135. Øyaflòten.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 356 ---

Namnet vert i 1723 skrive Øyeflot. Det vert no sagt berre Flòt'n1; han búr pao, è tao Flòtè, ska pao Flòt'n, sms. Flòtagríndè. Namnet er samansett av ei øy (flat mark ved vatn eller elv) og flòt (gn. flọtr m.), flate.

Øyaflòten er umtala i matrikkelen 1723. Det står der at han for mange år sidan var upprudd av garden Lid og vart lagd i skyld 9 mark. Derav åtte Vangens prestebol 3 mark og Henrik Miltzow 6 mark. Um lag det same er umtala på tinget 1709. Garden var tungbrukt og hadde vedaskog, men ikkje husmannsplass eller kvern. Med kornavlingi var det usikkert. Skyldi 9 mark vart 1838 umskrivi til 2 dalar 1 ort 15 skill. Samanlikningstalet var 350. Der var turvande vedaskog og fureskog.

Matrikkelen 1865 melder at der var 64/5 mål åker med ring jord, 12 mål god, 34 mål medels natureng og 40 mål skrapebø. 6 mål var skikka til dyrking. Hamnegangen var medels. Der var vedaskog, men ikkje timber. Garden var medels lettbrukt og mindre godt dyrka. Kornet fraus sume år. I 1918 var der 8,3 mål åker, 16 mål kunsteng og 14 mål natureng.

På Øyaflòten budde 7 menneske i 1801, 3 i 1865 og 36 i 1920.

--- side 357 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Øyaflòten.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723     6   6   3      
1865 1   11   17   16   7  
1918 3   12   22          

Folketeljingi 1701 har ført upp Øyaflòten som rudningsplass med Eiliv Steffason f. 1659 som brukar. Det er truleg


Øyaflòten. Raundalskyrkja
Bilete 44. Øyaflòten. Raundalskyrkja. Fot. P. Braaten 1936.

han som har rudt garden. Eiliv var g. m. Guro Olavsdr. som døydde 1737, 73 år gl. Skifte etter han er halde 1713, der det er ført upp fem born: Olav f. 1697, død 1749, Inga f. 1693, Kari f. 1700, g. 1736 m. Mikkjel Olavson Kvåle, Per f. 1702, g. 1738 m. Brita Johannesdr. Vetla Grovu (døydde på Øyaflòten 1754 og hadde sonen Lars f. 1749), Lars f. 1708. Jon Olavson Lid kjøpte 1723 dei 6 mark på Øyaflòten som Henrik Miltzow åtte. Lars Bårdson Lid var eigar av desse 6 mark i 1750 og selde dei då til versonen Lars Olavson.

Inga Eilivsdr. f. 1693, g. m. Sjur Øyaflòten vart leiglending etter hennar foreldre. Sjur døydde 1744, 51½ år gl. og Inga

--- side 358 ---

døydde 1755. Dei hadde fire born: Marta f. 1722, død 1752, Eiliv f. 1723, Bård f. 1728, g. 1754 m. Marta Eiriksdr. Dukstad og fekk 1759 dotteri Inga, og Guro f. 1735. Eiliv vart gift 1. 1744 m. Kari «Øielod», 2. 1773 m. Herborg Jonsdr. Haugen og vart 1744 leiglending etter foreldri sine. Bård Sjurson budde der og ei tid.

Jon Sverkveson Rene, g. 1. 1760 m. Eli Gudleiksdr. Takla, 2. 1778 m. Ingebjørg Larsdr. Lid er vorten leiglending på Øyaflòten ikring 1780 og døydde 1809, 69 år gl. Ingebjørg døydde 1824, 78 år gl. Jon skulde vera ein kraftig kar og heldt stundom styr på slagsbrørne på Skrumpen på Vangen den tid han budde på Rene. Det vart stogn på sjauen når dei såg han Jon i døri. Dei som ein gong hadde vore i hendene på han, lysta det ikkje upp att, er det fortalt. I skifte etter Jon 1810 er ført upp borni Bård, g. 1813 m. Anna Eilivsdr. Berge, Knut, Torgis, g. 1823 m. Brita Larsdr. Skiple, Rannveig f. 1768, Ingebjørg f. 1774, Eli g. 1825 m. Asle Bjarneson Vetla Hegg, Lars f. 1788.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Øyaflòten. Vangens prestebol åtte 1808 framleies 3 mark i garden, og overbygsel til 6 mark. Lars Jonson f. 1788, g. 1818 m. Steinvor Larsdr. Store Skiple bygsla garden etter foreldri sine. Lars døydde 1866. Ho Steinvor fekk 1867 kongeskøyte på garden for 500 spd. og jordavgift 3 skjeppor 1/3 fjerdingkar bygg. Lars og Steinvor fekk borni Ingebjørg f. 1818, Guri f. 1822 og Marta f. 1827, g. 1851 m. Olav Nilsson Kvåle. Steinvor, som døydde 1875, 80 år gl., skifte garden i tri partar, bruk 1, 2 og 4, so kvar av døtterne fekk sitt bruk.

Ingebjørg Larsdr. fekk bruk 1 i 1876 etter at dei andre to bruki var skilde frå. Ho var g. 1845 m. Gudleik Knutson Almenningen. Dei budde på Øyaflòten til 1847 då Gudleik kjøpte bruk 10 på Skiple og flytte dertil. Deira son Knut f. 1847, fekk skøyte 1886 på bruk 1 for 800 kronor. Han gifte seg 1881 med Gjertrud Erlendsdr. Lindberg f. 1855 og døydde 1916. Gjertrud døydde 1914. Dei hadde ikkje born, men tok til seg som fosterbarn Gunnbjørg Åmundsdr. Ronve på Endeve. Ho var f. 1883, g. 1909 m. Nils Nilsson Lid f. 1882. Dei fekk bruk 1 og 4 i 1912 for 3 500 kronor. Nils har vore med i heradsstyret og har havt andre tillitsyrke.

--- side 359 ---

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 136, lnr. 269 med gamal skyld 9 mark, urevidert 2 dalar 1 ort 15 skill., revidert fyre 1876 2 dalar 1 ort. Ny skyld mark 1,07.

Bruk 2. Øyaflòten. Utskilt frå bruk 1 i 1876 med skyld 53 øre etter at bruk 3 er skilt frå. Olav Nilsson Kvåle fekk det hjå vermori og skøytte det 1901 til Lars, son sin, for 800 kronor. Lars var f. 1854, g. 1875 m. Sigrid Oddsdr. Bø. Deira son Olav f. 1883, fekk garden 1902 for 1230 kronor, men selde att 1903 til faren for same pris. Han selde same året til Per Olavson Hagen for 1500 kronor, som atter selde 1906 til Eirik Gustav Janson for 1800 kronor. Han er f. i Sverike 1861 og døydde 1906.

Bruk 3. Øyaflòten. Skilt frå bruk 2 i 1882 med skyld 53 øre. Olav N. Kvåle selde det 1883 til Jens Olavson Mæringi for 1000 kronor. Han var f. 1851, g. 1877 m. Brita Oddsdr. Bø. Sjå og bruk 3 Øvsthus. Jens selde att 1891 til Olav, bror sin, for 2500 kronor. Han er f. 1848, g. 1886 m. Maria Johannesdr. Kolvu f. 1861. Olav let 1934 bruket til Johannes, son sin, for 4000 kronor. I 1936 kjøpte Ingjerd O. Henriksen det for 5500 kronor.

Bruk 4. Øyaflòten. Skilt frå bruk 1 i 1876 med skyld mark 1,07. Guri Larsdr. fekk skøyte på det 1876. Ho var f. 1822 og døydde 1885 ugift. Systermannen, Knut Øyaflòten, fekk 1886 bruket for 1735 kronor, og han let det 1912 til Nils N. Lid saman med bruk 1.

Bruk 5. Nyflaten. Skilt frå bruk 3 i 1923 med skyld 3 øre. Anders Reime er eigar.

Støl.

Støl hadde ikkje Øyaflòten i 1723. Garden har no vårstøl på Nerestølen på sørsida av storelvi og sumarsstølar på Liaset og Liabotn.

Kvern.

Kvern var der ikkje 1723, men i 1776 og 1791 var der ei flaumkvern, som har stade i Bøgroæ, men er burte no.

Offentlege forretningar.

Godviljug utskifting 1838 og 1840. Jarnbanetakster 1896, 1900 og 1907.

Bumerke.

Eiliv 1747-1770 fleire gonger tavle 3 nr. 83.

Ymse.

Gardshusi skal ei tid ha stått ved vegen der det endå syner etter tuftene. På ein låvestokk i løda på Øyaflòten er skrive upp kornavlingi i ei rekkje år: I 1808 41 såld, 1811 53 såld, 1812 36 såld, 1813 32 såld, 1820 49 såld, 1821 28 såld, 1822 43 såld, 1829 48 såld, 1852 42 såld. 1 såld var 5 askar eller ei halv vossatunne.

Är du säker på att du vill logga ut?