254. Skylje.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 594 ---

Namnet vert i 1695 skrive Schiolie, i 1723 Sohiøllie. Det vert no sagt Sjỳljè2; han búr pao, è tao Sjỳljè, ska tì Sjỳljés. Kva namnet skal tyda er uvisst. Sidan garden ligg på grensa til Evanger, har dei tenkt det kunde vera ordet eit sjỳljé = eit skil, i dativ: sjỳljè.

På Skylje var det ein brukar i 1661, og skyldi var 3½ spann. Elles er sagt at der var turvande timber- og vedaskog. I matrikkelen 1723 er skyldi ført upp med 2 pund 18 mark, men vart då sett upp til 1 laup 12 mark. Der var litt fureskog til husvøling og turvande vedaskog. Humlagard var der ikkje, for humlen kunde ikkje veksa der. Garden var tungbrukt og hadde ring

--- side 595 ---

jord. I 1838 vart skyldi 1 laup 12 mark umskrivi til 3 dalar 1 ort 14 skill. Samanlikningstalet var 500. Der var godt vassfall og turvande fure- og vedaskog.

Matrikkelen 1865 melder at der var 12½ mål åker, ¼ mål dyrka eng, 20 mål god, 22½ mål medels natureng og 52 mål skrapebø. 5 mål høvde til dyrking. Bruk 1 hadde medels vårhamn, men ikkje sumarhamn. På bruk 2 var det medels vårhamn og god sumarhamn. Skog til husbruk, og timber kunde seljast for 3 spd. for året av kvart bruk. Garden var tungbrukt. Bruk 1 var dyrka som vanleg og bruk 2 mindre godt. I 1918 var der 11,3 mål åker og 27 mål natureng.

Der budde 13 menneske i 1801, 15 i 1865 og 15 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Skylje.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   14   16          
1723 1   11   9   6      
1865 2   17   33   43 ½ 27 ½
1918 2   13   33          

Sjur Hovda åtte 1621 14 mark på Skylje. Leidangsboki 1624 har ført upp leidangen med 9 merker smør og 1 geitskinn. Halldor var leiglending. Sjur Bjarneson, g. m. Torbjørg, er skriven som brukar mange gonger 1635-1655. Dei hadde tenestgjenta Marta i 1645. Skyldi er ført upp med 3½ spann 3 mark i 1652-1659. På tinget 1649 var det sak millom Askjel Hosås og Anders Lisseim um Skylje. Askjel meinte at han hadde rett på garden etter far sin, Sjur Bjarneson, på Skylje, i medhald kontrakt sett upp på tinget millom Bjarne Seim og Olav Liland. Anders Lisseim påstod at stykborni hans hadde rett på Skylje. Lensmann Jørgen Mosafinn vitna at han hadde vore. på tinget for ikring 45 år sidan (altso 1604) og høyrt på tingingane millom Bjarne og Olav. Olav vilde ha son sin inn på Skylje, men Bjarne vilde ikkje gå med på det. Bjarne var den fyrste som hadde bygt på garden, og Knut, far hans, hadde rudt og odla Skylje, so Bjarne var rette odelsmannen. Det ser ut til at Skylje har vore rudt ikring 1570.

Soknepresten til Domkyrkja i Bergen åtte 12 mark i 1652,

--- side 596 ---

1661, 2 pund 1691 og 30 mark 1695. Anders Lisseim åtte 3 spann 1652-1659 som Tomas Gilbertson hadde 1661. Anders Garmann åtte 1676 3 spann, Gjert Miltzow 1691 ½ laup og kaptein Stoud 3 spann i 1695. Askjel Sjurson var brukar 1657- 1664 og truleg lenger. Han hadde sonen Jon f. 1644. Prestebolet til Domkyrkja i Bergen åtte 1714 og 1723 12 mark, Kristense Miltzow 2 pund 3 mark i 1714 og løytnant Nordahl 2 pund 6 mark i 1723.

Viking Andersson var leiglending 1691 og til han døydde. Han var f. 1658, g. som ekm. 1715 m. Guro Olavsdr. Geitle, og fekk to born: Gyrid f. 1715, g. 1750 m. Sjur Ivarson Seim, og Anders f. 1716, g. 1743 m. Inga Andersdr. Vestrheim. Viking døydde 1718 og Guro vart attgift 1718 m. Sjur Sjurson Tverberg som då vart leiglending. Guro døydde 1739, 56 år gl., og Sjur gifte seg att 1740 m. Marta Monsdr. Norekvål. Sjur fekk med Guro to born Viking f. 1720 og Brita f. 1725.

Viking Sjurson gifte seg 1. 1751 m. Magli Sjursdr. Skorve f. 1727, 2. 1760 m. Marta Nilsdr. Løno. Han kjøpte 1753 27 mark av Joakim og Petter Nordahl. På skilte etter Magli 1760 var jordgodset taksta 100 rd. Viking flytte 1772 til Grjotland der borni hans er umtala. Han selde 1773 27 mark på Skylje til Jon Larsson. Han var g. m. Brita Larsdr., og fekk sonen Velom f. 1778. Jon selde eigedomen i 1783 til Berge Olavson. Han var f. 1754, g. 1785 m. Marta Jonsdr. Geitle, og fekk fem born: Olav f. 1788, Sigrid f. 1790, g. 1826 m. Knut Ivarson Geitle, Jon f. 1793, Gudleik f. 1796 og Knut f. 1800. Berge døydde 1802 og Marta 1850, 85 år gl. På skifte 1802 vart jordgodset med stølen taksta 380 rd. Olav fekk jordeigedomen, 27 mark. Sjå vidare bruk 2.

Anders Vikingson, nemnd ovanfor, var f. 1716 og g. m. Inga Andersdr. Vestrheim. Han var leiglending, og dei fekk tri born: Guri f. 1743, g. 1768 m. Gudleik Hallvardson Bolstadøyri, Marta f. 1746, g. 1770 m. Anders Larsson Saude og Anders f. 1750. I 1715 var Håvard leiglending saman med Viking, men det var berre nokre år. Anders Vikingson døydde 1750, og ho Inga vart attgift 1752 m. Olav Styrkson Haugo. Dei fekk dotteri Brita f. 1753. Olav selde eigedomen 1755 til Brynjulv Larsson Skjerveggen og døydde 1781, 67½ år gl. Brynjulv hadde borni Gjertrud f. 1758, Barbrå f. 1760 og Gudleik f. 1763.

Åmund Nilsson kjøpte 1764 27 mark av Brynjulv. Åmund

--- side 597 ---

var g. m. Marta Styrksdr. og døydde 1803, 81 år gl. Marta døydde 1800, 82 år gl. Dei hadde ikkje born. Åmund selde 1782 sine 27 mark til Jon Nilsson Skylje. Jon var g. 1. 1782 m. Anna Nilsdr. Tren, 2. 1803 m. enkja Rannveig Ivarsdr. Seim. Han fekk på Skylje seks born med Anna: Brita f. 1784, død 1863, Olav f. 1787, g. 1818 m. Gjertrud Knutsdr. Skjerveggen, Marta f. 1790, Anna f. 1791, Nils f. 1791, g. 1823 m. Anna


Skylje
Bilete 74. Skylje. Fot. P. Braaten 1937.

Knutsdr. Tyrlingen og Ingebjørg f. 1797, død 1857. Jon selde 1797 eigedomen (27 mark) til Olav Andersson Haga. Framhald bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Skylje. Olav Andersson var g. 1795 m. Hallbjørg Massdr. Seim og fekk borni Anders f. 1795 og Anna f. 1798, g. 1824 m. Nils Ivarson Eimstad. Olav døydde 1823, 66 år gl., og Hallbjørg 1840, 82 år gl. Anders fekk 1817 garden for 350 spd. og vart 1820 g. m. Marta Larsdr. Ullestad. Anders døydde 1826 barnlaus. Nils Isakson Grimastad fekk 1826 skøyte på garden og var g. m. Anna Olavsdr. Skylje. Han var med i krigen mot Sverike. Dei fekk fire born: Hallbjørg f. 1824, g. 1845 m. Mattis Eirikson Narheim f. 1822, Guro f. 1827, g. 1847 m.

--- side 598 ---

Knut Knutson Skjeldal, Brita f. 1828, g. 1854 m. David Johannesson Gjerme, og Ingebjørg f. 1832. Nils døydde 1844, 56 år gl., og Anna 1841. På skifte 1845 etter Nils var jordgodset verdsett 340 spd. Dotteri Hallbjørg fekk då garden.

Mattis og Hallbjørg fekk seks born: Anna f. 1847, Brita f. 1849, g. 1885 m. Velom Eirikson Narheim, Eirik f. 1850, Nils f. 1851, Olav f. 1856, skomakar, g. 1887 m. Brita Persdr. Lydvo, Marta f. 1864, g. 1886 m. Lars Arveson Skjeldal. Hallbjørg døydde 1890 og Mattis 1901. Nils fekk garden i 1884 for 1100 kronor og vart g. 1888 m. Marta Johannesdr. Kvitingen f. 1867. Deira son Mattis f. 1891 fekk garden i 1932 for 3000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 254, lnr. 501 med gamal skyld 1 pund 18 mark, urevidert 1 dalar 3 ort 7 skill., revidert 2 dalar 10 skill. Ny skyld mark 3,03.

Bruk 2. Skylje. Olav Bergeson fekk hjå far sin som fyrr nemnt 27 mark i 1815 som vart bruk 2. Olav var f. 1788, g. 1816 m. Ingebjørg Olavsdr. Nedre Skjerven. Lensmann Mattis G. Ringheim kjøpte 1818 6½ mark og let det same år til Olav. Klas Mikkjelson Skjeldal kjøpte garden på auksjon i 1838. Han var f. 1801 og g. 1838 m. Marta Jonsdr. Rogne. Dei fekk seks born: Brita f. 1839, død ugift 1866, Jon f. 1843, Mikkjel f. 1845, død 1864, Marta f. 1847, død ugift 1865, Eli f. 1849, død ugift 1868, Lars f. 1854, død 1869. Mikkjel er skriven for skulelærar då han døydde. Klas døydde 1868 og Marta 1869, 68 år gl.

Jon Klasson fekk farsgarden og vart g. 1871 m. Anna Knutsdr. Hosås. Dei fekk borni: Marta f. 1872, g. 1892 m. Lars Jakobson Ukvitno f. på Fadnes 1870, og Knut f. 1889. Jon bleiv 1891 då han skulde over ei elv. Ho Anna skøytte garden 1898 for 2800 kronor til Nils Knutson Tren, g. m. Ingjerd Persdr. Deira son Ivar fekk 1918 garden for 3000 kronor. Han bleiv i Torfinno 1920.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 254, lnr. 502 med gamal skyld 1 pund 18 mark, urevidert 1 dalar 3 ort 7 skill., revidert 2 dalar 12 skill. Ny skyld mark 3,06.

Bruk 3 og 4. Torfinno. Utskilde frå bruk 1 og 2 i 1899 kvart med skyld 2 øre og selde til W. Konow som selde att 1920 til Bergen og Voss kommunar. I 1934 vart dei førde saman med bruk 5 Eide.

Husmenn.

Ivar Hollgeirson, g. 1722 m. Halldis Persdr. Flatekvål døydde 1769, 95 år gl. Lars Person, g. m. Anna Nilsdr., fekk 1840 feste på plasset Hovden. Dei fekk døtterne

--- side 599 ---

Sigvor f. 1833 og Kristi f. 1836. Erling Monsson f. 1792 på Småbrekku døydde 1858. Der har vore eit plass kalla Karitræe, der ei Kari må ha butt. Klas Olavson, g. m. Anna Knutsdr., var paktar på Skylje då dei fekk borni Margreta, Ingebjørg, Knut, Nils og Anna f. 1825-1835.

Støl.

Støl var der ikkje i 1723. I skifte 1802 etter Berge er umtala at han i 1800 hadde fått skøyte på fjellstøl. Bruk 1 har støl i Flodvikane, sjå bruk 5 Mosafinn. Bruk 2 har støl på Håleberg ved garden Rødland i Bergsdalen.

Kvern.

Ei flaumkvern var der 1723 og to 1776 og 1791.

Offentlege forretningar.

Takst 1843. Godviljug utskifting 1844. Kontrakt 1896 med W. Konow um Torfinno. Leigekontrakt 1900 med Chr. Kahrs i Bergen for 100 år på noko mark umkring hytta hans i Skyljeshovden. Utskifting 1910 av innmarki. Bruk 2 flytte noko av husi etter utskiftingen.

Bumerke.

Sjur har teikna S S i 1740 og eit stort 4-tal i 1753.

Lauseld.

Um våren 1911 var det lauseld på Skylje. Stova på bruk 2 og innbu gjekk med.

Är du säker på att du vill logga ut?