154. Mæringi.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 460 ---

Namnet vert i 1723 skrive Mæringen. Det vert no sagt Mærìnjè2; han búr í è ór Mærìnjéné, ska í Mærìnjè, sms. Mærìngafjèdlé. Tydingi er uviss. Det har vore gissa på at namnet er ei avleiding av gn. (landa-)mæri, landegrense, eller av merð f. (fiskeruse), eller av mærr a. (gild, god). Ei gamal samansetning av ein av desse fyrelekkane med ei eng kunde og vera tenkjeleg.

Denne garden har alltid vore einbølt. Han er ikkje nemnd i matrikkelen 1661. I 1723 er skyldi førd upp med 9 mark og der var ein brukar. Der var skog til brensel og noko til husvøling. Garden var lettbrukt. Skyldi er 1838 umskrivi til 2 dalar 1 ort 15 skill. Samanlikningstalet var 400. Der var god neverskog til sal og noko fureskog. Matrikkelen 1865 melder at der var, 102/3 mål åker, 4 mål eng, 6 mål god, 1 mål medels natureng og 5 mål skrapebø. Der var medels vårhamn, ring sumarhamn, skog til gardsbruk og kunde seljast never og ved for 2 spd. um året. Garden var svært tungbrukt, men dyrka betre enn vanleg. I 1918 er ført upp 7,7 mål åker, 14,4 mål kunsteng og 4,5 mål natureng.

Der budde 13 menneske i 1801, 8 i 1865 og 9 i 1920.

--- side 461 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Mæringi.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 7 9 3
1865 1 11 24 22 ½ 22
1918 2 4 20

Mæringi
Bilete 58. Mæringi. Fot. P. Braaten 1936.

Torgeir Klyve åtte garden 1695 og budde på han. Skyldi var 9 mark. Rasmus Torkjelson f. 1638 var leiglending 1701 og Åmund i 1715. Torgeir var og eigar i 1714 og etter han var det Ivar Oddson, som var g. 1716 m. Guro Tormodsdr. Helland, umtala på Nedre Klyve. I Mæringi fekk dei borni Odd f. 1717, Eiliv f. 1718 og Eirik f. 1720. Ivar selde 1721 til Johannes Knutson for 20 rd. Markus Faye selde 1726 4½ mark til Per Olavson, g. m. Anna Åmundsdr. som i Mæringi fekk to born, Botolv f. 1729 og Brita f. 1734. Johannes selde 1730 4½ mark til Ivar Andersson Nedre Kvitno, som selde det 1732 til Lars

--- side 462 ---

Nilsson Øvre Himle. Han selde att same året til Knut Nilsson Bjørgo.

Hans Knutson En g. m. Torbjørg Arnesdr. har 1736 kjøpt av Knut Bjørgo og Per Botolvson tilsaman 9 mark og åtte då heile garden. Hans En (Røte) selde 1740 til Arnfinn Knutson Repål 4½ mark for 80 rd. og 4½ mark til Brynjulv Knutson for 80 rd. Han var f. 1715 og son åt Knut og Marjo Larsdr. Mæringi og hadde 1753 sonen Knut. Arnfinn var g. m. Anna Knutsdr. og døydde 1741, 54 år gamal utan born. Ho Anna gifte seg att 1742 m. Lars Larsson Bjørku som 1743 fekk skøyte på 4½ mark frå ervingane etter Arnfinn. Anna døydde 1748, 61 år gl. utan etterkomarar, og Lars gifte seg att 1749 m. Sigrid Hansdr. Mæringi.

Brynjulv Knutson hadde borni: Anna, Mari f. 1745, død 1769, Halldis, g. 1781 m. Lars Olavson Rene, Halle, Knut, fødde 1740-1753, Brynjulv selde 1747 sine 4½ mark i Mæringi til Knut Botolvson Dolve for 54 rd. Han kjøpte 1753 4½ mark av Lars Larsson og åtte då heile garden. Knut makabytte 1761 m. Jon Olavson Graudo uti 2 pund 6 mark i Nedre Graudo.

Bruk 1. Mæringi. Lars Larsson Lydvo f. 1738, g. 1761 m. Torunn Knutsdr. Rene fekk Mæringi 1773 ved makebyte. Dei fekk borni Lars og Rannveig. Ranveig var f. 1766 og g. 1787 m. gardmann Eirik Masson Lydvo. Lars var f. 1768, g. 1790 m. Sigrid Larsdr. Eggjareid og fekk 1788 garden hjå far sin. Lars var bygningsmann. Dei fortel at når han var burte på arbeid, heldt han seg sjølv kosten og laga seg knode til niste. Skjenk som han vanleg fekk, tømde han på ei flaske og selde det når ho var full. Han nytta tidi godt, vart ein velstandsmann og hadde pengar over garden på Bø. Seks born: Brita f. 1792, Anna f. 1794, g. 1821 m. Brynjulv Karlson Bulko, Torunn f. 1795, g. 1816 m. Lars Kolbeinson på Midberde, Rannveig f. 1798, g. 1. 1830 m. Lars Ivarson Fenno, 2. 1841 m. Torgis Arneson Skiple, Kristi f. 1800, g. 1819 m. Torstein Jonson Heimberde, gardmann på Davidhaugen, Lars f. 1802, død ugift 1882.

Lars bytte 1816 m. Samson Person Bø uti gnr. 109 bruk 4 Bø, Tjukkeb. Samson var g. 1801 m. Gjertrud Olavsdr. Ygre. Samson budde i Mæringi frå 1816 til 1834 då han bytte med Lars Torsteinson uti garden hans på Tverberg. Lars var f. 1795 på Tverberg, g. 1. 1816 m. Ingebjørg Torleivsdr. Graudo, 2. 1852

--- side 463 ---

m. enkja Rannveig Olavsdr. Tungeteigen, 3. 1869 m. Brita Torbjørnsdr. Rene. Skatten sin betalte Lars på den måten at han plukka bringebær som det var nøgdi av og selde på Vangen. Med Gjertrud hadde Lars borni Synneva f. 1817, Barbrå f. 1819, g. 1843 m. Olav Olavson Leiddal, Torstein f. 1822, Marta f. 1827, død ugift 1850, Ingebjørg f. 1829, g. 1856 m. ekm. Lars Larsson Øvre Graudo.

Torstein Larsson fekk 1842 skøyte frå far sin på Mæringi og selde året etter til Jon Sjurson Kleivane og Olav Person Tunshelle for 800 spd. Torstein var sidan på Graudo til han 1855 gifte seg med jordagjenta Anna Aslaksdr. på Helleve. Jon selde sin part i Mæringi til Olav i 1849 for 400 spd.

Olav Person var f. 1821 og g. m. Ingebjørg Olavsdr. f. 1820, båe frå Aurland. Han rudde og dyrka mykje til eng og åker, bygde ny løde med steinflor, nye stølshus, vølte mykje um dei andre husi. Olav var mykje med i misjonsarbeidet. Olav døydde 1899 og Ingebjørg 1907. Dei fekk borni: Per, Olav f. 1848, g. 1886 m. Maria Johannesdr. Kolvu, Jens f. 1851, g. 1877 m. Brita Oddsdr. Bø, sjå på Øvsthus, Rd., Torstein f. 1852, Mons f. 1854, Anders f. 1860, Trond f. 1864, g. 1898 m. Olina Erlendsdr. Lindberg.

Per Olavson f. 1846, g. 1898 m. Marta Oddsdr. Lid f. 1845 tok mot garden 1872. Han braut upp fleire mål av utmarki, sette upp stort steingjerde, bygde nytt stovehus og løde med steinflor og rudde upp ei urd ved husi til hage. Der planta han frukttre, bærbuskor, hadde kjøkenhage og blomar. Han fekk landbruksmedalje for jordbruk og hagebruk. Trass sine 90 år i 1936 arbeider han ved hyvlebenken og lagar fine stavkjørel. Seks born: Olav f. 1871, Odd f. 1873, Torstein f. 1875, død 1898 ugift, Per f. 1877, Ingebjørg f. 1879, Anders f. 1881, g. 1915 m. Brita Olavsdr. Hjellum, Underdal. Per Olavson let garden 1906 til Per, son sin, for 4000 kronor og bur no på Kvarakvål.

Per Person gifte seg 1904 m. Anna Knutsdr. Hegg og døydde 1908. Ho Anna selde 1914 garden til Anders Person for 5000 kr. Han selde att 1922 til Olav Nesheim for 5500 kronor.

Mæringi var fyrr mtrnr. 155, lnr. 302 med gamal skyld 9 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 18 skill. Ny skyld mark 3,13.

Bruk 2. Plantefeltet. Utskilt frå bruk 1 i 1923. Voss herad er eigar. Voss Skoglag driv på med skogplanting der.

--- side 464 ---

Husmenn.

Lars Knutson, g. m. Barbrå Monsdr. fekk 1776 sonen Guttorm. Gudleik Eirikson, g. m. Gudve Larsdr. har 1822 fått dotteri Marta. Per og Randi budde på plasset Ròndæ som var ovanfor og utanfor gardshusi. Olav Olavson Bygd og kona Gjertrud Olavsdr. var husfolk nokre år, hadde stove ved gardstunet og fekk sonen Anders i 1833 og dotteri Ingebjørg i 1843.

Støl.

Støl er ikkje umtala 1723. Han var i lidi millom Mæringi og Tundalsstølen Myseliæ, men so har dei flytt upp og heimover til Selheimsmerket til stølen Grjoto. Ikring 1880 flytte dei attende til det gamle stølsbolet som er kalla Mæringastødl'n.

Kvern.

Kvern var der både 1723, 1776 og 1791 og seinare, til dess Per Olavson (f. 1846) tok henne burt og bygde sirkelsag i staden.

Offentlege forretningar.

Steiningsforretning 1724 millom Mæringi og Selheim umtala på Selheim. Jarnbanetakst 1899.

Ymse.

Lars Torsteinson selde bjørkeved på Vangen, der han fekk 6 ort favnen. Fyrr det kom bru, laut han passa på når det var is på elvi, å bera veden over henne og upp i bygdavegen i Rastaliæ. Derfrå køyrde han 1/3 mål i lasset på tremeiaslede på Vangen. Når det ikkje var is på elvi, laut dei reisa upp Mæringanolten, um Tverberg og Selheim og over brui der. Når elvi var svært liti, kunde dei ein stad der det var eit klipe leggja eit laup over elvi og kreka seg over på det. Ein eldre mann som hadde vore burt i Grovegardane, bleiv i elvi på heimvegen, då han var komen over og skulde dra laupet etter seg. Lars fekk gamle Nils Jonson Bø til å setja upp utlauparbru over Storelvæ, Olav Person laut byggja ny bru og sette henne lenger uppe med fire spenn og laga veg frå henne på båe sidor av elvi. Tri gonger har flaumen øydelagt brui medan Per Olavson hadde garden, so han har lote byggja henne upp att.

Sume har sagt at Mæringi må i gamal tid ha høyrt til Nedre Klyve. Andre segjer at det er lite truleg av di einaste vegen dit med beist laut vera um Bjørkebruæ, Selheim, Tverberg og forbi Selheimsstødl'n.

Bumerke.

Johannes 1727 tavle 6 nr. 96. Brynjulv 1749 t. 6 nr. 97. Jon 1763, 1767 t. 6 nr. 98. Lars 1786 t. 6 nr. 99.

Är du säker på att du vill logga ut?