173. Istad.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 30 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive (ein gong) i Irstodum. Det vert no sagt Ístò2; han búr pao, è tao, ska tì Ístò. Fyrelekken er kann henda eit mannsnamn Íri, etterlekken er gn. staðr m. (stad), Upphavleg daa Írastaðir, dativ Írastọðum.

Garden er i matrikkelen 1661 førd upp med 1 laup 2 pund skyld og med to brukarar. Der var turvande brensel og timberskog. I 1723 var det likeins. Då er sagt at garden var tungbrukt og hadde medels god jord til kornavling. Skyldi vart umskrivi 1838 til 6 dalar 4 skill. etter samanlikningstalet 910. Der var godt vassfall, turvande brensel og fureskog til sal.

Matrikkelen 1865 melder at der var 22 mål åker, 19 mål god, 18 mål medels natureng og 29½ mål skrapebø. Hamnegangen var ring, men låg lagleg til. Skog til husbruk, og timber kunde

--- side 31 ---

dei selja for 20 spd. årleg. Garden var medels lettbrukt, dyrka som vanleg og leid sume tider av turk. Vassfallet var sett til ½ spd. årleg innkome. Ved uppteljingi 1918 var der 33,3 mål åker, 21,5 mål kunsteng og 55,5 mål natureng. Folketalet var 19 i 1801, 31 i 1865 og 44 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Istad.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   9   9          
1723 2   19   18   16      
1865 2   20   43   52 ½ 42  
1918 5   19   57          

Bjørgynjar Kalfskinn melder at kyrkja i Ulvik åtte to mmb. i Istad som Orm Kafle hadde til rådvelde. Anders var brukar då han 1563 betalte 1 dalar i skatt og 1591 1 kalvskinn. Eirik Andersson har 1585 fått skøyte på m. a. 3 spanns bol i Istad. Gudleik er nemnd som leiglending 1603, 1611 og 1614 og Anders i 1611. I leidangboki 1624 er leidangen førd upp med 9 merker smør og 1 geitskinn. Torleiv Giljarhus åtte 1621 3 spann på Istad og Eirik Gjerme 3 spann. Dagfinn Jonsson var 1653 eigar av 1 laup 2 pund på Istad. Han er ikkje seinare skriven som eigar, men er ofte nemnd som einaste brukar 1635- 1659. Dagfinn var g. fyrr 1645 m. Ingebjørg og hadde borni Mons og Marta. Mons var brukar saman med faren i 1661 og 1664.

F. Broderson har 1649 late noko på Istad til kongen ved makebyte. Skyldi er 1652, 1655 og 1659 førd upp med 1½ laup 9 mark, men 1661 med 1 laup 2 pund. I 1652 og 1655 åtte F. Broderson 1½ laup og Ulvik kyrkje 9 mark. Ho var 1661 eigar av 1 pund og Munkeliv av resten. Hermann Garmann fekk 1662 kongeskøyte på 1 laup 2 pund som St. Hans kyrkje og Munkeliv åtte. Garmanns ervingar selde det 1677 til Klas Miltzow som åtte det til 1692. I 1695 var Vangskyrkja eigar av 12 mark og Ingjerd Miltzow av 1½ laup. Lars var leiglending 1691 og 1695.

--- side 32 ---

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Istad. Hallstein Åmundson, f. 1662, var leiglending 1701. Han var g. m. Herborg Johannesdr. og døyde 1715. Ho var dotter til Abelone Henriksdr. Tundal og døydde 1737. Hallstein åtte 3 spann, som ved skifte etter han vart taksta 54 rd. To born: Henrik f. 1690 og Brita f. 1711. Ho vart g. 1743 m. Nils Sveinson Fenno. Henrik gifte seg 1719 m. Marta Jakobsdr. som døydde 1741, 62 år gl. Henrik døydde 1764. Han åtte 3 spann i garden. Dei hadde to born: Hallstein f. 1721 og Helga f. 1725, som døydde 1798. Hallstein var g. 1. 1743 m. enkja Ingebjørg Johannesdr. Løno, 2. 1745 m. Mari (Maria?) Eilivsdr. Skiple. Hallstein fekk 1740 skøyte frå far sin på 3 spann og kjøpte 1784 6 mark av Ulvik kyrkje. Mari døydde 1798 og Hallstein 1814. Ved skifte etter Mari var garden taksta 400 rd. Ingebjørg hadde fire born med Torbjørn, fyrste mannen sin, men ikkje nokon med Hallstein. Han fekk med Mari borni: Ingebjørg f. 1748, g. 1791 m. ekm. Berge Sveinson Istad, og Lars f. 1760.

Lars Hallsteinson f. 1760 var g. 1. 1790 m. Brita Monsdr. Nesthus, 2. 1811 m. Brita Knutsdr. Grovu. Lars hadde heilt frå han var liten, uvanleg lesehug, men då foreldri ikkje likte på det, smeit han seg burt for å få lesa i fred. I hans uppvokster budde på Nepelandsplasset på Grovu ein husmann som dreiv noko med kvaksalving. Han var no helst ein grautadoktar, (d. e. brukte helst grautumslag). Lars gjekk stundom til husmannen for å sjå korleis han bar seg åt med dokteringane, kjøpte doktarbøker som han studerte trottugt og byrja litt um senn å doktera.

Lars fekk ord for å vera sers dugande til å doktera, men det var berre sume slags sjukdomar han etter lovi kunde handsama. Han søkte då um offentleg godkjenning som dokter. I boki av F. C. Kiær, Norges læger, er fortalt at Lars «erholdt efter examination af stadsphysici i Bergen 1796 tilladelse til en indskrænket praksis paa Voss». Der er og sagt m. a.: Istad var ein mann med gode kunnskapar, hadde lese fleire større dokterbøker, og hadde i tolv år vore til stor hjelp for bygdefolki. Um prøven i Bergen har han fortalt at det vart halde til i eit myrkt rom med prøven, og han tykte at han hadde greidt godt å svara på spursmåli han fekk. Lars Istad fekk god søknad

--- side 33 ---

både av vossafolk og folk frå andre bygdelag vida umkring. Mange forteljingar er der um hans praksis og elles um mannen. Vanleg vart han kalla Istadoktaren. Han er skriven for praktiserende læge ein stad i kyrkjebøkene, autorisert læge i tingboki 1829 og distriktslæge i tingboki 1830. Tilsetjing som distriktslækjar hadde han vel ikkje. Nærmaste distriktslækjar, tilsett 1807, budde i Hardanger, og det var fyrst 1833 at Voss fekk eigen distriktslækjar.

Lars hadde fått bruk 1 etter foreldri sine. Han døydde 1826 og Brita, andre kona hans, vart attgift 1829 m. Lars Torsteinson


Istad
Bilete 7. Istad. Fot. P. Braaten 1937.

Rjodo. Lars Istad fekk med fyrste kona si seks born, med andre kona dotteri Brita og i 1810 dotteri Marta med Ingebjørg E. Mølsterteigen, tilsaman åtte born: Andreas Hallstein f. 1790, Mons f. 1792, død fyrr 1809, Mari f. 1796, g. 1817 m. Lars Mikkjelson Indre Takla, Anna f. 1799, g. 1819 m. Arnfinn Josefson Grovu, Ingebjørg f. 1802, g. 1824 m. Lars Person Istad, Marta f. 1805, g. 1826 m. Olav Torleivson Grovu, Marta f. 1810, g. 1840 m. Knut Mikkjelson Gjerstad, husmann på Kvåle, Tjukkeb., Brita f. 1815, g. 1839 m. Steffa Torleivson Bryn (Amerika).

Andreas Hallstein tok 1821 medisinsk eksamen, og var distriktslækjar fleire stader, sist i Stjørdalen der han døydde 1862. Han fekk skøyte 1813 på halve garden og 1829 på resten,

--- side 34 ---

og selde att 1829 til Ivar Larsson Takla for 700 spd. Aslak Aslakson Jørdre kjøpte garden 1850 for 730 spd. Aslak var f. 1813 på Aurdal i Ulvik, g. m. Sigrid Eiriksdr. Vassenden, der foreldri hennar hadde gastgjevargard. Sigrid skal vera etterkomar av systri hans Rike-Torstein Bjørku. Aslak døydde 1900 og Sigrid 1918. Dei hadde borni: Aslak, Eirik, Lars f. 1851, Ivar f. 1854, Olav og Kristian f. 1863.

Aslak Aslakson f. ikring 1844 gifte seg 1870 m. Anna Olavsdr. Nesheim, Granvin og fekk 1873 skøyte på farsgarden for 350 spd. Aslak selde att 1882 til Olav, bror sin, for 3100 kronor. Han var f. 1859, g. 1881 m. Guri Håvardsdr. Grovu f. 1855 og døydde 1912. Guri døydde 1925. Deira son Aslak, f. 1884, gifte seg 1913 m. Ragnhild Andersdr. Flatlandsmoen f. 1884 og fekk 1921 skøyte på bruk 1 for 2400 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 188, lnr. 361 med gamal skyld 2½ pund. Etter at bruk 3 vart skilt frå, er den ureviderte skyldi 2 dalar 4 ort 15 skill., og den reviderte 3 dalar 1 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,67.

Bruk 2. Solstad. Skyld 24 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1883 og selt til Olav Gudleikson Veisene for 680 kronor. Han selde 1890 til Styrk Mikkjelson Klyve for 700 kronor. Styrk var son til Mikkjel Styrkson og Torbjørg Larsdr. som var husmannsfolk på Møn. Styrk er f. 1840, g. m. Marta Nilsdr. Deira son, Mikkjel f. 1872, g. 1901 m. Torbjørg Hansdr. Skutle, fekk 1911 skøyte på bruket for 1600 kronor. Han er snikkar.

Bruk 3. Nygrindshaugen. Skyld 15 øre. Skilt frå bruk 1 i 1882. Eirik Aslakson fekk skøyte på det 1905 for 1000 kronor. Olav Aslakson fekk det saman med bruk 1 i 1909, og det er ført saman med bruk 1 i 1922.

Bruk 4. Istad. Berge Person, son til Per Knutson Ronve, kjøpte 1707 3 spann i Istad. Berge gifte seg 1718 m. Sigtru Sjursdr. Rjodo og døydde 1719 utan born. Sigtru vart attgift 1720 m. Nils Torkjelson Lillegraven, som døydde 1777, og Sigtru døydde 1788, 94½ år gl. Nils fekk 1719 skøyte på 2 pund 6 mark. Ved skifte etter Sigtru åtte dei 27 mark på Istad, taksta 175 rd. Dei hadde tri born: Berge Tròdo, Kristi f. 1721, g. 1756 m. Olav Oddson Tveiti f. 1734, var på Lemme 1789, Kirsti f. 1736, g. 1. 1757 m. Knut Oddson Tveiti f. 1727, 2. 1781 m. Trond Ivarson Flatlandsmoen.

Lars Person Spildo f. 1729 kjøpte 1784 og 1789 bruk 4.

--- side 35 ---

Han var g. m. Anna Bergesdr. f. 1745 og døydde 1803. Anna døydde 1828. Dei hadde fem born: Per f. 1773, Nils f. 1777, død ugift 1806, Berge f. 1780, g. 1811 m. Ragnhild Monsdr. Øvre Lid, husmann i Vivåsliæ, Lisbet f. 1784, død 1857, Gunnbjørg f. 1790, død ugift 1841. Per gifte seg 1801 m. Anna Magnesdr. Lid f. 1783. Han fekk skøyte 1801 og 1804 på bruk 4 Istad og 1824 på bruk 5 Øvre Spildo. Per var brukt både som kjømeister og talsmann. Han bleiv i Granvinsvatnet 1825 og Anna døydde 1875. Dei hadde ti born: Lars f. 1801, Magnus f. 1803, Anna f. 1805, g. m. Sjur J. Spildo, Kristi f. 1807, g. m. Sjur Larsson Såkvitno, Nils d. e. f. 1809, var 1842 i Bergen, Mikkjel f. 1811 (Amerika), Nils d. y., budde i 1875 på Nesheim, Granvin, Ingebjørg f. 1816, Per f. 1818 budde på Spildo, Sjur f. 1824 (Amerika).

Lars Person gifte seg 1824 m. Ingebjørg Larsdr. Istad f. 1802, og fekk 1824 skøyte på bruk 4. I 1840 bytte han med Magnus, bror sin, uti hans bruk på Spildo. Magnus var g. m. Marta Johannesdr. Spildo, Han selde 1840 halve garden til systermannen Sjur Larsson Såkvitno. Magnus døydde 1843, og Marta gifte seg att 1847 m. Olav Knutson Bjørgo og fekk husmannsplasset Bjørkebåro på Bjørku. Ved skifte etter Magnus vart gardparten deira taksta 420 spd. Magnus og Marta hadde borni: Anna f. 1835, død ugift 1880, Brita f. 1837, g. 1866 m. Knut Johannesson Tveiti, Johannes f. 1840, Lars f. 1842, g. 1869 m. Bryttva Andersdr. Fenno, gardmann på Øvre Fenno.

Johannes Magnusson fekk halve garden ved skifte etter far sin, og selde att 1852 til Sjur Larsson som då vart eigar av heile bruk 4. Sjur var f. 1801 og døydde 1886, og Kristi døydde 1872, 65½ år gl. Dei fekk sønene Lars f. 1836 og Per f. 1848 som gifte seg 1869 m. Maria Knutsdr. Skutle og vart gardmann på Vike. Lars f. på Seim i Granvin, vart g. 1862 m. Sigvor Torgisdr. Takla f. på Lid 1837. Lars fekk skøyte 1871 på garden for 550 spd. Han hadde mykje liv for lesing, fylgde godt med i det som gjekk for seg, og hadde god ættekjennskap. Han var med i likningsvesenet, heradsstyret og på takstar og skyn. Sigvor døydde 1898 og Lars 1912; dei hadde borni: Kristi f. 1861, g. 1885 m. Nils Brynjulvson på Hildestveiti, Sjur og Lars. Lars er f. 1871 og bur på Rjukan, der han har sakførarforretning, og er god felespelar. Sjur er f. 1865, g. 1. m. Sigvor Larsdr.

--- side 36 ---

Uppheim, Kv., f. 1860, 2. 1926 m. enkja Kristi Olavsdr. Bjørku f. 1873. Sjur fekk 1912 skøyte på garden for 2800 kronor.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 188, lnr. 362 med gamal skyld 2½ pund, urevidert 3 dalar 2 skill., revidert 3 dalar 1 ort 13 skill. Ny skyld mark 4,92.

Bruk 5. Osen. Utskilt frå bruk 1 i 1893 med skyld 16 øre og selt til Jon Monsson Slen f. 1865. Han døydde 1900 og enkja hans, Kristi Styrksdr., fekk då eigedomen.

Bruk 6. Istadbakken. Skyld 2 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1918 og ervefest til Nils Arnfinnson Møn, som 1925 fekk skøyte på bruket for 2600 kronor. Han er snikkar, er f. 1871 og g. 1901 m. Brita Sveinsdr. Grovu f. 1877.

Bruk 7. Istadbakken. Skyld 5 øre. Skilt frå bruk 1 i 1920 og selt til Nils A. Møn. Sjå bruk 6.

Bruk 8. Istadmyrane. Skyld mark 1,46. Dette bruk er skipa ved utskiljing 1921 frå bruk 1 og 4 Istad, bruk 1 Dale, Håtveiti, bruk 1, 2 og 3 Nedre Fenno, bruk 3 Ygre og Brurestolen. Voss Herad kjøpte dei utskilde stykki for tilsaman kr. 21 754,00. Heradet har skift det i 7 eigedomar, som er selde for tilsaman 8800 kronor. Etter at bruk 10-15 var fråskilde, vart det att 21 øre i skyld på bruk 8 som Anders Larsson Bryn kjøpte for 1200 kronor. Han er g. m. Olina Gunnarsdr. Deira son, Olav f. 1904, har 1933 fått skøyte på garden for 6000 kronor.

Bruk 9. Hagen. Skilt frå bruk 4 i 1924 med skyld 14 øre, Sjur L. Istad er eigar.

Bruk 10. Dalsmoen. Skyld 15 øre. Skilt ut frå bruk 8 i 1924 og selt til Absalon Førde for 800 kronor.

Bruk 11. Myrland. Skyld 20 øre. Utskilt 1924 frå bruk 8 og selt til Knut K. Flatlandsmoen.

Bruk 12. Istadmoen. Skilt ut 1924 frå bruk 8 med skyld 24 øre og selt til Odd L. Himle for 1600 kronor.

Bruk 13. Langeland. Skyld 24 øre. Skilt ut 1924 frå bruk 8 og selt til Nils Olavson Fenno for 1200 kronor.

Bruk 14. Flatabø. Skyld 21 øre. Utskilt 1924 frå bruk 8 og selt til Lars Gunnarson Fykse for 1500 kronor.

Bruk 15. Øvre Istad. Skyld 21 øre. Skilt ut 1924 frå bruk 8 og selt til Martin A. Istad for 1000 kronor.

--- side 37 ---

Bruk 16. Skyld 2 øre. Utskilt 1931 frå bruk 1 og selt til Olav Nilsson Lillegraven, for 600 kronor.

Husmenn på Istad.

Bård Monsson var husmann 1664. Nils Knutson, f. 1646, upplyste 1724, at han hadde butt på Istad som husmann sidan 1709. Elias Knutson var g. fyrst med Asgjerd Sjursdr. og 1735 m. enkja Anna Mikkjelsdr. og døydde 1755, 85 år gl. Med fyrste kona hadde han tri born: Knut som 1755 var i Bergen, Kari, g. m. Per Olavson Gjerde og Guri f. 1718, g. m. Sjur Styrkson. Gudleik Olavson, g. m. Brita Andersdr., fekk 1728 dotteri Anna. Hallvard Andersson, f. 1762, var husmann 1701 og hadde då sonen Anders f. 1691.

Sjur Olavson, g. m. Kari Eilivsdr., hadde 1813 vore husmannsfolk i åtte år på Istad og hadde sonen Olav f. 1787. Knut Endreson døydde 1837, 80 år gl. Endre Knutson Istad, g. 1833 m. Marta Nilsdr. Træn, fekk sønene Knut f. 1833 og Nils f. 1835. Dei reiste 1837 til Mandal i Vest-Agder. Olav Kolbeinson, g. m. Brita Knutsdr., fekk 1838 dotteri Brita.

Eliasplasset er truleg rudt av fyrr nemnde Elias. Bruk 1 og 4 eig kvar sin part av det. Dessutan har vore på bruk 1 plassi Iståbakkjen og Osen og på bruk 4 Hagen. Desse tri plassi er no fråskilde hovudbruki. Anders Knutson f. 1825, g. m. Marta Håvardsdr., f. 1818, budde på Eliasplasset der Marta døydde 1884. Han vart attgift med Marta «Valdriso» og døydde 1897 i Svelgane der han budde siste åri. Siste husmannen der var Anders A. Svelgane. Han kjøpte 1901 bruk 6 Mala, der han er umtala.

Lars Snareson Tverberg f. 1812, g. m. Synneva Erlingsdr. f. 1814, fekk 1853 feste på plasset Iståbakkjen. Ho døydde 1883. På Orlogshaugen eller Haugaflåten som det og er kalla, budde Kjipe-Knut, g. m. Orlog. Knut hadde fått tilnamnet av di han dreiv med arbeid av kjipor eller teinor. Sidan kom Jakob Jakobson. Han var f. på Mala, g. 1. 1858 m. Orlog Torgilsdr. Takla, 2. 1877 m. Ingjerd Gusskalksdr. Berge, og døydde 1899. Dei hadde borni: Sigrid f. 1858, Nils f. 1860, g. 1885 m. Arngunna Eiriksdr. Norekvål, budde i Skuleståmod'n, Knut f. 1863, g. 1886 m. Rannveig Larsdr. Rong, husmann i Velesliæ, Andreas f. 1867.

På plasset Osen budde Olav. Han hadde ein son Olav som

--- side 38 ---

på sine gamle dagar gjekk umkring heile bygdi i døgerslegd. Dei kalla han Osaruggjen. Medan han var i Osa forte han og fødde noko smale. Men når folk spurde han um våren kor mange lamb han hadde fått, svara han: Da æ sjelda verne lemba. Sidan budde David Nilsson der. Han var g. m. Kari Knutsdr. og hadde borni Jorunn, g. 1858 m. Ivar Johannesson Svarttveit f. 1828, husmann på Skjerve, Brita, Eli, g. 1861 m. Per Gudleikson Syndve, Marta, Magli, Nils, Ingebjørg og Anna f. 1833- 1849. David reiste med kona og sume av borni til Nordland. Johannes Nilsson, g. m. Anna Kjelsdr. Takla f. 1794, rudde plasset Hagen, fekk sonen Nils og reiste 1835 til Amerika. Lars Seim frå Granvin er no husmann på bruk 1.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden heiter det 1723. Liaset heiter Istadstølen. Han ligg på sørsida av dalen. Midtlides nedanfor ligg Vetlestødl'n som fyrr var vårstøl, men som no ikkje er i bruk.

Kvern og sag.

Der var ei flaumkvern i 1723 og to i 1776 og 1791, som har vore til nyleg, men er no burte. Eine kvernhuset hadde årstalet 1777 og vart 1915 flytt til Mala, der det er hestestall. Sag har det vore lenge og er det framleies. På skifte 1844 etter Magnus Person er fjordeparten i sagbruket taksta 30 spd. Det er fortalt at sagi har vore under vøling i 1801, men av tingbøkene ser me at der har ikkje vore sag i 1790. Ho vart ikring 1901 umbygd frå uppgangssag til sirkelsag.

Offentlege forretningar.

Sak mot Litlere 1778 og mot Helland 1779. Semje 1895 med A. Møn, O. Bjørgum og L. Takla um rett for dei til å ta torv i Flakamyræ. Semje 1904 med Kvitlens Skyttarlag um skjotebane. Fråsegn 1922 um leiding av flaumvatn frå Istadmyrane. Semje 1924 um telegrafline. Merkeskilforretning 1932 for bruk 11 og 15 mot Opeland.

Bumerke.

Nils 1723, 1735 og 1754 tavle 7 nr. 32, noko brigda 1739 og 1747. Olav 1775 har teikna O A S.

Ymse.

På Istad er 1935 to freda tre. Storagrònæ er 2,60 meter umkring i brysthøgd, burtimot 40 meter høg og er visst det høgste treet på Voss. Storafuro (Varafuro) er 2,80 meter umkring i brysthøgd, har 12 meter fin legg og kluftar seg so. I elvi mot Dale er ei stor jettegryte. Då Aslak kom til Istad 1850 var der rotstove med halvlem og jordgolv. Stova er i vestre enden av hovudbygningen som vart sett upp 1881. Han er av fem tums timber kløyvt med sag og øksa på sidone, - Av oldsaker er funne ein stav og ei øks av jarn.

Är du säker på att du vill logga ut?