Vossakyrkja.
--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 301 --- Noregs-soga fortel at i året 1023 kom Heilag Olav til Voss og kristna folket her. Soga fortel og at kyrkjor vart bygde der folki vedtok kristendomen og let seg døypa. Me må difor gå ut ifrå at Heilag Olav sytte for at her og snart vart bygt kyrkje og tilsett prest, endå det ikkje er fortalt noko um det i soga. Kyrkja må ha vorte bygd på Vangen, for her var midtstaden i bygdi, der det høvde best å samlast. Hovet må og ha stade her, og det skal ha vore vanleg at kyrkja vart bygd der hovet hadde stade eller i nærleiken. Likeins må tingstaden ha vore her. Me veit ikkje noko um korleis den fyrste kyrkja såg ut, men det er vel mest rimeleg, at ho har vore liti og uvand. Presten Gjert Miltzow går i si Prestehistorie ut ifrå at folket på Voss i Heilag Olav si tid, um ikkje fyrr, har teke imot kristendomen og bygt kyrkjor, fyrst av tre, men seinare bygde dei --- side 302 --- hovudkyrkja på Vangen av stein. Det var den vakraste kyrkja i bispedømet, skriv Miltzow. Han segjer vidare at han veit ikkje noko visst um når den fyrste kyrkja var bygd. Han finn det truleg, slik som det hadde vore gissa på, at kyrkjone på Voss var bygde i Sigurd Jorsalfar si tid ikring 1130, då Magne |

Bilete 42. Kyrkja, 1926.var bisp i Bergen. Miltzow held so fram um dei 4 kyrkjone i Vossabygdi, på Vangen, Evanger, Vinjo og Uppheim. Ein annan stad i Prestehistoria si segjer han at det er sikkert at det var kyrkja på Voss i 1145. Professor L. Dietrichson skriv i boki «De norske stavkirker», at kyrkje som var bygd i Sigurd Jorsalfar si tid, må ha vore stavkyrkje. Um det har vore berre --- side 303 --- ei eller det har vore to kyrkjor fyrr steinkyrkja vart bygd, er det ikkje råd å segja noko visst um. Har det vore bygt kyrkje i Sigurd Jorsalfar si tid, må det ha vore ei fyrr og. Det kann ikkje ha gått ikring 100 år etter at kristendomen var innførd fyrr det vart bygt kyrkje. Kyrkja vert bygd 1271-1277.Kong Magnus Håkonson har i 1271 (truleg millom 16. og 31. desember) frå Bjørgvin skrive dette brevet til vossane, her umskrive til nynorsk av Lars Eskeland. «Magnus Håkonson, Noregs konge, sender alle menn i. Vangskyrkjesokni Guds og si helsing. Me ynskjer dykk lukke til, og me vil takka dykk at de so manneleg har teke dykk fyre å byggja dykk steinkyrkje i staden for trekyrkje, etter rådet og fyresegni åt vår vyrdelege herre og far, Håkon, Noregs konge. For det skal de hava både Guds signing og vår og alle gode menns venskap. No når tilskipingi og den gode viljen dykkar er kome i godt gjenge, so må de og lata arbeidet få ei sovori endelykt som upptaket var til. Og me bed dykk med takksemd um at de arbeider manndomssamt alle saman, so snart Gud gjev føre, og køyrer stein og timber til kyrkjebyggjingi, der det er farande veg, etter det me fyrr har' fastsett og sidan lagt til og tala um i det brevet me skreiv straks i fyrstningi steinbygget var på tale. Men dei menn som har timber nær ved, bør lata dette til eller selja kyrkja det ho treng, til den pris som tykkjest dykk høveleg som stend fyre godset åt den heilage kyrkja. Og legg no slik hug til hennar tarv som de vil hava hjelp hjå oss og von um miskunn, når de kjem til i nokon måte å trenga det. Dette brevet var skrive i Bjørgvin då 1270 og eitt år var lide frå Vår Herre Jesu Kristi fødsel, i det 9de styringsåret vårt. Sira Tore kanslar innsigla brevet.» Kong Håkon Håkonson var død i 1263. Den gamle trekyrkja må då ha vore øydelagd eller ubrukande. Av brevet ovanfor ser me at kong Magnus har uppmoda vossane um å byggja ei steinkyrkje i staden for ei trekyrkje. Arbeidet med å byggja kyrkja har vore i gang då brevet var skrive i 1271. Miltzow segjer at ei segn fortalde det tok i kring 7 år å byggja kyrkja. I millomtidi vart det halde messe på 2 store loftrom,. det eine i Prestegarden og det andre på Finne. --- side 304 --- Då kyrkja var ferdig, heiter det i Miltzows Prestehistorie, vart ho høgtideleg vigt til Sankt Mikal på Urbans dag, det er 26. mai 1277. Denne dagen fekk eit sers merke på primstaven og vart kalla Vossa-Kyrmesso, det vil segja vigslefesten åt Vossakyrkja. Han vart sidan høgtida kvart år i lange tider. B. E. Bendixen segjer i «Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt», at 25. mai er rettare enn 26. mai. Skildring av kyrkja.Det er eit storveges og storstila byggverk våre gamle gjæve fedrar har reist, då dei bygde den store, vakre steinkyrkja på Vangen. Mange gilde og velhaldne menn må det ha butt på Voss den tid, med di dei kunde få til eit slikt byggverk. Det er eit framifrå og manande vitnemål um den offervilje og samfundsånd som våre dålevande fedrar synte. Ein veit ikkje um slikt drustelegt byggverk av bygdefolk andre stader i Noreg den tid. Difor er det ikkje til å undrast på at kongen let so vel i brevet sitt over det mannslege tiltaket åt vossane. Miltzow skriv at kyrkja vanleg var kalla Vangens kyrkja, men namnet var retteleg St. Mikals kyrkja. Etter gamle pergamentbrev var ho bygd av stein på tufti åt den gamle trekyrkja. Steinkyrkja var innvendes 163 fot lang, 36 fot breid og 36 fot høg. Tårnet var 102 fot høgt. Miltzow fortel som ei segn at 4 kjempar som var brør hadde bygt kyrkja. Dei heitte Strenger, Bæk, Utter og Baste og skal vera gravlagde i haugar umkring kyrkja, den eine i nord, den andre i sør, den tridje i aust og den f jorde i vest. Etter dei skal desse stadene ha fått namnet sitt: «Strengerhaugen, Bækkeleitet, Utter-øen og Baste-Ryggen». Ymse forteljingar går um byggmeistrane, men nokor pålitande melding um dei har me ikkje. Det har vel vore utlendingar med. I vårt land var vel bygningskunsten ikkje komen so langt den tid. Den norske kyrkja stod då i nært samband med den engelske kyrkja. Difor er det vel mest truleg at byggmeistrane av Vossakyrkja har vore engelske. Kyrkja er bygd i tidleg gotisk stil eller spissbogestil. Arkitekt Johan Meyer har i Norsk kunsthistorie skildra kyrkja soleis: «Her finder vi som eneste tilfælde vestenfjelds det middelalderlige taarn bevaret helt tiltops. Taarnfoten er muret i forband med skibet og aabner sig mod dette med stor bue. --- side 305 --- Skibstaket stryker i jevn flukt frem over taarnfoten og slutter av over dens gavl med vindskier. Men ovenover reiser sig den firkantede klokkestue av bordklædt standerverk med svak sammendragning opad. Derover er sat en ottekantet taarnhjelm. Grundflatens tiloversblevne trekanter er dækket med steile trekantpyramider avsluttet med spir og vindfløi. Som en sjeldenhed findes ganske velformede stræbepiller opført av graasten, og disse virker gunstig med i taarnutformningen. De er dog senere tilsætninger. Korbuen er hele 4 meter bred og over 8 meter høi. Hvorvidt kirken hadde aapen takstol eller som nu bjelkeloft, er endnu ikke konstatert.» Professor Dietrichson segjer i boki «Vore fædres verk» at Vossakyrkja er ei merkeleg kyrkje i spissbogestil. Murane er av gråstein; det er sokalla kistemur, d. v. s. murt på båe sidor og fyllt millom med uvand stein, lagd ned i murkalk. Tjukni av utvendes-murane er for koret 1,40-1,50 meter, for skipet 1,60-1,70 meter og for tårnfoten 2,10-2,25 meter. Høgdi på mønet over skipet er 20,75 meter over jordi. Taket over koret er noko lågare. Over koret og serleg over skipet er store høge loft. Konstruksjonane av sperreverket er svært traust og vel gjenomtenkt, og arbeidet er nøgje fråseggjort. Både til sperreverket og til bjelkar og tårnet er nytta malmrikt furevyrke, firøksa utan vankant, av svære lengder og tjukn. Soleis er lembjelkane over skipet 16,20 meter lange, 19-25 cm. breide og 30-32 cm. høge. Segni segjer at det store timbret er kome or Ålmenningen på Bordalen, og det er godt truleg at det er so. I myrane der finn ein nemleg svære furestomnar, og i ei sak um Krossaset er upplyst, at timber var hogt ikring 1620 i Ålmenningen til bruk i kyrkja. Det er sume som har tvilt på um tårnet er bygt på same tid som kyrkja, men eg tykkjer alt tyder på at tårnet er bygt samstundes. Heile kyrkjetaket har vore tekt med blyplator. Um det var frå fyrst av eller seinare veit me ikkje, men god tid fyre 1500-talet må det vera gjort. Bisp Olav Torkjelson, som døydde 1533, er skulda for å ha teke blytaket av skipet. Då kyrkja vart ettersedd i 1686, var skipet tekt med hogne tjørebrædde bord. I 1687 vart kjøpt blå pannor som skipet vart tekt med. Pannone vart i 1880-åri umbytte med lapphellor. Blyplatone på kortaket lak i 1875 og vart difor umbytte med lapphellor. --- side 306 --- Tårnet er eit meisterverk. Det er høgt og storstila. Ovleg grovt timber er brukt allstad; sværast av alt er tårnmori, som har vore ei kjempefure. Dei veldige bjelkar og spir har det ikkje kome sag eller boltar i. Dei er øksa og nagla i hop. Men uppbygnaden er so god og stødig at dei vilde ha vanskeleg for å gjera det betre i vår tid. Tårnet har vore noggrant uppmælt i 1933 av stud. arkitekt Leiv Tvilde. Høgdi er 41,5 meter til jarnspiret eller dette medrekna ikring 44,5 meter over jordi. Sakristi må det ikkje ha vore frå fyrst av, for på nordre veggen i koret har det fyrr vore vindauga. Det vart stengt av sakristiet, då det vart bygt. Me veit ikkje når det er gjort. Eg har ikkje set sakristiet nemnt fyrr i 1600-talet. Det var av stein og hadde gråsteinskvelv til innvendes tak. I rekneskapen 1722 er storleiken utvendes ført upp med 8x16 alner. Nytt sakristi vart bygt i 1875 i staden for det gamle. Det har ei dør til koret, ei ut på vestsida, og små vindaugo mot aust. |

Bilete 43. Grunnrit av kyrkja fyre 1866.a. er altaret med altarringen framanfor, b. preikestolen og c. troppi upp til han, d. Gamle-lemmen, e. Nye-lemmen, f. orgellemmen, g. troppi upp til han, h. den flate lemmen millom Gamle- og Nyelemmen, i. Lekvesstolen, j. troppi upp til lemmane, k. der døypefonten stod fyre 1820, l. der det var eit smalt rom. for reidskap, m. Fadrastolen, n. Klokkarstolen, o. Medhjelparstolen, p. Toldarstolen, r. og s. to stolar, t. Likkjellaren, u. gamle luka ned til han, v. kjellaren med gruva, y. steintroppi ned til han, æ. våpenhuset utanfor Utestòdøri, ø. reidskapshus og beinhus. Alle vindaugo er teikna i den breidd dei no har. Tidligare mål på dei som vart utvida i 1875 har det ikkje vore råd å få tak i. Treportalen i korbogen er ikkje teikna upp. Kjellarane t. og v., troppi y. og luka u. over kjellaren t. er avsett med prikka linor og gallerii d. e. f. g. h. i. med streka linor. --- side 307 --- Framanfor sjølve hovudinngangen er våpenhuset, som i 1875 vart bygt av murstein millom dei to stydjepilarane og tekt med hellor. Tidlegare var våpenhuset av stolpeverk. I 1686 og 1722 var det 2 våpenhus av tre. Det eine var for døri på nordsida (æ). Nytt våpenhus var bygt av standarverk i 1861. Det stod altso berre til 1875. Hovudinngangen har låg ornamentert rundboge. På nordsida av skipet er ei dør kalla «Utestòdøræ». Over henne er døri til Langelemmen. Sovel ho som steintroppi upp til henne og tilbygningen over troppi vart sett upp i 1875. Tidlegare hadde i lang tid stade våpenhus av stolpeverk utanfor Utestodøri. På sørsida av skipet syner utvendes ein attmura døropning med rundboge, som er ornamentert. Han er midt for døri på nordsida av skipet og må vera attmura etter 1838. Døropningen inn til koret på sørsida er spissboga med ornament. Vindaugo. Det er tri vindaugo i koret, tri i skipet og to i tårnfoten. Det eine, trieiningsvindauga, er over hovudinngangen. Alle er spissboga. Trieiningsvindauga og dei to vindaugo på austveggen i koret må ha vore frå fyrst av. Dei andre vindaugo vart i 1875 gjorde høgare enn fyrr. Glasmålingane i vindaugo i koret og i tårnfoten vart innsette i 1923 ved 900-års høgtidingi for kristningi av Voss i 1023 ved Heilag Olav. Ei nemnd vald av 10 samskipingar i bygdi ordna med fyrebuingi og stod fyre høgtidingi. Kunstmålar Bernhard Greve har gjort det kunstneriske arbeidet. Det tekniske er gjort av Didrik Andersen i Bergen. Glasmålingane kom på umlag 9500 kronor, som alt kom inn ved ymse tilstellingar og ved gåvor. Kyrkja innvendes.Koret er 8,4 meter langt og 8. m. breidt, skipet 18,25 m. langt og 10,8 m. breidt og tårnfoten 7 m. lang og 7,12 m. breid. Høgdi frå golvet til overkant av bjelkane er i koret 8 m., i skipet 9,4 m. og i tårnfoten 11,85 meter. Millom koret og skipet og millom skipet og tårnfoten er bogemurar i spissbogestil. Korleis det var med utstyret og inventaret i kyrkja frå fyrst av, er det ikkje nokor fråsegn um. Det har vel vore som vanleg den tid i katolske landskyrkjor. Altertavla har nok havt bilete eller figurar av heilage personar. Preikestol var visst ikkje i bruk då. Lesepultar var det nok i mange kyrkjor --- side 308 --- i millomalderen, liksom det sume stader var lektorium. Sovore har det visst vore her og. I nordsida av bogen millom koret og skipet er i muren ei vindetropp, som det har vore inngang til frå koret, og med utgang til skipet over Langelemmen. Her har då visseleg vore lektorium. Stolar eller benker var |

Bilete 44. Altar og altartavle, 1925.ikkje i bruk i dei katolske kyrkjone. Lemmane er komne til seinare. Det er fyrst frå siste halvparten av 1600-talet og seinare at me får upplysningar um inventaret i kyrkja her. Altaret. Altarbordet er murt av gråstein og må vera jamgamalt med kyrkja. Altartavla har det gamle seingotiske skåpet, men i staden for dei figurar eller bilete som fyrr har stade der, er det kome eit rundt målarstykke, som skildrar --- side 309 --- Jesu nedtaking av krossen. Fagmenn segjer at det må vera ein kopi etter Rubens. Umkring målarstykket er utskorne englehovud og barokkornament. På baksida av altartavla er måla årstalet 1687. Då er vel siste brigdet gjort med henne og målarstykket innsett. I xxx Norsk Kunsthistorie» er i ein artikkel sagt at målarstykket er måla av Elias Fiigenschaug. Altarringen var i firkant fyre 1860-åri, men vart då bytt uti den ovale som no er. Altarkalken i Vossakyrkja er av forgylt sylv. Han er sers merkeleg. Mange har skrive um han og um tydingi av innskrift og ornament på han. B. E. Bendixen skriv at på skåli er fest tri små figurar, som syner den krossfeste millom Maria og Johannes. På foten er i eit felt figurar av den krossfeste og Maria til høgre. Johannesfiguren er burte. I tri felt på foten er skildra legenden um einhyrningen som av erkeengelen Gabriel vert jaga i fanget åt den reine jomfrua. På foten er fleire andre figurar og ei latinsk innskrift som umsett lyder so: I det Herrens år 1511 på martyren Sankt Georgs dag (23. april) let eg bror Nicolaus Jonson arbeida denne kalken. Bendixen legg til at kalken er herleg og forvitneleg på fleire måtar. Etter T. Kielland, Norsk Guldsmedkunst, må kalken vera arbeidd på ein Bergensverkstad som på denne tidi har laga kyrkjesylv ogso til fleire andre norske kyrkjor. I 1673 var det to altarkalkar og to brøddiskar, alle av sylv. Det vart i 1865 laga ny større skål til kalken og ei brødøskje av den gamle skåli, eine kalken og eine brøddisken. G. Miltzow skriv at det då var eit sers fint altarklæde, som visst hadde vore gjeve til kyrkja i bisp Olav Torkjelson si tid. Ved visitasen 1869 er upplyst at «Damerne paa Voss» hadde gjeve ny altarduk og nytt altarklæde til kyrkja. I 1900-talet har kyrkja fått desse gåvone: Ein kvit altarduk, kanne til altarvinen, to uppsatsar. til blomar, to altarstakar, alt av sylv. Av inventar som no er, kann ellest nemnast 60 altarvinstaup, ei skål, alle av sylv, ein biletbibel prenta 1589, to messehaklar, altardukar og ymist anna. Den eine messehakelen er eit framifrå fint arbeid. Døypefonten har stade på sørsida ved inngangsdøri i tårnfoten og var av stein. Ikring 1688 var gjort ny døypefont, måla og staffert, og umlag 1700 vart panelt på båe sidor, som og vart måla og staffert. Gamle folk fortel, at dei hugsar der --- side 310 --- stod trepanel med 3 bilete, eit av Jesu dåp, eit av den gode hyrding og eit til. Her har dei halde til med døypingi til 1820, då dåpsengelen vart kjøpt og hengd upp i koret. Sidan har dei halde til med døypingi i koret. Rekneskapane for 1696-1698 fortel at det var kjøpt «kjøbmandsbord» til å panela koret med. I rekneskapen for 1699-1701 er sagt at «paa panelingen med stolerne i koret blev malet apostlerne med bibelsprog, paa alle stolerne i kirken anvendt egefarve og marmorering samt sat Frederik den 4.s navnetræk i forgylding». Fotpanelingane langs med veggene i koret er soleis sette upp då og måla med dei vene bileti av bibelske personar som me eldre hugsar um. Fotpanelingane ved veggene i skipet må visst og vera sette upp på dei tider. Dei hadde og bilete av bibelske personar, men dei var ikkje so forseggjorde. Gesimsen var og enklare enn i koret, der han var større og rikare utstyrd. Av alle desse panelingane vart det i 1875 teke av noko nede og dei vart flytte ned. Fyrr var øvre og nedre fyllingane jamhøge. Preikestolen i kyrkja er nemnd fyrste gong ved ettersynet i 1686. Då er sagt at han var låk og skulde saman med uppgangen til han «med kjøn maling stafferes og orneres». Det har vorte gjort til 1688, då «Skilderen» (figurmålaren) fekk 55 riksdalar for gull og måling av preikestol, trev og døypefont. Preikestolen og uppgangen til han var i renessansestil og var truleg frå tidi straks etter reformasjonen. På dei fire sidone av preikestolen, på framsida av gangen og på framvangen av troppi var tilsaman 12 felt, og på kvar av dei var måla ein apostel. Over preikestolen hekk ein himling (sekskanta) i same stil og med ei duve under. 7 av felti og nokre andre stykke av den gamle preikestolen er gøymde. I 1875 vart den gamle preikestolen teken burt, og den som no er, sett upp. I åri 1696-98 var sett upp ein vakker portal av tre i bogen millom koret og skipet. Denne korportalen var fint utskoren og måla. Fredrik Wessel laga modellen åt han, snikkaren Simen Wemberg arbeidde portalen, bilethoggar Peder Hendriksen gjorde treskurden og målar Lars Jansen måla portalen. Han vart teken ned i 1875 og er lagd til sides i kyrkja inntil vidare. Stolane. Kva tid det er kome stolar i kyrkja, veit me ikkje. Det fyrste eg har funne um stolane, er i rekneskapen for 1699- --- side 311 --- |

Bilete 45. Skipet i kyrkja, 1914.1701, der det heiter at nye stolar var innsette i kyrkja og to i koret. Det må altso ha vore stolar fyrr. I 1717-19 er skrive at «endel nye stoler var opsat» og bord og benk åt klokkaren til bruk ved teikning av nattverdgjester. Ved kyrkjevølingane i 1866-75 vart alle kyrkjestolane umbytte med dei som no er. Dei gamle gjekk heilt åt veggen på båe sidor i skipet og hadde høg stolvang med Frederik den 4de sitt namnemerke ved framenden og dør fyre. Til ikring 1870-åri var det regelen at kvinnone sat i stolane på nordsida i skipet og mennene på sørsida og på lemmane. Difor heitte sørsida oftast «karaleæ» og nordsida «kvennfolkeleæ». På langbenkene sat helst gjentor. Det var fast regel for kva stolar folket frå Vangen og dei ymse gardane i bygdi skulde sitja i. På karaleæ var dei to fremste stolane av eik, og stolvangen på dei var meir tilkrota. I den fyrste sat det storfolk og i den andre underoffiserar. Ogso i den tridje sat det gjerne storfolk og underoffiserar, sidan kom stolane åt gardane. Dei gamle stolane i nordvestre hyrna i koret (sjå bilete 43, m) var åt fadrane og vart kalla Fadrastolane. Klokkaren hadde plassen sin i Klokkarstolen (n). Medhjelparane skulde sitja i Medhjelparstolen (o). I søraustre hyrna var Toldarstolen (p). Millom Toldarstolen og kordøri var to stolar framanfor einannan (r og s). Lemmane. Fyrste lemmen er sett upp i sørvestre hyrna av skipet, kann henda fyre 1600-talet (sjå bilete 43, d). Han er måla og staffert ikring 1686. Rekneskapen for 1722 syner at det då er kome ein ny lem, kalla Nyelemmen, «formedelst Almuens tiltagelse» og han hadde tri svarva stolpar under framsida. Lemmen som var fyrr har sidan vore kalla Gamlelemmen. Framme på lemmen (h), millom Gamlelemmen og Nyelemmen var det eit sers grust rom som heitte Lekvesstolen (i). Det var huslyden åt Fleischer og storfolk som sat der. Alle desse lemmane vart rivne i 1875 og den lemmen som no er, sett upp langs nordsida i skipet. Han er ofte kalla Langelemmen. --- side 312 --- Meldingane i Miltzow si Prestehistorie og kyrkjerekneskapane frå 1659 og framover syner at i slutten av 1600-talet j og fyrst i 1700-talet var det gjort mykje med å pryda kyrkja innvendes og likeins sjølve kyrkja. Mange større vølingar har det vore gjort på henne frå tid til onnor seinare og. |

Bilete 46. Skipet og koret i kyrkja, 1925.Ljosekruna i koret har 12 armar i to rader. B. E. Bendixen meiner at denne ljosekruna er gjevi til kyrkja i 1747. Umkring den store kula står denne innskrift: «Mag. Jørgen Harboe Maria Elisabet Lim Hvids legem herunder hviler.» Ljosekruna i skipet har 16 armar i 2 rader og er større og rikare enn kruna i koret. På henne står: «Hellige Gud, hellige stercke Gud. Du hellige udødelige Gud for barme dig ofuer os. 1733». Det står og fullt namn på 14 vossingar alle med tilført årstal 1733, og 4 andre namn med årstal for kvar frå 1614 til 1642. Bendixen skriv at det er ei uvanleg rik og velskapt ljosekrune, støypt av Harbert van der Harst i Deventer og har gått gjenom fleire hender til ho vart gjevi til kyrkja i 1733. --- side 313 --- Minnetavlor. I koret heng minnetavla over sokneprestane Anders Buch og Henrik Miltzow og konone deira. I skipet er minnetavlor over sokneprestane Johan Haar, Morten Ruus, Even Meldal, Jakob Jersin og Georg Jersin. I 1875 vart utteke ei stor tavle, som nådde frå veggpanelet og heilt upp under taket på sørsida i skipet. På tavla stod namnet på dei 14 sokneprestane som var tilsette på Voss i åri 1523-1781, den fyrste var Nils Hendrichsen og den siste Jakob Jersin. Kyrkjeorglet.Fyrste orglet i kyrkja vart bygt av Per Nilsson Kvarme på Vossastrondi og kosta 200 spd. Det hadde 1 manual og 6 register. Det vart brukt fyrste gongen i kyrkja 16. oktober 1827, og stod på orgellemmen, som då var sett upp i nordaustre hyrna av skipet (sjå bilete 43, f). I 1875 vart orglet flytt til sørvestre hyrna av tårnfoten på ein ny lem, som då vart bygd langs etter heile vestre veggen og gjekk umlag 4 meter fram frå veggen. Nytt orgel vart tinga i 1888 hjå Nils Person Kvarme. Det var ferdigt 1889, hadde 1 manual med 9 stemmor i diskanten og 7 i bassen. Han fekk det gamle orglet i byte og dessutan 3200 kronor. Mesteparten av pengane kom inn ved friviljuge gåvor. Ny lem åt orglet vart bygd på sørsida i skipet. Saman med fyrebuingane til høgtiding av 900-års festen for kristningi av vossane vart teke upp arbeid for å få nytt orgel i kyrkja til denne høgtidingi. Det vart tinga hjå Jørgensen & Olsen i Oslo og teke i bruk ved høgtidingi 29. juli 1923. Orglet har 11 register i 1ste manual, 11 i 2dre og 4 i pedalen, har pneumatisk innreiding og elektrisk drivkraft for lufttilførsla. Sjølve orglet kosta umlag 42000 kronor. Ny orgellem vart samstundes sett upp i tårnfoten. Lemmen og orgelprospektet kom på umlag 15000 kronor. Voss Sparebank har gjeve ein stor part av det som orglet kosta. Kyrkjeklokkone.I kyrkjetårnet er det to klokkor: Storaklokka og Vetlaklokka. Båe heng i stolar som står lause og ikkje er bundne saman med trevyrket i tårnet. Storaklokka er 90 cm. i tverr- --- side 314 --- mål nedst, 66 cm. høg, eller med honki 81 cm. På austsida har klokka denne innskrift: «Af H. N. Qvarme og N. D. Berge den 22. juli 1828». Umkring klokka er denne innskrift!: «Efter her proprietair og kirkeeier I. S. Fleischer støbt i Bergen». Vetlaklokka er 93 cm. i tverrmål nedst, 60½ cm. høg eller med honki 76½ cm. høg. Ho har denne innskrift: «Støbt af Johannes Nordgren i Bergen. Anno 1808». Nedanfor står: «Deus pro nobis quis contra nos». Det er: Um Gud er med oss, kven er då mot oss. Storaklokka har grannare ljod enn Vetlaklokka. Av rekneskapen for 1696-1698 ser me at største klokka var «lidt sønderbrusten» i eine kanten. Inventarlista syner at største klokka var umstøypt 1743 av di ho var sprokki. 1780 er minste klokka sprukki og umstøypt 1781. Då ho vart umstøypt på nytt lag i 1808, var ho 25 våger 1 pund 12 mark. I 1827 vart det på søknad vedteke at denne deretter skulde vera Storaklokka. Den gamle Storaklokka skulde då umstøypast, og då det i 1828 var gjort, synte ho seg å vera 25 våger 1 pund 14 mark. Klokkone vog då tilsaman 1 våg 3 mark minder enn dei gjorde då kongen selde kyrkja i 1724. Ein klokkestøypar laga i 1912 nye ringjegreidor til klokkone, og i 1926 fekk dei rullelager og er no sers lette å ringja. Kjellarane under kyrkja.Under golvet i koret er det tri kjellarrom, eit lite under altarringen, eit noko større på nordre sida og det største som er framanfor (vestanfor) altarringen. Dei to siste er v og t teikna på grunnritet, bilete 43, med prikka linor. I største kjellaren er 10 likkistor med vaksne lik og 3 barnekistor. Ei steintropp går ned til romet v. Der er ein åre av gråstein. Etter segni skal bisp Olav Torkjelson ha halde seg gøymd i denne kjellaren då reformasjonen vart innførd i Noreg. I romet under altarringen er to likkistor. Det er nok presten Johan Haar og frua som ligg der. Tidlegare var det lukor i golvet i koret so det var råd å koma ned i desse romi, men i 1868 vart lagt nytt golv utan nokon opning i det. Styret for Voss Sogelag og styret for Voss Folkemuseum fekk løyve til å ta hol på golvet ved krossane t og y (sjå bilete 43) i 1922 og 1923. Meldingane um etterrøkjingane då kann ein finna i «Vossabygdene» for 1922 og noko i boki Vossakyrkja av L. Kindem. --- side 315 --- Kyrkja vert seld.Bjørgynjar Kalfskinn syner at Vangskyrkja åtte 93 laup 1 spann jordgods. Av kyrkjerekneskapen 1659-1661 ser ein at kyrkja då åtte 23 laup 1 pund 22 mark smør, 1 laup salt og 1 geiteskinn i 44 gardepartar og dessutan 3 laup 2 pund 18 mark, som klokkaren brukte. Umlag det same var det då kongen selde kyrkja. Kong Frederik den 4de selde 4. august 1724 kyrkja med jordgods og tiende til enkja etter Jokum von der Lippe i Bergen for 2844 riksdalar og 76 skilling. Dette var vel eit av dei styggaste overgrep som kongemakti nokorsinne har gjort, at kongen selde dei norske kyrkjone som bøndene sjølv åtte. Jean von der Lippe selde att til sorenskrivar Fleischer 1752. Fleischerane åtte kyrkja til 1864, då dei selde henne med kyrkjetiendi til Voss herad for 7500 spd. Ein skogteig på Bøjarmoen, Kyrkjeteigen, fylgde då med, men ikkje noko jordgods elles, for det tok seljarane undan. Mykje i kyrkja var då til nedfalls, og det var so myrkt i vestre luten av skipet at det var uråd å lesa i bok. Heradet laut straks til med store vølingsarbeid, som heldt på til 1876. Store brigde vart då gjorde innvendes etter planar av arkitekt Christie. Han vart på dei tider tilsett som leidar av arbeidet med Nidaros Domkyrkje, og arkitekt Møller vart teken som leidar av arbeidet med kyrkja her. Det vart då millom anna teke burt den prydelege innreidnaden frå umkring året 1700, t. d. preikestolen, korportalen med krusifikset og dei to englefigurane. Likeins vart fotpanelet rundt veggene flytt ned og bileti med innskrifter overmåla. Dekorasjonane under taket vart overmåla. Fleire av vindaugo vart gjorde større, so det vart ljost i kyrkja. I 1871 vart sett omn i sakristiet, i 1881 kom omn i sørvestre hyrna av skipet og 1902 omnen i koret. Mykje vøling med kyrkja og tårnet var gjort til ymse tider i åri frametter. I den seinare tid har det kome fram sterkt misnøgje med at dei i 1860- og 1870-åri tok burt dei gamle ornament og måla over dei tidlegare dekorasjonane. Heradsstyret har difor fått arkitekt Georg Greve i Oslo til å laga planar for tilskiping av kyrkja i samhøve med den gamle stilen i henne. Tri av bileti i koret er avdekte, og det syner at det let seg gjera å få bileti fram att. Den nye orgellemmen som vart sett upp til 900-års --- side 316 --- høgtidingi i 1923, er bygd etter Greve si teikning. Greves plan er godkjend av vedkomande styremakter, men dei vanskelege økonomiske tilhøve gjer at heradet ikkje no kann gjera meir med denne saki. Mykje meir kunde vera å fortelja um kyrkja vår, men eg skal då berre visa til den nemnde boki um Vossakyrkja som eg gav ut i 1926. Der vil ein kunna finna meir fyldige upplysningar um kyrkja. Bileti i dette stykket, og likeins bilete 48 er or den boki. Til slutt vil eg herma kva professor Haakon Shetelig har skrive i 1913 um kyrkja: «Voss hovedkirke er en av de vakreste gamle kirker paa Vestlandet. Med sine hvidkalkede mure, den dristige takreisning og det svære alvorlige taarnspir er kirken en pryd for bygden.» Gud gjeve at vossingane fram igjenom tidene må halda kyrkja vår i akt og ære, verna um henne på beste måte og i henne rett ofte få gode og uppbyggjelege stunder. Nedanfor vert fortalt noko um lag som driv kristelegt arbeid. Um det kyrkjelege arbeid og kristenlivet i kyrkjelyden vil elles verta skrive i eit seinare band. Likeins um prestane og dei andre tenestemenn i kyrkja. |