27. Veka.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 184 ---

Namnet vert i 1563 skrive Viicke. Det vert no sagt Véka2; han búr pao, è tao, ska tì Véka, sms. Véka-hajén. Namnet kjem truleg av eit ord viki m. (genitiv, dativ og akkusativ vika), som må ha havt same tyding som ei vik eller eit vik, bøygning brukt um lendet der.

Veka er i 1661 førd upp som halv gard med skyld 3 laup 1 spann og ein brukar. Der var ein liten humlagard. Vedaskog laut leigast. Skyldi var den same i 1723, men det var då to brukarar. Det var ein humlagard, inkje fiske og korkje ved-eller timberskog. Jordi var mager og årvand for korndyrking og noko tungvinn. Ved matrikkelen i 1830-åri var samanlikningstalet for Veka 1130 og skyldi var framleies 3 laup 1 spann som då vart umskrivi til 7 dalar 2 ort 10 skill. Der var vedaskog, neverskog og rikeleg vassfall.

Matrikkelen av 1865 fører upp 171/3 mål åker, 3 mål dyrka eng, 38 mål god, 30 mål medels natureng, 20 mål skrapebø og 22 mål i Øyane. Hamnegangen var ring. Det var vedaskog og noko timber. Garden var lettbrukt, hadde ingi lunnende og var medels godt dyrka. I 1918 var det 19 mål open åker, 48,5 mål kunsteng og 42,5 mål natureng. På Veka budde 13 menneske i 1801, 24 i 1865 og 31 i 1920.

--- side 185 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Veka.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 20 14
1723 2 22 21 24
1865 2 22 52 48 48
1918 5 19 46

I Bergens Museum er eit diplom av 3. mai 1573, men sumt av det er so utydeleg at ein får ikkje full greide på innhaldet.


Bilete 22. Veka. Bruk 3 Bø øvst til høgre. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 22. Veka. Bruk 3 Bø øvst til høgre. Fot. P. Braaten 1935.

Seks lagrettemenn gjer kunnigt, sovidt ein kann skyna, at dei i 1573 saman med fleire var på Veka og høyrde på eit odelsjordskifte. Endre, Sjur og Marta og deira medeigarar skulde ha 9 mmb. og 1 pundsbol i Veka med landskyld 1 laup smør og 4 såld korn og dertil øydegard og skogviki i Gjerstadlidi og stølar og lunnar som frå gamal tid hadde lege under Veka. Jakob og hans syskin skulde på sin part ha 9 mark smørsbol i Styve og «Berge ødegård og Hinde tømmerskog i Vik» på sørsida av Evangervatnet og to andre skogteigar.

På Veka budde to mann i 1521: Sjur som betalte 3 lodd

--- side 186 ---

sylv i skatt og 7 lodd sylv i breffbrot. Den andre var Torgils, som var fatig og berre betalte 1 mark. Endre og Nils budde der i 1563. Sjur er nemnd fleire gonger som leiglending i tidi 1591-1621. Saman med Mons Byrkjo åtte han i 1611 1 laup 1 spann odelsjord, truleg i Veka. I 1611 var der ein leiglending til nemleg Simon. I 1621 åtte Oluf Finne 1 spann i Veka, Knut Finne ½ laup, Mons Byrkjo 2½ pund og Kåre Seve 1 pund. Knut og Nils var brukarar i 1629. Knut åtte noko i Veka og brukte heile garden i 1635. Anders var tenestdreng.

Leidangsboki for 1624 melder at leidangen av Veka var 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Det er tilført at jordi var «temmelig god» til avling. Knut var leiglending. Orm Veka åtte over 3 laup i Veka i 1636 og 1642, var gift med Mildrid og døydde fyre 1645. Enkja hadde då garden og sonen Mikkjel Ormson og døtterne Angmoe og Ingebjørg. Hannibal Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen til Apostelgodset ½ pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Sehested åtte i 1650 1½ laup 9 mark i Veka, som han hadde fått ved makebyte med kongen. På denne eigedomen var det ½ laup smør 1 bukkskinn i leidang, 1½ dalar 12 skill. i skatt, 1½ ort 3 skill. i fornødspengar, 1½ ort 3 skill. i arbeidspengar og 1½ dalar 4 skill. i avgift til jordeigaren. Ei enkje var leiglending. Sehested laut lata dette jordgodset til kongen att i 1651. Han selde det so i 1657 til Gabriel Marselis. I Skattemanntalet 1657 står at 3 laup i Veka høyrde til Finnegodset, og at Endre og Mikkjel var leiglendingar.

Apostelgodset åtte 1661 i Veka 1½ laup 9 mark og Finnegodset 2 laup 1 spann. Mikkjel Arneson var brukar då og i 1664. 3 laup 1 spann er ført upp som Finnegods i 1676. Klas Miltzow åtte 1½ laup 9 mark i 1680. I 1691 åtte han 1½ laup og Folkvard Broderson 1½ laup. Knut og ei enkje var leiglendingar. I skattemanntallet 1714 er Veka og Yksnabjørg førde upp saman med skyld 3½ laup og at eigarane var: Ervingane etter Folkvard Broderson 1½ laup, Hans Davidson 1½ laup og Henrik Miltzow 9 mark.

Folketeljingi 1701 fører upp to leiglendingar: Halldor Torsteinson, 41 år, og Mons Eirikson, 42 år. Halldor var brukar av heile garden i 1695 og var truleg gift med enkja etter ovannemnde Knut; for i 1701 er Pål Knutson, 13 år, ført upp som stykson hans Halldor. Pål vart sersjant og gastgjevar på Evanger, vart gift 1719 med Kirsten Nilsdr. Ho Kirsten og

--- side 187 ---

sonen Knut bleiv i Herløyfjorden 1737 saman med fleire frå Evanger på ei overlasta vedskute som forliste. Pål gifte seg andre gongen 1738 m. Margreta Nilsdr. Hallen, døydde 1739 og hadde ikkje born etter seg. Per Røte var erving. I 1715 var halde skifte etter Ingjerd Torgildsdr. millom hennar mann Halldor Torsteinson og borni: Fyrrnemnde Pål Knutson, Olav Knutson, som «reiste på fremmede steder» og Bryttva Knutsdr. gm. Per Ingebriktson Vetla Røte.

Halldor gifte seg uppatt 1715 med Brita Bjarnesdr. Berde, døydde 1724, og hadde med henne borni: Torstein f. 1719 og Ingjerd f. 1721, som 1742 vart gm. enkjemann Lars Hæve. Ho Brita gifte seg andre venda 1724 med Nils Gudleikson Uppheim og døydde 1739. Han kjøpte i 1726 1½ laup av Markus Faye for 154 riksdalar. Han hadde kjøpt det i 1712 av Edvart Hansen i Bergen. Nils gifte seg so andre gongen 1740 med Borghild Oddsdr. Lunde og fekk med henne dotteri Rannveig f. 1743. Borghild vart gift andre venda 1744 med Olav Monsson Tøn, og tridje gong 1752 med Anders Halleson Bryn og døydde 1788, 83½ år gl. Olav åtte 3 laup i Veka og hadde dotteri Gunnvor f. 1745. Framhald bruk 1. Anders åtte 1½ laup i Veka. Han hadde ikkje born.

Mons Eirikson f. um lag 1658, er nemnd ovanfor som eine brukaren i 1701. I 1715 og 1723 er i staden hans kome Arnbjørn. Mons Andersson Ukvitno gav i 1721 2 pund 23 mark i Veka til son sin, Sjur Monsson, som då vart buande på Veka. Odelsretten til det nemnde jordgodset kjøpte han 1723. Sjur var gm. Torbjørg Jonsdr. og døydde 1736, 38½ år gl. Tri born: Anna f. 1726, Gudve f. 1729 og Gjertrud f. 1733. Ervingane etter Sjur selde i 1736 det han hadde ått i Veka, 2 pund 23 mark, til Anders Nilsson. Han bytte 1744 med Lars Olavson uti Giljarhus og fekk 109 riksdalar i byte. Lars bytte so 1747 med Olav Monsson uti Lunde. Olav var som ovanfor umtala gm. Borghild Oddsdr. og hadde med henne dotteri Gunnvor. Framhald bruk 1. Olav kjøpte i 1748 ½ laup 1 mark i Veka av Halldor Knutson, som hadde kjøpt det 1745 av ervingane ved skiftebrev 1735.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Veka. Gunnvor Olavsdr. f. 1745, nemnd ovanfor, gifte seg 1763 med Lars Torsteinson Fære som døydde 1817.

--- side 188 ---

Ho Gunnvor hadde i 1752 fått 1 pund i garden, og hjå Anders, stykfar hennar, fekk dei 1½ laup i 1774 og kjøpte noko av andre, so dei åtte heile Veka. I 1759 fekk ho kongeskøyte på løysningsretten til 1 laup 1 pund 21 mark for 100 rd. Kongen hadde selt dette jordgodset i 1657 til Gabriel Marselis. Seks born: Eirik, David f. 1778, gardbrukar på Helland, Rannveig f. 1770, gm. Anders Knutson Store Røte, Marta f. 1774, gm. Sjur Andersson Giljarhus, Borghild f. 1781, gm. Anders Nilsson. Grovu, Brita f. 1790, gm. enkjemann Olav Larsson Flògo. Eldste sonen Eirik f. 1772 gifte seg 1793 med Marta Knutsdr. Gjerme. (Sjå L. Kindem: Dagestadætti nr. 469). Eirik fekk i 1793 og 1802 skøyte på farsgarden, heile Veka, og døydde 1856. Han skifte garden i bruk 1 og 2 millom sønene Lars og Knut. Born: Lars f. 1795, framhald bruk 2, Knut f. 1798, Ingebjørg f. 1796, gm. Nils Person Steine, Gunnvor f. 1800, gm. Samson Josefson Byrkjo, Brita f. 1803, gm. enkm. Viking Olavson Jernes.

Knut Eirikson f. 1798, gift 1826 med Gudve Nilsdr. Eide og døydde 1880, fekk halve farsgarden i 1829. Det var framleies bruk 1. Tri born: Eirik, Ingebjørg f. 1831, gm. ekm. Nils Andersson Skjelde, Kirsti f. 1842, gm. Lars Gusskalkson Vestrheim. Eirik Knutson f. 1835, gm. Margreta Andersdr. Væte døydde 1917. Han fekk garden hjå foreldri sine i 1874 for 440 spd. Sju born: Knut, Anders, Gudve, Sigvor, Brita, Margreta, Marta. Knut f. 1867, gift 1895 med Brita Knutsdr. Saude, fekk garden. Deira son Eirik f. 1896 gm. Brita Kjelsdr. Gjerme fekk skøyte på garden i 1930 for 4500 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 27, lnr. 63 med gamal skyld etter bruk 2 var fråskilt 1 laup 1 pund 18 mark, urevidert 3 dalar 3 ort 17 skill. og revidert 3 dalar 1 ort 5 skill. Ny skyld mark 4,55 etter at bruk 5 og 6 var skilde frå.

Bruk 2. Veka. Som fyrr nemnt fekk Lars Eirikson halve farsgarden i 1823 for 250 spd. Det vart bruk 2. Lars var fødd 1795, gifte seg 1822 med Kirsti Gusskalksdr. Eide og døydde 1869. Seks born: Eirik, Margreta f. 1824, gift til Seim i Gullfj. med Torstein Knutson, Marta f. 1823, gift til Bø på Dyrved med Hans Olavson, Brita f. 1841, gm. Arnfinn Nilsson Giljarhus, Anna f. 1832, gm. Halle Nilsson Vinsand, Gunnvor f. 1837, gm. Arnfinn Knutson Rekve, Hegle. Eldste sonen Eirik Larsson f. 1827, var fyrst gift med Marta Oddsdr. Hæve og andre gongen 1864 med Rannveig Massdr. Lydvo. Eirik

--- side 189 ---

dreiv mykje med måling. Han fekk garden i 1861 for 600 spd. Marta hadde han sønene Lars og Odd. Lars f. 1856, gm. Persdr. Gjerme fekk skøyte på garden i 1883 for 2800 kronor. Deira dotter Marta f. 1881, gm. Samuel Johannesson Apaltun f. 1875, fekk garden i 1917 for 7000 kronor. Odd Larsson f. 1859, gifte seg med Gudve Arnfinnsdr. Giljarhus og fekk med henne bruk 2 på Giljarhus.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 27, lnr. 83 b med gamal skyld 1 laup 1 pund 21 mark, urevidert 3 dalar 3 ort 17 skill., revidert 3 dalar 1 ort 5 skill. Ny skyld mark 4,59 etter at bruk 7 var skilt frå.

Bruk 3. Dyrvedalens skule. Utskilt 1910 frå bruk 2 og selt til Voss herad som skulehustuft og leikeplass. Skyld 10 øre.

Bruk 4. Dyrvedalens skule. Skilt frå bruk 2 i 1919. Skyld 2 øre. Selt til Voss herad.

Bruk 5. Vekabakken. Skilt frå bruk 1 i 1929. Skyld 15 øre. Gåve til Nils Knutson Veka.

Bruk 6. Nyheim. Skilt frå bruk 1 i 1929. Skyld 2 øre. Gåve til Margreta, Anders og Knut, borni hans Knut Veka.

Bruk 7. Skilt frå bruk 2 i 1930. Skyld 1 øre. Selt til Lars N. Rekve.

Husmannsplass.

I 1611 er ført upp som øydegardsmann eller husmann Per og i 1614 Dagfinn. Torgeir Jonson var husmann i 1661, Gunnhild Larsdr. i 1730-åri og Jakob Nilsson, gm. Åsa Torgrimsdr. i 1740-åri. Aslak Mikkjelson Tren død 1852, 40 år gl., og kona Jorunn Persdr. var husmannsfolk frå 1840, då han fekk festekontrakt. Olav Larsson, gm. Marta Monsdr., hadde og plass i 1840-åri. I Vekahaga på bruk 1 var Lars Bjarneson og Jon Steffason husmenn. Lars var fødd på Eggjareir 1815, gm. Barbrå Arnfinnsdr. frå Årdal og døydde 1897. Han dreiv mykje med å svarva treskåler på sine gamle dagar. Jon var tidlegare gardbrukar på Gjerstad. Under bruk 2 var Nils G. Svanga husmann i Vekahaga. Han var gm. Mari Larsdr. Skjelde, f. 1848, død 1930. Nils døydde tidlegare. Smed Jon Nilsson Jøsendal, død 1887, gm. Ingebjørg Knutsdr. Hæve fekk plass på Veka og enkja bur der framleies. Nils Knutson Rekve har havt plass ved Rekveselvi og hadde vadmålstampe og kvern. Sjå bruk 7 gnr. 15 Rekve.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden er det sagt i 1723. Veka har vårstøl på Heimre Dale og sumarsstøl på Kviting.

--- side 190 ---

Kvern.

Det var to flaumkvernar i 1723 og ei kvern i 1776 og 1791. Der var godt vassfall heiter det i 1830-åri. Kvern har der vore til notidi, og der har sume tider vore male til andre og.

Offentlege forretningar.

Det var sak mot Gjerstad i 1776, åstadsak 1812, forlik um merkesgjerde 1823, åstadsak 1834, fredlysing 1851, åstadsak um Kviting 1854, sak saman med andre gardar mot Arhelleren 1876 um beite, jarnbanetakst 1878, utskifting på Indre Dale 1887, utskifting på innmarki i 1913-14. Bruk 1 laut då flytta husi sine.

Bumerke.

Halldor 1718, 1721 tavle 2 nr. 19. Ein gong i 1721 snur vinstre sida ned. Arnbjørn 1721, 1723 t. 2 nr. 20. Sjur 1735 t. 2 nr. 21, Nils 1735 t. 2 nr. 22. I 1737 teikna han t. 9 nr. 75. Brynjulv 1741 t. 2 nr. 23. Olav 1749 t. 2 nr. 24. Anders Veka 1758 to E-ar med ryggen mot einannan og i 1765 ein I med tverrstrek på midten. Lars 1754 t. 2 nr. 25.

Är du säker på att du vill logga ut?