197. Ronve.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 204 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Ronguen. Det vert no sagt Rònnvè2; han búr pao, è tao Rònnvè, ska tì Rònnvés, sms. Rònnvésmýrané. Namnet er samansett, etterlekken er vin (beite), fyrelekken er kann henda trenamnet raun (rogn).

Landkommisjonen har 1661 ført upp Ronve med 3½ laup i skyld og to brukarar. Til garden høyrde ein skogteig som låg langt burte. Det var same skyldi og to brukarar ogso i 1723, humlagard og turvande vedaskog. Garden var lettbrukt, medels god og kornavlingi var årviss. Skyldi var 1777 4 laup, som i 1838 vart umskrivi til 10 dalar 3 ort. Samanlikningstalet var 1600. Noko vedaskog og humla-avl var der då og.

I matrikkelen 1865 er ført upp 39½ mål åker, 7 mål dyrka eng, 40 mål god, 62 mål medels natureng og 133 mål skrapebø. 18 mål høvde til dyrking. Sumarhamni var medels, men det var ring vårhamn. Bruk 3 og 5 hadde turvande vedaskog, men det var for lite på bruk 1 og 2. Timber var der ikkje. Alle bruki var lettbrukte og då serleg bruk 1 og 2. Dei var mindre godt dyrka, men bruk 1 og 2 var dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 44,5 mål åker, 79 mål kunsteng og 18 mål natureng.

Folketalet var 25 i 1801, 28 i 1865 og 31 i 1920.

--- side 205 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Ronve.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   23   17          
1723 2   32   24   36      
1865 4   30   54   96   80  
1918 7   33   67          

Torgis budde på Ronve i 1521 og betalte 1 mark i skatt. Viking og Eirik budde der 1563. Nils Henrikson, sokneprest


Ronve
Bilete 25. Ronve. Fot. P. Braaten 1937.

på Voss, lensmann Styrker Andersson og fire lagrettemenn vitnar 1564 (DN IX nr. 790) at Gunnhild Ivarsdr. let til Sigvor, syster si, 5 mmb. i Ronve med ein part i Øvre Rong som er medrekna i dei 5 mmb. Jost og Knut var leiglendingar i 1591. Rekneskapen 1585-1616 for Vangskyrkja syner at ho fekk 3 askar korn i landskyld.

Knut er ofte skriven som leiglending 1603-1664. I 1645 og 1664 er skrive Knut Person. Det er sagt 1645 at han var g. m. Guri og hadde dotteri Rangue. Knut åtte 1611 2 pund, i 1636 og 1642 2 laup, i 1652 og 1659 1 laup 30 mark. Knut

--- side 206 ---

Person fekk 1642 skøyte frå Åmund Torsteinson Lid, Rd. på 2½ spann på Ronve. Kona åt Knut var syster hans Åmund. I 1652 og 1659 heiter det at Knut budde på eige odelsgods, men var samstundes leiglending på noko. I 1611 er der og ein Knut den yngre som åtte ½ pund. Han vart 1614 utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Det må vera han som 1621 på vegne av vermor si åtte ½ laup på «Wedwm i Welland», ½ laup i Fletre, 1 pund i Øvre Skutle og 1 spann i Øvre Klyve. Knut er og skriven som eigar på vegne av ei enkje av 6 mark i Øvre Klyve. I 1621 står og at gamle Knut åtte ½ laup i Urland.

Dei andre leiglendingar på Ronve i dei tider var Simen i 1603, Jost 1611, Arnfinn 1614, Sjur 1621 og Åmund 1629. Lars er ofte skriven som leiglending 1635-1659. I 1654 er ført upp Lars Person, g. m. Ingjerd og dotteri Gundue. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 1 pund 2 bukkskinn med Knut og Lars som leiglendingar. Ryttarskatt vart 1627 lagt på to partar odelsgods: a. på 1 laup 8 mark skatt 2½ dalar, b. på 2½ spann skatt 1 dalar 1½ ort 3 skill. Gamle-Knut brukte det fyrste og Unge-Knut det andre.

Torleiv Giljarhus åtte 1621 ½ laup og Gitle Grovu noko. Gudleik Torleivson Giljarhus kjøpte 1632 ½ laup 1½ mark på Ronve av Solffuer Torleivson Kvitno, g. m. Anna Kåresdr. På baksida av dokumentet står at dette jordgodset vart selt att 1634 til Knut Person Ronve og kona Guri Josteinsdr. Bispen åtte 1652 og 1659 1½ laup 1 spann, Ivar Lid 1 pund og Knut 1 laup 30 mark.

Knut og Anders var brukarar 1661. I 1664 var det Knut Person, Per Knutson og Anders Person. Knut hadde sonen Johannes f. 1644. Per Knutson Ronve og Guri, mor hans, vart 1671 stemnde av soknepresten Gjert Miltzow for bygselavgift som dei ikkje hadde betalt. Per brukte 1 laup og Guri 3 spann. Miltzow vilde at dei skulde flytta, men dei har nok vorte buande der lenger. Etter skattemanntal 1691 og matrikkel 1695 åtte bispestolen 2 laup og Vangens Fatighus 2 laup med Torgeir som brukar 1691 og Olav 1695. Folketeljingi 1701 har som leiglendingar Olav Hermundson f. 1652 (med styksonen Nils Andersson f. 1681) og Lars Person f. 1661.

Lars stemnde 1707 soknepresten på vegne av Fatighuset med påstand um å få løysa 7 spann i Ronve med Flatlandsmoen. Ved domen fekk Lars rett til å løysa det for den sum som eige-

--- side 207 ---

domen i si tid var pantsett for til sokneprest Henrik Miltzow. Vidare er det sagt i domen at det var ikkje prova at Flatlandsmoen hadde høyrt til Ronve. Lars var den rette odelseigar av Flatlandsmoen og skulde svara 2 pund smør årleg til Fatighuset. Saki vart deretter pådømd både av lagmannen og overhoffretten som båe dømde underrettsdomen ugild. Overhoffretten segjer at Gjert Miltzow i 1666 hadde kjøpt garden Ronve med øydejordi som høyrde til. Flatlandsmoen var seinare sett i landskyld og fekk då namnet sitt. Miltzow hadde 1678 gjeve Ronve og Flatlandsmoen til Fatighuset. Lars vart pålagd 8 rd. i sakskostnader til motparten, og underrettsdomaren fekk 8 rd. i mulkt for lovstridig dom.

Lars vart uppnemnd 1713 saman med nokre andre til å likna ut dagskatten, men dei våga seg ikkje til å gjera det av di bøndene var so hatige på den skatten. Lars vart 1701 stemnd for slagsmål. Han møtte full i retten og gjorde uppstuss. Fyrst fekk han bot for slagsmålet og deretter 1 rd. i bot for åtferdi i retten. Lars var son til Per Knutson og soneson til Knut Person. Lars var g. m. Ingebjørg Mikkjelsdr. og døydde 1719. Ingebjørg døydde 1757. Dei åtte ved skifte etter Lars 7 spann som vart verdsett 126 rd. Lars og Ingebjørg hadde dotteri Gudve.

Steffa Vikingson Tvilde gifte seg 1717 med Gudve Larsdr. Han fekk 1719 skøyte på 3½ spann og bygsla 1718 3½ spann av verfaren. Gudve døydde 1750, 55 år gl., og Steffa vart attgift 1752 m. Brita Hollgeirsdr. Ullestad. Han har i 1747 vore saman med prestane og femtan bønder og gjort framlegg til ordning av skulestellet på Voss. Steffa og Brita sette 1761 upp testament millom seg. Steffa døydde 1769, 73 år gl. og Brita 1770, 44½ år gl. utan etterkomarar. På skifte etter Steffa var jordgodset 3½ spann taksta 400 rd. Bruttomidelen var 732 rd.

Knut Sjurson Vike, brorson hans Steffa, kjøpte 1769 2 pund 93/11 mark av enkja etter Steffa og hennar medervingar. Noko kjøpte Steffa 1773 og åtte då ialt 3% spann. Knut var g. 1759 m. Katla Torleivsdr. Øvre Graudo. Ho fekk 1784 premie hjå Det Nyttige Selskap i Bergen for vove og farga ty. Han bytte 1786 med Brynjulv Monsson uti 2 pund 6 mark på Øvre Grovu. Sjå vidare bruk 3.

Olav Hermundson f. 1653 var, som ovanfor nemnt, leiglending i 1701. Han var g. 1. m. enkja Rannveig Ivarsdr., 2. 1711

--- side 208 ---

m. Marta Gusskalksdr. Kinne og døydde 1721. Ho Rannveig hadde med Nils, fyrste mannen sin, seks born: Hermann Gjerme, Nils, Kirsten, Ragnhild, Marta og Anna, alle gifte so nær som Nils. Hermann var 1746 korporal i Vossiske kompani. Olav fekk tri born m. Marta: Gusskalk f. 1712, g. 1742 m. Synneva Bjarnesdr. Dukstad, budde på Dukstad, Rannveig f. 1715, g. 1739 m. Knut Nilsson som budde på Bokkatun og Lars f. 1721, g. 1749 m. Rannveig Nilsdr. Himle og budde på Dymbe. Ho Marta, enkja etter Olav, vart attgift 1722 m. Sjur Jonson Dukstad som var leiglending etter Olav. Dei fekk fire born: Olav, Guri f. 1725, g. 1750 m. ekm. Knut Larsson Takla, Jon f. 1728, g. 1755 m. Rannveig Håvardsdr. Nyre og Brita f. 1733, g. 1769 m. Arne Torsteinson Gilbakken. Marta døydde 1749, 60 år gl. og Sjur 1782, 88 år gl. Olav Sjurson vart leiglending etter foreldri sine. Sjå vidare bruk 1.

Olav Vikingson Tvilde, som budde på Gjerdåk, kjøpte 1757 1 pund 18 mark. Sonen Tormod fekk 1789 skøyte på 3½ spann på Ronve. Stykfaren Per Ivarson styrde eigedomen til 1795, då Tormod tok styringi sjølv. Framhald bruk 5.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Ronve. Olav Sjurson var som fyrr nemnt leiglending på bruk 1. Bergens bispestol var eigar. Olav gifte seg 1756 m. Ingebjørg Torbjørnsdr. Seve. Han døydde 1792 og ho 1820, 84 år gl. Dei hadde ni søner: Jon, Eirik f. 1762, g. 1791 m. Anna Persdr. Holo og budde 1792 på Hydningen, Torbjørn f. 1766, død ugift 1832, Viking f. 1767, g. 1799 m. Eli Olavsdr. Sonve, Lars f. 1768, død 1847, Mass f. 1772, g. 1810 m. Dordei Nilsdr. Sonve, Olav f. 1773, g. 1805 m. Marta Olavsdr. Lid, Nils f. 1775, død 1843 og Gusskalk. Olav var underoffiser og var med i krigen mot Sverike frå 1807 til han 1809 døydde på Kongsvinger. Mass pakta garden då foreldri slutta med han, og fekk borni Gudve f. 1813 og Olav f. 1815. Dordei døydde 1847, 75 år gl. og Mass 1863. Gusskalk var f. 1777, g. 1804 m. Ingebjørg Brynjulvsdr. Giljarhus og pakta 1821 garden av militærvesenet. Han var underoffiser til 1812 då han tok avskil. Gusskalk døydde 1857 og Ingebjørg 1830, 56 år gl. Dei hadde borni: Knut f. 1805, Olav f. 1808, og Brynjulv f. 1814 (Amerika).

Olav Gusskalkson gifte seg 1831 m. Kristi Åmundsdr. Fjose og fekk borni: Ingebjørg f. 1831, g. 1860 m. Olav Olavson

--- side 209 ---

Skjerven, Evanger, Gusskalk f. 1834, Åmund f.' 1836, Ingjerd f. 1839 og Karen f. 1843. Olav pakta garden ei tid, var underoffiser og er skriven for lensmann 1843 og då han 1848 døydde i Evanger. Styrk Nilsson Nesheim f. 1805, g. 1836 m. Synneva Bårdsdr. En, pakta garden i kring 1840 og døydde 1852. Dei fekk fem born: Gjertrud f. 1837, g. m. Olav Olavson Gjerdåk, husmann på Mølster, Marta f. 1837, g. m. Svein Knutson Ukvitno, husmann på Nesheim, Nils f. 1839, g. 1. m. Anna Jonsdr. Heimberde, 2. m. enkja Ingebjørg Hallsteinsdr., sjå bruk 2 Øvsthus, Rd., Synneva f. 1842 og Åmund f. 1846, g. m. Ingebjørg E. Lindberg, sjå bruk 4 Endeve. Knut Sveinson Ullestad f. 1827, g. 1850 m. Marjo Larsdr. Vinjo pakta garden etter Styrk og budde der til militærvesenet selde garden. Knut kom 1869 til Hegle.

Garden vart 1821 teken til sjefsgard for Vossiske kompani. Sjefen har ikkje butt der, men styrt garden med paktar. Kaptein Olsen hadde ei tid garden, men kaptein Tillisch sa garden frå seg i 1853. Hallvard Olavson Bryn kjøpte 1863 garden på auksjon for 1810 spd. og årleg avgift 10 spd. 54 skill. til biskopen. Hallvard var frå Torblå i Ulvik, g. m. Guro Jørgensdr. og hadde sønene Olav og Jørgen, sjå bruk 2 og 4 på Bryn. Dei flytte til Lekve i Ulvik. Guro døydde 1873, 78 år gl. og Hallvard 1868, 72 år gl. Ved skifte etter han vart garden skift i bruk 1 og 2. Hallvard Person Vambheim, Ulvik, kjøpte bruk 1 for 750 spd. Han var f. 1844 og g. 1877 m. Sigvor Larsdr. Vike. Dei selde garden 1889 til Anders Ivarson Vike og reiste til Amerika. Anders var f. 1850, g. 1879 m. Brita Larsdr. Vike og døydde 1928. Brita døydde 1921. Deira son Ivar f. 1880 fekk garden i 1914 for 3000 kronor og gifte seg 1915 m. Marta Halldorsdr. Rjodo.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 199, lnr. 383 med gamal skyld 2 laup. Etter at bruk 2 var skilt frå er den ureviderte skyldi 2 dalar 3 ort 6 skill. og revidert 2 dalar 2 ort 13 skill. Ny skyld mark 3,65.

Bruk 2. Ronve. Gitle Ivarson Norekvål kjøpte 1869 bruk 2 for 1050 spd. Han var f. 1838, g. 1865 m. Gjertrud Knutsdr. Rekve og fekk døtterne Marta og Ingebjørg f. 1864 (Amerika). Marta vart g. m. snikkar Johannes Lægreid, sjå bruk 11 av Lekve i band 1. Bjarne Sjurson Rjodo kjøpte garden av Gitle for 6000 kronor., selde att 1880 til Anders Torgeirson Byrkjo for 7200 kronor og kom 1881 til Rene. Anders var f. 1844 og g. 1881 m. Brita Arnfinnsdr. Gjukastein. Anders reiste ei tid med

--- side 210 ---

handel. Han døydde 1904 og Brita 1912. Deira son Torgis f. 1884, g. m. Kari Sjursdr. Sonve, fekk garden i 1905 for 2000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 199, lnr. 383 b med urevidert og revidert skyld som bruk 1. Ny skyld mark 3,64.

Bruk 3. Ronve. Brynjulv Monsson fekk som ovanfor umtala bruk 3 i 1786. Han bytte 1803 med Mons Larsson uti Litlere, men 1811 bytte dei um att. Brynjulv var son til Mons Brynjulvson og Magli Tomasdr. som fekk kår hjå sonen. Mons og Magli døydde båe 1814, han 81 og ho 83 år gl. Dei hadde seks born: Synneva f. 1763, Marta f. 1764, død ugift 1841, Brynjulv f. 1767, Ingebjørg f. 1770, død 1817, Jorunn, g. 1803 m. ekm. Nils Nilsson Sonve og Gitle, g. 1805 m. enkja Anna Josefsdr. Lydvo. Brynjulv var g. 1787 m. Synneva Gusskalksdr. Vinjo, og dei fekk fire born: Asgjerd f. 1788, g. 1822 m. Jakob Janson Ullestad, Gusskalk f. 1792, Olav f. 1794 og Mons f. 1799. Synneva døydde 1812, 55 år gl. Brynjulv vart attgift 1815 m. Ragnhild Olavsdr. Haugo og døydde 1819, 52 år gl. Dei hadde dotteri Synneva f. 1817. Ragnhild vart attgift 1822 m. ekm. Lars Sveinson Hjørnevik. På skifte 1812 etter Synneva var garden verdsett 650 riksbankdalar. Gusskalk gifte seg 1818 m. Eli Mikkjelsdr. Jerald og fekk 1820 skøyte på garden. Dei fekk seks born: Synneva f. 1818, Brynjulv f. 1821, død 1868 ugift, Mikkjel f. 1824, Lars f. 1827 (Amerika), Anna f. 1830, g. 1857 m. Knut Nilsson Eide og Olav f. 1843. Gusskalk selde 1829 22/3 mark. Det vart skilt frå som bruk 4. Eli døydde 1859, 61 år gl. og Gusskalk 1867.

Mikkjel Gusskalkson gifte seg 1. 1850 m. enkja Sigrid Brynjulvsdr. Klyve, 2. 1855 m. Kirsti Nilsdr. Lirhus og kjøpte 1853 på auksjon bruk 3 for 520 spd. Mikkjel fekk med Kirsti sønene Gusskalk f. 1855 og Nils f. 1860 som døydde 1881. Mikkjel døydde 1902 og Kirsti 1886. Gusskalk gifte seg 1877 m. Brita Kjelsdr. Takla. Deira son Nils fekk 1900 skøyte på garden frå Mikkjel for 6750 kronor. Brita døydde 1897 og Gusskalk reiste med borni sine til Amerika. Håvard Nilsson Berge frå Samnanger f. 1864, g. m. Anna Kjelsdr. Takla, kjøpte 1903 bruk 3 for 8250 kronor. Han var fanejunker og kvartermeister ved Sogns bataljon og døydde 1935. Sonen Nils fekk 1927 garden for 10 000 kronor. Han er f. 1898, g. m. Sigrid Solheim og er bokhaldar i Voss Veksel- og Landmannsbank.

--- side 211 ---

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 199, lnr. 384 med gamal skyld 1 laup, urevidert og revidert 2 dalar 3 ort 6 skill. Ny skyld mark 3,60. Bruk 4 er medrekna i desse skylduppgåvone.

Bruk 4. Ronveshagen. Utskilt 1829 frå bruk 3 med 16 øre i skyld og selt til Botolv Larsson Lemme. Han var g. m. Marta Ivarsdr. og fekk på Ronve borni Lars f. 1828 og Brita f. 1830. Botolv selde bruket 1832 til Torstein Hermundson Ygre som selde att 1839 til Olav Hallsteinson Espeland for 200 spd. Han var g. m. Ragnhild Torkjelsdr. og båe døydde 1851 barnlause, han 52 og ho 60 år gl. Enkja Mari Nilsdr. Vele kjøpte 1856 bruket på auksjon for 226 spd. Eirik Nilsson Vele ervde det etter Mari. Han var g. 1837 m. Gudve Monsdr. Ronve og fekk sonen Nils f. 1839. Eirik selde bruket 1883 til Mikkjel Gusskalkson Ronve for 1200 kronor. Bruk 4 har sidan fylgt med bruk 3.

Bruk 5. Ronve. Tormod Olavson vart som fyrr nemnt eigar av bruk 5 i 1789. Han var f. 1771, g. 1803 m. Marta Oddsdr. Ringheim og fekk bruk 1 Vetla Ringheim der dei er umtala. Deira son Odd f. 1819, g. 1844 m. Kari Rognaldsdr. Haugo f. 1812, fekk bruk 5 ved skifte 1835 etter far sin og skøyte 1837 frå mori Kari døydde 1894 og Odd 1905. Dei hadde fire born: Marta f. 1845, g. 1867 m. Lars Larsson Sonve, Tormod f. 1847, Gudve f. 1850 og Rognald f. 1853. Tormod gifte seg 1878 m. Marta Brynjulvsdr. Ringheim og fekk 1881 skøyte på farsgarden for 1600 kronor. Tormod og Marta er døde. Dei hadde borni: Odd f. 1878, død 1911, Brynjulv, Rognald f. 1883 og Anders f. 1886 (Amerika). Brynjulv fekk 1926 skøyte på garden for 5000 kronor. Han er f. 1881 og g. m. Guri Nilsdr. Jerald.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 199, lnr. 385 med gamal skyld 1 laup urevidert og revidert 2 dalar 3 ort 6 skill. Ny skyld mark 3,86.

Husmenn på Ronve.

Arne Sjurson var husmann i 1661. Per Knutson, nemnd ovanfor, f. 1638 var husmann i 1701. Eirik Larsson døydde 1739, 82 år gl. Halle Åmundson var som ekm. g. 1716 m. Brita Jonsdr. Jon Jonson Lid hadde plasset ei tid på Ronve fyrr han kjøpte gard på Rjodo. Odd Nilsson, g. m. Jorunn Tomasdr. f. 1821, hadde plasset Ronveshaugane og var smed. Dei fekk borni: Marta, Nils, Eli, Brita, Ingebjørg og Anna f. 1838-1859. Knut Ivarson Vike, g. m. Dordei Knutsdr., budde på plasset Espevær i Ronveshagen og fekk borni: Eli, Anna, Knut og

--- side 212 ---

Nils f. 1848-1856. Knut kjøpte eit kvernhus på Øvre Lid og brukte det til flor på Espevær. Dei budde to år i stova si fyrr dei fekk lagt golv i henne. Kornbandi som dei fekk på den vesle åkerflekken sin, bar Knut til Ronveshagen og barde dei på låven der. Ho Dordei let alltid so vel: Me fekk tri askar korn i fjor, og tykte det var sværande gildt. Knut og Dordei reiste til Amerika. Karle Ivarson Sonve f. 1829, g. 1862 m. Synneva Hallvorsdr. frå Lærdal, var skreddar og god felespelar. I kring 1880 reiste dei til Amerika. Oftast var han kalla Karle i Krokjen av di han var uppvaksen på plasset Sonveskrokjen.

Stølen.

Han var 2½ mil frå garden, står det i matrikkelen 1723. Ronve har støl på Fyrjo so nær som bruk 3. Ein høgsterettsdom i 1899 slo fast at bruk 3 ikkje hadde stølsrett der. Bruket har no støl i Hondalsbotn, bruk 3 på Skiple. På Tvilde er upplyst meir um Fyrjo. Stølsvegen til Fyrjo var fyrr um Brynabruæ, Gjerdåk, Repål og Raukjeldo, der Klyvjasteinane er. Vanleg kvilte dei der når dei hadde tung klyv. I 1846 var det stort slagsmål millom budeione på Fyrjo um krøterbeitet. Sume brukte treskone til handyvle og sume flors-soplane.

I 1686 var det åstadsak um stølen Kleppe millom Flatlandsmoen og Ronve på eine sida og Bjørgamannen på den andre. Gamle folk vitna at dei hadde høyrt av fedrane sine, at Ronve hadde fått stølen saman med Flatlandsmoen og hadde leigt stølen til Bjørgamannen for ½ laup smør. Me har ikkje set noko um utfallet av striden. Det er fortalt at i gamal tid hadde Ronve stølsrett både på Fyrjo og i Bordals-Almenningen. Men Fyrjo hadde betre beite, so Almenningen vart ikkje brukt, og soleis miste Ronvane hamneretten der.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala i 1723, men i 1776 og 1791 og seinare var der to. Bruk 3 hadde si kvern i Haugagroæ.

Offentlege forretningar som ikkje er umtala ovanfor.

Odelssak 1760. Synsforretning 1788 og 1820. Semje 1828 um beiting. Semje 1846 um beiting på Fyrjo. Godviljug utskifting 1865. Utskifting 1887. Kontrakt 1913 med Voss Skyttarlag um skjotebane i Ronveshagen. Synsforretningen 1788 vart halden over husi som bruk 3 og 5 då åtte saman. Fyre utskiftingen stod husi åt bruk 1, 2, 3 og 5 saman, men sidan flytte bruk 2 husi sine vestover og bruk 3 sine hus austover.

Bumerke.

Lars fleire gonger 1710-1716 tavle 8 nr. 23. Olav 1716 t. 8 nr. 24. Steffa mange gonger 1722-1763 t. 8 nr.

--- side 213 ---

25. Sjur nokre gonger 1723-1752 t. 8 nr. 26. Knut 1775, 1778 t. 8 nr. 27. Olav Knutson 1785 t. 8 nr. 28.

Ymse.

Ronvane har i 1800-talet soleis som so mange andre gardar utvida innmarki ved å flytta bøgarden uppover. På ein teig, Mòlaretræe, skal dei to brukarane ha brukt å skifta høyet etter at dei hadde vore saman um å slå det. Frå gamal tid har det vore gangveg frå Sonve um Ronveshagen og plasset Fjorungamodn til Lid. Denne vegen skal i eldre tid ha vore reidsle- og køyreveg, er det fortalt.

Stovehuset på bruk 3 brann i 1889. I eit fælt torever hausten 1873 slo lynet ned i stovehuset på bruk 2, gjorde skade på huset og øydela ymist både i stova og elles i huset. Det var fem menneske i stova, men ingen av dei vart skadde.

Är du säker på att du vill logga ut?