Rong.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 339 ---

Namnet vert i 1564 skrive Rang, i 1630 Rong. Det vert no sagt Ròng; han búr pao, è tao Ròng, ska tì Ranga, sms. Rangahòdnajé. Namnet er same ord som rong, f. spant, kne i båt, eig. bøygning, dalen snur der frå vest til nord.

Nils Henrikson, sokneprest på Voss, lensmannen og fire lagrettemenn kunngjorde 1564 (DN IX nr. 790) at Gunnhild Ivarsdr., hadde selt til Sigvor, syster si, m. a. 5 mmb. i Ronve med ein part i Øvre Rong, som var medrekna i landskyldi åt Ronve. I saki um Krossaset i 1664 er umtala Arnfinn Rong, at han ikring 1593 hadde fortalt um merki millom eigedomane åt Bordelingane og Hardingane. Tradisjonen fortel at Arnfinn var frå Ålvik og skulde vera den fyrste buande mann på Rong. Jakob og Nils var husmenn eller øydegardmenn i 1611 og 1614. Jakob vart 1614 utskriven til Svinesund. Nils åtte då 2 laup. Johannes var husmann eller øydegardmann i 1621 og skatta ½ dalar. Nils Jernes åtte då 1 spann, Oluf Bø ½ laup på Rong og Kåre Seve 1 spann på Ytre Rong.

--- side 340 ---

Laurits Rong åtte 1621 1 laup 12 mark på Stora Saude. Han la upp sak i 1624 med Karl Stora Saude og Jørgen Mosafinn, brorson hans Karl, for di dei hadde prova mot eit gamalt odelsbrev, som då var 428 år gamalt. Brevet synte at Lars Rong var rette odelsmann til Stora Saude. Sjå vidare på Saude. Knut var leiglending 1635, Knut og Sjur 1636 og Knut 1640. I 1645 var det Rikol Sjurson, g. m. Barbrå og Knut Olavson, g. m. Gundue. Dei hadde tenestgjenta Sigrid. Ei huskone, Brita, budde der og. Munkeliv var 1646 og 1648 eigar av ½ laup. H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på 15 mark Munkelivgods. Peter Reedtzs fekk 1665 kongeskøyte på 12 mark av Apostelgodset. Frå 1652 er det skilt millom Øvre og Nedre Rong.

216. Øvre Rong.

Det har alltid vore einbølt gard. Landkommisjonen skriv 1661 at skyldi var 2 pund 15 mark med ein brukar og at der var brennefang. Det var likeins 1723. Garden var tungbrukt, og det var usikkert med kornavlingi. Skyldi var 1777 1 laup som 1838 er umskrivi til 3 dalar 4 ort 21 skill. Der var vassfall og rikeleg med vedaskog. Samanlikningstalet var 600.

I matrikkelen 1865 er ført upp 13 mål åker, 1 mål dyrka eng, 23 mål god, 29 mål medels natureng og 21 mål skrapebø. 3 mål høvde til dyrking. Dei hadde god hamnegang og vedaskog, men ikkje timber. Garden var tungbrukt og dyrka som vanleg. I kalde sumrar vart ikkje kornet moge. I 1918 var der 9,7 mål åker, 1 mål kunsteng og 37 mål natureng.

Folketalet var 11 i 1801, 10 i 1865 og 9 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvre Rong.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   9   13          
1723 1   17   15   7 ½    
1865 2   19   44   35   24  
1918 4   12   32          

--- side 341 ---

Leidangen var etter leidangsboki 1624 18 merker smør. Knut var leiglending. I 1652, 1655 og 1659 er skyldi ført upp med 3½ spann. Derav åtte Kirsten Bolstad 2 pund og Torgeir Helland 14 mark. Anders var leiglending. I 1661 åtte presten 1 spann. Resten åtte bønder, som hadde bygsleretten til alt. Eirik og Olav var 1663 med og reiv selet på Krossaset. I 1660 er Steffa Olavson utskriven av rullane som soldat. Kirsten Miltzow åtte 18 mark i 1676 og 1680. I 1691 var Klas Miltzow


Rong
Bilete 40. Rong. Fot. P. Braaten 1937.

eigar av 18 mark og Hospitset av 3 spann. Henrik Miltzow åtte 1695 2 pund, Fatighuset 18 mark og Lars Gjelland 6 mark. Eirik var brukar 1691 og Mikkjel 1695.

Eirik vart 3. mars 1682 stemnd til rådstova i Bergen. Han hadde saman med fire andre som førar for ein del av ålmugen på Voss gjort upprør mot futefullmekten Kristian Dinisen på Vossatinget i 1681 for di han kravde inn prinsesseutstyrsskatten. Dinisen hadde krope under tingbordet for å berga livet og vart truga til å betala attende 14 skilling av laupen. Eirik og tri av dei andre førarane vart dømde til å lata til kongen halve midelen sin. Dei skulde leggjast i jarn og arbeida eit år i kongs-

--- side 342 ---

tenesta og vart forbodne å koma attende til Voss eller Nordhordland futedøme. Den 12. oktober 1682 hadde Eirik og dei tri kameratane hans vore ei tid i jarn på Bremerholm i Kjøbenhavn. Dei vart då frigjevne og fekk att gardane på det vilkår at dei heldt seg stille og rolege.

Mikkjel Styrkson f. 1638 er skriven som leiglending i folketeljingi 1701. Han var son til Styrk Aslakson Tesdal, g. m. Guri. Mikkjel gifte seg 1. m. Kari Eiriksdr. Rjodo, 2. m. Inga Bårdsdr. Jernes f. 1681. Mikkjel døydde 1715 og Inga vart attgift 1715 med Ivar Sjurson Nedre Rjodo og døydde 1755, 74 år gl. på Osgjerd. Mikkjel fekk sju born med Kari og eitt med Inga: Olav, husmann, Knut, Per f. 1671, g. m. Gudve Eiriksdr. Gjerdskvål, budde på Gjerdskvål, Torbjørg f. 1677, g. 1. m. Nils Andersson Øvre Himle, 2. m. Gudleik Larsson Øvre Himle, brukar på Himle, Gjertrud f. 1680, g. som enkje 1718 m. Ivar Oddson Jernes, Styrk f. 1686, g. m. Ingebjørg Larsdr., og døydde fyre 1715, Magne f. 1689, g. 1723 m. Jorunn Olavsdr. Nyre og Styrk d. y. f. 1706, som budde på Vålo. Olav og Knut hadde fått 11 rd. 5 mark 2 skill. i heimagjerd. Dei andre borni fekk no likeins på skifte etter Mikkjel.

Knut Mikkjelson f. 1666 var g. 1. m. Kari Eiriksdr., 2. m. Marta Sylfestdr. I 1701 var han leiglending på Store Ringheim, kjøpte 1702 2 pund på Øvre Rong og seinare 5 mark. Det er fortalt at han brukte berre brennåte-skjorte til han var 40 år gamal. Det var elles mange som brukte det den tid. Knut døydde 1739, 73½ år gl. og Marta 1746, 76½ år gl. Dei fekk tri born: Sjur, Kari, g. 1731 m. Johannes Olavson Hornve og Olav f. 1711 død fyre 1739.

Sjur Knutson f. 1701 vart g. 1. 1727 m. Sigtru Vikingsdr. Gjelle, 2. 1739 m. Ragnhild Nilsdr. Himle, f. 1717, 3. 1751 m. Dordei Brynjulvsdr. Rokne. Sjur kjøpte 1739 2 pund 6 mark frå ymse seljarar. Han var lagrettemann i 1739. Sjur fekk to born med Sigtru, fire med Ragnhild og tri med Dordei. Kyrkjebøkene syner at Sjur dessutan hadde femtan born som ikkje vart vaksne. Tradisjonen fortel at han skulde ha 24 born, og det stemmer soleis med kyrkjebøkene. Dei ni borni var: Marta f. 1732, g. 1754 m. Torgeir Brynjulvson Rokne, som til slutt budde på Espeland, Kari f. 1738, g. 1758 m. tambur Eirik Bergeson Jerald, skriven for Gjerde i 1789, Sigtru f. 1740, død fyre 1795, Knut f. 1742, Olav f. 1747, g. 1. 1779 m. Sigvor

--- side 343 ---

Larsdr. Tillung, 2. 1785 m. Marta Olavsdr. Herre, og budde på Gjerdskvål, Sjur f. 1749, død fyre 1786, Dordei f. 1757, g. 1789 m. Eirik Brynjulvson Rjodo, Brynjulv f. 1763, død ugift 1789 og Rasmus f. 1766, husmann. Dordei fekk 1755 trillingar som alle døydde og vart gravlagde 1ste sundag etter trieining. Ein bror hennar som då var der, døydde av nervefeber, og der var samstundes fire lik i stova. Sjur døydde 1786, 85 år gl. og Dordei, kona hans, 1785, 57½ år gl. Ved skifte etter henne var eigedomen på Rong verdsett 250 rd. og eigedomen på Gjerdskvål (10 mark) 136 rd. Dei hermer etter Sjur at han hadde lote bytt sinneslag kvar gong han gifte seg.

Knut Sjurson var f. 1742 og g. 1772 m. Gudve Larsdr. Rong, f. 1754. Han fekk 1768 og 1785 skøyte på tilsaman 2 pund 6 mark. Knut døydde 1791 og hadde ni born: Ragnhild f. 1773, g. 1809 m. Sjur Person Olde, Torbjørg f. 1775, død ugift 1861, Sjur f. 1777, Marta f. 1779, g. 1830 m. ekm. Olav Åmundson Kyte, Lars f. 1782, Dordei f. 1784, g. 1815 m. Torstein Nilsson Fære, Guri f. 1786, g. 1. 1811 m. Ivar Torbjørnson Jerald, 2. 1831 m. Nils Erlingson Jerald, Brita f. 1789, død 1869 ugift og Sigtru f. 1791, g. m. Magne Larsson Gjerdskvål. Lars vart utkommandert 1807 i krigen mot Sverike. Han var ein stor og velvaksen kar, som dei hadde vanskeleg for å få høvelege sko og klæde til då han kom i krigen. Han skamfraus på føtene, so han kunde ikkje gjera herteneste meir og var sidan sjukepassar. Han døydde på Kongsvinger lasarett 1810, utan etterkomarar.

På skifte etter Knut var jordgodset taksta 450 rd. Bruttomidelen var 705 rd. Ho Gudve fekk 1792 skøyte på 1 pund 12 mark og gifte seg att 1793 m. Svein Klasson Tesdal. Han styrde ei tid garden på Rong og hadde dessutan gard på Tesdal. Dei fekk dotteri Jorunn f. 1795, umtala på Tesdal. Dei fortel um Klas at han sette potetor hjå bror sin på Himle då han ikkje trudde at dei voks på Rong eller Tesdal. Potetor var fysemat då. Det var berre um sundags morgon dei fekk potetor. Vanleg vart det etla trisamna til kvar i huslyden. Svein og Gudve døydde 1826, han 64 og ho 72 år gl.

Sjur Knutson f. 1777, gifte seg 1810 m. Guri Bjarnesdr. Gjelland og fekk 1800 og 1813 skøyte på farsgarden. Guri døydde 1860, 75 år gl. og Sjur 1866. Seks born: Gudve f. 1811, g. 1842 m. Johannes Andersson Jeraldstveiti (Amerika), Knut

--- side 344 ---

f. 1816, g. m. Marta Eiriksdr. Rokne (Amerika), Bjarne f. 1819, Lars f. 1821, død ugift 1907, Anna f. 1823, død ugift 1897, Soffi f. 1826, g. 1869 m. Lars Brynjulvson Dymbe på Vangen og fekk dotteri Guri. Soffi døydde 1909.

Bjarne Sjurson f. 1819 fekk 1847 farsgarden og gifte seg 1848 m. Åsa Rognaldsdr. Haugo, f. 1822. Ho døydde 1886 og Bjarne 1898. Dei hadde tri born: Guri f. 1849, g. m. Johannes Aslakson Himle, Sjur f. 1854, g. m. Ingebjørg Aslaksdr. Himle, og Rognald f. 1859. Sjur fekk farsgarden i 1881 for 2800 kronor. Han har vore med i heradsstyret. Dei har ikkje born og selde garden 1911 til Halldor Knutson Jernes for 7500 kronor. Han er f. 1878 og g. m. Marta Nilsdr. Jerald.

Øvre Rogn var fyrr mtrnr. 218, lnr. 431 med gamal skyld 1 laup, urevidert 3 dalar 4 ort 21 skill., revidert 4 dalar 15 skill. Ny skyld mark 6,01.

217. Nedre Rong.

Nedre Rong hadde 1661 2 pund 15 mark i skyld, ein brukar og turvande brennefang. I 1723 var skyldi 1 laup, men elles som 1661. Garden var tungbrukt og hadde kald jord. Skyldi 1 laup vart 1838 umskrivi til 3 dalar 4 ort 21 skill. Der var vassfall og rikeleg med vedaskog. Samanlikningstalet var 600. Matrikkelen 1865 melder at der var 142/3 mål åker, 4 mål dyrka eng, 26 mål god, 37½ mål medels natureng og 65 mål skrapebø. 3 mål høvde til dyrking. God hamnegang og turvande vedaskog, men ikkje timber. Garden var tungbrukt og dyrka som vanleg. Kornet vart ikkje moge i kalde sumrar. I 1918 var der 9,6 mål åker, 5 mål kunsteng og 29 mål natureng.

Folketalet var 15 i 1801, 14 i 1865 og 15 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Rong.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Rong.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   9   13          
1723 1   10   9   7 ½    
1865 2   19   41   34 ½ 29  
1918 4   11   34          

--- side 345 ---

Laurits var leiglending 1635 og 1653. Skyldi er 1652, 1655 og 1659 førd upp med 1 laup. Derav åtte Oluf Bø, Dyrvd. 3 spann og Kirsten Bolstad 1 spann. Olav og Eirik var brukarar. Det var bønder som åtte Nedre Rong i 1661. Eirik var då brukar og Olav Olavson i 1664. Han hadde sonen Erling f. 1646. Klas Miltzow åtte 3 spann i 1676 og 1680 og ½ laup i 1691. Kirsten Miltzow åtte 1 spann i 1676 og 1680 og Eiliv Vele 5 mark i 1680. Mikkjel Rong var 1691 eigar av 27 mark og Fatighuset på Vangen 9 mark. I 1695 åtte Sjur 3 pund og kaptein Stoud 1 pund. Mikkjel var brukar 1691, Eirik 1695 og Styrk Jonson 1701. Han var f. 1666.

Bruk 1. Nedre Rong. Garden har vore einbølt til 1906. Anders Sjurson Rong f. på Setre 1679 var g. m. Guri Larsdr. Rjodo f. 1687. Lars, bror hans Anders, er 1712 skriven for Rong og fekk då skøyte på 104/5 mark og 213/5 mark frå Rasmus Rokne og Lars Oddson Rjodo. Lars kjøpte 1722 1 spann av Kristense Miltzow, 213/5 mark av Ivar Osgjerd og 104/5 mark av Per Ronve. Lars åtte då 1 laup. Han bytte 1622 med Anders uti 1 laup 1 spann på Setre, og Anders fekk 1 laup på Rong. Lars betalte 34 rd. i millomlag. Anders døydde 1724 og hadde fire born med Guri: Anna f. 1710, g. 1742 m. ekm. Lars Vinjo, skriven for Skjervheim i 1780, Lars f. 1714, Marta f. 1718, g. 1742 m. Mikkjel Endreson Tesdal, Sigtru f. 1721, g. 1744 m. Gusskalk Åmundson Vinjo. Ved skifte etter Anders åtte dei 1 laup som vart taksta 47 rd. Bruttomidelen var 170 rd. Der var m. a. eit gylt sylvbelte med 22 stølar, 5 framstølar med spenne og sylje verdsett 12 rd. Ho Guri vart attgift 1724 m. Svein Eirikson Vele f. 1699. Han døydde 1761, 62 år gl. Guri 1773, 86 år gl. og hadde tri born: Anders g. 1756 m. Herborg Nilsdr. Kvåle, Mari, g. 1746 m. Lars Gudleikson Tillung og Kari g. 1749 m. Svein Bergeson Jerald.

Lars Anderson f. 1714 vart g. 1751 m. Torbjørg Botolvsdr. Gjerme. Han ervde 15 mark i 1724, kjøpte 1744 21 mark av syskini sine og 1760 ½ laup av stykfaren. Lars åtte då 1 laup. På tinget 1740 er upplyst at Lars vilde ikkje tena, men dreiv med handel. Han døydde 1792 og hadde seks born: Gudve f. 1754, g. 1772 m. Knut Sjurson Rong, Anders f. 1756, Anna f. 1760, g. 1781 m. Mikkjel Nilsson Jerald, Marta f. 1762, død 1846, Svein f. 1765, g. 1790 m. Ingjerd Klasdr. Jerald og Olav f. 1771, g. 1811 m. Guri Knutsdr. Nyre. Ved skifte 1792 hadde

--- side 346 ---

dei ½ laup som vart taksta 200 rd. Bruttomidelen var 277 rd., og derav kom 189 rd. til skiftes millom enkja og borni.

Anders Larsson f. 1756, g. 1787 m. Soffi Larsdr. Skjerve, fekk farsgarden i 1788 og 1793. Anders døydde 1825 og Soffi 1833, 70 år gl. Fem born: Torbjørg f. 1788, g. 1816 m. Trond Olavson Jernes, husmann, Lars f. 1790, Marta f. 1797, g. 1823 m. Knut Erlingson Kvitno, Arnved f. 1800 og Olav f. 1803, skriven for Høydalen då han 1844 døydde i Lofoten utan etterkomarar. Lars fekk 1816 og 1825 skøyte på garden, men let han 1847 til Arnved, bror sin, for 700 spd. Lars vart utkommandert 1813 i krigen mot Sverike, døydde ugift 1867 og hadde med Anna Erlingsdr. Kvitno sonen Anders f. 1826. Han budde i Stavanger, umtala på Kvitno. Lars var ofte kalla Rike-Lars. Ved skifte etter han var nettomidelen 5538½ spd. Der var m. a. 3 store og 3 mindre staup, det eine verdsett 6½ spd., 2 skeier, 2 bringeprydnader med kjede, 4 syljor, 2 par halsknappar, 5 ringar, alt av sylv, 53 sylvmyntar, 1 gullmynt, 1 signet o. s. b. Arnved Andersson gifte seg 1837 m. Brita Gusskalksdr. Lydvateigen og fekk tri born: Anders f. 1838, Gusskalk f. 1841 og Soffi f. 1845, g. 1863 m. Torstein Bjarneson Herre. Brita døydde 1875, 74 år gl. og Arnved 1885. Anders vart g. m. Synneva Volfsdr., frå Vik i Sogn. Han fekk 1864 garden for 900 spd., men let han 1867 til Gusskalk, bror sin, for 1069 spd. og reiste til Amerika. Gusskalk vart g. m. Marta Eiriksdr. Rjodo f. 1840, død 1920 og fekk borni: Brita f. 1871, g. m. Lars Torsteinson Jerald, Guro f. 1872, Kristi f. 1874, g. m. snikkar Lars Isakson Graudo, Anders f. 1875, Anna f. 1878, Eirik f. 1880, Marta og Olina f. 1883. Anders g. 1901 m. Marta Brynjulvsdr. Rue, fekk 1904 garden for 2400 kronor. Anders døydde 1926. Sonen Gusskalk f. 1902, g. 1928 m. Ida Nikolaidr. Rognebakken, har no garden.

Nedre Rong var fyrr mtrnr. 218, lnr. 432 med gamal skyld 1 laup, urevidert 3 dalar 4 ort 21 skill., revidert 4 dalar 9 skill. Ny skyld mark 5,94 fyrr bruk 2 var skilt frå.

Bruk 2. Vetla Rong. Utskilt frå bruk 1 i 1906 med skyld 94 øre og selt til Lars Torsteinson umtala ovanfor.

Bruk 3. Nymark. Skilt ut frå bruk 1 i 1919 med skyld 60 øre og selt til Hermann O. Lid (Bulko).

--- side 347 ---

Husmenn på Rong.

Olav Mikkjelson, nemnd ovanfor, hadde plass ved Uraløo og var smed. Han døydde fyre 1715 og hadde tri born: Guro f. 1689, Mål f. 1693, g. 1724 m. Arne Gunnarson Selje og Marta f. 1695, g. m. Sjur Magneson Norekvål. Dei fekk fem born: Guro, Olav, Brita, Mikkjel og Magne f. 1729-1739. Knut g. m. Marta Mikkjelsdr., fekk sonen Olav f. 1711. Lars, g. m. Guri Henriksdr., hadde borni Anna f. 1716 og Eirik f. 1719. Sjur Nilsson, g. m. Ragnhild Nilsdr., som døydde 1750, 33 år gl., fekk fire born: Sigtru, Knut, Jon, Sjur f. 1740-1746. Anders Nilsson, g. 1. m. Jorunn Tomasdr., 2. 1774 m. Steinvor Persdr. Lirhus fekk to born med Jorunn og eit med Steinvor: Tomas f. 1764, Eli f. 1765 og Nils f. 1777.

Endre Torgeirson Litlere f. 1762, g. 1796 m. Marta Larsdr. Rong, f. 1762, rudde og bygde på Tråbare. Dei fekk borni: Olav f. 1790, Guri f. 1792, Synneva f. 1797 og Ingebjørg f. 1798, g. 1822 m. gardmann Eirik Sveinson Jerald. Rasmus Sjurson f. 1766, nemnd ovanfor, var g. m. Bryttva Rasmusdr. Bergstad. Han dreiv mykje med å reida skinn og skulde vera ein meister til å fortelja eventyr. Rasmus døydde 1826. Trond Olavson Jernes, nemnd ovanfor, var f. 1790 og g. 1816 m. Torbjørg Andersdr. Rong f. 1788. Han feste 1829 plasset Tråbare, var seinare på Rokne nokre år og reiste so til Amerika. Trond var ein kjempekar. Han var hjulmakar, god snikkar og arbeidde i tre det folk hadde bruk for. Den fyrste hjulsleden på Bordalen arbeidde han åt Anders L. Kvitno, som hadde set slike på reisene sine. Med ein skruekonge som Trond laga, og jarnlekkjor flytte han ein stor stein som låg til meins for vegen. Steinen er sidan kalla Trondsteid'n. Sonen Olav skulde vera den fyrste som køyrde med hjulgreidor til Rong. Trond hadde fem born: Anna f. 1820, g. 1841 m. Knut Ivarson Jerald, paktarfolk i Strandebarm, Olav f. 1823, g. 1. 1846 m. Marta Håvardsdr. Nyre, 2. m. Kristina Slen Vossastr. (Amerika), Anders f. 1825 (Amerika), Sjur f. 1827 (Amerika) og Ingebjørg f. 1831. Olav vart ein av rikaste vossafarmarane i Amerika og fekk 18 born. Ho Kristina gav eit legat til Voss Barneheim.

På Tråbare budde sidan Gusskalk Olavson Midtun f. 1824, g. 1854 m. Eli Jensdr. Dagestad f. 1832 og fekk sonen Jens f. 1857. Dei budde seinare på Midtun. Knut Larsson hadde

--- side 348 ---

deretter Tråbare og fekk seinare plasset Lùtatræe på Jernes. Lars Styrkson f. 1828, g. m. Kristi Olavsdr. f. 1832, var fyrst paktar og sidan husmann på Tråbare. Dei fekk borni: Ingebjørg, Gjertrud, Kari og Olav f. 1852-1863. Lars Nilsson Jerald var 1869 husmann på Rong. Han er umtala på Jerald. Nils Larsson f. 1866 døydde 1928. Lars Olavson Jerald hadde plass på Rong og kjøpte 1884 bruk 4 Hadland på Helland.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden heiter det 1723. Stølen som Rong no har, heiter Grùngane og er 4-5 kilometer i sør for garden. Tidlegare hadde Rong støl på Dalane under Herebreio. Den tid hadde folk ofte fleire år gamle oksar kalla grùngar. Desse Rangaoksane heldt seg ofte i dalbotnen millom Herebreio og Karaldenuten. Då Rongane tok seg støl der, kalla dei stølen Grùngane etter nemningi på oksane, er det fortalt.

Kvern.

Øvre og Nedre Rong har havt kvar si kvern sidan 1723. Dei står i groi utanfor husi. Den eine kverni er i 1880-åri flytt dit frå Himle. Anders Rong demde upp Hanselavatnet og bygde kvern der som ei tid var i bruk. Nedste demmestokken er der endå. Ein gong demma brotna, vart det stor flaum i elvi og det gjorde stor skade på hus og jord på Kvanndal. Ikring 1927 sette Gusskalk upp sirkelsag.

Offentlege forretningar.

Forretning 1730 millom Rong og Vele um ein teig. Semje 1828 um ikkje å halda geiter. Merkeskilforretning 1841 millom Rong og Haugo og 1865 for grensa mot stølsmarki åt Nyre.

Bumerke.

Styrk 1710 tavle 8 nr. 81. Han teikna merket liggjande i 1713. Knut 1715 t. 8 nr. 82. Svein 1750, 1758 fr. 2 nr. 51. Sjur 1751, 1766 t. 8 nr. 83. Knut 1781 t. 8 nr. 84.

Ymse.

Eldhuset på Øvre Rong var fyrr stove. Det er av rundtimber og har årstalet 1619 over døri. Eit anna årstal 1746 skriv seg truleg frå at eldhuset då har vorte umbygt. Der er moldbenker i ramen og til helvtar på båe sidor. Vindauga er sett inn i seinare tid. Bui har årstalet 1656 over døri og loftet likeins årstalet 1735. Bui er av flatt timber og loftet av fint tildana rundtimber med noko utkroting umkring døri. På ein timberstokk i løda er denne innskrifti: Gud fri oss fra ildsvaade og andre vaader. Selet på stølen har årstalet 1669.

På Herebreio er ein varde kalla Grim som skal vera fleire hundre år gamal. - I gamle dagar høyrde dei det spela i Spelhaugen som er eit stykke utanfor bøjagarden. Lenger uppe er

Ljoshaugen der dei såg ljos stundom um kveldane. - Ved Helvtagroæ på vegen til stølen Grùngane har gygri i si tid trått so tungt på eit skarv at der endå er djupt merke etter foten hennar, vert det fortalt.

Är du säker på att du vill logga ut?