Vossavangen til Heilag Olav si tid.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 13 ---

„Her fedrane har havt sitt bu Sitt arbeid og si von og tru Her fekk me huset etter deim Med same liv i same heim.”

Vangen er det eldgamle namnet på sletta ved austre enden av Vangsvatnet. I gamalnorsk er namnet skrive Vangrinn, i dativ (á) Vangi eller Vanginum. Det vert no uttala «Vanjen», i dativ: «(han bur pao) Vanjæ». Ordet «vang» tyder voll eller open plass og har ofte vore brukt um ein samlingsplass utanfor eit hov eller ei kyrkje.

Busetnaden på Voss har vel ikkje vore so stor fyrr trongen har meldt seg til å koma saman i visse høve på ein lagleg stad. Og denne plassen har vel vorte liksom av seg sjølv der det høvde best for folk å møtast. Det er då sjølvsagt at møteplassen for Vossabygdene laut verta ved øvre enden av vatnet, der Vangen no er, eller Vangr á Vors, som han heitte i gamle dagar. Her møtest dalane, og gjenom dei har det etterkvart laga seg vegar til Vangen. Hit var det og lettvint å koma med båt frå vestre luten av bygdi. Fyrste busetnaden må og ha vore i midtstroki av bygdi. Der var og den sjølvgjevne plassen for hovet og for tinget.

Korleis Vangen frå fyrst av er teken i bruk, eller kven som fyrst busette seg her, veit me ikkje noko um. Me lyt soleis berre gissa oss til sumt. Det har vel vore tett skog over det heile då det kom folk hit fyrste gongen. Det var truleg veidemenn og fiskarar. Seinare har dei teke til og rudt og bygt her. Til Vangen har vel frå gamal tid høyrt det meste av flaten ved øvre enden av Vangsvatnet til Vosso med nedste bakkehallet på nordsida av flaten. Her var det godt lende og høvelege bustader, vilt i skogen og fisk i vatn og elvar. Vangen må snart ha vorte møtestad for bygdefolket. Båtane sine har dei lagt til ved strondi. Hestane sine har dei beita medan folki stogga her. Lang tid har vel ikkje gått fyrr det har vorte møteplass for gudedyrking, hov har vorte bygt og gòde utkansa. Seinare er Vangen vorten tingstad for Vossabygdene.

--- side 14 ---

Professor Magnus Olsen har gjort det klårt at namnet Vangr er eit målminne um ein gamal stor heilagdom og tingstad. Vangen på Voss var midstaden for gudedyrkingi i Vossabygdene. På Voss er ikkje elles gardsnamn samansett med hov eller namn på ein guddom. Det syner og at det var Vangen som må ha vore samlingstaden for gudedyrkingi. Alt tyder på at det har stade eit hov på Vangen. Truleg stod det der kyrkja no er. Soga fortel at då Noreg vart kristna, vart hovi rivne og kyrkjor bygde i staden på tufti. Ei islandsk soge fortel, at hersen på Voss var gòde i hovet på Vangen.

Ein veit ikkje noko visst um kva gudar dei mest dyrka her, men truleg har det vore dei same som i grannebygdene. Torvid og Frøyvid heitte ættefedrane åt ein islandsk landnåmsmann frå Voss, og det er eit vitnemål um, at Tor og Frøy var dyrka her. Namneskikken elles like til no vitnar og um ei ålmenn Torsdyrking. Det er ikkje urimeleg, at hovet på Vangen har vore vigt til Tor. Gardnamni i Hordaland syner, at dei forutan Tor og Frøy dyrka Frøya og Ullen. Um det var eit Torshov som stod på Vangen, so kann godt dei andre gudane ha vore dyrka for det.

Kong Skjelve på Voss er umtala som ættefar åt dronning Gyda, gift med Harald Hårfagre. I soga um Halv og Halvsrekkane står det, at kong Alrek på Ålrekstad var gift med Signy, dotter til kongen på Voss. Dette er nok dei fyrste vossingar me veit namn på. Noko nærmare um kvar dei budde her, veit me ikkje. Godt truleg er det, at dei har budt på Vangen.

Egilssoga fortel um Skallagrim, at han med 11 menn på ei rorskute la inn Osterfjorden. Derifrå tok dei landevegen til Voss, til det vatnet som ligg der. Leidi låg so til, at dei måtte fara over vatnet. Dei fekk seg ein båt og rodde so over vatnet, og då var det ikkje langt til den garden der kongen, Harald Hårfagre, var i veitsla. Skallagrim og flokken hans kom dit på den tid då kongen hadde gått til bords, o. s. b. Denne soga tykkjest peika i den leid, at det var på garden Vangr at kong Harald då var i veitsla.

Det er godt rimeleg, at lendemann Vikinga-Kåre har butt her. Han levde i Harald Hårfagre's seinare dagar, var av gjæv ætt og åtte jordgods både på Voss og på Upplandi. Vikinga-Kåre var oldefar åt Olav Tryggvason, og sonedotteri

--- side 15 ---

Astrid var gift med kong Tryggve i Viki. Vikinga-Kåre sin son eller soneson, Vigfus, levde i Håkon Adelsteinsfostre si tid, og var herse på Voss. Ein ser av soga at Vigfus var ein stor og røseleg kar med blå skinnkåpe, at det var fleire gjæve menn hjå han og at dei levde på ein stor fot på garden hans på Voss. Han hadde visseleg liksom Vikinga-Kåre jordgods her.

Bilete 3. Steinkrossen på Olavsplassen. Fot. P. Braaten 1933.
Bilete 3. Steinkrossen på Olavsplassen. Fot. P. Braaten 1933.

I Viga-Glums soga er det fråsegn um eit diseblot som hersen Vigfus heldt og at han samstundes hadde gjestebod. Disene var kvinnelege guddomar som dei ofte blota til. I same soga er fortalt at Viga-Glum for frå Island til Voss skulde vitja godfar sin, Vigfus herse på Voss. Hersen var gòde ved hovet og budde på Vangen.

Snorre fortel um kristningsferdi åt Heilag Olav, at han i året 1023 for upp til Voss fordi han hadde spurt at det var smått med trui hjå folket der. På Vangen hadde han ting med bøndene, som møtte mannsterke og fullvæpna. Kongen baud dei å ta imot kristendomen, men det vilde dei ikkje og dei fylka heren på båe sidor. Men det vart ingen strid, for ingen av bøndene vilde stå fremst; dei gav seg og let seg døypa. Kongen for ikkje derifrå fyrr folket var kristna alle stader på Voss, heiter det. Det er vel truleg at dette har gått for seg på sletta ved den gamle steinkrossen på Olavsplassen, og at han var reist då. Denne steinkrossen kann so ha vore den kristelege samlingsstaden til dess dei fekk bygt seg kyrkje. Heilag Olav har visst havt fleire møte der med vossingane fyrr han for frå Voss. Sjå meir um steinkrossen side 370.

Neste kapitel

Är du säker på att du vill logga ut?