205. Vele.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 275 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a (eller i) Vilini. Det vert no sagt Vèlè2; han búr pao, è tao Vèlè, ska tì Vèlés, sms. Vèléslíè. Same namnet hev ein og på eit bruk under Nedkvitno i Reppen. Det er samansett med vin (beite). Fyrelekken må vera eit gamalt ord vilr (adj. gild, god), gn. Vilin.

Landkommisjonen har 1661 skrive at skyldi var 1½ laup 1 spann med ein brukar, og at der var lite brennefang. Det var likeins 1723. Garden hadde medels jord, ein liten humlagard og var sers lettbrukt. Skyldi var 2 laup i 1777 og likeins 1838 då ho vart umskrivi til 6 dalar 4 ort. Samanlikningstalet var 1025. Det er då sagt at der var vassfall, nok vedaskog, og garden var lett å dyrka.

I matrikkelen 1865 er ført upp 231/6 mål åker, 2 mål dyrka eng, 32½ mål medels, 42 mål god natureng og 36 mål skrapebø. 12 mål høvde til dyrking. Der var medels vårhamn, ring sumarhamn og turvande vedaskog. Bruk 1 hadde noko timberskog, men ikkje bruk 2. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 27,9 mål åker, 29 mål kunsteng og 16 mål natureng.

Folketalet var 11 i 1801, 20 i 1865 og 27 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Vele.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   21   24          
1723 1   11   12   20      
1865 2   23   48   58 ½ 49  
1918 3   18   46          

--- side 276 ---

Solveig i Buegarden og sonen Håkon selde 1313 (DN XII nr. 47) 4½ mmb. i Vele til abbed Einar i Munkeliv for 4½ mark brent sylv på det vilkår at abbeden skulde ta mot jordi i leigefør stand og ha henne fem vintrar. Etter den tidi skulde Solveig eller hennar erving lata jordi taksta eller løysa henne att for same pris som abbeden betalte. Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangens prestebol åtte 1 laup på Vele. Munkeliv kloster åtte 4½ mm. på Vele i 1427, 1 pund i 1463 og 5 mmb. i 1480-90. I jordboki 1585-1616 er umtala at prestebolet fekk 1 aske korn og 4 merker smør i landskyld.

Oluf og Anders var leiglendingar 1611 og Atle 1611, 1614 og 1621. Han åtte 1621 1 laup på Vele og Rekve og 1 laup 6 mark i 1629. I saki um Krossaset er umtala at Atle ikring 1614 hadde fortalt um grensa som det var strid um millom Vossingane og Haringane. Jørgen Mosafinn var 1621 eigar av 9 mark og Eirik av ½ laup 14 mark i 1629. Leidangen var etter leidangsboki 1624 15 merker smør og 1 geitskinn der Eirik var leiglending. For eige jordgods betalte han 2 merker smør. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 1 pund 6 mark med 2 dalar 1½ ort 6 skill. og på ½ laup 14 mark med 1½ dalar 6 skill. Atle og Eirik var brukarar. Anders åtte 1635 1½ laup 1 spann og var leiglending då og 1636. Han er 1645 skriven for Anders Olavson og var g. m. Berete.

Olav Jørgenson, g. m. Guri var og leiglending då. Han budde på eige odelsgods 3½ spann i 1652, 1655 og 1659 og brukte heile garden. I 1650 var han lagrettemann og samtykte 1662 i at selet på Krossaset skulde rivast. Hannibal Sehested fekk 1648 kongeskøyte på ½ laup Finnegods som det ikkje er ført upp noko bygsel på. Sehested skøytte det 1651 til kongen som 1657 selde det til Gabriel Marselis. Munkeliv var 1652-1659 eigar av 1 spann og Vangens prestebol av ½ spann i 1652 og 1655. Finnegodset åtte 1659 ½ laup og Vangskyrkja 2½ spann. Ho fekk 6 askar korn i landskyld. I 1661 åtte Munkeliv 1 spann, Vangens prestebol ½ spann, Finnegodset ½ laup og resten var bondegods. Håvard og Olav var brukarar 1657, Eiliv 1661, Eiliv Andersson og Lars Knutson i 1664.

Hermann Garmann fekk 1662 kongeskøyte på 1 spann Munkelivgods. Klas Miltzow åtte 1680 og 1691 ½ laup. Dei andre eigarane i 1691 var Bergens Fatighus 18 mark, prestebolet 9 mark og Eirik som brukte heile garden, 3½ pund. Det

--- side 277 ---

var likeins 1695 med det brigde at Kirsten Miltzow då var eigar i staden for Klas Miltzow. Matrikkelen 1714 har som eigarar Enkjehuset i Bergen 18 mark og prestebolet 9 mark. I 1723 åtte Enkjehuset 15 mark og prestebolet 12 mark. Brukaren åtte båe åri 1 laup 27 mark.

Eiliv Andersson f. 1639 er skriven som odelsbonde i folketeljingi 1701 og hadde sonen Olav f. 1657. Eiliv har som ekm. vore g. m. Brita Andersdr. som døydde 1699 og hadde fire born:


Vele og Gjelland
Bilete 33. Vele og Gjelland. Fot. P. Braaten 1937.

Guro, Ivar, Kari f. 1685, g. 1716 m. ekm. Jon Steffason Gjøastein, og Sigvor f. 1692, g. 1717 m. Anders Olavson Myrland. På skiftet etter Brita er umtala at ho Guro hadde fått i heimagjerd 2 kyr à 3 rd. og 2 sauer à 2½ mark. Dei andre borni skulde no få likeins. Jordgodset vart skift so Eiliv fekk halvparten, Ivar 15¾ mark, Kari og Sigvor kvar 7 mark.

Jon Askjelson bygsla 1708 halve garden, men er slutta fyre 1714. Lars Knutson Tveito f. 1679 gifte seg 1713 med enkja Brita Sjursdr. Vele. Ho hadde vore gift fyrste gong med Olav. Dei fekk 1710 skøyte på 2 pund 1½ mark. Både Brita og Lars døydde 1739. I skiftet er ført upp at Brita hadde tri born med

--- side 278 ---

Olav og to med Lars: Anders f. 1704, Anna f. 1706, Kari f. 1711, Knut og Olav. Alle borni so nær som Anna døydde 1739, altso same året som foreldri, Brita og Lars. Lars er skriven som brukar av heile garden og åtte ved skifte etter Brita 2 pund 5½ mark. I kyrkjeboki er sagt at ho hadde ein son Eiliv f. 1704. Han gifte seg 1737 m. enkja Kari Tesdal.

Knut Eirikson Fære kjøpte 1740 2 pund 23 mark av verja for ovanfor nemnde Knut og Olav Larsson, og 1761 løysningsretten til ½ laup som Marselis hadde ått. Knut Eirikson var brukar av heile Vele. Han gifte seg 1739 m. Kari Olavsdr. Vele og døydde 1761, 68 år gl. Kari døydde 1775, 80¼ år gl. og hadde tri born: Eli f. 1742, g. 1769 m. Henrik Hermundson Rjodo, Eiliv f. 1745 og Anna f. 1747, g. 1. 1767 m. Erling Hermundson Rjodo, 2. 1778 m. Erling Person Rjodo. Knut selde 1762 halvparten, 2 pund 1½ mark, til Eiliv og 1771 den andre halvparten til versonen Erling Hermundson. Eiliv døydde ugift 1774.

Erling Hermundson selde 1776 21½ mark til bror sin, Henrik Hermundson Rjodo, og bygsla av han 2 pund 1½ mark på Vele. Erling døydde same år 28 år gl. og hadde tri born: Brita f. 1767, g. m. ekm. Gudleik Gudleikson Vele, Eiliv f. 1774 og Kari f. 1776, død 1796. Eiliv åtte gard nr. 220 bruk 1 Rjodo og ½ laup på Vele. Sjå bruk 2. Ved skifte etter Erling åtte dei 2 pund 1½ mark taksta 300 rd. Henrik Hermundson makabytte 1780 med Erling Person Rjodo uti 1½ spann på Rjodo og Erling fekk 2 pund 1½ mark på Vele, bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Vele. Erling Person var g. 1778 m. enkja Anna Knutsdr. Vele. Bergens Fatighus åtte 15 mark og Vangens prestebol 12 mark i bruk 1. Erling døydde 1820, 75 år gl. og Anna 1821, 74 år gl. Dei hadde fire born: Dordei f. 1780, g. 1823 m. Svein Larsson Jerald, Per f. 1783, Knut Rjodo f. 1786, g. 1825 m. Kari Jonsdr. Rokne og døydde 1884 og Erling f. 1790, g. 1826 m. Brita Eiriksdr. Rue. Per fekk skøyte frå far sin i 1809 på 2 pund 1½ mark og 1815 på 1 pund 3¼ mark. Per vart g. 1821 m. Ingebjørg Nilsdr. Jernes. Han vart utkommandert i krigen mot Sverike. Ho døydde 1825, 25 år gl. og Per 1836. I skifte etter henne var eigedomen deira taksta 560 spd. og skogen 40 spd. Dei hadde sonen Erling som døydde

--- side 279 ---

1837. Bestemor hans Per, Ragna Torgeirsdr. Jernes, fekk då heimelsbrev på bruket.

Erling Erlingson Rjodo søkte på odelen til garden og fekk 1838 skøyte på han for 835 spd. Han budde der til 1855 då han bytte med Brita Nilsdr. uti bruk 1 Nedre Rykke. Ho var enkje etter Viking Olavson og dei hadde to døtter: Sisselja f. 1838 og Margreta f. 1851, g. 1868 m. Nils Eirikson Rjodo eller Vinjo. Ho Brita vart attgift 1856 m. Lars Brynjulvson Dymbe og fekk med han dotteri Gjertrud f. 1857 (Amerika). Brita døydde 1861, 45 år gl. Lars hadde seinare hus på Vangen, tuft 57 og var g. 2. 1869 m. Soffi Sjursdr. Rong. På skifte 1856 etter Viking fekk ho Brita og dotteri Sisselja bruk 1, halvparten kvar. Garden var taksta 1000 spd. og nettomidelen var 3200 spd.

Sisselja Vikingsdr. vart g. 1856 m. Klas Oddson Tesdal. Dei fekk 1857 skøyte frå mor hennar på halve garden og åtte då altso den heile. Sisselja døydde 1905 og Klas 1920. Åtte born: Jorunn f. 1857, g. 1904 m. ekm. Viking Bårdson Rjodo eller Dymbe, Olav f. 1860, Odd f. 1865, Brita f. 1868, g. 1897 m. Gudleik Ivarson Tillung, sjå bruk 7 på Bryn, Gudve f. 1871, Margreta f. 1874, g. 1910 m. Lars Ivarson Tillung, sjå bruk 10 av Ytre Haugo, Sisselja f. 1877, g. 1900 m. Knut Erlingson Kvitno, Marta f. 1880, g. 1908 m. Lars Steffason Haug. Olav gifte seg 1902 m. Marta Endresdr. Jerald og fekk 1903 skøyte frå far sin på garden for 5000 kronor. Olav og kona døydde 1927. Brita Fære kjøpte 1929 garden for 23500 kronor og selde att 1930 til Endre A. Rue for 18500 kronor. Sisselja Olavsdr. Vele fekk 1932 odelsskøyte på garden for 18500 kronor. Ho er g. m. Olav Halldorson Hyrt, Rjodo.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 207, lnr. 408 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 5 dalar 13 skill., revidert 4 dalar 2 ort 13 skill., ny skyld mark 6,57, eller mark 5,47 etter at bruk 3 er skilt frå.

Bruk 2. Vele. Eiliv Erlingson Rjodo åtte som fyrr nemnt bruk 2 på Vele. Gudleik Gudleikson f. 1760 var leiglending og g. som ekm. m. Brita Erlingsdr. I 1811 kjøpte han Fagnastølen og budde sidan der. Eiliv var f. 1774, g. m. Brita Torbjørnsdr. og budde på Rjodo der han døydde 1814. Dotteri Kari fekk 1818 garden på Vele og gifte seg 1834 m. Lars Nilsson Himle. Nils Godvinson, g. m. Mari Nilsdr. bygsla då garden. Han fraus ihel 1827 i Bjørgamarki, 51 år gl. Dei hadde borni Anna f. 1814 og Eirik f, 1817, g. m. Gudve Massdr. Ronve. Dei brukte garden

--- side 280 ---

etter foreldri hans og fekk dotteri Ingebjørg f. 1836. Kari selde 1844 garden til Nils Olavson Saude. Han var god rosemålar.

Jakob Johannesson Folkedal kjøpte 1850 garden og selde att 1855 til Lars Larsson Hegle for 670 spd. Han selde att same år til Odd Larsson Dymbe for 800 spd. Han bytte 1856 med Steffa Knutson Sonve uti bruk 1 på Sonve. Han selde so 1858 til Nils Sveinson Kvåle for 700 spd. Han var f. 1817, g. 1. 1839 m. Sisselja Hermundsdr. Byrkjo, 2. m. Ingebjørg Nilsdr. Helland, Ullensvang, f. 1817. Nils døydde 1892 og Ingebjørg 1895. På skifte etter Sisselja vart garden verdsett 600 spd. Nils fekk sju born m. Sisselja: Svein f. 1839, Hermann f. 1840, Margreta f. 1842, g. 1870 m. Klas Torsteinson Seim, husmann på Mosafinn, Lars f. 1844, Styrk f. 1849, Marta f. 1851 og Anna f. 1857. Hermann gifte seg 1870 m. Anna Olavsdr. Himle og fekk 1884 garden for 2400 kronor. Anna døydde 1902 og Hermann 1919. Nils Olavson Turvoll kjøpte 1908 garden for 3500 kronor. Bordalens Ungdomslag fekk 1930 tuft av bruk 2 og har bygt samlingshuset Hordatun.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 207, lnr. 409 med gamal skyld ½ laup, urevidert 1 dalar 3 ort 11 skill., revidert 1 dalar 4 ort 10 skill. Ny skyld mark 2,74.

Bruk 3. Nedre Vele. Utskilt frå bruk 1 i 1893. Skyld mark 1,10. Odd Klasson kjøpte det og bygde der. Han var f. 1865, g. 1889 m. Kristi Ivarsdr. Tillung og var skomakar. Odd døydde 1928.

Bruk 4. Bakke. Skilt 1917 frå bruk 1 med skyld 1 øre. Lars H. Steine fekk ervefeste på det, bygde krambuhus og dreiv handel der. Olav Olavson Rjodo kjøpte seinare eigedomen.

Bruk 5. Vetlevangen. Skilt frå bruk 2 i 1935 med skyld 2 øre og ervefest til Olav O. Rjodo. Han bygde der bustadhus med krambud og flytte handelsforretningen dertil. Hån er f. 1896, g. m. Kirsti Kolbeinsdr. Skjervheim, Vossastr.

Husmenn.

Torstein Andersson Kvanndal f. 1789, g. m. Anna Halldorsdr. Tillung, hadde plasset Kolgrovæ heimanfor Jeraldstveiti. Dei kjøpte sidan Longeskåræ på Kvanndal i Kinsarvik og flytte dertil. Torstein slo seg ihel 1850. Han var son åt Anders Andersson Jerald f. 1750 som døydde 1828 i Longeskåræ. Torstein og Anna fekk borni: Lars Jerald f. 1818, Anders Rue f. 1822, Kari f. 1829 og Nils f. 1832. Kari og Nils reiste til Amerika. Lars Larson Takla f. 1813, g. 1841 m. Gjertrud Persdr. Lid

--- side 281 ---

hadde plasset Fuglestad som ogso Ugg heimanfor Jeraldstveiti. Lars døydde 1876. Gjertrud vart attgift 1880 m. husmann Eirik Knutson Fære og døydde 1894. Lars og Gjertrud fekk sju born: Johannes f. 1843, Brita f. 1845, Per f. 1849, Marta f. 1852, Ingjerd f. 1855, Lars f. 1857, g. 1882 m. Synneva Olavsdr. Kvåle, bur i Haugamoen, og Olav f. 1861. Alle borni so nær som Lars reiste til Amerika. Olav var den fyrste som bygde på plasset Vetlemod'n. Han var g. m. Maria Eilivsdr. Vele. Då han døydde, vart ho attgift 1851 m. Anders Styrkson Davidhaugen som og budde på Vetlemod'n. Etter ho døydde, gifte han seg 1868 m. Marta Oddsdr. Tesdal. Dei fekk sonen Styrk f. 1872 som reiste til Amerika. Anders døydde 1888. Torstein Larsson, g. m. Anna Davidsdr. Tveito budde ei tid på Vele, seinare på Gjelland. Snikkar Knut Jakobson Istad f. 1863, g. 1886 m. Rannveig Larsdr. Rong eller Jerald var og husmann og døydde 1899.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden er det sagt i 1723. Vårstølen er i Velesliæ og Sumarsstølen ligg høgre uppe. Båe er kalla Velesstødl'n. Sumarsstølen er skriven for Atlestølen på Vossakartet og er sume tider kalla Haoarstødl'n.

Kvern.

Ei kvern er umtala 1661, 1723, 1776 og 1791. Seinare har Vele havt to kvernar i Kjøtlo. L/l Velessagi bygde ikring 1920 sirkelsag i Kjøtlo på Vele sin eigedom.

Offentlege forretningar.

Forretning 1738 og 1739 mot Rokne. Sak 1779 um skoghogst på stølen. Åstadsak 1788. Odelssak 1815. Utskifting 1817. Åverkssak 1821. Dom 1821 um grensa mot Gjelland. Odelssak og overtakst 1838. Utskifting 1870 på stølen. Utskifting 1865. Semje 1929 um gardsveg.

Bumerke.

Knut 1757, 1758 tavle 4 nr. 5, mykje brigda 1763.

Ymse.

I ein gravhaug på Vele skal for lenger tid sidan vera funne ei halvkule av glas. Ovanfor stovehusi er ein rund gravhaug som ikkje er opna. Nedanfor husi er funne mykje jarnkròkur. Ei stor kròke er gjevi til museet på Mølster.

Är du säker på att du vill logga ut?