilt ut frå bruk 3 i 1917. Olav L. Kyte kjøpte det i 1920 og sette upp bustadhus. Etter at bruk 51 var fråskilt i 1920, var skyldi på bruk 36 4 øre. Olav er f. 1890 og gm. Guro Kolbeinsdr. Skjervheim.

Bruk 37. Ligg utanfor grensa for Bygningskommunen.

Bruk 38. Haugavang. Skyld 8 øre. Skilt frå bruk 1 i 1917. Lektor Nils Oddson Grønlien fekk det i 1917 hjå foreldri og

--- side 287 ---

har bygt bustadhus der. Sjå bruk 44. Han er f. 1874 og gm. Hjørdis Olafsen.

Bruk 39. Flåten. Skyld 2 øre. Skilt ut frå bruk 3 i 1917 og late til Lars P. Armot d. y. som bygde stove der. Sigrid H. Ukvitno kjøpte eigedomen 1925, Sisselja Meland i 1925 og Nils N. Edal i 1929. Han er f. 1904.

Bruk 40. Skogheim. Skyld 3 øre. Skilt frå bruk 3 i 1917. Klas Jernes kjøpte det i 1917. Sjå bruk 31.

Bruk 41. Furuheim. Skyld 6 øre. Skilt frå bruk 3 i 1917. Nils L. Vike kjøpte det då. Sjå Ytre Haugo, gnr. 193, bruk 11.

Bruk 42. Skogarbø. Skyld 1 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1917 og late til Brita N. Saude, som let det att 1930 til systri Ingebjørg. Sjå bruk 12.

Bruk 43. Lundheim. Skyld 1 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1917 og ervefest i 1920 til Olufina Grøneng. Sjå bruk 23.

Bruk 44. Haugavang. Skyld 17 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1918. Lektor Nils Grønlien fekk det hjå foreldri sine attåt bruk 38.

Bruk 45. Bjørgatun. Skyld 6 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1918. Olav Bjørgum fekk det hjå verforeldri sine og bygde bustadhus der. Han er f. 1861 og gm. Anna Oddsdr. Grønlien. Sjå vidare um han på Bjørgo.

Bruk 46. Fredheim V. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 29 i 1918. Berge O. Væte selde det i 1918 til Knut Lidsheim og Olav H. Gandrud, og det vart då lagt saman med bruk 35.

Bruk 47. Søstertun. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1918 og ervefest i 1926 til Gudve Vivås. Sjå bruk 9.

Bruk 48. Vadheim. Skyld 1 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1918

Bruk 49. Furuheim. Skyld 2 øre. Fråskilt bruk 1 i 1919 og ervefest til Endre J. Lidsheim. Sjå bruk 24.

Bruk 50. Lundvang. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 8 i 1919 og selt i 1920 til Tomas Myrland som sette upp bustadhus. I 1926 vart bruket lagt saman att med bruk 8.

Bruk 51. Fredlund. Skyld 4 øre. Skilt frå bruk 36 i 1920 og selt til Olav M. Ødegård etter at bruk 55 var fråskilt. Ødegård bygde bustadhus og selde eigedomen til Olav Berge og Johan Lid i 1921. No er Knut P. Endeve og Lars L. Hauge eigarar.

Bruk 52. Granheim. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 1 i 1921 og ervefest til Hermund H. Skutle. Lars S. Hellene fekk dette jordstykket saman med bruk 28 i 1921.

--- side 288 ---

Bruk 53. Hauglund. Skyld 1 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1921 og ervefest til Olav L. Haugo. Han har stove der, som foreldri hans hadde bygt. Han er f. 1892 og gm. Kaia Kristiansdr.

Bruk 54. Fredheim. Skyld 1 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1921 og selt til Statsbanane. Sjå bruk 16.

Bruk 55. Hauglund. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 51 i 1921, selt til Olav Ødegård og har sidan fylgt med bruk 51.

Bruk 56. Nygard. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 19 i 1924. Eigar Nils O. Saude. Sjå um han på bruk 19.

Bruk 57. Flatekvål. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 44 i 1926 og selt til Nils N. Kvarme. Vert brukt av eigaren til bruk 5.

Bruk 58. Nyheim. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 1 i 1929 og ervefest til Nils B. Røte. Sjå bruk 21.

Bruk 59. Smedstad. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 1 i 1930 og selt til Endre J. Lidsheim. Sjå bruk 24.

Bruk 60. Moheim. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 1 i 1932 og ervefest til Klas Jernes.

Postførar Johannes Harberg fekk feste på ei tuft av bruk 1 i 1870-åri og bygde stove, som enkja hans hadde etter han. No er det Kirsti Harberg f. 1873 som har stova.

Johannes I. Skjerve feste ei tuft av bruk 1 og bygde stove i 1880-åri. Han bur der framleis og driv med skreddararbeid. Han er f. 1859 og gm. Brita Olavsdr.

Tufter av Ytre Haugo. Gardsnr. 193.

Det er 2 hovudbruk på Ytre Haugo, bruk 1 og 2. Mesteparten av båe bruki ligg utanfor grensa åt Bygningskommunen og vil verta umtala i eit anna band av Vossaboki. Her vert difor teke med berre dei fråskilde bruk som ligg innanfor Vangsgrensa. Bruk 1 har no i skyld mark 5,38 etter at bruk 31 er skilt frå. Ivar L. Lydvo, som no er eigar, fekk skøyte på det i 1921 hjå verforeldri for 3000 kronor. Skyldi på bruk 2 er mark 5,20 etter at bruk 28 er skilt frå. Eigaren Lars L. Haugo døydde i 1933. Han fekk garden i 1907 for 5200 kronor. Enkja har no garden (sjå um henne på bruk 3 Rogne).

Bruk 3. Flatheim. Skyld 1 øre. Skilt ut frå bruk 2 i 1893 og ervefest til Jørgen H. Brekke i 1895. Han bygde bustadhus, men flytte det derfrå att seinare. Bruket er umlag på same stad som bruk 22.

--- side 289 ---

Bruk 4. Sommerro. Skyld 1 øre. Skilt ut frå bruk 2 i 1901 og ervefest til Leonora Amundsens dødsbu i 1903. Ho hadde nemleg bygt stove der. Karl Lind kjøpte eigedomen i 1903 og selde att til Ola Amundsen. Ludvig Danielsen var so eigar eit par år og selde til Lars I. Tillung i 1911. Sjå bruk 10 og Haugemoen Trevarefabrikk, bruk 34 av Indre Haugo.

Bruk 5. Nedre Haugo. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1901 og ervefest til Knut Larsson Stamnes, som bygde stove der. Han selde 1911 til Mons N. Hefte, som selde att 1913 til skomakar Hans B. Nes. Han er f. 1872 og gm. Anna Brynjulvsdr. Hefte.

Bruk 6. Elverom. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 2 i 1901 og ervefest til Mass Andersson Jernes, som bygde stove der. Han selde i 1905 til Ingjerd Jansdr. og Ingjerd Knutsdr. Jernes. Då båe var døde, kjøpte skreddar Nils Hernes eigedomen i 1930. Han er f. 1896 og var gm. Hilda Handegård, som døydde 1931.

Bruk 7. Fredlund. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 2 i 1905 og ervefest til skreddar Jørgen M. Nesthus, som har bygt bustadhus der. Tidlegare var det her ein timberveg or skogen ned til elvi. Jørgen var f. 1852, gift fyrst med Synneva Tunes, 2dre gongen med Maria Gudleiksdr. Jernes og døydde 1931. Sonen Nils, f. 1894, er gm. Ingebjørg Ivarsdr. Bø og driv med automobilskyssing.

Bruk 8. Furulund. Skyld 3 øre. Skilt ut frå bruk 2 i 1909 og ervefest til Olav H. Hatlestad, som bygde bustadhus der. Anders Larsson Humlabrekke kjøpte eigedomen i 1920. Sjå bruk 25. Han er f. 1872, gm. Anna Olavsdr. Hydningen og er gardmann på Humlabrekke. Sonen Lars bur på bruk 8, er f. 1896 og gm. Kristi Erlingsdr. Fimreite. Han driv med automobilskyssing.

Bruk 9. Heimdal. Skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1910 og ervefest til Voss herad. Sjå Indre Haugo, gnr. 192, bruk 4.

Bruk 10. Sommerro. Skyld 1 øre. Fråskilt bruk 2 i 1911 og ervefest til Ludvig Danielsen som tillegg til bruk 4. Lars I. Tillung har seinare overteke eigedomen.

Bruk 11. Vikheim. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 1 i 1912. Nils L. Vike kjøpte det i 1912 av Lars E. Haugo, og overtok husi som stod der. Nils som hadde vore gardmann på Vike, var f. 1857, gm. Ingebjørg Brynjulvsdr. Hildestveit og døydde

--- side 290 ---

1931. Sonen Lars, f. 1882, har no eigedomen. Sjå Indre Haugo, gnr. 192, bruk 41.

Bruk 12. Vetleflaten. Skyld 1 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1916 og ervefest til Johanna S. Erdal. Ho fekk bygt hus der og selde att 1925 til Asle J. Heimberde. Han er arbeidar, f. 1865 og gm. Marta Nilsdr. Nesthus.

Bruk 13. Elvelund. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 2 i 1916. Oddmund Uppheim hadde då bygt stove som feiarmeister Per Magnussen kjøpte. Han har bygt meir til og bur der. Sjå bruk 19. Magnussen er f. 1867 og gm. Brita Johannesdr.

Bruk 14. Florida. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 2 i 1916. Bruk 19 vart fråskilt i 1918 og Knut Elminger ervefeste bruk 14 i 1921. Skyldi er no 1 øre. Det er ikkje bygt på bruk 14.

Bruk 15. Motangen. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 2 i 1918 og ervefest til Johannes Helgestad, som bygde stove. Han selde i 1922 til Petter Pettersen, men kjøpte seinare eigedomen attende. Johannes er arbeidar på Voss Stasjon, er f. 1877 og gm. Sigrid Helgesdr.

Bruk 16. Movang. Skyld 4 øre. Skilt ut frå bruk 2 i 1918 og selt til O. Loven, O. Folkedal og K. N. Lirhus, som flytte dertil huset dei kjøpte av Eirik Fagnastøl ved Palmafossen og bygde mykje til. Voss Ullvarefabrikk kjøpte eigedomen i 1924 for 47 000 kronor og selde 1929 til Voss Strømpefabrikk, som dreiv sokkefabrikk der til 1931. Alfred Brudvik kjøpte då eigedomen og heldt fram med fabrikken til i 1932 då han flytte fabrikkverksemdi til Bergen.

Bruk 17. Skogly. Skyld 3 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1918. Feiarmeister Magnussen bygde bustadhus og let det til Ingebjørg Magnussen, som fekk feste på tufti. Ho selde att 1921 til Ivar Vinjo. Han er bokhaldar i Voss Veksel- og Landmandsbank, er f. 1899 og gm. Karna Olsen.

Bruk 18. Magnusplass. Skyld 2 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1918 og ervefest til Håkon Magnussen. Ivar A. Rykke fekk tufti i 1920 og bygde bustadhus. Han selde i 1921 til Eirik E. Dolve.

Bruk 19. Elvelund. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 14 i 1918 og late til Håkon Magnussen. Fru Brita Magnussen kjøpte eigedomen i 1922 til utviding av bruk 13.

Bruk 20. Solvang. Skyld 4 øre. Skilt frå bruk 2 i 1919 og ervefest til Petter Pettersen, som fekk bygt stove der. Eirik

--- side 291 ---

Espelid kjøpte eigedomen i 1920 og selde att 1923 til Vilhelm Hauge. Han driv med fiskehandel, er f. 1886 og gm. Anna Larsdr. Væte.

Bruk 21. Nyvang. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1919 og late til Nils O. Skjeldal, som har stovehus der. Han er på lageret i Voss Ullvarefabrikk, er f. 1889 og gm. Ellen Nilsson.

Bruk 22. Vetlahaugo. Skyld 3 øre. Skilt frå bruk 2 i 1919 og ervefest til murar Oskar Andersen. Han bygde bustadhus av Leanstein. Urmakar Lyder Olsen kjøpte eigedomen i 1927. Han har urmakarforretning på Vangen, er f. 1877 og gm. Katinka Sofia Jonson.

Bruk 23. Rosheim. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 1 i 1920 og ervefest til Johannes J. Palm, som bygde ei liti stove der og selde 1923 til Ivar Merkesdal. Han utvida huset og selde att til sonen Ivar Merkesdal d. y. Han selde att til Styrk M. Solstad, f. 1902 og gm. Rannveig Samuelsdr. Apaltun. Han er inspektør for Norske Liv. Sjå bruk 28.

Bruk 24. Flatheim. Skyld 3 øre. Skilt ut frå bruk 2 i 1920 og late til Sjur P. Dymbe. Jørgen Brekke hadde tidlegare fest denne eigedomen og bygt hus der, som Sjur Dymbe kjøpte. Sjur er arbeidar, f. 1880 og gm. Olina Hermannsdr. Væle.

Bruk 25. Furulund. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 2 i 1920 og late til O. Hatlestad, som tillegg til bruk 8.

Bruk 26. Venheim. Skyld 3 øre. Skilt frå bruk 2 i 1921 og ervefest til Odd L. Grovu. Han bygde stove der. Snikkar Andreas Handal har no eigedomen.

Bruk 27. Waltermann. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 1 i 1921 og late til Paul Schoefer. Det er ikkje bygt på denne tufti.

Bruk 28. Rosheim. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 1 i 1923 og ervefest til Ivar I. Merkesdal som tillegg til bruk 23.

Bruk 29. Moatun. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 1 og frå gardnr. 192 bruk 3 og 41 i 1930 og ervefest til Gudrun og Brita Steine, som har bygt bustadhus der.

Bruk 30. Nyheim. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 1 i 1933 og selt til Martin Harberg.

Bruk 31. Moaheim. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 1 i 1933 og selt til Håkon Harberg.

Knut E. Uppheim feste tuft av bruk 2 og bygde stove, som enkja hans og hadde til ho døydde 1928. Linus Andersson kjøpte stova og bur der. Han er f. 1885, gm. 1. Hulda Svendson, 2. m. Berta Søreide.

--- side 292 ---

Guro L. Haugo fekk eit jordstykke hjå foreldri sine av deira bruk 1. Dei bygde og husi på stykket åt henne. Ho er gm. Arnfinn Larsson Jordal, f. 1878, som driv med hestehandel.

Är du säker på att du vill logga ut?