187. Kinne.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 111---

Namnet vert i 1500-talet skrive Kyndenn, Kynnem, i 1611 Kinne. Det vert no sagt Kinnè2; han búr pao, è tao Kinnè, ska tì Kìnnés, sms. Kìnnéskvammané. Namnet er samansett av kinn f. (bratt fjellside, bakkehall) og vin (beite).

--- side 112 ---

Landkommisjonen har 1661 ført upp Kinne med 3 laup 1 pund i skyld og to brukarar. Der var timber- og vedaskog til husbruk. Skyldi var likeins 1723. Der var humlagard og vedaskog. Garden hadde god jord og var toleg lettbrukt. Skyldi er 1838 umskrivi til 9 dalar 4 ort 1 skill. Der var fureskog jamvel til sal og turvande vedaskog. Samanlikningstalet var 1500.

I matrikkelen 1865 er ført upp 38 mål åker, 3 mål dyrka eng, 38½ mål god, 118 mål medels natureng og 142 mål skrapebø. 19 mål var skikka for dyrking. Ring hamnegang. Skog til husbruk so nær som på bruk 3 og 5 der det var timberskog, men ikkje vedaskog. Dei andre fire bruki kunde selja timber kvar for 2½ spd. um året. Ved uppteljingi 1918 var der 25 mål åker, 32,5 mål kunsteng og 37 mål natureng.

Folketalet var 18 i 1801, 35 i 1865 og 37 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Kinne.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 19 24
1723 2 24 21 24
1865 4 26 64 92 76
1918 3 15 29

Uppgåve vantar for bruk 2 og 6 i 1918.

Laurits budde 1521 på Kinne og betalte 6 skill. i skatt. Samson var leiglending 1563 og 1567 og døydde fyrr 1590. Sjur var lauskar i 1563. Oluff betalte 1597 tridje års bygsel med 1 mark 51/3 skill. og i «landbouedsel» ½ dalar. I jordboki 1585-1616 er ført upp 3 askar korn og 12 merker smør i landskyld til Vangens prestebol. Johannes er fleire gonger skriven som leiglending 1603-1614 og betalte 1610 tridje års bygsel for 1 laup. Ei enkje var leiglending 1614, 1621 og 1629 på 1 laup. Åsa Brekku åtte 1621 16 mark og Isak Lunde 4 mark. Leidangsboki melder at leidangen var 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Der var god jord heiter det. Herlof var leiglending. Stiftet åtte 1627 1 laup med ei enkje som leiglending. Laurits brukte 1635 3 laup 1 pund og 1636 2 laup.

I 1645 var der to leiglendingar Knut Olavson, g. m. Ragnhild, og Nils Sjurson, g. m. Mål. Ei huskone Anna budde der òg.

--- side 113 ---

F. Broderson let 1649 noko på Kinne til kongen ved makabyte. Nils var leiglending på det. H. Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen, 26 merker smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Sehested åtte 1650 2 laup 12 mark. Svarelsen for det var 26 merker smør, 1 bukkskinn, 1 geitskinn i leidang, 2½ dalar i skatt, 2½ ort i fornødspengar, 2½ ort i arbeidspengar og 3 ort 8 skill. i avgift til jordeigaren. Sehested skøytte dette jordgodset til kongen att i 1651, som selde det 1657 til Gabriel Marselis.

Anders Ukvitno åtte 1652 og 1659 4½ mark. I 1661 åtte prestebolet 1 pund, bønder 2½ pund, og 2 laup 12 mark var Finnegods. Knut Olavson og Olav Dagfinnson var brukarar 1661, 1664 og lenger. Lars Spildo åtte 1680 1 pund, Gjert Miltzow 1 laup og Klas Miltzow 2 laup 12 mark. I 1695 var eigarane: Prestebolet 2½ pund, kaptein Stoud 1 laup 6 mark, Henrik Miltzow 1 laup 6 mark og Lars Spildo 1 pund. I 1714 åtte Henrik Miltzow og madame Kristens Miltzow kvar 1 laup 6 mark, Lars Spildo 1 pund og Vangens Fatighus 2½ pund. Eigarane i 1723 var Henrik Miltzow og kaptein J. Nordahl kvar 1 laup 6 mark, Vangens Fatighus 2 pund, Vangens prestebol 1 pund og ervingane etter Lars Spildo 12 mark.

Jon Jonson var leiglending 1695 og til han døydde 1734, 67 år gl. Han må ha vore g. m. enkja etter Gusskalk med di Jon i 1701 hadde stykborni Viking Gusskalkson f. 1687, Knut Gusskalkson, g. 1710 m. enkja Ragnhild Hermundsdr. Nestås, Marta Gusskalksdr., g. 1711 m. ekm. Olav Hermundson Ronve og Barbrå, g. 1715 m. Olav Knutson Vinjo. Jon hadde borni Jon, g. 1727 m. Sigrid Johannesdr. Graudo, Brita, g. 1722 m. Sjur Eirikson Fenno og truleg fleire born. Jon har 1723 late 1 laup 6 mark av bygslegodset og versonen Sjur har bygsla det istaden. Både Sjur og Brita døydde 1736, han 38½ år, ho 38 år gamle; dei hadde fire born: Viking f. 1726, Knut f. 1728, Guri f. 1731, g. 1753 m. Lars Olavson Draugsvoll, og Marta f. 1734, g. 1757 m. Torgis Arnfinnson Ullestad.

Ivar Torbjørnson Rykke bygsla 1736 12 mark av soknepresten og kjøpte 1764 1 laup 30 mark på auksjon etter Nils Alstrup for 232 rd. og fekk 1759 kongeskøyte på løysingsretten til 1 laup 6 mark for 54 rd. 16 skill. som G. Marselis hadde ått. Ivar var lagrettemann 1740. Han var g. 1. 1735 m. enkja Sigrid Johannesdr. Kinne, 2. 1752 m. Eli Knutsdr.

--- side 114 ---

Skutle og døydde 1774, 70 år gl. Ivar og Eli fekk seks born: Torbjørn f. 1754, Sigrid f. 1755, g. 1808 m. ekm. Knut Brynjulvson Opeland, Knut f. 1758, død 1837, Brita f. 1760, Nils f. 1766, Kari f. 1772. Ved skifte etter Ivar var hans 1 laup 30 mark verdsette 400 rd.

Torbjørn gifte seg 1783 m. Ragnhild Larsdr. Ukvitno. Han bygsla 1781 12 mark av soknepresten og kjøpte same år 1 laup 271/6 mark av ervingane etter faren. Torbjørn og Ragnhild fekk på Kinne borni Ivar f. 1786 og Brita f. 1790. Torbjørn bytte 1790 med Olav Nilsson uti hans part på Jerald. Olav var g. 1775 m. Guro Oddsdr. Helland og døydde 1824, 77 år gl. Dei fekk borni: Nils f. 1775, død 1798, Liva f. 1778, død 1798, Gudve f. 1780, g. 1802 m. Sjur Ivarson Rene, Gudleik f. 1783, g. 1806 m. Rannveig Eiriksdr. Saude, Brita f. 1791, g. 1823 m. Gudleik Olavson Grønlidi, som seinare budde på Veiso. Framhald bruk 1.

Knut Nilsson Bjørgo bygsla 1736 12 mark av soknepresten og 1 laup 1 pund 18 mark av kaptein J. Nordahl. Knut kjøpte 1753 1 laup 6 mark av brørne Joakim og Peter Nordahl og fekk 1760 kongeskøyte på løysningsretten til 1 laup 6 mark som G. Marselis hadde ått. Knut var g. 1736 m. Bryttva Olavsdr. Tverberg og fekk seks born: Nils f. 1737, Ingjerd f. 1742, g. 1770 m. ekm. Lars Andersson Takla, Johannes f. 1745, Olav f. 1748, Marta f. 1751, g. 1774 m. Knut Larsson Kvåle, Knut f. 1754, g. 1776 m. Brita Andersdr. Hylle. Knut Nilsson døydde 1759, 64 år gl. På skiftet etter han var jordgodset taksta 260 rd. Bruttomidelen var 633 rd. Torbjørn Johannesson Kolskår fekk på skiftet 1 laup for noko han hadde til gode og selde same år 2 pund til Bryttva og 1 pund til Nils Knutson. Bryttva gifte seg uppatt 1760 m. Ivar Mikkjelson Vivås, men fekk ikkje born med han og døydde 1785, 77½ år gl.

Nils Knutson gifte seg 1760 m. Kari Mikkjelsdr. Vivås og døydde 1775. Dei fekk seks born: Marta f. 1760, Knut f. 1763, Brita f. 1764, Mikkjel f. 1767, Guri f. 1771, g. 1811 m. Eirik Andersson Vinjo, og Bryttva f. 1774. Knut vart g. 1790 m. Gjertrud Torsteinsdr. Lid. Olav Knutson f. 1748 gifte seg 1772 m. Brita Gudleiksdr. Ytre Takla. Olav kjøpte 1779 1 laup på Kinne av Lars Andersson Takla og Ivar Mikkjelson Kinne, som dei hadde kjøpt 1760 og 1772. Olav bygsla og 12 mark av soknepresten. Ho Brita døydde 1787, 43 år gl. Olav selde

--- side 115 ---

½ laup i 1783 til Olav Knutson, husmann i Vivåsliæ, for 520 rd. og bytte 1788 med Halle Brynjulvson Lid soleis at Halle fekk ½ laup på Kinne og Olav fekk 1 laup på Øvre Lid. Olav Vivåsliæ var g. m. Gjertrud Olavsdr. og døydde 1793, 74 år gl. Dei fekk borni: Barbrå, Knut f. 1778, Olav, Guri og Torbjørn f. 1775-1789. Olav var f. 1781 og g. 1815 m. Ingebjørg Knutsdr. Vivås. Sjå vidare bruk 4.


Bilete 18. Kinne. Fot. P. Braaten 1937.
Bilete 18. Kinne. Fot. P. Braaten 1937.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Kinne. Gudleik Olavson f. 1783, g. 1806 m. Rannveig Eiriksdr. Saude, umtala ovanfor, har fått ½ laup etter far sin. Gudleik og Rannveig fekk ni born: Olav f. 1807, Eirik f. 1808, død 1831, Guro f. 1811, g. 1835 m. David Larsson Fenno, Nils f. 1813, g. 1839 m. Torbjørg Larsdr. Bjørku, Marta f. 1815, g. 1837 m. Arne Arneson Urdland, Anders f. 1818, Eli f. 1819, Ingjerd f. 1822, Brita f. 1825, g. 1844 m. Eirik Knutson Vestrheim. Anders, Ingjerd og Eli reiste til Amerika. Gudleik var med i krigen mot Sverike. Han døydde 1858 og Rannveig 1862, 77 år gl. Olav gifte seg 1835 m. Ragna Larsdr. Fenno og fekk 1834 skøyte frå far sin på bruk 1. Dei fekk på Kinne borni Rannveig f. 1836 og Lars f. 1847, Olav Gudleikson og Eirik

--- side 116 ---

Oddson Gjelle var 1837 under tiltale for å ha laga og gjeve ut pengesetlar. Det vart upplyst at Olav hadde gjeve dei ut, og han vart dømd til slaveri. Upplysningane elles syner at han kunde korkje skriva eller teikna og knapt nok lesa og at det var umogeleg at han kunde ha laga pengane. I 1843 søkte kona hans um ettergjeving av resten av straffi. Søknaden var på det beste tilrådd av soknepresten og formannskapet og vart imøtekomen. Olav kjøpte garden Veiso i 1849, der han er umtala, selde garden att 1856 og reiste til Amerika med huslyden. (På Veiso er utegløymt noko. Etter line 7 nedanfrå på side 510 skal førast til: «Olav selde garden att 1849 til Olav Gudleikson Kinne.»)

I 1838 vart halde auksjon på garden. David Person Fenno kjøpte halvparten som vart bruk 2. Nils Gudleikson Kinne kjøpte den andre halvparten som framleies vart bruk 1. Han selde 1845 bruket til Lars Ivarson Glymme og reiste til Amerika. Olav Gudleikson Veiso kjøpte 1849 garden for 535 spd. og selde att 1851 til Eirik Knutson Vestrheim. Han var f. 1813 og som fyrr nemnt g. m. Brita Gudleiksdr. og fekk 13 born, men berre fire vart vaksne. Eirik reiste med kram i sine unge dagar. Han selde garden 1868 til Olav Samsonson Grimastad for 600 spd. og reiste til Amerika.

Olav var f. på Byrkjo 1838 og g. 1863 m. Marta Bergesdr. Væte. Han selde garden att til Brynjulv Torleivson Rogne og fekk gard på Væte. Brynjulv var f. 1829, g. m. Herborg Sveinsdr. Rogne og døydde 1884. Herborg selde same år garden til Olav Gitleson Opeland for 4000 kronor. Olav var f. 1859, g. 1883 m. Maria Josefsdr. Bjørgo. Han selde 1887 garden for same pris til Lars Larsson Takla f. 1827 og fekk att gard på Øvre Lid. Anders Knutson Graudo kjøpte 1890 garden for 4000 kronor. Han er f. 1852, g. 1885 m. Brita Bjarnesdr. Løno f. 1860 og har borni: Knut, Ingebjørg, Eirik, Anders, Bjarne, Guri, Sisselja, Anna, Marta. Knut er f. 1886, g. 1918 m. Ingebjørg Josefsdr. Bokkatun og fekk 1923 skøyte frå far sin på garden for 3000 kronor. Knut har ofte vore formann ved ymse arbeid. Ingebjørg er lærarinne i folkeskulen ved Palmafossen.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 174, lnr. 338a med gamal skyld 2 pund 6 mark, urevidert 2 dalar 1 ort 4 skill., revidert 2 dalar. Ny skyld mark 2,91.

Bruk 2. Kinne. Dette bruket er som fyrr nemnt skilt frå bruk 1 i 1838 og selt til David Person Fenno som selde att 1843 til Torstein Person Haugen, Granvin, g. 1840 m. Brita

--- side 117 ---

Ivarsdr. Skjerve. Ho døydde 1859, 59 år gl. og Torstein 1869, 72 år gl. Ved skifte etter Brita var garden verdsett 440 spd. Dei hadde borni Sigrid f. 1841 og Mikkjel f. 1845 (Amerika). Sigrid vart g. 1. 1866 m. gardmann Olav Eirikson Auro, 2. 1871 m. Ivar Hallsteinson Kolvu som kjøpte gard på Helland. Arnfinn Larsson Kinne kjøpte 1870 garden for 750 spd. Han var f. 1841, g. 1864 m. Ragnhild Isaksdr. Nyre og fekk dotteri Marjo. Arnfinn hadde i 1866 fått bruk 6 hjå far sin, og det vart ført saman med bruk 2. Arnfinn døydde 1910 og Ragnhild 1920. Ho Marjo er f. 1865, g. 1. 1886 m. Nils Ivarson Jørdre, 2. 1899 m. ekm. Josef Nilsson Bokkatun som døydde 1912. Han er umtala på Bokkatun. Marjo fekk med Nils sonen Arnfinn f. 1889 (Amerika) og med Josef fire born: Nils, Guri, Lars og Ragnhild. Guri er f. 1900, g. 1922 m. Nils Sjurson Istad f. 1895. Dei fekk garden 1925 for 6000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 174, lnr. 338b med skyld som bruk 1.

Bruk 3. Kinne. Gudleik Olavson Kinne fekk 1847 kongeskøyte på bruk 3 for 100 spd. og jordavgift 4 skjeppor ¾ fjerdingkar bygg. Han selde att 1848 til Simon Magneson for 100 spd. Han døydde 1879 og Maria, dotter hans, gifte seg same år m. Mons Nilsson Hefte og fekk 1880 sonen Nils. Mons selde bruket 1881 til Arne Sjurson Rene for 1400 kronor. Sonen Knut fekk 1898 skøyte på eigedomen for 2435 kronor. Halldor H. Espeland kjøpte 1904 bruk 3 og 7 for 4000 kronor og selde att 1905 til Nils Knutson Grovu, umtala på bruk 3 Grovu. Knut Person Endeve (umtala på bruk 117 Lekve) kjøpte 1913 båe bruki for 2000 kronor og selde att 1926 til Oskar Myklebust. Han selde att 1934 til Guriane Vidme.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 174, lnr. 338c med gamal skyld 12 mark, urevidert 2 ort 13 skill., revidert 2 ort 6 skill. Ny skyld 66 øre.

Bruk 4. Kinne. Halle Brynjulvson Øvre Lid, nemnd ovanfor, vart eigar av bruk 4 i 1788. Han var g. 1770 m. Ingebjørg Samsonsdr. Auro f. 1744 og døydde 1820, 70 år gl. Ingebjørg døydde 1822. Dei fekk borni: Lars f. 1772, død fyre 1821, Gjertrud f. 1773, død 1798, Brynjulv f. 1775, Marta f. 1779, g. 1822 m. Olav Godvinson Himle, Samson f. 1782, g. 1819 m. Anna Aslaksdr. Eimstad, budde ei tid på Jeraldstveiti, Gudve f. 1786, død ugift 1832. Brynjulv fekk skøyte 1807 og 1819 på garden og var g. 1811 m. Gyrid Magnusdr. Lid f. 1789. Bryn-

--- side 118 ---

 

julv døydde 1838 og Gyrid 1864. Seks born: Halle f. 1814, Gert f. 1815, g. 1837 m. Ingjerd Johannesdr. Skjerve, Magnus f. 1819, Knut f. 1821, g. 1846 m. Bryttva Persdr. Nesthus, Mikkjel f. 1824 og Ingebjørg f. 1833. Magnus, Knut og Ingebjørg reiste til Amerika.

Halle Brynjulvson gifte seg m. Inga Johannesdr. Evanger, fekk 1835 farsgarden, men selde han 1839 til Lars Larsson Bjørku. Han var f. 1816, g. 1. 1840 m. Sisselja Andersdr. Graudo, 2. 1856 m. Ingebjørg Larsdr. Mæringi. Lars budde på Kinne til 1845 då han selde til Lars Olavson Jernes for 760 spd. og flytte til Øvre Graudo. Lars Olavson var f. 1802, g. 1831 m. Marta Rognaldsdr. Glymme og fekk sonen Olav f. 1833. Lars selde garden 1870 til Olav Johannesson Helland frå Hosanger for 1200 spd. og kjøpte gard på Bryn.

Olav var g. m. Anna, Olavsdr. og fekk på Kinne borni: Olina, Johannes, Malena og Anders f. 1870-1875. Johannes Jensson Rivenes kjøpte 1875 garden for 1400 spd. Han var f. 1848, g. 1873 m. Brita Arnesdr. Rjodo og døydde 1929. Brita døydde 1927. Han var fanejunker, ettersynsmann i Voss Sagbruksinteressentskap og hadde andre tillitsyrke. Sonen Nils f. 1887, g. 1914 m. Marta Larsdr. Bjørku (Lid), har no garden.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 174, lnr. 339 a med gamal skyld 2 pund, urevidert 2 dalar 1 ort 6 skill., revidert 2 dalar 1 ort. Ny skyld mark 3,20.

Bruk 5. Kinnesteigen. Halle Brynjulvson bygsla som fyrr fortalt dette bruket i 1788 av soknepresten. Sonen Brynjulv bygsla i 1820 og hans son Halle fekk 1862 kongeskøyte på det for 130 spd. og jordavgift 4 skjeppor ¾ fjerdingkar bygg. Halle var som ovanfor nemnt f. 1814 og g. m. Inga Johannesdr. Dei fekk borni: Brynjulv f. 1838, g. 1867 m. Asgjerd Isaksdr. Nyre (Amerika), Maria f. 1841, g. 1882 m. Eirik Brynjulvson Lid Kv. f. 1832, gardmann på Bø, Tjukkeb., Johan og Lars, båe f. 1844, Ingebjørg f. 1848, Anders f. 1851 og Brita f. 1854. Johan døydde ugift 1883. Halle døydde 1885 og Inga 1902. Anders vart g. 1885 m. Arnbjørg Knutsdr. Skjeldal og fekk 1892 bruket for 320 kronor. Anders døydde 1899 og enkja selde 1900 bruket til Eirik Brynjulvson Bø for 1335 kronor. Han testamenterte 1923 bruket til Brita Hallesdr. som same år selde til Per Person Endeve for 8000 kronor. Han er f. 1888 og g. 1923 m. Ingebjørg Olavsdr. Gjøastein.

--- side 119 ---

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 174, lnr. 339b med gamal skyld 12 mark, urevidert 2 ort 2 skill., revidert 2 ort 6 skill. Ny skyld 66 øre.

Bruk 6. Kinne. Olav Nilsson har kjøpt bruk 6 ikring l790. Han var f. 1746, g. m. Guro Oddsdr., og hadde på Kinne borni Gudve f. 1780 og Gudleik f. 1783. Olav Eirikson Himle kjøpte garden i 1802. Han var g. 1790 m. Ingebjørg Larsdr. Dymbe, døydde 1806, 54 år gl. og hadde sonen Lars f. 1791 som døydde 1838. Han fekk 1811 garden, men då han 1834 hadde vorte sinnssjuk, vart garden seld til Lars Rasmusson Kinne for 350 spd. Han var f. 1796 og g. 1838 m. Ingebjørg Josefsdr. Lid. Dei reiste til Amerika og selde garden 1851 til Lars Ivarson Glymme for 500 spd. Lars var g. 1841 m. Marjo Knutsdr. Haugo og fekk sonen Arnfinn f. 1841. Marjo døydde 1866 og Lars 1876, 70 år gl. Han let garden 1866 til Arnfinn, son sin for 145 spd. Bruk 6 vart ført saman med bruk 2 då Arnfinn kjøpte det.

Bruk 6 var fyrr mtrnr. 174, lnr. 340 med gamal skyld 2 pund 6 mark, urevidert 2 dalar 19 skill., revidert 2 dalar 1 ort. Ny skyld mark 3,20.

Bruk 7. Kinne. Utskilt frå bruk 3 i 1901 med skyld 6 øre og ervefest til Sylfest Arneson Rene, som skøytte det 1902 til Knut, bror sin. Eigedomen har sidan fylgt med bruk 3.

Bruk 8. Kinne. Skilt frå bruk 2 i 1920 med skyld mark 2,11 og skøytt av Marjo Arnfinnsdr. til dotteri Guri Josefsdr. som er g. m. Nils Sjurson Istad.

Bruk 9. Bømovegen. Skilt 1932 frå bruk 1 og 8 med skyld 2 øre og skøytt til Forsvarsdepartementet.

Bruk 10. Fredheim. Skilt frå bruk 8 i 1934 med skyld 3 øre og skøytt til K. Gulbrandsen.

Bruk 11. Svingen. Utskilt frå bruk 2 med skyld 4 øre og skøytt 1935 til Sigurd Lillegraven.

Husmenn.

Per Arnbjørnson, g. m. Marjo Gudleiksdr. var husmannsfolk frå 1720-åri til 1744, då dei kjøpte Bulko. Magne Oddson f. 1745, døydde 1822. Torbjørn Olavson, g. m. Gjertrud Knutsdr. fekk borni Olav, Knut og Marta f. 1817-1821. Sjå vidare um dei og um dei born dei seinare fekk, på Rene. Arnved Erlingson var g. m. Ågot Knutsdr. og døydde 1824, 51 år gl. Dei fekk borni Erling, Brita og Knut f. 1816-1825. Lars Halleson f. 1806 døydde 1886. Anders Olavson f. 1821 i Vermland, Sverike, som døydde 1897, hadde plasset Hovden. Johannes Larsson Brorstrøm f. 1824 i Vermland, Sverike, g. m. Marta Olavsdr. fekk 1873 husmannsfeste hjå bruk 4. Johannes døydde

--- side 120 ---

1902. Dei fekk sonen Olav f. 1874, g. 1895 m. Olina Larsdr. Fjose, husmann på Fjose. Nikolai Larsson Ullestad f. 1849, d. 1920, hadde plass nedanfor postvegen. Han var g. 1871 m. Guro Nilsdr. Hefte og hadde fleire born.

Støl.

Stølen var ¾ mil frå garden er det sagt i 1723. Kinnesstølen heiter Vinnberg og ligg framanfor Flatlandsmoen.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala 1723, men der var to 1776 og 1791. I siste halvparten av 1800-talet var der fire i groi austanfor garden.

Offentlege forretningar.

Sak 1686 med Flatlandsmoen. Odelssak 1797. Semje 1834 um slåttar og burekkjeveg. Godviljug utskifting 1837. Semje tinglese 1912 um ein steiningsforretning av 1838. Åstadsak 1857 på Vinnberg. Semje 1859 um gjerde og 1867 tun akstreveg over Stoveåkern. Utskifting 1892. Semje 1903 med militærvesenet um telefonstolpar. Semje 1924 um telegrafline. Kontrakt 1929 um veg frå Hardingvegen til Bømoen.

Bumerke.

Jon fleire gonger 1712-1726 tavle 7 nr. 74. Sjur 1726, 1733 t. 7 nr. 72. Ivar mange gonger 1736-1752 t. 7 nr. 73. Knut Nilsson 1742, 1749, 1750 t. 7 nr. 77 og noko brigda 1747. Nils 1762 t. 5. nr. 4. Han har 1772 sett eit tverrstrik på midten. Ivar Mikkjelson 1781 t. 7 nr. 75. Olav Knutson 1784 t. 7 nr. 76.

Ymse.

Ved utskiftingi 1892 laut bruk 1, 3 og 4 flytta husi. Fyrr stod husi åt bruk 1 og 4 saman med husi på bruk 2 og 6. Det er godt kornavl-lende på Kinne. Gamle folk fortel at i grønåri 1812-1814 skulde det berre vera tri gardar på Voss der kornet vart moge, det var Kinne, Graudo og Gjerde. Dei laut lata storparten av avlingen til dei andre i bygdi. Olav Nilsson og Brynjulv Halleson laut bøta i 1811 for brennevinsbrenning. Brynjulv brende tri askar potetor og tri askar raunebær i ei gryte, då han ikkje hadde vanlege reidskap til dette bruk. Noko brukte han sjølv av brennevinet og selde noko. Lars Larsson Graudo brende og brennevin både på Kinne og på Graudo. Ein gamal mann har fortalt at i sin ungdom var han tri dagar ein vinter hjå Lars og barde og skulde ha 4 skilling for dagen. Som betaling fekk han ei flaske brennevin.

Segn.

Ved stølstreet på Vinnberg er Stirhaugen der det skal ha vore huldafolk. Ein eldre husmann som i 1880-åri ein kveld kom der etter mjølkeklyv, slepte hesten på selsbøen. Hesten vart med eitt burte, men han kom til rettes att seinare. Husmannen påstod fullt og fast at hesten hadde vore teken inn i haugen av huldrefolki.

Är du säker på att du vill logga ut?