162. Opeland.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 518 ---

Namnet vert i Bjørgynjar Kalfskinn (umkr. 1350) skrive a Opalande og a Hopalandi. Det vert no sagt Òpland2; han búr pao, è tao Òpland, ska tì Òplans. Etter den gamle formi å døma må fyrelekken vera eit elvenamn Opá, som vert å forklåra som ei elv (eller bekk) som renn motsett ei onnor attmed, og ei slik er det i Storedalen ovanfor garden.

Landkommisjonen har 1661 ført garden upp med 1 laup 9 mark i skyld, ein brukar, og sagt at der var skog til eige bruk. I 1723 var der litt skog til husvøling, turvande brensel og ein humlagard. Garden var noko tungbrukt. Kornavlingi var bra årviss. Skyldi var den same til 1723 då ho vart høgda til 1 laup 18 mark og umskrivi 1838 til 5 dalar 4 ort 20 skill. Samanlikningstalet var 900. Der var vedaskog til eige bruk og fureskog til sal.

Matrikkelen 1865 melder at der var 232/3 mål åker, 3½ mål dyrka eng, 24 mål god, 30 mål medels natureng og 49 mål skrapebø. Det var ring hamnegang og skog til husbruk. Bruk 1 kunde selja timber og ved for 6 spd. årleg og bruk 2 timber for 5 spd. Garden var svært tungbrukt, sume tider utsett for å svida og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var det 21,8 mål åker, 22 mål kunsteng og 36 mål natureng.

Folketalet var 22 i 1801, 20 i 1865 og 65 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Opeland.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   11   6          
1723 2   18   12   10 ½    
1865 2   24   65   54 ½ 58  
1918 5   14   62          

--- side 519 ---

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangens prestebol åtte 1 laup på Opeland og Evanger prestebol ½ laup. Leidangen var etter leidangsboki 1624 6 mark smør og 1 geitskinn. Torgeir er nemnd fleire gonger som leiglending 1611-1636. Han betalte 1635 garnisonsskatt for 1 laup med 16 skill. Arne Johannesson g. m. Gjertrud budde der 1645. Byrge Juel og Samuel Loss åtte kvar ½ laup 4½ mark i 1652, 1655 og 1659. Arne var leiglending. Han stemnde 1656 Nils Stuarjo og sønene hans for di dei ein sundag på Opeland hadde teke på Arne


Opeland
Bilete 66. Opeland. Fot. P. Braaten 1936.

og kona hans so dei visst hadde vorte drepne dersom det ikkje hadde kome hjelp.

Det var same eigarar i 1661. Eirik Knutson var leiglending både då og i 1664. Ervingane etter Lars Rosenberg åtte 1676 ½ laup og Elias Loss ½ laup i 1680. Johannes Jonson var eigar og brukar av heile garden 1691, 1695 og 1701. Han var g. m. Brita Eiriksdr. og døydde 1714. Ved skifte etter Johannes vart jordgodset verdsett 100 rd. og der er ført upp ni born: Henrik, Ivar f. 1693, g. 1714 m. Ragnhilda Eilivsdr. Kvåle og budde på Skår, Granvin, Abelone f. 1696, død ugift 1737, Kari f. 1698,

--- side 520 ---

g. 1733 m. Hollgeir Monsson Fenno, budde på Brurestolen 1752, Styrk f. 1701, g. 1724 m. enkja Kari Sylfestdr. Tveiti, Åmund f. 1704, Torgeir f. 1707, død ugift 1752, David f. 1710, g. 1736 m. enkja Gudve Tormodsdr. Stuarjo, Herborg, g. m. Hallstein Istad.

Johannes var lagrettemann 1677. Då han døydde, gifte ho Brita seg att 1715 m. Olav Nilsson frå Lærdal og fekk 1716 sonen Johannes. Brita døydde 1722 og ved skifte etter henne åtte dei 2½ spann på Opeland og 2 pund på Væte. Olav gifte seg andre gongen 1724 m. enkja Ingebjørg Nilsdr. Helleve. Ivar Johannesson og Olav, stykfar hans, fekk garden, og var brukarar. Henrik har seinare kjøpt parten av Ivar, bror sin, og stemnde 1724 stykfaren med krav på å få hans part av garden. Dei vart forlikte soleis at Henrik skulde få gardparten mot å betala 36 rd.

Henrik Johannesson var g. m. Marta Mikkjelsdr. Han let 1747 ½ laup til sonen Johannes og 6 mark på Brurestolen til sonen Mikkjel. Han selde det att 1753 til Johannes. Henrik døydde 1766, 73 år gl. og Marta 1760, 69 år gl. Dei hadde tri born: Johannes, Mikkjel f. 1728, g. 1751 m. Sigrid Johannesdr. Holo, Kari, g. 1733 m. ekm. Anders Andersson Hylle.

Johannes Henrikson let 1767 ½ laup 4½ mark til Mikkjel, bror sin. Han hadde fått ½ laup 4½ mark hjå far sin i 1759. Johannes budde sidan på Brurestolen. Mikkjel og Sigrid fekk på Opeland borni: Synneva f. 1751, g. 1772 m. Knut Andersson Møn, Ingebjørg f. 1758, Anna f. 1762, Marta, g. 1781 m. Lars Andersson Møn, Henrik f. 1769, g. 1812 m. Anna Andersdr. Håtveiti. Mikkjel bytte 1785 m. Bård Oddson uti 2 pund på Mala og fekk 363 rd. i byte. Framhald bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Opeland. Knut Andersson Møn, g.m. Synneva Mikkjelsdr., nemnde ovanfor, fekk 1771 skøyte på ½ laup 4½ mark. Han døydde 1817, 73 år gl. og Synneva 1820, 70 år gl. Dei hadde tri born: Anders, Brita f. 1783, g. 1810 m. Jon Andersson Hylle og Ingebjørg f. 1786, g. 1820 m. Brynjulv Steffason Skjerve. Anders var f, 1779, g. 1818 m. Ingebjørg Larsdr. Skjerve og fekk 1811 skøyte frå faren på garden for 700 rd. Ingebjørg døydde 1834 51 år gl. og hadde dotteri Synneva f. 1824. Ved skifte etter Ingebjørg var garden taksta

--- side 521 ---

430 spd. og skogen 30 spd. Bruttomidelen var 712 spd. Anders gifte seg att 1835 m. Anna Eilivsdr. Lekve. Han døydde 1854 og Anna 1865, 78 år gl.

Synneva Andersdr. gifte seg 1843 m. Mikkjel Larsson Takla. Ho hadde fått garden ved skifte etter mor si. Mikkjel selde garden 1845 til Anders Askjelson Lid og døydde 1869, 73 år gl. Anders var g. m. Elsebø Olavsdr. og dei fekk på Opeland tri born: Olav f. 1847, Anna f. 1849 og Ingebjørg f. 1852. Anders selde bruket 1856 til Knut Olavson Vivås for 800 spd.

Knut var f. 1821, g. m. Rannveig Nilsdr. Tesdal f. 1811 og døydde 1896. Dei hadde borni: Olav f. 1849, g. 1874 m. Ingebjørg Johannesdr. Himle, gardmann på Himle, Ingebjørg (Amerika), Anna f. 1858 som gifte seg 1882 m. Magne Sjurson Vinjo f. 1857. Dei fekk 1884 skøyte på garden frå far hennar for 2400 kronor. Anna døydde 1893 og Magne gifte seg att 1896 m. Anna Knutsdr. Brurestolen f. 1869.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 163, lnr. 313 med gamal skyld 1 pund 21 mark, urevidert 2 dalar 4 ort 22 skill., revidert 2 dalar 3 ort 8 skill. Ny skyld mark 3,88 fyrr bruk 4 var skilt frå.

Bruk 2. Opeland. Bård Oddson Mala kom som ovanfor meldt til Opeland 1785 og vart eigar av bruk 2. Han gifte seg 1786 m. enkja Gjertrud Ivarsdr. Tøn. Bård kjøpte 1791 odelsretten til bruket av Henrik Mikkjelson Mala. Bård og Gjertrud fekk på Opeland borni: Kari f. 1787, Inga f. 1789, Arngunna f. 1794, Olav f. 1797, Marta f. 1801 og Anna f. 1805.

Bård bytte 1805 m. Brynjulv Åmundson uti Osgjerd. Han hadde butt på Øvre Graudo og deretter på Tròdo fyrr han kom til Osgjerd. Brynjulv var g. m. Steinvor Andersdr. Gjerde og døydde 1829, 71 år gl. Steinvor døydde 1843, 90 år gl. som kårkone på Graudo. Åtte born: Åmund f. 1780, husmann, Brita f. 1781, Anders f. 1783, som 1829 budde i Bergen, Nils, Kristi f. 1784, Ingerid f. 1786, g. m. Brynjulv Torleivson Graudo, Kristi f. 1795, Gunnvor f. 1800. Olav Nilsson Voll kjøpte bruket 1809 på auksjon og selde att 1810 til Mons Sylfestson Hildestveiti for 1200 rd. Han bytte 1813 med Torbjørn Person uti bruk 2 Litlere.

Torbjørn selde 1814 13½ mark til lensmann Ringheim. Jon Arneson Riise frå Sunnfjord kjøpte 1817 bruk 2. Han var g. m. Hildegunna Jonsdr. og dei fekk på Opeland borni: Eli f. 1819, Ragnhild f. 1821 og Anna f. 1823. Jon selde garden

--- side 522 ---

1824 til Brynjulv Aslakson Flatekvål. Han var f. 1799, g. 1828 m. Marta Knutsdr. Ringheim f. 1807. Dei selde garden 1843 til Gusskalk M. Seim og reiste til Amerika. Gusskalk budde der til 1854, då selde han til Torkjel Torkjelson Skjerve og kjøpte gard på Dukstad, der Gusskalk er umtala vidare.

Torkjel var g. m. Eli Knutsdr. f. 1822 i Hardanger. Torkjel døydde 1858 og Eli gifte seg uppatt m. ekm. Lars Larsson Skjerve. Ho døydde 1878, 56 år gl. Torkjel og Eli hadde tri søner: Knut f. 1843 på Folkedal, Torkjel f. 1849, g. 1875 m. Torbjørg Andersdr. En, Nils f. 1852. Torkjel var underoffiser, hadde handelsforretning på Vangen, var utgjevar nokre år av bladet Vossingen og reiste sidan til Amerika. Lars og Eli fekk dotteri Brita f. 1859, som 1884 vart g. m. Anders Knutson på Flatlandsmoen.

Knut Torkjelson gifte seg 1866 m. Brita Nilsdr. Bjørku, Han fekk garden med støl på Steindrù for 700 spd. Knut selde garden 1868 til Lars Torbjørnson Grovu frå Ljono i Ulvik for 1000 spd. Lars bytte 1870 m. Gitle Olavson Fenno ut i Mala. Han var f. 1823, g. m. Anna Johannesdr. Hereid, Eidfjord, f. 1825. Gitle ætta frå reknemeisteren Gitle Auro. Gitle Olavson døydde 1883 og Anna 1917. Åtte born: Johannes, Anna f. 1852, g. 1875 m. Arne Person på Skutle, Brita f. 1856, g. 1881 m. Torgeir Vikingson Mølster, husmann på Rogne, Olav f. 1859, g. 1883 m. Maria Josefsdr. Bjørgo, gardmann på Øvre Lid, Kari f. 1862, Ingebjørg f. 1864, g. 1888 m. Lars Larsson Grovu, handelsmann på Vangen, Marta f. 1867 og Margreta f. 1872, båe i Amerika.

Johannes Gitleson f. 1847 på Bu i Kinsarvik, g. 1877 m. Brita Nilsdr. Øvre Lid f. 1851, fekk 1879 skøyte frå far sin på garden for 2000 kronor. Johannes døydde 1908 og Brita 1933. Sonen Olav f. 1878 fekk garden 1901 for 3500 kronor og gifte seg 1918 m. Anna Andreasdr. Hjørnevik f. 1886. Olav er god til å arbeida både i tre og jarn, har arbeidt mykje av sine maskinor og gardsreidskap og har laga ei maskine til å bora inntil 5 meter lange trelurar til vassleiding.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 163, lnr. 314 med gamal skyld 1 pund 21 mark, urevidert 2 dalar 4 ort 22 skill., revidert 2 dalar 3 ort 18 skill. Ny skyld mark 4,00 fyrr noko var skilt frå.

Bruk 3. Øyjoræ. Utskilt frå bruk 2 i 1869 med skyld 36 øre og selt til Henrik Bårdson Håtveiti for 800 kronor. Det

--- side 523 ---

var fyrr plass og kalla Opelandsøyjoræ. Henrik var f. 1833, g. m. Jorunn Johannesdr. Tveiti f. 1837. Han døydde 1907 og ho 1925. Dei hadde borni: Kari, Brita, Marta, Johannes, Eli, g. 1895 m. smed Lars Jørgenson Horvei, Gjertrud, Olina, fødde 1858-1882. Ho Olina fekk skøyte på bruk 3 og 8 ved skifte etter foreldri for 8000 kronor. Ho døydde ugift 1931 og syskini hennar fekk då eigedomane. Sjå bruk 8.

Bruk 4. Øygard. Skilt fra bruk 1 i 1891 med skyld 16 øre og selt til Olav Davidson Vivås for 600 kronor. Johannes G. Opeland kjøpte det på auksjon 1899 og selde det att 1901 til Olav, son sin. Han selde det 1909 til Nils, bror sin. Nils er f. 1884, g. m. Ingebjørg Nilsdr. Fenno.

Bruk 5. Nedre Opeland. Utskilt fra bruk 1 i 1902 med skyld 28 øre og selt til Johannes Eliasson Hillevåg for 1600 kronor. Han er f. 1862, g. 1888 m. Elisabet Olavsdr. Bjørku f. 1855. Dei hadde fyrr husmannsplass på Øvre Fenno.

Bruk 6. Hagateigen. Skilt fra bruk 1 i 1904 med skyld 44 øre. Olav J. Opeland kjøpte eiegedomen for 2500 kronor og selde att 1909 for 2700 kronor til Jon Eirikson Brekkhus f. 1873, g. 1904 m. Kari Helgesdr. Opeland f. 1869. Han driv med hellearbeid.

Bruk 7. Vetla Stuarjo. Utskilt 1905 frå bruk 1 med skyld 2 øre. Lars H. Veiso kjøpte det. Sjå bruk 3 Stuarjo.

Bruk 8. Storaglenno. Utskilt 1906 frå bruk 1 med skyld 2 øre og selt til Henrik Bårdson Opeland for 400 kronor. Det har sidan fylgt med bruk 3.

Bruk 9. Nyborg. Utskilt 1910 frå bruk 1 med skyld 25 øre. Nils Monsson Fenno kjøpte det for 1500 kronor. Dotteri Brita fekk skøyte 1928 og er g. m. Lars Tormodson Vinsand, som er hellearbeidar.

Bruk 10. Opelandsteigen. Utskilt 1910 frå bruk 1 med skyld 33 øre og selt til Anders K. Møn for 1300 kronor.

Bruk 11. Kalvatræe. Utskilt fra bruk 1 i 1911 med 7 øre i skyld. Guri Andersdr. Hildestveiti kjøpte det og bytte med Olav Johannesson Opeland uti bruk 12.

Bruk 12. Opelandshagen. Utskilt 1911 frå bruk 2 med 7 øre i skyld. Guri Andersdr. Hildestveiti fekk denne eigedomen ved byte i staden for bruk 11. Ho var f. 1870 på Nesheim, Granvin, g. 1907 m. Torleiv Toreson Jørstad, Valdres. Ved skifte etter Guri vart eigedomen seld til Andreas Olavson

--- side 524 ---

Fenno for 1524 kronor. Han er f. 1892 og g. 1921 m. Marta Herlaugsdr. Vivås f. 1895.

Bruk 13. Fagerheim. Utskilt 1912 frå bruk 1 med 90 øre i skyld og selt til Anders K. Møn for 1500 kronor. Han selde att 1926 til Lars H. Veiso for 5850 kronor. Sjå bruk 7 og bruk 3 Stuarjo.

Bruk 14. Solstrand. Utskilt 1919 frå bruk 2 med 30 øre i skyld. Salamon S. Knapstad kjøpte det, er f. 1886 og g. 1912 m. Andrea Andreasdr. Hjørnevik. Han driv med hellearbeid.

Bruk 15. Opelandsstølen. Utskilt 1920 frå bruk 1 med skyld 28 øre og selt til Olav Johannesson Opeland for 900 kronor.

Bruk 16. Florsteigen. Utskilt 1928 frå bruk 13 med skyld 47 øre. Olav J. Opeland er eigar.

Bruk 17. Hagatun. Skilt fra bruk 2 i 1933 med skyld 2 øre og ervefest til Knut S. Bokkatun.

Husmenn på Opeland.

Det var to husmenn i 1701: Nils Sveinson f. 1645 og enkja etter Torstein med fire born: Lars, Atle, Knut og Anders f. 1686-1690. Arne Hagtorson, g. m. Torilda Torbjørnsdr. fekk sonen Knut i 1728. Velom Knutson fekk 1733 sonen Bjarne. Per Asbjørnson, g. m. Ingjerd Olavsdr. fekk dotteri Synneva i 1720. Hollgeir Monsson, g. m. Kari Johannesdr. døydde 1760, 50 år gl. og hadde tri born etter seg: Johannes, Mons f. 1742 og Gjøa f. 1735, g. 1773 m. ekm. Trond Mattisson Midt Skutle.

På plasset Opelandskjødnæ budde Åmund Johannesson, nemnd ovanfor, g. 1726 m. Synneva Ivarsdr., som døydde 1772. Åmund døydde 1790, 85 år gl. og hadde tri born: Magli f. 1727, Anna f. 1732, g. 1776 m. Knut Brynjulvson Graudo, Olav f. 1737. Knut og Anna feste plasset Opelandskjødnæ i 1784 av bruk 1 og 2. Anna døydde 1807 og Knut gifte seg att 1808 m. Sigrid Ivarsdr. Kinne som døydde 1847, 91 år gl. Han døydde 1842, 92 år gl. utan born. Olav Åmundson, g. m. Herborg Tormodsdr. som døydde 1792, fekk tri born: Brita f. 1770, Synneva f. 1775 og Johannes.

Brynjulv, g. m. Gudve Halledr., som døydde som enkje 1792, hadde fire born: Halle Kinne, Knut, nemnd ovanfor,

--- side 525 ---

Anna som var enkje i 1792 og Halldis, g. m. Lars Olavson Langeland. Ingebjørg Olavsdr. fekk 1853 husmannsfeste. Helge Jakobson Vele f. 1841 i Evanger var g. 1863 m. Marta Larsdr. Helland og døydde 1917. Ho døydde 1926. Han var mange år vegvaktar på Hardangervegen. Dei hadde borni: Jakob, Olav, Lars, Nils, Kari, g. m. Jon Brekkhus, Helge, Rannveig og Nils d. y. Fem av dei er i Amerika.

Forutan dei ovanfor nemnde som har butt på plasset Opelandskjødnæ, har det vore etternemnde husmenn på Opeland: Lars Andersson, g. m. Marta Mikkjelsdr., som i 1781 fekk dotteri Brita. Knut Brynjulvson, g. m. Ingebjørg Torgeirsdr. fekk 1786 dotteri Sigrid. I 1801 var det forutan fyrr nemnde Knut Brynjulvson tri andre husmenn: Odd Person f. 1733, g. m. Brita Eiriksdr. f. 1737, Olav Person f. 1733, g. m. Synneva Andersdr. f. 1737 og Godvin Eirikson f. 1744, g. 2. 1801 m. enkja Ingerid Olavsdr. Tverberg og hadde med henne sonen Olav f. 1783. Sjur Olavson, g. m. Marta Jørgensdr. som døydde 1818, 45 år gl. og hadde dotteri Kari. Sjur gifte seg att m. Guri Eilivsdr. Bjørgo og fekk borni Marta f. 1819, g. 1843 m. Sjur Brynjulvson Fletre f. ikring 1811 og Olav f. 1823. Sjur Olavson døydde 1856, 70 år gl. og Guri 1847, 66 år gl. Olav Nilsson Møn fekk husmannsfeste i 1845.

Åmund Brynjulvson f. 1780 fekk husmannsfeste i 1811. Han var med i krigen mot Sverike, døydde på Austlandet 1814 og er på Veteranbautaen skriven for Trå. Brynjulv Åmundson vart husmann etter at han hadde slutta som gardmann på bruk 2. Brynjulv Knutson f. 1807, g. 1831 m. Brita Knutsdr. Ringheim, var husmann på Opeland 1831-1839 og var sidan gardmann på Grovu. Sigrid Knutsdr. Opeland f. 1803, dotter til K. Brynjulvson, var g. 1. m. Jakob Ingebriktson frå Valdres, 2. 1845 m. ekm. Nils Andersson Grovu og 3. 1868 m. ekm. Olav Hermundson Grovu på Jerald. Sigrid hadde med Jakob borni: Sjur Haugateigen, husmann, Jakob Istad, husmann, Knut Grovu, Steinbruhaugen, handelsmann.

Olav Ivarson, g. m. Marta Larsdr. fekk 1837 dotteri Kirsti. Lars Larsson, g. m. Anna Knutsdr. fekk 1849 dotteri Maria. Gitle Knutson, g. m. Herborg Gudleiksdr. fekk 1851 dotteri Herborg. Knut Eilivson døydde 1853, 59 år gl. Knut Brynjulvson døydde 1860, 81 år gl. Folketeljingi 1865 har ført upp tri husmannsplass: Hagen, Opelandskjødnæ og Øyjoræ. Lars

--- side 526 ---

Håvardson f. 1813, g. m. Ragnhild Nilsdr. f. 1820 budde i Hagen. Han døydde 1904. Stova og innbuet deira brann 1877. Han Lars var flink til å lagga og ein meister til å laga fine smørembrar.

Ingebjørg Nilsdr. f. 1799, som var enkja etter Knut, hadde plasset Opelandskjødnæ som ho fekk feste på i 1853. Etter dei kom Johannes Eliasson, sjå bruk 5. Lars Gudleikson f. på Jernes 1811 døydde som ekm. 1896. Det har og vore to plass som ikkje er nemnde ovanfor: Sigvorplasset der berre husmuren står att, og plasset Storedalen, der siste husmannen heitte Olav.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden i 1723. Han ligg på fjellet ovanfor garden og heiter Opelandsstølen. Stølen åt bruk 2 høyrde ei tid til Mala og bruk 2 hadde støl på Steindrù. Ved gardabyte millom Lars Ljono og Gitle Olavson fekk bruk 2 att Opelandsstølen og Mala fekk att Steindrù. Bruk 1 har selt stølen sin til bruk 2, sjå bruk 15.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala 1723, 1776 eller 1791. Båe bruki har seinare havt kvar si kvern, men no er dei burte. I skifte 1714 etter Johannes Jonson er ført upp ei sag ved hovudvegen, verdsett 4 rd. og halvparten i ei kvern, verdsett 1 rd. Olav Johannesson har bygt sirkelsag, som er drivi med vatn gjenom ei tritums røyr med 80 meters fall.

Offentlege forretningar.

Kommisjonssemje 1811 um utsteining. Godviljug utskifting 1837. Utskifting med Bokkatun 1921 av utmark. Bruk 3 har 1922 gjeve løyve til Voss Jordstyre å føra hovudkanal frå Istadmyrane over eigedomen. Det har vore halde merkeskilforretning 1932 for bruk 3.

Ymse.

Tri svenskar flekte noko hellor på Opeland i 1870. Seinare har det og vore prøvedrift etter hellor, men noko større drift har det ikkje vorte. I bergi ovanfor Opeland til Møn veks ymse meir sjeldne plantar soleis m. a. vinebærkrakar med kvite bær. Skjerve til Opeland har vore ei grend. Takla og Tverberg høyrde og til denne grendi til ikring 1850.

Bumerke.

Olav 1719 tavle 7 nr. 10, noko brigda 1722. Henrik 1735 t. 7 nr. 11. Johannes O. 1772 brukte liknande merke. Mikkjel 1770 t. 7 nr. 12. Knut Andersson 1781, 1782 t. 7 nr. 13 og noko brigda 1786.

Är du säker på att du vill logga ut?