87. Lofthus.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 33 --- [Bilete se Lirhus]

Namnet vert i 1300-talet skrive i Lofthusum. Det vert no sagt Lòftús2; han búr pao, è tao, ska tì Lòftús. Det er samansett av eit loft og ei hokynsavleiding i fleirtal av hús. Gamaln. form Lopthúsar, i dativ Lopthúsum.

Av Bjørgynjar Kalfskinn ser ein at Lofthus er ein part av det gamle Hvitheimr eller Kvitheim. Landkommisjonen har i 1661 ført Lofthus upp som halv gard med 2 laup 2 pund 12 mark i skyld og ein brukar. Elles er berre sagt, at der var ei ring skvettmyln. Like eins var det og i 1723. Vidare er då sagt at det var humlagard og litt vedaskog til eige bruk. Garden var tungvinn, hadde sandig jord og var utsett for fjellskred. Skyldi var den same til 1838, då ho vart umskrivi til 7 dalar 4 ort 18 skill. Vedaskog var der til eige bruk og humleavl. Samanlikningstalet var 1200.

Matrikkelen 1865 syner at der var 24¼ mål åker, 38 mål god, 52 mål medels natureng og 34 mål skrapebø. Vårhamni var medels, men sumarhamni ring. Vedaskog var der, men ikkje timberskog. Garden var sers lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 25 mål open åker, 54 mål kunsteng og 14 mål natureng.

På Lofthus budde 16 menneske i 1801, 14 i 1865 og 12 i 1920.

--- side 34 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Lofthus.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 16 11
1723 2 18 15 26
1865 2 20 44 63 32
1918 4 19 35

Ragna Martinsdr. Jåstad gav i 1340 (DN. XII nr. 90) 6½ mamatabol i Lofthus til Ullensvang kyrkje. Det er ogso ført upp i Bjørgynjar Kalfskinn. Birgitte på Lofthus betalte i 1521 1½ lodd sylv i skatt og Arnvid 13 skill. i skatt og 3½ lodd sylv i breffbrot. Til Vincents Lunges jordgods høyrde i 1535 ½ pund og 1 bukkskinn i Lofthus. Torfinn og Mons Hallesøner stadfester i 1563 (DN. X nr. 761) eit makebyte som far deira hadde gjort med bror sin, Per Monsson, som fekk m. a. 1 mmb. i Lofthus. Ivar er skriven som leiglending fleire gonger 1591-1614 og åtte 1611 ½ laup jordgods. Kyrkjerekneskapen 1585-1616 syner at Vangen prestebol fekk 2 såld korn og ½ laup 7 merker smør og Vangskyrkja 2 askar korn og 2 merker smør i årleg landskyld av eigedomane sine på Lofthus.

Leidangsboki 1624 melder at leidangen på Apostelgodset var ½ pund smør og 1 bukkskinn. Ryttarskatt vart i 1627 lagt på 14 mark odelsgods med 1½ ort 6 skill. Nils var brukar på vegne av styksonen. Nils Mikkjelson var leiglending frå 1635 til 1670 og visst lenger. Han var g. fyre 1645 med Marta. Nils var ofte lagrettemann 1649-1668. I 1664 var han vitne i saki um stølen Krossaset.

Skyldi på Lofthus er førd upp noko ymist i åri 1652-1664 frå 2½ laup 18 mark til 2 laup 2 pund 12 mark. Likeins og kor mykje kvar åtte. Det rette er truleg at skyldi i 1661 var 2 laup 2 pund 12 mark, som etternemnde åtte: Kinsarvik prestebol 1 laup, Vangens prestebol 1 laup 6 mark, Vangskyrkja 9 mark, Munkeliv 16 mark og Børge Jul 29 mark.

Folkvard Broderson har 1649 ved makebyte med kongen late noko i Lofthus til han. Kyrkjerekneskapen 1654 syner at den årlege landskyld til Vangskyrkja var 2 askar korn og 2 merker smør. Kongen skøytte 1662 til Hermann Garmann

--- side 35 ---

½ pund av Munkeliv klostergods og i 1665 til Eirik Krag ½ laup 1 kalvskinn av Allehelgens gods.

I 1695 var det desse eigarar: Vangens prestebol 1 laup, Ullensvang kyrkja ½ laup, «de fattige på Voss» 2 pund 18 mark og fru Margreta Jul 30 mark, ialt 2 laup 2 pund 12 mark. Brynjulv var brukar både 1691, 1695 og 1708 av heile Lofthus. I 1708 mangla han på 40 mark i Vetle Ringheim, som han påstod at sonen Knut hadde odelsretten til. I 1723 er eigarane førde upp soleis: Vangens prestebol 1 laup 9 mark, Ullensvang prestebol 1 laup, Vangskyrkja 9 mark, Enkjehuset i Bergen 12 mark og Markus Faye 30 mark.

Johannes Botolvson bygsla i 1709 1 laup 7 mark i garden av soknepresten på Voss og i 1726 noko av Markus Faye. Johannes var f. 1679, g. 1. m. enkja Marta Vikingsdr., 2. 1712 med Ingebjørg Gudleiksdr. Gjerstad, og døydde 1748. Ingebjørg døydde 1758. Ved skifte etter henne åtte dei 14½ mark jordgods og der er ført upp åtte born: Gudleik f. 1718, Sjur f. 1722, død ugift 1785, Botolv f. 1728, Brynjulv, Marta f. 1713, g. m. Anders Mikkjelson Lid, Guri f. 1719, Dordei, g. m. Eirik Knutson Vetla Røte, Ingebjørg f. 1727.

Johannes hadde med fyrste kona sonen Knut. Han var f. 1706 g. 1. 1736 m. Guro Olavsdr. Øvre Graudo, 2. 1760 m. enkja Guri Eiriksdr. Olde. Guri var g. 1. m. Helge Jonson, leigl. på Olde. Knut var leiglending etter foreldri sine. Ved skifte etter han i 1763 åtte buet 1½ mark i garden. Fire born er uppførde: Magne f. 1737, som tente i Bergen 1763, Johannes f. 1749, Marta f. 1744, g. 1771 m. Anders Knutson Løno, Ingebjørg f. 1758. I 1735 åtte Vangens prestebol 1 laup 9 mark, Enkjehuset i Bergen 12 mark og Ullensvang prestebol 1 laup i Lofthus.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Lofthus. Åmund Arneson f. 1716, g. m. Marta Helgesdr., døydde 1787. Han bygsla 1768 1 laup 7 mark etter Knut Johannesson. Ved skifte i 1788 etter Åmund var det seks born: Helge f. 1756, Arne, g. 1786 med Botilda Larsdr. Løno, Knut, død 1823 ugift, Eirik f. 1774, død 1843 ugift, Rannveig f. 1754, Guri f. 1769, g. 1820 m. ekm. Arne Olavson Skiple. Helge Åmundson f. 1756, g. 1794 m. Ingebjørg Olavsdr. Gavle, døydde 1826. Han bygsla bruk 1 etter foreldri i 1787.

--- side 36 ---

Fem born: Olav f. 1796, Åmund f. 1803, kardemakar, Gudve f. 1799, g. 1830 m. Per Larsson Rogne, Marta f. 1805, g. 1858 m. ekm. David Oddson Klyve, Brita f. 1812.

Olav Helgeson f. 1796, g. 1848 m. Marta Sjursdr. Gjerdskvål, bygsla garden i 1827. Olav døydde 1884. Dei hadde sonen Eirik f. 1849, som gifte seg 1900 m. Eli Andersdr. Dukstad og døydde 1918. Han fekk kongeskøyte på bruk 1 i 1876 for 1200 spd. og jordavgift som er løyst med 233 spd. 69 skill. Sonen Olav fekk garden i 1926 for 9000 kronor, men selde året etter til Knut Torsteinson Lirhus for 24 000 kronor. Etter at bruk 4 var skilt frå, selde han att i 1930 til Nils Olavson Sonve for 20 000 kronor. "

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 87, lnr. 177 med gamal skyld 1 laup 30 mark, urevidert 3 dalar 4 ort 21 skill., revidert 3 dalar 3 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,21 etter at bruk 4 er skilt frå.

Bruk 2. Lofthus. Mons Oddson f. 1706, g. m. Marta Bårdsdr. og døydde 1802, var leiglending. Dei hadde fem born: Odd, g. 1764 m. Ragna Kristoffersdr., budde i Bergen 1772, Bård, Lars, Rannveig f. 1748, g. 1796 m. ekm. David Larsson Skjelde, Jorunn, g. 1785 m. Erlend Hallvardson Bjørgo. Lars Monsson f. 1746 g. 1770 etter kgl. løyve med Brita Torsteinsdr. Fære, døydde 1825. Han bygsla 1770 1 laup 2 pund 5 mark i garden etter foreldri sine. Sonen Torstein f. 1772, gifte seg 1797 m. Torbjørg Nilsdr. Dukstad og bygsla i 1794 garden av soknepresten på Voss. Torstein døydde 1850. Seks born: Lars f. 1798, Nils f. 1800, g. 1841 m. Gunnvor O. Kronstad (sjå bruk 6 Dukstad), Brita f. 1803, død ugift, Åsa f. 1808, g. m. gardmann Lars Larsson Litlere, Anders f. 1813, gift til En med Brita Samsonsdr., Marta f. 1817, g. m. gardmann Lars Knutson Rokne.

Lars Torsteinson f. 1798, g. 1852 m. Sigrid Torsteinsdr. Davidhaugen, døydde 1892. Han bygsla garden i 1827 og fekk kongeskøyte på han i 1872 for 1200 spd. og jordavgift, som er løyst med 215 spd. Han var god felespelar, spelte ofte i brudlaup og var hendig til å arbeida både i tre, jarn og kopar. To born: Torstein f. 1853 og Nils f. 1858, g. m. Kristina Sjursdr., var handelsmann i Skulestadmoen. Torstein var g. 1893 m. Sigrid Ivarsdr. Rykke, fekk garden i 1897 for 3300 kronor, og døydde 1932. I 1924 skøytte han garden til sonen Lars for 6000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 87, lnr. 178 med skyld som bruk 1 med det undantaket at den nye skyldi er mark 5,26.

--- side 37 ---

Bruk 3. Elvheim. Skyld 30 øre. Skilt frå bruk 1 i 1927. Eigar Olav E. Lofthus.

Bruk 4. Loftheim. Skyld 75 øre. Skilt frå bruk 1 i 1930. Eigar Sverre J. Ygre. Han selde i 1932 til Anders Larsson Dukstad.

Stølar.

Det var ¾ mil frå garden til stølen er det sagt i 1723. I 1732 var det delingsforretning på ein teig millom stølane Vambaset og Liaset. Knut Hefte hadde reist sak mot mennene på Lirhus og Lofthus. Stølen åt Lofthus er framleies på Liaset.

Kvern.

I 1723 var det flaumkvern på Lofthus, men ikkje i 1776 eller 1791. Folk no hugsar heller ikkje um nokor kvern.

Offentlege forretningar.

Det var sak i 1850 um tiendi. Utskifting var halde 1871 og 1928. Ved siste utskifting vart husi på båe bruki flytte. - Som umtala på Lirhus, skal det i 1707 ha gatt ei stor skride på Lirhus og Lofthus.

Ymse.

På Ljoshaugane har vore fleire gravhaugar, som er utgravne. I to av dei var steinkistor ikring 2,50 meter lange, men dei var tome. I ein tridje var ei steinkiste ikring 3,80 meter lang. Der var sverd, øks, plogjarn, beitleringar, ei oskeurne og nokre bein etter eit stort menneske. Plogjarnet og beitleringane er i Bergens Museum. Då haugen var utjamna og dei tok til å pløgja der, trilla det 3 blanke sylvskillingar frå plogjarnet, men dei vart burte med det same, er det fortalt; dei var hulde som ein segjer. I eine Ljoshaugen var ei rund mura kjeleise til å setja ein kjel på og med opning på eine sida til å leggja ved i. Ei steinhelle låg uppå. Frå Lofthus er fortalt noko um Ljose Lofthus som skulde vera ei svær kjempe. Segni segjer at han var den fyrste som rudde og bygde på Lofthus, og at han vart hauglagd der. Han er då truleg lagd i den store steinkista, er det sagt. Frå Lofthus er det fortalt at Ljose Lofthus og Skorpe Lirhus kom i slagsmål då dei skulde til kyrkje, og det enda med at Skorpe vart ihelslegen. Ein stor koparkjel full med koparpengar skal vera nedgraven i ein stor haug, kalla Skyttene, ovanfor husi. Huldafolk har halde til i ein haug ovanfor husi, fortelst det, og sume tider kunde ein høyra kor dei song.

Bumerke på Lofthus.

Johannes 1712 og 1733 tavle 4 nr. 89, teikna på 6 ymse måtar 1716-1736. Knut Johannesson 1736

--- side 38 ---

t. 4 nr. 90, men i 1760 I og S fletta saman. Mons 1767, 1778 og Mons Oddson 1780 t. 4 nr. 91. Åmund 1768 t. 1 nr. 1. I seglet åt Mons Lofthus i 1766 er bokstavane M O S og derunder bumerket t. 4 nr. 91.

Är du säker på att du vill logga ut?