143. Reime.
--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 404 --- Namnet vert i Bjørgynjar Kalfskinn (umkring 1360) skrive a Ræimum, i 1563 Remmenn. Det vert no sagt Reimè2; han búr pao, è tao Reimè, ska tì Reimés, sms. Reimésberjé. Den eldste formi, Reimum, er truleg dativ fleirtal av reim f., som kann ha vore brukt um langvorne jordteigar. Formi «Remmenn» og Reimè, som no er brukt, må derimot vera av Reim-vin, reim (lang jordstrimmel) og vin (beite). --- side 405 --- I matrikkelen 1661 er Reime ført upp med 1½ laup i skyld og der var to brukarar. Soleis var det og 1723. Vidare er då sagt at der var nok vedaskog og litt skog til husvøling. Garden var tungbrukt og med kornavlen var det misleg. Skyldi vart 1723 sett upp til 1 laup 2 pund 6 mark, som i 1838 vart umskrive til 4 dalar 2 ort 13 skill. Samanlikningstalet var 680. Garden var noko frostnæm. Der var noko fureskog, nok vedaskog, vassfall og never kunde seljast. I matrikkelen 1865 er ført upp 254/5 mål åker, 4 mål dyrka eng, 53 mål god, 44½ mål medels natureng og 86 mål skrapebø. 11 mål var skikka til dyrking. Hamnegangen var medels. Skog til eige bruk, men ikkje til sal. Garden var lettbrukt. Bruk 2 var dyrka som vanleg, bruk 3 og 4 betre enn vanleg og bruk 1 mindre godt. Ofte vart ikkje kornet moge og sume tider fraus det. I 1918 var der 21,7 mål åker, 26,8 mål kunsteng og 68 mål natureng. Folketalet på Reime var 22 i 1801, 30 i 1865 og 38 i 1920.
Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangskyrkja åtte 10 laup i Reime. Kåre var brukar 1563. Jordboki 1585-1616 fortel at Vangens prestebol fekk 1 bukkskinn og 1 laup smør i landskyld. Toris Kyte var 1621 øydegardsmann eller husmann og betalte ½ dalar i skatt. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 6 mark smør. Knut Ingebriktson, g. m. Kari var leiglending 1645. F. Broderson har ved makebyte 1649 late noko i Reime til kongen. Knut var leiglending på det. I 1652 og 1655 åtte prestebolet 1 laup 1 spann og F. Broderson 1 spann. Lars og Per var leiglendingar og brukte kvar 3 spann. Lars og Olav var leiglendingar 1657 og 1659. Munkeliv åtte 1659 1 spann og prestebolet 1 laup 1 spann som fyrr. --- side 406 --- Landkommisjonen skriv 1661 at skyldi var 1½ laup. Eigarane var dei same som i 1659. Lars Sjurson, Mikkjel Knutson og Olav Person var leiglendingar 1661 og dei to fyrst nemnde 1664 og truleg lenger. H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på 1 spann Munkelivgods og selde det same året til Klas Miltzow som åtte det til 1692, då Kirsten Miltzow vart eigar av det. Vangskyrkja sin eigedom var som fyrr. Kjel var leiglending 1691 og 1695. Stein Olavson (skriven for Brye 1727) var g. 1. 1727 m. Gunnhild Håkonsdr. f. 1700, død 1734, 2. 1734 m. Anna Hall- |

Bilete 51. Reime. Fot. Johs. Skjerve.vorsdr. Med Gunnhild hadde Stein to søner som døydde småe og med Anna to søner: Olav f. 1734 og Johannes f. 1736. Det er fortalt at Stein skulde vera frå Hallingdal, og at han åtte heile Reime. Han reid umkring på teigane av di han hadde so mykje til å driva med. Det kann ikkje vera rett at han var eigar av noko på Reime, men han har truleg vore brukar av noko ei tid. Folketeljingi 1701 har to leiglendingar Gulf Knutson 67 år og Mons 36 år. Gulf hadde borni Håkon, Knut 17 år, Ivar 16 år og Brita, g. 1716 m. ekm. Rognald Halldorson Lid. Dei fekk sonen Mons. Leiglendingen Mons hadde tri søner: Knut 6 år, Styrk 4 år og Eirik 1 år. Gulf var leiglending ogso 1715. --- side 407 --- I 1714 var det same eigaren som 1695. Løytnant Nordahl åtte 1 spann 1723, som Joachim Friele sidan har kjøpt og selt att 1734 til Ingjerd Miltzow på Raustad. Håkon Gulfson bygsla 1708 3 spann av soknepresten og hadde eigedomen til 1721, då han sa upp bygsli og døydde 1740, 85½ år gl. Me veit um to born Knut og Gunnhild. Ho gifte seg 1727 m. Stein Olavson Brye. Knut Håkonson bygsla 1721 dei 3 spann og likeins 3 spann til av soknepresten som Rognald Halldorson sa upp for at Knut skulde få det. Knut fekk ny bygslesetel 1736 hjå soknepresten på 1½ spann. Knut hadde med Gudve Larsdr. Øvsthus dotteri Brita i 1714 og gifte seg 1720 m. Sisselja Olavsdr. Knut døydde 1750, 56 år gl. og Sisselja 1768, 81 år gl. Ved skifte etter han var det fire born: Anna, g. 1742 m. Knut Asleson Skiple, Sigrid g. 1745 m. Knut Styrkson Vetla Hegg, Kari, g. 1748 m. Anders Olavson Sygnaberde, skriven for Store Hegg 1750, Guri f. 1729, g. 1751 m. Askjel Olavson Sygnaberde. Ho Sisselja sa upp bygsli 1751 og versønene Knut Asleson og Askjel Olavson kom i staden. Framhald på bruk 1 um Knut og på bruk 2 um Askjel. Hollgeir Hallvorson bygsla 1737 27 mark av soknepresten og vart 1738 g. m. Sygni Gudleiksdr. Hollgeir kjøpte 1755 9 mark av Olav Nilsson Tren som hadde ervt det 1751, og selde att 1762 til Askjel Olavson som umtala på bruk 2. Dei einskilde bruk.Bruk 1. Reime. Knut Asleson f. 1715, g. 1742 m. Anna Knutsdr. Skiple f. 1720 var son åt Asle Knutson Villand i Hallingdal f. 1686, g. 1715 m. Brita Larsdr. Grovu. Asle var rådsmann på Kolvu 1715, husmann på Lid 1726, på Bø 1728 og hadde borni Knut og Sigrid f. 1828 og truleg fleire. Knut bygsla 1751 3 spann på Reime, døydde 1799 og hadde seks born: Håkon, Knut f. 1747, g. 1779 m. Margreta Ivarsdr. Kolvu (kjøpte gard på Espeland i Granvin), Olav f. 1752, g. 1792 m. Gjertrud Larsdr. Skiple, Gunnhild f. 1756, g. 1785 m. Sverkve Torgeirson Midberde, Asle f. 1759, g. 1796 m. Gjertrud Brynjulvsdr. Øvsthus (gardmann på Vetla Hegg), Brita f. 1764, død 1770. Håkon Knutson f. 1745, g. 1776 m. Synneva Sveinsdr. Øvsthus bygsla garden då foreldri slutta med han. Håkon og Synneva --- side 408 --- døydde 1818. Ho vart 64 år. Åtte born: Knut f. 1776, som var sjukleg og døydde 1834, Trond f. 1778, Svein f. 1781, g. 1811 m. Synneva Larsdr. Lid, Ivar f. 1786, død ugift, Anna f. 1789, g. 1811 m. Nils Larsson Eggjareid, skriven for Hegle 1841, Dordei f. 1791, g. 1846 m. husmann Nils Larsson Hegg, Brita f. 1794, g. 1829 m. husmann Brynjulv Herlaugson Øvsthus, Knut d. y. f. 1798, g. 1833 m. Marta Levorsdr. Hegg, Herlaug f. 1798, g. 1827 m. Brita Torgisdr. Voll. Svein var husmann på Fjose. Trond Håkonson f. 1778, gifte seg 1814 m. Marta Knutsdr. Brekku d. e. f. 1790. Ved skifte 1825 og skøyte 1826 frå far hennar fekk dei bruk 1 Brekku. Trond bytte det 1862 med Lars Eilivson uti bruk 5 Skiple, som Knut, son hans Trond, då fekk skøyte på. Trond bygsla 1810 og 1813 bruk 1 Reime. Han døydde 1856 og Marta 1885; dei hadde to born Synneva f. 1815 og Knut f. 1822. Synneva Trondsdr. gifte seg 1843 m. Brynjulv Asleson Hegg f. 1815. Han fekk i 1856 kongeskøyte på bruk 1 for 350 spd. og jordavgift 1 tunne 2 skjeppor 21/3 fjerdingkar bygg. Brynjulv døydde 1898 og Synneva 1874; dei hadde seks born: Trond, Asle f. 1847, g. 1873 til Lid m. Synneva Jonsdr. Lid, Brita f. 1850, g. m. Asle Knutson Voll, Guri f. 1851, g. m. Knut i Tymbraodlæ (Amerika), Brynjulv f. 1854 (Amerika) og Marta f. 1856, g. til Kolvu med Jon Arneson. Trond Brynjulvson f. 1845, g. 1872 m. Kari Arnfinnsdr. Sygnaberde f. 1847 fekk farsgarden 1875 for 380 spd. Tri born: Arnfinn, Synneva f. 1873, g. m. Joakim Åmundson på Lassahaugen f. 1884, og Anna f. 1878, g. m. Pål Åmundson på Flatekvål. Arnfinn er f. 1881, g. 1903 m. Brita Andersdr. frå Modalen. Han fekk garden 1913 for 2300 kronor. Bruk 1 var fyrr mtrnr. 144, lnr. 286 med gamal skyld 1 pund 23¼ mark, urevidert 1 dalar 3 ort 7 skill., revidert 1 dalar 3 ort. Ny skyld mark 2,32 etter at bruk 5 var skilt frå. Bruk 2. Reime. Askjel Olavson g. 1751 m. Guri Knutsdr. Reime f. 1729, nemnde ovanfor, bygsla 1751 av soknepresten 3 spann, som foreldri hennar fyrr hadde havt. Askjel kjøpte 1755 9 mark av Olav Tren, som han hadde ervt 1751. I 1762 kjøpte Askjel 9 mark av Hollgeir Hallvorson som han hadde kjøpt 1755 av Olav Nilsson Tren. I 1768 døydde Guri 39 år gl. og Askjel gifte seg att 1770 m. Brita Olavsdr. Midberde og --- 409 --- døydde 1797, 68 år gl. Han hadde åtte born m. Guri og fire med Brita: Sigrid f. 1751, g. 1771 m. grenader Brynjulv Sveinson Øvsthus, Magne f. 1753, Knut f. 1755, g. 1783 m. Orlog Olavsdr. Midberde og budde på Rene, Olav d. e. f. 1758, g. m. Maria Blomberg, var gastgjevar på Vangen, sjå band 1 s. 79, Jon f. 1760, Sisselja f. 1761, g. 1786 m. Arne Olavson Store Skiple, Torgis d. e. f. 1766, Orlog f. 1768, Guri f. 1772, g. 1796 m. Nils Knutson Flåm, Ingebjørg f. 1775, g. 1801 m. Herlaug Brynjulvson Øvsthus, Torgis d. y. f. 1778, Olav d. y. f. 1782, død 1809 som soldat i Oslo utan etterkomarar. Torgis Askjelson d. y. f. 1778 fekk skøyte 1794 på 9 mark og bygsla 18 mark av soknepresten. Torgis vart gift 1812 m. Synneva Knutsdr. Sygnaberde. Torgis døydde 1856 og Synneva 1873, 89 år gl. og hadde borni Brita f. 1813, Askjel f. 1818 og Gunnhild f. 1828. Askjel vart g. 1847 m. Brita Brynjulvsdr. Heimberde, fekk dei 9 mark i Reime som foreldri hans åtte og bygsla 18 mark. På dei fekk han kongeskøyte 1858 for 320 spd. og jordavgift 6 skjeppor 32/3 fjerdingkar bygg. Dei fekk og farsgarden hennar, bruk 3 Heimberde, der borni deira er umtala. Askjel let garden 1878 for 1600 kronor til versonen Olav Jonson Lid, som selde att 1892 til Anders Olavson Farestveit for 4000 kronor. Han var f. i Modalen 1856, g. m. Ragnhild Larsdr. og døydde 1919. Ho Ragnhild selde garden 1924 til Torbjørn A. Løno for 15 000 kronor. Han har selt att 1933 til Knut A. Melve for 10 000 kronor. Knut er f. 1911 og g. m. Borghild Lirhus f. 1911. Bruk 2 var fyrr mtrnr. 144, lnr. 287 med gamal skyld 1 pund 7½ mark, urevidert 1 dalar 1 ort, revidert 1 dalar 1 ort. Ny skyld mark 1,75 fyrr bruk 7 var skilt frå. Bruk 3. Reime. Magne Askjelson f. 1753, nemnd ovanfor på bruk 2, g. 1780 m. Sigtru Sveinsdr. Øvsthus, 2. m. Sigrid Knutsdr. bygsla 1780 40½ mark av soknepresten. Far hans Magne hadde det fyrr. I 1785 fekk Magne skøyte frå far sin på 9 mark. Ho Sigtru døydde 1784, 32 år gl., Sigrid 1808 og Magne 1839, 86 år gl. Han hadde to born med Sigtru og fire med Sigrid: Jon f. 1781, Olav f. 1783, Knut f. 1787 (som 1833 var hjå boktrykkjar Dahl i Bergen), Askjel f. 1789, Guri f. 1796, g. 1826 m. Jon Brynjulvson Øvsthus, og Torgis f. 1799, husmann på Reime. --- side 410 --- Jon Magneson f. 1781, g. 1810 m. Dordei Brynjulvsdr. Øvsthus fekk 9 mark i bruk 3 ved skifte 1785 etter mor si og bygsla 1810 av soknepresten. Jon døydde 1858 og Dordei 1859, 70 år gl. Dei hadde dotteri Sigtru f. 1823. Ho vart g. 1844 m. Anders Andersson Sygnaberde f. 1823. I 1840 vart fråskilt Lnr. 288 b og Anders fekk 1860 kongeskøyte på resten av bruk 3 for 200 spd. og jordavgift 5 skjeppor 3 fjerdingkar bygg. Anders var ofte med som kjentmann ved etterrøkjingane for Bergensbanen og var med kaptein Lund då han tok kart over Voss. Sigtru døydde 1892 og Anders 1913. Olav Herlaugson Øvsthus d. y. kjøpte 1872 garden på auksjon for 1200 kronor. Han var f. 1817, g. 1856 m. Marta Torsteinsdr. Brekku f. 1827. Olav døydde 1901, Marta 1900 og dei hadde seks born: Ingebjørg f. 1857, har stove på Tvinno, Brynjulv f. 1859, g. 1883 m. Marta Aslesdr. Brekku, husmann på Eggjareid, Brita f. 1859, g. 1891 m. Per Johannesson Dagestad, sjå bruk 6 Store Ringheim, Sigrid f. 1863, Torstein f. 1865, Ragnhild f. 1868, g. 1889 m. Sjur Knutson Lid. Torstein og Sigrid reiste til Amerika. Sjur Lid f. 1867 fekk 1890 skøyte frå verfaren på garden for 1200 kronor. Sjur var smed og dreiv med ljåarbeid. Sjur skøytte 1933 garden til Teodor, son sin, f. 1913, for 4000 kronor. Bruk 3 var mtrnr. 144, lnr. 288 med gamal skyld 1 pund 23½ mark, urevidert 1 dalar 12 skill., revidert 1 dalar 1 ort. Ny skyld mark 1,75. Mtrnr. 144, lnr. 288 b. Det var skilt frå bruk 3 i 1840. Jon Magneson fekk då kongeskøyte på det for 200 spd. og jordavgift 5 skjeppor 3 fjerdingkar bygg. To tridjepartar vart 1843 skilt frå som bruk 4. Jon let resten av eigedomen 1856 til versonen Anders. Olav Herlaugson kjøpte eigedomen på auksjon og fekk han førd saman med bruk 3. Bruk 4. Reime. Det er skilt frå lnr. 288 b og selt 1843 til Jon Brynjulvson Øvsthus for 134 spd. Han var f. 1795, g. 1826 m. Guri Magnesdr. Reime, umtala ovanfor. Jon døydde 1881 og Guri 1868 utan etterkomarar. Torgis Knutson Voll kjøpte bruket 1870 for 200 spd. og selde det att 1873 til Olav Eilivson Skjerve for 400 spd. Olav var f. 1842, g. 1870 m. Marta Johannesdr. Høime, var lang tid lærar i Raundalen og døydde 1916. Dei hadde borni: Jørgina f. 1871, g. 1894 m. underoffiser Nils Person Brekku, Maria f. 1872, Johannes f. 1880 og Ingebjørg f. 1887 som vart g. 1918 m. gardmann Johannes --- side 411 --- Olavson Brekku. Johannes gifte seg 1906 m. Maria Knutsdr. Hegg, fekk garden 1915 og var lærar i Raundalen etter far sin til 1935 då han døydde. Bruk 4 var fyrr mtrnr. 144, lnr. 288 c med gamal skyld 15¾ mark, urevidert 2 ort 18 skill., revidert 3 ort. Ny skyld 87 øre. Bruk 5. Nymark. Utskilt frå bruk 2 1898 med skyld 1 øre og ervefest til Knut Asleson Øvsthus, som selde att 1915 til Arnfinn S. Reime f. 1882. Bruk 6. Nymark. Skilt frå bruk 2 1898 med skyld 1 øre og ervefest til Knut Asleson Øvsthus. Han selde att 1915 til Arnfinn S. Reime for tilsaman 2200 kronor for bruk 5 og 6. Bruk 7. Lyngstad. Skilt frå bruk 3 i 1922 med skyld 1 øre. Lars Andersson Reime f. 1888 kjøpte det og dreiv handel. Han var f. 1888, g. m. Ingebjørg Ivarsdr. Øvsthus og døydde 1935. Ho har no bruk 7 og 8 og held fram med handelen. Bruk 8. Lyngstad II. Utskilt frå bruk 1 i 1924 med skyld 1 øre. Same eigar som bruk 7. Bruk 9. Fjellheim. Skilt ut frå bruk 3 i 1924 med skyld 1 øre. Reime Ungdomslag er eigar. Bruk 10. Bruheim. Utskilt frå bruk 3 i 1932 med skyld 3 øre. Johannes Sjurson Reime er eigar. Han er f. 1904, g. 1928 m. Hilda Eilivsdr. Øvsthus f. 1909 og er jarnbanearbeidar. Bruk 11. Nedre Reime. Skilt frå bruk 3 i 1933 med skyld 55 øre. Knut Sjurson Reime er eigar, er f. 1897 og g. m. Anna Prestegard frå Aurland, f. 1904. Bruk 12. Lyngstad III. Skilt frå bruk 1 i 1934 med 1 øre skyld. Same eigar som bruk 7 og 8. Husmenn.Olav Kjelson f. 1638 er skriven som husmann i 1701. Torgis Magneson f. 1799, g. 1828 m. Sigrid Aslesdr. Hegg hadde borni Olav f. 1830, Asle f. 1835, g. 1870 m. Brita Mikkjelsdr. Takla, sjå bruk 5 Skiple, Sigrid f. 1837, Guri f. 1843, g. 1862 m. Sjur Sjurson Haugo f. 1827, husmann på Leiddal, skulemeister og lensmannsdreng. Brynjulv Herlaugson Øvsthus f. 1805, g. 1829 m. Brita Håkonsdr., nemnd ovanfor, hadde plasset Lang-ekro. Han døydde 1890, ho 1877, og dei hadde borni Ingebjørg f. 1831 og Synneva f. 1835. StølStølen var ½ mil frå garden i 1723 er det sagt i matrikkelen. Reime har støl uppå berget ovanfor husi kalla Bergastødl'n, men dei bruker han ikkje no. På sørsida av dalen ligg Reimes- --- side 412 --- stødl'n, som dei stundom kallar Bortante-Stødl'n, og som dei no bruker. Kvern.Ei flaumkvern var der 1723, 1776 og 1791. Folk no minnest at der har vore tri kvernar, som alle er burte no. Det har vore ei uppgangssag og to sirkelsager, men no er det berre ei sirkelsag som er i bruk. I Brekkeelvæ um lag i høgd med Reimeshusi, er ein. hyl kalla Sagdammen og det ter enno etter demma som har vore der. Reimegrend Jarnbanestasjon.Reimegrend Jarnbanestasjon ligg på eigedomen åt Reime. På stasjonen vart 1914 reist ein minnestein, som vart avduka 17. mai. På steinen er inngrave årstali 1814-1905 og 1914. Stasjonsmeisteren er ogso postopnar. Namnet på jarnbanestasjonen var fyrst Reime, men i 1928 vart det retta til Reimegrend. Postopneriet heitte fyrst Øvsthus og er sidan brigda til Reimegrend. Rikstelefonstasjonen er hjå Arnfinn Reime bruk 1. Offentlege forretningar.Utskifting 1841, 1859, 1860, jarnbanetakst 1896, 1900 og 1906, semje med jarnbanen 1930 um grenseregulering og 1906 um veg til Reimegrend stasjon, utskifting 1917. Alle gardshusi var då samla i same tunet, men etter utskiftingi er det att berre to stovehus og to løhus. Fyrr dei flytte ut, kalla dei vanleg bruk 1 for burtigaren, bruk 2 nigaren, bruk 3 uppigaren og bruk 4 skulegaren. Segn.Um Trond Håkonson som budde på Reime i fyrstningi av 1800-talet, er det fortalt at heile åkeren hans vart skoren ei natt, og det skulde gå til soleis. Kvelden fyreåt såg det ut til å verta kaldt. Trond hadde mykje korn som ikkje var skore. Han sa då at hadde berre kornet vore skore og fest, so måtte dei so gjerne få uksen hans. Um natti vart det ein fæl sjau av huldafolk som støtt og stendigt ropte: «Vendel gjer bendel.» Um morgonen var åkeren skoren og uksen burte. Bumerke.Håkon 1713 tavle 6 nr. 70, 1717 t. 6 nr. 71 og 1732 er teikna HD. Knut 1734, 1744 t. 6 nr. 72. Merket er noka brigda 1748 og mykje brigda på to måtar 1745-1775. Hollgeir 1752, 1761 t. 6 nr. 73 og noko brigda 1754. Askjel 1756 t. 6 nr. 74, teikna A O i 1762, 1763 og eit anna merke tri gonger 1764-1775. Olav Askjelson teikna eit eige merke 1779, O A S i 1784 og O R 1786. Magne Askjelson 1782 t. 6 nr. 75. |