Kvitno (på Bordalen).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 319 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Quitnom. Det vert no sagt (nèré og øvré) Kvìtnó2 (pao Bordalè); han búr pao, è tao Kvìtnó, ska tì Kvìtna, sms. Kvìtna-flòt'n. Kva namnet tyder er uvisst. Det er same namnet som me på Voss har i gardsnr. 81-82, 122 og 252.

I jordboki for 1480-90 over Munkeliv jordgods er ført upp 23 mmb. i Kwipner. Dette må vera antan Kvitno på Bordalen eller Ukvitno i Reppen. Hodrod på Kvitno betalte 1521 7 mark i skatt og 7 mark som breffbrot. Viking og Kåre var 1563 leiglendingar og Kåre og Eirik i 1591. Jordboki for 1585-1616 syner at Vangens prestebol fekk 2 såld korn og 3 spann smør i landskyld av Øvre Kvitno. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 1 spann smør 1 bukkskinn på ein part der Salamon var leiglending og 9 merker smør og 1 geitskinn på ein annan part med Anders som leiglending. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 3 spann med 1½ dalar ½ ort 6 skill.

--- side 320 ---

Solue er skriven fleire gonger som leiglending 1603-1653 og brukte 3 spann i 1629 og 2½ spann i 1635. Solue må vera den same som i 1632 er skriven for Solffuer Torleivson Kvitno, g. m. Åsa Kåresdr. då han selde ½ laup 1½ mark på Ronve til Gudleik Torleivson Giljarhus. Av andre leiglendingar i den tidi er nemnt Kåre og Eirik i 1611 og Knut 1635 som hadde 5 spann. Anders er skriven for husmann eller øydegardmann 1611 og 1614, og vart 1614 utskriven til Svinesund med byrse og sverd.

Svein Aslakson, g. fyre 1645 m. Brita, er førd upp fleire gonger som leiglending 1636-1652 og hadde dotteri Torilda. Svein var lagrettemann i 1655 og 1656. Knut Andersson, g. fyre 1645 m. Gjertrud var leiglending 1640, 1645, 1655 og 1659. Hannibal Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen 1 spann smør og 1 bukkskinn av Apostelgodset. Ved makabyte same år med kongen fekk Sehested 2½ laup Allehelgensgods på Kvitno. På det var 1 spann smør 1 bukkskinn i leidang, 2½ dalar i skatt, 2½ ort fornødspengar, 2½ ort arbeidspengar og 3 dalar 8 skill. som avgift til jordeigaren. Hannibal laut lata dette jordgodset att 1651 til kongen som 1657 selde det til Gabriel Marselis. Svein, Torstein og Anders var då leiglendingar på det. Frå 1661 er skilt millom Øvre og Nedre Kvitno.

213. Øvre Kvitno.

Landkommisjonen 1661 har ført upp Øvre Kvitno med 2½ laup i skyld og ein brukar og segjer at der var brennefang. Skyldi var likeins 1723 då der var to brukarar. Garden hadde turvande vedaskog og var noko tungbrukt. Kornavlingen var bra årviss. Skyldi var 1777 3 laup som 1838 er umskrivi til 9 dalar 1 ort 10 skill. Der var nok vedaskog og eit lite vassfall. Samanlikningstalet var 1400.

Matrikkelen 1865 melder at der var 28 mål åker, 8 mål dyrka eng, 29 mål god, 80 mål medels natureng og 100 mål skrapebø. 8 mål høvde til dyrking. Hamnegangen var medels. Der var vedaskog og noko timber. Garden var lettbrukt og dyrka betre enn vanleg. I 1918 var der 24,6 mål åker, 43 mål kunsteng og 8 mål natureng.

Folketalet var 15 i 1801, 13 i 1865 og 17 i 1920.

--- side 321 ---

Fødnad og avling (i tunnor) Øvre Kvitno.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3 22 46
1723 2 20 24 28
1865 2 26 50 78 48
1918 3 22 34

Bilete 38. Kvitno. Fot. P. Braaten 1937.
Bilete 38. Kvitno. Fot. P. Braaten 1937.

Garden høyrde til Finnegodset i 1661. Torstein Sveinson var leiglending 1661, 1664 og lenger. Klas Miltzow åtte 1680 og 1691 2½ laup og Evanger kyrkje ½ laup i 1691 og 1696. Henrik Miltzow var eigar i 1695, 1714 og 1723 av 2½ laup. I folketeljingi 1701 er Eirik Mattisson og Knut Jørgenson f. 1671 førde upp som leiglendingar. Eirik var f. 1645 og var leiglending frå fyre 1691 og til etter 1715. Millom borni hans var Knut f. 1687, g. 1722 m. Ragnhild Olavsdr. Brekku og Marta g. 1716 m. Odd Jakobson Høyland. Han bygsla garden etter Eirik. Marta døydde, og Odd gifte seg 1717 m. Ingebjørg Jørgensdr. Tvinno og 1725 m. Anna Håkonsdr. Nedre Fenno. Odd

--- side 322 ---

fekk ei dotter med Marta, tri born med Ingebjørg og seks med Anna: Begga f. 1717, Jakob f. 1718, Marta f. 1719, død 1755, Eirik f. 1722, g. 1750 m. Brita Hollgeirsdr. Rene, Lars f. 1726, tvillingane Håkon og Olav f. 1727, Ingerid f. 1729, Knut f. 1730 og Lars f. 1733.

Anders Brynjulvson Skutle fekk 1739 1 laup 18 mark på skifte etter fyrste kona si. Han var g. 1. 1714 m. enkja Anna Eiriksdr. Rjodo, 2. 1739 m. Anna Arnesdr. Tren, og døydde 1746, 56 år gl. Anna, gifte seg att 1747 m. Per Andersson Rokne, som 1746 fekk skøyte på 1 laup 21 mark. Han døydde 1808, 90 år gl. Anna fekk fire born med Anders og seks med Per: Brynjulv f. 1740, Olav f. 1741, død ugift 1763, Gusskalk f. 1743, død ugift 1778, Jørgen f. 1745, Anna f. 1748, g. 1772 m. Mons Nilsson Nesthus, Anders f. 1750, Nils f. 1752 som vart buande på Tveito, Vossastrondi, Olav f. 1754, død fyre 1778, Arne f. 1756, g. 1788 m. Sygni Knutsdr. Grovu og Rasmus f. 1758, g. 1794 m. Anna Larsdr. Dymbe som budde på Vassenden. Brynjulv selde 1775 odelsretten sin til Jørgen, bror sin, var 1778 i Kjøbenhavn og kom ikkje heim att.

Anders Person fekk 1777 skøyte frå far sin på ½ laup 9 mark og selde det att 1780 til Jørgen Andersson, halvbror sin, for 200 rd. Av medervingane kjøpte Jørgen same år 1 pund 41/7 mark og vart eigar av i alt 1 laup 18 mark. Sjå vidare bruk 2.

Knut Jørgenson f. 1671 var som fyrr nemnt leiglending i 1701. Han har 1720 fått nytt festebrev hjå Henrik Miltzow på 1 laup 18 mark som han hadde bygsla 1701. Knut var g. m. enkja etter Håkon, Brita Larsdr. Ho døydde 1739, 85½ år gl. og Knut 1741, 67 år gl. Brita fekk ikkje born med Knut, men hadde to med Håkon: Anna og Marta f. 1700. Anna vart som ovanfor umtala g. 1725 m. Odd Jakobson som 1739 er skriven for Gjerdåk.

Isak Andersson Gjerdåk kjøpte 1733 1 laup 18 mark på Kvitno. Han var f. 1677 og g. 1. m. Marta Brynjulvsdr., 2. 1717 m. Kari Mikkjelsdr. Lirhus, og er umtala på Gjerdåk. Isak og Marta døydde 1739, han 62 og ho 58 år gamal. Ved skifte er deira jordgods på Kvitno taksta 90 rd. Dei åtte dessutan 1 laup 19 mark på Gjerdåk. Bruttomidelen var 219 rd. Dei hadde dotteri Marta f. 1723, g. 1739 m. Tormod Sjurson Gjelle f. 1714. Han fekk 1738 skøyte på 1 laup 18 mark og kjøpte 1760 saman med andre løysningsretten til 2½ laup jordgods som

--- side 323 ---

G. Marselis hadde kjøpt 1657. Ho Marta døydde 1744, og Tormod vart attgift 1745 med lensmannsdotteri Sisselja Vikingsdr. Tvilde. Dei budde på Øvre Kvitno til ikring 1748, då dei flytte til Gjelle.

Tormod selde 1761 1 pund 21 mark til verbroren Olav Vikingson Tvilde som åtte i alt 1 laup 18 mark. Han bytte 1762 med Eirik Helgeson uti 1 laup 1 pund 18 mark i Gjerdåk. Eirik selde 1768 eigedomen til Odd Nilsson Øvre Himle saman med løysningsretten for tilsaman 455 rd. Han hadde garden til 1793, let han då til brordotteri Guri Sjursdr., og døydde 1809, 77 år gl. Ho var syster hans Nils Tesdal og var uppali på Kvitno.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Øvre Kvitno. Guri gifte seg 1794 m. Nils Larsson Dymbe. Ho døydde 1837 og han 1851, 83 år gl. Dei fekk borni Rannveig f. 1795, g. 1837 m. Endre Olavson Tesdal og Odd f. 1808 som 1837 fekk garden. Han gifte seg 1840 m. Synneva Olavsdr. Tesdal, f. 1813. Odd arbeidde alt det han trong i tre og jarn, m. a. bitjarn og ei 3½ turne breid sag til å fella tre med. Han var med i fatigstyret og likningsarbeidet og hjelpte ofte folk med å skriva åt dei. Odd døydde 1879, Synneva 1896 og hadde fire born: Nils f. 1842, Lars f. 1844, død ugift 1919, Olav f. 1849, død ugift 1895 og Guri f. 1852, g. 1881 m. Lars Olavson Himle. Olav Kvitno var sers god smed, arbeidde lås, eit par børsor, pikstol og ein spindel etter eigi uppfinning. Lars skulde vera god til å skriva.

Nils Oddson f. 1842, g. 1874 m. Marta Ivarsdr. Helland, fekk same år farsgarden for 675 spd. Han var sers kunnande arbeidar både i tre, jarn og anna og fann på mange praktiske innretningar. Han laga ein 5 meter lang navar til å bora trelurar til vassleidingar med, og lagde fleire slike leidingar både på Voss og i Hardanger. Alt sitt verkty og reidskap arbeidde han sjølv, til dømes skruesnitt, ljå og bitjarn, treskjemaskine og dryftemaskine. Han var god murar, tok fleire veg-akkordar, m. a. vegmuren i Ruesverkjen, og var den fyrste på Voss som fekk elektrisk fyringsapparat. I stovekjellaran laga han vassbrunn som alltid hadde rikeleg vatn, og der dei pumpa vatn til drikkerennene åt krøteri i floren. Landkjellar laga han under floren med hevert og slange til å spreida landet med. Alt var hans eige arbeid. Noko av hans arbeid er gjeve til Voss Folke-

--- side 324 ---

museum. Nils døydde 1910 og Marta 1925. Av deira 11 born vart ni vaksne: Odd f. 1874, død ugift 1917, Ivar f. 1876, Synneva f. 1879, Johannes f. 1881, Marta f. 1883, g. m. Ivar Olavson Graudo, Anna f. 1884, tvillingane Knut og Nils f. 1889 og Guri f. 1893. Ivar gifte seg med Kari Ivarsdr. Litlere og fekk farsgarden i 1920 for 10 000 kronor. Dei har late garden att 1936 til Ivar, son sin, for same pris.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 215, lnr. 423 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 4 dalar 3 ort 5 skill., revidert 4 dalar 17 skill. Ny skyld mark 6,03.

Bruk 2. Øvre Kvitno. Jørgen Andersson fekk som fyrr umtala bruk 2. Han gifte seg 1782 m. Bryttva Oddsdr. Gjelle og døydde 1819. Bryttva døydde 1824, 78 år gl. Dei hadde tri born: Anna f. 1783, g. 1810 m. Per Olavson Nesthus, Anders f. 1786 og Bryttva f. 1789, g. 1819 m. ekm. Gudleik Ivarson Rjodo. Anders vart g. 1813 m. Rannveig Bjarnesdr. Gjelland og fekk 1807 og 1819 skøyte på garden. Han var med i krigen mot Sverike. Anders døydde 1852, 72 år gl., Rannveig 1866, 76 år gl. og hadde fem born: Bryttva f. 1815, Anna f. 1819, g. 1. 1846 m. Torgeir Endreson Græe, 2. m. Nils Sveinsson Øvre Lid (Amerika), Soffi f. 1822, g. m. Per Olavson Byrkjo (Chicago), Marta f. 1824, g. 1850 m. Knut Knutson Rokne på Vangen (tuft 94-96), og Anna f. 1827, g. 1849 m. Per Olavson Skutle (Amerika).

Anders Larsson Rue, f. på Helleve 1808, vart gift 1833 m. Bryttva Andersdr. Ho fekk 1831 skøyte frå far sin på garden. Far hans Anders var frå Staup og mori frå Vinjo på Vossastrondi, og dei var paktarfolk. Bryttva døydde 1885, Anders 1894 og hadde to born: Anders f. 1835 og Guro f. 1845, g. 1865 m. Heming Samsonson Bryn. Anders fekk 1861 farsgarden for 600 spd. og gifte seg 1865 m. Barbrå Persdr. Olde, f. 1836. På sine gamle dagar arbeidde han um vintrane mykje trekjørel og ymse slags reidskap. Anders hadde god kjennskap både til si eigi ætt og mange andre. Barbrå døydde 1919 og Anders 1926. Tri born: Anders f. 1866, Ingebjørg f. 1867 og Lars f. 1870. Anders fekk 1903 kjøpekontrakt frå far sin på garden for 2400 kronor. Jørgen Olavson f. 1897, systerson hans Anders, fekk 1931 skøyte på garden for 2000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 215, lnr. 424 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 4 dalar 3 ort 5 skill., revidert 4 dalar 9 skill. Ny skyld mark 5,94.

--- side 325 ---

214. Nedre Kvitno.

Nedre Kvitno er 1661 ført upp med 5 spann i skyld og ein brukar. Der var turvande brennefang. I 1723 var det likeins. Garden var tungbrukt og hadde tolleg bra kornavling. Skyldi var 1777 1½ laup som 1838 vart umskrivi til 4 dalar 4 ort 4 skill. Der var nok vedaskog og eit lite vassfall. Samanlikningstalet var 730. I matrikkelen 1865 er ført upp 18 mål åker, 7 mål dyrka eng, 22 mål god, 40 mål medels natureng og 26 mål skrapebø. 6 mål høvde til dyrking. Medels hamnegang. Turvande vedaskog og noko timber. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 19,5 mål åker, 33 mål kunsteng og 5 mål natureng.

Der budde 10 menneske i 1801, 14 i 1865 og 13 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Kvitno.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 10 12
1723 1 11 12 14
1865 2 20 48 46 32
1918 4 18 31

Vangens prestebol åtte garden i 1661 og til ikring 1850. Knut Andersson var brukar i 1661 og 1664 og hadde sonen Lars f. 1646. Halldor Knutson var leiglending frå fyre 1691. Han var f. 1657, g. m. Gudve Brynjulvsdr., og døydde 1716. Gudve døydde 1733, 84 år gl. Dei fekk to born Knut og Brita g. m. Sjur Ivarson Berge. Ved skifte etter Halldor er utlagt m. a. til Gudve Andersdr. rest på arv. Gudve Brynjulvsdr. må difor fyrr ha vore gift med Anders og fått dotteri Gudve.

Knut Halldorson f. 1685, bygsla 1713 1 laup 18 mark som faren då sa upp, og betalte bygsli med 12 rd. 3 mark. Knut var g. 1. 1715 m. Synneva Monsdr., 2. 1736 m. Soffi Mikkjelsdr., og døydde 1746. I kyrkjeboki er sagt at han var vinglut, og at han i raseri drukna seg i Rjoaelvæ. Stiftsbefalingsmannen

--- side 326 ---

gav lov til å gravleggja Knut i kristen jord. Knut fekk åtte born med Synneva, men ikkje nokon med Soffi: Gudve f. 1716, g. 1733 m. ekm. David Mølster, Halldor f. 1717, Knut f. 1720, død fyre 1746, Styrk f. 1724, Ragna f. 1728, g. 1765 m. Odd Monsson Lofthus, Gjertrud f. 1730, g. 1757 m. Styrk. Steffason Grevle, Mons f. 1733 og Lars f. 1735. Ved skifte etter Synneva åtte dei 1 laup på Bokkatun, 12 mark på Yksnabjørg og ½ laup 1 mark på Veka.

Soffi Mikkjelsdr. vart attgift 1747 m. ekm. Arne Rasmusson Ringheim som vart leiglending etter Knut. Arne var frå Stalheim og budde på Ringheim fyrr han kom til Kvitno. Soffi døydde 1749, 56 år gl., og Arne vart attgift m. Guri Knutsdr. Dei fekk tri born: Soffi f. 1752, g. 1770 m. Bjarne Nilsson Gjelland, Kristi f. 1755, g. 1772 m. Erling Nilsson Gjelland, og Åsa f. 1760, g. 1783 m. Lars Olavson Øvre Herre. Arne døydde 1771, 85 år gl., og Guri vart gift att 1772 m. Nils Bergeson Jerald. Ho døydde på Nedre Kvitno 1810, 86 år gl.

Erling Nilsson bygsla 1768 garden. Han døydde 1830, 82 år gl., Kristi 1832, og hadde åtte born: Arne f. 1774, død ugift 1848, Marta f. 1777, g. 1811 m. Endre Torgeirson Græe, Knut f. 1782, sjå bruk 2, Bjarne f. 1785, sjå bruk 1, Nils f. 1787, g. 1831 m. Guri Knutsdr. Jerald, Guri f. 1791, død 1864, Eirik f. 1794, død ugift 1867 og Anna f. 1797, død ugift 1874. Med Lars Andersson Rong fekk ho Anna sonen Anders Kvitno, f. 1826. Han gjekk på underoffiserskulen i Bergen, var postførar, seinare politimann i Stavanger og på sine eldre dagar fengselsvaktar der. Nils døydde 1854 som kårmann på Jerald.

Arne var storvaksen og hadde kjempekrefter. Åleine la han upp den store steinen som ligg til klopp over Kvitnagroæ. Noko til års komen vart han sinnssjuk, so han laut stengjast inne. Nils var murar og bygningsmann, var sprek og sterk og ofte kalla Sterke-Kvitn'n. Han var med og murte den gamle kvelvingsbruæ i Skjervet. Nils var og med og sette upp det gamle hotellet på Bastryggen. Då sperrone var påkomne, stod han på kruna på mønet. Når Nils hadde sperra eit hus, gjekk han for moro skuld på sperrone upp eine sida og ned den andre, og fór soleis over alle sperrone. Eirik gjekk på Sem Jordbruksskule. Sume tider skula han for Bjarne, bror sin. Eirik dreiv mykje med massingarbeid og arbeidde bjøllor og navrar. Garden vart 1820 skift i bruk 1 og 2.

--- side 327 ---

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Nedre Kvitno. Bjarne Erlingson bygsla 1824 bruk 1. Han var f. 1785, g. 1836 m. Brita Kolbeinsdr. Dale f. 1816. Bjarne vart 1813 friteken frå militærtenesta for å vera skulemeister, og skula til ikring 1833. Ei tid hadde han både Bordalen, Viki og Dalane. Bjarne er umtala som ein dugande lærar, han var dessutan vaksinatør og ofte kjømeister og talsmann. Han skulde vera pratmakar, ordgytar og sterkare enn folk vanleg. Då Bjarne saman med verfaren var hjå prost Münster for å tinga lysing, vart det mykje akkordering millom verfaren og prosten um betalingi. Bjarne tok då hatten sin, let som han vilde gå og sa at når dei ikkje vart samde um betalingi, so laut han vel lata det vera med giftingi. Dei vart då samde i snare laget. Bjarne gjekk i myrkret utfyre eit berg i Dalemarki og slo seg ihel i 1846. Bjarne og Brita fekk dotteri Kristi f. 1847, som 1875 vart g. m. Kolbein Erlingson Dale.

Ho Brita gifte seg att 1851 m. Knut Arneson Skutle f. 1828. Dei fekk 1850 kongeskøyte på bruk 1 for 350 spd. og jordavgift 1 tunne 3 skjeppor 21/3 fjerdingkar bygg. Brita døydde 1896, Knut 1912 og hadde to sener: Bjarne f. 1851, død ugift, og Erling f. 1854, g. 1874 m. Anna Nilsdr. Fære. Kristi Bjarnesdr. fekk 1853 kjøpekontrakt på garden, men Erling har sidan fått han. Han døydde 1937. Sonen Knut fekk garden i 1929 for 3000 kronor. Han er f. 1876 og g. m. Sisselja Klasdr. Vele. Deira son Knut, f. 1900, fekk 1932 skøyte på garden for 6000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 216, lnr. 425 a med gamal skyld 2 pund B mark, urevidert 2 dalar 2 ort 2 skill., revidert 2 dalar 3 ort. Ny skyld mark 3,79.

Bruk 2. Nedre Kvitno. Knut Erlingson, nemnd ovanfor, bygsla 1820 bruk 2 og fekk 1857 kongeskøyte på det for 132 spd. Knut var f. 1782, g. 1. 1823 m. Marta Andersdr. Rong, 2. 1858 m. enkja Arngunna Oddsdr. Kvåle, Rd., fødd på Himle 1789. Knut var med i krigen mot Sverike. Frå krigen fortalde han m. a. at svenskane skaut jamnast for høgt, og norskane høyrde kor kulene slo i fureleggene over dei. Knut døydde 1871 og Arngunna 1870. Med Marta fekk Knut åtte born: Erling f. 1823, g. 1846 m. lensmannsdotteri Kirsti Mattisdr. Seim, Kristi f. 1824, g. 1858 m. Styrk Nilsson Jerald f. 1819, Anders f. 1826, Nils f. 1828, Soffi f. 1833, Sjur f. 1835, Anna f. 1837 og Knut f. 1841. Alle reiste til Amerika so nær som Kristi. Ho

--- side 328 ---

og Styrk fekk 1862 farsgarden hennar for 600 spd. Kristi døydde 1888 og Styrk 1903. Dei fekk døtterne Marta f. 1859 og Anna f. 1862, g. 1888 m. Anders Oddson Nyre. Marta gifte seg 1885 m. Håvard Oddson Nyre f. 1858. Dei fekk 1891 garden hjå foreldri hennar for 2400 kronor. Håvard døydde 1918 barnlaus, og broren Anders Oddson Auro fekk 1918 garden for 2300 kronor. 1 1932 selde han garden for 12 000 kronor til Ingebrikt Dyrdal.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 216, lnr. 425 b med skyld som bruk 1.

Husmenn på Kvitno.

Torstein Nilsson, g. m. Ragnhild Larsdr., fekk dotteri Marjo f. 1780. Olav Halldorson, g. m. Guri Eiriksdr., fekk 1824 dotteri Anna. I Eirikstræe budde to brør Eirik og Lars Eiriksøner. Dei var smedar og hadde smidja si i Smidjetonæ. Lars døydde 1808, 66 år gl.

Stølen.

Det var ei mil til støls heiter det i 1723. Alle Kvitnane hadde fyrr sumarsstøl på Helgaset, men ikring år 1800 flytte tri av dei til Horgaset. Bruk 1 Øvre Kvitno stølar framleies på Helgaset. Øvre Kvitno har vårstølen Litrane og Nedre Kvitno vårstølen Stølshjèdl'n.

Kvern.

Øvre og Nedre Kvitno hadde 1661 kvar si bekkekvern, som dei då er kalla, men flaumkvernar i 1723. I 1776 og 1791 var der tri kvernar. No har bruk 1 Nedre Kvitno kvern i Storelvæ og sette etter utskiftingen sag upp som dei kjøpte av Olav Brurestolen. Dei andre tri bruki har kvar si kvern i Kvitnagroæ.

Offentlege forretningar.

Semje 1803 um merki. Dom 1807 um merki millom Kvitno og Jerald. Semje 1828 um ikkje å halda geiter. Utskifting 1824 og 1839. Takst 1846 på Nedre Kvitno. Odelstakst 1854. Semje 1885 um merki millom Horgaset og Olastødl'n. Utskifting 1908 og 1932. Bruk 1 Nedre Kvitno flytte husi sine etter utskiftingen i 1908.

Bumerke.

Halldor Knutson 1711 tavle 8 nr. 66. Eirik 1715 t. 8 nr. 67. Um lag same merke brukte Knut Eirikson i 1735, men eit anna i 1765. Knut Nedre Kvitno 1723 t. 4 nr. 5. Per 1770 t. 1 nr. 49. Knut Øvre Kvitno 1734, 1736 t. 2 nr. 51. I 1739 teikna han det utan tverrstrik. Anders 1742, 1744 t. 8 nr. 68. Knut Nedre Kvitno 1744 t. 8 nr. 69. Arne Nedre Kvitno 1748, 1754 t. 8 nr. 70. Olav Øvre Kvitno og Olav Ivarson Kvitno 1752 t. 8 nr. 71. Åmund 1760 t. 8 nr. 72. Lars 1769 t. 6

--- side 329 ---

nr. 68. Erling Nedre Kvitno 1775 t. 8 nr. 73. Jørgen Andersson 1788 t. 5 nr. 46.

Ymse.

Kvitno har skogteigen Kjennstølsteien utanfor Tesdal og Rongsteien utanfor Rong. Bualoftet på bruk 2 Øvre Kvitno er bygt av fint tilemna rundtimber med årstalet 1775 over loftsdøri. Golvbordi i loftet og bordklædningen på nordsida er feste med trenaglar. Det er fortalt at prestenkja på Tvilde etter branden på Kvitno i 1773 gav dette loftet til bruk 2, og til bruk 1 Øvre Kvitno ei stove som vart rivi ikring 1900. Stova skal fyrr ha stade på Repål.

På tinget 1774 vart uppteke tingsvitne um lauselden natti til 1. november 1773 på Øvre Kvitno. Alle tolv husi og det som var i dei, gjekk med fyrr grannane kom. Berre folki og krøteri vart berga. Der var då to brukarar.

På Øvre Kvitno bruk 2 opna dei ikring 1900 ein gravhaug. Dei fann noko brende bein og 8 jarnringar. Det hadde visst vore grave i haugen fyrr. I ein gravhaug er funne 3 knivar, 2 piler, 2 kvirvlar, sigd, nagle og tein. Det er frå yngre jarnalder. På bruk 1 Øvre Kvitno er ein gravhaug i nærleiken av husi.

Är du säker på att du vill logga ut?