46 Mølster.
--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 275 --- Namnet vert i 1387 skrive (i dativ) a Mylsstre. Det vert no sagt Mølstùr (sjl. Mỳlstùr?), han búr pao, è tao Mølstùr, ska tì Mølstùrs, sms. Mølsturtején. Namnet kann vera ei avleiding av verbet mylja (knusa, smuldra), og då vore brukt um den uppsmuldra steinen som der er. Gamalnorsk form Mylstr. Mølster var i matrikkelen av 1661 ført upp med 4 laup i skyld og to brukarar. Elles er berre sagt at der var vedaskog. Det var same skyldi i 1723. Der var ikkje støl og ikkje husmenn, --- side 276 --- lite vedaskog, ikkje kvern, men ein liten humlagard. Garden var årvand og uviss til kornavling, men sers lettvinn. I 1776 og 1791 var det to kvernar, som var i bruk til ikring 1850-åri. Skyldi er den same i 1838 og vart då umskrivi til 11 dalar 13 skill. Samanlikningstalet var 1700. Der var skog til ved og husvølingar. Matrikkelen av 1865 melder at der var 34,5 mål åker, 71 mål god, 70 mål medels natureng og 20 mål skrap. 6 mål var høveleg til dyrking. Vårhamni var ring, sumarhamni god, men langt burte, og der var skog til husbruk. Garden var sers lettbrukt, hadde ingen serlege lunnar og var dyrka vanleg godt. Til garden høyrde ein skogteig i Heglesmarki. Skyldi vart sett ned til 11 dalar 8 skill. Uppteljingi i 1918 syner at der var 30 mål åker, 6 mål kunsteng og 95 mål natureng. Folketalet på Mølster var 30 i 1801, 29 i 1865 og 27 i 1920.
Fyrste gong me finn garden nemnd, er i eit brev av 1387 utferda på Mølster (DN. II. nr. 499). Men garden må vera mykje eldre. Ei segn fortel at mannen på Mølster var arbeidsformann ved byggjingi av Vossakyrkja i 1270-åri. Manntalet av 1521 fører upp to brukarar: Anders, som betalte 11 lodd sylv, 8 skill. i breffbrot og skatt, og Alv, som betalte 3 lodd sylv i skatt, 9 lodd sylv i breffbrot. Alv vart utskriven. Ved brev av 1539 utferda i Bergen (DN. XII nr. 592) av lagmann på Stegen, Hans Bagge, sel han på vegne av Engelbret og kona Anna Olufsdr. til hr. Trude Ulfstand til Giske 15 mmb. i Mølster, som årleg gav 3 laup i landskyld. Dette jordgodset hadde vore tildømt Guttorm Nilsson på vegne av fru Kristine på Fit i staden for garden Nytteland. - I dokument av 1572 er anka over at Orm Ivarson selde til Gunnhild Mølster jord ved elvi, so dei miste fiskeretten der, med di Gunnhild bytte jord med Magnhild Oddsdr. på Rogne og ho let fiskeretten til Gyrv- --- side 277 --- hild Fadersdr. Sume meiner at denne Gunnhild er halvsyster åt Ivar på Onarheim, men noko vissa har me ikkje for det. Sjå meir um dette dokument på Skjelde og Liland. Styrk er einebrukar i 1563 med landskyld ½ dalar. Han er nemnd i eit ope brev av 1590 frå lensmann Mikkjel Tvilde og 6 lagrettemenn som 70 år gamal; han budde då og på Mølster. Lensmann Styrk Andersson umtala i eit odelsbrev på Hefte 1562 må vera frå Mølster. Fyrr nemnde Styrk må nok vera son til Anders som budde på Mølster 1521. Henrik er leiglending i 1591 på 2 laup i garden. Han betalte 1597 2½ mark 22/3 skill. i tridje års bygsel til stiftet og kruna og ½ dalar i landboudredsel og i 1610 2 dalar i pengar i tridje års bygsel. Henrik er førd upp fleire gonger til 1629. Leidangsboki for 1624 syner at leidangen på Mølster var ½ laup smør og 2 bukkskinn. Stiftet åtte 2 laup i 1627. Ryttarskatt er 1627 lagt på odelsgodset med ½ dalar 6 skill. Sidan 1611 har det vore to brukarar. Den andre var Lars i 1611, men i 1614-1647 er det Henrik sin son Mikkjel. Han var gift fyre 1645 med Ingjerd og hadde i 1614 vore utskriven med øks og sverd til Svinesund. Diplom av 1632 melder at noko odelsjord i Vindal (i Granvin) som avlidne Arnfinn Bårdson på Mølster har ått saman med andre, var seld til Aslak Arnfinnson Vindal. Hannibal Sehested fekk kongeskøyte i 1649 på leidangen til Apostelgodset i Mølster 1 spann 6 mark smør og 1 bukkskinn. Sehested åtte 1650 2 laup Finnegods i Mølster, som han hadde fått ved makebyte med kongen. På dette var det 1 spann 6 mark smør i leidang, 2 dalar i skatt, ½ dalar i fornødspengar, ½ dalar i arbeidspengar og ½ dalar i avgift til jordeigaren. I 1651 laut Sehested lata denne eigedomen til kongen att, som selde han 1657 til. Gabriel Marselis. I Skattemanntalet 1657 står og at Finnegodset åtte 2 laup i Mølster. Folkvard Broderson har ved makebyte med kongen i 1649 late til han noko i Mølster. Hermann Garmann fekk kongeskøyte i 1662 på 2 laup i Mølster som høyrde til Munkeliv kloster og St. Hans kyrkja. Den andre sonen åt ovanfor umtala Henrik, Styrk, gift med Anna, er oftare nemnd som brukar 1635-1668 på 2 laup. Han var lensmann frå 1642 til 1659, då han sa upp, men er atter lensmann 1662 og 1668. Styrk skulde ha noko tilsyn med Finne-og Apostelgodset på Voss. Mølster er då førd. upp som lens- --- side 278 --- mannsgard og difor friteken for sume skattar. Styrk er fleire gonger nemnd som lagrettemann 1664-1672. På tinget 1671 er upplyst at han var ein av dei eldste på Voss og hadde i lang tid for mange år sidan vore kyrkjeverje. Hans selde i 1670 1 pund 4 mark i Ytre Afdal til sokneprest Gjert Miltzow. Styrt stemnde i 1659 «sin svoger» Brynjulv Dale for ei kiste som den avlidne vermor åt Styrk hadde gjeve han for at han skulde føra henne vel til jordar. Brynjulv sa at han hadde fått kista hjå vermori i staden for 4 kyrlag som vanta på heimagjerdi. Styrk hadde sønene Henrik, Lars, som døydde ugift, Sjur f. 1647 og Eirik f. 1649. Henrik var nokre år brukar saman med far sin til 1668, og seinare åleine. Han er nemnd som lagrettemann fleire gonger 1657-1672, var lensmann 1670, 1674 og truleg fleire år. Liksom faren skulde han ha tilsyn med Finne-og Apostelgodset på Voss. Hollendingen Brahm var på Mølster i 1672 i det høvet at ætti hans hadde kjøpt Apostelgodset av Marselis, og han umtalar då Henrik som lensmann. Klas Miltzow har 1686 stemnt Styrk og Henrik til vårtinget som brukarar av Munkeliv gods til å betala «fornøds- og arbeidspenge» frå 1662, og dei vart dømde til å betala. Klas Miltzow er millom 1668-1676 vorten eigar av 2 laup og har 1677 kjøpt av Hermann Garmanns ervingar 2 laup og åtte no heile garden. Sjur Mølster er nemnd fleire gonger 1679-1683 som lensmann, og har då og truleg lenger tid vore brukar på Mølster. Denne Sjur er nok same mannen som Sivert på Seim i Gullfj. i 1672 og 1677 og må vera son hans Styrk Mølster umtala ovanfor. Sjur hadde ei dotter Torunn som var gift med Mons Larsson Bjørku. Dei vart buande på Kvarakvål. Mølster har oftare vore lensmannsgard og har difor fått avkorting i skatten. I 1691 brukar Brynjulv og David kvar sin halvpart i garden, men i 1695 er berre Jon førd upp som brukar. Ingjerd Miltzow eig då 2 pund 7 mark og mag. Jens Schjelderup 3 laup 17 mark. I 1701 er det to brukarar: Bjarne og Jon Knutson. Dei einskilde bruk.Bruk 1. Mølster. Bjarne Mattison f. 1655 var g. m. Anna Erlingsdr. f. 1665. Han døydde 1733 og ho 1749. Han er kann henda etterkomar av Mattis Eide, som livde 1521 og Bjarne Eide som levde 1563. Bjarne tente i Prestegarden i slutten av 1600-talet, der han er nemnd 1682 og fleire gonger seinare. --- side 279 --- I 1692 fekk han bygsla 2 laup i Mølster av enkja etter Klas Miltzow på Mosafinn på vilkår m. a. at han let Brynjulv Jonson Mølster få att «sin paaboende gaard Røe» og skulde betala makeskiftebygsel 15 rd. Bjarne kjøpte so i 1711 av sokneprest Christen Weinwich 1 laup 17 mark i Mølster og bygsla 2 pund 7 mark av Knut Finne i 1721. Bjarne er oftare nemnd som lagrettemann 1695-1706 og var kyrkjeverje. Flink smed var han òg. Ved kyrkjevølingane i hans tid smidde han fleire gonger slike ting som trongst. Born: Erling f. 1688, Mattis, Nils f. 1705 og Rannveig. Erling reiste til Gudbrandsdalen. Fyrr han reiste, budde han eit par år i Funkehaugen. Nils gifte seg 1733 med enkja Marta Knutsdr. Gjelland og vart buande på Gjelland. Sjå boki um Dagestadætti. Rannveig var 1712 gift med Velom Gusskalkson Eide, gardmann på Eide. Mattis Bjarneson f. 1704, g. m. Ingebjørg Nilsdr. Eide, døydde 1759. Han kjøpte i 1728 dei 2 pund 7 mark som faren hadde feste på, fekk 1733 hans part i garden og var soleis eigar av 2 laup i Mølster. Løysningsretten til 1 laup kjøpte Mattis i 1759 av kongen for 54 rd. Kongen hadde selt jordgodset i 1657 til Gabriel Marselis. Både Mattis og faren har vore verksame og hendige karar, som ymse arbeid etter dei syner. Mattis var liksom faren god smed og i fleire år kyrkjeverje. Det store loftet på Mølster, som etter tradisjonen skal vera eldste huset på garden, er umbygt i 1708. Vetlabui er bygd 1737. Lødebygningen skal vera frå 1680, men er seinare skruva upp og tilbygd fleire gonger. Stova som no er, skal vera sett upp ikring 1850. Medan Mattis var kyrkjeverje, vitna han i 1746 um ein som hadde stole bly frå kyrkjetaket og laga seg byrsekulor av det. Tjuven vart dømd til å missa hovudet. Ved skiftet 1759 etter Mattis var jordgodset verdsett 312 rd. Bruttomidelen var 719 rd. 7 born: Bjarne, Nils, Erling død ugift, Gusskalk, Synneva, Ragnhild og Anna. Nils f. 1741, var kommandersersjant då han 1785 gifte seg med enkja Kristi Andersdr. og vart leiglending på Lisseim. Gusskalk f. 1746, g. m. Rannveig Davidsdr. Lunde kjøpte gard på Ringheim og var lensmann. Synneva kom til Hefte, der ho vart gift 1750 med Åmund Knutson. Ragnhild gifte seg 1758 med gardmann Arnfinn Åmundson Gjerde. Ho Anna gifte seg 1759 med Arnfinn Andersson og vart buande på Bryn. Bjarne Mattisson f. 1735, gift 1763 med Brita Knutsdr. --- side 280 --- Bokkatun og døydde 1796, fekk i 1763 skøyte frå medervingar og andre på farsgarden for 260 rd. og åtte part i Raundalen.» Almenning. Ved skifte etter Bjarne var jordgodset verdsett 600 rd. og bruttomidelen var 1208 rd. Sju born: Mattis, Knut f. 1771, skulemeister og gardmann på Brekku, Rannveig f. 1764 g. 1. 1790 m. gardmann Johannes Olavson Store Ringheim, 2. 1804 m. Mattis Åmundson Hefte, Ingebjørg f. 1767, g. m. gardmann Mattis Arnfinnson Gjerde, Anna f. 1774, g. m. gardmann Gusskalk Olavson Uppheim, Marta f. 1766, gift til Lisseim med Johannes Styrkson og Ragnhild f. 1784 gift til Brekku med Torgeir Eirikson. Mattis Bjarneson var fødd 1769, gifte seg 1799 med Sigrid Andersdr. Leiddal og døydde 1851. Farsgarden fekk han 1798. Dei hadde sju born: Bjarne, Ingebjørg f. 1804, g. m. Johannes Knutson Raustad, Brita f. 1809, g. m. Nils Davidson Vestrheim, Rannveig f. 1811, gm. Nils Arnfinnson Finne, Sigvor f. 1814, g. m. Knut Sveinson Øvsthus, Anna f. 1818, g. m. Hollgeir Oddson Skulestad og Synneva, g. m. Knut Oddson Hæve. Alle hadde gard. Bjarne Mattisson f. 1800, gift 1826 med Ingebjørg Oddsdr. Klyve og døydde 1861. Han er skriven for underlensmann då han gifte seg, og fekk skøyte på farsgarden i 1842 for 960 spd. Det er fortalt at han dyrka mykje innover mot Eggjane, der det var myrlendt og der han tok upp veiter. Sume var so djupe som han sjølv og spaden sett på hovudet hans. Bjarne var stemnevitne, møtte 1827 på tinget for andre i fleire saker og var 1828 ofte saman med lensmann Mattis Ringheim på skatteuppkrevjing. Han hadde fire born: Mattis, Odd f. 1835, g. m. Barbrå Larsdr. Eggjane, kassestyrar i Voss Sparebank til han døydde 1909, Anders (i Amerika) og Sigrid f. 1826 død ugift. Mattis Bjarneson f. 1827, gift 1864 med Marta Botolvsdr. Mølster og døydde 1896. I 1859 fekk han skøyte frå far sin på garden for same pris som faren gav. Sju born: Bjarne, Knut f. 1865, sjå bruk 3, Odd f. 1867, Ingebjørg f. 1869, g. m. Olav Kristofferson Haga, Vossastr., Olav f. 1871, g. m. Synneva Sveinsdr. Ukvitno, sjå bruk 36 Lekve, Botolv og Anders. Anders er f. 1879, g. m. Sigrid Oddsdr. Blikberget, snikkar og huseigar på Blikberget. Bjarne f. 1864, g. m. Bendikte Eilivsdr. Vangen, døydde i Amerika 1910. Han var agronom frå Stend, --- side 281 --- fekk farsgarden i 1869 for 4000 kronor, var ein sers kunnande arbeidar både som smed, snikkar og murar. Dertil var han flink krøterdokter. Broren Botolv kjøpte garden i 1900 for 10 000 kronor. Han er fødd 1873, g. m. Anna Olavsdr. Brekku, er flink smed og snikkar. Han dreiv lenge hellebenk, har seinare bygt mange større togbanar åt industrielle anlegg og har godt mekanisk skyn. Nye hus har han bygt på garden etter utskiftingi. Bruk 1 var fyrr mtrnr. 46, lnr. 102 med gamal skyld 2 laup, urevidert 5 dalar 3 ort 4 skill., revidert 5 dalar 1 ort 12 skill. Den nye skyldi er mark 7,46, etter at bruk 8 er skilt frå. Bruk 2. Mølster. Fyrr nemnde Sjur Styrkson f. 1647, var gift med Ingebjørg Jakobsdr. Etter han døydde, vart ho gift 2. med David og 3. med Jon Knutson. Alle var dei leiglendingar. Jon kjøpte 1 laup i 1711 av Marcus Faye og 1 laup i 1721 av Gjert Weinwich. For den siste laupen betalte Jon 62 rd. Ho Ingebjørg døydde i 1704. Ved skifte etter henne vart 152 rd. skift millom ervingane. Med Sjur hadde ho døtterne Marta, g. m. Styrk Haug, og Torunn. Med David hadde Ingebjørg dotteri Brita f. 1688, og med Jon: Torbjørg f. 1691 og David f. 1696. Ho Torunn gifte seg 1710 med Mons Larsson Bjørku. Torbjørg var 1718 g. m. Hollgeir Larsson Ullestad. David Jonson f. 1696, g. 1. 1726 med Brita Torgeirsdr. Bryn, 2. 1733 med Gudve Knutsdr. Nedkvitno, fekk noko av farsgarden 1731 og noko i 1752. Han døydde 1756. Året etter vart ho Gudve stemnd til tings fordi ho ikkje hadde skyssa kaptein Borse på sesjonsreisi hans til Evanger, men ho sa at ho hadde ikkje fått noko bod frå skyss-skaffaren. Saman med sonen Torgeir stemnde ho Berge Ullestad fordi han i 1757 hadde plukka askelauv i Mølstermarki. Det kom til forlik. David hadde med Brita sonen Jon og med Gudve fem born: Torgeir, Knut, Synneva, Ingebjørg og Ragna. Jon var 1754 g. m. Ingebjørg Nilsdr. Tròdo og hadde fyrst gard på Lunde, men hytte seg til Gjerstad. Synneva kom til Gjerde, der ho 1773 vart g. m. Nils Andersson. Ho Ragna var 1778 g. m. Viking Ivarson, jordamann på Helland. Torgeir Davidson f. 1736, gift 1766 med Jorunn Olavsdr. Flatekvål fekk skøyte på garden i 1755 og 1760. I 1759 kjøpte han av kongen løysningsretten til 1 laup for 54 rd. Kongen hadde selt det i 1657 til Gabriel Marselis. Dei hadde åtte born: --- side 282 --- Brita f. 1767, David f. 1772, Kristi f. 1775, Brynjulv f. 1777, Knut f. 1782, Olav f. 1779, Gudve f. 1785 og Herlaug f. 1787. Ho Brita gifte seg 1805 med enkjemann Steffa Olavson Grevle. Kristi var gift 1803 med Knut Olavson Ringheim, Brynjulv i 1814 med Brita Sjursdr. Fagnastøl, Knut i 1813 med Gudve Vikingsdr. Helland, Olav i 1831 med Torbjørg Andersdr. Skutle og Gudve i 1829 med enkjemann Knut Mikkjelson Vivås. Herlaug gifte seg 1831 med Torbjørg A. Skutle og fekk gard på Vivås. David Torgeirson f. 1772, var gift 1803 med Jorunn Olavsdr. Store Ringheim, dotter åt lensmann Olav Knutson Ringheim av Villandætti. David fekk i 1803 skøyte på garden frå far sin. Ved skifte etter David var garden verdsett 750 spd. og skogen 150 spd. Dei hadde seks born: Torgeir, Jorunn f. 1805, Olav f. 1808, Anna f. 1811, Lars f. 1814 og Ingebjørg f. 1822. Jorunn var gift 1835 med Anders Sjurson Giljarhus og reiste til Amerika. Olav gifte seg 1832 med Ingjerd Andersdr. Gjerde, Anna 1833 med Ivar Knutson Seim, Lars 1844 med Marta Sveinsdr. Bø, (dei reiste til Amerika), og Ingebjørg g. 1844 med Lars Torgeirson Store Røte (som òg reiste til Amerika). Torgeir Davidson f. 1804, gift 1824 med Kari Vikingsdr. Repål, døydde 1842. Ho vart attgift 1850 med enkjemann Herlaug Aslakson Flatekvål. Torgeir fekk halve garden i 1825 ved skifte etter faren og den andre halve 1832 ved skifte etter mori. Åtte born med Torgeir: Olav, David f. 1826, Viking f. 1828, Ingjerd f. 1831, Jorunn f. 1834, Brita f. 1836, Gitle f. 1839 og Anna f. 1842. David reiste til Amerika, og Gitle vart buande i Bergen der han var huseigar og dreiv skreddarforretning. Viking gifte seg 1855 med Anna Nilsdr. Vangen og var husmann på Eggjane. Ingjerd var gift med skreddar Knut Larsson Ullestad. Jorunn gifte seg med skreddar Velom Jensson, husmann på Dagestad. Olav Torgeirson var fødd 1824, gift 1849 med Guro Klasdr. Finne og døydde 1886. Garden fekk han i 1840 for 950 spd. Dei hadde borni: David f. 1850, Klas, Kari f. 1859, Marta f. 1866. David reiste til Amerika. Kari og Marta har eigi stove på Mølster. Klas f. 1853 fekk garden i 1889 for 8800 kronor og døydde ugift 1916. Garden vart då seld til Arnfinn Knutson Ringheim, som har han no og har etter utskiftingi bygt nye hus. Han er f. 1884 og g. m. Sigvor Mattisdr. Ringheim, f. --- side 283 --- 1886. Arnfinn dreiv med snikkararbeid fyrr han vart jordamann. Bruk 2 var fyrr mtrnr. 46, lnr. 103 med gamal skyld 2 laup, urevidert 5 dalar 3 ort 4 skill., revidert 5 dalar 1 ort 14 skill. Den nye skyldi er mark 7,51, etter at bruk 9 er skilt frå. Bruk 3. Mølster. Skilt ut frå bruk 1 med skyld 28 øre og selt til Knut Mattisson Mølster, som har bygt og bur der. Han er snikkar, er f. 1865 og g. m. Anna Rognaldsdr. Sjå og bruk 8 og 10. Bruk 4. Frihaug. Utskilt frå bruk 1 med skyld 26 øre og selt til Lars Person Armot i 1899. Han bygde der, men etter odelssøknad fekk Mattis Bjarneson eigedomen i 1901. Broren Edvard Mølster fekk so skøyte på eigedomen i 1918 og bur der. Han er arbeidar, er f. 1895 og g. m. Marta Olavsdr. Rygg, Vossastr. Husi på bruk 4 ligg innanfor grensa for Vossavangens Bygningskommune. Bruk 5. Kverkane. Skilt frå bruk 1 i 1900 med skyld 11 øre og selt til Mattis Bjarneson Mølster. Broren Edvard Mølster kjøpte eigedomen i 1918. Sjå bruk 4. Bruk 6. Pilateigen. Utskilt frå bruk 2 med skyld 2 øre og seld 1911 til Knut S. Ullestad som let det same året til Sjur, son sin. Bruk 7. Skrollingen. Skilt ut frå bruk 2 i 1904 med skyld 6 øre og selt til Botolv Steffason Ullestad. Bruk 8. Mølster. Skilt frå bruk 1 med skyld 17 øre og late til Knut Mattisson Mølster. Bruket er i 1923 ført saman med bruk 3. Bruk 9. Eggjane. Utskilt frå bruk 2 i 1905 med 25 øre i skyld og selt til Anna, Eiriksdr. Mølster, som i 1915 let det til far sin, Eirik Vikingson Mølster. Det var fyrr husmannsplass, der Viking og sonen Eirik budde. Eirik var f. 1867, g. 1895 m. Ragnhild Olavsdr. Selje og døydde 1925. Eirik var ringjar i mange år. Dotteri Marta, f. 1900, g. 1918 m. Per Olavson Ringheim, fekk skøyte på eigedomen i 1925. Bruk 10. Storeteigen. Skyld 30 øre. Skilt frå bruk 1 og 2 i 1923 og selt til Knut M. Mølster. --- side 284 --- Voss Folkemuseum.Bruk 11. Skyld 16 øre. Skilt frå bruk 1 og 2 i 1923. I 1917 tok L. Kindem upp arbeidet for å få kjøpt husi med tun og eit jordstykke kring husi til museum for Voss, og fekk same året kjøpekontrakt med Botolv på husi med tun og ei jordremse umkring dei på bruk 1. Under utskiftingi som då var byrja, vart det seinare semje um husi med tun og ei jordremse umkring dei på bruk 2. Skøyte på desse eigedomar vart utferda i 1924. |

Bilete 31. Voss Folkemuseum på Mølster. Fot. P. Braaten 1935.Det er kjøpt for at alt skal haldast ved lag ubrigda fram gjenom tidene som døme på ein gamal vossagard. Sidan 1917 er ogso samla inn frå Vossabygdi slike ting som høyrer og har høyrt til på ein sovoren gard. Sumt er gjeve til museet og sumt er kjøpt. Der er no ikring 6000 nummer. Fleire større stemnor har vore haldne på musset. Museet er no skuldfritt og har eit urørlegt fond på 10 000 kronor. Rentone kann brukast til drift av museet. I styret for museet er dei fem samne. Fyrst var det L. Kindem, Jens Lillegraven, N. J. Finne, Ludv. Bru og Magnus Dagestad. Seinare er Olav Bjørgum, Anders Ullestad og Styrk Fjose komne i staden for Bru, Finne og Lillegraven. --- side 285 --- L. Kindem har heile tidi vore formann og styrar av museet til han sa frå seg attval i 1934. Lektor Andreas Leiro kom då i staden hans. Husmenn på Mølster.Halle Åmundson er den fyrste me har namn på som husmann på Mølster. Han budde der i 1721. I 1723 var der ingen husmann, men frå 1740 har det vore husmannsplass på Eggjane. Lars Nilsson, som døydde 1766, 66 år gl., budde der. Han var g. 1. med Kari Sjursdr. og 2. med Guro Olavsdr., som livde etter han. To born: Anna og Dordei. Dordei var g. m. Lars Sveinson, som døydde 1885. Han hadde plass på Eggjane hjå bruk 2 i 1845, dreiv smedehandverket som han hadde lært i Bergen, og var flink til å fanga rev i glefs. Deira dotter Barbrå var gift 1867 med Odd B. Mølster. Åsa Bjarnesdr. er død 1754 på Eggjane som husmannsenkje. Åmund Ivarson budde der 1752 og 1770. Bjarne Velomson, død 1776 42 år gl., budde der òg. Likeins Anders Larsson, g. m. Marta Olavsdr. og Jørgen Larsson, g. m. Rannveig Olavsdr. i 1780-åri, Knut Andersson, g. m. Marta Kristiansdr. og Svein Brynjulvson, g. m. Barbrå Persdr. i 1790-åri. Deira son Lars er umtala ovanfor. På Eggjane budde og Åmund Erlingson ikring 1800, Mons Andersson, g. m. Gudve Andersdr. og Magne Andersson, g. m. Sigrid Mikkjelsdr. i 1820-åri, Rasmus Sjurson, g. m. Kari Gusskalksdr. i 1830-åri, Knut Olavson, død 1845 76 år gl. og Mikkjel Larsson, g. m. Guri Rasmusdr. i 1850. Mons Knutson Litlere, g. m. Gunnvor Knutsdr. Løno og døydde 1876 81 år gl. hadde plass på Eggjane hjå bruk 1. Dei hadde borni: Knut d. e., Knut d. y., Anders, Gudve og Torbjørn. Torbjørn var g. m. Anna Johannesdr. Himle. Dei hadde gard og landhandel i Naustdal i Sunnfjord. Millom borni deira var den kjende bokhandlaren Mons Litlere. Knut d. e. var f. 1827, g. 1863 m. Gjertrud Persdr. Skjerpe og hadde plasset etter foreldri ei tid, men fekk seinare plass i Ringheimshagen. Deira soneson Knut Andersson Litlere er distriktslækjar i Jondal. Viking Torgeirson, f. 1828, g. 1855 m. Anna Eiriksdr. Vangen, fekk plass hjå bruk 2 på Eggjane og hadde sønene Torgeir f. 1855, sjå bruk 100 Rogne, Eirik f. 1867, sjå bruk 9, David f. 1873, g. 1. m. Marta Johannesdr. Endeve, 2. m. Eli Henriksdr. Horvei, har huseigedom på Ringheim. --- side 286 --- Viking var mange år gravar på kyrkjegarden og ringjar. Sonen Eirik kjøpte plasset i 1915, sjå bruk 9. Nils Andersson Ygre eller Brekku fekk feste i 1837 hjå bruk 2 på eit lite plass Skreen, men vart dømd 1844 til å flytta frå det. Stølar.Sjå på Raustad, der saki um stølen Valberg i 1700 og 1708 er umtala, og likeins tingsvitne 1747. Mølster hadde ikkje støl, heiter det i 1723. Mattis Bjarneson på bruk 1 leigde stølen Sødalen frå 1740, og sonen Bjarne kjøpte han seinare av Per Larsson Gullbrå for 27 rd. Bruk 1 stølar der framleies. Bruk 2 hadde ein fjordepart i Grevles-Torvedalen, men selde til Mestad i 1840-50 åri og kjøpte sidan noko og bygsla noko av Gullbrå i Gullbråhòlo, bygde sel og har sidan støla der. Båe bruki har vårstøl på Skitset, men Klas på bruk 2 selde selstuftene og stølstredet til bruk 2 Øvre Ullestad. Ymse.I Heglesmarki har dei to bruki kvar sin skogteig. Der er timberskog til vanlegt gards- og husbruk. I steinaforretning 1757 er sagt at merki i Heglesteigen då vart uppgått. Mølsterteigen må etter namnet å døma ein gong ha høyrt til Mølster, men ein veit ikkje noko um det no. Det må ha vore fyre 1723, då Mølsterteigen i matrikkelen er skriven som eigen gard. Mølster hadde ikkje kvern i 1723, men i 1776 og 1791 var der to. Dei har stade i «Raustågroæ» og vore i bruk til ikring 1850-åri. Offentlege forretningar.Sak mot Dolve og fleire 1683, steinaforretning mot Ullestad 1757, forretning um teigen «Gullbraoæ» i 1756, merkeskilsforretning mot Lekve og (lagtingsdom) 1777, åstadsak 1793, kommisjonsforlik 1836 um gjerdehald, skyldsetjing av stølen Torvedalen 1846, utskifting av innmarki 1924. Den store vill-apalen i utmarki ovanfor Mølster vart freda 1930. Bumerke.Mikkjel Henrikson Mølster 1647, tavle 3 nr. 70. Jon 1710, 1712, 1717 t. 2 nr. 17. Bjarne 1718-1776 mange gonger t. 2 nr. 18. (I 1720 snudde det upp ned og var med bøygde føter). Husmann Halle Åmundson 1721 t. 2 nr. 19. David 1730-1744 t. 2 nr. 17. Same merket hadde David Jonson 1745-1754 og Torgeir Mølster 1769. Torgeir Davidson sitt var brigda noko frå dette merket 1791 og 1792. Mattis Mølster 1739-1756 t. 2 nr. 20. Same merket brukte Bjarne Mattisson 1783. Åmund Eggjane 1752 t. 2 nr. 21. I seglet åt Bjarne Mølster 1720 var bokstavane B M S og derunder --- side 287 --- bumerket hans med 4 små stjernor umkring. Likeins var seglet åt Bjarne Mølster 1775, men utan stjernor. Jon Mølster sitt segl av 1720 hadde bokstavane I K S og David Mølsters i 1733 bokstavane D I S, båe med bumerket under. Segn.I Smidjehamaren ovanfor husi budde der i gamal tid huldrafolk som kom godt ut av det med folket på garden. Men so kom det ein ny mann til gards, og han sette upp smidje nedanfor hamaren og stod der og smidde både seint og tidleg. Huldrefolket kunde ikkje lika den larmen. Folk på garden tok òg til å lata krøteri sine drikka or brunnen tett med haugen, der huldrefolket henta drikkevatnet sitt. Huldrekallen fekk ein kveld låna hest hjå Mølstermannen, flytte so til Skarsfjedle, og hengde eit drikkehorn av kostelegt metall i hesterova til takk for hestelånet. Sidan har det ikkje vore huldrefolk på Mølster segjest det. Andre fortel det so at då det kom krut til Voss, tolde ikkje huldrafolki smellen av det og flytte difor til Graobergshòle innanfor Rogns-vårstølen Kringlo. Um morgonen stod hesten utanfor stovedøri på Mølster laugande sveitt med eit gullstaup bunde i luen. I berget under Hangùren er det eit fælt hol som dei kallar Graoberghòle. Ein hund smatt inn der ein gong og kom ut att i Høylandsurdo er det fortalt. |