148. Nygryten (Grytestølen).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 434 ---

Namnet vert nemnt i 1695 (skrive Nyg Røtten). Staden vert no kalla Grỳtéstødl'n2. Grỳtó skal vera namn på ein botn eller dal ovanfor der under Grỳtéfjèdlé, elvi heiter Grỳt-aonæ.

Oftast vert denne garden i dagleg tale kalla Grytestølen eller Stølen. Garden er ikkje førd upp i matrikkelen 1661. I 1723 var skyldi 12 mark og der var ein brukar. Der var skog til brensel og husvøling. Det var ein ring fjellgard og korn kunde knapt veksa der. Skyldi vart 1838 umskrivi til 3 ort 8 skill. Samanlikningstalet var 100. Garden var svært frostnæm, hadde turvande fureskog og brennefang og vassfall.

Matrikkelen 1865 melder ikkje noko anna um Nygryten enn at Nils Eirikson var eigar. I 1918 er heller ikkje ført upp noko um garden.

Det budde 7 menneske på Nygryten i 1801, ikkje nokon 1865 og 5 i 1920.

I 1723 fødde dei 6 storfe og 3 småfe og avla ¾ tunne korn.

I den store skogsaki i 1670-80-åri er i 1684 upplyst at «Grytten» då var øydejord og låg «udenfor Almenningens merke Grytaa». I lang tid hadde eigedomen lege øyde og under fefot. Der var god hamnegang og det synte etter hustufter. På andre sida åt Grytaonæ - ikkje langt frå Grytten - i Almenningen var ikring 1672-74 upprutt og bygt på ein plass som vart kalla Nygryten, men tidlegare Grytestødl'n. Store- og Vetla Hegg og Voll stølte der fyrr. Gamle menn som vart førde som vitne i skogsaki upplyste at ei gamal jord kalla Grytten millom Grytelvæ og garden Eggjareid var lagt øyde. Dei hadde høyrt av fedrane sine at det høyrde til Almenningen. Klas Miltzow hadde ikring 1683-84 bygsla denne eigedomen burt for 5 rd. Brukaren hadde godviljug vedteke 9 mark som landskyld på eigedomen og betalt skatt etter det, men han var ikkje taksert i landskyld av sorenskrivar og lagrettemenn.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Nygryten. Klas Miltzow er i skattemanntalet 1676 førd upp som eigar av 6 mark. Kommissær Lillienskjold fekk 1678 kongeskøyte på 9 mark. Kommissær Broderson åtte det 1691 og 1695 og då var skyldi 12 mark. Olav Lindberg var

--- side 435 ---

leiglending. Enkja Kristi Herbrandsdr. var leiglending 1701 og Anders i 1715, 1723 og lenger. Han var f. 1671, g. m. Anna Olavsdr. og døydde 1740. Sju born: Herbrand, Olav, g. 1724 i m. Ingebjørg Endresdr. Midberde, Kristi, g. 1735 m. Nils Nilsson Øvsthus, Kristoffer f. 1713, Lars f. 1716, g. 1744 m. Gjertrud Tormodsdr. Kvamme, Guro f. 1719, g. 1742 m. Per Sveinson Skjervheim, Åsa som 1730 fekk sonen Mons m. Hollgeir Monsson Kvarakvål.

Herbrand Andersson var g. 1733 m. Brita Olavsdr. Haugen (syster åt Lars O. Kvåle, Tjukkeb.) og kjøpte 1733 Nygryten for 35 rd. I handelen fylgde med rett til å hogga i Almenningen det timber som trongst til husi hans. Herbrand bygsla 1740 Almenningen, kjøpte 1754 Eggjareid og budde sidan der. Sigrid, dotter hans Herbrand, var som umtala på Eggjareid g. m. Sjur Nilsson Kolvu. Dei fekk 1763 Nygryten hjå far hennar og budde der. Ho døydde s. å. og Sjur gifte seg att 1764 m. Synneva Gusskalksdr. Endeve. Sjur døydde 1777, 45 år gl. og hadde fire born m. Sigrid og to m. Synneva: Arne, Anders, Brita, Sigrid, Nils og Gusskalk fødde 1757-1767. Gusskalk budde fyrst på Jeraldstveiti so på Litlere og deretter på Vetla Rokne. Ved skifte etter Sigrid var Nygryten verdsett 35 rd. Bruttomidelen var 113 rd.

Arne Sjurson f. 1757 gifte seg 1781 m. Ingjerd Knutsdr. Reime, 1789 m. Anna Henriksdr. Helleve og 1793 m. Anna Jonsdr. Klyve. Han fekk skøyte på garden 1777. Det er fortalt at ein vår han skulde setja potetor, vermde han dei i ein kjel for at dei skulde gro snarare. Arne døydde 1840 og Anna 1845, 78 år gl. Bruttomidelen ved skifte etter Arne var 195 spd. Han fekk med Anna seks born: Sjur f. 1796, Brita f. 1797, g. 1843 m. Ekm. Ivar Eilivson Øvsthus, Anna f. 1800 (Amerika), Arngunna f. 1801, g. m. Anders Arneson Skiple, Sigrid f. 1804, g. 1840 m. Halldor Larsson Kjønnagard, Ingjerd f. 1807, g. 1. 1831 m. Jon Arneson Kolvu, 2. m. Jon Knutson Lid.

Sjur Arneson f. 1796 vart gift 1829 m. Brita Bårdsdr. Lunde og fekk 1827 skøyte frå far sin på garden, selde han 1845 til Mons Alfson Bjelde og kjøpte bruk 3 Vike. Sjur skulde vera flink smed, rokkadreiar, rosemålar og veidemann. Han skaut 4 bjørnar og 7 ville reinsdyr, er det fortalt. Han møtte på tinget 1819 og synte fram hudi av ein bjørn som han hadde skote og fekk 1 dalar 72 skill. i premi. Det såg ut til at bjørnen hadde

--- side 436 ---

vore ikring 5 år gamal. Mons var g. m. Katrina Erlendsdr. og dei fekk på Nygryten borni Erlend f. 1847 og Ingebjørg f. 1848. Mons selde 1851 til Nils Eirikson Graudo og Lars Larsson Graudo og reiste til Amerika. Lars let sin part same året til Knut Andersson Lae, Graudo, og det vart skilt frå som bruk 2. Nils Graudo let bruk 1 til Eirik son sin i 1888, som skøytte det saman med bruk 5 Øvre Graudo til dottersonen Eirik Andersson Øvre Klyve. Då Nils og Lars Graudo kjøpte bruk 1, var der stovehus i to høgder, bu og loft, løde, kyraflor, saueflor, geithus, smidje, turkehus, stampe og to kvernar. Alle husi var tekte med torvtak. Det var 16 båsar i floren og dei hadde fødd 14 krøter.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 149, lnr. 297 med gamal skyld 12 mark, urevidert 3 ort 8 skill., revidert 1 dalar. Ny skyld 73 øre etter at bruk 2 og 3 er skilt frå.

Bruk 2. Nygryten. Utskilt frå bruk 1 i 1868 med skyld 36 øre og selt til Knut Lae som selde att 1860 til Anders Jonson Kvåle for 200 spd. Enkja hans selde 1875 halvparten til Jon Sjurson Hjellum, som same året selde til Jon Knutson Lid. I 1876 vart skilt frå bruk 3, og bruk 2 som var støl kjøpte Arne Jonson Kolvu og Brynjulv Nilsson Kvåle for 670 kronor. Ved skifte etter Arne 1890 fekk sonen Jon Arne sin part. Enkja hans Brynjulv skøytte deira part 1897 til sonen Johan. Enkja etter Jon Arneson selde halvparten i 1913 til Askjel O. Bryn for 1000 kronor. Joh. Paasche kjøpte 1915 av Johan B. Kvåle og Askjel Bryn heile stølen bruk 2 for 2600 kronor.

Bruk 3. Nygryten. Utskilt frå bruk 2 i 1876 med 36 øre i skyld og selt til Knut Knutson Lid for 400 kronor. Han tok det til støl åt Lassahaugen og let han saman med Lassahaugen til sonen Olav. Joachim Åmundson kjøpte stølen 1928.

Bruk 4. Myrateigen. Skilt frå bruk 1 og 3 i 1922 med skyld 12 øre. Eigar: Sjur O. Lothe.

Husmenn.

Anders Arneson Skiple, g. m. Arngunna Arnesdr., nemnde ovanfor, fekk ikring 1826 feste på plasset Bergatræe med noko meir jord til. Det vart sak 1829 um plasset, men ved domen Anders fekk ha det.

Støl.

Støl var det ikkje i 1723 er det sagt i matrikkelen. Stølen som garden sidan hadde, er kalla Grytebot'n og ligg vestanfor Mjølfjell stasjon, men er ikkje i bruk no.

Kvern.

Kvern var det ikkje 1723, men i 1776 og 1791 var der ei umkvern. Då Nils og Lars Graudo kjøpte i 1851, var der to kvernar i Fossagroæ og ei stampe. I Gryt-aonæ millom Eggjareid og Nygryten ligg enno nokre stokkar etter stampa. Utanfor Grytestødl'n er Austmannahylen i Storelvæ. Der har fyrr vore sett upp iskvernar um vinteren.

Offentlege forretningar.

Godviljug utskifting 1853. Jarnbanetakst 1899. Semje 1921 med Hagen um køyreveg.

Bumerke.

Herbrand 1750 tavle 6 nr. 88, noko brigda 1751. Sjur 1764 t. 6 nr. 89.

Är du säker på att du vill logga ut?