144. Store Hegg.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 413 ---

Namnet vert i 1611 skrive Hegg. Det vert no sagt Hègg; búr pao, è tao Hègg, ska tì Hèjja, sms. Hèjja-haujén. Det er same ordet som trenamnet hegg, gn. heggr, genitiv heggjar, brukt um eit jordstykke med ein hegg på.

Det var ein brukar på Store Hegg, skriv Landkommisjonen 1661 og skyldi var ½ laup. Likeins var det 1723. Det var nok vedaskog og noko skog til husvøling. Med kornavlen var det uvisst og garden var tungbrukt. Skyldi vart høgda 1723 til 1 pund 18 mark, som 1838 vart umskrive til 2 dalar 3 ort 6 skill. Samanlikningstalet var 400. Med umsyn til skog, vassfall, never og frost var det likeins som på Reime.

Matrikkelen 1865 melder at der var 15½ mål åker, 14½ mål god, 20 mål medels natureng og 44 mål skrapebø. Hamnegangen var medels, skog til eige bruk, men ikkje til sal. Garden var nokolunde lettbrukt og dyrka som vanleg. Kornet fraus stundom. I 1918 var der 7,1 mål åker, 28,5 mål kunsteng og 13 mål natureng.

Det budde 16 menneske på Store Hegg 1801, 16 i 1865 og 24 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Store Hegg.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 16 21
1723 1 7 6 3
1865 2 19 46 30 4/5 25 1/5
1918 2 9 31

På Davidhaugen har me meldt um eit brev frå 1564 (DN. IX. nr. 790) der Heug er umtala. Sume har sagt at det kann henda er meint Hegg. Ollog var husmann eller øydegardsmann 1611, Thollag 1614 og Oluff 1621. Thollag og Oluff betalte ½ dalar i skatt kvar. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 1 kalvskinn. Svein Nilsson, g. m. Magli, og Olav Velomson, g. m. Anna var brukarar 1645. F. Broderson let noko i Store Hegg til kongen 1649 ved makebyte. Frå 1657 er det skilt millom Store og Vetla Hegg. Nils og Knut var då leiglendingar

--- side 414 ---

på Store Hegg og 1659 var det Bård og Knut. Den siste var so arm i 1659 at han fekk avkorting i skatten.

Til tinget 1656 kom lensmann Olav Saude med eit «letferdigt kvindfolk» Guro Harde. Ho hadde fått eit barn med drengen Arnfinn Person og to med Botolv Hegg som var gift. Både Guro og Botolv hadde bøtt og stått «kirkens disiplin». Ho hadde deretter reist burt saman med Botolv og kona hans og hadde havt umgang med han som fyrr. Guro åtte ikkje noko og vart difor dømd til å «slaaes til kagen» og vart utvist frå Bergenhus len.

Skyldi er 1659 og 1661 førd upp med ½ laup som Munkeliv åtte. Nils Torgilsson, Knut og Rikolv Sjurson var leiglendingar 1661 og berre Rikolv i 1664 og lenger. H. Garmann fekk kongeskøyte 1662 på Store Hegg og let same året garden til Klas Miltzow. Henrik Miltzow kjøpte garden då Klas døydde 1692. Marta Hegg stemnde Klas Miltzow i 1685 for ein arv som Klas sat inne med for henne. Mikkjel var leiglending 1691 og Torkjel 1695.

I folketeljingi 1701 er Torkjel Person skriven som leiglending. Han kjøpte garden av Henrik Miltzow i 1703. Torkjel var g. m. Synneva Hermundsdr., døydde 1716 og hadde etter seg sønene Knut, Sjur f. 1685 og Per f. 1687. Garden vart ved skifte etter Torkjel taksta 30 rd. og bruttomidelen var 118 rd. Derav kom til skifte millom enkja og borni 105 rd. Jordgodset vart skift millom dei. Ho var brukar 1715.

Knut Torkjelson, g. m. Jorunn Tomasdr. Ruu frå Hallingdal har fått garden etter foreldri sine. Dei fekk sonen Hermund 1713 og hadde visst fleire born. Knut døydde 1730, 43 år gl. og Jorunn 1733, 67 år gl. Hermund, gift 1733 m. Kari Ivarsdr. Berde kjøpte same år 27 mark av Per Torkjelson. Hermund døydde 1737 utan etterkomarar og Kari gifte seg att 1738 m. Trond Bjørgo. Ved skifte etter Hermund åtte buet heile Store Hegg. Enkja fekk halvparten av jordgodset og den andre halvpart vart skift millom hallingar. Ein sersjant Nils Hegg er nemnd 1740 at han var gastgjevar i Heggagarden, Eidfjord.

Per Torkjelson, g. 1. m. Gro Knutsdr., 2. 1745 m. Magli Knutsdr. Vinjo kjøpte 1738 27 mark av Kari Ivarsdr. og 14 mark av Olav Tomasson i Ål. Per vart stemnd til tings 1721 fordi han i ei likferd på Skiple 1716 hadde drepe Knut Gulfson (eller Gummalason). Per hadde då rymt, var no attkomen,

--- side 415 ---

men møtte ikkje på tinget. Korleis det gjekk vidare med denne saki, veit me ikkje. Ho Gro døydde 1744, 70 år gl., Per 1760, 79 år og Magli 1786, 79½ år gl. Tri born etter Per: Knut, Torkjel og Gro f. 1750. Torkjel fekk 1747 dotteri Benonie med Magdalena Sofia de Wahl. Knut var f. 1714, g. m. Inga Larsdr. og vart drepen 1742 av Brynjulv Hollgeirson Kvarakvål eller Almenningen i klammeri på Hegg. Ved domen vart Brynjulv frikjend då det var gjort i naudverje. Knut hadde ofte vore uvyrden, segjer soknepresten, og vart gravlagd utanfor kyrkjegarden i medhald krigsrettsdom.

Anders Olavson Sygnaberde bygsla 1737 31 mark på Hegg av Askjel Mikkjelson Bø og kjøpte 1749 21 mark av Levor Olavson Haugen for 125 rd. Levor hadde kjøpt det 1748 av per Torkjelson. Per selde 1755 1 spann til Anders og fekk kår åt seg og kona si. Anders selde Store Hegg 1760 til Askjel, bror sin, som atter selde 1762 til Hollgeir Hallvardson Reime. Han skøytte so garden i 1763 til Lars Knutson Vassenden, som 1764 var g. m. Barbrå, dotter hans Hollgeir.

Anders Torsteinson Skjelde har i 1767 fått skøyte på garden. Han var g. 1769 m. Gro Persdr. Store Hegg. I 1769 selde han til Nils Torsteinson 18 mark som vart bruk 2 og 1799 18 mark, bruk 1, til Per, son sin. Anders upplyste som vitne i den store skogsaki, at han hadde vore med to gonger og talt upp stubbar etter hogde tre i Almenningen. Anders døydde 1800, 68 år gl., Gro 1804, 54 år gl. og dei hadde borni Marta f. 1771 og Per f. 1774.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Store Hegg. Per Andersson f. 1774 fekk som nemnt i 1799 skøyte på bruk 1 frå far sin. Per gifte seg 1798 m. Marta Brynjulvsdr. Øvsthus. Han døydde 1845, 71 år gl. og ho 1863, 90 år gl. Dei hadde borni: Torstein f. 1798, Orlog f. 1808, g. 1835 m. Olav Herlaugson Øvsthus, Sigrid f. 1811, g. 1833 m. Nils Olavson Vålo, Anders f. 1814, g. 1841 m. Margreta Steffadr. Hagen, Gjertrud f. 1816, g. 1842 m. Odd Jonson Kvitno.

Torstein Person f. 1798, g. 1824 m. Anna Olavsdr. Kvåle f. 1802 fekk skøyte på garden frå far sin i 1823 og døydde 1839. Ved skifte etter han var garden verdsett 250 spd. og brutto-

--- side 416 ---

midelen var 305 spd. Seks born: Per, Marta f. 1827, g. 1855 m. Mons Johannesson Tufte, Olav f. 1829, Brynjulv f. 1832 Nils f. 1835 og Anders f. 1839. Alle so nær som Per reiste til Amerika. Anders har gjeve umlag 7000 kronor til Raundalskyrkja og enkja hans gav 2000 kronor til Voss Barneheim. Per f. 1825 vart g. 1849 m. Brita Knutsdr. Hegg og fekk garden 1841 ved skifte etter faren for 250 spd. Per var formann på ymse vegarbeid og bleiv på Røros ikring 1856. Brita gifte seg att 1857 m. Tor Erlendson Store Hegg f. 1829. Dei flytte til Hylland i Nærøydalen. Brita hadde med Per to søner: Torstein og Knut f. 1852, framhald bruk 2, og med Tor tri born: Erlend, Torbjørg og Guri.

Torstein Person f. 1848, g. m. Anna Kvamme fekk farsgarden ved skifte etter far sin 1857 for 200 spd., selde garden 1873 til Magne Mikkjelson Håland for 600 spd. og kjøpte gard på Kvamme, Vossastrondi. Tri born: Sigvor f. 1867, g. 1888 m. lærar Brynjulv Eirikson Seim, Viki, Bertina, g. m. kjøpmann Anders Hausvik, Bergen, og Per død ugift. Magne var f. 1845, g. m. Guri Nilsdr., døydde 1927 og hadde sønene Mikkjel f. 1872 og Nils f. 1886.

Mikkjel gifte seg 1892 m. Maria Olavsdr. Skjerve f. 1872 og kjøpte garden på auksjon 1905 for 4250 kronor og selde att 1919 til meierist Lars H. Steine for 18 000 kronor. Lutlaget Hegg som då vart skipa, fekk eigedomen for same pris. I 1923 kjøpte Nils Johannesson Mandelid bruket for 12 000 kronor og selde att til Lars Rieber Hjeltnes for 15 000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 145, lnr. 289 med gamal skyld 21 mark, urevidert 1 dalar 1 ort 15 skill., revidert 1 dalar 2 ort. Ny skyld mark 2,04.

Bruk 2. Store Hegg. Nils Torsteinson Skjelde f. 1732 kjøpte 1769 som fyrr fortalt 18 mark av Anders Torsteinson. Nils gifte seg 1769 m. Synneva Ivarsdr. Norheim og fekk dotteri Ragnhild 1770. Nils døydde 1787, 55 år gl. og Synneva 1808, 81 år gl. Ho Ragnhild gifte seg 1789 m. Levor Knutson Vetla Hegg. Han kjøpte 1790 14/5 mark av vermori og 142/5 mark av kaptein Dahl, som dei hadde fått ved skiftebrev 1787. Ragnhild døydde 1821. Ved skifte etter henne åtte buet 18 mark som vart taksta 350 spd. Bruttomidelen var 416 spd. Levor døydde 1835, 81 år gl. Fire born: Nils f. 1790, Knut f. 1792, Lars f. 1800, Marta f. 1807, g. 1833 m. Knut Håkonson Reime.

Nils Levorson fekk skøyte 1836 på bruket frå faren og

--- side 417 ---

fleire. Nils var g. 1823 m. Kari Hermundsdr. Bjørgo f. 1781 og andre gongen 1825 m. Ragnhild Bjarnesdr. Store Røte. døydde 1856, 67 år gl. og Ragnhild 1863, 80 år gl. Sonen f. 1824, reiste til Amerika. Nils selde garden 1834 til Knut Nilsson Berge som budde der til 1850 og selde då til Erlend Olavson Brekku for 500 spd. Han døydde 1871 og hadde to søner: Olav som reiste til Amerika, og Tor som fekk garden 1870 for 350 spd. Sjå meir um han på bruk 1.

Knut Person f. 1852, nemnd på bruk 1, g. m. Brita Sveinsdr. Kjønnagard, Vossastr. f. 1853 kjøpte i 1890 bruk 2 av Tor, stykfar sin for 3000 kronor. Knut og Brita hadde borni: Bertina f. 1875, g. m. gardmann Torgis Bjarneson Voll, Brita f. 1878, g. m. gardmann Sjur L. Selheim, Anna f. 1880, g. m. gardmann Per Person Mæringi, Per f. 1886, g. 1911 m. Anna Nilsdr. Uppheim, bur på Uppheim i Ulvik, Guri f. 1887, g. m. gardmann Eiliv Ivarson Øvsthus, Maria f. 1883, g. m. lærar Johannes Skjerve, Svein (Amerika), Gudve f. 1892, g. m. Johannes Ivarson Øvsthus, tilsett på Voss Jarnbanestasjon. Lars T. Tøn kjøpte garden 1928 for 10 500 kronor og selde att 1929 til Bertina K. Voll for 10 000 kronor. Ho og Torgis, mannen hennar, skøytte bruket 1933 til sonen Olav for 4500 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 145, lnr. 290 med skyld som bruk 1.

Bruk 3. Kvamsgård. Utskilt frå bruk 1 1901 med skyld 1 øre og selt på auksjon til handelsmann Olav Kvam for 4000 kr. Mikkjel Magneson Hegg kjøpte bruket 1905 på auksjon for 825 kronor og selde att 1909 saman med bruk 1.

Bruk 4. Hegghaugen. Skilt ut frå bruk 2 i 1917 med skyld 9 øre og selt til Johan Rieber Mack og Dermot Stuart Mack for 4000 kronor.

Bruk 5. Bruland. Skilt ut frå bruk 1 1920. Skyld 2 øre. Mikkjel Hegg er eigar.

Husmenn på Store Hegg.

Magne Sjurson var husmann 1664. Brynjulv Gitleson, g. m. Kari Knutsdr. fekk dotteri Ragnhild 1783. Styrk Knutson Vetla Hegg f. 1747, g. m. Kristi Sveinsdr. Øvsthus var husmann på Store Hegg etter at han slutta som gardbrukar på Vetla Hegg. Torgis Asleson, g. m. Kari Bjarnesdr. fekk sonen

--- side 418 ---

Asle 1831. Knut Håkonson, g. m. Marta Levorsdr. fekk sonen Ivar 1842. Nils Larsson f. 1788 hadde plasset Haugen, var g. 1. m. Anna Håkonsdr. og 2. 1846 m. Dordei Håkonsdr. Reime. Ho døydde 1870, 78 år gl. og Nils 1871. Med Anna hadde han sonen Olav i 1831. Nils var skreppemakar og svarva treskåler som han reiste kringum med og selde. Som betaling tok han so mykje korn som gjekk i skåli. Husmannskona Lisbet f. 1839 døydde 1915 i Enkjeheimen på Vangen. Plasset Haugen (Heggjahaugen) låg ovanfor gardshusi. Det har vore tri plassar


Hegg
Bilete 52. Hegg. Fot. P. Braaten 1936.

til: Potehaugen, Nyhaugen der ein tyskar Aksel budde, og Leite som var millom husi på Store og Vetla Hegg.

Støl.

Det var ½ mil til støls i 1723. Vårstølen ovanfor garden er ikkje i bruk no. Sumarsstølen som er i bruk, ligg på sørsida av dalen og heiter Heggjastølen.

Kvern.

Ei flaumkvern var der 1723, 1776 og 1791. Eldre folk minnest at der var to kvernar. Den eine er heilt burte og av den andre står noko av handlòi att. Det har vore iskvern på Ismaløyane i Storelvæ på Store Hegg sin eigedom. Iskvern var kvern som dei sette upp på isen um vintrane når vatnet til dei andre kvernane fraus til.

--- side 419 ---

Offentlege forretningar.

Semje 1852 millom Store og Vetla Hegg, utskifting 1892 og 1893, jarnbanetakst 1896, 1900 og 1907.

Ymse.

Ei tid hadde dei på Hegg fleire røvovnar til å fanga rev i. Ein på Hegg som heitte Sjur skal ha vore ein ovlag god veidemann. Kva tid han levde er det ikkje sagt noko um. Han dreiv med jakt til alle tider og skaut millom anna både gaupe og bjørn. Sume tider budde han i tome sel og vart nokre gonger vitja av huldafolk, fortalde han. På Hegg og dei andre gardane i Raundalen, der dei hadde bergslåtter som det var for ulendt til å bera høyet frå, brukte dei ròddor. Dei var laga av vidjor. Når dei slo, stappa dei graset i ròdda so ho vart rund og ikring ein meter i tverrmål og var ei passeleg byrd. Den fullstappa ròdda slepte dei utfor stupet, tok henne att der ho stogga og bar henne til ein plass der dei kunde breida det eller ha det i hes. Sume hadde hes i bergslåtta og brukte då ròdda til å bringa turrhøyet heim i. I seinare tid batt dei og ròddor av tog. Etter at løypestrenger kom i bruk, vart det slutt med ròddone.

Bumerke.

Styrk 1722, 1736 tavle 3 nr. 81. Anders Olavson 1754 t. 6 nr. 77. Anders 1756 t. 6 nr. 78 og brukte 1774 som merke AH. Tormod 1760 t. 6 nr. 79. Knut 1775 t. 3 nr. 35.

145. Vetla Hegg.

Landkommisjonen melder 1661 at det var ein brukar på Vetla Hegg og at skyldi var 1 spann. Matrikkelen 1723 har og ein brukar. Skyldi var då førd upp med 1 pund 18 mark, men vart sett ned til 1 pund. Der var skog til husvøling og nok vedaskog. Skyldi 1 pund vart 1838 umskrivi til 2 dalar. Samanlikningstalet var 300. Der var noko fureskog, nok vedaskog og never til sal. Garden var noko frostnæm.

Matrikkelen 1865 melder at der var 111/3 mål åker, ¼ mål dyrka eng, 16½ mål god, 20 mål medels natureng og 53 mål skrapebø. Hamnegangen var medels, skog til eige bruk, men ikkje til sal. Garden var tungbrukt og kornet fraus ofte. Bruk 1 var dyrka som vanleg, men bruk 2 mindre godt. I 1918 var der 4 mål åker, 8 mål kunsteng og 9 mål natureng.

Det budde 10 menneske på Vetla Hegg 1801, 10 1865 og 5 i 1920.

--- side 420 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Vetla Hegg.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 8 7
1723 1 5 6 1 ½
1865 2 11 22 23 19 ½
1918 1 7 14

På Store Hegg er skrive det me veit um Heggjagardane fyre 1649. F. Broderson let 1649 noko i Ytre Hegg til kongen ved makebyte. Skyldi var 1 spann 1659 og 1661 som Munkeliv åtte. Anders Jakobson var leiglending 1657 og 1659, Jakob Sjurson og Anders Jakobson i 1664 og lenger. Anders vitna 1670 i den store skogsaki at han hadde vore med og talt upp stubbar etter hogde tre i Almenningen. H. Garmann fekk kongeskøyte på Vetla Hegg 1662 og selde att same året til Klas Miltzow, som og var eigar i 1680. Halldor åtte Vetla Hegg 1691 og budde der, men 1695 var Johannes Vik i Sogn eigar. Halldor var då leiglending. Johannes Johannesson på Vangen, Vik i Sogn, selde 1796 sitt odelsgods, Vetla Hegg, til Herlaug Øvsthus.

Vetla Hegg låg øyde 1701 står det i folketeljingi. Eivind var eigar og brukar 1714. Styrk Monsson fekk 1722 skøyte frå Eivind på garden for 86 rd. Pål Knutson og Knut Ingebriktson vilde 1734 gjera gjeldande løysningsretten sin til Vetla Hegg, men det vart til det at dei let retten sin til Styrk. Han var g. m. enkja Kari Torleivsdr. og båe døydde 1744. Ved skifte etter dei vart jordgodset verdsett 26 rd. Bruttomidelen var 131 rd. Med fyrste mannen hadde Kari dotteri Brita Knutsdr. g. m. Mikkjel Dalbotnen og med Styrk sonen Knut.

Knut Styrkson vart g. 1. 1745 m. Sigrid Knutsdr. Reime, 2. 1752 m. Marta Torkjelsdr. Vetla Skiple. Han fekk skøyte på garden 1745. Sigrid døydde 1750, 29 år gl. og Knut 1774, 51 år gl. Han hadde to born med Sigrid og fem med Marta: Kari f. 1746, g. 1777 m. Brynjulv Gitleson Store Grovu, husmann på Bø, Rd., Styrk f. 1747, Levor f. 1754, var g. 1789 m. Ragnhild Nilsdr. Store Hegg, sjå bruk 2, Sigrid f. 1756, g. m. Magne Askjelson Reime, Brita f. 1759, g. 1786 m. Knut Mikkjelson Brekku, Magli f. 1763, Knut f. 1766. Ved skifte

--- side 421 ---

etter Knut Styrkson åtte buet 12 mark som vart taksta 150 rd. Bruttomidelen var 264 rd.

Styrk Knutson f. 1747, g. 1775 m. Kristi Sveinsdr. Øvsthus f. 1750 fekk skøyte 1774 på garden frå ervingane etter skiftebrev 1761 og 1774. Han selde 1787 12 mark til Helge Håvardson Voll, sjå vidare bruk 2, og 1790 dei andre 12 mark til Eiliv Ivarson Kolvu. Styrk var sidan husmann på Store Hegg, døydde 1804 og hadde borni: Knut f. 1775, g. 1802 m. Ingebjørg Torbjørnsdr. Kleivane. Marta f. 1777, g. 1813 m. Hermund Larsson Eggjareid, Svein f. 1779, Styrk f. 1783, g. 1815 m. Brita Andersdr. Rykke, Sigrid f. 1786 og Ivar f. 1792. Styrk var husmann på Davidhaugen.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Vetla Hegg. Eiliv Ivarson f. 1760, g. 1803 m. Gjertrud Brynjulvsdr. Øvsthus f. 1777 budde der til 1810, då han selde til Lars Knutson Uthus og bygsla 1803 bruk 1 Øvsthus, der han sidan budde. Lars var g. m. Kari Knutsdr. og fekk på Vetla Hegg sonen Knut i 1812. Lars selde garden 1815 til Asle Knutson Reime for 2500 rd. Asle var f. 1759, g. 1796 m. Guri Brynjulvsdr. Øvsthus som døydde 1847, 72 år gl. Seks born: Anna f. 1800, g. 1823 m. Halle Nilsson Prestegard på Vossavangen, Torgis f. 1801, Sigrid f. 1804, g. 1828 m. Torgis Magneson Reime, Ingjerd f. 1806, g. 1827 m. Ivar Eilivson på Øvsthus, Knut f. 1810, g. 1837 m. Gjertrud Torgisdr. Voll og budde på Voll, Brynjulv f. 1816, g. 1843 m. Synneva Trondsdr. Reime f. 1815, gardmann på Reime.

Torgis Asleson f. 1801 vart gift 1827 m. Kari Bjarnesdr. Hegg f. 1801 og fekk farsgarden 1838. Han døydde 1888 og ho 1894. Fire born: Guri f. 1827, g. 1846 m. Jon Endreson på Heimberde, Asle, Bjarne f. 1835, g. 1860 m. Sigrid Ivarsdr. Øvsthus, gardbrukar på Voll, Olav f. 1844, død 1866. Asle f. 1831, gifte seg 1855 m. Anna Monsdr. Melhus or Aurland. Han fekk farsgarden 1856, men let han til faren att og flytte til farsgarden hennar og budde sidan der. Bjarne Torgisson fekk 1882 skøyte på garden frå Asle for 1400 kronor. Ved skifte etter Bjarne og kona hans fekk deira son Torgis Voll skøyte på bruk 1. Han selde det 1934 til Kristian P. Norheim for 6000 kronor.

--- side 422 ---

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 146, lnr. 192 med gamal skyld 12 mark, urevidert 1 dalar, revidert 1 dalar. Ny skyld mark 1,46.

Bruk 2. Vetla Hegg. Som ovanfor nemnt fekk Helge Håvardson Voll skøyte 1787 på 12 mark. Året etter selde han att til Torkjel Håvardson. Ved skifte etter han vart bruket selt til Bjarne Mikkjelson, som 1795 kjøpte odelsretten til det av Knut Styrkson Vetla Hegg. Bjarne var g. m. Elisabet Olavsdr. Han har dikta to religiøse visor, ei på 15 og ei på 6 vers. Bjarne døydde 1846, 84 år gl. og Elisabet 1842, 78 år gl. På Hegg fekk dei borni: Asle, Marta d. e. f. 1793, g. 1824 m. Olav Nilsson Grovu, Synneva f. 1797, Marta d. y. f. 1799, Kari f. 1802, g. 1827 m. jeger Torgis Asleson Hegg, Mikkjel f. 1804, Olav f. 1807.

Asle Bjarneson f. 1790, g. 1. 1825 m. Eli Jonsdr. Øyaflòten, 2. 1832 m. Ingebjørg Nilsdr. Grovu, fekk i 1826 skøyte på garden frå faren. Eli døydde 1831, og ved skifte etter henne vart garden utlagd til kreditorane for 250 spd. Asle døydde 1849 som husmann på Hegg. Med Ingebjørg hadde han borni: Erling f. 1833, Eli f. 1835, Lisbet f. 1841, g. 1881 m. ekm. husmann Lars Larsson Fenno, Guri f. 1843.

Knut Larsson Ettesvoll kjøpte 1835 bruk 2 for 300 spd. Han var g. m. Marta Ivarsdr. og døydde 1861, 72 år gl. Marta døydde 1859. Knut var skulemeister og kyrkjesongar på Vossastrondi fyrr han kom til Hegg, var ofte talsmann og kjømeister og skreiv ofte åt folk. Ho hadde ein son Olav Monsson og fekk med Knut tri born: Ingebjørg f. 1834, g. 1859 m. Olav Andersson Kolvidi, Ingerid f. 1837, g. 1861 m. Arne Jonson Kolvu, Ragna f. 1839, g. 1863 m. Olav Askjelson Skiple. Olav Andersson fekk 1861 skøyte frå verfaren på bruk 2 for 200 spd. Han var fødd på Vossastrondi 1822 og døydde 1915. Ingebjørg døydde 1905. Sju born: Marta f. 1859, g. 1885 m. Hermund Steffason Fagnastølen, Anna f. 1862, g. 1892 m. ekm. urmakar Mons Eirikson Almenningen, Anders f. 1864, død 1883, Knut f. 1865, Ivar f. 1869, Eli f. 1873, g. 1901 m. Ivar Hansson Bottenstun frå Fron, Olav f. 1879. Knut Olavson f. 1865, g. 1893 m. Gjertrud Torgisdr. Voll f. 1871 fekk garden i 1897 for 1400 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 146, lnr. 292 med gamal skyld 12 mark, urevidert 1 dalar, revidert 4 ort 12 skill. Ny skyld mark 1,31.

--- side 423 ---

Bruk 3. Nyhaug. Skyld 3 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1934. Knut skøytte det til Olav, son sin.

Husmenn.

Asle Bjarneson f. 1790 umtala på bruk 2 var husmann i Skorne etter at garden hans var seld.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden, heiter det i matrikkelen 1723. Sumarsstølen kalla Heggstødl'n (eller Vetla-Heggstødl'n) ligg på sørsida av dalen. Då Knut Vetla Hegg ikring 1926 bygde nye hus på ny tuft på stølen, kom han på ei gamal tuft 5x7 mtr. med kjellar i tufti. Der må ha butt folk heile året i gamal tid. Hegg har havt to vårstølar: Kaldesetflòten og Bergaløflòten, men båe er nedlagde.

Kvern.

Kvern var det ikkje korkje 1723, 1776 eller 1791. Bruk 2 har kvern i Store-Heggelvæ, som er i bruk og dei har ofte male til andre og.

Offentlege forretningar.

Synsforretning 1795, semje 1852, utskifting 1892, 1893 og 1907, jarnbanetakst 1896 og 1900.

Ymse.

Torgis Asleson synte fram på tinget 1836 hudi av ein vaksen bjørn som han hadde drepe med sjølvskot på Brekku sin eigedom.

Bumerke.

Knut 1748 tavle 6 nr. 76. I 1762 og 1770 brukte han to andre merke. Styrk Knutson 1777 t. 6 nr. 80.

Är du säker på att du vill logga ut?