Saude (i Viki).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 498 ---

Namnet er i 1300-talet skrive a Saudi og i (meira) Saudi. Det vert no sagt (stora og vetla) Saué (í Víkjéné); han búr pao, è tao Saué, ska tì Saués, sms. Sauéstveitè. Um namnet, sml. gardnr. 64 i band 2.

Fredrik prest på Vangen, Orm Kafle, Bjørn Steineson og Svein på Graudo vitnar i brev utferda 1323 (DN I nr. 171) på Vossavangen at Odd på Gjerdåk kjøpte 2 mmb. i Saude av Håvard Halleson. I brev utferda i Bergen 1326 (DN II s. 158) vitnar to prestar og to andre menn at Halldor kjøpte 3 mmb. av Svein Stora Saude for 10 mark. Jostein på Saude og sekstan andre menn på Voss gav 1342 (DN I nr. 281) melding til lagmannen i Bergen um at alle bønder på Voss skiftevis var med på vegarbeidet. Jostein har og vore med og gjeve melding i vegabotbrevet frå 1343 (DN VI nr. 167).

Seks menn har i brev 1350 (DN I nr. 317) avgjort kva Ingebjørg Simonsdr., skulde betala Hallstein Josteinson for di han

--- side 499 ---

hadde styrt Finnegodset. 12 mmb. som Hallstein åtte på Hornve og 15 mmb. på Saude som Hallstein og far hans stendigt hadde butt på, hadde lege øyde av di Hallstein var so uppteken med styringi av Finnegodset. Der er so upprekna godtgjeringi som Hallstein fekk for alt dette. Han er meir umtala på Finne. Han eller kona hans må ha vore i slekt med tidlegare eigarar av Finne. Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangens prestebol åtte 1 laup i Saude. Der er og fortalt at brørne Gullbrand og


Saude.
Bilete 63. Saude. Fot. P. Braaten 1934.

Orm på Finne gav til Vangskyrkja noko jordgods i Saude for deira far si sjel. Det er ikkje sagt um det er Saude i Viki eller i Borstrondi.

Det var to brukarar på Saude i 1521. Arnvid betalte 6½ lodd sylv ½ mark i skatt og 8 mark i breffbrot. Botolv betalte 7 mark 4 skill. 2½ lodd sylv, truleg som skatt. Styrker Andersson lensmann på Voss, Laurits Eirikson underprost med fire lagrettemenn kunngjorde 1563 (DN X nr. 761) at Torfinn og Mons Hallesøner stadfeste eit makabyte som far deira, Halle Monsson, hadde gjort med bror sin Per Monsson. Steinvor Monsdr., syster hans Halle, hadde då fått 4 mmb. i Vetla Saude. Oluf, Håvard og Hallvor var leiglendingar på Saude i 1563. Håvard betalte

--- side 500 ---

2 lodd sylv og 18 skill. i landskyld. Oluf hadde 1567 1 laup 12 mark på Vetla Saude som stiftet åtte.

Mons Halleson på Voss har etter melding i Norske herredags dombøker band I, møtt 1578 på Bergens rådhus for herredagen mot høvedsmannen på Bergenhus, Hans Person til Sem, og klaga han på vegne av stiftet. Det gjaldt 8 mmb. i Saude som Mons påstod var hans rette odelsgods. Det var i biskop Olav si tid kome under bispestolen. Mons la fram pergamentbrev frå 1521. Det synte at Oude Endritson hadde gjeve Mons Gudleikson lov til å innløysa den jordi som Endre Oddson hadde pantsett til Olav Torkjelson, som då var erkedegn i Bergen og sokneprest på Voss, for 14 lodd sylv og 1½ pund kopar. Oude hadde nemleg ikkje sjølv midel nok til å løysa jordi. Mons meintest ha rett til dei 8 mmb. for kona hans hadde odelsrett til dei. Olav Torkjelson hadde skrive på brevet i 1521 at Mons Gudleikson hadde betalt 16 lodd sylv 1½ kyrlag i pengar og to kyrlag i brevkostnad som Endre Oddson var skuldig.

Mons la vidare fram vitnemål utferda 1545 av lensmannen på Voss med seks lagrettemenn at Halle Monsson var rette odelsmann til 8 mmb. i Saude og at han hadde vore gift med Åsa Ragnildsdr., og Margreta Lauritsdr. Dei var i slekt i fjorde ledd. Mons la og fram klagebrev utferda 1560 på Bergens rådhus der Torstein Halldorson påstod at han hadde odelsrett til dei 8 mmb. Mons meinte no å ha irettelagt fullt prov for at dei 8 mmb. ikkje hadde vore i roleg hevd sidan dei kom under stiftet. Høvedsmannen svara at Vetla Saude i langsameleg. tid hadde høyrt til stiftet og kruna som hadde fått landskyld for jordi. Saki vart utsett til næste herredag. Mons Halleson klaga atter 1585 til herredagen i Bergen. Saki vart då vist til lagtinget. Kyrkjerekneskapet 1585-1616 syner at Vangskyrkja fekk 2 såld korn og 1 laup smør i landskyld.

241. Vetla Saude.

Vetla Saude er i matrikkelen 1661 ført upp med 2 laup i skyld og ein brukar, og der var vedaskog, er det sagt. Same skyldi var det 1723, men der var då to brukarar og humlagard. Garden var god til kornavling, men tungbrukt. Skyldi var 1777 1 laup 2 pund 6 mark som 1838 vart umskrivi til 6 dalar 2 ort

--- side 501 ---

19 skill. Der var noko fureskog, turvande vedaskog og litt humla-avl og vassfall. Samanlikningstalet var 990.

Matrikkelen 1865 melder at der var 21¾ mål åker, 14 mål dyrka eng, 29 mål god, 52 mål medels natureng og 70½ mål skrapebø. 6 mål var høveleg til å dyrka. Medels hamnegang, som låg lagleg til. Skog til husbruk. Garden var lettbrukt og dyrka betre enn vanleg. I 1918 var der 30,2 mål åker, 28 mål kunsteng og 30 mål natureng.

Der budde 18 menneske i 1801, 22 i 1865 og 9 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Vetla Saude.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   13   17          
1723 1   16   14   20      
1865 2   20   44   50   70  
1918 3   9   19          

Anders og Tormod var leiglendingar i 1591. Anders betalte 1597 tridje års bygsel for 3½ pund. Jordboki 1585-1616 melder at Vangens prestebol fekk ½ laup smør som landskyld. Anders er skriven fleire gonger som leiglending 1603-1614. I 1613 betalte han tridje års bygsel for 2 laup med 2 dalar. Ei enkje har 1616 betalt tridje års bygsel. Leidangen var 1624 etter leidangsboki 1 spann smør 1 bukkskinn. Jordi var tolleg god, er det sagt. Oluf betalte 1627 1 laup 12 merker smør i landskyld til stiftet. Oluf Jørgenson gav 1619 12 dalar i fyrste bygsel til kongen og var leiglending til ikring 1636. Steffa Gjerstad åtte 1621 12 mark og Jorunn, mor hans, 1 spann. Sjur Sjurson, g. fyrr 1645 m. Sigtru, var leiglending 1640, 1645 og 1648.

F. Broderson bytte 1649 med kongen, so han fekk m. a. noko på Vetla Saude, og Broderson fekk Gravdal gard og myln. Hannibal Sehested fekk same år kongeskøyte på leidangen 1 spann smør 1 bukkskinn av Apostelgodset. Sehested åtte 1650 5½ pund som han hadde fått ved makabyte med kongen. På det var det 1 spann smør 1 bukkskinn i leidang, 2 dalar i skatt, ½ dalar i fornødspengar, ½ dalar i arbeidspengar og ½ dalar 16 skill. i avgift til eigaren. Sjur var leiglending. Sehested

--- side 502 ---

let dette jordgodset att 1651 til kongen som selde det 1657 til G. Marselis.

Vetla Saude er ikkje ført upp i dei vanlege skattemanntali 1652-1659 so nær som 1657, då det står under Finnegodset med 5½ pund i skyld. Vangens prestebol åtte 1661 12 mark. Resten høyrde til Finnegodset. Ei enkje var leiglending då og 1664. Ho hadde sønene Sjur og Asser Sjurssøner f. 1644 og 1645. Klas Miltzow åtte 1680 1 laup 2½ pund. Brukaren Asser åtte 1691 1 laup 3 spann som Henrik Miltzow åtte 1695. Lars Miltzow var 1714 eigar av 1 laup 2½ pund. Vangens prestebol var framleies eigar av 12 mark.

I folketeljingi 1701 er Asser Sjurson skriven som leiglending og har truleg vore det frå 1660-åri. Han var g. m. Magli Knutsdr. og døydde 1718. Dei hadde fire born: Sjur d. e., Lars, Odd Lunde, og Knut f. 1708. Sjur døydde fyre 1718 og hadde borni: Sjur, Marta f. 1706, Øystein f. 1710 og Sjur d. y. f. 1713. Ho Magli gifte seg att 1719 m. Knut Andersson Svanga som då vart leiglending og kjøpte 1724 2½ pund av Hans Rødberg i Bergen. Knut selde att 1734 til Nils Andersson.

Eirik Endreson Nesheim kjøpte desse 2½ pund og 1758 løysningsretten til 1 laup 2½ pund for 117 rd. G. Marselis hadde ått dette jordgodset. Eirik var g. 1734 m. Brita Olavsdr. Løno. Ho døydde 1745, han 1760, 66 år gl., og hadde tri born: Gudve f. 1729, Inga f. 1739, g. 1759 m. Nils Davidson Stora Saude og Brita f. 1745, g. 1765 m. Berge Brynjulvson Vete. Gudve vart g. 1. 1756 m. ekm. Eirik Hermundson Rogne, 2. 1774 m. Mikkjel Steffason Grevle. Eirik Hermundson fekk 1759 skøyte frå verfar sin på 2 pund 2 mark og kjøpte 1760 av Olav Eirikson ½ laup.

Eirik Hermundson var gift fyrste gong 1734 med Kari Botolvsdr. Dolve og kjøpte 1763 2½ laup på Rogne. Han selde 1763 1 laup 1 pund på Vetla Saude til Arnfinn, son sin. I 1768 makabytte han med far sin, so Arnfinn fekk 2½ laup på Rogne, og Eirik fekk 1 laup 1 pund på Vetla Saude. Eirik skulde vera so umåteleg sterk. Ein gong han trefte ein bjørn, tok han bjørnen i øyro og heldt han ei stund. Eirik døydde 1773, 64 år gl., og hadde ein son med Kari og sju born med Gudve: Arnfinn Rogne f. 1735, Kari f. 1756, g. 1781 m. Knut Sveinson Eimstad, leiglending på Ullestad, Hermund f. 1758, g. 1795 m. Barbrå Olavsdr. Bulko, budde på Bulko, Brita

--- side 503 ---

f. 1760, g. m. Bjarne Larsson Vetla Saude, Ragnhild f. 1762, Eirik f. 1764, Anna f. 1766, og Olav f. 1769, g. 1801 m. Mari Jonsdr. Vike, budde på Vike. Ved skifte etter Eirik åtte dei 1 laup 1 pund på Vetla Saude som vart taksta 480 rd. Gudve vart attgift 1774 m. Mikkjel Steffason Grevle som fekk to born med henne: Kristi f. 1775 og Ingebjørg f. 1776. Kristi gifte seg 1795 med Gudleik Larsson Takla som same år fekk skøyte frå verfaren på 1 laup 18½ mark.

Mons Olavson, g. m. Brita Persdr., var leiglending då han døydde 1722. Dei hadde borni Marta f. 1699 og Per f. 1704. Per var g. m. Sigrid Henriksdr. som døydde 1737, 22 år gl. og hadde sonen Mons f. 1735. Ved skifte etter Sigrid åtte dei 1½ pund som dei hadde fått ved skiftebrev 1729 og skøyte 1737. Henrik Monsson kjøpte 1722 1 laup av Kristense, enkja etter Hans Monsson. Henrik var rådsmann på Mjelde då han kom til Vetla Saude. Han var som ekm. g. m. Torbjørg Levorsdr., døydde 1738, 62½ år gl. og hadde tri born: Sigrid, nemnd ovanfor, Mons f. 1721 og Ivar f. 1732. Torbjørg vart attgift 1741 m. Olav Eirikson Vetla Saude. Han kjøpte same år noko av Mons Henrikson, Per Gjukastein og Eirik Endreson Vetla Saude og åtte ialt ½ laup. Olav døydde 1761, 44 år gl. barnlaus.

Per Monsson kjøpte 1737 1 pund av Mons Henrikson som han hadde ervt 1729 etter mor si. Per åtte fyrr 12 mark. Han selde ½ laup i 1738 til David Nilsson Jerald. Han var g. 1724 m. Brita Eiriksdr. Stora Saude. Deira dotter Lussi vart g. 1753 m. Per Åmundson Skjelde etter kongelegt løyve, då dei var i slekt. Ved skiftebrev 1757 og skøyte 1757 vart han eigar av ½ laup. Per døydde 1804, 81 år gl., Lussi 1827, 100¾ år gl., og hadde tri born: Åmund f. 1753, Anna f. 1760, død ugift 1824 og David f. 1763, g. 1805 m. Torbjørg Arnesdr. Hatlestad. Åmund Person fekk skøyte 1788 frå far sin på ½ laup. Han selde det til David Person, som selde att til Olav Åmundson Hornve. Åmund Person døydde ugift 1831.

Gudleik Larsson Takla åtte heile Vetla Saude so nær som ½ laup. Han var f. 1766, og som fyrr nemnt g. m. Kristi Mikkjelsdr. Saude f. 1772. Gudleik var flink smed og snikkar, var presten sin medhjelpar, var med på takstar og skyn og var som valmann med og kåra tingmann til umframtstortinget 1814. Gudleik hadde gard på Helleve frå 1793 til 1795. Fem born: Anna f. 1796, Gudve f. 1798, Ingjerd f. 1802, g. 1824 m.

--- side 504 ---

Anders Mattisson Lunde (Amerika), Brita f. 1805, g. 1833 m. Lars Davidson, gardmann på Helland og Arnbjørn f. 1808, g. 1829 m. Olav Åmundson Hornve, sjå bruk 2. Gudleik døydde 1816 og Kristi vart attgift 1817 m. Eirik Knutson Gjelle f. 1778 og døydde 1842. Kristi døydde 1868. Eirik var sylvsmed, arbeidde serleg lekkjeknappar og sylgjor og var rosemålar. På skifte 1817 etter Gudleik fekk dotteri Anna ½ laup 6¾ mark som høyrde til bruk 2, og dotteri Gudve fekk 1 pund 23¼ mark som vart bruk 1. Vetla Saude vart då taksta 8000 riksbankdalar. Bruttomidelen var 1139 riksbankdalar.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Vetla Saude. Gudve Gudleiksdr., vart g. 1828 m. Lars Bårdson Skutle f. 1799. I 1860 selde dei garden til Mons Isakson Jarane frå Kvam for 650 spd. og reiste til Amerika. Mons var f. 1826, g. 1854 m. Marta Andersdr. Store Røte f. 1832, som døydde 1931. Mons flytte til Hardanger etter han let garden. Trettan born: Tvillingane Anders og Brita f. 1855, Isak f. 1856, Eirik f. 1857, Lars f. 1859, g. 1882 m. Anna Hallvarsdr. Lunde, Marta f. 1860, g. 1884 m. Olav Larsson Saude, Knut f. 1864, Kristi f. 1866, g. 1895 m. Anders Nilsson Eggjareid, sjå bruk 40 av Lekve, Mons f. 1868, Guri f. 1869, Rannveig f. 1872, Ingebjørg f. 1874 og Ingjerd f. 1876. Anders og brørne hans reiste med kram i Sunnfjord, Sogn, Hardanger og umkring Bergen. Sume av dei reiste seinare i Nordland og Finnmark. Knut og Mons fekk kvar stor handelsforretning i Harstad. Eirik reiste med kram ved Vossabanen då han var under byggjing og seinare nordover saman med Knut, bror sin.

Anders vart g. 1875 m. Anna Torsteinsdr. Lunde og fekk 1881 garden hjå far sin for 600 spd. Anders let garden att same år til Isak, bror sin, for 5200 kronor. Isak dreiv med skreppehandel all sin dag, reiste fyrst i Bergens stift, seinare mest i Nordland, men fór elles over heile landet. På sine eldre dagar innretta han krambud i ei firhjula vogn som han køyrde med umkring på Voss og handla, og han arbeidde rullegardiner og springmadrassar som han selde. Isak la løypestreng på stølen og løypte mjølla heim. Seinare la han røyrleiding til dette bruk. Då det ikkje gjekk med å senda mjølki på den måten, sette han upp hesjar av røyrene. Isak døydde ugift på Saude i 1936.

--- side 505 ---

Løytnant Anders Larsson Væte kjøpte 1912 bruk 1 og 2 for 19500 kronor. Båe bruki har sidan høyrt saman. Knut Monsson Saude tok garden ved odelssøksmål for 28000 kronor i namnet åt Odd, son sin. Anders Brunborg, Evanger, kjøpte 1922 garden til Askjel, son sin, for 48000 kronor og selde att 1930 til Lars Olavson Lid for 28500 kronor. Han er f. 1896, g. m. Aslaug Olavsdr. Steinsland, og er agronom.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 242, lnr. 473a med gamal skyld 1 pund 23¼ mark, urevidert 2 dalar 2 ort 10 skill., revidert 2 dalar 2 ort 8 skill. Ny skyld mark 3,59.

Bruk 2. Vetla Saude. Anna, Gudleiksdr. fekk som ovanfor nemnt bruk 2 etter far sin. Ho var f. 1796, g. 1818 m. Torstein Olavson Rekve f. 1790. Dei selde 1839 2 pund 6 mark til Knut Larsson Bolstad og reiste 1840 til Amerika. Dei hadde sonen Gudleik Thompson som han skreiv seg for i Amerika. Han vart g. m. Dønåt Torgeirsdr. Røte f. 1820, var flink smed og snikkar og ein drivande mann. Han vart eigar av fire store farmar som låg saman og vart visst den rikaste vossafarmar. Berre eit av borni deira vart vaksne, Torgeir Thompson f. 1853, som gifte seg med Asgjerd Andersdr. Grimastad. Han var med i legislaturen og anna offentleg arbeid. Då han døydde 1923, skulde han vera god for mest ein million dollars er det fortalt. Han har gjeve ikring 12000 kronor til Voss Barneheim, noko til boksamlingi på Bulken og 300 000 dollars til Wisconsin Universitet.

Olav Åmundson, umtala ovanfor, som var g. m. Arnbjørg Gudleiksdr., tok 1842 att frå Knut Bolstad ved odelssøksmål den gardparten han hadde, for 680 spd. Olav kjøpte ½ laup av David Person for 300 spd. og selde det 1839 til Brynjulv Andersson Edal. Eirik Knutson Verpelstad kjøpte 1844 av Olav Åmundson og Brynjulv heile bruk 2 for 1500 spd. Eirik bytte 1849 med Klas Oleivson uti Ukvitno, men kjøpte Vetla Saude att i 1854. Eirik var g. 1842 m. Guri Oleivsdr. Ukvitno og døydde 1861, 53 år gl. Dei fekk fem born: Knut, Olav, Anders f. 1837, g. 1858 m. Anna Klasdr. Grimastad, Ingebjørg og Inga. Olav gifte seg 1860 med Brita Arnfinnsdr. Rekve og fekk 1861 halve bruket for 400 spd. Dei fekk, medan dei budde der, to born: Marta f. 1861 og Arnfinn f. 1864. Mons Isakson Saude kjøpte 1861 av Eirik Knutson halve bruket for 400 spd. og 1868 den andre halvparten av Olav for 800 spd. Bruk 2 har sidan fylgt med bruk 1.

--- side 506 ---

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 242, lnr. 437b og 474 med gamal skyld 1 laup 6½ mark, urevidert 4 dalar 9 skill., revidert 4 dalar 6 skill. Ny skyld mark 5,90.

Bruk 3. Torfinno. Utskilt frå bruk 1 og 2 i 1908 med skyld 2 øre og selt til W. Konow, som selde att 1920 til Bergen og Voss kommunar. Bruk 3 er 1934 ført saman med bruk 5 på Eide.

Bruk 4. Lundarskallen. Skilt frå bruk 1 i 1926 med skyld 7 øre. Alfred Larsson er eigar.

242. Stora Saude.

Landkommisjonen melder 1661 um Stora Saude at skyldi var 4½ laup med to brukarar og at der var timber- og vedaskog. Skyldi er 1723 ført upp med 4 laup og fire brukarar. Skog var der til husvøling og brensel og humlagard. Kornavlingi var god, men det var tungvint med høiavlingi. I 1838 er skyldi umskrivi til 13 dalar 1 ort 7 skill. Der var vassfall, turvande fure- og vedaskog jamvel litt til sal. Samanlikningstalet var 2000,

I matrikkelen 1865 er ført upp 41,9 mål åker, 9½ mål dyrka eng, 55¾ mål god, 83 mål medels natureng og 114 mål skrapebø. 6 mål var skikka til å dyrka. Medels hamnegang. Skog til husbruk. Bruk 1 kunde selja timber for 6 spd. um året og dei tri andre bruki for 7 spd. årleg kvar. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 35,9 mål åker, 48,3 mål kunsteng og 49,6 mål natureng.

Folketalet var 30 i 1801, 47 i 1865 og 27 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Stora Saude.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3   25   21          
1723 4   25   36   36      
1865 4   47   99   103 ½ 124  
1918 6   29   56          

Jordboki 1585-1616 melder at Vangens prestebol fekk 7 askar korn og 1 pund smør i landskyld. Hallvard var leiglen-

--- side 507 ---

ding i 1603. Karl er ofte skriven som leiglending 1611-1635. Han åtte 3 spann i 1611, 1 laup i 1614 på Stora Saude og 1621 ½ laup på Skjerve og 1 spann på «Berland». Karl betalte 1635 garnisonsskatt for 4½ laup. I 1621 åtte Anders Olde 1 spann, Laurits Rong 1 laup 12 mark, Laurits Raustad 2 spann og Jørgen Mosafinn 1 pund. I leidangsboki 1624 er leidangen førd upp med 30 merker smør og 2 bukkskinn. Der var tolleg god jord segjer dei. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 1 laup 30 mark med 3 dalar ½ ort 6 skill.

Sverkve Jonson og Ivar Torleivson fortel i klage dagsett Bergen 1632 at i 1615 skulde dei etter krav frå lagmannen i Gulatingslagen døma millom Laurits Hallvardson og Tomas klokkar um bygsli i garden. Dei hadde funne Laurits sine odels- og kjøpebrev og skiftebrev lovlege. Likevel hadde lagmannen dømt heimelsbrevi «udøgtige». I 1624 er kome ein ny dom av tolv menn. Det ser ut til at ni av dei har vorte straffa med bot for å ha avsagt galen dom. Ymse ting vart teke frå dei som ikkje betalte boti. Tri av dei var døde i millomtidi.

Lars Rong, truleg den same som Laurits Hallvardson, la då upp sak mot Karl Stora Saude og hans brorson Jørgen Mosafinn for deira vitneprov mot eit gamalt odelsbrev som den tid (1624?) var 428 år gamalt. Då saki var fyre, tok lagmannen stevningi og ei fullmakt til Oluf Parsberg frå han. Truleg har Karl og Jørgen prova mot Lars og til hjelp for Tomas klokkar. Anton Espeland som har funne dokumentet i dansk riksarkiv, segjer: Klagen av 1632 er i sume måtar noko uklår, men det må vera so at det i retten vart framlagt eit 428 år gamalt odelsbrev som synte at Stora Saude hadde vore i same ætti frå kong Sverre si tid. Millom dei ni menn var Styrker Torfinnson, truleg frå Møn, og Ivar Torleivson, truleg frå Klyve. Styrker laut betala 7 rd., og frå Ivar vart teke ein koparkjel.

Knut Åmundson g. fyre 1645 m. Ingjerd hadde sønene Sjur og Torbjørn og var leiglending 1640 og 1645. F. Broderson let 1649 noko til kongen. Skyldi var 4½ laup i 1652-1661. I 1652 og 1655 åtte F. Broderson 2 laup 30 mark, Vangens prestebol 3 spann, Rongue Olde 1 spann, Olav Jerald 6 mark og klokkaren ½ laup. Oddmund og Sjur var leiglendingar i 1652 og Knut i 1655. Det var same eigarar i 1659 so nær som at Munkeliv då var komen i staden for F. Broderson. I 1661 åtte prestebolet 2½ pund, Vangskyrkja 1 laup og Munkeliv resten.

--- side 508 ---

Sjur og Oddmund var leiglendingar i 1659, Oddmund og Torgis Larsson 1661 og Oddmund Knutson og Odd Knutson i 1664.

Eg har vore i tvil um Olav Saude, som ofte var lagrettemann 1654-1671 og lensmann 1656 og 1659, har butt på Saude i Viki eller Saude i Borstrondi, men er no komen til at han må ha butt i Borstrondi. Han vitna 1669 i den store skogsaki at han hadde hogge 14 tylvter sagtimber i Raundalens Almenning. På tinget 1671 er Olav umtala som ein av dei eldste og som kyrkjeverje for lang tid sidan.

H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på 2½ laup 8 mark av Munkelivgodset og selde det att til Klas Miltzow. Han åtte 1676 2½ laup og 1680 2½ laup 1 spann. I 1791 åtte Hans Akselson 2 laup, prestebolet 3 spann og klokkaren 1 laup. Det var likeins 1695 med det brigde at H. Akselson då åtte 2 laup 3 pund. Eigarane i 1714 var prestebolet 2½ pund, klokkaren 1 laup, Edvard Hansson 1 laup 6 mark, brukaren 1 laup 15 mark, og 27 mark var burtbygsla. I 1723 åtte prestebolet 2 pund 6 mark, Vangskyrkja 1 laup, brukaren Knut 1 laup 1 pund 21 mark og Markus Faye 1 laup 9 mark. Anders, ei enkje og Finde var leiglendingar i 1691 og Ragnvald Olavson i 1695 som hadde 2 laup. Han var g. m. Guri Olavsdr., døydde 1700, og hadde borni Gjertrud f. 1698 og Rognald f. 1700, g. 1724 m. Gjertrud Knutsdr. Dagestad.

Folketeljingi 1701 har fire leiglendingar: Olav Johannesson f. 1664, Lars Tormodson f. 1668, Eirik Oddson f. 1669 og Sjur Asserson f. 1666. Lars Tormodson var g. 1. m. Guri Olavsdr., enkja etter Rognald Olavson, 2. 1725 m. Guro Olavsdr. Eimstad. Han var leiglending til 1726 då han kjøpte 1 laup 9 mark av Markus Faye for 113 rd. Lars fekk med andre kona si ei dotter Guri og døydde 1744. Guro, kona hans, var død 1736, 53 år gl. Lars selde 1736 1 laup 9 mark til Knut Eirikson.

Knut var son til Eirik Oddson, ovanfor umtala som leiglending i 1701. Han var f. 1669, g. m. Ragna Øysteinsdr. og kjøpte 1706 1½ laup 9 mark av Rafnsdorff. Dei hadde to born: Knut f. 1701 og Brita f. 1704, g. 1724 m. ekm. David Nilsson Jerald. Eirik døydde 1719 og Ragna vart attgift 1721 m. Hermund Henrikson Øvre Rjodo. På skifte etter Eirik var jordgodset taksta 117 rd. Knut bygsla 1721 av mor si 2 pund 15 mark og 1730 av stykfaren Hermann Henrikson 2 pund 10½ mark.

--- side 509 ---

Noko jordgods fekk Knut på eit skifte i 1744 og med det han kjøpte av Lars åtte han ialt 2 laup 15 mark.

Knut gifte seg 1721 m. Marta Andersdr. Øvre Rjodo, enkja etter Torstein Henrikson. Med han fekk ho dotteri Mari, g. 1740 m. Nils Bjarneson Herre. Knut var 1739 lagrettemann. Han fekk med Marta fem born: Ragnhild g. 1. 1745 m. ekm. Hans Knutson Store Røte, 2. 1747 m. Torgeir Bjarneson Herre, Eli f. 1724, Eirik f. 1725, Ingebjørg f. 1727 og Torstein f. 1729. Knut og Marta døydde båe 1750, han 48½ år gl. og ho 63 år gl. Der må ha vore smittsam sjukdom, for fem såmne er døde umkring påske 1750, og tri av dei er gravlagde same sundagen.

Eirik Knutson gifte seg 1749 m. Ingjerd Olavsdr. Tren og døydde 1750, barnlaus. Han hadde bygsla av far sin i 1748 1 laup 2 pund 1½ mark. Ingjerd fekk 1750 skøyte på 1 laup 9 mark på Stora Saude og frå far sin fekk ho 1762 som gåve 3 spann på Bauthus. Ingjerd vart attgift 1751 m. Anders Arnfinnson Ullestad. Ho døydde 1776, 50 år gl. og hadde sju born med Anders: Eirik f. 1752, g. 1772 m. Marta Larsdr. Mosafinn, Arnfinn f. 1753, Ingjerd f. 1755, g. 1779 m. gardmann Jon Larsson Vike, Anna f. 1756, g. 1781 m. Aslak Henrikson Øvre Rykke, Rannveig f. 1761, g. 1781 m. gardmann Klas Larsson Mosafinn, Marta f. 1768, g. 1794 med husmann Josef Person Mosafinn og Knut i Bergen. På skifte etter Ingjerd var jordgodset på Stora Saude taksta 340 rd. og på Bauthus 200 rd. Anders vart attgift 1778 med enkja Ingebjørg Sjursdr. Lid, og flytte til Lid. Dei fekk sonen Sjur f. 1783.

Eirik Andersson fekk 1772 1 laup 3 spann på Rykke hjå far sin. Arnfinn Andersson fekk 1778 skøyte frå far sin på 1 laup 9 mark på Stora Saude og vart g. 1. 1780 m. Ragnhild Henriksdr. Øvre Rykke, 2. 1785 m. Guri Knutsdr. Ronve. I 1779 bytte han med Eirik, bror sin, uti garden hans på Rykke. Eirik budde sidan på Stora Saude til han døydde 1841. Marta, kona hans, døydde 1829, 76 år gl. Dei fekk åtte born: Knut f. 1773, Olav f. 1775, g. 1801 m. Maria Jonsdr. Vike, budde på Vike, Ingjerd f. 1778, g. 1797 m. Knut Gusskalkson Vestrheim, Ingebjørg f. 1781, g. 1811 m. Anders Rognaldson Nestås, Eli f. 1783 g. 1814 m. Sjur Ivarson Mosafinn, husmann på Saude, Rannveig f. 1785, g. 1806 m. Gudleik Olavson Kinne, Marta f. 1790, g. 1816 m. Torstein Mattisson Lunde og Brita f.

--- side 510 ---

1794. Knut fekk 1803 skøyte frå far sin på garden. Sjå vidare bruk 5.

Torstein Knutson f. 1729, nemnd ovanfor, fekk 1750 skøyte på 1 laup 6 mark og gifte seg 1755 m. Rannveig Isaksdr. Mosafinn. Han døydde 1789 og ho 1800, 61 år gl. Dei hadde fem born: Marta f. 1760, g. 1783 m. Olav Nilsson Tren, Ingebjørg f. 1763, g. 1784 m. Lars Torgisson Seim, Brita f. 1770, g. 1794 m. ekm. Knut Torbjørnson Seve, Ukvitno, Knut f. 1771 og Kristense f. 1778, g. 1806 m. ekm. Knut Ivarson Seim. På skifte etter Torstein var jordgodset verdsett 425 rd. Bruttomidelen var 792 rd.

Knut Torsteinson fekk 1792 skøyte på garden og vart g. 1. 1793 m. Gjertrud Andersdr. Rekve, 2. 1797 m. Sigrid Larsdr. Uppheim. Knut døydde 1802 og Sigrid gifte seg att 1804 m. Anders Nilsson Stora Saude f. 1775, som døydde 1848. Sigrid døydde 1851. Knut fekk med Gjertrud sonen Torstein f. 1795 og med Sigrid dotteri Gjertrud f. 1798, g. 1821 m. Lars Knutson Mosafinn. Torstein fekk 1805 skøyte på 2 laup. Framhald bruk 1.

Sjur Asserson f. 1666 var som fyrr umtala leiglending i 1701. Han var g. m. Anna, Øysteinsdr. og døydde 1712. Dei hadde borni Sjur f. 1692, Marta f. 1706, Øystein f. 1709 og Sjur d. y. f. 1712. Anna vart attgift 1713 m. Per Oddson Rekve. Olav Åmundson, g. m. Marta Persdr., var leiglending og døydde 1711. Ho døydde 1736, 76 år gl. og hadde fire born: Brita f. 1691, g. 1718 m. Ingebrikt Torbjørnson Høyland, skriven for Grimastad i 1736, Gudve f. 1692, g. 1725 m. Botolv Nilsson Seve, skriven for Rekve i 1736, Åmund f. 1699, g. m. Gjertrud Larsdr., husmann, og Marta f. 1707, g. 1730 m. Olav Åmundson Finnesteigen.

David Nilsson Jerald, g. 1724 m. Brita Eiriksdr. f. 1704, umtala ovanfor og på Vetla Saude, fekk etter foreldri hennar ½ laup 6 mark på Stora Saude. Brita døydde 1750 og David 1753, 73 år gl. Fem born: Anna, g. m. Lars Eilivson Skjelde, Nils f. 1730, Lussi f. 1732, g. 1753 m. Per Åmundson Skjelde, umtala på Vetla Saude. Brita f. 1736, g. 1763 m. Knut Ingebriktson Nedre Mjelde i Haus og Eirik f. 1740, g. 1765 m. enkja Ingebjørg Jørgensdr. Rekve.

Nils Davidson fekk 1751 skøyte frå far sin på 1 pund 15 mark og gifte seg 1759 m. Inga Eiriksdr. Stora Saude. Nils

--- side 511 ---

døydde 1786 og Inga 1801, 61 år gl. og hadde åtte born: David f. 1762, Eirik f. 1764, død ugift 1816, Knut f. 1767, død fyre 1816, Per f. 1770, g. 1827 m. Rannveig Sjursdr. Gjelle, Olav f. 1773, g. 1802 m. Marta Kolbeinsdr. Flògo, Anders f. 1775, g. 1804 m. enkja Sigrid Larsdr. Saude, Brita f. 1777 og Endre f. 1780. På skifte etter Nils vart jordgodset taksta 200 rd. David fekk 1792 skøyte på 1 pund 15 mark. Sjå vidare bruk 4.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Stora Saude. Torstein Knutson fekk som fyrr fortalt bruk 1 i 1805. Han var f. 1795, g. 1817 m. Margreta Knutsdr. Mosafinn og døydde 1844. Ho døydde 1882. Dei fekk tolv born: Sigrid f. 1818 (Amerika), Knut f. 1820 var skomakar, Lars f. 1822, Gjertrud f. 1825, Anna f. 1827, g. 1849 m. Bjarne Sjurson Rjodo, på Rene, Rannveig f. 1830, g. 1850 m. Eirik Sjurson Rjodo, Margreta f. 1832, g. 1870 m. ekm. Anders Larsson Mosafinn, Takla, Anders f. 1834 (Amerika), Brita f. 1836, Knut d. y. f. 1838 var kramkar og budde 1871 i Vikebygd, Ingebjørg f. 1840 og Asgjerd f. 1844. Ved skifte etter Torstein åtte dei 1 laup 3198/318 mark som vart verdsett 900 spd. Bruttomidelen var 1088 spd. og nettomidelen 39 spd.

I 1842 vart fråskilt bruk 3. Nils Nilsson Saude kjøpte det som var att av bruk 1 for 1050 spd. og selde det 1850 til Nils Nilsson Soldal for 910 spd. Nils Olavson Saude kjøpte 1852 garden for 800 spd. Han var g. m. Guri Larsdr., og fekk borni Marta f. 1852, Helga f. 1856 og Ingebjørg f. 1859. Lars Andersson Nestås kjøpte garden i 1859 for 1400 spd. Han var f. 1822, g. 1862 m. Arngunna Nilsdr. Haugo og fekk borni: Synneva f. 1868, g. 1893 m. Klas Knutson Saude på Hellesnes, Eirik f. 1871 og Ingebjørg f. 1874. Lars døydde 1898, og Arngunna døydde seinare.

Eirik Larsson fekk garden i 1898 for 3500 kronor og vart g. m. Guro Ivarsdr., f. 1883. Han bygde hotell på Hodnaberg som han sidan har drive i turisttidi og har agenturforretning. Systeri Ingebjørg kjøpte 1904 garden for 7000 kronor og selde att 1906 til Johannes Olavson Berge for 7500 kronor. Han var f. 1862, g. m. Maria Larsdr. Vassenden og døydde 1927. Sonen Lars fekk 1930 skøyte på garden for 13000 kronor. Han selde 1934 til Lars A. Tho for 14500 kronor. Marta J. Berge tok 1935 garden ved odelssøksmål for 13500 kronor.

--- side 512 ---

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 243, lnr. 475 med gamal skyld 2 laup, urevidert 6 dalar 3 ort 3 skill., revidert 6 dalar 4 ort 19 skill. Ny skyld mark 10,13, alt fyrr noko var fråskilt.

Bruk 2. Rasbòrna. Utskilt frå bruk 1, 3, 4 og 5 i 1889 med skyld 4 øre. Sakførar Kjelland i Bergen kjøpte det i 1889. Han skøytte 1914 eigedomen til eigarane av bruk 1, 3, 4 og 5 utan vederlag.

Bruk 3. Stora Saude. Skilt frå bruk 1 i 1842 og selt til Nils Nilsson Nakka for 850 spd. Han var g. m. Anna Larsdr., og fekk på Saude borni Nils f. 1841, Inger f. 1844, Marta f. 1847 og Oleana f. 1850. Nils selde 1846 til Nils Knutson Vaksdal for 845 spd. Han var g. m. Jorunn Nilsdr. f. 1805, og døydde 1876, 70 år gl. Jorunn døydde 1886. Deira son Knut fekk garden i 1866 for 580 spd. Han var f. 1833, g. 1859 m. Guri Klasdr. Grimastad f. 1835 og døydde 1917. Guri døydde 1918. Dei hadde åtte born: Nils f. 1859, Jorunn f. 1862, g. 1. 1886 m. Isak Knutson Gjerme, 2. 1894 m. ekm. Halldor Knutson Lunde, Klas f. 1867, g. m. Synneva Larsdr. Saude, bur på Hellesnes, Brita f. 1869, g. m. Knut Eirikson Veka, Johannes f. 1872 g. m. Sisselja Hermannsdr. Vele, Anna f. 1874, g. m. Nils Nilsson Spildo, Kari f. 1878 og Knut f. 1880, g. m. Marta Hermannsdr. Vele, bur på Rekve. Johannes, Anna og Kari reiste til Amerika. Nils fekk 1897 garden for 2465 kronor, vart g. m. Katrina Larsdr. Nyre f. 1865, og døydde 1936. Deira son Knut fekk 1933 skøyte på garden for 8000 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 243, lnr. 475 med gamal skyld 2 pund 2060/159 mark, urevidert 3 dalar 7 skill., revidert 3 dalar 1 ort 11 skill. Ny skyld mark 4,79 fyrr noko var fråskilt.

Bruk 4. Stora Saude. David Nilsson fekk som ovanfor umtala bruk 4 i 1792. Han var f. 1762, g. 1793 m. Eli Bjarnesdr. Røte og døydde 1840. Eli døydde 1828 og hadde tri born: Inga f. 1793, død fyre 1843, Ragnhild f. 1796, g. 1822 m. ekm. Lars Andersson Vetla Saude, Nyre, og Nils f. 1801, g. 1829 m. Rannveig Styrksdr. Midtun. Han fekk 1829 garden hjå far sin og selde att 1839 til Johannes Halldorson Næse for 780 spd. David Nilsson søkte på odelen og fekk 1843 garden for 1200 spd. Johannes budde sidan på Bø, Dyrvd. David selde att 1855 for same pris til Per Hansson. Han var f. 1812, g. m. Anna Olavsdr. f. 1817, og døydde 1888. Dei hadde borni: Hans f. 1834, Olav f. 1838, Per f. 1849, g. 1875 m. Ingjerd Klasdr.

--- side 513 ---

Grimastad (Amerika), Herborg f. 1851, g. 1875 m. Anders Rognaldson Nestås, Nils f. 1853, Sjur f. 1856, g. 1880 m. Sisselja Brynjulvsdr. Væte og Lars f. 1861. Hans fekk 1873 garden for 700 spd. og gifte seg 1874 m. Kristense Knutsdr. Ukvitno. Han bleiv 1875 i Granvinvatnet, og broren Sjur fekk garden i 1877 for 5800 kronor. Dotter hans, Marta f. 1888, gifte seg m. Nils Larsson Botnen. Dei fekk 1924 skøyte på garden for 12000 kronor.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 243, lnr. 476 med gamal skyld 1 laup, urevidert 3 dalar 14 skill., revidert 3 dalar 22 skill. Ny skyld mark 4,64.

Bruk 5. Stora Saude. Knut Eirikson fekk som ovanfor umtala bruk 5 i 1803. Han var f. 1773, g. 1806 m. Ingebjørg Klasdr. Grimastad, og døydde 1843. Fire born: Marta f. 1808, g. 1. 1830 m. Lars Knutson Grimastad f. 1803, 2. 1847 m. ekm. Lars Knutson Mosafinn, Kari f. 1812, død ugift, Eirik f. 1818, g. 1842 m. Guri Oleivsdr. Ukvitno og Klas f. 1824 (Amerika). Eirik fekk garden i 1842 og selde han 1845 til Knut Nilsson Kaland for 900 spd. Han var f. 1811, g. m. Randi Olavsdr. Straume f. 1816. Han døydde 1884 og ho 1892 og hadde borni: Brita f. 1846, g. m. Nils Larsson Skjelde f. 1836, Brita d. y. f. 1849, Anna f. 1852 og Olina f. 1857. Nils fekk 1866 skøyte frå far hennar på garden for 600 spd. Nils døydde 1909. Han og Brita fekk borni: Knut f. 1865, Anna f. 1867, Randi f. 1870, Guro f. 1880, død 1897 og Nils f. 1884. Anna vart g. 1891 m. Anders Knutson Dagestad som i 1898 fekk garden hjå far hennar for 2800 kronor. Anders har vore med i heradsstyret. Deira son Bernhard fekk 1927 skøyte på garden for 7000 kronor.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 243, lnr. 477 med gamal skyld 1 laup, urevidert 3 dalar 1 ort 14 skill., revidert 3 dalar 1 ort 23 skill. Ny skyld mark 4,94.

Bruk 6, 7 og 8. Rasbòrna. Er slått saman med bruk 2 og er difor gått ut.

Bruk 9. Saude. Utskilt frå bruk 5 i 1898 med skyld 1 øre.

Bruk 10. Saude. Skilt frå bruk 1 i 1899. Skyld 10 øre. Voss herad kjøpte eigedomen og selde att 1910 til Johannes Olavson Berge.

Bruk 11, 12, 13 og 14. Torfinno. Utskilde 1899 i same rekkjefylgje frå bruk 1, 3, 4 og 5, kvart med skyld 1 øre og selde til W. Konow som selde att 1920 til Bergen og Voss kommunar. Alle er førde saman med bruk 5 på Eide i 1934.

--- side 514 ---

Bruk 15. Narheim. Utskilt frå bruk 5 i 1903 med skyld 33 øre og selt til Olav Eirikson Haga.

Bruk 16. Hodnaberg. Skilt ut frå bruk 1 i 1906 med skyld 2 øre. Eigar Eirik Larsson Saude.

Bruk 17. Rasbòrna. Utskilt frå bruk 2 i 1914. Skyld 1 øre. Selt til sakførar Kjelland i Bergen, sjå bruk 2.

Bruk 18. Vetlebotnen. Skilt ut frå bruk 1, 3, 4 og 5 i 1917 med skyld 1 øre og selt til fylkeslækjar B. Lærum.

Bruk 19. Saude. Skilt frå bruk 5 i 1927. Skyld 6 øre.

Bruk 20. Saude. Utskilt 1927 frå bruk 3 i 1927. Skyld 4 øre. Eigar er Nils K. Saude.

Bruk 21. Hodnaberg. Skilt ut frå bruk 3 i 1927 med skyld 1 øre. Isak N. Saude er eigar.

Bruk 22. Skuleflaten. Utskilt 1929 frå bruk 1 med skyld 10 øre og selt til Marta J. Berge.

Bruk 23. Hodnaberg. Skilt frå bruk 1 i 1934. Skyld 1 øre. Lars J. Berge er eigar.

Husmenn på Saude.

For dei husmenn som det er upplyst anten dei budde på Vetla eller Stora Saude, er tilført V. S. for Vetla Saude og St. S. for Stora Saude. Ivar Henrikson hadde dotteri Torbjørg f. 1754. Magne Larsson hadde borni Marta, Synneva og Anna f. 1760-1762. Rasmus Andersson hadde sonen Magne f. 1765. Lars Knutson, g. m. Hallkatla Olavsdr., hadde plasset Haganeset og fekk fem born: Kari, Mikkjel, Brita, Guri og Olav f. 1763-1772. Hallkatla døydde 1772. Erling Knutson hadde dotteri Marta f. 1771 (V. S.). Olav Person, g. m. Synneva Andersdr., fekk sonen Per f. 1775. Knut Sveinson, g. m. Kari Eiriksdr., fekk 1784 dotteri Gudve. Bjarne Larsson (V. S.) f. 1743, g. m. Brita Eiriksdr., hadde borni Synneva f. 1795 og Gudve f. 1800. Olav Eirikson f. 1760, g. m. Kari Knutsdr., var barnlause i 1801. Sjur Andersson (St. S.) f. 1745, g. m. Herborg Eiriksdr., hadde plass på Narheim, der han døydde barnlaus 1806. Nils Knutson f. 1738, g. m. Ingebjørg Larsdr. f. 1741 var husmannsfolk på St. S. i 1801.

Lars Nilsson (St. S.), g. m. Synneva Ivarsdr., døydde 1824 54 år gl. og hadde tri born: Ingebjørg f. 1809 og tvillingane Marta og Ingebjørg f. 1816. Sjur Monsson, g. m. Ingebjørg

--- side 515 ---

Nilsdr., hadde plasset Husmannstræe og døydde 1847, 70 år gl. Dei fekk 1820 dotteri Guro. Ingebjørg døydde 1831. Isak Larsson, g. m. Kari Isaksdr., fekk borni Olav f. 1842, Asgjerd f. 1844 og Per f. 1847. Anders Knutson, g. m. Ragnhild Samsonsdr., fekk sonen Anders f. 1843.

Anders Klasson, g. m. Marta Knutsdr., fekk sonen Anders f. 1850. Enkja Eli Eiriksdr., døydde 1853, 69 år gl. barnlaus. Mannen hennar, Sjur Ivarson, var død fyrr. Kona Marta Knutsdr. døydde 1855, 52 år gl. Simon Simonson, g. m. Brita Olavsdr., fekk dotteri Marta f. 1861. Botolv Jonson døydde 1863, 71 år gl. Margreta Klasdr., enkja etter Torstein Knutson, budde på plasset Sauestveitæ etter at deira gard bruk 1 Stora Saude var seld. Skulelærar Klas Sjurson Mosafinn, umtala på Mosafinn, hadde plass på Saude. Nils Botnen hadde for lenge sidan plasset Haujen (St. S.). I Surrehajen (V. S.) har og vore plass. Ein som heitte Anders budde der. Han hadde fyrr butt på Narheim. Johannes Mandeli hadde plass på V. S., men er flytt til bruk 12 på Mosafinn.

På plasset Tveitæ har stade ei stove som Styrk Ukvistræe bygde. Han var f. 1811, g. m. Ingebjørg Bårdsdr. Dei hadde fyrst plass på Lunde, sidan på Ukvitno og kom so til Saude der han døydde 1882. Ingebjørg var død fyrr. Sju born: Nils f. 1827, Lars f. 1830, Bård f. 1832, Nils f. 1835, g. 1857 m. Jorunn Nilsdr. Helland, Olav, Knut f. 1838 g. 1869 m. Eli Rognaldsdr. Nestås og Kari f. 1844, g. 1881 m. ekm. Berge Olavson Dagestad. Knut er skriven for smedmeister i 1865. Lars gifte seg 1852 m. Kristi Olavsdr. Eimstad og hadde plasset Tveitæ til ikring 1900. Fire born: Ingebjørg f. 1853, g. m. Steffa Knutson Haug, sjå bruk 2 av Indre Nyre, Gjertrud, f. 1857, g. m. Olai Ivarson Ullebust f. 1856, sjå bruk 16 Rogne, Kari f. 1860, g. m. Nils Bjarneson Herre, og Olav f. 1863, g. m. Marta Monsdr. Lunde. Kona Marta Nilsdr., f. 1822, døydde 1884. Enkja Brita Knutsdr., f. på Ukvitno 1798, døydde 1891. Enkja Kristi Botolvsdr., f. 1822 døydde 1894.

Sjur Olavson stemnde 1707 Åmund og Eirik Saude for di dei hadde to rydningar i skogen hans etter sine fyremenn. Ved domen fekk dei lov til å ha rydningane soleis som fyremennene hadde havt dei. Dersom Sjur hindra deira bruk på nokon måte, skulde han bøta 3 rd. utan påtale. Åmund og Eirik skulde setja merkeskil millom seg.

--- side 516 ---

Støl.

Stølen var 1½ mil frå garden er det sagt i matrikkelen 1723. Stora Saude stølar på Hodnaberg. Bruk 3 hadde støl på Raukleivæ, men Nils flytte ut til Hodnaberg, og Raukleivæ er no øyde. Fyrr hadde dei vårstøl på Smaostølane, men har no flytt florane ned i bøjargarden. Vetla Saude stølar på Øvstestødl'n. Fyrr hadde dei vårstøl på Myratræe attmed Smaostølane.

Kvern.

På Vetla Saude var 1723 ei, og på Stora Saude to flaumkvernar. I 1776 og 1791 var det to på Vetla Saude og tri på Stora Saude. No er der berre ei kvern på Saude, som står i Saueselvæ, og vister etter tri andre som har vore der. Mons Isakson mol ei tid åt andre og. Isak sette upp sag hjå Saueselvæ og flytte henne seinare lenger ned mot Vangsvatnet. Johannes Berge bygde sag hjå Saueselvæ, som framleies er i bruk.

Offentlege forretningar.

Odelssak 1713. Åstadsak 1761 um Hodnaberg. Forretning 1765 mot Kvåle, Dagestad og fleire um stølsbruk og 1766 mot Kvåle um Kvålsdalen. Odelssak 1770 (St. S.). Sak 1773 mot Kvåle og fleire. Sak 1774 mot Kvåle vedkomande Kvålsdalen. Odelssak 1788. Semje 1801 vedkomande stølen (V. S.). Dom 1809 um beite på stølen (V. S.). Sak 1815 mot Mosafinn um krøterbeitingi på Narheim. Semje 1820 og 1822 um beiting (St. S.). Sak 1823 mot Skjelde um stølen Vibot'n. Semje 1837 um beiting. Åverkssak 1838 (V. S.). Overtakst 1841 (V. S.). Overtakst 1842 (St. S.}. Odelstakst 1842. Godviljug utskifting 1843 (St. S.). Semje 1848 um beiting i Narheimsslåttone (St. S.). Utskifting 1870 (V. 8.). Utskifting 1894 og 1895. Kontrakt 1897 med W. Konow um Torfinno. Kontrakt 1902 med Bergens Skogselskap (St. S.). Utskifting 1902 på Hodnaberg (St. S.). Merkeskilforretning 1908 på Hodnaberg (St. S.). Oreigningstakst 1929 vedkomande reguleringi av Hamlagrøvatnet (St. S.). Konsesjonar 1929 vedkomande den same reguleringi (St. S.). Overskyn 1930 vedkomande nemnde regulering. Semje 1934 um merkeslina på Hodnaberg. - Bruk 3 og 4 flytte husi sine etter utskiftingi 1894.

Bumerke.

Lars (St. S.) 1713, 1719 tavle 2 nr. 92. I 1718 teikna han t. 9 nr. 47. Eirik (St. S.) 1781 t. 9. nr. 48. I 1784 teikna han E A S og 1785 to andre merke. Knut (V. S.) 1724, 1730 t. 9 nr. 49. Sjur 1767 t. 9 nr. 50. Knut (St. S.) 1725, 1727 t. 9 nr. 51, noko brigda 1730 og 1746. Nils (V. S.) 1735 t. 9 nr. 52. David fleire gonger 1737-1771 t. 9 nr. 53. Nils (St. S). 1781 t. 9 nr. 53. Olav (V. S.) 1743 t. 4 nr. 5, brigda på tri måtar 1753-1760. Eirik (V. S.) 1745 t. 9 nr. 54. Han teikna 1772 t. 3 nr. 41. Per (V. S.) 1754, 1777 t. 9 nr. 55. David N. (St. S.) t. 9 nr. 55. Anders (St. S.) nokre gonger 1755-1774 t. 9 nr. 56.

--- side 517 ---

Arnfinn 1765 t. 9 nr. 57. Mikkjel (V. S.) 1778 t. 9 nr. 58, noko brigda 1780.

Ymse.

På den store ljoskruna i Vangskyrkja står m. a. GULEAUG KNUDSEN SOUE 1733. Eg har elles ikkje funne han nemnd på Saude. - Ein flintdolk er funnen på Saude, som skal vera frå steinalderen. I ein åker er funne 15 glasmosaikkperlor og ei sneldehjul. I ei røys er funne eit sverd og i ei onnor røys sverd, piler, øks, 2 skjoldbular, 2 knivar, sigd, beitlemilar, reidskap med ringar, og ei sneldehjul. Alt dette skal vera frå yngre jarnalder. Det står ikkje i uppgåva um det er Saude i Viki eller i Borstrondi. På Vetla Saude er i ein haug funne 3 glasperlor som skal vera frå yngre jarnalder.

Segn.

Segni fortel at i hungersåri bytte Flatabømennene til seg av Saude hamni søranfor Sunngrøvassdraget, og som vederlag fekk dei på Saude ei klyv med almbast. Det var mykje brukt då å blanda i brødmjølet.

Är du säker på att du vill logga ut?