Minnesmerke.
--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 370 --- Det er ein gamal ven skikk å reisa merke til minne um dei som på ein serleg måte har gagna samfundet og ved det gjort seg fortente til slik ære. Det har og vore reist steinar til minne um sers hendingar. Av minnesmerke på Vangen skal eg her nemna desse: Gamle steinkrossen.Una upphavet til steinkrossen på Prestegardsflaten (sjå bilete 3 side 15) veit me ikkje noko visst, korkje når han er reist eller i kva høve. Etter ein tradisjon skal han vera reist då Heilag Olav var på Voss i 1023 og kristna folket. Den eldste skrivne melding me har um denne krossen, er i presten Miltzow si Prestehistorie. Der er det fortalt ei segn um at den eine av dei 4 brørne som skal ha bygt Vossakyrkja, nemleg Utter, skal vera gravlagd ved krossen. Miltzow fester ikkje noko lit til denne segni, men finn det trulegare at krossen er reist då Heilag Olav var her, eller som merkesstein eller liknande. Krossen er eit symbol som manar til andakt. Tre- eller steinkrossar vart i gamal tid i Noreg reist ved serlege høve. Krossen skulde freda, reinsa og gjera heilag. Tjørekrossar var sette på hus- og kyrkjedørene for å halda vonde vette burte. Krossar var sette for å gjeva staden ein serleg heilagdom, til minne um heilagmenne eller ei ser hending. Etter folkesegni vart det sett upp kross for at ein der kunde samlast til andakt og gudsteneste fyrr kyrkja var bygd for bygdi. Det gamle ordtøket «korkje til kross eller kyrkje» syner og at krossen har vore møtestad i staden for kyrkja. Fleire stader har og vore sett kross der eit menneske vart drepe. Mange finn det truleg at denne krossen er reist då Heilag Olav var på Voss. Krossen er lite for seg gjord, og ser ut til å vera laga i ei snøggvende. Det høver godt saman med at ein med det same har halde til der med dåp eller messe. Sidan har --- side 371 --- då folket halde si gudsteneste der til dess kyrkja vart bygd på Vangen. Denne krossen har fleire gonger vore retta upp att, siste gongen var i 1923 til 900-års høgtidingi. Då vart han sette betre fast i foten og det vart lagd gang av hellor umkring han. Miltzow skriv vidare at det og var ein mindre steinkross reist ikkje mange stig frå den store i ein lund ved Prestegarden, ikkje langt frå Vosso. Han står på ein medels stor steinhaug --- side 372 --- og tener til grensemerke for Prestegarden (mot Lekvesmoen), som eit gamalt pergamentbrev på Prestegarden syner, segjer han. Gamle folk har fortalt at dei hugsar um denne steinkrossen. Veteranbautaen. |

Bilete 49. Veteranbautaen. Fot. P. Braaten 1933.Denne bautaen vart reist på Holbergsplassen i 1905 til minne um dei vossingane som var med i krigen 1807-14 til å verja fridom og fedraland. Bautaen er reist for friviljuge gåvor, og vart avduka 17. mai 1905. Det er i alt 122 namn på steinen. 114 av desse vossingane er umtale i eit minneskrift som vart utgjeve i 1905 av veterannemndi. Ridande Vossabrudlaup på Lindehaugen. |

Bilete 50. Ridande Vossabrudlaup av Nils Bergslien. Fot. P. Braaten.Frå gamal tid var det skikken på Voss at alle, både menn og kvinnor, reid i brudferdene både til kyrkja og heim att. Berre dei to kjellarmennene køyrde til slutt i brudråi, der det då var veg åt hjulgreidor. Denne skikken heldt seg ved lag til ikring 1880. Undanteke var brudferd frå gardane på sørsida av Vangsvatnet. Dei brukte båt. Ridande brudferd tek seg sers festleg ut, og er noko sermerkt for Voss. Det var --- side 373 --- Magnus Dagestad som fostra tanken um å gjera minnet um denne skikken ugløymande i eit monument. Kunstnaren Nils Bergslien var sjølvskriven til å forma det ut. Godt folk elles hjelpte til med pengar til å få arbeidet gjort. Bergslien heldt til på Voss med å laga modellen. Monumentet vart so støypt i Bergen og sett upp på Lindehaugen. Det vart avduka 19. juni 1921. Voss Ungdomslag skipa til eit ridande brudlaup den dagen. Det tok ut or Finnestunet, reid fram på Vangen til Vosso, derfrå attende til Lindehaugen og kom der då avdukings-høgtidingi tok til. Lars Eskeland heldt avdukingstalen. Monumentet er eit minne um ridande Vossabrudlaup, men det er og eit minnesmerke um felespelaren Ola Mosafinn og --- side 374 --- hans kunst. Framanfyre sjølve monumentet er sett eit jarngjerde med notar til ein lut av Bjølleslåtten. Bergsliminnesmerket. |

Bilete 51. Bergsliminnesmerket. Fot. P. Braaten 1933.Ei nemnd vart vald i 1925 til å arbeida for å reisa Bergsliane eit minnesmerke. Fleire utkast kom fram, og eit av Magnus Dagestad vart vedteke. Minnesmerket vart sett på den opne plassen austanfor kyrkja; det har denne innskrift: «Reist av vener 1928». Avdukingi vart haldi 21. oktober 1928. Her skal eg berre nemna nokre biografiske data um dei tri Bergsliane. Knut Bergslien f. 15. mai 1827, var kunstmålar og styrar av Statens målarskule i Oslo. Han er umtala under kunstnarar. Brynjulv Bergslien f. 11. november 1830, var bilethoggar. Sjå um han under kunstnarar. Nils Bergslien f. 26. februar 1853, var kunstmålar. Alt som liten gut tok han til å teikna med krit eller kol so å segja kvar han innåt kom på husvegger, dører eller liknande, både dyr og folk, m. a. karikatur av folk på garden og i grannelaget. Farbrørne Knut og Brynjulv Bergslien vart vise med gjevnaden hans, og Knut let han i 1869 koma til Oslo. Nils fekk der upplæring for det fyrste. I 1873 fylgde han Knut til utlandet og fekk der vidare upplæring nokre år. Sidan 1876 var han ymse stader i Noreg, og kjøpte 1888 eigedomen Skår i Eidfjord. Der budde han seinare til han døydde 1928. Han var g. m. Johanna J. Myklatun. Nils Bergslien var ein rikt utrusta kunstnar. Ei mengd med bilete er komne frå hans hand, både portrett, skildringar frå folkelivet, naturen og eventyrverdi. Mest kjend er han vel for sine nisse- og munkebilete og karikaturteikningar. Minnesteinar på kyrkjegardane.På kyrkjegardane på Vangen er det reist mange minnesteinar. Her skal eg berre nemna sume som har meir ålmenn interesse. David Larsson Hustveit f. 7. september 1796, var fyrste ordføraren på Voss og hadde dessutan fram igjenom åri dei fleste andre kommunale umbod som då var i heradet. Han døydde 28. desember 1870. På gravi vart reist minnesmerke med denne innskrift: «For hans lange og gavnrige Virksomhed --- side 375 --- inden dette Herred, hvis første Ordfører han var, satte Medborgere ham dette Minde.» Johannes Klasson Finne f. 14. juli 1823, var skulelærar, bankdirektør, forliksråd, overformyndar, medlem av skulestyret, av fylkesmatrikkelkommisjonen og hadde fleire andre umbod. Han døydde 4. mars 1879. På gravi er sett minnesmerke med denne innskrift: «For hans lange og gavnlige Virksomhed inden Voss Herred satte Medborgere ham dette Minde». Ola Larsson Kindem f. 2. februar 1833, var lærar på den høgre ålmuge- og lærarskule, klokkar, postopnar, medlem av skulestyret, heradsstyret, varaordførar, varamann til Stortinget og hadde elles ymse andre tillitsyrke. Han døydde 5. april 1883. På gravi hans vart sett minnesmerke med denne innskrifti: «For hans lange og nidkjære virksomhed reiste venner og medborgere dette minde». Olaus Alvestad f. 21. februar 1866, var saman med Lars Eskeland um å skipa Voss Folkehøgskule og fleire år lærar der. Han var eigar og styrar av bladet «Hordaland» frå 1898 til han døydde 1903. Minnesteinen på gravi hans har sovori innskrift: «Vener sette denne steinen til minne um ein heilhuga nordmann og ein varm ungdomsven». Ola Sjurson Mosafinn f. 14. juli 1828, var vidgjeten felespelar. Arne Bjørndal kallar han for meisterspelemannen i boki si um Mosafinnen. Ola Mosafinn døydde 28. desember 1912. På gravi hans er sett gravstein med slik innskrift: «Reist av sambygdingar.» Lorentz Nybø f. 4. september 1870, utgjevar og styrar av bladet «Unglyden», eigar og styrar av prenteverket for dette og bladet «Hordaland». Arbeidde ihuga for avhaldssaki. Han døydde 5. mars 1912. Minnesteinen på gravi hans har denne innskrift: «Åndsvaken ungdom heilnorsk og sterk. Det var din livsdraum og det var ditt verk. Norsk ungdom sette steinen 1917.» Svein D. Gjerdåker f. 1848, gardmann på Gjerdåk, gav ved testament kr. 16500,00 til eit legat som skal nyttast til hjelp for trengjande i Voss kyrkjelyd. Han døydde 8. februar 1912. På gravi er minnestein med slik innskrift: «Voss herad sette steinen med takk for den gilde gåva.» Sjå under stykket um Legat. --- side 376 --- For distriktslækjar Halvor Gjestland vart det ei tid etter han døydde reist ein minnestein på Bjørkelid. På steinen står denne innskrift: «Steinen er sett til minne um Halvor Gjestland.» Sjå elles um Gjestland under bruk 21 på Lekve. |