Lemme.
--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 156 --- Namnet vert i 1300-talet skrive Lemmenom. Det vert no sagt Lèmmè2; han búr pao, è tao Lèmmè, ska tì Lèmmés, sms. Lèmmés-teijén. Den gamalnorske formi er dativ eintal av ordet ein lem (loft), gn. hlemmr. Den nye formi er ei sideform eller ei nylaga form liksom av eit Lemmvin, sms. av hlemmr og vin (beite). Garden ligg liksom på ein lem eller eit loft. Bjørgynjar Kalfskinn melder at på Lemme åtte Vangskyrkja 5½ laup, Vangens prestebol 2½ laup, Evanger prestebol 1 laup og Olafs kyrkja i Bergen åtte noko. Prosten ved Apostelkyrkja i Bergen selde i 1451 (DN. VI. nr. 537) millom anna 4 mmb. i Lemme til Sigurd Ketilson og Arnfinn Sigurdson. Lensmann Eindride Torgilsson på Voss og 10 lagrettemenn kunngjer i 1552 (DN. VI. nr. 776) at brørne Arnfinn og Knut Jonssøner prova sin odelsrett til 4 mmb. i Lemme og fekk det attende mot å betala vederlag til Ogmund Gudleikson, Torstein Brynjulvson og Laurits Asbjørnson, som hadde kjøpt garden. Diplom frå 1563 (DN. X. nr. 761) fortel at Torfinn og Mons Hallesøner stadfeste eit makebyte som far deira, Halle Monsson, hadde gjort med Per, bror sin. Per fekk då 3 mmb. i Lemme og ymist anna jordgods. Halle fekk eigedom i Nesheim og Berge og systeri Steinvor fekk 4 mmb. i Vetla Saude. Brørne stadfeste samstundes salet av 3 mmb. i Lemme til Per Monsson frå far deira. Karl er skriven som lauskar på Lemme i 1563. Lensmann Mikkjel Tvilde og 6 lagrettemenn frå Voss, har --- side 157 --- i ope brev dagsett måndag etter Trieiningssundag 1590 kunngjort at det var halde tingsvitne dagen fyreåt etter gudstenesta på kyrkjebakken på Vangen. Erling på Rogne og fleire vitna då at Rogne åtte slåtteteigen «Rogens-teig» på Lemme. Sjå meir um det på Rogne. Karl på «Medstad i tervdall» (Teigdalen) vitna at det budde ikkje nokon på Lemme, då han bygde der. Avlidne Mons på Kyte hadde brukt jordgodset som skulen i Bergen åtte. Deira åker og eng var skilt frå nedre tun på Lemme, som prestebolet, Vangskyrkja og nokre bønder åtte. |

Bilete 22. Lemme. Fot. P. Braaten 1936.Kvar jordpart var skilt frå kvarandre, sa Karl. Då han kom til Lemme, brukte Olav på Nedre Kyte ein part av jordgodset åt prestebolet i Lemme og «Prestekløff tueit», som han hadde leigt av soknepresten på Voss, Nils Henrikson. Brynjulv på Tøn hadde leigt ein part hjå presten av desse eigedomane. Olav på Nedre Kyte vitna at Laurits Øvre Graudo og Samson Kinne, som båe var avlidne, hadde synt han merket millom «Prestekløff» og Lemme si mark og andre som åtte til merkes med «Prestekløffs tueitt». Det same vart vitna av fleire. Vidare vart vitna: Prestebolet hadde sin «tueitt Prestekløff» og Rogne --- side 158 --- sin teig i Lemmes mark. Likeins Finne ein slåtteteig, Helleve ein slåtteteig, Øvre-Klyvesmannen ein slåtteteig innan bøgjerdet, som dei sjølve brukte og budde på. Fjose hadde ein teig som låg saman med Rogne sin teig og prestebolets «tueit». Det hadde ikkje vore noko usemje um dette fyrr no Askjel på Lemme har klagt og kann henda grannen hans. Det vart framhalde at båe tuni på Lemme hadde rikeleg for seg og meir enn dei til den tid hadde brukt. Når dei flytte frå bøen um våren med buskapen, hadde dei mjølstøl med to stølstufter i heimemarki. Vidare hadde dei vårstølen «Visetter» med to tufter og fjellstølen «Fieldseff» (Fjellset?) med to tufter. Denne stølen har dei ikkje brukt til dessa. Skulemeisteren i Bergen vilde reisa til Lemme for å sjå um det var soleis som no var upplyst. Han vilde ha med seg presten på Voss, Seuffren, rådmann Anders i Bergen for Rognsteigen, skrivar Hans på Ask, rådmann i Bergen, på vegne av Fjoseteigen, Strange i Lysekloster som umbodsmann for Finne- og Munkelivsgods som åtte Finne og Helleve sine teigar. Etter Olav budde Arne Schotte på Nedre Kyte og brukte Oddmundsstølen. Etter Arne kom Sjurd, som fyrr budde på Berge. Han brukte og stølen og døydde på Nedre Kyte, der Torstein då kom, og sidan mågen hans. Fyrst no i hans tid kom Askjel Lemme og sa at Oddmundsstølen høyrde til Lemme; men Lemme eig ikkje lenger upp enn upp under berget der stølen ligg, og eig ikkje i stølen. Dette er prova av dei som no har gjeve vitnemål, segjer lagrettemennene. Askjel budde på Lemme ogso i 1591 og 1611. Hallgrim var leiglending i 1603 og Odd i 1614, 1621, 1629 og 1636. Tormod var øydegardsmann i 1621. I 1635 er det rekna garnisonsskatt for 2½ laup i Lemme. Pål brukte då 1 laup, men slapp denne skatten av di han var so arm. Av same grunn hadde han heller ikkje betalt skatt i 1629. I 1640 er førd upp ei enkje som «efter evne» betalte 1 ort i skatt. Rekneskap og jordbok 1585-1616 melder at Vangskyrkja fekk 1 geitskinn og 1 spann smør, Vangens prestebol 1 bukkskinn og 3 spann smør og av «Preste-Kløfteig» 1 spann smør, og Skulemeisteren i Bergen 1 laup smør og 1 bukkskinn i årleg landskyld av eigedomane sine på Lemme. Leidangsboki 1624 melder at leidangen av Apostelgodset var 9 merker smør og 1 geitskinn av Øvre Lemme og 9 merker smør og 1 bukkskinn --- side 159 --- av Nedre Lemme. Pål og Odd var leiglendingar. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 2 pund 2 mark odelsgods med 1½ dalar 6 skill. Frå 1645 er i skattemanntali skilt millom øvre Lemme og Nedre Lemme, no gard nr. 106 og 107. 106. Øvre Lemme.Landkommisjonen har i 1661 ført upp Øvre Lemme som halv gard 2 laup 1 pund 21 mark i skyld og ein brukar. Elles er berre sagt at der var brennefang. I 1723 var det likeins, berre med den skilnad at det då var to brukarar. Vidare er sagt at Øvre Lemme var ein tungvinn fjellgard. Skyldi er den same til 1838, då ho er umskrivi til 7 dalar 20 skill. Då var der vedaskog og fureskog til eige bruk og ved til sal. Samanlikningstalet var 1080. Matrikkeleringi 1865 melder at der var 24 mål åker, 3½ mål dyrka eng, 47 mål god, 35 mål medels natureng og 32 mål skrapebø. Vårhamni var medels, men sumarhamni ring. Skog til husbruk og ved til sal på bruk 1 for 1½ spd. og på bruk 2 for 1 spd. Kornet vart ikkje heilt moge i kalde sumrar. Garden var lettbrukt, bruk 1 dyrka betre enn vanleg og bruk 2 som vanleg. I 1918 var der 28,6 mål open åker, 35 mål kunsteng og 38 mål natureng. Folketalet på Øvre og Nedre Lemme var 26 i 1801, 29 i 1865 og 36 i 1920.
Nils Arnfinnson var leiglending i 1645 og var då ugift. Garden er i 1652, 1659 og 1661 førd upp med skyld 2½ laup 9 mark. Derav åtte i 1661 rektoratet i Bergen 1 laup 2 spann --- side 160 --- og prestebolet på Voss 1 laup 1 spann. Nils var brukar ogso i 1664, hadde sonen Odd f. 1643, og har vore lagrettemann fleire gonger 1662-1674. Apostelgodset er skrive som eigar i 1676 av 2½ laup 1 spann og i 1680 av 2½ laup 9 mark. I 1691 åtte Vangens prestebol 1 laup 1 spann og rektoratet 1 laup 1½ spann. Knut og Ivar var leiglendingar, kvar på sin halvpart. Knut har vore lagrettemann. Eigarane i 1695 var dei same som i 1691 og Knut var då brukar av alt. Folketeljingi 1701 har to leiglendingar Ivar Nilsson og enkja H. Lauritsdr. Ho hadde sonen Mikkjel Kolbeinson f. 1683. Ivar var f. 1660, g. m. Ragna Brynjulvsdr. Høyland og døydde 1728. Dei hadde borni Nils Bø f. 1685, død 1761, Ragnhild f. 1689, Knut f. 1693, Viking f. 1695, Brynjulv f. 1699. Ragnhild var g. m. Mikkjel Kolbeinson, sjå bruk 2. Knut vart buande på Nedre Lemme. I 1714 åtte rektoratet i Bergen 1 laup 1 pund og Vangens prestebol 1 laup 1 spann. Det var likeins i 1723 med det brigde at rektoratet då åtte 1 laup 27 mark. Ivar og Mikkjel var brukarar i 1715 og 1723. Dei einskilde bruk.Bruk 1. Øvre Lemme. Brynjulv Ivarson f. 1699, gifte seg 1729 med Gjertrud Erlingsdr. Øvsthus og døydde 1784. Ho døydde 1791, 85 år gl. Brynjulv var lagrettemann i 1739. Dei var leiglendingar og hadde fem born: Ivar, Ragna, g. 1754 m. Steffa Knutson Leiddal, Ragnhild, g. 1763 m. ekm. David Larsson Rue, Ingebjørg, g. 1772 m. ekm. Håvard Person Tøn og 1775 m. Ivar Oddson Klyve, Guro f. 1746, g. 1771 m. Lars Arveson Selheim. Ivar var f. 1733, g. 1. 1772 m. Brita Gudleiksdr. Tøn, 2. 1778 m. Anna Eiriksdr. Osgjerd og døydde 1813. Dei bygsla garden. Ivar var uvanleg kraftig, god rifleskyttar, skaut aldri feil og var sers flink til å gå på ski. Han skreid utan stav ned Brattetodalen ovanfor Øvre Kyte og forbi smidja på Nedre Kyte. Ingen skal ha greitt det sidan. Det var seks born etter Ivar: Brita f. 1784, Brynjulv f. 1786, Rannveig f. 1789, g. 1815 m. Viking Olavson Grjotland, Ivar f. 1792, g. 1843 m. Brita Olavsdr. Ukvitno, Gjertrud f. 1796, g. 1819 m. Steffa Nilsson Nesheim, Eirik f. 1798. Brynjulv Ivarson f. 1786 var g. 1819 m. Gjertrud Nilsdr. Nesheim og døydde 1840. Han bygsla garden etter foreldri av rektoratet i Bergen og fekk i 1833 kongeskøyte på han for --- 161 --- 600 spd. og jordavgift som ein seinare eigar, Anders Andersson, løyste med ikring 250 spd. Brynjulv var med i krigen i 1813-14, fekk då knekk på helsa og krokna ratt ihop på sine gamle dagar. Det var ikkje born etter Brynjulv og han let garden til Eirik, bror sin, i 1834, for 390 spd. Eirik var f. 1798, g. 1835 m. Sigvor Nilsdr. Nesheim og døydde 1881. Han arbeidde mykje på jordi, tok nokre tusen alner holveitar og turrla dermed ikring 25 mål jord. Verbroren Lars Nilsson Nesheim heldt arbeidsliste 1834-1847. Ho syner at det då vart teke 2168 alner veitar og køyrt burt 3074 lass stein. Seinare vart og grave veitar og køyrt burt mykje stein. Eirik sette upp fleire steingardar. Um vintrane arbeidde han 20-30 dusin bjøllor og laga kjørold både åt seg og andre. Eirik og Sigvor hadde to born: Anna f. 1836 og Gjertrud f. 1837, som var g. 1862 m. Odd Styrkson Fjose, gardmann på Tøn. Lars Nesheim nemnd ovanfor var ein flittig kar all sin dag. Han var mykje burte på veitagraving medan jordi var tidi, etter han slutta tenesta hjå Eirik. I fjellmyrane samla han teger og batt hæresåldbotnar og ymse andre ting um vintrane. Han samla og fraktura ei mengd songar, visor og amerikabrev, so han hadde fleire kistor fulle. Ho Anna gifte seg 1858 m. Anders Andersson Ringheim, som var f. 1830 og døydde 1915. Han fekk skøyte i 1859 frå far hennar på garden for 300 spd. Anders reiste i sine unge dagar med kram nokre år, var fleire vendor på Austlandet med hestar og frå umlag 1875 dreiv han mykje med fehandel. Han arbeidde på jordi når dertil var høve og dreiv med smedarbeid um vintrane, serleg med plogar. Det var Anders som tok til med helledrift på Lemme. Han var med i likningskommisjonen, skule- og fatigstyre og sat 8 år i formannskapet. Sju born: Eirik, Brita, Gjertrud, Ingebjørg, Sigvor, Anders og Anna. Brita f. 1860, g. m. gardmann Jan O. Nestun, er død. Gjertrud f. 1862, døydde ugift. Ingebjørg f. 1865, er g. m. Anders L. Lemme. Sigvor f. 1868, g. m. lærar Anders K. Kvåle, døydde 1933, Anders f. 1870, var g. m. Gjertrud Arnfinnsdr. Løn og døydde 1895. Han hadde Uppheims Hotell på Vossastrondi. Anna f. 1876 er g. 1. m. Olav N. Norheim, 2. m. Lars Sjurson Sonve. Eirik Andersson f. 1859, g. m. Synneva Askjelsdr. Heimberde, fekk farsgarden, helvti i 1885 og resten i 1890 for 4000 kronor. Eirik har vore med i liknings- og overlikningskommisjonen, --- side 162 --- skulestyret 22 år, heradsstyret, fatigstyret, styret for heradsgarden og styret for sokneselskapet 24 år. Dessutan har han vore valmann, ettersynsmann i l/l Voss Skiferbrud og vore med på utskiftingar, skyn og skylddeilingar. Fem born. Bruk 1 var fyrr mtrnr. 106, lnr. 210 med gamal skyld 1 laup 27 mark, urevidert 3 dalar 3 ort 6 skill., revidert 3 dalar 1 ort 17 skill. I 1868 vart tillagt lnr. 193 b og 194 b av Helleve med skyld 19 skill. Ny skyld på alt er mark 5,10. Bruk 2. Øvre Lemme. Mikkjel Kolbeinson f. 1683, var g. 1. m. Ragnhild Ivarsdr. Lemme, 2. 1730 m. Marta Godvinsdr. Teigen og døydde 1733. Mikkjel var leiglending 1715 og til han døydde 1733. Ho Marta gifte seg att 1734 m. Lars Nilsson Bø, Tjukkeb., som var brorson åt syskini Brynjulv og Ragnhild Ivarsborn. Marta døydde 1762. Lars vart attgift 1764 m. Orlog Olavsdr. Syndve og døydde same året. Ho gifte seg so 1765 m. Johannes Olavson Hóló f. 1732. Dei budde sidan på Ringheim, der Orlog døydde, og Johannes gifte seg att 1790 m. Rannveig Bjarnesdr. Mølster. Lars var leiglendig på Øvre Lemme og det var Johannes og ei tid. Etter Lars har eg ikkje funne born. Mikkjel og Ragnhild hadde sju born: Nils, Lars, Kolbein, Jon, Viking f. 1720, g. 1751 m. Guro Knutsdr. Helleve, Steffa (i Bergen) og Sigvor, g. m. Samson Kolbeinson En. Per Olavson Ringheim bygsla 1768 bruk 2 Øvre Lemme av soknepresten. Etter Per kom Lars Styrkson Fjose som var f. 1766, og g. 1788 m. Brita Botolvsdr. Nedre Lemme. Han bygsla garden i 1787 av presteenkja Maren Meldal. Botolv Torgeirson hadde då havt det som leiglending. Brita døydde 1793 og Lars gifte seg uppatt 1794 m. Anna Håvardsdr. Tøn. Lars døydde 1840 og hadde med Brita sonen Botolv f. 1789, og med Anna sju born: Styrk f. 1795, g. 1827 m. Kari Davidsdr. Hylle, Håvard f. 1798, g. 1838 m. Gjertrud Ivarsdr. Fletre, Brita f. 1802, Brynjulv f. 1803, David f. 1805, g. 1840 m. Arngunna Andersdr. Klyve, kyrkjesongar, og gardmann på Øvre Klyve, Kari f. 1810, g. 1843 m. Klas Nilsson Røyrlidi, Ingebjørg f. 1815. Brynjulv Larsson f. 1803, g. 1837 m. Gudve Ivarsdr. Jerald, bygsla garden etter foreldri sine i 1827. Brynjulv døydde 1882 og hadde åtte born: Lars f. 1838, Anna f. 1839, g. 1865 m. Nils Ivarson Ringheim, husmann på Repål, Ivar f. 1840, Guri f. 1842, g. 1872 m. Bård Ivarson Rykke, husmann på Norekvål, Nils f. 1844, Sigrid f. 1846, g. 1869 m. gardmann Lars --- side 163 --- Magneson Gjerdskvål d. e., Anders f. 1848, Eli f. 1848, g. 1869 m. gardmann Lars Magneson Gjerdskvål d. y. Lars Brynjulvson var f. 1838, g. m. Sigrid Sjursdr. Dukstad og døydde 1922. Han bygsla garden og fekk kongeskøyte på han 1877 for 5600 kr. og jordavgift som han løyste. Ved sida av gardsarbeidet dreiv han med hellearbeid og fekk ein gong 1ste premie for fin skanting av hellone. Deira son Anders f. 1862, gifte seg 1889 m. Ingebjørg Andersdr. Lemme og fekk farsgarden i 1890. Bruk 2 var fyrr mtrnr. 106, lnr. 211 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 3 dalar 2 ort 14 skill., revidert 3 dalar 3 skill. Ny skyld mark 4,41. Bruk 3. Skotvodlo. Skyld 5 øre. Skilt fra bruk 1 og gardnr. 107 bruk 1 i 1924 og skøytt av Eirik og Olav H. Lemme til Brynjulv B. Lemme. Bruk 4. Kvarmetun. Skyld 6 øre. Utskilt frå bruk 1 og selt til Knut K. Kvarme. 107. Nedre Lemme.Landkommisjonen har i 1661 skrive Nedre Lemme som øydegard med 1 laup 18 mark i skyld og ein brukar. Vidare er sagt at der var brensel til husbruk. I 1723 er skyldi 1 laup 9 mark. På garden var lite vedaskog. Han var tungvinn og det var uvisst med kornavlingi. Skyldi var 1 laup 12 mark i 1777, som i 1838 vart umskrivi til 3 dalar 2 ort 6 skill. Der var skog til eige bruk og ved til sal. Samanlikningstalet var 520. Matrikkuleringen 1865 syner at der var 11½ mål åker, 19 mål god, 8 mål medels natureng og 18 mål skrapebø. Vårhamni var medels, men sumarhamni ring. Skog til husbruk. Ved kunde seljast for 1 spd. um året. Kornet vart ikkje heilt moge sume år. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 12,3 mål open åker, 4 mål kunsteng og 21 mål natureng.
--- side 164 --- Nedre Lemme har alltid vore einbølt gard, som er bruk 1. Pål Torkjelson, g. m. Guri, var leiglending i 1645 og hadde då to døtter. Folkvard Broderson har i 1649 late noko jordgods på Lemme til kongen ved makebyte. Arne Johannesson var leiglending på det. Kyrkjerekneskapen 1654 melder at Vangskyrkja fekk 1 spann smør og 1 geitskinn i landskyld av eigedomen sin på Lemme. Eigarane i 1652 var: Folkvard Broderson ½ laup, Apostelgodset 1½ spann og Vangskyrkja 1 spann. Arne var leiglending då, Pål i 1655, men Arne att i 1657. Skyldi er førd upp i 1657 og 1659 med 1 laup 9 mark og i 1661 med 1 laup 18 mark, men det samstavar ikkje med det som same åri er ført upp for dei einskilde eigarar. Dei er uppførde soleis i 1659: Munkeliv ½ laup, Apostelgodset 18 mark og Vangskyrkja 9 mark. I 1661 er det likeins med undantak at Vangskyrkja då er skrivi for 1 laup. Hermann Garmann fekk kongeskøyte i 1662 på ½ laup av Munkeliv klostergods på Lemme. Kongen selde 1665 1 spann av Apostelgodset til Peter Reedtzs. Eigarane var i 1676 Klas Miltzow ½ laup, Per Andersson 2 spann og Apostelgodset 1 laup 1 pund. I 1680 er eigarane uppførde soleis: Borgarmeister Peter Trøyel 1 pund 1 bukkskinn, Per Anderssons ervingar 1 spann og Apostelgodset 1 laup 1 pund. Eigarane var i 1691 lagmann Coch 18 mark, Klas Henrikson ½ laup, som han kjøpte 1677 av Hermann Garmanns ervingar, og Vangskyrkja 27 mark. I 1695 åtte kyrkja det same, Hans Akselson 18 mark og Henrik Miltzow ½ laup. Arne var leiglending 1659 og 1661, men i 1664 var det Mons Øyelson. Nils Monsson var leiglending 1691, 1695 og 1701. Han hadde sonen Olav f. 1779, som var g. m. Gjertrud Larsdr. og hadde borni Ragnhild f. 1714 og Guro f. 1720. Olav bygsla garden i 1709 og budde der 1715 og 1723. I 1714 åtte H. Miltzow ½ laup, Vangskyrkja 27 mark og Jens Kristenson 18 mark. Det var likeins i 1723 sonær som det at Markus Faye då åtte 18 mark i staden for Kristenson. Knut Ivarson Øvre Lemme bygsla garden i 1725. I 1726 kjøpte han 18 mark av Markus Faye og i 1740 9 mark. Knut var f. 1694, g. 1716 m. enkja Asgjerd Samsonsdr. Hegle og døydde 1775 utan etterkomarar. Han sa upp bygsli i 1752, fekk då kår og var i 1761 heilt blind. Botolv Torgeirson Lemme bygsla då garden og kjøpte i 1761 av fru Alstrup ½ laup og i 1777 18 mark. Botolv var f. --- side 165 --- 1726, g. 1752 m. Sigrid Ivarsdr. Lemme og døydde 1788. Dei hadde to born: Knut f. 1754 og Brita f. 1768, g. 1788 m. Lars Styrkson Fjose. Framhald på Øvre Lemme. Knut vart g. 1785 m. Sigtru Olavsdr. Dukstadhjedlane og døydde 1795. Han fekk skøyte i 1780 frå far sin på 2 pund 6 mark i garden. Fire born: Sigrid f. 1785, Ivar f. 1789, Kristi f. 1791, og Brita f. 1795. Ho Sigtru gifte seg att med Knut Larsson Tøn og hadde med han sonen Knut f. 1798. Sigrid gifte seg 1814 med Odd Hollgeirson Skulestad. Kristi var g. 1815 m. korporal Johannes Eirikson Mølsterteigen. Brita gifte seg 1826 m. Anders Hollgeirson Ullestad. Ivar Knutson f. 1789, g. 1814 m. Ragnhild Hollgeirsdr. Skulestad, fekk skøyte på garden i 1797 og døydde 1868 som kårmann, barnlaus. Anders H. Ullestad eller Skulestad kjøpte garden i 1841 for 300 spd. Han var f. 1794 og døydde 1875. Deira son Hollgeir f. 1830, g. 1859 m. Guri Persdr. Helleve, fekk farsgarden i 1859 og døydde 1916. Dei hadde borni: Brita f. 1859, Knut f. 1862, Marta f. 1865, g. 1886 m. Svein Håkonson Ukvitno, handelsmann ved Palmafossen, Olav f. 1868, Kirsti, f. 1871, g. 1899 m. Bernt A. Svarthumle frå Kinn, Nils f. 1874, g. 1901 m. Marta Andersdr. Bø, snikkar, Sigrid f. 1876, g. 1901 m. Jakob J. Hereid frå Eidfjord, Anders f. 1878. Olav gifte seg 1919 m. Brita Andersdr. Leiddal eller Semelinge og fekk garden i 1897 for 3000 kronor og skøytte han 1906. Nedre Lemme var fyrr mtrnr. 107, lnr. 209 med gamal skyld 1 laup 12 mark, urevidert 3 dalar 2 ort 6 skill., revidert 2 dalar 4 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,08 etter at ein jordpart med skyld 1 øre er skilt frå Nedre Lemme og lagt til bruk 3 Skotvodlo på Øvre Lemme. Vidare er å melda um Lemmesgardane: Støl.Støl hadde ikkje Nedre Lemme i 1723, men Øvre Lemme hadde støl ¼ mil frå garden, er det sagt i matrikkelen. På Liaset skal alle bruki på Lemme ha støl frå gamal tid, fortel Lemmane. Bruk 1 Øvre Lemme kjøpte i 1877 støl i Vodlbot'n i Raundalen og har sidan støla der. Kvern og sag.Kvern er ikkje umtala i 1723, men i 1776 og 1791 var det ei på Øvre Lemme. Alle tri bruki har havt kvar si kvern solenge folk no veit um. I 1928 tok ei snøgyrje kverni åt bruk 1 og kvernesloket åt bruk 2 Øvre Lemme. Dei kvernane hadde --- side 166 --- vore i bruk til då. Nedre Lemme si kvern står no på eigedomen åt Øvre Kyte. Våren 1877 bygde Nils B. Lemme og Nils B. Norheim uppgangssag ved Svinaonæ i Kalvahagen åt Øvre Klyve. Eirik A. og Anders L. Lemme kjøpte sagi og flytte henne 1898 til Lemmes eigedom ved Skjevlingsgroæ og umbygde henne til sirkelsag. Bøndene på Lemme, Øvre Kyte og Repål skipa eit lutlag og kjøpte sagi 1921, flytte henne til Kytesgeilane, der ho sidan har vore drive elektrisk. Køyreveg.Køyreveg til Lemme har vore upparbeidd frå Verjùtræe frå 1830 og framover. Fyrr gjekk vegen frå Lemme um Spelegrindæ, gjenom Kyteshaugane, um Koladikje og Repål til Verjùtræe. Vetravegen gjekk til Tøn um Norheim, Kyte og Tønamyrane. Offentlege forretningar.Sylfest Fletre hadde åstadsak i 1761 mot Øvre Lemme um ein skogteig i Liasethamni. Teigen vart tilkjend Øvre Lemme, som framleies brukar han. I 1776 var det åstadsak millom Øvre Lemme og Øvre Klyve um Klyvsteigen på Lemme for å få upplyst um merki. Nedre Lemme hadde steinaforretning i 1827 mot Kyte. Godviljug utskifting var halde 1833. Teigabyte millom bruk 1 og 2 på Øvre Lemme var gjort i 1864. Semje med Kyte um gjerdehald i 1868. Ymse.Lemme ligg 442 meter over havet og er høgste gardane i midtbygdi. Dei segjer på Lemme at der er nøgdi med vind og mykje godt med sol. Ho skin 16½ time når ho står høgst og 3½ time når ho er lægst. Ovanfor bøgarden er Jennhedlerane. Der er eit lag med inntil 3 meter tjukt blåbrunt møyrt berg isprengt med heggeitel. Ovanpå er fastare berg. Det ser ut til å ha vore grave utor det møyre laget, og der er no ein stor heller med ein grusdunge framanfor. Truleg må det ha vore brent jarn der. I seinare tid har vore skjerpa koparkis på bruk 1 Øvre Lemme ovanfor merket mot Per Nedkvitno. Korleis det har seg med at nokre gardar har fått eigedomar på Lemmesteigane, veit me ikkje. Av desse teigane har bruk 1 Øvre Lemme i 1874 kjøpt teigen åt bruk 3 Helleve. Bruk 3 Lemme kjøpte i 1890 teigen til bruk 2 Helleve. Bruk 2 Lemme kjøpte i 1888 Rongsteigen av bruk 1 Rogne. Segni segjer at Lemme skal ha havt eigedom i Sivles-naolæ. Derfrå skal vera kome ei undersvill til ein flor på Lemme, som vart riven ikring --- side 167 --- 1900. Gamle folk på Lemme har fortalt at ikring 1800 var det berre ei og onnor fure ovanfor bøgarden. Fleire gravhaugar har det vore på Lemme, som det har vore noko etterøkjing i. I ein gravhaug på Varahaugane fann dei eit uvanleg stort leggbein av ein kjempekar. Når finnaren Ivar Knutson, som var ein stor kar, sette beinet på bakken, rokk det noko over kneet. I ein annan haug tett med var ei rar krukke, som gjekk sund og er burte. Ovanfor husi fann dei i 1860-åri i ein haug eit gravkammer av uppreiste hellor med hellor ovanpå. Der vart ikkje funne noko. På Rognsteigen fann dei i 1870-80-åri i ein haug ei murt kiste med stor stein uppå. Då dei grov, datt steinen ned i gravi og det vart ikkje røkt meir etter. I Træes-aokorn fann dei ein stor sabel med fint beslege og utkrota handtak. Ein skraphandlar i Bergen gav 1 spd. for han i 1870-åri. I åkeren på bruk 2 Øvre Lemme er funne ein spydspiss frå folkevandringstidi, som Bergens Museum fekk i 1922 hjå Lars A. Lemme. Han fann 1926 ein brynestein ved nyrydjing på «Haugane». I storåkeren fann han 1927 eit spinnehjul. Båe desse tingi gav han Voss Folkemuseum. Då dei grov veiter i 1930, fann Eirik Lemme ein pilespiss av mjuk stein som Bergens Museum fekk. Det vart sagt at pilespissen var minst 4000 år gamal. President W. F. K. Christie har skrive i 1824 at på ein bakke Skotvodl'n på Lemme var to bautasteinar ikring 4 alner høge og ein annan stad tri utgravne haugar. I den eine var funne eit spydblad av jarn og i den andre ei leirurne, skriv han. Ingen veit kvar det har vorte av bautasteinane. Dei må ha stått på Varahaugane, segjer folk på Lemme, og namnet tyder på det. Segn.Pommor tente på Lemme og var fælt til kjempekar. Det er fleire forteljingar um han. Då han skulde berja, tok han taket av løda og laga seg tust av stavleione. Kornlodi bar han under armen ned på Lemmeskjødnæ og barde der ein dag. Bar so kornet, 70 såld, heim att i strytehuva si. Ei lang regle um Pommor sluttar med at han kom til Kvòrmo på Strondi. I eit eldhus der kom han i tak med han Gamleirik og det vart eit øyeleg basketak, men på slutten rauk han Gamleirik og laut krypa inn i eit narvarshol i veggen. Pommor dreiv ein pinn i holet, og der sit han Gamleirik og ventar på å sleppa ut att. --- side 168 --- Bumerke teikna av bunadsmenn på Lemme.Nils 1710 tavle 1 nr. 23. Mikkjel Øvre L. 1729 og Lars 1744 t. 5 nr. 56. Lars Øvre L. hadde anna merke i 1763. Knut 1734 t. 5 nr. 57. Han brigda merket noko fire gonger i åri 1743-1748. Lars Nilsson 1751 t. 5 nr. 58. Botolv 1758-1771 t. 5 nr. 59. Per Olavson 1778 t. 5 nr. 61. Ivar Brynjulvson 1785 t. 5 nr. 60, men eit anna merke 1792. Eirik Ivarson Øvre L. f. 1798, død 1881 t. 5 nr. 86. |