95. Kvåle (i Tjukkebygdi).
--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 90 --- Namnet vert i 1563 skrive Quoll. Det vert no sagt Kvaolé2 (i Tjùkkébỳgd'né); han búr pao, è tao Kvaolé, ska tì Kvaols. Formi Kvaolé er dativ eintal av ein kvål, gn. hváll m. liten haug. Kvåle er einbølt gard og er 1661 skriven for halv gard med skyld 2 laup 18 mark og hadde ein brukar. Garden var lunnalaus, er det sagt. Skyldi var den same i 1723. Der var ikkje vedaskog eller humlagard. Jordkjøme var ikkje betre der enn på Melve. Skyldi var 2 laup i 1777 og vart i 1838 umskrivi til 4 dalar 1 ort 13 skill. Då var der humlagard og fureskog jamvel til sal. Samanlikningstalet var 650. Matrikkelen 1865 melder at der var 16¼ mål åker, 15½ mål god, 20 mål medels natureng og 44 mål skrapebø. Vårhamni var ring og sumarhamni medels. Garden var tungvinn, utsett for å svida og dyrka som vanleg. I 1918 var der 22,7 mål open åker og 22 mål kunsteng. På Kvåle budde 14 menneske i 1801, 15 i 1865 og 2 i 1920.
Vangens prestebol åtte 1 laup i Kvåle, står det i Bjørgynjar Kalfskinn. I Vincents Lunges jordbok er førd upp 1 laup 2 huder i Kvåle, truleg Kvåle i Tjukkeb. Hans var leiglending i 1563, Nils i 1591 og 1611, Torgeir i 1603 og 1614 og Halldor i 1621. Leidangsboki 1624 syner at leidangen av Apostelgodset var ½ pund smør og 1 geitskinn med Mons som leiglending. Arne var brukar av 2 laup 18 mark i 1635. Jon var leiglending --- side 91 --- 1636. I 1643 var det ekm. Jon, og Sjur Bårdson, g. m. Guri som var leiglendingar. Skyldi er førd upp med 2 laup 18 mark i 1652, 1661 og 2 laup i 1691 og 1695. I 1652 åtte Kirsten Bolstad 2 laup og Vangens prestebol 18 mark. Børge Jul åtte dei 2 laupi i 1659 og 1661. Klas Miltzow var eigar av 1½ laup 1680 og 1691 og Ingjerd Miltzow i 1695. Dei 18 merkene høyrde heile tidi til prestebolet. Det var likeins i 1737. Leiglendingar var Jon i 1652, Jon og Sjur i 1655 og 1659, |

Bilete 14. Kvåle i Tjukkebygdi. Fot. P. Braaten 1936.Jon åleine i 1661 og Knut Olavson i 1664. Jon var 54 år gl. då han 1664 vitna i saki um stølen Krossaset. Kvåle låg øyde i 1662 er det upplyst i tingboki. I 1691 og 1695 var Gudleik leiglending. Han vart stemnd i 1686 av fleire for di han hadde teke imot pengar av dei so dei skulde sleppa kongsteneste. Gudleik hadde døtterne Ingebjørg, g. 1716 m. Lars Erlingson Egdetveit, og Marjo, g. 1725 m. Per Arnbjørnson Bjørgo. Folketeljingi 1701 har odelsbonden Knut Bårdson f. 1661, som budde på Kvåle med sonen Mikkjel f. 1695. Knut Hermundson kjøpte i 1707 1 laup 54 mark på Kvåle. Han var g. m. Marta Øysteinsdr. Deira son Hermund, g. 1713 m. Botilda Trondsdr. Bystølen, fekk same året ved skøyte og skiftebrev --- side 92 --- 2 laup i Kvåle. Dei hadde sønene Knut f. 1715 og Lars f. 1719. På tinget 1709 er upplyst at skyldi etter matrikkelen var 2 laup 18 mark og at eigarane var: Vangskyrkja 18 mark, Knut Hermundson 1 laup 2 pund 6 mark. Til dei andre 18 mark var der ingen eigar. Skyldi er i 1714 og i matrikkelen 1723 førd upp med 2 laup 18 mark. Eigarane var då Vangens prestebol 18 mark og brukaren 2 laup. Styrk Oddson kjøpte 1 laup 54 mark i 1744 og selde att 1757 til Lars Hermundson. Han bytte so 1759 med Lars Olavson uti Lassahaugen. Lars var f. 1707 på Lassahaugen, g. 1734 m. Guro Larsdr. Lid, døydde på Kvåle 1773 og hadde fem born: Olav f. 1740, Lars d. e. f. 1744, g. 1. 1774 m. Ingjerd Styrksdr. Bø, 2. 1780 m. Marta Sjursdr. Bø, budde på Bø, Rd., Knut f. 1749, Lars d. y. f. 1752, skifte 1780, EK f. 1755. Ved skifte etter Lars 1773 åtte buet 7 spann i Kvåle og 6 mark i Øyaflòten. Olav Larsson f. 1740, var g. 1. 1765 m. Ingebjørg Knutsdr. Helleve, 2 m. Marta Torgeirsdr. og døydde 1813. Han fekk skøyte i 1762 frå far sin på 54 mark i Kvåle og i 1774 frå Knut, bror sin, på 1 laup. Knut hadde fått det hjå mor si i 1773. Olav kjøpte 1768 gastgjevareigedomen på Evanger og fekk året etter løyve til å vera gastgjevar der. Han hadde og eineretten til føring over Evangervatnet etter takster godkjende av fylket. Olav hadde med Ingebjørg to born: Brita f. 1770, g. 1789 m. Kjel Larsson, gardmann på Takla, Lars f. 1767. Lars Olavson var g. 1. 1786 m. Kari Henriksdr. Helleve, 2. 1829 m. enkja Barbrå Hallesdr. Tøn og døydde 1843. Han fekk skøyte på garden i 1788 og dreiv som gastgjevar på Evanger frå 1803 til 1809. Då selde han gastgjevargarden til Ivar Henrikson Helleve. Lars og Kari hadde sju born: Ingebjørg f. 1787, g. 1814 m. Olav Askjelson, gardmann på Geitle, Anna f. 1790, g. 1813 m. Lars Jonson Rjodo (Nordland), Guro f. 1795, g. 1823 m. Erling Vigleikson Skeie (budde i Bergen), Henrik f. 1797, død 1817, Brita f. 1799, g. 1825 m. Jens Johannesson Finne (Nordland), Brynjulv f. 1801, g. 1. 1826 m. Ingebjørg I. Melve, 2. m. Gjertrud G. Bø, gardmann på Lirhus, Olav f. 1789, g. m. Ingebjørg Andersdr. Styve. Dei fekk farsgarden hennar på Styve i Evanger og budde der. Olav fekk garden på Kvåle i 1820 for 800 spd. Dei hadde fire born: Olav f. 1815, gardmann på Styve, Henrik, g. m. Guro Magnesdr. --- side 93 --- Vinjo, kjøpmann i Haugesund, Gjertrud f. 1821, g. m. Jakob Sjurson, gardmann på Styve, Lars f. 1808, g. m. Brita Olavsdr. Vinjo. Han fekk garden på Kvåle hjå far sin i 1827 for 580 spd., selde han att 1850 til Nils Olavson Hakastad, Ulvik, for 700 spd. og reiste til Amerika. Nils var g. m. Katrina Davidsdr. Ho gifte seg andre venda 1865 med Pål Olavson Kvamme frå Eidfjord og døydde 1900. Med Nils hadde ho dotteri Brita f. 1845, som gifte seg 1863 m. Nils Olavson Grovu f. 1835. Dei fekk garden hjå mor hennar i 1865 for 400 spd. Nils var god smed og snikkar, arbeidde plogar, såmaskinor o. a. og døydde 1919. Dei hadde borni: Trina Olina f. 1865, g. m. Nils Larsson Graudo, hestehandlar, sjå bruk 4 Eggjareid, Nils f. 1868, Brita f. 1872, Olav f. 1875, Kristi f. 1880, Hans f. 1883, Anna f. 1886, død 1908. Hans gifte seg 1926 m. Kristi Nilsdr. Lote og fekk garden hjå far sin i 1916 for 1500 kronor. Kvåle var fyrr mtrnr. 95, lnr. 190 med gamal skyld 2 laup, urevidert 4 dalar 1 ort 13 skill., revidert 4 dalar 1 ort. Ny skyld mark 5,84. Husmenn på Kvåle.Kolbein var husmann i 1740 då han fekk sonen Knut. Eirik Person fekk sonen Knut i 1746. Lars Halldorson f. 1745, g. m. Brita Mattisdr. var husmann i 1801 og hadde då to born: Gjertrud, 14 år og Olav 10 år. Lars Jonson, g. m. Anna Larsdr. hadde desse borni: Jon f. 1811, Olav f. 1814, Lars f. 1816, Henrik f. 1819, Brita f. 1821, Kari f. 1822. Brynjulv Larsson f. 1801, nemnd ovanfor, fekk festesetel på plasset Aovolna i 1826 hjå Olav bror sin, men vart seinare gardbrukar på Lirhus. Olav Mikkjelson, g. m. Gjertrud Gusskalksdr. hadde borni Nils f. 1827 og Marta f. 1829. Styrk Larsson, g. m. Kari Davidsdr. fekk borni David f. 1830, Knut f. 1832 og Brita f. 1834. Med andre kona si, Ingebjørg Torgeirsdr., fekk Styrk dotteri Marta i 1840 og sonen Torgeir i 1843. Anders Person, g. m. Kristi Styrksdr. hadde borni Sigvor f. 1835, Barbrå f. 1837 og Styrk f. 1843. Olav Mikkjelson f. 1824, g. m. Guri Halldorsdr. hadde plass på Aovolna, der dei fekk desse borni: Halldor f. 1850, Synneva f. 1853, g. 1882 m. Lars Larsson Vele, bur i Haugamoen, Ingjerd f. 1859, Brita f. 1866. På Aovolna bur ikkje nokon no. Knut Mikkjelson Gjerstad f. 1819, g. 1840 m. Marta Larsdr. Istad, dotter åt dokteren Lars H. Istad, budde på --- side 94 ---. plasset Kankelberg på Kvåle. Prost Munster hjelpte Knut til å koma i gartnarlære og han dreiv seinare med gartnararbeid på Vangen. Han døydde 1918 og hadde borni: Ragnhild f. 1843, g. 1885 m. Johan Isakson Vestrheimsteigen, Lars f. 1850, g. m. Marta Larsdr. Rygg, gardmann på Vossastr., Ingjerd f. 1855 og Brita. Det har og vore eit husmannsplass kalla Bårdtræ'e. Støl.Stølen var ¾ mil frå garden er det sagt i 1723. Øvraset på Hòraldsdalen fylgde med garden i 1757 då Styrk Oddson selde til Lars Hermundson. Kvåle har framleies støl på Øvraset. Kvern.Kvern var det ikkje på Kvåle i 1723, men i 1776 og 1791 var der ei. No er der og ei som står i Tønagroæ og er i full stand. Ho har vore i bruk til ikring 1930. Offentlege forretningar.Semje i 1877 um beiting i Vinja-åsen, merkeskilforretning i 1888 millom Rykke og Kvåle, semje med militæretaten um skjotebane, og merkeskilforretning 1917 mot Endeve. Bumerke.Sjur 1721 tavle 5 nr. 23, noko brigda 1727, 1730 og 1733. Hermann 1724 teikna H. Lars 1762, 1763 t. 5 nr. 24. Bumerket står i seglet hans 1766 og over merket bokstavane L. O. S. |