20. Seve.
--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 138 --- Namnet vert i 1563 skrive Seffuenn. Det vert no sagt Sèvè2; han búr pao, è tao Sèvè, ska tì Sèvés, sms. Sèvésjilæ. Namnet er samansett, etterlekken er vin (beite), fyrelekken er truleg sèv n. (vass-sik, kjelde). Nedanfor garden er enno sev, der vatnet «sèver» nedgjenom. Landkommisjonen har i 1661 ført Seve upp med skyld 5 laup. Derav høyrde 1 laup til Apostelgodset og 4 laup til Finnegodset. Elles er då ikkje sagt anna um garden enn at der var vedaskog og ein humlagard. I matrikkelen 1723 eidet same skyldi, og det var to brukarar som båe heitte Mons. Der var turvande vedaskog, noko fureskog i Sevesteigen til husvøla, og humlagard. Garden var årviss for korn, men noko tungvinn. Garden er i matrikkelen 1777 førd upp med 4 laup 1 pund 12 mark med ei kvern og i 1838 med 4 laup 1 pund 6 mark. Ved matr. i 1830-åri var samanlikningstalet for Seve 1800. Der var vedaskog til eige bruk. Skyldi er då umskrivi til 11 dalar 4 ort 6 skill. Etter matrikkelen av 1865 var der 33¼ mål åker, 8½ mål dyrka eng, 60¾ mål god, 74 mål medels natureng og 83 mål skrapebø. 6 mål var skikka for dyrking. Det var medels vårhamn, ring sumarhamn, vedaskog og noko timberskog. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 39,6 mål åker, 37 mål kunsteng og 26 mål natureng. På Seve budde 15 menneske i 1801, 31 i 1865 og 25 i 1920.
--- side 139 --- Skattemanntalet 1521 fører upp som brukar Jon med 2 i skatt og 8 mark i breffbrot. Halldor budde der i 1563, og betalte 1 hud i landskyld. Per er då tenestedreng. Dorite bruker i 1567 4 laup som stiftet åtte. Laurits var leiglending 1591 på 3 laup og 1597 betalte han tridje års bygsel 5 mark 5 skill. for 4 laup, som stiftet og kruna åtte. Kåre er nemnd fleire gonger som brukar av 4 laup i åri 1603-1611. Han åtte 1 laup 1 spann i garden i 1611. Då var Per og leiglending der, truleg av 1 laup. I 1614 er Odd Kåreson utskriven med øks |

Bilete 17. Seve (nedst) og Hæve (øvst). Fot. P. Braaten 1935.og sverd til Svinesund i krigstenesta. Kåre er brukar av 5 laup 1613, 1616, og av 4 laup 1621 og 1629. Han åtte 1621 1 pund i Veka, ½ laup 6 mark i Nedre Himle, 1 spann i Ytre Rong, 9 mark i Øvre Klyve og 16½ mark i Brekkhus. Odd brukte 1 pund 16 mark i garden i 1629. Leidangsboki for 1624 melder, at leidangen av Seve var ½ laup smør og 2 bukkskinn. Vidare er sagt at Seve hadde god jord. Stiftet åtte 4 laup. Resten var bondegods. Ryttarskatt er pålagt Seve i 1627 med 2½ dalar 1 ort 6 skill. I 1635 er det ei enkje og Johannes som er brukarar. Sidan 1636 er berre Johannes Sverkveson førd upp som brukar til --- side 140 --- 1675-76 og var det lenger kann henda. Lagrettemann var han fleire gonger 1656-1669, og var 1662 stemnd for å ha henta neter i annan manns skog. Han var gift fyre 1645 med Guri. Kann henda det er fyrrnemnde enkja. Johannes hadde desse 5 borni: Sverkve, som kom til Gjerde, Lars, som og budde på Gjerde, Gjertrud, g. m. Olav Hornve, Dorthe, g. m. Rasmus Brynjulvson Store Rokne og Guri, som 1716 budde på Røte. Enkja etter Johannes Sverkveson vart gift med lensmann Mass Seve, men um det var med Guri, eller um Johannes har vore gift to gonger, og det i so fall var andre kona åt Johannes lensmannen var gift med, veit me ikkje. Kongen selde 1649 til Hannibal Sehested leidangen av Apostelgodset i Seve 1½ laup smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Sehested åtte 1650 4 laup i Seve, som han hadde fått ved makebyte med kongen. På dette jordgodset var det ½ laup smør 1 bukkskinn, 1 geitskinn i leidang, 5 dalar i skatt, 5 ort i fornødspengar, 5 ort i arbeidspengar og 1½ dalar 16 skill. i skatt. Hannibal laut lata denne eigedomen att til kongen i 1651, og i 1657 selde kongen att til Gabriel Marselis. Peter Reedtzs fekk kongeskøyte i 1665 på Apostelgodset i Seve 1 laup. Per Andersson eig 1 laup i garden i 1676. Av ervingane etter Hermann Garmann har Klas Miltzow kjøpt 2½ pund i 1677 og åtte i 1680 4 laup i garden. Per Andersson sine ervingar åtte då 1 laup. I 1691 er Mass førd upp som brukar av 4½ laup. Lagmann Coch åtte då 1 laup og Klas Miltzow 2½ laup. I Skattemanntalet 1657 står at Finnegodset åtte 5 laup i Seve, men det skal nok vera 4 laup. Mass var son åt Torbjørn Gauteson Dal til Hov i Fresvik, Sogn, som var av Dalætti. Til Voss er Mass komen um lag 1660. Han tente fyrst hjå presten Gjert Miltzow, vart so gift med enkja etter Johannes Sverkveson millom åri 1670 og 1686, og vart dermed buande på Seve. Han var fødd um lag 1645, gift andre gongen 1703 med Ingebjørg Larsdr. Uppheim, Vestb., tridje venda med Torbjørg N. Midtun og døydde 1715. Mass var lensmann på Voss 1686-1706. Som løn fekk han 1696-1699 4 rd. årleg. Ættingane reiste 1921 ein minnestein um Mass på Seve. Med henne Ingebjørg hadde Mass seks born: Soffi f. 1705 (g. 1723 m. ekm. Steffa Nilsson Skjerve og 1736 m. Arnved Jonson Vestrheim, Ulvik, som budde på Skjerve), Kristi f. 1705, (g. m. 1. Arve Arveson Rene, Røte, 2. m. Lars Person --- side 141 --- Vetla Røte), Brita f. 1708 (g. m. 1. Klas Knutson Finne, 2. med Isak Hermundson Gjerme), Margreta f. 1709 (g. m. 1. Anders Eirikson Lydvo, 2. m. Nils Nilsson Mugås), Torbjørn f. 1712, Gjertrud f. 1713, død 1716. Ætti har spreidt seg vidt utover på Voss. Mass fekk um lag 2 laup i Seve med fyrste kona si, kjøpte i 1707 av Laurits Miltzow 2 laup 1 pund og åtte då um lag 4 laup i Seve. Ved skifte etter andre kona åt Mass åtte dei dessutan 2 laup 2 pund i Hæve. Ho Torbjørg, enkja etter Mass, vart attgift i 1717 med Knut Knutson Seim og i 1721 med Mons Olavson Hornve. Dei budde og på Seve til dess Torbjørn Masson tok mot garden, som han åtte 4 laup i. Skreddar Berge Velomson hadde kjøpt 1 laup etter Adelus Bredahl og selde det 1723 til Jan von der Lippe i Bergen. Sorenskrivar Fleischer kjøpte denne laupen 1753 og let han 1775 til Vangens Fatighus. Brita Johannesdr. sa i 1743 upp bygsli av ein part i garden og fekk då kår hjå Torbjørn. Ho og mannen hennar må ho vore leiglendingar på ein part i Seve. Torbjørn Masson gifte seg 1733 med Gudve Knutsdr. Raustad, som var av Miltzowætti. Han kjøpte 1761 løysningsretten til 4 laup i Seve og var brukar av heile garden. Han åtte òg 1 laup i Vestrheim og 3 spann i Hydningen, Vossastr. Torbjørn og Gudve hadde ni born: Mass f. 1749, Gudleik f. 1752, Knut f. 1756, som vart buande på Vestrheim, Ingebjørg f. 1737, g. m. Olav Sjurson Ronve, Kristense f. 1739, gift til Kvåle, Gulfj. med Ivar Knutson, Gjertrud f. 1741, gift til Nestås med Rognald Rognaldson, Guro f. 1747, gift til Sonve med Odd Nilsson, Anna f. 1743 og Ingjerd f. 1750, gift til Uppheim med Per Gusskalkson. Torbjørn skifte sine 4 laup i Seve millom dei to eldste sønene, Mass og Gudleik, bruk 1 og 3. Dei einskilde bruk.Bruk 1. Seve. Gudleik Torbjørnson fekk i 1769 skøyte frå far sin på 2 laup og brukte dessutan 15 mark som Vangens fatighus åtte. Gudleik gifte seg 1776 med Eli Nilsdr. Gjelland og fekk sju born: Torbjørn, Knut f. 1785, som vart buande på Vossebakka, Jernes, Nils f. 1789, gardmann på Berge (som kunstmålar Nils Bergslien ættar frå), Mass f. 1791, Marta f. 1781, gift til Gjerme med Anders Vikingson, Gudve f. 1792, gift til Hæve med Odd Knutson, og Maria f. 1796, gift 1815 --- side 142 --- med Arnved Mattisson Berge og andre gongen 1828 med Brynjulv Johannesson Hovda. Eldste sonen, Torbjørn, f. 1777, fekk halve garden 1807 og resten 1822. Han var presten sin medhjelpar, gifte seg 1813 med Ingjerd Vikingsdr. Gjerme og hadde seks born: Gudleik f. 1815, Viking f. 1817, Knut f. 1818, Nils f. 1820, Anders f. 1824, g. m. Mari Ivarsdr. Flògo, Torbjørn f. 1825. Gudleik og Knut bleiv 1836 ved Lyngtoi på byreis. Torbjørn var kyrkjesongar på Voss og lærar på den høgre ålmuge- og lærarskule på Vangen. Meir um han på bruk 24 Prestegarden. Viking og Nils fekk kvar ein halvpart av farsgarden, som i 1874 vart skift i bruk 1 og 2. Viking fekk bruk 1. Han gifte seg med Brita Torgeirsdr. Brekku og hadde seks born: Torbjørn f. 1852, Torgeir f. 1854, gardmann på Tren, Knut f. 1865 (Amerika), Ingjerd f. 1848, gift til Røte med Jon Knutson, Ragnhild f. 1850, Eli f. 1859, g. m. snikkar Olav Johannesson Kolvu, Mari f. 1861. Ho fekk medalje for lang og tru teneste og testamenterte 500 kronor til Voss Barneheim. Torbjørn gifte seg med Ingjerd Knutsdr. Bø f. 1851 og fekk garden hjå foreldri sine i 1880 for 2800 kronor. Han tok undan bruk 7, Nedre Seve, då han i 1922 selde bruk 4 på Bø. Torbjørn let garden i 1911 til Lars Person Skjelde for 5000 kronor. Lars er f. 1881 og g. m. Marta Torgeirsdr., f. 1879. Bruk 1 var mtrnr. 20, lnr. 45 a med gamal skyld 2 laup 15 mark og etter bruk 2 var fråskilt urevidert 2 dalar 4 ort 22 skill. og revidert 2 dalar 2 ort 16 skill. No er skyldi mark 3,69. Bruk 2. Seve. Nils Torbjørnson f. 1820, nemnd ovanfor, fekk i medhald «delingsdisposisjon» 1845 halve garden hjå far sin. I 1874 vart det fråskilt som bruk 2. Nils var 1846 gift med Eli Oddsdr. Hæve og reiste seinare med huslyden til Amerika. Ivar Andersson Seve f. 1856 fekk so garden og vart gift 1885 med Torbjørg Olavsdr. Røte f. 1859. I 1917 vart fråskilt ein part som bruk 5. Sonen Anders fekk garden i 1927 for 5000 kronor. Han er f. 1895 og g. 1917 m. Ingebjørg Olavsdr. Bergstad. Bruk 2 var mtrnr. 20, lnr. 45 b med skyld urevidert 2 dalar 4 ort 22 skill., og revidert 2 dalar 4 ort 15 skill. Skyldi er no mark 3,62 etter at bruk 5 er skilt frå. Bruk 3. Seve. Mass Torbjørnson fekk skøyte frå far sin i 1764 på 2 laup og bygsla noko av Vangskyrkja. Mass var --- side 143 --- fødd 1745, gifte seg 1766 med Dønåt Nilsdr. Sonve og døydde 1820. Dei hadde 5 born: Styrk f. 1767, død ugift 1796, Knut f. 1768, Eli f. 1770, g. m. Knut Ivarson Gjerstad, Mari f. 1771, gift til Gjerme med Per Larsson, Gudve f. 1775, gift til Finne Arnfinn Eirikson. Knut Masson fekk garden i 1801. Han døydde ugift 1837. vart strid millom ervingane um skiftet. Ved dom vart fastslege at systeri Mari, og ervingane etter systeri Gudve skulde ha halvparten av jordgodset. Per Larsson Gjerme som var gift med Mari, let sin part i 1845 til andre son sin, Mass, for 800 spd. I 1846 fekk Mass òg skøyte frå Arnfinn Eirikson Finne på hans part i Seve. Mass Person var fødd 1809, gifte seg 1847 med enkja Rannveig Torbjørnsdr. Leiddal som var fødd på Rogne 1810. Dei hadde ikkje born og selde garden 1879 til Mass Styrkson Seve, som let garden att 1883 til Anders Knutson Rokne. Sjå um han på bruk 90 Lekve. Anders Rokne budde på Seve til 1891, då Lars Olavson Berge kjøpte garden for 14000 kronor. Lars, fødd på Bø 1827, gifte seg 1871 med Anna Bjarnesdr. Væte. Dei skifte garden 1894. Dotteri Ingjerd f. 1877, som i 1896 var gift med Knut Oddson Hæve f. 1874, fekk den eine parten, bruk 3. Sonen Olav f. 1872, gift 1892 med Marta Oddsdr. Hæve, fekk den andre parten, bruk 4. Karl A. Løvstrand kjøpte bruk 3 på auksjon i 1906 for 5400 kronor, men selde att 1911 til Brynjulv Andersson Skjelde for 8000 kronor. Brynjulv er f. 1868 og g. m. Anna Sjursdr. f. 1878. Bruk 3 var fyrr mtrnr. 20, lnr. 46. Gamal skyld på bruk 3 og 4 var 2 laup 15 mark, urevidert 5 dalar 4 ort 20 skill., revidert 5 dalar 7 skill. No er skyldi på bruk 3 mark 3,69 etter at bruk 4 er skilt frå. Bruk 4. Seve. Utskilt frå bruk 3. Olav Larsson Seve fekk i 1894 dette bruket hjå far sin for 2400 kronor. Skyldi er mark 3,69. Bruk 5. Vålakrokavsnittet, utskilt frå bruk 2. Dette er vassrettar i Teigdalselvi og Kald-aonæ, skøytt av Ivar A. Seve til Bergens kommune. Skyldi er 6 øre. Husmannsplass.På Gautetuftæ skal etter segni ha butt ein husmann Gaute i gamal tid. Knut Erlingson Giljarhus, f. 1864, fekk i 1917 feste saman med systri Sisselja, f. 1852, på to jordstykke av bruk 4 Seve. --- side 144 --- Støl.Stølen var 1 mil frå garden, heiter det i 1723. Sumarsstølen er no i Vålakroken for bruk 2 og dei andre i Fangdalen. Den siste har ikkje vore i bruk sidan 1880. Vårstøl var fyrr på Nyaset, men er no på Kvammen i bøgarden ovanfor Hæve. Offentlege forretningar.Av offentlege forretningar kann merkast odelstakst i 1846 og utskifting 1866. På eit av bruki laut dei då flytta ut husi sine. Bumerke.Mons 1721 tavle 1 nr. 84. Torbjørn 1752 t. 1 nr. 85. Det er brigda noko i 1754. Mass 1778 t. 1 nr. 86. |